Del 3
Omtale av særlege tema
5 Forsking og utvikling
Departementet treng god kjennskap til eigen sektor, til korleis eigne tiltak verkar, og til kva sektoren treng av kunnskap. Midlane til forsking må nyttast effektivt, det vil seie at departementet må prioritere naudsynte kunnskapsbehov. Til dømes må departementet prioritere forsking som er viktig for å utvikle effektiv og treffsikker politikk. Barne- og familiedepartementet (BFD) arbeider aktivt med å innrette forskingsmidlane på feltet godt.
Sektoransvaret til BFD omfattar mellom anna levekåra for barnefamiliar, sårbare familiar, barn og unge, vald og overgrep og barnevernet. Ansvarsområdet til departementet omfattar òg forbrukarpolitikken, lovverk og tilskotsordningar på trus- og livssynsfeltet og gravplassektoren.
Forsking og utvikling skal bidra til at departementet får den naudsynte kunnskapen til å utvikle effektive og treffsikre tiltak og tenester, slik at barn, unge og familiar som har behov for det, kan få den hjelpa dei treng til å leve gode og sjølvstendige liv. Vi treng òg å kjenne til kva for verknader dei store overføringane til barnefamiliane har, og om kva for tiltak som er effektive og gir samfunnsøkonomiske vinstar. BFD har koordineringsansvaret for barnekonvensjonen og arbeider for å sikre at barn sine rettar blir tekne i vare. Til dette treng vi kunnskap om korleis politikk verkar på barn, og kva for tiltak som trengst for å ta i vare barna direkte. Kunnskapsgrunnlaget skal òg bidra til å gi barn og unge ein best mogleg start på livet, slik at dei, så langt råd er, får like høve til å utvikle seg og delta i samfunnet.
Innanfor forbrukarsektoren gir kunnskap om utfordringane norske forbrukarar møter, eit grunnlag for utforminga av forbrukarpolitikken. Målet er at forskinga skal gi god informasjon om prioriterte saker og bidra til kunnskapar om tema som er aktuelle for forbrukarpolitikken. På trus- og livssynsfeltet følgjer ein mellom anna med på verknadene av lovgivinga som tok til å gjelde i 2021, for å sjå om ho verkar i tråd med føremåla.
BFD har utarbeidd ein eigen forskingsstrategi for perioden 2022–2026. Strategien tek utgangspunkt i fleire identifiserte utfordringar: Forskingsmiljøa på områda til BFD er små og fragmenterte, datagrunnlaget er relativt sett svakt, og det er for lite internasjonalt forskingssamarbeid.1 I tillegg er det ikkje nok forsking på tvers av sektorar.2 Hovudmålet til strategien er at arbeidet til BFD med forsking skal bidra til heilskapleg og langsiktig kunnskapsutvikling for utforminga av politikk, tenester og lovverk.
5.1 Langtidsplanen frå regjeringa og samfunnsoppdraget om barn og unge
Regjeringa la fram ein ny Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032 i oktober 2022. Langtidsplanen legg føringar for måla og prioriteringane til regjeringa på forskingsområdet. Målretta samfunnsoppdrag vart lanserte i langtidsplanen som eit nytt verkemiddel for å finne løysingar på definerte samfunnsutfordringar. Eitt av samfunnsoppdraga har som ambisjon å motverke ungt utanforskap, gjennom å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv.
Ungt utanforskap er ei stor og samansett samfunnsutfordring. I dag står for mange barn og unge i Noreg utanfor skule, jobb eller andre sosiale arenaer. Dette har store kostnader, både for den einskilde og for samfunnet. For å møte utfordringa er det naudsynt å sjå nærare på kvifor barn og unge fell utanfor, og om tenester og tiltak retta mot dei er innretta på ein god nok måte. Det er òg naudsynt med ein samla og koordinert innsats der kunnskapen blir teken i bruk for å skape endring. I denne samanhengen er det mellom anna viktig med eit tett samarbeid mellom forsking, høgare utdanning og tenester som møter barn og unge som har det vanskeleg.
BFD har koordineringsansvar for samfunnsoppdraget om å inkludere fleire barn og unge, i tett samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet, som har ansvaret for innovasjonspolitikken i offentleg sektor, bidreg òg til arbeidet. Ambisjonane for samfunnsoppdraget er å redusere delen unge som står utanfor, gjennom ein målretta innsats på tvers av sektorar. Forskingsrådet fekk oppgåva med å leie ei operativ gruppe som skulle føreslå ein måte å innrette samfunnsoppdraget nærare på. Forskingsrådet og den operative gruppa leverte forslaga sine i ein sluttrapport i mars 2024. Regjeringa vurderer no forslaga til innretning og tek sikte på å gå vidare med samfunnsoppdraget i 2025.
5.2 BarnUnge21 og arbeid for eit styrkt kunnskapsgrunnlag om barn og unge
BarnUnge21-strategien er eit viktig dokument i arbeidet departementet gjer med forsking og kunnskapsutvikling om utsette barn og unge. Strategien vart lagd fram i februar 2021. Strategien konkluderte mellom anna med at kunnskapsgrunnlaget om utsette barn og unge har vesentlege svakheiter, at tenestene ikkje i tilstrekkeleg grad tek i bruk kunnskapsbaserte tiltak, og at ei vellukka forbetring av tenestene er avhengig av at ein byggjer betre kunnskap og sikrar at denne blir teken i bruk. Strategien gir sju tilrådingar til korleis ein kan styrkje forskinga for ein meir heilskapleg og kunnskapsbasert oppvekstpolitikk. Ei av tilrådingane handla om å etablere eit nytt forskings- og innovasjonsprogram om utsette barn og unge.
BFD etablerte, saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, ei forskings- og innovasjonssatsing om utsette barn og unge på 18,6 mill. kroner i 2023. Satsinga vart trappa opp med 6 mill. kroner i 2024. Noregs forskingsråd har ansvar for å administrere satsinga. Forskingsrådet lyste i 2023 ut 40 mill. kroner til forskingsprosjekt om betre samhandling til det beste for utsette barn og unge. Midlane vart utlyste som kompetanse- og samarbeidsprosjekt, der det vart lagt vekt på samarbeid med praksisfeltet. Målet er betre løysingar på tvers av tenestetilbod og sektorar, slik at utsette barn og unge får naudsynt hjelp, støtte og oppfølging. Søknadshandsaminga vart gjennomført i 2024, og det vart tildelt midlar til fire større forskingsprosjekt om utsette barn og unge. I eit av prosjekta skal forskingsinstituttet NOVA, i samarbeid med Landsforeningen for barnevernsbarn, Sarpsborg kommune og Nord universitet, utvikle ny kunnskap om korleis ein kan samarbeide betre for å vareta sårbare barn og unge.
Regjeringa vil føre vidare forskings- og innovasjonssatsinga om utsette barn og unge i 2025. Satsinga er òg ein del av arbeidet med samfunnsoppdraget om å inkludere barn og unge. Sjå nærare omtale av BarnUnge21 under programkategori 11.10 og budsjettproposisjonane til Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
5.3 Forskingsrådets rolle
Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Den samla måloppnåinga for verksemda og økonomisituasjonen i Forskingsrådet er omtalte i budsjettproposisjonen frå Kunnskapsdepartementet for 2025.
BFD har gjennom ei årrekkje tildelt midlar til to budsjettføremål i regi av Forskingsrådet: Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL) og Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM I og II). Frå 2023 er tildelinga frå BFD til Forskingsrådet samla på éin budsjettpost, sjå omtale under kap. 800, post 70, programkategori 11.00.
BFDs sektorpolitiske område blir òg styrkt gjennom andre utlysingar der. Forskingsrådet lyste i 2023 ut 90 mill. kroner til forskingssenter for utvalde profesjonsutdanningar retta mot utsette barn og unge. Utlysinga, som var særleg retta mot lærarutdanninga og relevante helse- og velferdsutdanningar, skulle dekkje inntil tre nye forskingssenter innanfor temaet utsette barn og unge. Prosjekta skulle vere langsiktige satsingar med mål om å byggje kapasitet og styrkje forskinga innanfor dei utvalde profesjonsutdanningane.3 I 2024 fekk derfor Nord universitet, VID vitenskapelige høgskole og Universitetet i Tromsø tildelt midlar til å etablere kvart sitt forskingssenter for utsette barn og unge.
Hausten 2024 vil Forskingsrådet etter planen publisera ei ny utlysing av forskingsmidlar knytt til BFD, Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementets forskings- og innovasjonssatsing om utsette barn og unge. Utlysinga vil ha søknadsfrist i 2025. Forskingsprosjekta som blir tildelte midlar gjennom utlysinga, vil medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget på området.
5.4 Arbeidet til Bufdir med forsking og kunnskapsutvikling
BFD gir midlar til forsking som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) forvaltar på vegner av departementet. Bufdir har laga ein langsiktig plan for forsking og evaluering, som gjeld i perioden 2023–2026. Planen er, saman med BFDs forskingsstrategi, eit godt fundament for den felles, langsiktige utviklinga av kunnskapsgrunnlaget. Bufdir har dessutan, på oppdrag frå BFD, greidd ut korleis data på Bufdirs fagområde kan gjerast tilgjengelege og bli lagde til rette for forsking av høg kvalitet og relevans. BFD tildelte i 2024 midlar slik at Bufdir kan byrje å følgje opp forslaga til tiltak i denne utgreiinga. Desse midlane blir vidareførte i 2025.
