Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Del 2
Klima- og miljødepartementets budsjett for 2018

7 Omtale av kapittel og post

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet og løyvingar til forsking og overvaking. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagt departementet når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.

Internasjonalt arbeid

Omtale av Noregs internasjonale arbeid med klima og miljø finst òg under dei ulike resultatområda og dei andre programkategoriane. Omtalen i dette kapitlet gjeld berre internasjonalt arbeid som går på tvers av resultatområda.

Multilateralt klima- og miljøsamarbeid

Mange FN-organ er viktige aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. Noreg er ein viktig bidragsytar til organisasjonane og programma som har miljø som kjerneoppgåve. Noreg gir dessutan tilleggsmidlar for å styrkje arbeidet med miljø- og klimaspørsmål og har ein fortløpande dialog med institusjonane om integrering av miljøomsyn i verksemda deira. Noreg har følgt opp Rio+20-vedtaket om å styrkje FNs miljøprogram. Noreg vil i 2018 leggje vekt på å styrkje FNs miljøprogram og følje opp vedtaka frå FNs tredje miljøforsamling (UNEA-3). Frå norsk side vil vi ha spesiell merksemd på områda havforsøpling og mikroplast og ta aktiv del i å utvikle nye verkemiddel. I tillegg vil Noreg ha merksemd på havmiljø, grøn økonomi, miljøkriminalitet, naturen si rolle i klimatilpassing og konfliktførebygging og FNs miljøprogram si rolle som kunnskapsleverandør. Noreg er òg ein sentral bidragsytar til FNs program for å redusere utslepp gjennom avskoging og skogdegradering i utviklingsland (UN-REDD) og til fleire Verdsbankfond som finnsierar investeringar for å redusere utslepp frå skog i utviklingsland, til dømes FEPF Karbonfond og BioCarbon-fondet. Sjå omtale av Klima- og skoginitiativet under programkategori 12.70.

FNs universelle berekraftsmål vart vedtekne i september 2015. Noreg har oppnådd mykje, men er også utfordra av ein del av måla. Måla skapar forventningar om at både land og internasjonale organisasjonar skal betre integreringa av dei tre dimensjonane av berekraft – økonomiske, sosiale og miljøvise omsyn – på dei fleste samfunnsområde. Måla kan såleis gi drahjelp til det globale grøne skiftet, og fremje heilskapleg tenking over silotilnærming. Oppgåva med årleg å følgje opp gjennomføringa av berekraftsmåla er lagt til FNs høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF), og kvart fjerde år skal verdas leiarar få ei særskilt oversikt over framdrifta og område som krev større innsats. I 2018 vil mellom anna fleire av måla som Klima- og miljødepartementet har særskilt ansvar for bli gjennomgått på høgnivåforumet for berekraftig utvikling. Dette gjeld målet for liv på land, reint vatn og gode sanitærforhold og berekraftig forbruk og produksjon. Hovudtema for høgnivåforumet for berekraftig utvikling i 2018 vil vere berekraftige og motstandsdyktige samfunn.

Den globale miljøfasiliteten (GEF) støttar tiltak som skal medverke til å betre det globale miljøet. GEF er ein finansieringsmekanisme for dei globale miljøkonvensjonane og har særskilt høve til å sjå ulike miljøproblem under eitt. Investeringsbehovet er framleis mange gonger større enn GEF-midlane, og det er derfor viktig å bruke desse midlane til å skape størst mogleg spreiingseffekt og inspirere andre aktørar, som til dømes Det grøne klimafondet. GEF legg vekt på innovative tilnærmingar til miljø på dei viktigaste sektorane, og vidareutviklar ei tilnærming med fleire breie integrerte program og færre enkeltprosjekt. Påfyllingsforhandlingar i fondet starta opp våren 2017, og blir sluttført mai 2018. I tillegg til størrelsen på påfyllinga, skal forhandlingane mellom anna klargjere kva nye integrerte program som skal starte opp, tydeleggjere GEF si rolle på klimaområdet sidan Det grøne klimafondet kom på banen, og utvikle GEF sitt samarbeid med privat sektor for å auke omfanget og betydninga av eigen innsats for miljøet.

For omtale av Noregs hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet, sjå programkategori 12.20 og 12.70.

Medverknad i EU-samarbeidet og effektiv gjennomføring av EØS-rettsakter.

Klima- og miljødepartementet har som mål å medverke til ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk i EU. Miljø sorterer under Kommisjonens satsing på sysselsetjing, vekst, investeringar og konkurransekraft, i tillegg til at det er lagt eit særskilt horisontalt ansvar for berekraftig utvikling til Kommisjonens nestleiar og visepresident. Klima er ein integrert del av satsinga på Energiunionen, som også er blant Kommisjonens politisk prioriterte toppsaker.

Klima- og miljødepartementet fører ein aktiv politikk for tidleg påverknad av prioriterte miljøsaker. Dette påverknadsarbeidet skjer gjennom å delta i Kommisjonens ekspertgrupper og komitear, politiske møter med Kommisjonen og Europaparlamentet, andre innspel til sentrale aktørar i EU, og gjennom å delta i ambisiøse «vennegrupper» som REACH UP-gruppa på kjemikalieområdet og Green Growth Group (GGG) på klimaområdet og gjennom nordisk samarbeid. Noreg har ein nasjonal ekspert i DG Climate Action i Europakommisjonen.

Noreg er medlem i Det europeiske miljøbyrået (EEA) og deltar i arbeidet i Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA). Miljøbyråa er ei viktig informasjonskjelde for alle som er med å utforme, vedta, setje i verk og evaluere miljøpolitikk. Gjennom EØS-avtala er Noreg òg medlem av EUs jordobservasjonsprogram Copernicus, som etablerer omfattande satellittovervaking av miljø globalt, regionalt og nasjonalt, ikkje minst i havområda og i Arktis. Gjennom forskingssamarbeidet i EØS-avtala, deltek Noreg òg i det globale samarbeidet om satellittar og jordobservasjon i Group on Earth Observations (GEO), mellom anna i ei høgnivågruppe i EU.

Enkelte sentrale miljøpolitiske område er ikkje omfatta av EØS-avtala. Det gjeld naturvern og forvalting av naturressursar, og landbruk og fiskeri, men Noreg og EU er tett bundne saman gjennom EUs indre marknad på alle områder. Nye forslag og omlegging i EUs politikk får stor verknad for norsk politikk. Kvart år blir ei rekkje rettsakter innlemma i EØS-avtala og gjennomførde i norsk regelverk for miljø- og klimapolitikken.

Ved å delta gjennom heile prosessen sikrar departementet ein grundig gjennomgang og vurdering av forslag til nye EU-rettsakter og moglege konsekvensar av gjennomføring før regelverket eventuelt blir teke inn i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett.

Nordisk samarbeid og EØS-midlane er òg ein del av miljøforvaltinga sitt EU/EØS-arbeid. Nordisk samarbeid er viktig for å påverke utvikling av EUs regelverk og andre internasjonale prosessar. Miljø- og kulturarvprogramma under EØS-midlane stimulerer til godt bilateralt fagleg samarbeid med mottakarlanda, og tilsvarande er arbeidsgrupper og oppfølging av dei nordiske miljøministermøta gode plattformer for EU/EØS-arbeidet. Klima, energi, miljø og lågutsleppsutvikling er eitt av tre prioriterte hovudområde i neste periode 2014–2021. Det vil gi nye og gode høve til å stimulere landa til tidleg oppfølging av EUs rettsakter på området.

Klima og miljø i handels- og investeringsvernavtaler

Også andre handels- og investeringsvernavtaler enn EØS-avtala påverkar kva som blir produsert og selt og korleis og dermed klima- og miljøverknadene av handel. Dei påverkar òg kva tiltak som kan setjast i verk av omsyn til klima og miljø. I motsetning til EØS-avtala inneheld dei ikkje felles klima- og miljøregelverk. Det er derfor naudsynt å syte for at dei vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn. Derfor arbeider Klima- og miljødepartementet for at slike avtaler får eigne kapittel om handel og berekraftig utvikling, senkar toll på klima- og miljøvennlege varer og gir rom for støtte, avgifter og reguleringar som gjer det enklare og billegare å produsere, forbruke og transportere med mindre ressursar og utslepp. Utvikling av slike avtaler skjer no i aukande grad utanfor Verdas handelsorganisasjon (WTO). Departementet følgjer derfor både forhandlingane mellom Noreg og Kina, òg utviklinga i samarbeidet om handel og investeringar mellom EU og andre sentrale land. EU er blant dei som har komme lengst i dette arbeidet. Samarbeidet mellom EU og USA er førebels satt på vent. Den amerikanske administrasjonen har endra fokus i USAs handelspolitikk, men det er førebels uklart korleis dette vil påverke handelsregelverket generelt og samarbeidet mellom EU og USA spesielt. Forhandlingane mellom dei vil kunne bli tekne opp att i nær framtid. Ei avtale om dette mellom dei vil kunne ha stor innverknad også for Noreg og leggje sterke føringar på andre slike avtaler. Den vil kunne gi eit tettare samarbeid mellom EU og USA om utforming av nye reglar. USA og EU har ulike syn på føre var-prinsippet og regulerer mellom anna kjemikaliar ulikt. Ei avtale mellom dei kan derfor òg få stor verknad for EØS-avtalas reglar på klima- og miljøområdet og vårt høve til å påverke dei.

Klima- og miljøsamarbeid med utviklingsland

Samarbeid med økonomiar i framvekst og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtaler og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling gjennom oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar.

Klima- og miljødepartementet har særskilde avtaler om samarbeid med miljøstyresmaktene i dei store utviklingslanda Kina, India og Sør-Afrika. Ei revidert avtale for miljøsamarbeidet med Kina vart underskriven i juni 2017. Desse landa har stor betyding for utvikling av den globale miljøtilstanden og er heilt sentrale i internasjonalt miljøsamarbeid og i utvikling av globale miljøavtaler. Det bilaterale samarbeidet skal byggje relevant fagleg samarbeid på styresmaktnivå og gi ei plattform for dialogen om internasjonale miljøutfordringar. I Kina, Sør-Afrika og India har Klima- og miljødepartementet medverka til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot det enkelte land si evne til å gjennomføre internasjonale forpliktingar under miljøkonvensjonane.

Prosjekta er hovudsakleg forvaltingssamarbeid, der Miljødirektoratet er ein viktig partnar på norsk side. Finansiering skjer i hovudsak over Utanriksdepartementets budsjett. I tillegg vert det nytta midlar over Klima- og miljødepartementets budsjett for å setje i gang nye prosjekt og utgreiingar. I Kina og Sør-Afrika medverkar Miljødirektoratet til utvikling av utsleppsrekneskap og kvotemarknad. I Kina er det også eit viktig samarbeid for å redusere utslepp av miljøgifter, verdsetjing av økosystemtenester og restaurering etter jordskjelv i Sichuan. I India er det samarbeid om eit senter for biodiversitet i Chennai, og alternativ til bruk av hydrofluorkarbon (HFK) som kuldemedium. Klima- og miljødepartementet har òg bilateralt miljøsamarbeid med Myanmar. Forvalting av vass- og naturressursar og handtering av farleg avfall er dei sentrale samarbeidsområda.

Regjeringas største internasjonale initiativ innan klima- og miljø er Klima- og skoginitiativet (sjå nærare omtale under programkategori 12.70).

Klima- og miljødepartementet stimulerer òg til det breiare grøne skiftet i utviklingsland gjennom støtte til fleire andre internasjonale initiativ. Kunnskapsgrunnlaget, naudsynte institusjonar, lover, reguleringar og økonomiske verkemiddel må på plass for å kunne realisere ei grønare utvikling. I Det grøne partnarskapet PAGE samarbeider fem FN-organ om å tilby motiverte utviklingsland støtte til grøn omlegging av økonomien. PAGE fokuserer særskilt på dei økonomiske og finansielle rammevilkåra for jobbskaping og lønsam ressurseffektivitet, og at sektorane kan ha behov for tilpassa støtte eller nye insentiv i omlegginga. Noreg støttar òg Global Green Growth Institute (GGGI), ein internasjonal organisasjon som fremjar sosialt inkluderande og berekraftig økonomisk vekst i utviklingsland og økonomiar i framvekst. GGGI samarbeider med sine medlemsland med å utvikle strategiar og politiske verkemiddel for grøn vekst, gjere desse om til finansierbare prosjekt og tiltak og styrkje institusjonell kapasitet, læring og kunnskapsdeling.

Departementet følgjer andre program og initiativ frå regjeringa som satsing på fornybar energi og energieffektivisering i utviklingsland og initiativet 1 Gigaton Coalition. For å auke investeringane i fornybar energi og energieffektivisering er det viktig å utvikle risikoavlastande verkemiddel for å utløyse private og kommersielle investeringar. Rapporten frå 1 Gigaton Coalition, som vart lansert hausten 2016, viste at satsing på fornybar energi og energieffektivisering i utviklingsland bidreg mykje til reduserte klimagassutslepp. 1 Gigaton Coalition vil kunne tilby utviklingsland metodikk for korleis ein skal måle og rapportere reduserte klimagassutslepp frå energisektoren. Klima- og miljødepartementet med Miljødirektoratet deltek òg i Olje for Utvikling-programmet, mellom anna i Ghana, Uganda, Libanon og Tanzania. Formålet med programmet er å overføre norsk kompetanse slik at utviklingsland kan forvalte petroleumsressursane på ein måte som medverkar til varig reduksjon av fattigdom og sikrar at ein tek forsvarleg omsyn til miljøet.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2018 er på 1 967,1 mill. kroner. Dette er ein auke på 42 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2017.

Regjeringas forslag til å overføre ansvaret for Meteorologisk institutt og Artsdatabanken frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet, gir ein auke på om lag 495 mill. kroner samanlikna med budsjettet for 2017. Kap. 1410 syner ein reduksjon på 38,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2017. Det skuldast først og fremst at midlane til Artsprosjektet er flytta frå post 54 til nytt kap. 1411 Artsdatabanken. Løyvinga til Meteorologisk institutt er lagt til kap. 1412. Øvrig auke knyter seg til overføring av statens eigedommar på Røros til Statsbygg og til oppfølginga av Parisavtala.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1400

Klima- og miljødepartementet

482 723

555 220

639 660

15,2

1410

Miljøforsking og miljøovervaking

707 839

830 036

791 839

-4,6

1411

Artsdatabanken

66 328

1412

Meteorologisk institutt

469 279

Sum kategori 12.10

1 190 562

1 385 256

1 967 106

42,0

Kap. 1400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

218 372

279 621

286 283

21

Spesielle driftsutgifter

45 415

49 246

84 608

50

Heilskapleg profilering, grøne løysingar

10 000

62

Den naturlege skulesekken

3 323

3 409

2 409

65

Områdesatsing i byar, kan overførast

10 290

70

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

59 075

57 402

57 402

71

Internasjonale organisasjonar

68 562

74 633

85 133

74

Tilskot til AMAP, kan overførast

4 116

4 231

4 345

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

56 129

61 098

109 480

79

Tilskot til kulturminneforvalting

17 441

25 580

Sum kap. 1400

482 723

555 220

639 660

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Klima- og miljødepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld løn til fast tilsette i departementet. Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, blant anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IKT-utgifter dei største.

I samband med overføringa av ansvaret for Meteorologisk institutt frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet, blir midlar til dekning av eit årsverk overført frå kap. 200 post 01 til kap. 1400 post 01 på budsjettet til Klima- og miljødepartementet. Sjå nærare omtale under kap. 1412.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga på posten er auka med 35,4 mill. kroner. Størst auke knyter seg til overføring av statens eigedommar på Røros til Statsbygg (17,2 mill. kroner) og til tiltak mot skrantesjuke (16,9 mill. kroner). Det er òg lagt inn midlar mot skrantesjuke over kap. 1420 post 64.

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Løn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøforvaltingas ansvarsområde.

Klima- og miljøpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Klima- og miljødepartementet har nok ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere klima- og miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.

Rapport 2016

I 2016 blei midlane på posten nytta til tiltak knytte til alle resultatområda, hovudsakeleg innan klima og naturmangfald.

Post 50 Heilskapleg profilering, grøne løysingar

Posten er ny og oppretta for å fremje heilskapleg profilering av norske grøne løysingar. Formålet er auka eksport og å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Satsinga skal medverke til å fremje fleire gode gründarar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø, som samtidig skal bidra til berekraftig utvikling og overgang til lågutsleppssamfunnet. Sjå òg Prop. 1 S (2017-2018) Nærings- og fiskeridepartementet.

Det grøne skiftet byr på både utfordringar og moglegheiter for næringslivet. På fleire område har Noreg gode føresetnader til å ta ei leiarrolle i teknologiutvikling og løysingar for det grøne skiftet. Dette gjeld blant anna prosessindustrien og elektrifiseringa av transportsektoren. Noreg er allereie verdsleiande på utvikling av teknologi for elektrifisering av maritim transport. Berekraftig havbruk er eit anna mogleg vekstområde. Bioøkonomi, sirkulærøkonomi og smarte bygg og byar er andre moglegheitsområde. Regjeringa ønskjer å gi ekstra drahjelp til næringslivet som leverer grøne løysingar og som har moglegheiter på internasjonale marknader.

Satsinga skal sjåast i samanheng med Innovasjon Noreg sitt arbeid med profilering for å medverke til auka internasjonalisering. Innovasjon Noreg skal leggje til rette for eit samarbeid med privat næringsliv som skal inviterast til å delta i både utforming og vidare finansiering av satsinga.

Det er foreslått ei løyving på 10 mill. kroner for 2018.

Post 62 Den naturlege skulesekken

Midlane under posten er knytte til alle resultatområde bortsett frå Polarområda. Den naturlege skulesekken er eit samarbeidstiltak mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Tiltaket er leia av Miljødirektoratet og Utdanningsdirektoratet, mens gjennomføringa skjer gjennom Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret). Løyvinga på posten er redusert med 1 mill. kroner. Til Den naturlege skulesekken er det i tillegg til tilskotet på denne posten foreslått eit budsjett på 4,4 mill. kroner under kap. 1400 post 21 slik at samla prosjektmidlar frå Klima- og miljødepartementet er 6,8 mill. kroner i 2018.

Mål

Den naturlege skulesekken legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag og mat og helse. Tiltaket legg til rette for samarbeid mellom skular og frivillige miljø- og friluftsorganisasjonar med faglege ressursar skulen har nytte av. Det støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket. Eit berande pedagogisk prinsipp er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til lokalsamfunnet. I Den naturlege skulesekken er varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet sentralt. Skular skal i samarbeid med aktørar i nærmiljøet utvikle undervisnings- og arbeidsmetodar som inneber at elevar og lærarar oppsøkjer miljø utanfor klasserommet og brukar desse miljøa regelbunde som læringsarena. Opplevingar og erfaringar skal elevane ta med seg tilbake til skulen for å arbeide vidare med dei. Målet er å medverke til at elevane som framtidige arbeidstakarar får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida.

