Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapitler: 800–873, 2530 Inntektskapitler: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudmål og politiske prioriteringar

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har eit overordna ansvar for familie og samliv, barn og unges oppvekst og levekår, barnevern, likestilling, ikkje-diskriminering og forbrukarinteresser.

Regjeringa har som mål å skape trygge rammer for familiane og for barns oppvekst. Regjeringa vil at alle barn og unge skal kunne delta i samfunnet, uavhengig av bakgrunnen og livssituasjonen til foreldra eller kvar i landet dei bur. Det er òg viktig at barn og unge får høve til å delta og ha innverknad, både i samfunnet og i eigne liv.

Barn og ungdom skal ha trygge og gode liv. Ingen barn skal oppleve vald og overgrep. Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Omfattande tiltak er allereie sett i gang i denne regjeringsperioden, men det er fortsatt store utfordringar på dette feltet. Regjeringa vil vidareføre og styrkje innsatsen for å førebyggje og kjempe mot vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn utsett for vald og overgrep. Hausten 2016 legg regjeringa derfor fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep i ein eigen proposisjon til Stortinget. Regjeringa vil leggje til rette for ei styrking av skulehelsetenesta og helsestasjonane, og styrkje behandlingstilbodet til valdsutsette og til unge overgriparar, kompetansen i tenestene, det foreldrestøttande arbeidet i kommunane, Statens barnehus, dialoggrupper i mottak, offeromsorg samt kunnskapsutvikling på feltet. Vidare vil regjeringa styrkje tilskotet til Stine Sofie Senteret og innsatsen mot mobbing. Regjeringa vil òg understreke det tydelege ansvaret offentleg sektor har for å avdekke vald og overgrep.

Den norske offentlegheita har blitt kjent med mange alvorlege sakar der barn og ungdom har vore utsett for grov vald, seksuelle overgrep og alvorleg omsorgssvikt. Eit spørsmål er korleis tenesteapparatet kunne ha førebygd og forhindra slike tilfelle. Eit utval som skal gå gjennom slike sakar blei satt ned i 2015, og skal etter planen levere si utgreiing innan sommaren 2017.

I det førebyggjande arbeidet er det viktig med sektorovergripande samhandling og kunnskapsutveksling. Der familien ikkje strekk til, har samfunnet ei plikt til å gi barn og unge trygge og gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår. Det er eit viktig mål for regjeringa at barnevernet over heile landet skal kunne gi rett hjelp til utsette barn og unge tidleg. Barnevernet og familievernet skal saman med kommunale tenester førebyggje før situasjonen blir alvorleg.

Den historiske satsinga på familievernet under denne regjeringa har auka kapasiteten til å drive førebyggjande arbeid i samarbeid med kommunale familieretta tenester. I 2017 skal det arbeidast vidare med å utvikle og etablere eit tilbod i familievernet til valdsutsette barn og familiar og til unge og vaksne valdsutøvarar.

Arbeidet med å implementere programmet Nurse Family Partnership, med tidleg intervensjon for førstegongsforeldre som treng ekstra oppfølging, held fram i 2017.

Alle barn og unge i Noreg som treng hjelp på grunn av forhold som kan skade helse og utvikling, skal få nødvendig hjelp og omsorg. Barnevernet skal møte barn og foreldre på ein omsorgsfull måte. Det er kommunane som best kjenner behova til det enkelte barnet. Overføring av oppgåver frå staten til kommunane kan derfor bidra til betre kvalitet i tenestetilbodet.

Regjeringa tek våren 2017 sikte på å leggje fram ein proposisjon om ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet, med mål om å styrkje arbeidet med utsette barn og familiar i kommunane og med mål om å gi kommunane betre moglegheiter og sterkare insentiv til å byggje opp førebyggjande, tverrfaglege og tilpassa tilbod. Reforma vil innehalde endringar i ansvarsdelinga mellom stat og kommune og særskilde kvalitets- og kompetansetiltak som skal gi barn og familiar betre og meir samordna tenester.

Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode økonomiske vilkår. Samtidig er det familiar som fell utanfor på grunn av dårlege levekår, svak økonomi eller begge delar. Dette rammar barna. Det er nødvendig med ein brei og samordna innsats for å motverke barnefattigdom. Det er utarbeida indikatorar slik at kommunane skal få meir kunnskap om omfang og utvikling av barnefattigdom. På barnefattigdomsfeltet har det gjennom fleire år vore tilskotsordningar for ferie- og fritidstiltak. Desse ordningane er styrkte i takt med utviklinga på barnefattigdomsområdet. Løyvinga til den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom er no på eit historisk høgt nivå. Løyvinga er auka med om lag 85 prosent i regjeringsperioden.

Regjeringa la i 2015 fram ein strategi, Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi (2015–2017), som er sentral i det vidare arbeidet. Som ei oppfølging av strategien har kommunane, frivillige organisasjonar og staten gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa. Målet er at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet.

Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den enkelte og samfunnet. Likestilling inneber at individa skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonsevne. Regjeringa har som mål at både kvinner og menn skal kunne delta fullt ut i arbeidslivet og få brukt og utvikla evnene sine på ulike arenaer.

Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling i marknaden. Det føreset at forbrukarane har gode rammevilkår og rettar, at dei har tilgang til gode og effektive system for å løyse tvistar, og at dei får informasjon som gir dei grunnlag for å ta opplyste og ansvarlege val. Regjeringa vil i tråd med dette utvikle gode digitale løysingar for informasjon til forbrukarane, arbeide for gode forbrukarrettar i Noreg og EU, medrekna gode ordningar for å løyse forbrukartvistar utanfor rettsapparatet. Regjeringa vil òg vidareutvikle og effektivisere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet. Dette skal gi grunnlag for sterkare fagmiljø, betre ressursutnytting og eit betre servicetilbod til forbrukarane.

Forslaget til statsbudsjett 2017 for BLD omfattar programområde 11 Barn og likestilling og programområde 28 Foreldrepengar.

BLD har desse hovudmåla for politikkområda:

  1. God og effektiv forvalting

  2. Trygge rammer for familiane

  3. Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

  4. Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

  5. Utsette barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling

  6. Ei sterk stilling for forbrukarane

1.1 God og effektiv forvalting

Departementet vil utvikle vidare ei effektiv forvalting med høg kvalitet gjennom god styring, organisering og drift av sektoren.

Velfungerande og effektive etatar er viktige for å nå måla for sektoren. Departementet har ei målretta styring og oppfølging av underliggjande etatar for å medverke til dette.

BLD har eit samordningsansvar for fleire viktige område som også gjeld andre departement. Ei god samordning er avgjerande for gjennomføringa og resultata av politikken til regjeringa.

1.2 Trygge rammer for familiane

Familiane er dei sterkaste sosiale fellesskapane vi har, og viktige berarar av tradisjon, kultur og læring. Regjeringa vil styrkje familien si stilling i samfunnet. Familien gir rammer kring oppveksten til barn og unge.

Ein god og heilskapleg familiepolitikk legg grunnlaget for livskvalitet og gir helsemessige og samfunnsøkonomiske gevinstar. Familiepolitikken til regjeringa byggjer på at familiane tek dei beste vala sjølve. Familieretta ordningar skal derfor vere fleksible og gi valfridom. Trygge foreldre som meistrar eigne liv gir trygge barn. Familiar som strever skal få rett hjelp til rett tid.

På det familiepolitiske området er hovudsatsinga til regjeringa familieverntenesta. Regjeringa vil byggje politikken for familievern rundt eit prinsipp om førebyggjande arbeid og tidleg innsats for å sikre gode oppvekstvilkår. Tenesta har fått eit historisk økonomisk løft og er sidan regjeringsskiftet styrkt med over 90 mill. kroner ut frå ei totalramme på knappe 370 mill. kroner i 2013. Fleire behandlarstillingar har redusert ventetida for å få time, tilbodet er blitt meir likeverdig på landsbasis, og kapasiteten i arbeidet mot vald og høgkonflikt er auka. Det utoverretta, førebyggjande arbeidet og samarbeidet med dei kommunale, familieretta tenestene er styrkt. I 2016 blei budsjettet til familievernet auka med 5 mill. kroner for å gi fleire barn tilbod om samtalar i samband med samlivsbrot. Denne innsatsen vil bli ført vidare i 2017.

Arbeidet med å implementere programmet Nurse Family Partnership, med tidleg intervensjon for førstegongsforeldre som treng ekstra oppfølging, held fram i 2017.

Barn og ungdom skal ha trygge og gode liv. Ingen barn skal oppleve vald og overgrep. Omfattande tiltak er allereie satt i gang i denne regjeringsperioden. Dette gjeld mellom anna styrking av familieverntenesta sitt valdsarbeid, Alternativ til vold og Statens barnehus. Regjeringa har oppretta nye tilskotsordningar retta mot kommuanene til foreldrestøttande arbeid og til utvikling av kommunane sitt arbeid knytt opp mot sårbare familiar. Ei ny tilskotsordning til valdsutsette barn er oppretta, og det er gitt tilskot til Stine Sofie Senteret – eit meistringssenter for valdsutsette barn. Det har òg vore ei stor auke i dei frie inntektane til kommunane begrunna med ei ønskt styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta. I tillegg kjem øyremerka midler til same område og til rekruttering av psykologar i kommunane. Viktige lovendringar er vedteke, herunder auka strafferamme for grov mishandling i nære relasjonar og utvida høve til å pålegge hjelpetiltak. Regjeringa har òg fremma forslag om å tydeliggjere ansvaret for å avdekkje og avverge vald og overgrep i helse- og omsorgstenesta. Endringar i rammeplanane for lærarutdanningane skal sikre at lærarar får grunnleggjande kompetanse om vald og overgrep og korleis dette kan avdekkast.