Bufdir har ein intensjon om at fleire av forskingsprosjekta direktoratet har ansvar for, skal vere større og meir langvarige. Mellom anna har direktoratet eit fleirårig prosjekt om langtidskonsekvensar av pandemien, eit fleirårig prosjekt om barn som veks opp i fattigdom, og kva tiltak som er mest effektive for å redusere og førebyggje fattigdom blant barn, og eit prosjekt der føremålet er å utvikle likeverdige og verksame tiltak mot vald og diskriminering mot fleire grupper i samfunnet.
Bufdir har halde fram med arbeidet med å utvikle indikatorar på fagfelta sine og gjere statistikk tilgjengeleg på ein brukarvennleg måte, til dømes gjennom kommunemonitorar for barnefattigdom og barnevern. Indikatorane skal gi kommunar, forskingsmiljø og andre interesserte eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag, til dømes for politiske avgjerder og å utvikle tenester. I 2024 har Bufdir inkludert to nye indikatorar i kommunemonitoren på barnevern: turnover i barnevernstenesta og delen av dei tilsette som fyller kompetansekrava. Bufdir og Sentraleininga for barneverns- og helsenemnda har samarbeida om å formidle fleire tal om handsaming av tvangssaker etter barnevernslova. Statistikken er no tilgjengeleg på bufdir.no under «Barn med tvangstiltak». Arbeidet vil òg rette merksemd mot bruk av registerbaserte data til bruk i forsking og utvikling av barnevernet. Eit anna døme på kunnskapsbasert arbeid i Bufdir er bruk av kunnskapsoppsummeringar frå Folkehelseinstituttet, som samanfattar og kvalitetssikrar forskinga. Bufdir nyttar mellom anna kunnskapsoppsummeringane til å lage kunnskapsbaserte retningslinjer og råd til bruk i tenestene dei har ansvar for. Bufdir gjennomførte i 2024 spørjeundersøkinga Barnevernsbarometeret for fyrste gong. Barnevernsbarometeret er eit sett med spørjeundersøkingar til tilsette og leiarar i barneverntenestene og barneverninstitusjonane, om mellom anna samarbeid med andre sektorar, til dømes politi. I 2025 vil Bufdir halde fram med sitt arbeid med forsking og kunnskapsutvikling, i tråd med mål, delmål og tematiske satsingsområde i langtidsplanen for forsking og evaluering 2023–2026.
5.5 Forsking og utvikling i forbrukarsektoren
BFD har òg eit ansvar for forsking og utvikling i forbrukarsektoren. Målet er å ha solid kunnskap om utfordringane norske forbrukarar møter, som eit grunnlag for utforminga av forbrukarpolitikken.
Forskingsmidlane BFD har til forbrukarsektoren, går til Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet. SIFO fekk i 2024 forskingsoppdrag knytte til generell forbrukarpolitikk, forbrukarane sin økonomiske situasjon og forbrukarane sin digitale kvardag. SIFO vil òg i 2025 få midlar til forsking om tema som er aktuelle for forbrukarpolitikken. BFD hentar òg inn kunnskap om forbruk og forbrukarutfordringar frå Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet, EU-kommisjonen og Statistisk sentralbyrå.
5.6 Forsking og utvikling på trus- og livssynsfeltet
KIFO – Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning har på oppdrag frå departementet undersøkt årsrapportar og rekneskapar frå 50 utvalde trus- og livssynssamfunn for å undersøkje om regelverket gir eit godt grunnlag for å hente ut informasjon om verksemda i samfunna og kva årsrapportane og rekneskapane fortel om aktivitetane, organiseringa og økonomien i samfunna (KIFO Rapport 2024: 2). KIFO fann mellom anna at dei «aller fleste av samfunnene i utvalget rapporterer utfyllende om kjerneaktivitetene, og rapporteringen gir tilsynsmyndighetene et godt bilde av kjernevirksomheten deres». Av årsrapportane og rekneskapane går det også fram at dei store samfunna har ein betre ressurssituasjon og eit høgare aktivitetsnivå enn dei mindre. Samstundes er det klare fellestrekk i kva samfunna bruker ressursar på. KIFO skriv:
Dersom man ser på samfunnenes inntektskilder og kostnader prosentvis, er det imidlertid slik at samfunnenes regnskap likner og viser et mønster. Lokaler og eventuelt lønn til personell er samfunnenes mest grunnleggende utgiftsposter, enten de er store eller små. De små samfunnene bruker gjerne hele tilskuddet til slike utgifter, og aktivitetskostnadene er dermed direkte knyttet til disse utgiftene.
I samband med høyringa om endringar i trussamfunnslova bad departementet om innspel til korleis dialogen mellom trus- og livssynssamfunna og styresmaktene kan utviklast i det perspektivet. I proposisjonen med forslag om endringar i trussamfunnslova, Prop. 116 L (2023–2024), legg departementet derfor fram tiltak for å styrkje dialogen mellom samfunna og styresmaktene i tillegg til tiltak for å styrkje rettleiinga og opplæringa i lov- og regelverk. Forskings- og utgreiingsoppdrag om trus- og livssynsdialogen og utdanning av religiøse leiarar blir også omtalte.
I takt med samfunnsutviklinga med større mangfald på gravplassane og endra forventingar frå innbyggjarane er det viktig å ha kunnskap om korleis gravplassane blir drifta og forvalta, mellom anna som grunnlag for å lage til eit tenleg regelverk og tenlege digitale tenester.
6 Oppfølging av krava i likestillings- og diskrimineringslova om å gjere greie for likestilling
Barne- og familiedepartementet (BFD) har ansvar for ei rekkje område som er viktige for likestilling. Desse omfattar mellom anna stønadsordningar retta mot barnefamiliane, foreldrepengar ved fødsel, kontantstøtte og barnetrygd og tiltak for å fremje deltaking og inkludering for alle barn og unge. Departementet forvaltar òg lovverk som påverkar likestillinga. Dette gjeld mellom anna barnelova, ekteskapslova og krisesenterlova. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er òg ein viktig del av innsatsen for å fremje likestilling.
Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den einskilde sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer òg av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til. Målet er å fremje likeverdige offentlege tenester på alle område departementet har ansvar for.
Arbeidet departementet gjer for å fremje likestilling og hindre diskriminering som offentleg styresmakt, blir mellom anna følgt opp i nasjonale handlingsplanar og strategiar på dei fagfelta departementet har ansvar for. Både departementet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) arbeider med å skaffe til vegar kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering på fagområda sine gjennom FoU-oppdrag, statistikkutvikling og undersøkingar blant organisasjonar, kommunar og brukarar av tenestene på områda.
Bufdir har på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet òg eit sektorovergripande ansvar for oppfølging av aktivitets- og utgreiingsplikta på likestillingsområdet og skal vere ein rollemodell for alle arbeidsgivarar og offentlege styresmakter.
Arbeidet til departementet for å fremje likestilling både som arbeidsgivar og som styresmakt vil halde fram i 2025.
6.1 Familie- og oppvekstområdet
Departementet arbeider framleis med ei ny barnelov, jf. forslag i NOU 2020: 14 Ny barnelov. Sjå omtale av dette under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Utvalet som la fram tilrådinga, skulle mellom anna vurdere kva utforminga av systemet for barnebidrag har å seie for likestilt foreldreskap, og med utgangspunkt i det som er best for barna, vurdere korleis foreldre kan bli sikra like rettar som omsorgspersonar. Det vart peikt på at det er viktig at regelverket oppmuntrar til omsorg frå begge foreldra. Departementet har nyleg hatt på høyring forslag til reglar i barnelova som i større grad skal leggje til rette for likestilt foreldreskap og omsorg frå begge foreldre etter samlivsbrot. Hovudforslaget er at hovudregelen i barnelova skal vere at foreldre som flyttar frå kvarandre, skal ha same avgjerdsrett over barnet, utan at det er føringar i lova for fordeling av tida med barnet. Departementet meiner at dette vil gi meir fleksibilitet, og at foreldre vil likestillast i større grad enn no.
Bufdir leverte i 2023 ei utgreiing om kravet om åtskiljing i ekteskapslova ved separasjon og skilsmisse, sett opp mot målsetjingane i familiepolitikken. Vurderinga til Bufdir er at kravet om åtskiljing og separasjon bør erstattast av ei rein områdingstid. Bufdir vil greie ut saka nærare, mellom anna kva for konsekvensar forslaget vil få i eit kjønnslikestillingsperspektiv.
Vald i nære relasjonar og valdtekt er eit alvorleg likestillingsproblem. Både kvinner og menn kan bli utsette for vald i nære relasjonar, men langt fleire kvinner enn menn er utsette for alvorleg vald frå partnaren. Valdtekt rammar særleg kvinner. Tal frå krisesenterstatistikken viser at det fyrst og fremst er kvinner og barn som bur på krisesentera. I 2023 budde 2 193 vaksne på krisesentera. Av dei var 233 menn. I tillegg budde det 1 544 barn på sentera. 62 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn.
Ein del krisesenter manglar universell utforming og tilpassing til personar med funksjonsnedsetjing. Bufdir forvaltar eit tilskot til utviklingsprosjekt for å styrkje krisesentertilbodet til særleg utsette grupper. Dette tilskotet kan kommunane søkje på. Alle som renoverer eller byggjer nye senter, skal dessutan sørgje for at sentera er utforma slik at dei er tilgjengelege for alle. Departementet har sendt på høyring forslag til endringar i krisesenterlova. Føremålet med forslaga til endringar i krisesenterlova er å styrkje krisesentertilbodet slik at målgruppa for lova – kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar – får eit heilskapleg tilbod som er tilpassa behova og livssituasjonen deira. Regjeringa føreslår òg å etablere ei ny tilskotsordning i 2025 for å stimulere kommunar til å gradere opp, fornye eller utvide krisesentera sine. Målet med tilskotsordninga er å oppgradere krisesenterbygg. I 2025 skal organiseringa av og måten å innrette ordninga på greiast ut.
Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK) har som føremål å styrkje kvaliteten på tilbodet for samiske barn, vaksne og familiar i kommunalt og statleg barnevern, familievernet og krisesentera. NASAK har fått i oppdrag å sjå på ei tilpassing av familierådsmodellen til bruk i samiske familiar og nettverk, og arbeidet er sett i gang. Det er utvikla ei nettside om NASAK med informasjon om mellom anna rettane til den samiske befolkninga og pliktene til tenesteapparatet på Bufdir.no. Regjeringa la i desember 2023 fram ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Ni departement har samarbeidd om planen som vart vedteken av Stortinget i mai 2024. Planen inneheld over 100 tiltak for å styrkje innsatsen mot vald og overgrep. Sjå omtale i programkategori 11.10 Familie og oppvekst.
6.2 Barnevernsområdet
Barn og unge i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte uavhengig av faktorar som kjønn, religion, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk og kvar i landet dei bur.
Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2023 viser at det var fleire gutar enn jenter som fekk tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2023 var det rundt 53 prosent gutar og 47 prosent jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.
Den same kjønnsfordelinga gjeld om ein skil mellom tiltak i og utanfor heimen. For enkelte typar tiltak er det likevel større kjønnsskilnader. For barn og unge som er plasserte utanfor heimen, var det ein tendens til at fleire gutar enn jenter budde i ein bustad med oppfølging eller i ei spesialisert fosterheim, og at fleire jenter enn gutar budde i beredskapsheim. Vidare hadde gutar oftare enn jenter hjelpetiltaka MST, PMTO, deltaking i ansvarsgruppe/samarbeidsteam og støttekontakt, medan fleire jenter enn gutar får økonomisk hjelp til eigen bustad/hybel.
Blant dei tilsette i barnevernet (kommunale barnevernstenester og institusjonar) er fleirtalet kvinner. Delen menn har i perioden frå 2008 til 2023 vore om lag ein fjerdedel, men med ein liten nedgåande trend dei siste åra. Delen tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn har auka jamt dei siste åra, frå 4,7 prosent i 2008 til 10,4 prosent i fjerde kvartal 2023. Endringa dei tre siste åra har vore lita. Blant tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn i 2023 var 45,5 prosent menn.
I utviklinga av barnevernstiltaka tek departementet og Bufdir omsyn til tilrettelegging for gutar og jenter der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.
Bufdir har fleire tiltak som skal medverke til å sikre meir likeverdige barnevernstenester, mellom anna eit opplæringsprogram om minoritetar som skal gi forståing og gode strategiar for mangfaldige utfordringar og behov. Gjennom fleire år har direktoratet òg jobba målretta for at barn i barnevernet skal få naudsynt helsehjelp når dei har behov for det. Denne innsatsen er viktig for å sikre rettane til barn og unge med fysiske eller psykiske funksjonsnedsetjingar som er i kontakt med barnevernet. I tillegg til helsesatsinga vurderer Bufdir at det i åra framover kan vere behov for å rette auka merksemd mot kompetanse i barnevernet på ulike former for funksjonsnedsetjingar. For å bidra til styrkt kompetanse om kjønns- og seksualitetsmangfald i barnevernet finansierer Bufdir mellom anna prosjektet Rosa kompetanse barnevern. Dette er kurs for tilsette i alle delar av barnevernet og til studentar. Kursa tek opp tema som normer, kjønn, seksualitet, identitet, minoritetsstress, samansett diskriminering og inkluderande praksis. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å utarbeide forslag til tiltak for å rekruttere fleire menn i barnevernet og for å auke delen tilsette med minoritetsbakgrunn. Dette gjeld både på kommunalt nivå og i barnevernsinstitusjonane. Oppdraget hadde frist 1. september 2024. Departementet vil vurdere moglege tiltak på bakgrunn av tilrådingane.
6.3 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn
Målet for trus- og livssynspolitikken er å leggje til rette for at trus- og livssynsfridommen kan utøvast i praksis gjennom ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk. Målet har utspring i Grunnlova § 16, som mellom anna slår fast at alle har rett til fri religionsutøving, at Den norske kyrkja står ved lag som Noregs folkekyrkje, og at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje.
Kravet om at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje, må oppfattast som eit forbod mot diskriminering, både mellom Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn og mellom dei andre trus- og livssynssamfunna. Dette inneber at staten må oppfylle nokre grunnleggjande krav til likehandsaming av ulike trus- og livssynssamfunn. Samstundes vil eventuell forskjellsbehandling som «forfølger lovlige formål og har en objektiv og rimelig begrunnelse», vere i samsvar med grunnlovsføresegna. I Prop. 130 L (2018–2019) gjer departementet nærare greie for korleis prinsippet om likehandsaming i Grunnlova § 16 er å forstå.
Lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) gjeld for både Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Lova slår fast at alle registrerte trus- og livssynssamfunn skal få økonomisk støtte frå staten som om lag summerer seg til ein lik sum per medlem. Lova tydeleggjer òg grunnlaget for i nokre tilfelle å kunne nekte eller trekkje tilbake tilskot. Brot på lovfesta diskrimineringsforbod er eit slikt grunnlag. Det same gjeld om trus- eller livssynssamfunn oppmodar til, eller gir støtte til, brot på diskrimineringsforbod. Om eit trus- eller livssynssamfunn forskjellsbehandlar til dømes homofile eller kvinner og det er grunngitt i den teologiske forankringa eller religiøse læra til trussamfunnet, kan det likevel vere lovleg, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 9. Sjå nedanfor om krav til rapportering om slik praksis.
Departementet la 25. juni 2024 fram forslag til endringar i trussamfunnslova som mellom anna inneber at trus- og livssynssamfunna må stadfeste når dei krev tilskot, at dei vil arbeide for å oppnå minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrande organ som forvaltar statstilskotet. Dette er ikkje eit krav om faktisk samansetjing, men eit krav om aktivitet. Stillingar og verv som fyller vilkåra for lovleg forskjellsbehandling på grunn av kjønn, er ikkje omfatta av aktivitetskravet. Samfunna får vidare ei plikt til å greie ut om tilstand og tiltak i årsrapporten. Kravet blir òg foreslått gjort gjeldande for Den norske kyrkja.
Ut over dette skal samfunna òg gjere greie for tilstand og tiltak når det gjeld kjønnslikestilling i trus- eller livssynssamfunnet og for eventuell forskjellsbehandling når det gjeld tilgang til aktivitetar, styrande organ, verv og stillingar.
Rapporteringskrava i lova gjeld for kvart registrerte trus- eller livssynssamfunn. Ei oversikt departementet har innhenta frå Statsforvaltarens fellestenester, syner at 165 av dei 708 samfunna som har sendt inn årsrapport for 2023 per 10. juli 2024, opplyser at dei har eller praktiserer avgrensingar når det gjeld tilgang til eigne aktivitetar, styrande organ, verv eller stillingar som har samanheng med eitt eller fleire diskrimineringsgrunnlag i likestillings- og diskrimineringslova. Av desse er 145 kristne og 17 muslimske samfunn. Ifølgje ei anna oversikt departementet har fått frå Statsforvaltarens fellestenester, opplyser 100 av 708 samfunn som har sendt inn årsrapport for 2023 per 10. juli 2024, at dei har segregerte tilbod, det vil seie seremoniar eller aktivitetar der kvinner og menn eller jenter og gutar må opphalde seg kvar for seg, eller som berre er retta mot ei befolkningsgruppe eller eitt av kjønna. Av desse er 31 kristne og 66 muslimske samfunn. Tala baserer seg på at samfunna har svart på ja/nei-spørsmål om dei har slike avgrensingar og segregerte tilbod, i skjemaet for årsrapport i den digitale løysinga for trus- og livssynssamfunn. Oversiktene seier ikkje noko meir om kva slags avgrensingar og segregerte tilbod det er snakk om. I årsrapporten skal samfunna opplyse nærare om eventuelle avgrensingar og segregerte tilbod. Det er dessutan grunn til å tru at ein del samfunn har misforstått spørsmålet om avgrensingar i rapportskjemaet, og at særleg talet på muslimske samfunn som praktiserer slike avgrensingar, typisk ved at berre menn kan vere imam, er høgare enn det oversikta viser.
Den nye digitale løysinga for innsending av krav om tilskot og rapportar legg framleis ikkje til rette for å hente ut rapportar på aggregert nivå om kjønnsfordeling i styrande organ, men det ligg til rette for at ein over tid kan vidareutvikle løysinga slik at dette kan bli mogleg.
Den norske kyrkja arbeider systematisk for å fremje likestilling og hindre diskriminering når det gjeld kjønn, funksjonsevne, etnisitet og seksuell orientering, jf. Handlingsplan for likestilling, inkludering og mangfold som vart vedteken av Kyrkjerådet i 2021. Handlingsplanen synleggjer kva delmål og tiltak heile organisasjonen skal arbeide med, og blir følgd opp i styringsdialogen Kyrkjerådet har med bispedømma.