Kriterium for måloppnåing

Den naturlege skulesekken skal koordinere læringsressursar innanfor dei aktuelle områda, og skape eit profesjonelt nettverk av foreiningar og organisasjonar som driv skuleretta verksemd. Den naturlege skulesekken skal medverke til å utnytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena og bruk av ulike regionale og nasjonale ressursar, i tillegg til å medverke til å styrkje samfunnsfaglege og naturfaglege metodar.

Tildelingskriterium

Den enkelte skulen kan søkje på årleg utlyste utviklingsmidlar. Kriterium for å få tildelt støtte er at dei planlagde undervisningsopplegga skal nytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena, ha høg fagleg kvalitet og femne om 2 eller fleire fag. Minst eitt av desse faga skal vere naturfag eller samfunnsfag og skulane blir bedne om å samarbeide med ein ekstern aktør. Undervisningsopplegga skal ha som mål å utvikle elevane og lærarane si nyfikne, kunnskapen deira om natur og samfunn, og medvit om berekraftig utvikling. Det skal leggjast vekt på grunnleggjande dugleikar i læringsprosessane, og utforskande arbeidsmåtar (Forskarspiren) skal vere ein viktig måte å arbeide på.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk av Naturfagsenteret. Undervisningsopplegga blir vurderte for publisering på nettstaden www.natursekken.no slik at dei kan delast med andre. Det blir utarbeidd årlege rapportar om heile prosjektet frå Naturfagsenteret, og Den naturlege skulesekken blei evaluert hausten 2014.

Rapport 2016

I 2016 fekk 143 skular midlar til utvikling av undervisningsopplegg. Totalt har 576 skular gjennomført skuleprosjekt i Den naturlege skulesekken i perioden 2009–2016/17. Skulane som deltek, får pedagogisk rettleiing gjennom regionale nettverk ved høgskular og Naturfagsenteret. Naturfagsenteret arrangerer årleg ein nasjonal konferanse for deltakarskulane på hausten. Konferansen samlar kvart år 300 – 400 lærarar, skuleleiarar, lærarutdannarar og eksterne aktørar.

I tillegg er det totalt 7 regionkontaktar som arrangerer to nettverksmøte i sin region årleg, med til saman 15 regionale samlingar rundt om i landet. Det er òg oppretta 8 lærarnettverk i regionane.

Post 65 Områdesatsing i byar, kan overførast

Siste år med løyving på posten var 2016.

Posten har finansiert Klima- og miljødepartementet sitt bidrag i Groruddalsatsinga, som var ei tiårig satsing i perioden 2007 – 2016. I 2015 inngikk staten og Oslo kommune avtale om ei ny Groruddalsatsing for ein ny 10-års periode frå 2017. Midlar til denne satsinga er lagt på kap. 1420 post 78 Friluftslivsformål.

Rapport 2016

I 2016 vart det løyvd 10,3 mill. kroner frå posten til programområde 2 i Groruddalsatsinga som omfatta Alnaelva, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Midlane blei brukt til ulike tiltak innafor opparbeiding av friluftslivsområde, til grøntområde og turveier, og til istandsetting av kulturminne.

Post 70 Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for miljøsaker. Tilskotsordninga skal stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for landsdekkjande frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar av nasjonal tyding, med hovudformål for verksemda innanfor miljøforvaltinga sitt ansvarsområde.

Tildelingskriterium

Tilskotsordninga vart justert i 2016. Departementet evaluerte tilskotsordninga og hadde endringar av definisjonar og kriterium i forskrifta på alminneleg høyring.

Frå 2016 blir midlane no berre fordelte etter objektive kriterium:

  • Kriteriet «samfunnsmessig tyding» er teke ut.

  • Givarar og givarinntekter etter skattereglar for frådrag er òg tekne ut av forskrifta.

  • Definisjon av medlemmer og lokallag er samordna med Kulturdepartementets definisjonar.

  • Terskel for medlemstal er heva til 5 000 (3 000 for barne- og ungdomsorganisasjonar),

Foreløpig tildeling for 2018 er vist i tabellen nedanfor. Fordelinga er gjort i samsvar med den nye forskrifta.

Tabell 7.1 Fordeling av tilskot

Organisasjon/stiftelse

Rekneskap 2016

Løyving 2017

Forslag 2018

Miljøorganisasjonar

Den Norske Turistforeining

6 117 000

6 424 000

6 450 000

Forbundet Kysten

4 848 000

4 501 000

4 524 000

Fortidsminneforeininga

5 923 500

4 017 000

4 232 000

Framtida i våre hender

3 900 380

4 088 000

4 496 000

Noregs Jeger- og Fiskarforbund

9 021 960

9 734 000

9 773 000

Noregs naturvernforbund

7 430 004

7 398 000

6 646 000

Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja1

1 831 300

Paraplyorganisasjonar

Sabima

1 736 600

1 683 000

1 683 000

Kulturvernforbundet

1 736 570

1 683 000

1 683 000

Regnskogfondet

1 700 600

1 683 000

1 683 000

Barn- og ungdomsorganisasjonar

Natur og Ungdom

4 675 084

5 485 000

5 321 000

Miljøagentane

1 282 600

2 553 000

2 756 000

Miljøstiftelsar

Idébanken2

472 950

Miljøstiftelsen Bellona

2 102 600

2 095 000

2 095 000

Norsk kulturarv

1 116 600

1 150 000

1 150 000

WWF Noreg

3 351 600

3 083 000

3 083 000

Zero

1 359 400

1 368 000

1 368 000

Norsk klimastiftelse

351 450

457 000

457 000

Sum

58 958 198

57 402 000

57 402 000

1 Frå 2017 blei organisasjonen Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja flytt til kap. 1420 post 77.

2 Idébanken gjekk konkurs i 2016

Oppfølging og kontroll

Oppfølging av bruk av midlar skjer blant anna ved kontroll og vurdering av søknad, årsrapport og årsrekneskap, innsend av tilskotsmottakar.

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Løyvinga er foreslått auka med 10,5 mill. kroner. Auken omfattar kontingentstøtte til FNs klimapanel (IPCC) på 7 mill. kroner, prisjustering og auke av bidraget til oppfølging av REACH-regelverket på 1 mill. kroner, til delfinansiering av sekretariat for Espoo-konvensjonen om konsekvensutgreiingar og varsling av naboland med 0,12 mill. kroner og auka kontingent til Montrealprotokollen med 165 000 kroner.

Mål

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Noreg har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.

Følgjande internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat får bidrag:

  • International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • FNs miljøprogram (UNEP)

  • Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)

  • Interimssekretariat for konvensjonen om vern av våtmarker (Ramsar-konvensjonen)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonn-konvensjonen)

  • Vassfuglavtala under Bonnkonvensjonen (AEWA)

  • Albatrossavtala under Bonnkonvensjonen (ACAP)

  • Flaggermusavtala under Bonnkonvensjonen (EUROBATS)

  • Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)

  • Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)

  • Protokoll om genmodifiserte organismar (Cartagena-protokollen)

  • Nagoya-protokollen under konvensjon om biologiske mangfald om tilgang til genressursar og ein rettferdig og likeverdig fordeling av fordelar som følgjer av bruken av slike ressursar.

  • Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr, og leveområda deira (Bernkonvensjonen)

  • FNs naturpanel (IPBES)

  • Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).

  • FNs klimapanel (IPCC)

  • FNs rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)

  • Protokoll som skal redusere utslepp av skadelege klimagassar (Kyoto-protokollen)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)

  • Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP)

  • Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)

  • Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)

  • Konvensjon om persistente organiske sambindingar (Stockholm-konvensjonen)

  • Konvensjon om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar (Rotterdam-konvensjonen)

  • Konvensjonen om kvikksølv (Minamata-konvensjonen)

  • Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)

  • Oppfølging av REACH-regelverket på kjemikaliar

  • Konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og høve til klage- og domstolsprøving på miljøområdet (Århus-konvensjonen)

  • Protokoll om forureina utslepp og utsleppsregister under Århus-konvensjonen (PRTR)

  • Espoo-konvensjonen om grenseoverskridande miljøkonsekvensutgreiingar

Oppfølging og kontroll

Kontroll og oppfølging av organisasjonane, avtaler, konvensjonar, og sekretariata skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i partsmøte, generalforsamlingar, årsmøte og liknande.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Løyvinga er retta mot resultatområde Polarområda.

Mål

Målet med løyvinga er å sikre kunnskap om miljøsituasjonen i Arktis gjennom vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking. Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg som vertsland for sekretariatet for Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP), som er ei arbeidsgruppe under Arktis råd. Stiftelsen AMAP vart oppretta av Klima- og miljødepartementet i 1997, med formål å utøve sekretariatsfunksjoner for denne arbeidsgruppa.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.

Rapport 2016

AMAP-sekretariatet har i 2016 lagt ned stor innsats med å følgje opp oppdrag frå Arktisk råd. Oppgåvene er knytte til overvaking, vurderingar og samanstilling av informasjon om miljøtilstand og klimaendringar i Arktis. I 2016 har AMAP-sekretariatet ferdigstilt tre større vurderingar som blei overlevert ministermøtet i Arktisk råd i mai 2017: ei oppdatert vurdering av klimaendringane i Arktis, ein omfattande studie av mogleg tilpassing til ulike endringar og ei vurdering av nye miljøgiftar i Arktis.

AMAPs arbeid er viktig for å dokumentere tilstanden for det arktiske miljøet, som grunnlag for tilrådingar om tiltak og som innspel til Stockholmkonvensjonen, Minamatakonvensjonen og dei globale klimaforhandlingane.

Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

Posten er delt mellom alle resultatområde, jf. omtale under.

Frå kap. 1420 post 21 er det flytt 2 mill. kroner til arbeidet mot framande arter. Midlane til Den naturlege skulesekken er reduserte med 0,8 mill. kroner og resterande del på 1,5 mill. kroner til føremålet er flytt til kap. 1400 post 21. Post 79 er lagt ned og midlane er flytt hit.

Naturmangfald

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på naturmangfaldområdet.

Mål

Posten skal medverke til at Noreg oppfyller sine nasjonale og internasjonale plikter innan naturmangfaldområdet.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde naturmangfald.

I 2018 blir det innanfor naturmangfaldområdet føreslått å gi tilskot til:

  • Framande arter (4 mill. kroner)

  • FN-organet Grid Arendal (4,5 mill. kroner)

  • Norsk institutt for vassforsking (NIVA) (0,45 mill. kroner)

  • Det Internasjonale ressurspanelet (0,2 mill. kroner)

  • Naturmangfald (4,3 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.

Rapport 2016

2,3 mill. kroner av denne posten vart fordelt gjennom Den naturlege skulesekken til 21 lokale og landsdekkjande ikkjestatlege lag, organisasjonar og føretak som har søkt om tilskot til tiltak eller prosjekt som støttar opp under grunnskulane (1. – 10. trinn og Vg1) si planlegging og gjennomføring av fleirfaglege undervisningsopplegg i deira nærmiljø. Midlane blei i hovudsak fordelte til å utvikle og gjennomføre undervisningsopplegg for elevar, under dette til tiltak innafor tema som naturmangfald, klima, heilskapelege vurderingar kring berekraftig utvikling, avfall og matproduksjon/gardsdrift. Midlane blei i hovudsak tildelt private og frivillige aktørar, og dei var jamt fordelte mellom nasjonal, regionale og lokale aktørar.

På dei øyremerka midlane til tiltak mot framande organismar kom det inn i alt 49 søknader på til saman 8 mill. kroner i 2016. Det blei tildelt totalt 2 mill. kroner til 16 ulike prosjekt.

På det internasjonale området er det gitt driftsstøtte til GRID-Arendal, ForUM for miljø og utvikling. Støtta til GRID-Arendal er eit generelt basistilskot til drifta, og utgjer knapt 10 pst. av GRID-Arendals samla inntekter. GRID-Arendal hovudformål er å støtte FNs miljøprogram sitt arbeid gjennom utvikling, innhenting og bruk av vitskapleg basert miljøinformasjon.

Kulturminne og kulturmiljø

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på kulturminneområdet, jf. resultatområde Kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium for måloppnåing

Alle midlane på posten blir gitt til øyremerkte formål og disponerte til oppfølging av etablerte samarbeidsavtaler og målretta utviklingstiltak.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde Kulturminne og kulturmiljø.

I 2018 blir det føreslått innanfor kulturminneområdet å gi tilskot til:

  • Verdsarv-Unesco (4,3 mill. kroner)

    Noreges internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen vart ført vidare frå hausten 2016, som ei 6-årig samarbeidsavtale mellom Klima- og miljødepartementet og Unescos rådgivande organ IUCN og ICCROM. Samarbeidet er organisert som eit programsamarbeid – «World Heritage Leadership – A new capacity building programme of ICCROM and IUCN» – og byggjer vidare på pilotsamarbeidet som vart gjennomført i 2015/2016.

  • Verdsarvsenter (11,5 mill. kroner)

    Dei fem autoriserte verdsarvsentra ved Vestnorsk fjordlandskap, Geiranger, Vegaøyan Verdsarv, Bergkunsten i Alta, Alta museum, Røros bergstad og Circumferensen, og industriarva Rjukan – Notodden, får på bakgrunn av autorisasjonsordninga som er fastsett av Klima- og miljødepartementet etter gitte krav til drift og innhald i sentra årlege tilskot. Ordninga er bygd opp etter tilsvarande modell som gjeld for besøkssenter for naturinformasjon.

  • Foreininga Freda (0,2 mill. kroner)

    Foreininga Freda vart etablert i 2006 som ein landsdekkjande interesseorganisasjon for private eigarar av hus og eigedom freda etter Kulturminnelova.

  • Bygg og Bevar (3,0 mill. kroner)

    Bygg- og bevar er ein nettportal mellom det offentlege, næringslivet og dei private eigarane. Tilskot går til Byggenæringens landsforbund (BNL). Bygg og Bevar er ei kommunikasjonsplattform for kunnskap og kompetanse på freda og verneverdige bygningar, ein sentral møteplass for eigarar av kulturhistoriske eigedommar og kvalifisert handverkskompetanse.

  • Arbeid med brearkeologisk sikringsarbeid i Oppland (0,5 mill. kroner)

    Brearkeologisk sikringsarbeid i Oppland fylkeskommune. Midlane til dette formålet går til sikring av dei kulturhistoriske verdiane som kan gå tapt ved at funn som kjem fram ved smelting av snøfonner og isbrear blir utsette for nedbryting. Den globale oppvarminga fører til at isen i høgfjellsområda gradvis smeltar. Frå 2011 har eit brearkeologisk sikringsprogram, under leiing av Kulturarveininga ved Oppland fylkeskommune, berga arkeologiske funn frå isen. Det brearkeologiske sikringsprogrammet i Oppland har sidan 2006 samla inn meir enn 2000 funn frå 50 funnstader, noko som utgjer meir enn halvparten av funna globalt, og meir enn 85 pst. nasjonalt. Dei arkeologiske funna frå isen gir eit sjeldan blikk inn i ei fortidsverd. Nasjonale og internasjonale klimaaktørar samarbeider rundt koplinga mellom funna og klima i fortid og notid.

  • Kulturminnedagen (0,4 mill. kroner)

    Noregs Kulturvernforbund er ein paraplyorganisasjon for frivillige organisasjonar som arbeider innanfor områda historie og kulturminnevern. Noregs Kulturvernforbund har koordineringsansvaret for den årlege markeringa av Kulturminnedagen og tilskotet går til dette formålet.

  • Etter- og vidareutdanning (EVU) (1,5 mill. kroner)

    Noregs teknisk naturvitskapelege universitet (NTNU) (bachelorprogrammet i Tradisjonelt Bygghåndverk). Tilskotet skal medverke til å sikre tilgang på kvalifiserte handverkarar som kan setje i stand den freda bygningsmassen.

  • Overføring av statens eigedommar på Røros (9,9 mill. kroner)

    Forvaltninga av statens eigedommar, som vart kjøpt i 1980 etter kopparverket på Røros, skal overførast til Statsbygg. Dette skal sikre at byggverka blir i samsvar med myndigheitskrav, at staten etterlever forpliktingane etter verdsarvkonvensjonen og at vidare bruk og bevaring av eigedommane er i tråd med fredingsformålet. Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST) skal utføre antikvarisk istandsetjing og vedlikehald på eigedommane, som ledd i museet si forsking, dokumentasjon og formidling av bergverksverksemda. Tilskotet skal dekkje dei årlege forvaltningskostnadane.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2016

  • Midlane under Kulturminneområdet er flytt frå post 79. For rapport om 2016 sjå post 79.

Forureining

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på forureiningsområdet

Mål

Posten skal:

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter innan forureiningar.

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde forureining.

I 2018 blir det føreslått å gi tilskot til:

  • Matvett AS til arbeidet med reduksjon av matsvinn og for deira medverknad til oppfølging av avfallsstrategien (0,8 mill. kroner)

  • Norsk Institutt for Luftforsking (NILU) (1,421 mill. kroner)

  • Meteorologiske institutt (0,3 mill. kroner)

  • Sekretariat for Conservation of Arctic Floraand Fauna (0,2 mill. kroner)

  • 2,5 mill. kroner blir utbetalt til UNEPs arbeid med internasjonale tiltak for betre regulering av miljøgifter (oppfølging av internasjonale konvensjonar)

  • Forureining (4,0 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2016

Det er gitt støtte til Matvett AS med å kartleggje og redusere matsvinn som ei oppfølging av avfallsstrategien og betalt kontingent til NHO for at Klima- og miljødepartementet skal medverke til leverandørutviklingsprogrammet.

Det er gitt støtte til NIVAs arbeid for EEA – European Topic Centre for Inland, Coastal and Marine waters. I 2016 har totalt 11 personar frå NIVA delteke i dette arbeidet, som har omfatta aktivitet på fleire område, blant anna i forhold til oppgåver knytte til Vassdirektivet, eutrofiering, vassbruk i urbane strøk, omlegging av EEAs databasar og metodeutvikling i samband med evaluering av status for marint miljø. Medarbeidarar frå NIVA har medverka inn i fem rapportar som alle har karakter av «stepping stones» og som slik legg grunnlag for det arbeidet som skal gå føre seg i 2017.

Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) er Arktisk råds arbeidsgruppe for bevaring av arktisk biodiversitet. Klima- og miljødepartementet har gitt støtte til drifta av det internasjonale CAFF-sekretariatet i Akureyri på Island.