Regjeringa vil vidareføre og styrkje innsatsen for å førebyggje og kjempe mot vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep. Hausten 2016 legg regjeringa derfor fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep i ein eigen proposisjon til Stortinget. Regjeringa føreslår ei tverrdepartemental satsing på 176 mill. kroner i 2017. På BLDs område føreslår regjeringa å auke løvinga til:

  • familievernet ytterlegare for å styrkje kompetansen om vald i familiar

  • tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak i kommunane, særleg retta mot kommunar som busett nykomne flyktningar

  • Stine Sofie Senteret

  • informasjonstiltak om vald og overgrep

Opptrappingsplanen inneheld òg satsingar for 2017 på ansvarsområda til andre departement. På Helse- og omsorgsdepartementet sitt område er det mellom anna lagt til rette for å styrkje skolehelsetenesta og helsestasjonane, betre behandlingstilbodet til unge overgriparar, auke kompetansen om vald og overgrep i helsetenesta og greie ut korleis ein kan få til eit forløp for valdsutsette og overgriparar. På budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet er det mellom anna føreslått å styrkje løyvinga til Statens barnehus, offeromsorg, dialoggrupper mot vald i mottak, og å auke løyvinga for å sikre at Noreg kan delta i undersøkinga EU Kids Online. På Kunnskapsdepartementet sitt budsjett føreslår ein å styrkje innsatsen mot mobbing. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2016–2017) for desse departementa. Regjeringa vil trappe opp innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare i planperioden.

Regjeringa vil i opptrappingsplanen òg gjere tydeleg ansvaret for arbeidet mot vald og overgrep i offentleg sektor, til dømes i helsestasjonar, familievern, skolar og barnehagar. Med opptrappingsplanen svarer regjeringa på oppmodingsvedtak nr. 623 av 8. juni 2015 frå Stortinget.

Regjeringa vil følgje opp utgreiinga frå Barnevoldsutvalget som etter planen skal liggje føre innan sommaren 2017. Eit utval alvorlege saker, der barn og ungdom har vore utsette for vald og seksuelle overgrep, skal evaluerast. Målet er å avdekkje svikt og utfordringar i det offentlege hjelpeapparatet.

Regjeringa vil at foreldra skal vere likestilte som omsorgspersonar og ha like rettar. Samtidig skal ein sørgje for at omsynet til det som er best for barnet, alltid veg tyngst i saker om kor barnet skal bo fast og samvær. Regjeringa har fremma ein lovproposisjon med forslag til endringar i barnelova for å leggje til rette for likestilt foreldreskap.

Forslag om endringar i reglane om barnebidrag og bidrag etter fylte 18 år, og forslag knytt til reglane om fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot har vore på høyring. Departementet arbeider med oppfølginga av desse høyringane.

Barn og familiar er ulike og har ulike behov. Familiane må sikrast fleksibilitet og fridom til å velje dei løysingane som passar best for dei. Det er derfor viktig med gode velferdsordningar for barnefamiliane. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal gå igjennom stønadane og tenestetilbodet til familiar med barn under 18 år. Utvalet skal drøfte kva som bør vere målsetjingane med støtta til barnefamiliane, og vurdere behov for endringar i ordningane, mellom anna for å redusere barnefattigdom og bidra til god ressursbruk. Utvalet skal levere utgreiinga si i mars 2017. Det er 20 år sidan sist stønadane til barnefamiliane blei greidde ut av eit offentleg utval – i NOU 1996: 13 Offentlige overføringer til barnefamiliene.

Regjeringa har sendt på høyring fleire forslag til endringar i trygdeordningar i lys av auken i talet på asylsøkjarar. Eitt av forslaga er å innføre eit butidskrav på fem år for mottakarar av kontantstøtte. For innvandrarar med kort butid i Noreg kan kontantstøtta hindre integrering av vaksne og barn, til dømes ved at ho svekkjer insentiva til å delta i arbeidslivet, og ved at barn ikkje går i barnehage.

Regjeringa la i april 2016 fram Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter. Regjeringa vil gjennomføre tiltak i samsvar med meldinga og Stortingets behandling.

NOU 2014: 9 Ny adopsjonslov har vore på brei høyring, og departementet arbeider med å følgje opp høyringa med sikte på å fremme eit forslag til ny adopsjonslov.

Boks 1.1 Regjeringa si hovudsatsing på familie- og oppvekstområdet vil i 2017 vere å

Starte gjennomføring av opptrappingsplanen mot vald og overgrep, på BLDs budsjett ved å

  • styrke familieverntenesta sitt arbeid med familiar som lever med vald gjennom å auke løyvinga med 4 mill. kroner

  • auke løyvinga til tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak i kommunane med 7 mill. kroner

  • auke løyvinga til tilskot til Stine Sofie Senteret med 5 mill. kroner

  • auke løyvinga til informasjonstiltak om vald og overgrep og følgjeevaluering av opptrappingsplanen med 3 mill. kroner

1.3 Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

Alle skal ha like moglegheiter og fridom til å treffe eigne val. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern for alle. Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering blir skapt gjennom positive og stimulerande verkemiddel og gjennom eit betre diskrimineringsvern. Fråvær av diskriminering er ein føresetnad for eit inkluderande samfunn og for deltaking. Alle skal sikrast like rettar og høve til å ha innverknad på sitt eige liv.

Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den enkelte og samfunnet. I dag blir omgrepet «likestilling» nytta i vidare forstand enn likestilling mellom menn og kvinner. Det handlar òg om likestilling når det gjeld funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, etnisitet og religion. BLD har ei koordineringsrolle overfor andre departement i arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering på dei ulike grunnlaga.

I 2016 presenterte BLD Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn. Meldinga løftar fram utfordringar knytte til likestilling på sentrale samfunnsområde: oppvekst og utdanning, arbeidsliv, vald og overgrep, helse og næringsliv og entreprenørskap. Både manns- og minoritetsperspektiva er gjennomgåande. Meldinga presenterer strategiar og verkemiddel som skal bidra til eit meir likestilt samfunn. Stortinget behandla meldinga 14. april 2016. Sjå òg omtale under programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram eit forslag om ei ny, felles likestillings- og diskrimineringslov for Stortinget våren 2017. Målet er eit styrka og meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering. Regjeringa vil på grunnlag av utgreiinga Utredning av håndhevings- og virkemiddelapparatet på likestillings- og ikke-diskrimineringsområdet (PwC, 2016), leggje fram forslag til ei ny organisering av handhevingsapparatet.

Det er eit mål å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne. Den 29. januar 2016 blei Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019) fremma. I planen er hovudvekta lagd på IKT og velferdsteknologi. I tillegg blir tiltak på sentrale område som transport, bygningar og uteområde følgde opp.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på grunnleggjande rettar for menneske med utviklingshemming, jf. omtale under Programkategori 11.40. Utvalet overleverte utredninga si 3. oktober 2016.

Det er framleis behov for å styrkje dei grunnleggjande rettane til LHBTI-personar og motverke diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Regjeringa har derfor lagt fram Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020).

Ytringar som spreier hat mot andre menneske, er forbodne etter norsk lov, og skal ikkje tolererast. Regjeringa skal leggje fram ein strategi mot hatefulle ytringar.

Boks 1.2 Regjeringa si hovudsatsing på likestillings- og diskrimineringsområdet i 2017 vil vere å

  • leggje fram forslag om ei ny, felles likestillings- og diskrimineringslov

  • følgje opp likestillingsmeldinga

  • følgje opp regjeringa sin handlingsplan for universell utforming 2015–2019

  • følgje opp regjeringa sin handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk 2017–2020

  • leggje fram ein strategi mot hatefulle ytringar

1.4 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

Eit overordna mål for barne- og ungdomspolitikken er å gi barn og unge gode og trygge oppvekst- og levekår. Sentralt står arbeidet med å verne barn mot omsorgssvikt og overgrep. Det er viktig å leggje til rette for brei deltaking for å motverke utanforskap og ekstremisme. Aktiv medverknad frå barn og unge bidreg til eit levande demokrati for framtida.

Regjeringa følgjer opp strategien Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi (2015–2017). Strategien tek utgangspunkt i at barnefattigdom er eit samansett problem. Ikkje alle barn i låginntektsfamiliar har nødvendigvis dårlege levekår, men samspelet mellom sosiale, helsemessige og økonomiske utfordringar over tid forsterkar ofte kvarandre og aukar risikoen for marginalisering og fattigdom. Strategien mot barnefattigdom inneheld 64 tiltak for å førebyggje barnefattigdom og dempe negative konsekvensar av å vekse opp i fattige familiar. Eit viktig mål er å hindre at fattigdom går i arv. At foreldra arbeider er den viktigaste faktoren for at barn ikkje skal vekse opp i fattigdom. Talet på låginntektsfamiliar aukar. Auken i talet på låginntekstsfamiliar har i hovudsak skjedd i familiar med innvadrarbakgrunn. Over halvparten av alle barn i økonomisk utsette familiar har innvandrarbakgrunn.

Som ledd i strategien, er løyvinga til fleire tilskotsordningar på fattigdomsfeltet auka. Løyvinga til den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom er no på eit historisk høgt nivå. Regjeringa føreslår ei løyving på over 178 mill. kroner for 2017. Det inneber at løyvinga til ordninga er auka med om lag 85 prosent i regjeringsperioden.

Løyvinga til tilskotsordningane Støtte til oppfølgings- og losfunksjon for ungdom, Foreldrestøttande tiltak og Tiltak for å følgje opp barn av psykisk sjuke og rusmisbrukarar er òg auka vesentleg i regjeringsperioden.

Som ei oppfølging av strategien har kommunane, frivillige organisasjonar og staten gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa, for at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet.