Av 12 biskopar var det per 1. januar 2023 6 kvinner. Delen kvinnelege prostar og biskopar (geistlege leiarstillingar) var i 2023 på 35,2 prosent, ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå 2022. På bispedømmekontora og i sekretariatet til Kyrkjerådet var 40,8 prosent av leiarane kvinner, ein nedgang på 4,5 prosentpoeng frå 2022. 61,6 prosent av dei andre tilsette på bispedømmekontora og i sekretariatet til Kyrkjerådet er kvinner. I 2022 var delen 62,5 prosent. Blant faste medlemmer i det valde Kyrkjerådet (2024–2028) er det sju kvinner og ti menn. Både leiaren og nestleiaren er mann.
Ser vi på prestetenesta åleine, viser tala at det framleis er flest menn som har desse stillingane. Kvinnedelen blant prestane har likevel auka jamt dei siste 25 åra og var i 2023 på 42,5 prosent. Det er ein auke på 2,3 prosentpoeng frå 2022. Delen kvinnelege prestar aukar jo yngre aldersgruppene er. Når det gjeld likelønn, tente kvinnelege prestar i 2023 97,7 prosent av det mennene tente. I 2022 var tilsvarande tal 97,6 prosent. Kvinnelege biskopar tente i 2023 100,1 prosent av det mennene tente, mot 101,6 prosent i 2022. I årsrapporten frå Kyrkjerådet melder ein om at kapellanar, sokneprestar og prostiprestar har ansiennitetsstigar, og at det er grunnlag for å seie at lønnsskilnadene har samanheng med at det framleis er fleire menn som er på topp i ansiennitetsstigen.
6.4 Forbrukarområdet
Marknadsføring med kjønnsstereotypiar kan medverke til ideal eller skadelege forventingar om kva utsjånad, interesser og åtferd gutar og jenter, kvinner og menn helst bør ha. Dette kan avgrense livsutfaldinga og valmoglegheitene deira, både som forbrukarar og samfunnsborgarar. Både jenter og gutar, kvinner og menn har rett til å bli sett på som aktive aktørar og verna mot diskriminerande marknadsføring og annan påverknad som kan vere skadeleg.
Barn og unge blir utsette for kjønnsdelt marknadsføring basert på tradisjonelle kjønnsmønster, særleg i marknadsføring av leiketøy og spel. Målretta marknadsføring og innhald i sosiale medium ser ut til å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress og utviklar skadelege kroppsideal.
Ved endringar i marknadsføringslova som tok til å gjelde i 2022, er det innført ei plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, -storleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering. Lovendringa inneber at all reklame der kroppar og ansikt er retusjerte, skal merkjast. Det er òg tydeleggjort at marknadsføring som medverkar til kroppspress, er i strid med kravet i lova om god marknadsføringsskikk overfor barn. Forbrukartilsynet følgjer opp desse reglane med tilsyn, rettleiing og informasjon og ved å promotere merket som må nyttast.
Merkjeplikta har ein viktig likestillingsdimensjon, ettersom jenter i større grad enn gutar har kjent på kroppspress, og ved at retusjert reklame i større grad har vore retta mot jenter enn mot gutar. BFD har likevel ikkje grunnlag for å seie noko om effektane innføringa av merkjeplikta har hatt på dei som blir eksponerte for retusjert eller manipulert reklame.
6.5 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2023
Barne- og familiedepartementet
Tabell 6.1 Barne- og familiedepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2023. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kvinner (%) | Menn (%) | Personar (N) | Årsverk(N) | Lønn2 | |
Totalt i verksemda1 | 66 | 34 | 144 | 136,4 | 100 |
Toppleiing (dep.råd., kom.sjef og e.sjef) | 67 | 33 | 6 | 6,0 | 93 |
Mellomleiing m/personalansvar (avdelingsdirektørar, kontorsjef, kontorleiar) | 85 | 15 | 13 | 13,0 | 91 |
Rådgivar nivå 1 (avd.dir u/pers. ansv., fagdir., fagrådgiv., spesialrådg.) | 55 | 45 | 33 | 31,9 | 99 |
Rådgivar nivå 2 (seniorrådg.)1 | 70 | 30 | 67 | 60,7 | 100 |
Rådgivar nivå 3 (rådg. fyrstekons.) | 60 | 40 | 15 | 15,0 | 98 |
Administrasjon (fyrstekonsulent, seniorkonsulent, rådg.) | 60 | 40 | 10 | 9,8 | 96 |
1 Utan tilsette i ulønt permisjon 3 år eller meir. Alle tilsette (5) i 100 % ulønt permisjon er i tilsettgruppe «Rådgivar nivå 2». I denne gruppa er det i tillegg 3 tilsette i redusert stilling.
2 Lønn kvinner i prosent av lønna til menn
Tabell 6.2 Barne- og familiedepartementet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2023. Prosent.
Deltid1 | Mellombels tilsette1 | Foreldrepermisjon 2 | Legemeldt sjukefråvær % | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | - | 4,2 | 15,1 | 3,2 | 2,2 | 8,2 | 2,6 | 3,4 |
1 Delen innanfor kvart kjønn.
2 Gjennomsnittstal på veker innenfor kvart kjønn: kvinner 24, menn 12.
Barne- og familiedepartementet (BFD) har som mål å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon. Departementet har ei partssamansett arbeidsgruppe som arbeider med å kartleggje, analysere og føreslå tiltak for å fremje likestilling og hindre diskriminering.
I 2023 har departementet hatt fokus på å følgje opp og sjå til at eksisterande rutinar blir følgt. Det vart lagt vekt på tiltak for få fleire kvalifiserte søkjarar med minoritetsbakgrunn og nedsett funksjonsevne. BFD har arbeidd for å profilere seg betre på sosiale medium og ved å vere meir aktiv på karrieredagar på studiestadene. I denne samanheng har det òg vore ein gjennomgang av tekst i stillingsannonsane for meir klarspråk og eit meir inkluderande språk. BFD legg stillingsannonsane ut på jobbforalle.no, som er ei samarbeidsplattform med fleire organisasjonar som arbeider for inkluderande arbeidsliv. I 2023 har departementet hatt ein trainee gjennom traineeprogrammet i staten, og i 2024 vil departementet følgje opp med å rekruttere ein ny trainee. Dette er eit rekrutteringsprogram for at personar med nedsett funksjonsevne og/eller hól i cv-en skal få relevant arbeidserfaring.
Departementet har i fleire år arbeidd med å få rekruttert fleire menn, då det har vore eit fleirtal kvinner i departementet. Av dei 21 som vart tilsette i 2023, var 7 menn, som gir ein del på 33 prosent. Det er om lag som året før, og delen menn er omtrent uendra dei siste åra.
Det er utarbeidd rutinar for å førebyggje trakassering og fremje likestilling i departementet. Det er mellom anna rutinar for å følgje opp gravide og tilsette med omsorgsoppgåver i heimen. I lønnsoppgjer er det merksemd om kjønn, alder, gravide og tilsette i permisjon med omsorgsoppgåver. Det er høve til å nytte heimekontor som tilretteleggingstiltak.
Departementet utarbeider lønnsstatistikk to gonger årleg og har ikkje funne lønnsskilnader som kan knytast til kjønn.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
Tabell 6.3 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2023. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Personar (N) | Årsverk (N) | Lønn | |
Totalt i verksemda | 27 | 73 | 493 | 421 | 94 |
Direktørar, avdelingsdirektørar fagdirektørar | 36 | 64 | 47 | 45 | 94 |
Seniorrådgivarar, spesialrådgivarar, rådgivarar, prosjektleiarar | 25 | 75 | 412 | 348,5 | 93 |
Konsulent, fyrste- og seniorkonsulentar | 37 | 63 | 30 | 26 | 98 |
Tabell 6.4 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2023. Prosent.
Deltid | Mellombels tilsette1 | Foreldrepermisjon2 | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | 2,2 | 2,3 | 8,9 | 8,7 | 0,0 | 2,0 | 4,9 | 5,8 |
1 Av alle tilsette.
2 Både lønt og ulønt fråvær pga. foreldrepermisjon.
Ved inngangen til 2024 hadde Bufdir 493 tilsette. Bufdir har eit sektorovergripande ansvar for likestilling. Det vil seie at dei yter bistand og er pådrivar overfor andre sektorar med kunnskap om likestilling. Bufdir analyserer utviklinga, og gjennomfører og samordnar handlingsplanar. Bufdir bidreg òg til at likestillingsfeltet er godt koordinert, i samarbeid med andre styresmakter.
Kvinner utgjorde 73 prosent av dei tilsette per 31. desember 2023. Det er størst skilnader i stillingskodane seniorrådgivar, rådgivar og fyrste- og seniorkonsulent. Bufdir har gjennomført ulike analysar av lønns- og arbeidsvilkår. Det vart ikkje avdekt utilsikta skilnader eller store skilnader som ikkje kan forklarast.
Bufdir er opptekne av likestillingsperspektivet i eiga verksemd. Arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald er eit viktig bidrag til å vidareutvikle Bufdir som arbeidsgivar. Målsetjingar for arbeidet er nedfelte i Bufdirs personalpolitikk og i ei rekkje arbeidsprosessar, rutinar og malar på lønns- og personalfeltet.
Bufdir deltek i det statlege mangfaldsnettverket. I 2023 har nettverket jobba mykje med erfaringsdeling og har gjennomført eit toppleiarmøte med fokus på likestillings- og diskrimineringslova § 24.