Vidare er det gitt tilskot til institutt som arbeider internasjonalt innanfor departementets resultatområde. Institutta har viktige internasjonale oppgåver og representerer Noreg i ulike samanhengar. Meteorologisk institutt har rolla som internasjonalt meteorologisenter under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining og Det europeiske samarbeidsprogrammet for overvaking og måling av luftforureiningar (EMEP). Tilskotet for 2016 er nytta til å vidareutvikle EMEP-modellen som vert nytta til å analysere spreiing, konsentrasjonar og avsetjingar av luftforureiningar. Slike modellanalysar vert nytta som grunnlag for forhandlingar om internasjonale avtaler om reduksjon i utslepp av luftforureiningar, til dømes Gøteborgprotokollen. Norsk institutt for luftforsking (NILU) arbeider som European Topic Centre on Air Pollution and Climate Change Mitigation under The European Environment Agency (EEA). Norsk institutt for vassforsking (NIVA) har ei tilsvarande rolle under EEA som European Topic Center on Water. Begge desse institutta er valde ut til arbeidet for EEA i konkurranse med liknande institutt i andre europeiske land. EEA har som føresetnad at institutta kan finansiere delar av kostnadane som Topic Centre nasjonalt. Tilskota frå Klima- og miljødepartementet dekkjer delar av kostnadene ved institutta sitt arbeid for EEA. Arbeidet institutta utfører for EMEP og EEA utgjer òg viktig grunnlag for utvikling av lovgiving i EU på desse fagområda.

Noregs forskingsråd har fått tilskot til samarbeid med EU om strålevernforsking. Bidraget til EUs strålevernprogram sikrar norske forskarar tilgang på midlar og eit felles europeisk forskingsmiljø med fokus på verknaden av radioaktiv forureining av miljøet og grunnlag for å etablere rammeverk for vern av miljøet. Programmet fører saman nøkkelaktørar innan radioøkologisk forsking i Europa og har stor meirverdi for norske aktørar og den kunnskapsbaserte statsforvaltinga.

Midlane til internasjonale tiltak på miljøgifter og biocid vart i 2016 utbetalt til EUs kjemikaliebyrå ECHA og til dei internasjonale konvensjonane på kjemikaliar.

Klima

Klimaområdet er delt inn i to underområde, nasjonalt og internasjonalt.

Nasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det nasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal:

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter innan klima og nasjonale mål innanfor dette resultatområda.

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde klima.

I 2018 blir det føreslått innanfor det nasjonale klimaområdet å gi tilskot til:

  • Tilskot til NHO – til nasjonalt program for leverandørutvikling for klimasmarte offentlege anskaffingar (0,25 mill. kroner).

  • Reisestøtte i samband med internasjonale klima- og miljømøte (0,35 mill. kroner)

  • Innovasjon Noreg – Pilotanlegg for biogass (16 mill. kroner), og følgjeforsking (4 mill. kroner), totalt 20 mill. kroner

  • FNs klimapanel (IPCC) 6. hovudsyklus (6 mill. kroner)

  • Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) på 0,5 mill. kroner

  • ForUM for Utvikling og Miljø (0,45 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2016

Ifølje Innovasjon Noreg (IN) som forvaltar pilotordninga for biogass har det vert stor interesse for å starte opp biogassanlegg, men det har vist seg vanskeleg å utløyse nye prosjekt. Midlar som ikkje er brukt er overført til 2017 og IN har satt i gang ulike tiltak for å få fleire søknadar til programmet.

Det vart gitt tilskot til Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) på 0,5 mill. kroner.

Det vart lyst ut og gitt tilsegn om støtte til fem kommunar (Rana, Ringsaker (Brumunddal), Lillehammer, Moss og Harstad) i 2016 til tilpassing av nyutvikla berekningsverktøy for luftkvalitet (modellering). Dette supplerer dei sju største byane som alt er dekt av det nasjonale berekningsverktøyet som vart lansert i februar 2017. Det er totalt nytta 560 000 kroner av denne potten i 2016 (resterande midlar vart overførde til 2017).

Det vart gitt reisestønad til ulike norske ideelle organisasjonar for deltaking i møte mellom anna i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Det vart òg gitt støtte/tilskot til div. konferansar, møte, seminar, og internasjonale organisasjonar i samband med internasjonalt klimaarbeid der Klima- og miljødepartementet har ei sentral rolle.

Internasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det internasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal styrkje arbeidet og internasjonale prosessar på klimaområdet som er viktige for Noreg, og få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor klimaområdet der styrkt internasjonalt samarbeid er heilt naudsynt for å møte klimautfordringa og oppnå det langsiktige temperaturmålet.

I 2018 blir det føreslått innanfor det internasjonale klimaområdet å gi tilskot til:

  • Climate and Clean Air Coalition, (CCAC) (6 mill. kroner). Noregs bidrag til reduserte utslepp av kortliva klimaforureiningar gjennom eit styrkt internasjonalt engasjement, støtte til UNEP Trust Fund for arbeidet til Koalisjonen for klima og rein luft

  • Internasjonalt klimaarbeid som understøtter utvikling av arbeidet med konkret regelverk under Parisavtala (8 mill. kroner). Klima- og miljødepartementet har ei sentral rolle. (Støtte til konferansar, møte, seminar, tilskot til internasjonale organisasjonar osv.).

Vidare skal midlane nyttast til :

  • Kapasitetsbygging for deltaking og rapportering i Parisavtala (Capacity-Building Initiative for Tranparency Fund (CBIT) (3 mill. kroner.)

  • Klimasekretariatets arbeid med å støtte gjennomføring av Parisavtala og Klimakonvensjonen blir styrkt med 10 mill. kroner. Dette blir gitt i fullmakt til UD som saman med midlar over UDs eige budsjett utbetaler samla støtte til sekretariatet for Klimakonvensjonen.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2016

Klima- og miljødepartementet gav i 2016 støtte på 8 mill. kroner til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) sitt arbeid med å redusere utslepp av kortlevde klimaforureinarar innan sektorar som blant anna avfall, olje- og gass, tungtrafikk og landbruk.

ForUMs verksemd i 2016 er i tråd med deira handlingsplan og omfattar sentrale saksområde for Klima- og miljødepartementet, blant anna deltaking og innspel i tilknyting til klimaforhandlingane og FNs universelle berekraftsmål. ForUMs aktivitet på områda medverkar til å setje fokus på saksfelt av sentral betydning for Klima- og miljødepartementet. I 2016 gav Klima- og miljødepartementet 0,45 mill. kroner i driftsstøtte til ForUM.

Det vart utbetalt kontingent til Climate Technologicy Initiativ, som mellom anna stimulerer til bruk av betre klimateknologiar i utviklingsland.

Det vart gitt støtte på i underkant av 3 mill. kroner til internasjonale prosessar for å styrkje internasjonalt klimasamarbeid. Klima- og miljødepartementet har prioritert prosessar som støttar opp om gjennomføring og regelverksutvikling under Parisavtala og har gitt støtte til arbeid under OECD, Cartagena-dialogen for samarbeid mellom progressive land, til raskt arbeid med gjennomføring av NDCar, workshops for legale spørsmål og marknadsspørsmål , den uformelle forhandlingsdialogen under C2ES, arbeid under høgambisjonskoalisjonen.

Post 79 Tilskot til kulturminneforvalting, kan overførast

I 2018 er posten foreslått lagt ned og midlane flytt til post 76.

Rapport 2016

Følgjande tiltak fekk tilskot i 2016: Den internasjonale verdsarv, kapasitets- og kompetansebyggingsaktivitetar i regi av Unescos rådgivande organ IUCN og ICCROM som oppfølging av Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen, verdsarvsenter, (Vega, Vestnorsk fjordlandskap og Alta) og tilskot til Basisutstilling. I tillegg fekk følgjande tiltak tilskot i 2016: Foreininga Freda, Etter- og vidareutdanning (EVU), Bygg og Bevar, Klimapark 2469 og Kulturminnedagen.

Kap. 4400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

02

Ymse inntekter

307

418

429

03

Refusjon frå Utanriksdepartementet

2 172

1 720

1 766

Sum kap. 4400

2 479

2 138

2 195

Post 02 Ymse inntekter

Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet

Det er budsjettert med 1,8 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Kap. 1410 Miljøforsking og miljøovervaking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Miljøovervaking og miljødata

220 643

263 268

263 952

50

Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

184 844

178 179

187 193

51

Forskingsprogram m.m.

196 973

271 897

276 503

53

Internasjonalt samarbeid om miljøforsking

6 705

6 652

6 750

54

Artsprosjektet m.m.

29 971

40 566

70

Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

47 370

48 141

52 441

72

Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

11 900

11 900

5 000

73

Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta

9 433

9 433

Sum kap. 1410

707 839

830 036

791 839

Kap. 1410 Miljøforsking og miljøovervaking gjeld forskingsprogram, basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda. Kap. 1410 syner ein reduksjon på 38,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2017. Det skuldast først og fremst at midlane til Artsprosjektet er flytt frå post 54 til nytt kap. 1411 Artsdatabanken. Reduksjonen har også samanheng med at midlar til forskingsadministrative utgifter er rammeoverførte til Kunnskapsdepartementets budsjett, jf. nærare omtale under.

Klima- og miljøpolitikken skal vere kunnskapsbasert. Kunnskapen blir bygd opp gjennom forsking, kartlegging, overvaking, miljøstatistikk og ulike former for rapportering. Grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata er òg ein føresetnad for god miljøpolitikk.

Kunnskap om klima og miljø er i aukande grad ein viktig føresetnad for avgjerder som blir fatta på mange samfunnsområde. For å kunne ta omsyn til viktige miljøverdiar er det naudsynt å ha stadfesta informasjon om arter, naturtypar, kulturminne og landskap, og andre forhold som kan ha innverknad på miljøverdiane.

Vidare treng vi kunnskap om korleis miljøtilstanden utviklar seg. For å kunne seie noko om dette, treng vi overvakingsdata over lang tid, slik at vi får lange tidsseriar. Miljøovervakinga må derfor vere langsiktig, stabil og føreseieleg. Vi treng òg overvaking av viktige påverknadsfaktorar som har påverknad på miljøet.

Miljøforskinga medverkar til å avdekkje og avklare nye problemstillingar, men er samstundes eit viktig supplement og korrektiv til miljøovervakinga. Forsking er naudsynt for å sikre best moglege metodar for innsamling av overvakingsdata, og overvakingsdata (inkl. lange tidsseriar) er eit viktig grunnlag for mykje av forskinga. Kompetansen i forskingsmiljøa er sentral når overvakingsresultat skal tolkast.

Miljøforskinga har stor nytte av det kunnskapstilfanget som kjem fram gjennom overvaking. Overvakingsdata gir forskarar høve til å analysere utviklingstrendar i miljøet, då dei same metodane er nytta over lange tidsperiodar. Forsking med utgangspunkt i slike data har derfor stor verdi for miljøforvaltinga.

Regjeringa foreslår å samle alle løyvingar til drift av Forskingsrådets verksemd på ein rammestyrt post på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 285 Noregs forskingsråd post 55 Virksomhetskostnader, frå 2018. Regjeringa ønskjer med dette å sikre meir overordna og effektiv styring av dei samla kostnadane ved Forskingsrådets verksemd.

Omlegginga inneber at midlar til drift av Forskingsrådets verksemd som tidlegare har vore ein del av forskingsløyvingane under det enkelte departement, blir permanent rammeoverførde til Kunnskapsdepartementet frå og med 2018. Midlane som vert overførte, er alle kostnadar som Forskingsrådet ikkje fordeler vidare til forsking, dvs. aktivitetar knytte til drift, forvalting av forskingsmidlar, kommunikasjon og formidling, rådgiving, evalueringar og rapportar og anna særleg tenesteyting. Rammeoverføringa er av teknisk karakter og inneber i seg sjølv inga endring i nivået på kostnadane knytte til verksemda eller nokre endringar i aktiviteten til Forskingsrådet.

Klima- og miljødepartementet foreslår på denne bakgrunn å flytte 18,4 mill. kroner frå kap. 1410 postane 50, 51 og 53 til kap. 285 post 55 på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett. For meir omtale av den nye posten for kostnadar knytte til verksemda i Forskingsrådet, sjå Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon for 2018, programkategori 07.70.

Post 21 Miljøovervaking og miljødata

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytt til dei miljøpolitiske resultatområda, under dette utgifter til å dokumentere resultat og til handsaming og forvalting av data. Oversikt over status og utvikling for indikatorar for dei nasjonale klima- og miljømåla, som i stor grad byggjer på data som er skaffa fram med midlar frå denne posten, går fram av Miljøstatus.

Posten dekkjer overvaking av både tilstand, påverknader og effektar på natur og miljø. Naturovervaking omfattar overvaking av status og utvikling for arter og naturtypar, under dette mellom anna sjøfuglprogrammet SEAPOP (inkludert SEATRACK), bestandsovervaking av rovvilt, og overvaking av tareskog. Overvaking av påverknader og effektar omfattar mellom anna overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, og effektar av klimaendringar. Nokre midlar går også til overvaking av kulturminne og kulturmiljø. Vidare dekkjer posten naturkartlegging og arbeid med etablering av det økologiske grunnkartet, mellom anna Artsdatabanken sitt arbeid med å gjere grunnkartet tilgjengeleg for samfunnet. Arbeidet med etablering av det økologiske grunnkartet er omtalt under «Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald» under programkategori 12.20. Posten dekkjer 5 mill. kroner av Artsdatabanken sitt arbeid med arter og naturtypar.

Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å setje mål for miljøpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den naudsynte informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld særleg der det er naudsynt med god kunnskap som grunnlag for tiltak og politikkutvikling for å nå nasjonale mål.

Finansiering av nokre av dei lange tidsseriane er lagt på kap. 1410 post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta fordi det er ei sentral nasjonal oppgåve å sikre viktige overvakingsdata for forsking.

Posten er samla auka med 0,7 mill. kroner. Det er lagt inn ei prisjustering på 7,1 mill. kroner. Til klassifisering av tilstand i økosystema er det lagt inn 5 mill. kroner og til ei generell styrking av posten er det lagt inn 1,4 mill. kroner.

For å få rom til andre satsingar i budsjettet, er midlane til det økologiske grunnkartet reduserte med 10 mill. kroner. Samstundes er det teke ut 1,5 mill. kroner etter avslutta forskingsprosjekt om ulike tapsårsakar for husdyr, og i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er det teke ut 1,3 mill. kroner.

Rapport 2016

Midlane på posten gjekk i 2016 til ei rekkje ulike overvakingsprogram, som er langsiktige og som dekkjer ulike miljøtema som naturmangfald, klima, forureining og miljøgifter, og kulturminne. Overvakinga vert koordinert av direktorata, og resultata vert rapportert til departementet. Lange tidsseriar og data frå miljøovervakinga inngår i nasjonale miljøindikatorar og vert formidla på Miljøstatus og direktorata sine nettsider. Resultat frå overvakinga vert også publisert gjennom fagrapportar som blir gitt ut av direktorata og dei institutta og forskingsmiljøa som gjennomfører overvakinga. Miljødirektoratet koordinerer overvaking som gjeld natur, klima og forureining. Dette omfattar overvaking av luft, terrestrisk miljø, ferskvatn og kystvatn. Polarinstituttet koordinerer polarforsking, og Statens Strålevern koordinerer overvaking knytt til radioaktivitet. Riksantikvaren koordinerer overvaking av kulturminne og kulturmiljø. Kvar etat rapporterer også til departementet på dei miljødata som dei har ansvar for. Overvaking og miljødata blir rapportert årleg til departementet, og elles presentert på Miljøstatus.no.

Relevante overvakingsdata frå naturovervaking inngår i produksjonen av Naturindeks for Noreg, som er ein hovudindikator for det nasjonale målet om at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Overvakingsdata vert oppdaterte kvart år, medan ein samla oppdatering av heile naturindeksen skjer kvart femte år.

Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Løyvinga er auka med 9 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2017. I samband med at kap. 1410 post 73 er lagt ned, er 6,4 mill. kroner flytt til post 50. Utover dette er det lagt inn ei prisjustering på 4,4 mill. kroner samt ei generell styrking på 0,7 mill. kroner. Det er flytt 1,6 mill. kroner til Kunnskapsdepartementet sitt budsjett i samband med samling av verksemdskostnadene til Forskingsrådet, jf. omtale i innleiinga til kap. 1410, og teke ut 0,9 mill. kroner som del av ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform.

Posten dekkjer grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

I 2018 vil 10 pst. av grunnløyvinga bli omfordelt etter oppnådde resultat på resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular, internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter.

Mål

Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Transportøkonomisk institutt (TØI) og Uni Research, som alle er sentrale institutt innanfor sine område av miljøforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøforvaltinga, og skal innanfor sine område tilfredsstille samfunnet sitt behov for å løyse problem på kort og lang sikt.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Norsk forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med Forskingsrådet og det enkelte instituttet for drøftingar av miljøforvaltingas kunnskapsbehov.

Rapport 2016

Midlane på posten vart nytta til å dekkje grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

Post 51 Forskingsprogram m.m.

Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområde. Midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd.

Mål for miljøforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvalting og samfunnsplanlegging. Miljøforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltingsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøsamarbeid.

Hovudvekta er lagt på forsking om klimaendringar og klimaomstilling, under dette forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking om biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. Klima- og miljødepartementet ønskjer å sikre at også dei mindre fagområda får naudsynt prioritet i både det nasjonale og det internasjonale arbeidet. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøforsking i alle relevante delar av verksemda til Noregs forskingsråd.

Løyvinga er samla auka med 4,6 mill. kroner. Posten er auka med 19,4 mill. kroner til forskingsinnsats for å nå mål om omstilling til eit lågutsleppssamfunn, med særleg fokus på ikkje kvotepliktige utsleppssektorar, der transport og jordbruk er dei største. Det er flytt 16,7 mill. kroner til Kunnskapsdepartementets budsjett i samband med samling av verksemdskostnadene til Forskingsrådet, jf. omtale i innleiinga til kap. 1410. Samstundes er løyvinga redusert med 5,6 mill. kroner for å få plass til andre føremål i budsjettet, og med 1,3 mill. kroner som del av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Det er lagt inn ei prisjustering på 7,3 mill. kroner. Til slutt er det flytt 1 mill. kroner frå kap. 1400 post 76 som skal dekkje Klima- og miljødepartementets utgifter til EUs strålevernforsking. Pengane vert utbetalt gjennom Forskingsrådet.

Oppfølging og kontroll

Departementet får årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøforvaltinga valde inn i programstyra.

Mål for Noregs forskingsråd

Regjeringa fastsette i 2015 nye mål for Forskingsrådet. Måla er:

  • auka vitskapeleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit vel fungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit styringssystem for departementa si styring av Forskingsrådet. Systemet er utarbeidd i samarbeid med dei andre departementa og Forskingsrådet. Klima- og miljødepartementet styrer sine midlar til Forskingsrådet i tråd med dette. Styringssystemet er nærare omtalt i Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon for 2018.