Det er viktig å leggje til rette for meir erfaringsutveksling om arbeid mot barnefattigdom i samarbeid med kommunar og frivillige organisasjonar. Som ledd i dette arbeidet er det utvikla eit sett indikatorar på kommunenivå. Indikatorane er utforma slik at kommunane skal få større oversikt over utsette barnefamiliar. Ei rettleiing og andre pedagogiske verktøy som kommunane kan nytte i arbeidet mot barnefattigdom, vil ferdigstillast i 2017.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige arenaer for demokratiutvikling og eit viktig verkemiddel for å få barn og unge til å delta og engasjere seg. Regjeringa vil halde fram med å støtte det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane.

Boks 1.3 Regjeringa si hovudsatsing på barne- og ungdomsområdet vil i 2017 vere å

  • følgje opp Fritidserklæringa, som seier at alle barn skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet

  • gi kommunane betre kunnskap, kompetanse og redskaper i arbeidet mot barnefattigdom

  • halde fram med å støtte arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane

1.5 Utsette barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling

Alle barn og unge i Noreg som treng hjelp på grunn av forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få nødvendig hjelp og omsorg. Betre samordning mellom tenestene for barn og unge er viktig. Arbeidet med å styrkje skole- og utdanningstilbodet til barn og unge med tiltak i barnevernet vil halde fram. Det vil òg den særlege satsinga på helsetenester til barn i barnevernet og tilbodet til barn og unge med psykiske lidingar og vanskar.

Barnevernlova gjeld alle barn som oppheld seg i landet. Barnevernlovutvalet har gått gjennom barnevernlova og lagt fram forslag til ei ny lov. Målet er betre rettstryggleik og eit meir forståeleg og tidsriktig lovverk. Regjeringa vil følgje opp forslaget på eigna måte.

Regjeringa er særleg oppteken av at det skal leggjast meir vekt på førebygging og tidleg innsats i arbeidet med utsette barn og familiar. Det er kommunane som best kjenner behova til det enkelte barnet. Regjeringa tek sikte på å leggje fram for Stortinget ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet våren 2017. I høyringa om reforma er det føreslått at kommunane får større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet.

Det er eit potensial for betring i dagens samhandlingsløysingar mellom forvaltingsnivåa på barnevernsområdet. Det manglar eit felles fagsystem og digitale løysingar for samhandling mellom stat, kommune og aktørar som barnevernet samarbeider med. I samband med at regjeringa legg fram for Stortinget ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet, vil departementet i 2017 arbeide for betre digital samhandling i barnevernet.

God fagleg og kunnskapsbasert praksis er avgjerande for å kunne gi hjelp som verkar. Kvalitet og forsvarleg praksis i tenestene er knytt til kompetanse og kunnskap. Regjeringa vil i 2017, som del av kvalitets- og strukturreforma i barnevernet, setje inn ei satsing på kvalitet og kompetanse i kommunane. Viktige mål vil vere å heve kvaliteten i kommunanes styring av barnevernet, undersøkings- og hjelpetiltaksarbeidet i barnevernstenestene som er retta mot særskilde målgrupper, og samarbeidet mellom barnevernet og andre tenester. Satsinga vil innehalde opplærings- og oppfølgingstiltak retta mot tenestene, men inneber også eit langsiktig arbeid for å utvikle betre system for rettleiing, arbeidsstøtte og vidareutdanning.

For å stimulere til at fleire tilsette i kommunalt barnevern og barnevernsinstitusjonar gjennomfører relevant og tilrådd vidareutdanning blei det etablert ei tilskotsordning til barnevernfaglege vidareutdanningar i 2016. Regjeringa føreslår å inkludere vidareutdanninga om barnevernet i eit minoritetsperspektiv i tilskotsordninga frå 2017.

Det er behov for å fortsetje å byggje opp kunnskap om kva som gir god og treffsikker hjelp. Det er viktig for det enkelte barn og familie, men det er også lønnsamt i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Regjeringa ønskjer derfor å styrkje forskingsinnsatsen på området, og føreslår å styrkje programmet HELSEVEL. Programmet sitt hovudmål er å medverke til god kvalitet, kompetanse og effektivitet i helse-, omsorgs- og velferdstenestene gjennom forsking og innovasjon.

For dei fleste som kjem i kontakt med barnevernet, er det nok med hjelpetiltak i heimen for å betre foreldrekompetansen og gi omsorg eller avlasting. Stortinget slutta seg i 2015 til forslaget om å utvide høvet til å påleggje hjelpetiltak. Formålet med lovendringa, som tredde i kraft i 2016, er å betre situasjonen for barnet og å førebyggje meir inngripande tiltak som omsorgsovertaking. I arbeidet med eit meir kunnskapsbasert barnevern og betre tilpassa hjelp til barn og familiar er ein nasjonal plan på hjelpetiltaksområdet under utvikling.