Mangfald og ikkje-diskriminering er viktige fokusområde for Bufdir, ikkje minst i rekrutteringsprosessar. I alle utlysingstekstar blir det fremja mangfald, og stillingsutlysingane oppmodar kandidatar med ulike typar bakgrunn å søkje på dei ledige stillingane. Det er framleis stor skilnad på kjønnsfordelinga av søkjarane til Bufdir. Tala for 2023 viser at det er flest kvinnelege søkjarar til stillingane i Bufdir. Direktoratet vil halde fram med å ha merksemd om å jamne ut denne skilnaden framover.
Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)
Tabell 6.5 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2023. Prosent og tal (N)
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Personar 1 (N) | Årsverk (N) | Lønn2 | |
Totalt i verksemda1 | 36 | 64 | 5 971 | 3 253 | 105 |
Toppleiing: divisjonsdirektør, avdelingsdirektør, regiondirektør | 41 | 59 | 29 | 29,0 | 96 |
Mellomleiing 1: seksjonssjef, informasjonssjef, leiar | 29 | 71 | 135 | 131,7 | 99 |
Mellomleiing 2: avdelingsleiar i institusjon, ass.leiar | 22 | 78 | 203 | 197,3 | 99 |
Fagstillingar 1: psykolog, spesialpsykolog, psykologspesialist | 26 | 74 | 266 | 206,5 | 95 |
Fagstillingar 2: spesialiserte med fagutdanning lågare grad og klinisk sosionom, barnevernspedagog mfl. | 24 | 76 | 1 124 | 730,6 | 100 |
Sakshandsamar 1: seniorrådgivarar, rådgivarar og prosjektleiarar | 19 | 81 | 659 | 565,4 | 96 |
Sakshandsama 2: konsulentar, fyrste- og seniorkonsulentar | 8 | 92 | 157 | 124,4 | 97 |
Fagstillingar 3: høgskule lågare grad | 40 | 60 | 2 295 | 989,7 | 99 |
Fagstillingar 4: miljøarbeidarar mfl. | 59 | 41 | 1 084 | 271,4 | 100 |
Drift og merkantile | 47 | 53 | 19 | 6,6 | 94 |
1 Talet personar inklusive 1 792 timelønte på rammeavtale, Bufdir er ikkje med.
2 Lønna til kvinner i prosent av lønna til menn.
Tabell 6.6 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2023. Prosent.
Deltid1 | Mellombels tilsette2 | Foreldrepermisjon3 | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | 32,9 | 19,9 | 6,2 | 7,2 | 0,2 | 1,6 | 7,2 | 10,0 |
1 Tilsette i stilling mindre enn 100 prosent og med unntak av tilsette på timelønn. Det er 1 792 tilsette på timelønn.
2 Av alle tilsette og med unntak av tilsette på timelønn. Det er 1 792 tilsette på timelønn.
3 Både lønte og ulønte fråvær pga. foreldrepermisjon.
Kvinnene utgjorde 64 prosent av dei tilsette per 31. desember 2023. Bufetat har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivåa i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i kvar eining.
Det er ei overvekt av kvinner i alle stillingskategoriane i Bufetat, bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er 59 prosent menn. Delar av institusjonsområdet har tilnærma balansert kjønnssamansetjing. Barnevernsinstitusjonane og omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar har ei fordeling på rundt 56 prosent kvinner og 44 prosent menn. Størst skeivfordeling finn ein i senter for foreldre og barn, der 90 prosent av dei tilsette er kvinner. På områda heimebaserte tenester og i familievernet er delen kvinner på 73 prosent og 79 prosent, medan det i inntak og fosterheimstenestene er meir enn 80 prosent kvinner.
Fleire regionar har gjennomført ulike analysar av lønns- og arbeidsvilkår. Det vart ikkje avdekt utilsikta lønnsskilnader eller uforklarlege skilnader.
Bufetat har i 2023 halde fram med å følgje opp likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektivet i personal- og rekrutteringsarbeidet. Arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald er viktig inn i ei profesjonell rekruttering av nye tilsette, men òg i arbeidet med å redusere gjennomstrøyming. I 2023 er det ei ønskt utvikling at det er fleire menn som søkjer på dei utlyste stillingane.
Samarbeid mellom partane for å fremje likestilling, inkludering og mangfald blir løyst gjennom eksisterande samarbeidsforum, som IDF, AMU og det partssamansette likestillings-, inkluderings- og mangfaldsutvalet, som har representantar frå alle regionar og Bufdir. Utvalet skal bidra til å spreie gode døme for å fremje likestilling, inkludering og mangfald i verksemda.
Sjukefråværet for kvinner har frå tidlegare år vore høgare enn for menn. I 2023 aukar langtidsfråværet, og her er årsakene samansette. God og stabil leiing, tidleg innsats og tilrettelegging er faktorar som er grunnleggjande i sjukefråværsarbeidet. Det er lagt ned betydelege ressursar i arbeidet med å auke nærværet og redusere sjukefråværet i alle regionar. Sjølv om det overordna biletet ikkje peiker i rett retning, blir det likevel oppnådd resultat i fleire av dei tiltaka som blir sette inn.
Barneverns- og helsenemnda
Tabell 6.7 Barneverns- og helsenemnda (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2023. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Personar (N) | Årsverk1 (N) | Lønn2 | |
Totalt i verksemda | 27,7 | 72,3 | 134 | 119,3 | 81,8 |
Daglege leiarar / nemndleiarar inkludert konstituerte daglege leiarar | 41,7 | 58,3 | 12 | 12 | 99,1 |
Direktør | 0 | 100 | 1 | 1,0 | - |
Fagdirektør | 0 | 100 | 1 | 1 | - |
Fyrstekonsulentar | 3,8 | 96,2 | 27 | 26 | 105,4 |
Konsulentar | 0 | 100 | 5 | 4,8 | 100 |
Kontorsjefar | 100 | 1 | 1,0 | 100 | |
Nemndleiarar | 42,1 | 57,9 | 76 | 76 | 100 |
Rådgivarar | 50 | 50 | 2 | 2 | 98,5 |
Seniorkonsulentar | 0 | 100 | 12 | 11,0 | 100 |
Seniorrådgivarar | 37,5 | 62,5 | 8 | 8 | 102,1 |
Avdelingsdirektør | 100 | 0 | 1 | 1,0 | - |
1 Årsverk i heile 2023.
2 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.
Tabell 6.8 Barneverns- og helsenemnda (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2023.
2023 | Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon1 | Legemeldt sjukefråvær1 | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | 0 | 7,4 | 2,8 | 0 | 0,2 | 0,6 | 2,8 | 5,8 |
1 Prosent rekna ut ifrå årsverk per 2023.
Per 31. desember 2023 var 27,7 prosent av dei tilsette i verksemda menn. I stillingsgruppa for nemndleiarar var 42,1 prosent av dei tilsette menn per 31. desember 2023.
Barneverns- og helsenemnda har ingen lønnsskilnader som kan knytast til kjønn. Alle nemndleiarar har same lønna, uavhengig av kjønn. Dei som er daglege leiarar, og i tillegg stillinga som nemndleiar har eit tillegg som mellom anna blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leier.
Barneverns- og helsenemnda arbeider aktivt for å oppfylle krava om aktivitetsplikt i lova om likestilling og forbod mot diskriminering. Det går fram av årsrapporten at Barneverns- og helsenemnda ønskjer å vere ein mangfaldig og inkluderande arbeidsplass. Vidare ønskjer nemnda å leggje til rette for at alle brukarane får dei same moglegheitene, og at ingen opplever diskriminering på bakgrunn av kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering eller ein kombinasjon av desse. Det blir lagt til rette for dette mellom anna gjennom personal- og lønnspolitikk og rutinar for rekruttering. Nemnda har som mål at alle lokala deira skal vere universelt utforma og tilgjengelege for alle.
Forbrukartilsynet
Tabell 6.9 Forbrukartilsynet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2023. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Personar (N) | Årsverk (N) | Lønn1 | |
Totalt i verksemda | 31 | 69 | 135 | 134,1 | 101,1 |
Toppleiing (direktør og avdelingsdirektørar) | 25 | 75 | 4 | 4 | 85,4 |
Mellomleiing (juridiske direktørar, fagdirektørar, underdirektørar) | 38,5 | 61,5 | 13 | 13 | 104,4 |
Seniorrådgivarar | 29,4 | 70,6 | 51 | 51 | 100,9 |
Rådgivarar | 32,8 | 67,2 | 61 | 60,5 | 102,9 |
Fyrstekonsulent | 16,7 | 83,3 | 6 | 5,6 | 119,1 |
1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.
Tabell 6.10 Forbrukartilsynet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2023. Prosent.
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon1 | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | 0,0 | 2,2 | 2,4 | 1,0 | 1,0 | 2,8 | 7,9 | 6,6 |
1 Prosentdelen av dagar i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2023.
Per 31. desember 2023 hadde Forbrukartilsynet 135 tilsette. 31 prosent var menn, 69 prosent var kvinner. I toppleiargruppa var det ein mann (direktøren) og tre kvinner. Tilsynet hadde 13 underdirektørar. Av desse var 4 (33 prosent) menn og 8 (67 prosent) kvinner.
Kvinnene i Forbrukartilsynet tente i 2023 i snitt 101,2 prosent av det mennene tente. I 2022 var snittet 101,1 prosent. Årslønnene til kvinnene og mennene var med det ganske like.