Rapport 2016

I 2016 vart løyvinga nytta til finansiering av forskingsprogramma Miljøforsk, Marinforsk, Klimaforsk, Energix, Bedre helse, Polarforskingsprogrammet og Program for romforsking.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

Posten er på omlag same nivå som saldert budsjett 2017.

Mål

Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).

Oppfølging og kontroll

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd, som tek hand om den norske medlemskapen.

Post 54 Artsprosjektet m.v.

Posten er lagt ned og midlane er flytt til det nyoppretta kap. 1411 Artsdatabanken.

Rapport 2016

Artsprosjektet har i 2016 medverka til å byggje opp kompetanse gjennom støtte til Forskarskulen i biosystematikk (ForBio). ForBio er eit tverrinstitusjonelt samarbeid mellom dei fire naturhistoriske musea i Noreg, og er finansiert gjennom støtte frå Klima- og miljødepartementet (Artsprosjektet) og Kunnskapsdepartementet. I 2016 vart det halde 18 kurs.

Artsprosjektet skal gjennom kartlegging av arter medverke til ei langsiktig oppbygging av kunnskap om artsmangfaldet i Noreg. I 2016 vart det lyst ut tilskot til dette, i tillegg til at 31 kartleggingsprosjekt som allereie var i gang, fekk støtte. Det blei fordelt 16,8 mill. kroner i stønad til seks nye prosjekt for perioden 2017–2020.

Nye data frå den omfattande kartlegginga blir gjort tilgjengeleg i relevante databasar og karttenester i Artsdatabanken. Artsprosjektet medverkar også til oppbygging av ein nasjonal infrastruktur og eit globalt referansebibliotek med DNA-strekkodar for arter frå Noreg. Dette arbeidet skjer i samarbeid med Norwegian Barcode of Life (NorBOL). Nærare ein fjerdedel av alt materiale som er sendt inn til DNA-strekkoding i 2016, og totalt nærare 7000 av dei 12 000 artene som så langt er registerte frå Noreg, har opphav frå kartlegginga i Artsprosjektet.

Ein rapport som gir oppdatert kunnskapsstatus for artsmangfaldet i Noreg (Elven og Søli 2016), blei ferdig i 2016. Rapporten er tilrettelagt for digital presentasjon på Artsdatabankens nettstad.

Artsprosjektet har i 2016 medverka til å halde Artsnamnebasen oppdatert på taksonomi og namn på nye arter som er funne i Noreg. Artsnamnebasen er eit nettbasert namneregister, og primærkjelda for norske arter sin taksonomi og nomenklatur. Tre prosjekt fekk i 2016 tilskot til arbeid knytt til vitskapelege og/eller norske namn i namneregisteret.

Artsprosjektet har i 2016 lyst ut tilskotsmidlar til å gjere kvalitetssikra artsinformasjon i form av tekst, bestemmingsnøklar, bilete og film tilgjengelege i Arter på nett. Totalt vart det fordelt 1,3 mill. kroner i støtte til seks prosjekt for perioden 2016–2017. Ved utgangen av 2016 inneheldt Arter på nett informasjon om 1 985 arter.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

Posten er auka med 4,3 mill. kroner. Frå den nedlagte post 73 er det flytt 3 mill. kroner til drift av NINAs stasjon på Ims. Posten har fått ei prisjustering på 1,3 mill. kroner.

Mål

Målet er å syte for at Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (Cicero) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har ressursar til fagleg rådgiving til miljøforvaltinga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltinga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvalting, kvalitetssikring av data, vidareføring av viktige lange overvakingstidsseriar, og etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar m.m.

Løyvinga inkluderer 5,2 mill. kroner til driftsstøtte for luftmålestasjon til NILU på Zeppelinfjellet ved Ny-Ålesund.

Det ligg òg inne 4,7 mill. kroner i driftsstøtte til Forskingssenter for miljø og samfunn (CIENS) som har ansvar for å drifte Miljøprøvebanken. Vidare ligg det 1,1 mill. kroner til Senter for klimaforsking (Cicero), og midlar til nasjonale lakseoppgåver ved NINA.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at institutta drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med relevante etatar og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.

Rapport 2016

I 2016 vart løyvinga mellom anna nytta til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltinga i nasjonale og internasjonale organ, databasetenester, oppretthalde algesamling som nasjonal referansesamling, vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av ville laksebestandar, nasjonal beredskap for konservering av kulturhistorisk viktige gjenstandar, driftsstøtte for målestasjonen på Zeppelinfjellet, Ny-Ålesund, referanselaboratorium for målingar av luftforureining og atmosfærisk korrosjon, og til vidareføring av viktige lange overvakingstidsseriar.

Post 72 Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

Posten er redusert med 6,9 mill. kroner som ledd i å effektivisere aktiviteten på området. Departementet meiner det framleis er behov for uavhengig forsking og rådgiving på feltet biotryggleik, og tek sikte på evaluere GenØks forskings- og rådgivingsarbeid for å sjå på moglegheitene for ytterlegare målretting og ulike måtar å organisere dette viktige arbeidet på.

Mål

Løyvinga skal støtte utviklinga av GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om helse og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at instituttet drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapport og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med instituttet for å drøfte prioriteringar.

Rapport 2016

I 2016 blei løyvinga nytta til fagleg rådgiving til miljøforvaltinga, mellom anna i form av rapportar til Miljødirektoratet i samband med GMO-høyringar, rådgiving om genmodifiserte vaksinar, og til forskingsprosjekt for å utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget for vurdering av helse- og miljøkonsekvensar av genmodifiserte organismar. Dette er prosjekt innan mikro- og molekylærbiologi, immunepidemiologi og økologi, virologi, økotoksikologi og økosystem, og samfunnsvitskaplege aspekt ved moderne bio- og nanoteknologi.

Post 73 Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta

Posten er nedlagt. 3 mill. kroner til drift av NINAs stasjon på Ims er flytt til kap. 1410 post 70 medan resten av midlane er innlemma i kap. 1410 post 50.

Rapport 2016

I 2016 vart løyvinga mellom anna nytta til maskinvare for utrekning av klimaprosessar og lagring av vitskapelege data, geofysiske undersøkingsmetodar i arkeologisk forsking, kopling av klimadata til den nasjonale reisevaneundersøkinga, storskala infrastruktur for forsking på interaksjonar land-sjø, vitskapelege databasar og datainfrastruktur, og delfinansiering av basisdrift ved Birkenesobservatoriet.

Kap. 1411 Artsdatabanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

31 670

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

6 275

50

Arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under postane 21 og 70

16 942

70

Tilskot til arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under postane 21 og 50

11 441

Sum kap. 1411

66 328

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank om naturmangfald i Noreg. Artsdatabanken sin viktigaste oppgåve er å forsyne samfunnet med oppdatert og lett tilgjengeleg kunnskap om naturtypar, arter og populasjonar. Mellom anna lagar Artsdatabanken raudliste for arter, raudliste for naturtypar, dei gjer risikovurderingar for framande arter i Noreg, utviklar type- og beskrivingssystem for natur (Natur i Noreg), og har viktige oppgåver i arbeidet med å etablere det økologiske grunnkartet.

Kap. 1411 Artsdatabanken er nyoppretta. Bakgrunnen er at Kunnskapsdepartementet i 2015 sette i gang eit arbeid for å vurdere organiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene til departementet og underliggande verksemder. Som del av dette har regjeringa bestemt at Klima- og miljødepartementet skal overta ansvaret som eigardepartement for Artsdatabanken frå Kunnskapsdepartementet frå og med 1. januar 2018. Overføringa inneber at Artsdatabanken blir eit sjølvstendig, bruttobudsjettert forvaltingsorgan med eige styre. Artsdatabanken skal framleis vere fagleg uavhengig. Det faglege sjølvstende, og styret sitt ansvar og oppgåver, vil bli nedfelt i Artsdatabanken sine vedtekter.

Midlane under kap. 1411 er rammeoverførte frå kap. 280 post 51 under Kunnskapsdepartementets budsjett og frå kap.1410 post 54 Artsprosjektet under Klima- og miljødepartementets budsjett. Under kap. 1411 er desse midlane fordelte på postane 01, 21, 50 og 70. I tillegg vil Artsdatabanken i 2018 også få midlar frå kap. 1410 post 21 til mellom anna arbeidet med det økologiske grunnkartet, jf. omtale under denne posten.

I samband med at Artsdatabanken frå og med 2018 går over frå å vere eit nettobudsjettert til eit bruttobudsjettert forvaltingsorgan, er 3,5 mill. kroner i anslegne utgifter til meirverdiavgift flytt til kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift post 01, under Finansdepartementet sitt budsjett.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområde naturmangfald.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene for Artsdatabanken. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld løn til tilsette. Resten av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, blant anna drift og utvikling av IT-anlegget, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttes under postane 50 og 70

Midlane under posten er retta mot resultatområde naturmangfald.

Posten dekkjer utgifter til mellom anna Artsdatabankens kjøp av tenester til Artsprosjektet, arbeid med raudlister, risikovurderingar av framande organismar (med svartelista) og arbeid med Global Biodiversity Information Facility (GBIF) som gjer data om naturmangfald fritt tilgjengelege på internett.

Rapport 2016

Posten er ny i 2018 og det er derfor ingen rapporttekst for 2016. Midlane på posten låg tidlegare under kap. 280 post 51 på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett og kap. 1410 post 54 på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett. Sjå rapportering under desse.

Post 50 Arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under postane 21 og 70

Midlane under posten er retta mot resultatområde naturmangfald.

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1410 post 54 Artsprosjektet mm. Posten dekkjer tilskot til arbeid med å styrkje kunnskapen om artene i Noreg.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje kunnskapen om mangfaldet av arter i Noreg til beste for allmenta, forvalting og forsking. Ordninga skal særleg skaffe kunnskap om lite kjente arter og artsgrupper, og byggje opp vitskapeleg kompetanse slik at vi i framtida er betre rusta til å kartleggje artsmangfaldet vårt.

Kriterium for måloppnåing

Det skal leggast særleg vekt på å dokumentere hittil dårleg kjente arter og artsgrupper, styrke kompetanseoppbygging og rekruttering innan biosystematikk og å bidra til å dra nytte av tilsvarande prosjekt i Sverige og på lengre sikt også dei andre nordiske landa. Tilskota skal også leggje til rette for god samordning med anna kartlegging av arter i Noreg og fremje DNA-strekkoding av norske arter når dette kan effektivisere arbeidet for å betre kunnskapen om artene, og styrkje formidlinga om arter i Noreg.

Tildelingskriterium

Ordninga er nytta til arbeid med å styrkje kunnskapen om artene i Noreg, og er retta mot andre statlege verksemder knytte til den sentrale statsrekneskapen som til dømes universiteta. Søknader til ordninga går gjennom ei omfattande vurdering før det blir klart kva søknader som får tilskot.

Oppfølging og kontroll

Alle tilskotsmottakarar leverar rapportar som syner den kunnskapsproduksjon som tilskotet har finansiert, samt reviderte rekneskap frå gjennomførte prosjekt.

Rapport 2016

Posten er ny i 2018 og det er derfor ingen rapporttekst for 2016. Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1410 post 54. Sjå rapportering under denne.

Post 70 Tilskot til arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under postane 21 og 50

Midlane under posten er retta mot resultatområde naturmangfald.

Posten dekkjer tilskot til arbeid med å styrkje kunnskapen om artene i Noreg. Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1410 post 54 Artsprosjektet mv.

Mål

Tilskotsordninga skal styrkje kunnskapen om mangfaldet av arter i Noreg til beste for allmenta, forvalting og forsking. Ordninga skal særleg skaffe kunnskap om lite kjente arter og artsgrupper, og byggje opp vitskapeleg kompetanse slik at vi i framtida er betre rusta til å kartleggje artsmangfaldet vårt.

Kriterium for måloppnåing

Det skal leggast særleg vekt på å dokumentere hittil dårleg kjente arter og artsgrupper, styrkje kompetanseoppbygging og rekruttering innan biosystematikk og å medverke til og dra nytte av tilsvarande prosjekt i Sverige og på lengre sikt også dei andre nordiske landa. Ordninga skal òg leggje til rette for god samordning med anna kartlegging av arter i Noreg og fremje DNA-strekkoding av norske arter når dette kan effektivisere arbeidet for å betre kunnskapen om artene, og styrkje formidlinga om arter i Noreg.

Tildelingskriterium

Ordninga er nytta til arbeid med å styrkje kunnskapen om artene i Noreg, og er retta mot andre frivillige organisasjonar og stiftelsar. Søknader til ordninga går gjennom ei omfattande vurdering før det blir klart kva søknader som får tilskot.

Oppfølging og kontroll

Alle tilskotsmottakarar leverar rapportar som syner den kunnskapsproduksjon som tilskotet har finansiert, samt reviderte rekneskap frå gjennomførte prosjekt.

Rapport 2016

Posten er ny i 2018 og det er derfor ingen rapporttekst for 2016. Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1410 post 54. Sjå rapportering under denne.

Kap. 1412 Meteorologiformål

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

50

Meteorologisk institutt

302 982

70

Internasjonale samarbeidsprosjekt

166 297

Sum kap. 1412

469 279

Kap. 1412 Meteorologiformål er nyoppretta. I 2015 sette Kunnskapsdepartementet i gang eit arbeid for å vurdere organiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene til departementet og underliggande verksemder. Som del av dette foreslår regjeringa at Klima- og miljødepartementet skal overta ansvaret som eigardepartement for Meteorologisk institutt frå Kunnskapsdepartementet frå og med 1. januar 2018.

Midlane på posten er rammeoverførte frå kap. 283 under Kunnskapsdepartementet.

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Meteorologisk institutt har ein samfunnskritisk funksjon.

Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Instituttet har folk i arbeid på Jan Mayen, Bjørnøya, Hopen og Svalbard. Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.

Mål for 2018

Meteorologisk institutt overvaker og varslar vêret med høg kvalitet og regularitet og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og befolkninga kan sikre liv og verdiar og verne miljøet.

Meteorologisk institutt driv forsking og utvikling på alle sine fagområde så instituttet kan yte tenester i verdsklasse.

Budsjettforslag for 2018

Meteorologisk institutt er blant dei fremste kunnskapsmiljøa i Noreg på klimaendringar. Instituttet har ei viktig rolle i å førebu Noreg på eit endra klima, blant anna gjennom leiinga av Klimaservicesenteret (KSS). Regjeringa foreslår å overføre ansvaret for Meteorologisk institutt frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet med verknad frå 1. januar 2018. Meteorolgisk institutts arbeid knytt til forsking på klimaendringar og klimatilpassing gjer at instituttets verksemd er nærare knytt til Klima- og miljødepartementets ansvarsområde en Kunnskapsdepartementets. Endringa i eigardepartement vil difor kunne bidra til ei betre fagleg utvikling av Meteoroligsk institutt.

Klima- og miljødepartementet foreslår ei løyving på 303 mill. kroner som blir overført frå kap. 283, post 50 under Kunnskapsdepartementet til nytt kapittel 1412 Meteorologiformål, post 50.

Rapport for 2016

Posten er ny i 2018 og det er derfor ingen rapporttekst for 2016. Ein viser elles til omtale om kap. 283 post 50 under Kunnskapsdepartementet.

Post 70 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Eventuelle overskot av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital FUND (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar og består av akkumulert budsjettoverskott

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET og ECOMET er dei største samarbeidsnettverka)

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

Mål for 2018

Målet med løyvinga er å medverke til og dra nytte av utvikling og forbetring av meteorologiske tenester gjennom internasjonalt samarbeid.

Budsjettforslag for 2018

Noreg er medlem i EUMETSAT, ECMWF og WMO gjennom å ha tiltrådd internasjonale konvensjonar. Budsjettvedtak i dei styrande organa er dermed forpliktande for Noreg. Det prosentvise bidraget frå eit land til budsjettet er proporsjonalt med bruttonasjonalinntekta i landet. Når det gjeld dei andre internasjonale organisasjonane, er det Meteorologisk institutt som er medlem.

Storleiken på løyvinga på posten er òg avhengig av svingingar i valutakursane og aktivitetsnivået i dei ulike organisasjonane. Mesteparten av utgiftene er knytte til den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Det nye polarbanesatellittprogrammet (EPS-SG) har ført til ein auke i bidraget frå Noreg til EUMETSAT dei seinare åra, med ein topp i 2018. Vidare vil JASON-programmet under EUMETSAT medverke til auka utgifter til EUMETSAT. Vidare har valutakursutviklinga i det siste året gitt ein auke i bidraga frå Noreg. Den føreslåtte løyvinga for 2018 er derfor monaleg høgare enn løyvinga i 2017.

Klima- og miljødepartementet foreslår ei løyving på 166,3 mill. kroner som blir overført frå kap. 283, post 72 under Kunnskapsdepartementet til nytt kapittel 1412, post 70 Internasjonale samarbeidsprosjekt.

Rapport 2016

Posten er ny i 2018 og det er derfor ingen rapporttekst for 2016. Ein viser elles til omtale om kap. 283 post 72 under Kunnskapsdepartementet.

Oppfølging av oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 108, punkt 48, 5. desember 2016

Stortinget ber regjeringen vurdere om Norge skal slutte seg til EUs miljøprogram LIFE.

Vedtaket var fatta då innstillinga Innst. 2 S (2015–2016) frå finanskomiteen, jf. Meld. St. 1 (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) vart behandla.Vedtaket er følgt opp ved at regjeringa har vurdert eventuell norsk tilslutning til EUs miljøprogram LIFE. Då vi nærmar oss slutten på programperioden (2014 – 2020), har regjeringa ikkje funnet det hensiktsmessig å gå inn i programmet no.

Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld resultatområde Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Programkategorien omfattar verksemda til Miljødirektoratet, og noko av verksemda til Sjøfartsdirektoratet, Statens strålevern og Kartverket (Mareano).

Løyvinga går til arbeidet med klima, til å ta vare på naturmangfaldet, bekjempe forureining og leggje til rette for friluftsliv.

Resultatområde

Tabell 7.2 Resultatområde under programkategori 12.20

Resultatområde

Nasjonale mål

Naturmangfald

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Friluftsliv

  • Friluftslivets posisjon skal sikrast og viderutviklast gjennom ivararetaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Forureining

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

  • Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • Årsmiddel NO2: 40 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Klima

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Noreg har på vilkår teke på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt i 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

  • Politisk mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald

Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold, som vart behandla i Stortinget i mai 2016, inneheld regjeringas politikk for korleis vi skal nå dei nasjonale måla for naturmangfald.

Stortinget ga sin tilslutning til hovudgrepa for å ivareta naturmangfald, og gjorde i tillegg 14 vedtak som styrkjer regjeringas politikk. Mellom anna blei fleirtalet på Stortinget, inkludert regjeringspartia, einige om eit langsiktig mål for skogvern på 10 pst. Nedanfor følgjer dei viktigaste tiltaka i 2018 for å følgje opp meldinga.