Arbeidet med å følgje opp tiltak i Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste er viktig. Departementet er i gang med å vurdere korleis tiltak som blei vedtatt i samband med Stortinget si behandling av meldinga skal følgjast opp.

Regjeringa har starta ein gjennomgang av eit utval akuttsaker og saker om omsorgsovertaking i barnevernet. Gjennomgangen skal gi kunnskap om behandlinga av enkeltsaker og avdekkje kva som eventuelt sviktar, og kvifor svikt kan oppstå. Statens helsetilsyn har fått i oppdrag å utføre denne gjennomgangen.

Opplysningsplikta til barnevernet er svært viktig for at samfunnet skal kunne verne barn mot ulike former for vald, overgrep og omsorgssvikt. Departementet arbeider med forslag om å forenkle og klargjere dagens reglar, slik at innhaldet i opplysningsplikta blir lettare tilgjengeleg.

Det vil framleis vere aktivitetsvekst i det statlege barnevernet i 2017. For å imøtekome denne veksten føreslår regjeringa å styrkje det statlege barnevernet. Veksten vil primært bli dekka ved kjøp av private barnevernstiltak.

Boks 1.4 Regjeringa si hovudsatsing på barnevernsområdet vil i 2017 vere å

  • leggje fram for Stortinget ei kvalitets- og strukturreform for barnevernet

  • styrkje kvaliteten og kompetansen i det kommunale barnevernet gjennom ei satsing på 20 mill. kroner

  • kompensere for venta vekst i det statlege barnevernet med 60 mill. kroner. Veksten vil primært bli dekka ved kjøp av private barnevernstenester

  • starte oppfølginga av tiltak frå Stortinget si behandling av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste

Tilstrøyminga av einslege, mindreårige asylsøkjarar auka kraftig hausten 2015 og har ført til ein kraftig aktivitetsvekst i omsorgssentera for denne gruppa. Regjeringa ønskjer å gjere regelverket om bu- og omsorgstilbodet til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år meir fleksibelt og betre tilpassa ulike situasjonar. Departementet har sendt forslag til ny lov på høyring. Regjeringa ønskjer også å leggje om dagens ordning med refusjon av utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar til ei ordning med fast tilskot. Det vil gi kommunane større fleksibilitet. Kommunane får òg høve til å dra nytte av eventuelle stordriftsfordeler dersom dei buset fleire barn.

1.6 Ei sterk stilling for forbrukarane

Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling i marknaden gjennom gode rammevilkår og rettar, tilgang til gode og effektive system for å løyse tvistar, og informasjon som gir grunnlag for opplyste og ansvarlege val.

Regjeringa legg i forbrukarpolitikken særleg vekt på

  • gode forbrukarrettar i Noreg og EU

  • eit sterkt og effektivt forbrukarapparat

  • ein betre digital kvardag for forbrukarane

Forbrukarane handlar og hentar informasjon på Internett i større grad enn før. Regjeringa vil derfor medverke til at det blir utvikla fleire gode digitale informasjonsløysingar tilpassa behova til forbrukarane. Forbrukarrådet vil lansere ein portal for daglegvarer, sjå omtale av vedtak nr. 436, 3. mars 2015 under programkategori 11.30, delmål 6.3. Forbrukarrådet vil òg lansere ein ny marknadsportal som skal hjelpe forbrukarane til å gjere gode val ved kjøp av handverkartenester.

Under Finansportalen (finansportalen.no) vil Forbrukerrådet lansere ein ny modul for pensjonsprodukt. Denne vil gjere det enklare for forbrukarane å ta informerte val i marknaden for slike produkt.

For å avgrense omfanget av gjeldsproblem i private hushald, vil regjeringa våren 2017 legge fram ein lovproposisjon som opnar for at finansbransjen kan etablere ei registeringsordning for forbrukskredittar (gjeldsregister).

Ei ny lov om klageorgan for forbrukarsaker som regulerer dei nye meklingsoppgåvene til Forbrukarrådet og gir reglar for godkjenning av nemnder og meklingsorgan, blei vedtatt våren 2016. Lova opnar òg for at norske forbrukarar kan nytte den nye, nettbaserte klageportalen som EU har etablert. BLD er i gang med å førebu ein lovproposisjon om å endre reglane for telefonsal slik at dei gir betre vern mot slik marknadsføring.

Eit sterkt og effektivt forbrukarapparat er ein viktig føresetnad for å møte utfordringane som forbrukarpolitikken og forbrukarane står overfor. I rapporten Gjennomgang av det statlige forbrukerapparatet frå våren 2015 konkluderer Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) med at Forbrukarrådet og Forbrukarombodet kvar for seg oppnår gode resultat, men at apparatet samla sett er fragmentert og lite kostnadseffektivt. På grunnlag av rapporten har regjeringa bestemt at dei ti regionkontora Forbrukarrådet har, skal grupperast om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. Større einingar skal gi sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og eit betre servicetilbod til forbrukarane. Regjeringa har òg bestemt at det skal etablerast ei hospiteringsordning med 3–5 kontorplassar for Forbrukarrådet på Svalbard. Endringane skal vere gjennomførte innan 1. mai 2017.