I 2023 hadde Forbrukartilsynet ein netto nedgang i talet på tilsette på 18 personar, eller 12 prosent. Av desse var det 15 kvinner og 3 menn. Forbrukartilsynet hadde i store delar av året tilsetjingsstopp. Berre kritisk og naudsynt kompetanse vart erstatta. Personalomsetjinga («turn-over») var i 2023 var på 4,6 prosent.
Forbrukartilsynet arbeider for ei meir inkluderande rekruttering av tilsette. Når ledige stillingar blir lyste ut, blir kvalifiserte kandidatar oppmoda om å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, hòl i CV-en, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Forbrukartilsynet rekrutterte fem nye medarbeidarar i 2023. Til dei 5 ledige stillingane var det totalt 61 søkjarar. Det vart lagt vekt på å tilsetje menn i dei ledige stillingane, men blant dei kvalifiserte søkjarane var delen kvinner vesentleg høgare enn delen menn. Av dei som vart tilsette, var det éin mann.
Blant søkjarane var det 2,8 prosent som informerte om funksjonsnedsetjing, 9,9 prosent med innvandrarbakgrunn og 8,5 prosent med hòl i CV-en. Fleire av desse søkjarane vart innkalla til intervju, men nådde ikkje opp i konkurransen med dei som til slutt vart tilsette.
For at Forbrukartilsynet skal nå betre ut til grupper med ein framand språkbakgrunn, er viktig informasjon på nettsidene deira omsett til engelsk.
Barneombodet
Tabell 6.11 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31. desember 2023. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Personar (N) | Årsverk (N) | Lønn1 | |
Totalt i verksemda | 25 | 75 | 20 | 19 | 98 |
1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene
Tabell 6.12 Barneombodet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2023. Prosent.
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon | Legemeldt Sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda1 | - | - | - | - | 0,0 | 2,8 | 0,6 | 2,3 |
1 Fordi Barneombodet er ei lita verksemd, blir det ikkje oppgitt tal for deltidstilsette og mellombels tilsette.
Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinner blant dei tilsette. Per 31. desember 2023 var 75 prosent av dei tilsette kvinner. Av dei fire medlemmene i leiargruppa er det éin mann og tre kvinner. Det er framleis ønskjeleg med ein betre kjønnsbalanse. Ombodet er merksam på dette i rekrutteringsprosessane sine.
Barneombodet har ingen lønnsskilnader som kan knytast til kjønn. Kvinner tener 98,1 prosent av lønna til menn på kontoret. Dette må ein sjå i samanheng med at ombodet har fått ein mannleg mellomleiar, og at det er to fyrstekonsulentar som er kvinner. Ombodet har også ein kvinneleg rådgivar i 20 prosent studentstilling. Av dei tilsette ved kontoret har 10 prosent ikkje-vestleg bakgrunn.
Barneombodet arbeider aktivt for å oppfylle krava om aktivitetsplikt i lova om likestilling og forbod mot diskriminering, i tett samarbeid med tillitsvalde og verneombod på jamlege møte gjennom året. Barneombodet meiner dei har eit lønnsnivå som er i samsvar med erfaring og kompetanse, og som held ved lag likeverd mellom kjønna i lønnsmassen. Ombodet har ingen tilsette som har svart at dei ufrivillig har ei deltidsstilling.
Barneombodet har oppmoda personar med hòl i CV-en og funksjonsnedsetjingar om å søkje ledige stillingar.
Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond
Tabell 6.13 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond (kjønn, lønn) per 31. desember 2023. Prosent og tal (N).
Kjønnsbalanse | |||||
---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Totalt (N) | Årsverk (N) | Lønn1 | |
Totalt i verksemda | 52 | 48 | 66 | 65,3 | 86,5 |
1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.
Tabell 6.14 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2023. Prosent.
Deltid | Mellombels tilsette | Foreldrepermisjon1 | Legemeldt sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |
Totalt i verksemda | 1 | 2 | 0 | 0 | 0 | 1,2 | 3,2 | 7,3 |
1 Prosentdelen av dagar i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2023.
Ved utgangen av 2023 var kvinnedelen totalt i verksemda 48 prosent. Delen kvinner i leiarstillingar var på 50 prosent. To av åtte i den øvste leiinga er kvinner. I styret til fondet var tre menn og to kvinner. I tillegg var representanten for dei tilsette ei kvinne. Det vart lagt vekt på likestilling ved rekruttering og lønning av leiarar og medarbeidarar i Opplysningsvesenets fond. Det er ikkje funne indikasjonar på at det har blitt gjort systematisk skilnad mellom kjønna ved lønnsfastsetjing eller lønnsutvikling.
Opplysningsvesenets fond skriv i årsmeldinga si at dei ikkje diskriminerer på bakgrunn av etnisitet, språk, religion, livssyn eller nedsett funksjonsevne. Dei har òg lagt vekt på å vareta aktivitetsplikta si på områda og har opplyst at dei har gode rutinar ved tilsetjing.
Andre kommentarar til omtalen
Forbrukarrådet rapporterer i sin eigen årsrapport.
7 FN sine berekraftsmål
Noreg har slutta seg til arbeidet med FN sine berekraftsmål. Dette rammeverket omfattar 17 mål og 169 delmål. Berekraftsmåla er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn.
Arbeidet med oppfølging av måla er forankra gjennom stortingshandsaminga av Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030.
Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei ny melding til Stortinget om berekraft. Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet koordinerer arbeidet. Regjeringa tek sikte på å leggje meldinga fram for Stortinget våren 2025.
Barne- og familiedepartementet har ikkje koordineringsansvar for mål, men bidreg til fleire av delmåla. Sjå omtale nedanfor.
FN sitt berekraftsmål nr. 1: utrydde alle former for fattigdom i heile verda
Delmål 1.2: innan 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.
I BFD er arbeidet for barn som veks opp i fattige familiar, knytt opp til dette delmålet.
Dei siste 20 åra har det vore ein auke i kor stor del barn som bur i hushald med vedvarande låginntekt, men dei siste to åra har det vore ein liten nedgang i tala. I treårsperioden 2020–2022 var talet 10,6 prosent, mot 11,3 prosent i perioden 2019–2021. Auken i barnetrygda for dei minste barna og auka butid blant innvandrarar er to moglege årsaker til nedgangen.
I 2022 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar som vurderte korleis innsatsen bør prioriterast for å styrkje oppvekstvilkåra til barna på kort sikt og førebyggje framtidig fattigdom. Regjeringa nyttar tilrådingane frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar i den vidare innsatsen for å motverke og førebyggje fattigdom blant barnefamiliar. Regjeringa fører vidare samarbeidsstrategien for barn og ungdom i låginntektsfamiliar i 2024 og vil i 2025 leggje fram ei melding til Stortinget om politikken til regjeringa for å redusere sosiale skilnader blant barn og unge og for å medverke til sosial mobilitet.
Arbeidet er omtalt nærare i programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Sjå òg budsjettproposisjonen til Arbeids- og inkluderingsdepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål nr. 1.
FN sitt berekraftsmål nr. 5: likestilling mellom kjønna
Delmål 5.2: avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner, både i offentleg og privat sfære, mellom anna menneskehandel, seksuell utnytting og andre former for utnytting
Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.
Ein studie frå 2023 frå NKVTS om omfang viser at vald og overgrep framleis er eit stort samfunnsproblem. Det er òg eit stort likestillingsproblem. Kvinner er mykje meir utsette for alvorleg partnarvald og valdtekt enn menn. I ein analyse har Menon Economics rekna med at dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved vald i nære relasjonar utgjorde 92,7 mrd. kroner i 2021. Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom å følgje opp fleire handlingsplanar på feltet.
Regjeringa la i 2023 fram Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) Trygghet for alle. Opptrappingsplanen legg til rette for meir målretta førebygging, betre hjelp og vern av utsette og meir effektiv straffeforfølging og oppfølging av utøvarar. Departementet har òg sendt på høyring forslag til endringar i krisesenterlova. Føremålet med forslaga til endringar i krisesenterlova er å styrkje krisesentertilbodet slik at målgruppa for lova – kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar – får eit heilskapleg tilbod som er tilpassa behova og livssituasjonen deira.
Arbeidet til BFD med vald og overgrep er omtalt nærare i programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Sjå òg budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.2.
Delmål 5.3: avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap, tvangsekteskap og kvinneleg kjønnslemlesting
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for å følgje opp dette delmålet. Sjå nærare omtale i budsjettproposisjonen til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. I 2023 rettleidde det nasjonale kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald i 1 137 saker, noko som er ein auke på 28 prosent frå 2022. Dette kan tyde på at fleire tenester har meir merksemd og kjennskap til desse utfordringane. Den store pågangen ser ut til å halde fram i 2024.
Eit lovutval har i NOU 2024: 13 Lov og frihet sett på problemstillingar knytte til negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald. Regjeringa vil bruke rapporten i arbeidet med den nye handlingsplanen mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald som blir lagd fram i 2025.
Det er ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Etter ei lovendring våren 2021 er det vedteke at ekteskap som er inngått før partane er 18 år etter utanlandsk rett, som ein klar hovudregel ikkje vil bli anerkjende i Noreg.
Regjeringa har fremja ein lovproposisjon for Stortinget med forslag til endringar i ekteskapslova med forbod mot ekteskap mellom nære slektningar, som Stortinget vedtok i juni 2024. Forbodet vil gjelde ekteskap mellom søskenbarn og mellom onkel eller tante og niese eller nevø, som er nærare slektningar enn søskenbarn. Grunngivinga for forbodet er å unngå helseskadar hos barn, men eit forbod òg kan òg ha positive verknader når det gjeld å motverke tvangsekteskap og negativ sosial kontroll. Regjeringa arbeider med sikte på ikraftsetjing 1. januar 2025.