Rovviltforvalting

Regjeringa vil arbeide for å gjennomføre den todelte målsetjinga i rovviltforvaltinga. Det vil seie å nå bestandsmåla for rovvilt, samtidig som konfliktane og tap av beitedyr blir halde på eit lågast mogleg nivå.

Det skal givast realistiske lisensfellingskvotar. Alle forvaltingstyresmakter i rovviltforvaltinga skal ha høg beredskap og tett oppfølging med beitenæringa og berørte kommunar slik at vi så langt det er mogleg sikrar at uttak av rovvilt med skadepotensial blir gjennomført i prioriterte beiteområde.

Regjeringa vil halde fram med aktiv dialog med rovviltnemndene. Nemndene skal framleis arbeide for ei meir tydeleg soneinndeling mellom prioriterte beiteområde og prioriterte rovviltområde, jf. den todelte målsetjinga. Det følgjer av Stortingets samrøystes rovviltforlik i 2011 at ein i prioriterte rovviltområde må gjennomføre naudsynte tilpassingar i landbruksnæringa til rovviltførekomsten. Regjeringa meiner skillet mellom område prioriterte til beite og område prioriterte til rovvilt kan praktiserast på ein meir tydeleg måte.

Regjeringa har innhenta erfaringar om korleis ei noko tidlegare sanking av sau frå utmarksbeite i område prioriterte til jerv kan medverke til å førebyggje tap. Regjeringa og den regionale rovviltforvaltinga vil bruke desse erfaringane, og saman med beitenæringa finne gode løysingar som vil gi betre dyrevelferd og lågare tap.

Regjeringa vil halde fram med oppfølging av Stortingets vedtak om ein faglig gjennomgang av den norske delbestanden av ulv, og om ei ny uavhengig utgreiing av det genetiske opphavet til ulvestammen i Noreg.

For å prøve ut enkelte nye verkemiddel for å gjere lisensfelling av jerv meir effektiv, blei det i 2015 gjort forskriftsendingar som tillèt prøveordningar i eit treårig prosjekt godkjent av Klima- og miljødepartementet. Desse prosjekta vil halde fram til 15. februar 2018, og regjeringa vil då på bakgrunn av dei erfaringane som er samla inn vurdere om verkemidla skal gjerast gjeldande for heile landet.

I 2017 blei det inngått nye avtaler med hundeekvipasjar som kan spore ulv. I 2018 vil trening og vedlikehald av ekvipasjane bli ført vidare, med mål om dei skal nyttast både i tilknyting til fellingsforsøk og i den løpande overvakinga av ulv. I tillegg vil beredskapen i 2018 knytt til bruk av laus på drevet halsande hund bli styrkt, slik at desse raskare kan setjast inn i fellingsoppdrag der det er behov for det.

Stortinget har bedt regjeringa om å setje i gang prosjekt for å auke kunnskapen om kongeørn, under dette kongeørn som skadevaldar på husdyr og tamrein, og om uttak av kongeørn i Fosen og Troms. Høyring av aktuelle forskriftsendringar og detaljert kartlegging vart sett i gang i 2017, og det er eit mål at prosjekta i sin heilskap skal setjast i gang i 2018.

Regjeringa vil sende på høyring forslag om endringar i den regionale rovviltforvaltinga og dei regionale bestandsmåla, og vil i 2018 vurdere om det skal gjerast endringar i den regionale forvaltingsmodellen som vil medverke til eit lågare konfliktnivå og mindre tap av beitedyr.

Regjeringa meiner det er behov for meir kunnskap for mellom anna å dempe konfliktnivået og få ei meir føreseieleg forvalting av rovvilt. Det er behov for meir kunnskap mellom anna om ulvens skadepotensial på husdyr, hund og tamrein, ulvens åtferd og korleis dei bevegar seg i høve til menneske, sameksistens av elg og ulv og ei brei undersøking av haldningar til rovdyr.

Mål for god tilstand i økosystema – oppfølging i 2018

Det er eit nasjonalt mål at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. I 2017 etablerte Klima- og miljødepartementet rammeverket for eit nytt vitskapeleg fagsystem med konkrete kriterium for økologisk tilstand i dei ulike økosystema. Arbeid med fagsystemet er ei viktig oppfølging av Stortingets vedtak nr. 669 av 23. mai 2016 om å setje i gang eit arbeid for å definere «god økologisk tilstand». Det faglege rammeverket vert etablert etter forslag frå Klima- og miljødepartementet sitt Ekspertråd for økologisk tilstand og tilrådingar frå Miljødirektoratet. I 2018 vil regjeringa starte arbeidet med klassifisering av økosystem, og starte arbeidet med å fastsetje mål for tilstand som ein skal oppretthalde eller nå i norske økosystem med utgangspunkt i dette fagsystemet. I arbeidet med forvaltingsmål vil omsynet til naturverdiar på vanleg måte bli vurdert opp mot andre viktige samfunnsinteresser slik at det kan fastsetjast mål som samla sett er dei beste for samfunnet. Ein tek sikte på at ei forvalting basert på definerte mål for økologisk tilstand i dei ulike økosystema er etablert innan 2020. Som del av dette arbeidet vil regjeringa vurdere om, og eventuelt korleis, forvaltingsmåla bør fastsetjast som kvalitetsnormer etter naturmangfaldlova §13 og i tråd med Stortinget sitt vedtak nr. 670 av 23. mai 2016.

Ei kunnskapsbasert forvalting – naturkartlegging og det økologiske grunnkartet

God og oppdatert kunnskap om natur er avgjerande for å nå nasjonale mål for naturmangfald, og sikre god planlegging og heilskapelege løysingar. Regjeringa vil i 2018 føre arbeidet med det økologiske grunnkartet vidare. Det vil bli lagt særleg vekt på å få til god samordning av data, slik at sektorane og miljøforvaltinga sine data blir gjort lett tilgjengelege i karttenesta for grunnkartet, som Artsdatabanken etablerte i 2017. Klima- og miljødepartementet vil før feltsesongen 2018 fastsetje naturtypar som skal prioriterast ved kartlegging og ein metode for å vurdere kvalitet på den enkelte lokalitet av desse. Den nye metoden skal byggje på Natur i Noreg (NiN), og erstattar tidlegare metode for verdisetjing av naturtypar. Som i 2017 vil ein særleg prioritere å få kartlagt den mest verdifulle naturen i område der kartlegging gir stor samfunnsnytte, mellom anna område med stor aktivitet og stort utbyggingspress. Ny metode for verdisetjing av naturtypar vil også leggje til rette for at naturkartlegginga kan bli meir målretta for å fange opp den mest verdifulle naturen først.

Skogvern

Regjeringa legg til grunn det vedtekne målet om vern av 10 pst. av skogarealet ved vern av offentleg eigd skog og frivillig vern av privateigd skog, jf. Stortingets behandling av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet. Målet vil vere langsiktig. Pr. oktober 2017 er i overkant av 4 pst. av det totale skogarealet verna, og om lag 3 pst. av det produktive skogarealet. I 2018 er det planlagt vern av ei rekkje skogområde, både ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak om å foreta ein gjennomgang av Statskog SFs ordinære skogeigedommar med sikte på vern av aktuelle areal. Det blir i 2017 gjennomført kartlegging av om lag 190 kvadratkilometer skog eigd av Statskog, og etter planen skal det setjast i gang verneprosessar for verneverdige område i 2018. I 2018 vil kartlegginga av skog på statsgrunn bli utvida til nye område med sikte på å få oversikt over fleire skogområde på statens grunn som kan vere aktuelle for vern. Miljødirektoratet vil i 2018 følgje opp Statskog sitt sal av eigedommar ved å bruke forkjøpsretten på areal som er viktige for vern eller makeskifte.

Framdrifta i skogvernet på statsgrunn som involverer allmenningsstyre og fjellstyre har ikkje vore slik ein har lagt til grunn i proposisjonar til Stortinget. Miljødirektoratet har vurdert korleis framdrifta i arbeidet kan betrast. Erfaringane frå perioden 2008–2014 viser at frivillig vern på statsallmenning i liten grad har ført fram, og direktoratet viser til at det ikkje er motteke nye tilbod om frivillig skogvern frå fjellstyre eller frå allmenningar som er oppretta etter lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningane. Dette vil bli følgt opp i 2018.

Det vart i juni 2017 lagt fram ei evaluering av skogvernet, som mellom anna viser dei viktigaste skogtypane som manglar i skogvernet nasjonalt og på fylkesnivå. For å sikre eit kostnadseffektivt skogvern med høg fagleg kvalitet vil det i tråd med Meld. St. 14 (2015 – 2016) Natur for livet bli sett i gang kartlegging med sikte på å finne ut kor dei viktigaste skogareala for naturmangfald er. Regionar og skogstypar som i følgje den gjennomførte evalueringa har viktige manglar i skogvernet vil bli prioriterte i kartlegginga.

Supplerande verneplanar

Som ei oppfølging av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet er det førebuande arbeidet med supplerande vern starta. Det er aktuelt med supplerande vern av naturtypar, særleg i lågareliggjande område som er mindre godt representerte i dei eksisterande verneområda. Arbeidet med supplerande vern vil skje gjennom fylkesvise supplerande verneplanar. Desse verneplanane vil kunne innehalde framlegg om nytt vern innafor alle vernekategoriar; både naturreservat, biotopvern, landskapsvernområde og nasjonalparkar. For å sikre ei god og berekraftig forvalting av nasjonalparkane i eit langsiktig perspektiv, er det naudsynt med lokalpolitisk semje i dei aktuelle kommunane før ein startar dei omfattande prosessane som er naudsynte for å etablere nye nasjonalparkar. Nasjonalparkane Færder, Raet og Jomfruland, er gode døme på etablering av nasjonalparkar som byggjer på lokalpolitisk semje.

Sikring av verdiane i verneområda

God forvalting av dei verna områda er ein føresetnad for å nå dei nasjonale måla. God forvalting vil også sikre områda sin betydning for framtidige opplevingar og for verdiskaping i utmarkskommunane no og i framtida. Forvaltinga skal vere kunnskapsbasert, og ha god lokal forankring. Forvaltinga av om lag 80 pst. av det verna arealet i Noreg er lokalt forankra. Der det er naudsynt skal verneområde ha skjøtsels- og forvaltingsplanar som gir konkrete forvaltings- eller bevaringsmål for området og retningslinjer om bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging. I dei store verneområda, spesielt i nasjonalparkane, skal forvaltingsplanane også integrere moglegheita for naturbasert verdiskaping i form av reiseliv og turisme. Besøksstrategiar skal integrerast i dei forvaltingsplanane der det er aktuelt. I 2018 vil det mellom anna bli starta opp arbeid med å utarbeide besøksstrategiar for verneområda på Jæren og Lista. Merkevarestrategien som er utarbeidd for nasjonalparkane og som no blir implementert, er eit viktig ledd i utvikling av naturbasert reiseliv knytt til nasjonalparkane.

Dei fleste eldre Ramsarområda har no ein ferdig forvaltingsplan, eller ein slik plan er under arbeid. Arbeidet med å utarbeide forvaltingsplanar for Ramsarområda som vart melde inn til Ramsarkonvensjonen i perioden 2011 – 2013, vil halde fram.

Heilskapleg vassforvalting

Vassforvaltingsplanane for perioden 2016–2021 blei godkjende av Klima- og miljødepartementet i 2016, og tiltak i tråd med planane skal setjast i verk innan utgangen av 2018 for å nå måla på vassforvaltingsområdet i løpet av 2021. Planane skal leggjast til grunn for sektorane si gjennomføring av tiltak innafor eige ansvarsområde. Tiltaka i planane krev at sektorane, fylkesmenn, vassregionmynde og vassområda medverkar i arbeidet.

Ein føresetnad for gode resultat, både i oppfølging av vassforvaltingsplanane for perioden 2016–2021 og utarbeiding av nye planar for perioden 2022–2027, er betring av kunnskapen om tilstanden i vassførekomstane. Regjeringa vil halde fram med å utvide overvakingsnettet for elvar, innsjøar og grunnvatn. Overvakinga av kystvatn vil også bli utvida. Sektorane må óg ta ansvar for å styrkje kunnskapen om vassførekomstane, mellom anna gjennom bruk av påleggsheimlar.

Arbeidet med heilskapleg vassforvalting skal forenklast når første planperiode no er gjennomført. Regjeringa vil foreslå endringar i vassforskrifta og i organiseringa av arbeidet med å følgje opp vassdirektivet.

I 2018 vil miljøforvaltinga auke innsatsen knytt til pålegg innafor ramma av standardvilkåret for naturforvalting i tidlegare gitte vasskraftkonsesjonar. Dette vil gjelde både pålegg om nye undersøkingar for å avdekkje miljøproblem som følgjer av dei tidlegare vasskraftutbyggingane, og konkrete miljøforbetrande tiltak for å redusere miljøkonsekvensane frå desse utbyggingane. Den auka innsatsen er ei oppfølging av regjeringas politikk for miljøforbetring i utbygde vassdrag, jf. Meld. St. 14 (2015 – 2016) Natur for livet, og vil vere eit naudsynt verkemiddel for å nå mange av miljømåla i dei godkjente vassforvaltingsplanane frå 2016.

Forvalting av vill laksefisk

Tiltaka mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris vil bli ført vidare i tråd med faglege tilrådingar. Fiskesperra i Driva skal driftast i tråd med føresetnadene, og reetablering av fiskestammene i regionane Rauma, Lærdal, Vefsn, Rana og Skibotn vil halde fram. Tiltak i Drammensregionen vil bli vurdert.

Arbeidet med å gjennomføre den nye avtala med Finland om fisket i Tanavassdraget vil halde fram. Mellom anna gjeld dette utarbeiding av forvaltingsplan, styrkt fiskeoppsyn og etablering av overvaking av laksestammene. Samarbeidet med Russland om forvalting av laksestammene i Finnmark og i Murmanskregionen vil halde fram i tråd med samarbeidsavtalen som blei etablert i 2015.

Arbeidet med ein tiltaksplan for vill anadrom laksefisk vil halde fram. Arbeidet byggjer på klassifiseringar av laksestammer etter kvalitetsnorma for villaks og annan oppdatert kunnskap.

Evalueringa av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, som skal ligge føre ved utgangen av 2017, vil bli følgt opp.

Kalking av vassdrag som er ramma av forsuring vil halde fram. Med grunnlag i eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, vil det bli sett i gang arbeid med ein strategi for bevaring og utvikling av bestandane av storaure i Noreg.

For forvalting av anadrom laksefisk, viser ein òg til svar på Stortingets oppmodingsvedtak nr. 405, 18. desember 2015, som blir presentert i vedlegg 1 i denne proposisjonen.

Heilskapeleg forvalting av havområda

Verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet. Dei heilskaplege forvaltingsplanane er regjeringas verktøy for å samordne berekraftig bruk og bevaring av dei marine økosystema i dei norske havområda. Formålet med forvaltingsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystem i havområda, og samtidig halde ved lag struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald i økosystema.

Som oppfølging av Stortingets oppmodningsvedtak nr. 672 av 23. mai 2016 og som stadfesta i Meld. St. 35 (2016 – 2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, vil regjeringa frå og med kommande stortingsperiode revidere dei heilskaplege og økosystembaserte forvaltingsplanane for havområda våre kvart tolvte år, og oppdatere dei kvart fjerde år.

Regjeringa vil i 2020 leggje fram ei melding til Stortinget om revidering av forvaltingsplanen for Barentshavet–Lofoten. Arbeidet med det faglege grunnlaget for revideringa er godt i gang. I 2018 vil ei rekkje delutgreiingar om einskilde emner i det faglege grunnlaget bli publisert på havforum.no. Det samla faggrunnlaget skal vere ferdig våren 2019.

Klimaendringar og havforsuring er av dei største utfordringane vi står overfor i forvaltinga av havmiljøet i tida framover. For å skaffe naudsynt kunnskap om effektane av forsuring på enkeltarter, i næringskjeda og på økosystema, vil den langsiktige overvakinga bli halden ved lag og vidareutvikla.

Kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO, og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP, har gitt monaleg ny kunnskap om marin natur, og begge programma vil bli førte vidare i 2018. SEATRACK er ein modul i SEAPOP som på kort tid gir svært mykje ny kunnskap som har mykje å seie for forvaltinga av sjøfugl. SEATRACK blir ført vidare i 2018. Mange sjøfuglbestandar har vist ein dramatisk nedgang. Regjeringa skal utarbeide ein handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfuglar. I planen vil ulike verkemiddel og tiltak bli vurdert, inkludert ei vurdering av om einskilde sjøfuglarter bør få status som prioritert art.

Regjeringa vil halde fram med oppbygging av kunnskap om økosystema i havet. Det er kunnskapsbehov mellom anna knytt til endringar slik som nedgang i sjøfuglbestandar og sukkertareskog, korleis klimaendringar og havforsuring påverkar økosystema, om samanhengar i dei marine økosystema, og om tilførsler og spreiing av miljøgifter. Det er òg behov for forsking knytt til forvaltingstiltak for å styrkje naturlege bestandar og auke potensialet for hausting, slik som marine verneområde og bevaringsområde for hummar og kysttorsk.

Marine verneområde

Marint vern skal medverke til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller truga marine undersjøiske naturtypar og naturverdiar blir tekne vare på for framtida. I arbeidet med marine verneområde går det føre seg verneprosessar i ulike stadium for 13 av dei 36 områda som blei foreslått som marine verneområde i 2004. I 2018 vil det bli arbeidd vidare med etablering av nye marine verneområde. Det er lagt vekt på gode verneprosessar lokalt.

Tiltak for å ta vare på truga arter og naturtypar

Naturmangfaldmeldinga trekkjer opp prinsipp for verkemiddelbruken for truga natur. Målet er at ingen arter og naturtypar blir utrydda, og at utviklinga for truga og nær truga arter og naturtypar skal bli betre. Miljødirektoratet vil i løpet av 2018 utarbeide eit samla forslag til kva for verkemiddel som bør brukast for å ta vare på dei truga naturtypane, sterkt og kritisk truga ansvarsarter og naturtypar som er viktige for truga arter. Dette vil danne grunnlaget for at regjeringa kan velje verkemiddel som er mest mogleg effektive for å nå dette målet. Ytterlegare arbeid for anna truga natur blir sett i gang etter at denne første samla vurderinga er gjennomført.

Departementet viser til Stortingets vedtak nr. 674, 23. mai 2016: «Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.» Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å utarbeide ein handlingsplan for sjøfugl, der ulike verkemiddel og tiltak skal vurderast, inkludert bruken av status som prioritert art. Arbeidet med handlingsplanen vart starta opp i 2017.