For å klargjere rolla til Forbrukarombodet som tilsynsorgan og å styrkje forbrukarvernet, vil BLD hausten 2016 legge fram eit høyringsnotat om å endre reglane for ombodet og Marknadsrådet si handheving av reglane i marknadsføringslova.

Boks 1.5 Regjeringa si hovudsatsing på forbrukarområdet vil i 2017 vere å

  • arbeide for gode forbrukarrettar i Noreg og EU

  • vidareutvikle og effektivisere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet

  • arbeide for at forbrukarane skal få ein enklare digital kvardag

2 Oversikt over budsjettforslaget

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

Administrasjon

800

Barne- og likestillingsdepartementet

173 800

175 348

162 237

-7,5

Sum kategori 11.00173 800175 348162 237-7,5

Integrering og mangfald

820

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

207 194

252 460

-100,0

821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

7 756 965

9 375 776

-100,0

822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 836 416

2 031 258

-100,0

Sum kategori 11.059 800 57511 659 494-100,0

Familie og oppvekst

840

Tiltak mot vald og overgrep

121 115

178 858

181 180

1,3

841

Samliv og konfliktløysing

26 930

34 380

33 124

-3,7

842

Familievern

471 740

485 550

500 847

3,2

843

Adopsjonsstønad

5 932

13 421

13 797

2,8

844

Kontantstøtte

1 640 026

1 510 000

1 539 000

1,9

845

Barnetrygd

15 112 878

15 170 000

15 180 000

0,1

846

Familie- og oppveksttiltak

46 193

424 754

458 046

7,8

847

EUs ungdomsprogram

231 757

8 049

8 212

2,0

848

Barneombodet

13 623

15 595

14,5

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

53 981

Sum kategori 11.1017 710 55217 838 63517 929 8010,5

Barnevernet

850

Barneombodet

13 656

852

Adopsjonsstønad

11 798

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

195 667

197 483

225 178

14,0

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 784 478

2 461 585

1 375 174

-44,1

855

Statleg forvalting av barnevernet

6 342 813

6 409 911

6 683 361

4,3

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

397 541

1 391 839

1 083 662

-22,1

857

Barne- og ungdomstiltak

328 345

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

262 391

268 130

273 614

2,0

859

EUs ungdomsprogram

7 137

Sum kategori 11.209 343 82610 728 9489 640 989-10,1

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

142 160

155 183

158 244

2,0

862

Positiv miljømerking

7 145

7 352

7 558

2,8

865

Forbrukarpolitiske tiltak

13 317

19 798

18 787

-5,1

866

Statens institutt for forbruksforsking

27 013

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

9 552

10 445

11 498

10,1

868

Forbrukarombodet

24 233

23 274

27 115

16,5

Sum kategori 11.30223 420216 052223 2023,3

Likestilling og ikkje-diskriminering

870

Sekretariatet for Likestillings- og diskrimineringsnemnda

5 850

6 431

9,9

871

Likestilling og ikkje-diskriminering

46 535

48 682

4,6

872

Nedsett funksjonsevne

239 673

246 311

2,8

873

Likestillings- og diskrimineringsombodet

52 856

54 065

2,3

Sum kategori 11.40

344 914

355 489

3,1

Sum programområde 1137 252 17340 963 39128 311 718-30,9

Stønad ved fødsel og adopsjon

2530

Foreldrepengar

19 303 648

20 338 000

20 829 000

2,4

Sum kategori 28.50

19 303 648

20 338 000

20 829 000

2,4

Sum programområde 28

19 303 648

20 338 000

20 829 000

2,4

Sum utgifter

56 555 821

61 301 391

49 140 718

-19,8

Rekneskap 2015 gjeld gammal budsjettstruktur. 1. april 2016 blei òg ansvaret for integreringssaker overført frå BLD til JD.

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

Administrasjon

3800

Barne- og likestillingsdepartementet

33

Sum kategori 11.0033

Integrering og mangfald

3820

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

1 322

3821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

255 496

351 583

-100,0

3822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

317 768

333 878

-100,0

Sum kategori 11.05574 586685 461

-100,0

Familie og oppvekst

3842

Familievern

280

677

696

2,8

3847

EUs ungdomsprogram

2 300

2 364

2,8

Sum kategori 11.102802 9773 0602,8

Barnevernet

3850

Barneombodet

3

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

232

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 281 442

1 515 451

1 453 855

-4,1

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

310 800

1 217 364

930 193

-23,6

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

2 056

446

458

2,7

3859

EUs ungdomsprogram

3 684

Sum kategori 11.201 598 2172 733 2612 384 506-12,8

Forbrukarpolitikk

3868

Forbrukarombodet

353

Sum kategori 11.30

353

Sum programområde 11

2 173 469

3 421 699

2 387 566

-30,2

Sum inntekter

2 173 469

3 421 699

2 387 566

-30,2

Rekneskap 2015 gjeld gammal budsjettstruktur. 1. april 2016 blei òg ansvaret for integreringssaker overført frå BLD til JD.