FN sitt berekraftsmål nr. 12: ansvarleg forbruk og produksjon
Delmål 12.3: innan 2030 halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar. Svinn i produksjons- og forsyningskjeda skal òg reduserast, inkludert svinn etter innhausting
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.
I 2017 vart det inngått ein bransjeavtale mellom det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og dei største organisasjonane i matbransjen om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat med 50 prosent innan 2030, i tråd med FN sitt berekraftsmål. Det er fastsett to delmål om at matsvinn i 2020 og 2025 skal reduserast med høvesvis 15 og 30 prosent. Ifølgje hovudrapporteringa for det fyrste delmålet som kom i 2021, var matsvinnet redusert med 10 prosent. På forbrukarleddet var svinnet redusert med 6 prosent. Sidan over halvparten av matsvinnet kjem frå private hushald, har BFD over mange år støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til tiltak som kan redusere matsvinn blant forbrukarane. Støtta vil bli ført vidare i 2025. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet har i 2024 motteke ein rapport frå eit ekspertutval som har vurdert korleis Noreg kan nå reduksjonsmåla. Rapporten tilrår mellom anna fleire informasjonstiltak retta mot forbrukarane. Begge departementa har i 2024 arbeidd med korleis forslaga i rapporten skal følgjast opp.
BFD har i mange år hatt eit samarbeid med Høgskolen i Innlandet og Ungt Entreprenørskap som skal medverke til å gi barn og unge god opplæring om berekraftig utvikling og ansvarleg forbruk. BFD vil halde fram med samarbeidet i 2024 og 2025.
Delmål 12.6: stimulere selskap, særleg store og fleirnasjonale selskap, til å ta i bruk berekraftige metodar og integrere informasjon om si eiga berekraft i rapporteringsrutinane sine
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.
Openheitslova tok til å gjelde 1. juli 2022 og byggjer på internasjonale prinsipp og retningslinjer for ansvarleg næringsliv. Lova vil medverke positivt i arbeidet til Noreg med å nå FNs berekraftsmål, særleg berekraftsmål 12 om ansvarleg forbruk og produksjon, men òg berekraftsmål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst. Openheitslova pålegg større verksemder å mellom anna utføre aktsemdvurderingar knytte til grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve og offentleg gjere greie for desse. Forbrukartilsynet rettleier verksemdene og fører tilsyn med etterlevinga av henne. Forbrukartilsynet har mellom anna gjennomført ein større tilsynsaksjon i 2023 der 500 verksemder vart kontrollerte, og der over 100 verksemder i etterkant vart følgde opp og rettleidde.
I førearbeida til openheitslova vart det varsla at lova skulle evaluerast etter at ho hadde verka i ein periode. BFD har i 2024 starta dette arbeidet. Evalueringsrapporten skal etter planen leggjast fram innan sommaren 2025.
Sjå òg budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet for informasjon om korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 12.
FN sitt berekraftsmål nr. 16: fred, rettferd og velfungerande institusjonar
Delmål 16.2: stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn
Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.
BFD følgjer opp delmålet gjennom oppfølging av tiltak i fleire handlingsplanar på valdsfeltet. Regjeringa la fram ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar hausten 2023. Arbeidet med planen skal mellom anna følgjast opp gjennom eit nystarta samarbeid på direktoratsnivå leidd av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Sekretariatet for konfliktråda. Sjå nærare omtale av opptrappingsplanen under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.
Innsatsen mot internettrelaterte overgrep er koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet og er forankra i strategien Forebygging og bekjempelse av internettrelaterte overgrep. Nasjonal strategi for samordnet innsats (2021–2025), som vart lagd fram i august 2021. Opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar omhandlar òg internettrelaterte overgrep på nett.
Mesteparten av kvardagen til barn og unge er digital. Regjeringa vil fremje ei melding til Stortinget om trygg digital oppvekst hausten 2024, sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.
8 Klima- og miljøprofil
Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle sektorar av samfunnet har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla blir nådde. For ei oversikt over dei viktigaste klima- og miljøtiltaka til regjeringa, sjå del III av Klima- og miljødepartementets fagproposisjon.
Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet
Eit mål for forbrukarpolitikken er at forbrukarane skal kunne ta medvitne val når dei handlar. Betre informasjon om konsekvensane produksjonen og bruken av varer og tenester kan ha, kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som belastar miljøet og ressursane mindre. Ved i større grad å spørje etter slike varer og tenester kan forbrukarane påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.
Barne- og familiedepartementet (BFD) arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljøaspekta og dei etiske sidene ved forbruk. Viktige verkemiddel er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking).
På den norske marknaden auka talet på svanemerkte produkt med 10 prosent frå 2022 til 2023 (frå 31 316 til 34 492). Størst var auken for møblar og innreiing. I ei undersøking i 2023 svarte 97 prosent av respondentane at dei hadde kjennskap til Svana. 18 prosent svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel. Den breie kjennskapen til miljømerka tyder på at mange veit at desse gir god rettleiing om kva forbruksval som er mindre miljøbelastande og meir berekraftige.
I 2025 vil BFD arbeide vidare med å gjere det enkelt for forbrukarane å ta miljømedvitne val. Svana og EU Ecolabel vil framleis vere dei sentrale verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege. Miljømerking vil halde fram arbeidet med å auke talet på produkt med miljømerke på den norske marknaden og informere forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte varer og tenester er enkle og trygge miljøval. Miljømerking vil òg arbeide vidare med å synleggjere Svana som verktøy for ein meir sirkulær og berekraftig økonomi.
Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet er eit tiltak i den nasjonale strategien frå 2021 for ein grøn, sirkulær økonomi. Forbrukarrådet etablerte hausten 2022 den fyrste versjonen av kontaktpunktet som ei teneste med produkttestar med vekt på berekraft. I 2023 vart 15 produkttestar publiserte. Gjennom 2023 vart det arbeidd vidare for å utvikle kontaktpunktet med sikte på å gi forbrukarane ein enkel veg til truverdig miljøinformasjon og tips om berekraftige forbruksval. I august 2024 lanserte Forbrukarrådet ein eigen nettstad som samlar slik informasjon; «Forbrukerrådets miljøveileder». I 2025 blir det viktig å gjere nettstaden godt kjent blant forbrukarane. Arbeid med vedlikehald og vidare utvikling vil òg vere viktig.
Det grøne skiftet har høg prioritet i EU. Våren 2023 la EU-kommisjonen fram forslag til eit direktiv (Green Claims Directive) som mellom anna inneber strenge krav til underbygging og dokumentasjon av miljøpåstandar brukte i marknadsføring. Krava vil òg gjelde ved bruk av miljømerke. Det føreslåtte direktivet kan leggje til rette for gode miljøval for forbrukarane og samstundes sikre ein meir rettferdig konkurranse mellom næringsdrivande som bruker miljøpåstandar og -merke. BFD har i 2024 følgt handsaminga av direktivforslaget i EU og formidla innspel etter ei norsk høyring av det i 2023. Departementet vil inn i 2025 halde fram med dette for å ta vare på norske interesser og arbeide for at eit nytt regelverk ikkje legg urimelege byrder på det nordiske miljømerket Svana.
Direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet vart formelt vedteke i EU i februar 2024. Føremålet med direktivet er å gjere det enklare for forbrukarane å ta meir berekraftige kjøpsval. Direktivet endrar i det gjeldande direktivet om urimeleg handelspraksis (direktiv 2005/29/EU) og direktivet om forbrukarrettar (direktiv 2011/83/EU) og inneber mellom anna eit forbod mot å bruke miljømerke i marknadsføring utan at desse er sertifiserte eller etablerte av offentlege styresmakter. Direktivet stiller òg opp strengare krav til dokumentasjon ved bruk av miljøpåstandar i marknadsføring. BFD vil følgje opp direktivet ved i fyrste omgang å sende eit forslag til endringar i marknadsføringslova, angrerettlova og avtalelova på høyring. Arbeidet med å følgje opp direktivet vil halde fram inn i 2025.
Inn i 2025 vil BFD òg følgje opp direktivet om tilbørleg aktsemd for berekraft for føretak (aktsemdsdirektivet), som vart vedteke i mai 2024. Direktivet, som byggjer på dei same internasjonalt anerkjende prinsippa og retningslinjene som den norske openheitslova, inneber mellom anna ei plikt for føretak til å utføre aktsemdsvurderingar knytte til menneskerettar, anstendige arbeidstilhøve og miljø.
Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD førte i 2023 og 2024 vidare arbeidet med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tok opp spørsmål knytte til dette. BFD samarbeidde med Høgskolen i Innlandet og med Ungt Entreprenørskap om desse spørsmåla. Departementet vil i 2025 arbeide vidare med å fremje undervising i forbrukaremne som tek opp spørsmål knytte til berekraftig forbruk og utvikling.
I 2017 vart det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet og dei største organisasjonane i matbransjen. Målet er at svinnet i heile verdikjeda for mat innan 2030 skal halverast samanlikna med 2015, i tråd med FN sitt berekraftsmål. Sidan over halvparten av matsvinnet kjem frå private hushald, har BFD har over mange år støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til tiltak som kan redusere matsvinn blant forbrukarane. BFD vil i 2025 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere sitt eige matsvinn.