Tiltak mot skrantesjuke

Mattilsynet og Miljødirektoratet har saman med aktuelle kommunar, beitenæringa, grunneigarar, villreinnemnd og villreinutval utarbeida ein plan for korleis ein kan ta ut villreinstamma i Nordfjella villreinområde sone 1. Arbeidet med å ta ut villreinstamma vart starta hausten 2017 og skal etter planen vere gjennomført innan 1. mai 2018. Arbeidet med å kartleggje og registrere omfanget av skrantesjuke hos villrein og anna hjortevilt vil halde fram i 2018. Det same gjeld arbeidet med å redusere bestanden av hjort, rådyr og elg i dei kringliggjande kommunane til Nordfjella villreinområde og å førebu for etablering av ein ny villreinstamme i Nordfjella villreinområde. Tilskotsordninga til kommunane skal halde fram i 2018.

Meir effektiv ivaretaking av klima- og miljøomsyn i arealplanlegging

Som ei oppfølging av naturmangfaldmeldinga har ti kommunar delteke i eit pilotprosjekt med kommunedelplanar for naturmangfald, initiert av og med økonomisk støtte frå Klima- og miljødepartementet. Føremålet har vore å søke løysningar for at omsynet til naturmangfald blir trekt inn på eit tidleg tidspunkt i den overordna planlegginga i kommunane, slik at ein mellom anna kan unngå motsegn. Pilotprosjektet vil bli evaluert i 2018, og ei eventuell oppfølging blir vurdert etter evalueringa.

Økologisk kompensasjon, som blei omtala i Meld. St. 14 (2015 – 2016) Natur for livet, blir no prøvd ut i fleire større samferdsleprosjekt. Regjeringa vil arbeide vidare med utforming og bruk av økologisk kompensasjon i 2018. Erfaringane vil mellom anna vere viktige for oppfølging av den nye konsekvensutgreiingsforskrifta, der EUs avgjerder om økologisk kompensasjon er innarbeidde.

Verdiskaping i villreinfjella

I 2017 blei det oppretta to Europeiske villreinregionar i Noreg og samstundes vart verdiskapingsprogrammet «Villreinfjellet som verdiskaper» starta. Verdiskapingsprogrammet blir følgt opp i 2018 i samsvar med vedtekne mål og rammer.

Tiltak mot framande organismar

Som oppfølging av naturmangfaldmeldinga vil det i 2018 bli utarbeidd ein tiltaksplan for kampen mot skadelege framande organismar. Den tverrsektorielle nasjonale strategien skal vidareførast, og vil bli lagt til grunn for tiltaksplanen. Tiltaksplanen vil gjelde fram til 2023, og vil omfatte prioriteringar, tiltak for å styrkje kampen mot framande organismar og tiltak for å målrette og samordne innsatsen mot framande skadelege organismar betre. For å medverke til å beskytte sårbare naturverdiar vil det i 2018 bli sett inn konkrete tiltak for å ta ut mink, stillehavsøsters og fleire framande arter i prioriterte verneområde og andre prioriterte område. Artsdatabanken vil i 2018 oppdatere risikovurderingar for framande arter.

Vitskapskomiteen for mattryggleik fekk i 2015 som eit prøveprosjekt oppdrag om å utarbeide miljørisikovurdering innan fagområda framande organismar, handel med truga arter (CITES) og mikroorganismar. I tråd med avtala mellom Klima- og miljødepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har Miljødirektoratet gjennomført ei evaluering av desse miljøoppdraga, og gitt Klima- og miljødepartementet ei tilråding angåande vidareføring av oppdraget.

Kulturlandskap

Samarbeid mellom miljøforvaltninga og landbrukssektoren skal sikre ivaretaking av truga natur som ein del av eit berekraftig jordbruk. Regjeringa styrkar satsinga på den frivillige ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket ved å auke talet på område som ligg under ordninga fram mot 2020.

Ved i større grad å målrette verkemidla, blant anna gjennom jordbruksforhandlingane og jordbrukets miljøprogram, skal den økologiske tilstanden i kulturlandskapet betrast. På den måten vil ein òg medverke til å sikre sektoransvaret for ei berekraftig forvalting av kulturlandskapet. Det vil bli sett i gang tiltak for å betre oversikta over tilstand og utvikling i kulturlandskapet. Dette vil også medverke til kunnskap om samanheng mellom verkemiddelbruk og resultat i gjennomføring av miljøtiltak. Tiltak med positive synergieffektar skal prioriterast.

Regjeringa vil i 2018 følgje opp tilrådingane i Nasjonal strategi for villbier og andre pollinerande insekt.

Internasjonalt samarbeid for å ta vare på naturmangfaldet

Tap av naturmangfald må sjåast både i eit globalt og eit nasjonalt perspektiv. Noreg samarbeider med andre land, direkte og gjennom ulike konvensjonar, for å stoppe tapet av naturmangfald. Internasjonalt arbeid for å styrkje gjennomføringa av FNs berekraftsmål er ei prioritert oppgåve. Gjennomføringa av Aichi-måla under Konvensjonen om biologisk mangfald har ei klar kopling til gjennomføringa av berekraftsmåla til FN. Rapportering frå fagleg arbeid syner at arbeidet må intensiverast for å nå måla. Delmål 15.8 om å førebyggje og avgrense framande arter er rekna som spesielt utfordrande for Noreg, og vil framleis vere eit prioritert område.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) med Cartagenaprotokollen om genmodifiserte organismar og Nagoya-protokollen om genressursar skal halde Partsmøte hausten 2018. Gjennomføring av Aichi-måla under CBD har framleis høgste prioritet fram til 2020. CBD arbeider med å utvikle ein mekanisme for landgjennomgang for gjennomføring av den strategiske planen under konvensjonen om biologisk mangfald. Noreg medverker også aktivt med å utvikle Cartagenaprotokollen om GMO, mellom anna i rettleiing for sosioøkonomiske vurderingar og miljørisikovurderingar. Noreg vil medverke aktivt i utvikling av ein ny strategi for konvensjonen etter 2020, og i utviklingsarbeid under konvensjonen og protokollar. Arbeidet med å forberede den 9. Trondheimskonferansen (2019) er eit sentralt ledd i dette. Trondheimskonferansene om naturmangfald har vore arrangert i samarbeid med ei rekkje internasjonale partnarar sidan 1993. Ei evaluering av Trondheimskonferansene vil liggje føre hausten 2017.

Naturmangfald er sentralt i fleire av FNs berekraftsmål. FNs høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF) vil blant anna vurdere status for oppnåing av mål 15 (livet på land) i 2018. Noreg vil medverke til å synliggjere utvalte koblingar mellom berekraftsmåla, under dette helse-miljø og økosystembaserte metodar for å møte klimautfordringa. Sektorsamarbeid er naudsynt for å nå både FNs berekraftsmål og Aichi-måla, og erkjenning av naturmangfald som landa sin naturkapital er nøkkelen til å utvikle dette.

Naturpanelet (IPBES, Intergovernmental Platform om Biodiversity and Ecosystem Services) er inne i ein viktig fase med avslutting av første arbeidsprogram i 2019, men har ein stram budsjettsituasjon. Oppfølginga av FNs berekraftsmål og Aichi-måla under CBD krev truverdig og solid kunnskap som grunnlag for tiltak. Norsk handlingsplan for naturmangfald, Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet understrekar at det er viktig med kunnskap som underbyggjer dei vala samfunnet tek. Naturpanelet sine rapportar vil også vere viktige for utviklinga av nye globale miljømål etter 2020, og for nasjonal politikkutforming. I 2018 vil Naturpanelet leggje fram ein global rapport om landdegradering og restaurering og fire regionale utgreiingar, av desse ein for Europa og Sentral-Asia. Den tekniske støtteeininga for kapasitetsbygging under Naturpanelet i Trondheim skal evaluerast i 2018. Norsk avgjerdsle om eventuell forlenging av støtteeininga skal etter planen liggje føre i løpet av 2018 og seinast 1. kvartal 2019.

Miljøkriminalitet veks med 5–7 pst. årleg, noko som er tre gonger meir enn veksten i den globale økonomien. Noreg vil arbeide for å minimere miljøkriminalitet og ønskjer eit globalt fokus på at miljøkriminalitet er ei grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet som også medverker til tap av naturmangfald for eksempel gjennom ulovleg hogst og ulovleg handel med truga arter. Regjeringa vil òg arbeide for eit breiare fokus internasjonalt på miljøkriminalitet, slik at også ulovleg handel med kjemikaliar og avfall blir rekna med. Noreg vil arbeide for å styrkje samarbeidet mellom ulike aktørar som FNs miljøprogram, FNs kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC) og INTERPOL.

Frå norsk side vil ein prioritere å følgje opp vedtak frå det 3. møtet i FNs miljøforsamling med forureining som hovudtema, under dette tiltak mot marin forsøpling og spreiing av antibiotikaresistens. Noreg vil også arbeide for å styrkje det vitskapelege kunnskapsgrunnlaget for politikkutvikling.

Europarådet sin konvensjon 19. september 1979 om vern av ville europeiske planter og dyr og deira naturlege leveområde (Bern-konvensjonen) er eit viktig instrument for å ta vare på naturmangfald i Europa og tilgrensande land. Noreg deltek aktivt i samarbeidet under konvensjonen, mellom anna i arbeidet med framande arter, klima og utviding av Emerald Network.

Bonnkonvensjonen om bevaring av trekkjende ville dyr (CMS) er ein global avtale som skal beskytte trekkjende arter av ville dyr. Avtalen er viktig for å sikre forvalning og berekraftig bruk av trekkjende arter og deira leveområde. Noreg vil følgje opp avtalen og vedtak etter partsmøte hausten 2017.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for friluftsliv

Regjeringa vil i 2018 leggje fram ein handlingsplan for friluftsliv, for å styrkje det samla friluftslivsarbeidet og friluftslivets rolle i folkehelsearbeidet. Arbeidet med handlingsplanen skjer i nært samarbeid med friluftslivsorganisasjonane. Fylkeskommunane er også involverte i arbeidet. Handlingsplanen er ei oppfølging av Meld. St. 18 (2015 – 2016) Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet, som blei behandla i Stortinget 20. oktober 2016. Handlingsplanen vil konkretisere og utfylle ei rekkje av tiltaka og føringane i stortingsmeldinga. I tillegg vil handlingsplanen innehalde fleire nye tiltak og føringar for å styrkje friluftslivsarbeidet. Handlingsplanen skal ikkje erstatte stortingsmeldinga om friluftsliv. Stortingsmeldinga og handlingsplanen vil virke saman og utfylle kvarandre, og saman utgjere grunnlaget for statens arbeid med friluftsliv i åra som kjem.

Sikring, ivaretaking og tilrettelegging av friluftslivsområde

Regjeringa sette i gang prosjektet «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder» i 2014, med mål om at alle kommunar har kartlagt og verdsett sine friluftslivsområde innan utløpet av 2018. Målet er å auke kunnskapen om friluftslivsområda i kommunane, og unngå at viktige friluftslivsområde blir bygde ned eller blir forringa på annan måte grunna mangel på kunnskap. Miljødirektoratet leiar prosjektet, og har eit nært samarbeid med fylkeskommunane. Ein stor del av landets kommunar er i gang eller har gjennomført dette arbeidet. Regjeringa vil videreføre arbeidet i 2018, med sikte på at nær alle kommunar i landet har gjennomført slik kartlegging og verdsetjing innan utløpet av 2018. I løpet av året vil det bli vurdert om prosjektet eventuelt skal forlengast med eit år, slik at kommunar som ikkje blir ferdige i 2018 også får gjennomført kartlegginga.

Arbeidet med å sikre attraktive friluftslivsområde vil halde fram i 2018, der friluftslivsområde i nærmiljøet og friluftsområde som kan brukast av mange vil ha hovudprioritet. Landfaste område i strandsona og område langs vassdrag med lett tilgjenge har også høg prioritet. Gjennom statleg sikring kan område bli tilrettelagde for høg bruk, samtidig som opplevingsverdiar og naturverdiar blir bevarte. I tillegg inneber sikringa eit vern mot nedbygging og anna forringing av områda. Gjennom løyvinga til tiltak i stateg sikra friluftslivsområde, vil regjeringa føre vidare arbeidet med å opparbeide og tilrettelegge statleg sikra friluftslivsområde for å auke attraktiviteten og bevare natur- og opplevelsesverdiar.

Regjeringa vil i 2018 vurdere å opprette ei eller fleire nye einingar av skjergardstenesta nord for dagens verkeområde i Hordaland. Dette vil skje i nært samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og eventuelle friluftsråd i desse områda, som også er venta å medverke økonomisk. I tillegg vil regjeringa vurdere å utvide skjergardstenesta sine oppgåver innafor gjeldande driftsområde, mellom anna når det gjeld oppsyn og fjerning av marin forsøpling.

Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å gå gjennom teltingsforbod og andre restriksjonar i statleg sikra friluftslivsområde, med sikte på å fjerne restriksjonar som det ikkje lenger er bruk for.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å formidle gode eksempel og erfaringar innafor tilrettelegging og stimulering til friluftsliv i nærmiljøet, med bakgrunn i erfaringar frå Miljødirektoratets nærmiljøsatsing, arbeidet med statleg sikring av friluftslivsområde og Groruddalssatsinga.

Regjeringa løyvde 7,5 mill. kroner til Nasjonale Turstiar i 2017. For at namnet betre skal vise kva som er intensjonen bak ordninga, vil regjeringa frå 2018 gjere om namnet til Nasjonale Turiststiar. Nasjonale Turiststiar er turstiar med tilhøyrande naturattraksjonar som har blitt internasjonale opplevingsattraksjonar med ekstraordinært mange besøkande, og som har fått ulike utfordringar knytte til svært stor ferdsel. Det er derfor behov for å gjennomføre ulike tiltak på og i tilknytning til desse stiane, for å ivareta natur- og opplevelsesverdiane som følgje av stor bruk og slitasje, og for å betre tryggleiken. Regjeringa vil i 2018 vidareutvikle ordninga med Nasjonale Turiststiar. Blant anna vil Regjeringa utarbeide ei autoriseringsordning, der utvalte stiar kan bli autoriserte som Nasjonal Turiststi. Desse stiane vil bli prioriterte ved tildeling av midlar frå tilskotsordninga Nasjonale Turiststiar, og på sikt vil berre stiar som er autoriserte som Nasjonale Turiststiar få midler frå ordninga.

Stimulering til friluftsliv

Regjeringa vil prioritere barn, unge og grupper som er lite fysisk aktive innafor tilskot til friluftslivsaktivitet. Tilskotsordninga for friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn blir ført vidare.

Regjeringa vil vidareutvikle arbeidet med å leggje til rette for naturen som læringsarena og friluftsliv i skulen, og har frå 2018 øyremerkt midlar til Norsk Friluftsliv til eit nytt prosjekt for å fremje friluftsliv i skulen. Arbeidet skal skje i samarbeid med Miljødirektoratet og friluftslivsorganisasjonane, og blant anna omfatte drift og vidareutvikling av «Forum for friluftsliv i skulen».

Regjeringa vil utarbeide eit læringsopplegg om haustingstradisjonar for bruk i skulen, som alle skular kostnadsfritt kan ta i bruk. Dette vil medverke til å innfri målet i Meld. St. 18 (2015 – 2016) Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet om å auke rekrutteringa til haustingsaktivitetar.

Regjeringa vil vidareføre samarbeidet og dei øyremerkte løyvingane til Norsk Friluftsliv og Den Norske Turistforeining innanfor friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn og friluftsliv for personar med nedsett funksjonsevne. Regjeringa vil også føre vidare samarbeidet med Oslo kommune om Groruddalssatsinga, der metodar, verkemiddel og tiltak for å auke deltakinga i friluftsliv og for å fremje attraktive grøne område i nærmiljøet er sentrale innsatsområde.

Allemannsretten

Regjeringa vil vidareføre arbeidet med å informere om allemannsretten, under dette både om dei rettane som allemannsretten gir, men òg om plikta til varsam og omsynsfull ferdsel. Dette vil blant anna skje gjennom vidareføring og vidareutvikling av det elektroniske undervisningsopplegget om allemannsretten som vart utvikla i samband med Friluftslivets år 2015. Læringsopplegget om haustingstradisjonar for bruk i skulen vil også gi kunnskap om kva reglar for hausting som følgjer av allemannsretten og friluftslova. Miljødirektoratet vil vidareutvikle undervisningsopplegget «Smak på naturen», som omhandlar allemannsretten som eit fellesgode, gjennom aktivitetar som bærplukking og kjennskap til enkeltarter. Undervisningsopplegget er retta mot barnehagebarn frå 4 års alder og skulebarn opp til 4. klasse.

Motorferdsle i utmark

Våren 2015 vart motorferdslelova endra slik at det vart opna for at kommunane kan fastsetje snøskuterløyper for fornøyelseskøyring. Lova og tilhøyrande forskrifter set klare rammer for kor løypene kan leggjast, og stiller strenge utgreiings- og omsynskrav til kommunen.

Departementet vil gjennom løpande evaluering følgje med på effekten av lovendringa for å innhente kunnskap som kan nyttast i den vidare utviklinga av regelverket om motorferdsle. Slik kunnskap vil òg gi innsikt som kommunane kan nytte når dei skal planleggje for nye løyper.

I 2017 vart motorferdsellova endra slik at det no er heimel til å gjennomføre forsøksordning for catskiing (transport av skiløparar med trakkemaskin eller beltevogn). Departementet vil innan 2018 fastsetje endringar i forskrift til motorferdsellova om forsøksordninga og utlysing av forsøket. Forsøket skal gjere det mogleg å finne ut om catskiing kan gi alpinsentra nye inntekter, og om verknadane for natur og friluftsliv er akseptable. Forsøksordninga varer i inntil seks år. Eit representativt utval av inntil seks kommunar vil få mynde til å fastsetje lokale forskrifter med løyper for catskiing. Forsøket skal evaluerast etter fire år. Evalueringa skal gjerast ferdig tidsnok til at ei eventuell permanent lovendring kan tre i kraft før forsøksordninga går ut.

Den nasjonale forskrifta om bruk av vasskuter vart oppheva 18. mai 2017. Kommunane kan ved behov fastsetje lokale forskrifter om bruk av vasskuter. Kommunane har heimel i motorferdsellova til å fastsetje lokale forskrifter om bruk av vasskuter i vassdrag og innsjøar der det ikkje allereie er forbode. Kommunene har i den sentrale fartsforskrifta heimel til å gi lokale forskrifter med fartsgrenser. Den sentrale fartsforskrifta har også generelle krav om aktsemd, tryggleik og omsyn til badande. Kommunane har heimel i hamne- og farvasslova til å avgrense eller forby bruk av vasskuter på sjøen av omsyn til friluftsliv, miljø, tilgjenge, trygg ferdsel og forsvarleg bruk. I enkelte verneområde er bruk av vasskuter forbode gjennom verneforskriftene. Desse reguleringane er vidareførte. Regjeringa vil i 2018 prioritere rettleiing om regelverket.