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

01–23

Drift

7 751 725

9 124 267

8 771 022

-3,9

30–49

Nybygg og anlegg

71 231

56 233

7 639

-86,4

50–59

Overføringer til andre statsregnskaper

246 280

231 540

243 502

5,2

60–69

Overføringer til kommuner

11 574 514

14 005 708

1 758 471

-87,4

70–98

Overføringer til private

36 912 071

37 883 643

38 360 084

1,3

Sum under departementet

56 555 821

61 301 391

49 140 718

-19,8

Rekneskap 2015 gjeld gammal budsjettstruktur. 1. april 2016 blei òg ansvaret for integreringssaker overført frå BLD til JD.

2.2 Postar med stikkordet kan overførast

Under Barne- og likestillingsdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2016

Forslag 2017

840

73

Tilskot til sentre for valdsutsette barn

20 420

846

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

12 155

29 789

846

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv.

3 151

8 656

847

01

Driftsutgifter

8 212

854

72

Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet

72 804

855

21

Spesielle driftsutgifter

1 010

23 162

865

21

Spesielle driftsutgifter

3 496

2 187

865

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk

1 252

5 973

871

21

Spesielle driftsutgifter

465

9 634

871

79

Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid

6 552

3 546

872

71

Universell utforming og auka tilgjenge

6 552

27 534

2.3 Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Barne- og likestillingsdepartementet i 2017 kan:

overskride løyvinga på

mot tilsvarande meirinnekt under

kap. 842 post 01

kap. 3842 post 01

kap. 847 post 01

kap. 3847 post 01

kap. 855 post 01

kap. 3855 postane 01, 02 og 60

kap. 856 post 01

kap. 3856 post 01

kap. 858 post 01

kap. 3858 post 01

kap. 868 post 01

kap. 3868 post 01

Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga, og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01 for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.

Merinntekter og eventuelle mindreinntekter er teke med i berekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.

3 Oppmodingsvedtak

Det er i budsjettproposisjonen omtalt oppmodingsvedtak som Barne- og likestillingsdepartementet har hovudansvar for. Dei går fram av tabellen nedanfor.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Omtalt side

2012–2013

106

Visjon – eit universelt utforma samfunn

120

2013–2014

357

Utval – rettane til personar med nedsett funksjonsevne

119

2013–2014

440

Melding om fosterheim

72

2014–2015

47

Auka rekruttering fosterheim

72

2014–2015

218

Samtaletime familievernet

41

2014–2015

219

Auka rekruttering fosterheim

72

2014–2015

436

Informasjonsportal for daglegvarer

106

2014–2015

623

Opptrappingsplan mot vald og overgrep

47

2014–2015

666

Opplysningsplikta til barnevernet

83

2015–2016

68

Butidskrav kontanstøtte

36

2015–2016

159

Familie eller nære nettverk som fosterheimar

72

2015–2016

435.3

Differensiert tilbod til barn – omsorgssenter

79

2015–2016

435.4

Støtteapparat/rettleiingsteneste fosterforeldre

78

2015–2016

435.5

Refusjon einslege, mindreårige asylsøkjarar

79

2015–2016

602

Utgreiing om likestilling

122

2015–2016

603

Trepartssamarbeid

122

2015–2016

611

Likestillingsvurdering av statsbudsjettet

122

2015–2016

740

Bruk av tvang i barnevernet

76

2015–2016

741

Barn som har gjort eller har vore utsatt for overgrep og barn med traumer

48

2015–2016

742

Fosterheim med barn som har nedsett funksjonsevne

76

2015–2016

743

Forsking biologiske barn som fosterbror/-søster

76

2015–2016

744

Oppvekst adopterte barn

76

2015–2016

745

Pålagde barnevernstiltak under svangerskap

76

2015–2016

746

Årleg rettleiing fosterforeldre

76

2015–2016

747

Rammevilkår fosterforeldre

76

2015–2016

748

Pensjonsvilkår fosterforeldre

77

2015–2016

749

Fosterheimskontraktane

77

2015–2016

750

Forsking ettervern

77

2015–2016

752

Uføretrygd fosterforeldre

77

2015–2016

753

NOU fosterheim

77

2015–2016

754

Nasjonalt kartleggingssystem

77

2015–2016

755

Vurdere familie eller nettverk som fosterheim

77

2015–2016

756

Tilsyn barnevern

77

2015–2016

757

Søsken i same fosterheim

78

2015–2016

785

Kroppspress

51

2015–2016

811

Innsynsrett i barnevernssaker

84

2015–2016

820

Barnevernsinstitusjon barn/ungdom som utfører seksuelle overgrep

78

2015–2016

832

Levekårkartlegging fleirlingfamiliar

36

2015–2016

890

Lov om etikkinformasjon

108
Til forsida