BFD har ikkje grunnlag for å seie noko om dei totale klima- og miljøeffektane av tiltaka over. Det er likevel gjort berekningar som viser at kvalifiseringar for miljømerket Svana har gunstige verknader på mellom anna utsleppa av klimagassar.
9 Oversikt over einskildståande tilskot
I tabellen er ei oversikt over einskilde tilskot på budsjettet til BFD. Tilskota er omtalte nærare under postomtalane.
Kap./post | Namn |
---|---|
840/70 | Stiftelsen Alternativ til Vold |
840/70 | Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) |
840/70 | Mental Helse |
840/70 | Incestsenteret i Vestfold |
840/70 | Norges Røde Kors |
840/70 | Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) |
840/70 | Krisesentersekretariatet |
840/70 | Regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-a) |
840/73 | Stine Sofies Stiftelse |
842/70 | Stiftelsen Kirkens Familievern (SKF) |
846/22 | Universitetet i Oslo |
846/61 | Blå Kors |
846/61 | Stiftelsen Kirkens Bymisjon |
846/61 | BUA |
846/61 | Norges Røde Kors |
846/61 | Den Norske Turistforening (DNT) |
846/61 | MOT Norge |
846/70 | Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner |
846/70 | Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. |
846/71 | Ungdom mot Vold |
846/71 | Blå Kors |
846/71 | Oslo Røde Kors – Kors på halsen |
846/71 | Stiftelsen Barnevakten |
846/71 | InorAdopt, Verdens Barn, Adopsjonsforum |
846/71 | International Social Service |
846/79 | Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede |
846/79 | Technical Assistance Program – Haagkonferansen for internasjonal privatrett |
846/79 | Barentssekretariatet IKS |
846/79 | Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF) |
854/61 | Kristiansand kommune (Alarmtelefonen for barn og unge) |
854/61 | Barnevernsvaktene. Landskonferanse mellom barnevernsvakter og politi |
854/71 | Children at Risk (CAR) |
854/71 | Landsforeningen for barnevernsbarn |
854/72 | Universitet og høgskular og VID vitenskapelige høgskole (tilskot til rettleidd praksis til barnevernsstudentar) |
854/72 | Norsk psykologforening |
854/72 | Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge AS |
854/72 | Regionale senter for barn og unge (RKBU) Nord, Vest og Midt, Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør |
854/72 | OsloMet – Storbyuniversitetet, Høgskolen i Innlandet, Høgskulen i Østfold, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU, Nord universitet |
862/70 | Stiftinga Miljømerking i Noreg |
865/70 | Standard Norge |
865/70 | Ungt entreprenørskap Norge |
865/70 | Matvett AS |
865/70 | Fagutvalget for influencermarkedsføring (FIM) |
880/70 | Den norske kyrkja |
880/71 | Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet |
881/77 | Museene Arven AS |
881/77 | Anno – Museene i Hedmark |
881/77 | Agdenes vekst AS |
881/77 | Nidaros bispedømmeråd |
881/77 | Sarpsborg kommune: Olavsdagane |
881/77 | Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn |
881/77 | Museene i Sør-Trøndelag AS ved Nordenfjeldske kunstindustrimuseum |
881/78 | Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn |
881/78 | Norges Kristne Råd |
881/78 | Muslimsk Dialognettverk |
881/78 | Det teologiske fakultet, UiO |
882/70 | Hovedorganisasjon KA |
882/70 | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) |
10 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder
10.1 Forbrukarrådet
Tabell 10.1 Utgifter og inntekter etter art – Forbrukarrådet
Utgifter/inntekter | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 |
Utgiftsart | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 65 608 283 | 70 064 032 | 75 062 196 | 80 700 000 |
Varer og tenester | 53 512 682 | 35 808 125 | 40 602 110 | 31 270 000 |
Sum driftsutgifter | 119 120 965 | 105 872 157 | 115 664 306 | 111 970 000 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 6 316 730 | 19 645 301 | 10 755 647 | 10 144 000 |
Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 6 316 730 | 19 645 301 | 10 755 647 | 10 144 000 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskapar | 2 001 491 | 0 | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringar frå verksemda | 2 001 491 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 2 560 | 288 | 748 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 2 560 | 288 | 748 | 0 |
Sum utgifter | 127 441 746 | 125 517 746 | 126 420 701 | 122 114 000 |
Inntektsart | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 0 | 0 | 0 | 0 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 | 410 694 | 0 |
Sum driftsinntekter | 0 | 0 | 410 694 | 0 |
Inntekter frå investeringar | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 105 536 686 | 113 561 855 | 119 247 884 | 124 539 000 |
Andre innbetalingar | 6 180 453 | 6 255 558 | 500 000 | 280 000 |
Sum overføringar til verksemda | 111 717 139 | 119 817 413 | 119 747 884 | 124 819 000 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 111 717 139 | 119 817 413 | 120 158 578 | 124 819 000 |
Netto endring i kontantbehaldninga | -15 724 607 | -5 700 333 | -6 262 123 | 2 705 000 |
Tabell 10.2 Inntekt etter inntektskjelde – Forbrukarrådet
Inntektskjelde | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartementet | 105 576 000 | 114 453 000 | 118 803 000 | 124 539 000 |
Løyvingar frå andre departement | 500 000 | 3 000 000 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 5 283 361 | 0 | 500 000 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum løyvingar til statsoppdraget | 111 359 361 | 117 453 000 | 119 303 000 | 124 539 000 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum bidrag | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter | 357 778 | 2 364 413 | 855 578 | 0 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 357 778 | 2 364 413 | 855 578 | 0 |
Sum inntekter | 111 717 139 | 119 817 413 | 120 158 578 | 124 539 000 |
Tabell 10.3 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember, med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldninga skal nyttast til – Forbrukarrådet
Balansedag 31. desember | 2021 | 2022 | 2023 | Endring |
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2022–2023 | |||
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 35 128 213 | 29 427 880 | 23 165 757 | -6 262 123 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 35 128 213 | 29 427 880 | 23 165 757 | -6 262 123 |
Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 5 642 403 | 6 140 934 | 6 644 981 | 504 047 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 4 647 777 | 4 948 715 | 5 887 053 | 938 338 |
Gjeld til leverandørar | 2 919 401 | 4 810 803 | 2 841 763 | -1 969 040 |
Gjeld til oppdragsgivarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna gjeld med forfall i neste budsjettår | 2 916 123 | 2 221 945 | 662 245 | -1 559 700 |
Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | 16 125 704 | 18 122 396 | 16 036 042 | -2 086 355 |
Avsetjing til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar | ||||
Avsetjingar til andre føremål / ikkje-spesifiserte føremål | 0 | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 19 002 510 | 11 305 485 | 7 239 940 | -4 065 545 |
Ikkje inntektsført løyving | ||||
Sum andre avsetjingar | 19 002 510 | 11 305 485 | 7 239 940 | -4 065 545 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | -1 | -1 | -110 225 | -110 224 |
Sum langsiktig gjeld | -1 | -1 | -110 225 | -110 224 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 35 128 213 | 29 427 880 | 23 165 757 | -6 262 124 |
10.2 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond (Ovf)
Tabell 10.4 Utgifter og inntekter etter art – Ovf
(beløp i 1 000 kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
Utgifter/inntekter | Rekneskap | Budsjett | ||
Beløp i NOK | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 |
Utgiftsart | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 72 002 | 73 104 | 79 783 | 102 980 |
Varer og tenester | 29 076 | 30 506 | 42 060 | 32 745 |
Sum driftsutgifter | 101 078 | 103 610 | 121 843 | 135 725 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskapar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringar frå verksemda | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle aktivitetar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 101 078 | 103 610 | 121 843 | 135 725 |
Inntektsart | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 0 | 0 | 0 | 0 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 93 881 | 104 613 | 126 436 | 135 725 |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum driftsinntekter | 93 881 | 104 613 | 126 436 | 135 725 |
Inntekter frå investeringar | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringar til verksemda | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 93 881 | 104 613 | 126 436 | 135 725 |
Netto endring i kontantbehaldninga | -7 197 | 1 003 | 4 593 | 0 |
Tabell 10.5 Inntekt etter inntektskjelde – Ovf
Inntektskjelde | Rekneskap | Budsjett | ||
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum løyvingar til statsoppdraget | 0 | 0 | 0 | 0 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum bidrag | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter | 93 881 | 104 613 | 126 436 | 0 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 93 881 | 104 613 | 126 436 | 0 |
Sum inntekter | 93 881 | 104 613 | 126 436 | 0 |
Tabell 10.6 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember, med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldninga skal nyttast til – Ovf
Balansedag 31. desember | 2021 | 2022 | 2023 | Endring |
---|---|---|---|---|
Beløp i NOK | 2022–2023 | |||
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank | 11 547 | 12 550 | 17 143 | 4 593 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 11 547 | 12 550 | 17 143 | 4 593 |
Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 6 608 | 6 645 | 7 200 | 555 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 7 038 | 7 290 | 9 509 | 2 219 |
Gjeld til leverandørar | 1 135 | 3 820 | 468 | -3 352 |
Gjeld til oppdragsgivarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna gjeld med forfall i neste budsjettår | -3 234 | -5 205 | -34 | 5 171 |
Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår | 11 547 | 12 550 | 17 143 | 4 593 |
Avsetjing til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetjingar | ||||
Avsetjingar til andre føremål / ikkje-spesifiserte føremål | 0 | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum andre avsetjingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum netto gjeld og forpliktingar | 11 547 | 12 550 | 17 143 | 4 593 |