Regjeringa har i 2017 endra regelverket for bruk av el-syklar i utmark. El-syklar er no tilletne å bruke i dei fleste utmarksområde der det er tillete med vanleg sykkel. I Oslomarka gjeld markalova, som har eigne føresegner om motorisert ferdsel. Regjeringa vil i 2018 leggje fram forslag om endringar av markalova for Stortinget, med sikte på ei tilsvarende opning for el-syklar også innanfor markagrensa.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for forureining

Forureiningslova skal medverke til å verne det ytre miljøet mot forureining og redusere eksisterande forureining. Lova skal òg medverke til å redusere mengda avfall og fremje betre avfallshandtering. Formålet er å sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Lova byggjer blant anna på prinsippet om at forureinar betalar og prinsippet om føre var. Det skal takast utgangspunkt i den teknologien som gir dei beste resultata, ut frå ei samla vurdering av noverande og framtidig bruk av miljøet og av økonomiske forhold. Forureiningslova set eit generelt forbod mot forureinande utslepp, men opnar for at verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve.

Produktkontrollova har som føremål å førebyggje at produkt og forbrukartenester medfører helseskade eller miljøforstyrring, under dette gjennom å fremje effektiv bruk av energi i produkt. Lova inneheld blant anna ei plikt om aktsemd for alle som har å gjere med produkt som kan medføre helseskade eller miljøforstyrring, og ei substitusjonsplikt som inneber at ei verksemd må vurdere sin kjemikaliebruk og gå over til mindre skadelege alternativ der det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe.

Til både forureiningslova og produktkontrollova er det fastsett ei rekkje krav i forskrifter. Tilsyn blir nytta for å avdekkje eventuelle brot på regelverket.

Andre viktige verkemiddel i forureiningspolitikken er internasjonale miljøavtaler, lover og forskrifter som er forvalta av andre styresmakter, avgifter som stimulerer til reduserte forureiningar, tilskot over statsbudsjettet og kunnskap om utslepp, spreiing og effektar av forureiningar.

Kjemikaliar

Kjemikaliepolitikken har som formål å redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker. Kjemikaliar som er rekna for å utgjere eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø, blir sette på den norske prioritetslista1 for miljøgifter – som for tida omfattar rundt 35 stoff og stoffgrupper. Formålet med prioritetslista er både å spesifisere kva stoff som er omfatta av 2020-målet om utfasing av bruk og utslepp, samtidig som det gir føringar for prioritering av nasjonalt og internasjonalt arbeid med desse stoffa. Utsleppa av miljøgiftene på lista blir reduserte gjennom streng regulering både nasjonalt og internasjonalt av produkt, tiltak for opprydding av forureining, og krav til industriutslepp og avfallshandtering. Ein viktig del av arbeidet vidare er å følgje opp prioritetslista nasjonalt og internasjonalt, og å identifisere fleire miljøgifter som skal omfattast av prioritetslista.

Dei tre stoffgruppene siloksan D6; alkylfenolane 4-tert-butylfenol, 4-tert-pentylfenol og 4-heptylfenol (forgreina og rettkjeda); og ftalatane DBP, BBP, DIBP er vurderte å oppfylle kriteria for prioritetslista og desse stoffa blir no inkluderte i lista.

Boks 7.1 Tre nye stoffgrupper til prioritetslista for miljøgifter

Siloksan D6: Blir brukt som eit mellomprodukt i produksjonen av polymere siloksanar og i kosmetikk og kroppspleieprodukt. Undersøkingar over fleire år i Mjøsa og Randsfjorden viser at D6 hopar seg opp i næringskjeda, på ein måte som kan samanliknast med D5, som er fastslått å vere særs bioakkumulerande. Funn i miljøet og laboratorietestar viser at stoffet blir brote særs sakte ned i miljøet og kan langtransporterast.

Alkylfenolane 4-tert-butylfenol, 4-tert-pentylfenol og 4-heptylfenol (forgreina og rettkjeda): Blir brukt blant anna i produksjon av plast, lim, maling og lakk. Det er relativt få studiar av førekomst av stoffa i miljøet, men alle er påvist. Alkylfenol er vidare målt i produsert vatn frå oljebrønnar. Studiar viser at desse stoffgruppene kan bindast til og aktivere østrogenreseptor, og studiar på fisk viser at eksponering for stoffa fører til feminisering av hannfisk under utvikling og endring av kjønnsratio mot ein større del hofisk. Verknadsmekanismen for stoffa er truleg den same og det er av spesielt stor bekymring at dei hormonforstyrrande effektane vil kunne summerast når stoffa opptrer saman i ei blanding.

Ftalatane DBP, BBP, DIBP: Blir brukt hovudsakleg som mjuknarar i plastmaterialar, og i elektriske og elektroniske produkt er stoffa særleg brukte i kablar. Testar på rotte har påvist endringar i hormonproduksjon, med redusert testosteronproduksjon, nedsett sædcellekvalitet og testikkelforandringar. Det er vist at eksponering i kjenslege periodar i fosterutviklinga kan gi varige skadar både med omsyn til utvikling og reproduksjon. Eksponering for ftalatane kan derfor gi alvorlege hormonforstyrrande effektar hos menneske.

Miljøskadelege kjemikaliar blir transporterte over lange strekningar med luft- og havstraumar, gjennom handel med produkt og gjennom avfallsstraumar. Derfor er både nasjonalt og internasjonalt arbeid svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Nasjonalt er forureiningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel. Etter produktkontrollova er det blant anna fastsett eit omfattande forskriftsverk om helse- og miljøskadelege kjemikaliar som er i stadig endring og utvikling. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og EU.

EU har eit omfattande regelverk for registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket), og for klassifisering og merking av helse- og miljøfarlige stoffer (CLP). Vidare utvikling av desse regelverka er svært viktig i kjemikaliepolitikken. Noreg medverkar aktivt i arbeidet for å styrkje regelverket både med å foreslå regulering av stoff og ved gjennomgangen av regelverket som no går føre seg. Dette inkluderer endringar for å betre handteringa av nanomaterialar. Noreg vil leggje vekt på hormonforstyrrande eigenskapar i endå større grad når vi prioriterer kva stoff vi skal jobbe aktivt med for å få regulert i EU. EU-kommisjonen har i samband med regelverket for plantevernmiddel og biocid i EØS-området foreslått kriterium for kva som er å sjå på som hormonforstyrrande stoff. Noreg har i likskap med andre land meldt frå til EU-kommisjonen at forslaget ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar helse- og miljøomsyn, mellom anna fordi det ikkje følgjer Verdas Helseorganisasjon sine definisjonar.

Kvaliteten på den informasjonen som industrien leverer under REACH-regelverket i dag må betrast. Vidare er informasjon eit viktig verkemiddel for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald av dei farlegaste stoffa i produkt.

Vi har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar. Noreg medverkar aktivt i EU-samarbeidet med å vurdere stoff under biocidregelverket og gir godkjenning til biocidprodukter for det norske markedet.

Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency), som har sete i Helsinki, er viktig i EUs kjemikaliearbeid. ECHA er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget og er sentralt i arbeidet med nye reguleringar for å beskytte helse og miljø. Noreg er representert i alle komitear og i styret i ECHA.

Noreg arbeider aktivt for globale tiltak for å redusere forureining og sikre meir forsvarleg handtering av kjemikalier og avfall, til dømes under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Minamatakonvensjonen om kvikksølv, og miljøgiftsprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa. Noreg har fått igjennom global regulering av fleire stoff under Stockholmkonvensjonen og jobbar kontinuerleg med å foreslå nye. Noreg støttar òg den globale kjemikaliestrategien SAICM. Vidare tek Noreg aktivt del i arbeidet med kjemikaliespørsmål innan FNs Sjøfartsorganisasjon og FNs miljøprogram

Kunnskapsheving gjennom forsking, kartlegging av potensielt skadelege stoff i produkt, avfall og utslepp, og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Auka kunnskap om helse- og miljøskadelege kjemikaliar er naudsynt for å identifisere risiko for helse og miljø, og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak på eit tidleg tidspunkt. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtaler, fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø, og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. I hovudsak er det prinsippet om at forureinar betaler som skal leggjast til grunn, og bruk av pålegg etter forureiningslova er eit viktig verkemiddel for å sikre naudsynt opprydding av forureina grunn og sjøbotn. Statlege styresmakter medverkar med finansiering der dette er aktuelt og naudsynt i samanhengar der den ansvarlege av ulike årsaker ikkje kan identifiserast, ikkje kan stå for ei god opprydding eller der det vil vere urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene, jf. omtale av tildelingskriterium for oppryddingspostane kap 1420, post 39, 69 og 79. Opprydding i forureina grunn og sjøbotn er kostbart og tidkrevjande. Tiltak for å rydde opp i sjøbotn er fremja gjennom fylkesvise tiltaksplanar og prioritering av område som skal ryddast opp, jf. handlingsplanen for opprydding i forureina sjøbotn som vart lagt fram i St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø. Miljødirektoratet og fylkesmennene arbeider med å syte for at områda blir kartlagde og for at det blir rydda opp der det er naudsynt. Miljøstyresmaktene legg særleg vekt på å undersøkje og setje i verk tiltak mot forureining ved industrifjordar, skipsverft og i store hamner. I handlingsplanen er det identifisert 17 særlig prioriterte område med forureina sjøbotn. Fire av desse områda er no rekna som ferdig rydda – Harstad, Oslo, Tromsø og Trondheim. Også i Kristiansand er det nær ferdig rydda, med berre mindre område som står att. Sandefjord er venta ferdig rydda i løpet av 2017. I dei andre av dei 17 prioriterte kyst- og fjordområda er det òg blitt arbeidd aktivt, både med kartlegging av forureining, planlegging, overvaking og gjennomføring av tiltak i delområde. Blant annet blir Puddefjorden i Bergen ferdig rydda i 2017 – 18, mens betydelege område i Listerfjordane er ferdig rydda. I fleire år har hovudvekta av arbeidet på dei prioriterte områda vore tiltak i innleiande fasar med undersøkingar, pilotprosjekt og liknande. Arbeidet er no komme over i ein fase der fleire område i åra framover vert klare for tildekking og mudring og deponering av forureina sjøbotn. Desse tiltaka er dei mest kostnadskrevjande i arbeidet. Det må prioriterast mellom dei ulike områda i den vidare gjennomføringa av opprydding. Arbeidet med forureina grunn blir òg følgt opp fortløpande, blant anna med tilskot over oppryddingspostane etter behov.

Det er behov for ytterlegare tiltak for å sikre at nullutsleppsmålet for petroleumsverksemda blir nådd, særleg for olje og naturlege førekommande stoff i produsert vatn. Alle operatørane har gjennomført nye risikovurderingar og felta med høgast miljørisiko fekk i 2016 krav om vurderingar av best tilgjengelege teknologi for behandling av produsert vatn. Miljømyndigheitene følgjer no vidare opp desse operatørane med sikte på å minske miljørisikoen.

Avfall

Det overordna målet med avfallspolitikken er å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Samtidig ønskjer ein å auke utnyttinga av ressursane i avfallet. Politikken på avfallsfeltet skal medverke til at ressursane i avfallet blir haldne i krinsløp lengst mogleg, og kjem til nytte som råvarer.

Tabell 7.3 Avfallsdefinisjonar

Viktige omgrep

Definisjonar

Farleg avfall

Avfall som ikkje kan behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr.

Gjenvinning

Fellesnemning for eit kvart tiltak der hovudresultatet er at avfall kjem til nytte ved å erstatte materialar som elles ville vorte brukte eller at avfall er vorte førebudd til dette, under dette førebuing til ombruk, material-gjenvinning og energiutnytting.

Materialgjenvinning

Utnytting av avfall slik at materialet blir teke vare på heilt eller delvis, f.eks. produksjon av skrivepapir frå returpapir.

Ved å stimulere til meir ombruk og gjenvinning, reduserer vi mengda avfall som går til sluttbehandling samtidig som vi utnyttar ressursane i avfallet betre. Dette medverkar òg til ein sirkulær økonomi. I tillegg inneheld mange typar avfall material som det kan vere miljømessig gunstig å nytte om igjen. Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke om ein ikkje lukkast med å førebyggje avfall. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvennleg teknologi medverke til betydelege reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall. Sluttbehandling av avfall vil òg kunne føre til fare for utslepp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Avfallsdeponi er strengt regulerte og deponia må samle opp sigevatnet og greie ut reinsebehovet.

Det blir produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Auka kunnskap og større medvit om miljøgifter gjer òg at nye stoff og produkt blir klassifiserte som farleg avfall. Dette medverkar til at mengdene farleg avfall som oppstår aukar. For å medverke til å førebyggje farleg avfall er det viktig å arbeide for at det blir utvikla meir miljøvennlege produkt.

Farleg avfall kan ikkje behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

Det eksisterande deponiet for farleg avfall på Langøya vil truleg vere fullt i 2022. Med bakgrunn i våre nasjonale mål og internasjonale forpliktingar er det viktig at vi held ved lag ein nasjonal behandlingskapasitet for farleg avfall.

Miljødirektoratet tilrådde i 2016 moglege eigna lokalitetar for eit framtidig deponi. Av dei fire kommunane som vart vurderte til å kunne ha eigna lokalitet, er det berre Nesset kommune som har vore positiv til konsekvensutgreiing av eit slikt tiltak. Nesset kommune har fastsett eit planprogram for eit mogleg deponi for farleg avfall og tiltakshavar konsekvensutgreier no tiltaket.

Klima- og miljødepartementet har vurdert det slik at det også bør gjennomførast ei konsekvensutgreiing av eit mogleg deponi for farleg avfall i Dalen gruve i Brevik i Porsgrunn. Porsgrunn kommune har ikkje ønskt etablering av eit deponi i Brevik. Klima- og miljødepartementet er oppnemnt som ansvarleg myndigheit for å fastsetje eit planprogram for eit mogleg deponi for farleg avfall i Dalen gruve i Brevik. Forslag til planprogram vil bli sendt på høyring. Når planprogrammet er fastsett vil tiltakshavar få høve til å leggje fram ei konsekvensutredning av tiltaket etter plan- og bygningslova.

Konsekvensutgreiingane av eit mogleg deponi i Nesset og av eit mogleg deponi i Brevik vil gi eit styrkt kunnskapsgrunnlag i saka. Når dei to konsekvensutgreiingane ligg føre vil Klima- og miljødepartementet vurdere behovet for eventuell vidare statleg involvering for å få på plass ny deponeringskapasitet for farleg avfall i tråd med nasjonale behov.

Sjølv om stadig meir farleg avfall blir forsvarleg teke hand om, er det likevel farleg avfall som går til ukjent behandling. Det blir gjort ein særleg innsats for å auke innsamlinga av prioritert farleg avfall og å sikre forsvarleg handtering. Auka innsamling av avfall som inneheld olje, informasjon til bransjen og tilsyn er prioritert. Informasjon til befolkninga, bedrifter og kommunar er òg ein viktig del av styresmaktene sitt arbeid for å auke innsamlinga av farleg avfall. Tilsyn med farleg avfall og samarbeid mellom involverte etatar er vesentleg styrkt dei siste åra, og dette arbeidet skal halde fram. Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere ulovleg import og eksport, særleg eksport til fattige land. Reaksjonane mot ulovleg eksport og import av farleg avfall er òg skjerpa. Klima- og miljødepartementet vurderer fortløpande utviklinga på området, om verkemidla fungerer etter intensjonen og behovet for nye verkemiddel. For eksempel er det behov for å vurdere om det er mogleg å utnytte ressursane i det farlege avfallet utan at dette fører til auka risiko for helse og miljø.

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel: forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk og miljømessig god balanse mellom det som blir gjenvunne som material og det som blir energiutnytta eller deponert. Fleire verkemiddel skal stimulere til materialgjenvinning eller energiutnytting, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for fleire typar avfall. Det er òg etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar, mellom anna for elektrisk og elektronisk avfall, batteri, bilvrak, PCB-haldige isolerglasruter og fleire typar emballasjeavfall. Gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad samtidig som miljøgifter i avfallet blir sikra ei forsvarleg behandling. Departementet vurderer verkemidla fortløpande.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om avfallspolitikk og sirkulær økonomi: St. Meld. 45 (2016 – 2017) Avfall som ressurs. I meldinga er vektlagt forebygging, auka ombruk og materialgjenvinning av avfall. Regjeringa foreslår blant anna å innleie eit samarbeid med klesbransjen og andre aktørar for å auke ombruk av tekstilar. Regjeringa foreslår videre å utgreie konsekvensane av å ha eit eige nasjonalt mål om materialgjenvinning, som skal gjenspegle dei måla vi har gjennom mellom anna EUs regelverk. Eit slikt mål vil gi tydeleg signal om prioriteringar i avfallspolitikken

Det blir no forhandla i EU om nytt avfallsregelverk, og det kan venteleg komme meir ambisiøse mål om materialgjenvinning og andre endringar som har relevans for Noreg når dette regleverket vert vedteke. I meldinga er òg beskrive EUs arbeid med ein sirkulær økonomi, og Noregs påverknadsarbeid.

Noreg har, gjennom gjeldande EU/EØS-regelverk, krav om 50 pst. materialgjenvinning av hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet, og 70 pst. materialgjenvinning av bygg- og anleggsavfall innan 2020. For å sikre at måla blir nådde vil regjeringa utgreie krav til utsortering og materialgjenvinning av våtorganisak avfall og utvalte typar plastavfall. Det blir òg sett i gang eit arbeid for å vurdere verkemiddel for å nå måla for bygg- og anleggsavfall. Klima- og miljødepartementet gjer òg ein særleg innsats for å førebyggje matsvinn, og fleire departement har no inngått en avtale med matbransjen. Målet for samarbeidet er å halvere matsvinn innan 2030, jf. også FNs berekraftsmål på området.

Marin forsøpling og mikroplast

Marin forsøpling og tilførsel av mikroplast til havet er ein av dei mest alvorlege globale miljøutfordringane. Dette er ei omfattande og kompleks problemstilling som vil krevje tiltak på mange område, både nasjonalt og internasjonalt. Innsatsen mot marin forsøpling er trappa opp og det blir arbeidd aktivt med å følgje opp problemstillingane. Regjeringa har ei brei tilnærming til å redusere marin forsøpling og mikroplast.

Det skjer i dag ein stor frivillig oppryddingsinnsats av marin forsøpling og Miljødirektoratet si tilskotsordning til mellom anna slik innsats er styrkt betrakteleg. Regjeringa meiner det likevel er naudsynt med klarare nasjonal ansvarsplassering og samordning for å sikre effektiv opprydding over heile landet. Regjeringa har bestemt at det skal opprettast eit oljevern- og miljøsenter i Lofoten/Vesterålen. Dette senteret vil få ansvar for å styrkje nasjonal kompetanse og samordne tiltak for opprydding av marin forsøpling. Det er særleg plastavfall frå fiskeri- og oppdrettsnæringa og avfall frå forbrukarar som er dei største kjeldene til marin forsøpling, i tillegg til bygg- og anleggsavfall, avfall frå skipsfart og langtransportert avfall. Regjeringa vil følgje opp pågåande utgreiingar av forslag til produsentansvarsordning for høvesvis fiskerinæringa og oppdrettsnæringa.

Nedbryting av plastavfall i havet er den største kjelda til mikroplast. Derfor vil tiltak for å redusere marin forsøpling vere det viktigaste vi gjer for å redusere tilførsla av mikroplast til det marine miljøet. I tillegg medverkar fleire landbaserte kjelder til spreiing av mikroplast. Regjeringa vurderar tiltak for å redusere spreiing av mikroplast frå blant anna bildekk, kunstgrasbaner, maling, tekstilar, kosmetikk og reingjeringsprodukt.

Noreg skal gjennomføre EUs regelverk om reduksjon i bruk av lette plastbereposar. Aktuelle bransjeaktørar har foreslått at bransjen legg på eit miljøvederlag per pose og at midlane blir plasserte i eit eige miljøfond. Regjeringa er positiv til ei bransjedriven løysing på dette området og vil halde fram dialogen med bransjen for å oppnå ei felles forståing av korleis eit fond best kan innrettast.

Dette er beskrive i regjeringas Strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast (plaststrategi) som inngår i Meld. St. 45 (2016 – 2017) Avfall som ressurs. Omtala av mikroplast i strategien følgjer opp Stortingets oppmodingsvedtak om ein handlingsplan for mikroplast. Strategien omfattar tiltak nasjonalt og internasjonalt mot høvesvis marin forsøpling og spreiing av mikroplast. Strategien omfattar óg nordisk og EUs arbeid på området, inkludert norske og nordiske synspunkt inn i EUs arbeid. Endeleg er det gjort greie for viktige internasjonale initiativ.

Noreg har prioritert arbeidet i FNs miljøforsamling (UNEA) for å få på plass sterkare globale forpliktingar mot marin forsøpling og spreiing av mikroplast. Eit døme er ei vurdering av om dei regionale og globale regelverka og strategiane mot marin plastforsøpling og mikroplast er effektive. Dette arbeidet følgjer opp tidlegare vedtak i FNs miljøforsamling. Noreg vil følgje opp rapporten frå arbeidet med forslag til vegen vidare for å styrkje det internasjonale regelverket på dette området på FNs miljøforsamling i desember 2017.

Regjeringa vil òg prioritere gjennomføring av tiltak under handlingsplanen mot marin forsøpling under OSPAR-konvensjonen.

Radioaktive stoff

Nivået på radioaktiv forureining generelt er lågt. Utslepp og avfall er nært knytt til aktiviteten i ulike sektorar. Radioaktive stoff er nytta til mellom anna behandling av pasientar på sjukehus og i forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt som for eksempel røykvarslarar. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan òg oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri, og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall følgjer av oppkonsentrering av naturleg førekommande radionuklidar som finst i berggrunnen, slik som ved utvinning av olje og gass, og ved framstilling av radioaktive stoff og drift av forsøksreaktorane til Institutt for energiteknikk (IFE).

Radioaktiv forureining av norske land- og havområde skjer vidare frå internasjonale kjelder, slike som historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Framtidige ulykker knytte til anlegg i nærområda våre, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland, vil kunne ha store konsekvensar for Noreg. I 2018 vil det bli arbeidd vidare med å vurdere og leggje til rette for lagrings- og deponikapasitet for radioaktivt avfall, med spesiell fokus på deponiløysingar i på lang sikt og løysingar for det brukte atombrenselet og anna avfall frå forskingsreaktorane i Halden og på Kjeller. Fram mot 2020 skal det faglege grunnlaget for forvaltingsplanen for Barentshavet og Lofoten utviklast, og risiko for og overvaking av radioaktiv forureining i nord er ein viktig del av det arbeidet.

Langtransportert luftforureining

Det nasjonale og internasjonale arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er basert på omfattande kunnskap gjennom overvaking, forsking og analysar av utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar, og strategiar for å redusere utslepp i tråd med felles miljømål på tvers av landa i Europa. Noreg deltek aktivt i arbeidet med å evaluere effektane av internasjonale avtaler og å utvikle fagleg grunnlag for utvikling av nye avtaler på området. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for vassforsking medverkar i vesentleg grad til kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining. Både Miljødirektoratet og andre norske fagmiljø deltek i arbeidet i ekspertgrupper under konvensjonen. Det er under konvensjonen utarbeidd ein fagleg rapport «Towards Cleaner Air – Scientific Assessment Report 2016» som syner resultata som er oppnådd i arbeidet til no og hva som er framtidige utfordringar i arbeidet med å redusere langtransportert luftureining som skader menneska si helse og økosystem.Funna i rapporten vil leggje grunnlaget for framtidig utvikling av Gøteborgprotokollen.

Landa som deltek i samarbeidet under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining har i Gøteborgprotokollen teke på seg talfeste forpliktingar om å redusere sine utslepp av forureiningar til luft. Regjeringa ser det som svært viktig å overhalde Noreg sine internasjonale forpliktingar på dette området. Av utsleppa som er omfatta av protokollen, blir utslepp av svovel (SO2), nitrogenoksid (NOx) flyktige organiske sambindingar (NMVOC) og helseskadelege partiklar (PM2,5) regulerte i utsleppsløyve etter forureiningslova og i tråd med føresegnene i relevante EU-direktiv som er innlemma i EØS-avtala. Utslepp av SO2, NOx, NMVOC og partiklar er òg regulerte i forskrifter etter forureiningslova, produktkontrollova og relevant sektorlovgiving. Noreg vil i arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining òg leggje vekt på at landa skal redusere forureinande utslepp som medverkar til klimaendringar, mellom anna svart karbon (sot).

Hovudinnsatsen innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining er no å redusere utsleppa av ammoniakk (NH3) i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen. I 2015 var ammoniakkutsleppa 16 pst. over nivået på 23 000 tonn som Noreg har forplikta seg til å ikkje overskride. Om lag 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Regionale miljøprogram i jordbruket stimulerer til reduserte utslepp av ammoniakk frå handtering av husdyrgjødsel gjennom tilskot til miljøvennleg spreiing av gjødsla. Dei regionale miljøprogramma skal no reviderast. Eit av formåla med revideringa er å styrke satsinga med omsyn til klima og luftforurensninger.

NOx-avgifta og Miljøavtala mellom Klima- og miljødepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa er særleg viktige verkemiddel for å redusere desse utsleppa. Miljødirektoratet har stadfesta at næringslivsorganisasjonane har oppfylt sine reduksjonsforpliktingar for åra 2008–2016, og at vilkåret for avgiftsfritak desse åra dermed er oppfylt. Siste avrekningsperiode innanfor gjeldande avtale omfattar året 2017.

Klima- og miljødepartementet inngjekk 24. mai 2017 ei ny Miljøavtale om reduksjon av NOx-utsleppa med 15 næringsorganisasjonar. I den nye avtala er miljøforpliktinga utforma som samla utsleppstak for alle verksemdene som er omfatta for periodar på to år. Utsleppstaket blir gradvis strammare frå ein periode til neste. Det er opp til organisasjonane og verksemdene å avgjare kva slag tiltak dei ønskjer å gjennomføre for å overhalde utsleppstaka. Den nye miljøavtala er elles i all hovudsak ei vidareføring av gjeldande avtale.

Verksemder som sluttar seg til avtala får fritak for betaling av NOx-avgift for åra 2018 – 2025. Dersom utslippstakene ikke overholdes, oppstår det krav om å betale avgift til staten hvor satsen avhenger av hvor stor overskridelsen er. Miljøavtalen må notifiseres til og godkjennes av ESA før avgiftsfritaket kan videreføres for 2018. Avtala inneheld ei revisjonsføresegn som tek høgde for at Noreg skal overhalde framtidige internasjonale utsleppsforpliktingar gjeldande frå 2030.

EU har innlemma forpliktingane i Gøteborgprotokollen av 1999 i sitt direktiv om nasjonale utsleppstak for forureiningar til luft, «takdirektivet». Direktivet er innlemma i EØS-avtala. Noreg har her dei same utsleppsforpliktingane som i Gøteborgprotokollen av 1999. EU vedtok eit nytt tilsvarande direktiv i desember 2016. Direktivet inneber gjennomføring i EU av dei nye utsleppsforpliktingane i den reviderte Gøteborgprotokollen av 2012. Desse forpliktingane gjeld frå 2020. Videre fastset direktivet nye utsleppsforpliktingar som gjeld frå 2030.

Det er viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til Gøteborgprotokollen. Noreg medverkar til tiltak for å implementere protokollen i fleire av desse landa gjennom støtte til kapasitetsbygging i regi av FNs Økonomiske kommisjon for Europa.

Globalt er luftforureining sett på som ein av dei største miljørelaterte truslane mot folks helse. Verdas Helseorganisasjon (WHO) har anslått at om lag sju millionar menneske i 2012 døydde for tidleg på grunn av luftforureining, innandørs og utandørs. Kjeldene til helseskadeleg luftforureining er matlaging ved forbrenning av kol, ved og biomasse, transport, energi, avfallshandtering og industri. På grunnlag av anslaga frå WHO, har OECD anslått at verdas samla kostnader knytt til utandørs luftforureining i 2012 motsvarte om lag 5 pst. av verdas BNP i 2015. Denne delen er venta å auke i åra framover, særleg i utviklingsland og i framveksande økonomiar. FNs miljøprogram samarbeider med WHO om å utvikle tiltak for å redusere desse forureiningane. FNs tredje miljøforsamling har tema forureining og vil venteleg fatte vedtak om å styrkje arbeidet med luftkvalitet i byar.

Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. IMO vedtok i juli 2017 å etablere eit lågutsleppsområde for NOx (NECA) i Nordsjøen og Austersjøen.

Lokal luftforureining

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for å nå måla om lokal luftkvalitet, og ei pådrivarrolle mot andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining.

Noreg er blant dei landa i Europa som har lågast risiko for tidleg død som følgje av lokal luftforureining. Dårleg luftkvalitet fører likevel til alvorlege helseplagar for befolkninga. Nivåa av svevestøv viser ein nedgåande trend sidan 2004. Det er likevel eit stykke igjen til det nasjonale målet for svevestøv, og det nasjonale målet for PM10 vart i 2016 overskride i fem byområde (Oslo, Fredrikstad, Tromsø, Drammen og Mo i Rana). Det nasjonale målet for PM2,5 vart overskride i Oslo, Stavanger, Bærum og Sarpsborg. Dei fleste stadene har NO2-konsentrasjonane vore stabile gjennom det siste tiåret. Det nasjonale målet for NO2 vart i 2016 overskride i Bergen og Oslo, og der trengst det fleire tiltak for å redusere NO2-utsleppa.

Det nasjonale målet for lokal luftkvalitet blei endra frå 1. januar 2017 i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i rapport M-129 «Grenseverdier og nasjonale mål – Forslag til langsiktige helsebaserte nasjonale mål og reviderte grenseverdier for lokal luftkvalitet.»

Forureiningsforskrifta kapittel 7 er det sentrale verkemiddelet for lokal luftkvalitet. I forskrifta er kommunane gjort til forureinings-styresmakt for lokal luft. Forskrifta gir grenseverdiar for konsentrasjonar av ei rekkje stoff i luft. Grenseverdiane for partiklar (svevestøv) vart skjerpa frå 1. januar 2016, i tråd med tilråding frå Miljødirektoratet med fleire frå 2014. Ytterlegare skjerping skal vurderast frå 2020, basert på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag som skal utarbeidast i 2018. Forureiningsforskrifta stiller òg krav til målingar, utrekningar, utgreiingar av tiltak og rapportering. Forskriftskrava har utspring i EUs rammedirektiv for luftkvalitet, som er teke inn i EØS-avtala.

Noreg vart dømt i EFTA-domstolen hausten 2015 for brot på luftkvalitetsdirektivet for perioden 2009–2017, ved (i) overskridingar av grenseverdiane for NO2 og PM10, og (ii) ved at det ikkje var utarbeidd tilstrekkelege tiltaksutgreiingar i aktuelle kommunar/soner.

Dei siste åra har det vore viktig å utvide verktøykassa til kommunar og anleggseigarar, slik at det kan setjast i verk tiltak i periodar med overskridingar av grenseverdiane i forureiningsforskrifta. Rettleiar TA-2842 frå 2011 klargjer ansvarsforhold ved innføring av tiltak, og når desse skal innførast.

For å leggje til rette for ytterlegare tiltak som betrar luftkvaliteten, har regjeringa sett i gang ei rekkje arbeid. Mellom anna er det lagt til rette for at kommunar som ønskjer det kan opprette lågutsleppsoner, gjennom ei sentral forskrift for lågutssleppssoner for bilar. Yrkestransportlova er endra slik at det er opna for at løyvestyresmakta kan stille miljøkrav for drosjer. Det blir arbeidd med å leggje til rette for å differensiere bompengesatsane på bakgrunn av miljøeigenskapar. I tillegg er eit nasjonalt berekningsverktøy for lokal luftkvalitet under etablering.

Støy

Regjeringa vil arbeide for å redusere støyplager gjennom å følgje opp nasjonale og internasjonale forpliktingar. Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for støy og ei koordinerande rolle overfor andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager. Dei ulike sektordepartementa har hovudansvaret for å sikre at støyplaga blir redusert innanfor sin samfunnssektor, og å medverke til at det nasjonale målet for støy kan bli nådd.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg støy ved bustaden i 1999 er redusert med 9 pst. mellom 1999 og 2014. I denne utrekninga er det ikkje teke omsyn til folkevekst eller tilflytting til område som er plaga av støy. Generelt vil trafikkvekst og folkevekst i område påverka av støy føre til fleire støyutsette, noko som forklarer kvifor vi samtidig opplever ein generell auke i talet på nordmenn som er utsette for støy. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. Utviklinga viser at det kan bli vanskeleg å nå det fastsette målet om at talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. frå 2005 til 2020, og det trengst fleire tiltak.

Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav om at anleggseigarar gjennomfører støyreduserande tiltak ved/på bustader der innandørs støy overstig 42 dB. EUs rammedirektiv for støy er òg teke inn i forureiningsforskrifta, og i tråd med dette skal anleggseigarar og dei største bykommunane kartleggje støy og utarbeide handlingsplanar for å redusere støy.

Ei rekkje tiltak er fastsette i ein nasjonal handlingsplan mot støy. Det blir arbeidd med ei oppdatering av denne for perioden fram til 2020.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er kanskje det viktigaste, og mest kostnadseffektive, verkemiddelet for å førebyggje støyproblem. Det er gitt ei felles retningslinje (T-1442/2016) for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene. Retningslinja ble oppdatert i 2016 i tråd med nye fastsatte grenseverdier for skytebanestøy. Miljødirektoratet har laga ei rettleiing til retningslinja som blir oppdatert fortløpande i samarbeid med andrer etatar og anleggseigarar.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for klima

Dei nasjonale måla på klimaområdet omfattar mål for 2020, 2030 og 2050. For å redusere utsleppa og omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn i tråd med klimalova forsterkar regjeringa stadig verkemiddelbruken. Regjeringa sin politikk nasjonalt må sjåast i samanheng med Noregs internasjonale forpliktingar og satsingar.

Dei viktigaste verkemidla i norsk klimapolitikk er CO2-avgifta og EUs kvotesystem, som set ein pris på utslepp av klimagassar. Om lag 80 pst. av dei samla norske utsleppa er omfatta av desse verkemidla. Miljødirektoratet har ansvaret for kvotesystemet og den norske kvoterekneskapen under Kyoto-protokollen. Nærare detaljar om CO2-avgifta står i Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter og avgifter 2018 frå Finansdepartementet.

Verkemiddel som medverkar til innovasjon og teknologiutvikling innan klima- og lågutsleppsløysingar er sentralt. Dette gjeld både generelle ordningar under Noregs Forskingsråd, Innovasjon Noreg og andre aktørar i FoU-systemet, og tematiske eller øyremerkte midlar som blant anna miljøteknologiordninga under Innovasjon Noreg og satsinga på ny energi- og klimateknologi under Enova. Forskingsrådet har samla sett ei rekkje verkemiddel som medverkar til å støtte målet om at Noreg fram mot 2050 skal bli eit lågutsleppssamfunn. Ein stor del av innsatsen er innretta for å utvikle ny lågutsleppsteknologi. Men for å realisere utsleppsreduksjonane som teknologien gjer mogleg, er det avgjerande å handtere ikkje-teknologiske utfordringar. Denne forskinga ser blant anna på verkemiddelstruktur, kommunikasjon og kompetanse i næringslivet og hos forbrukarar. Ein stadig større del av befolkninga bur i byar, bynære område og tettstader. Den offentleg finansierte forskingsinnsatsen må medverke til nye løysingar for næringstransport i by, reduksjon av privat biltransport, kunnskap om effektar av tiltak og verkemiddel.

I tillegg blir det nytta andre verkemiddel, mellom anna direkte regulering, standardar, avtaler og tilskot til utsleppsreduserande tiltak. Klimagassutsleppa er mellom anna regulert i forureiningslova, plan- og bygningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging har blant anna som mål at utbyggingsmønster og transportsystem skal fremje kompakte byar og tettstader og leggje til rette for klima- og miljøvennleg transport.

Klimatilpassing

Klima- og miljødepartementet har ansvar for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Frå 1. januar 2014 har Miljødirektoratet vore den fagetaten som støttar Klima- og miljødepartementet i dette arbeidet og koordinerer det heilskaplege klimatilpassingsarbeidet. Direktoratet støttar departementet med å følgje opp stortingsmeldinga om klimatilpassing (Meld. St. 33 (2012 – 2013)), i politikkutforming, medverkar til at regjeringas arbeid med klimatilpassing blir følgt opp av forvaltinga og i samfunnet, og støttar departementet i internasjonalt klimatilpassingsarbeid. Midlane til klimatilpassing på Klima- og miljødepartementets budsjett blir føreslått førte vidare frå 2017 til 2018 under Miljødirektoratet. Det er sett av 6,4 mill. kroner til ei tilskotsordning for kommunar.

Ansvarsprinsippet ligg fast og alle departement har ansvar for å ta omsyn til klimaendringa i eigen sektor. Ein rekkje statlege etatar har derfor òg ansvar knytt opp mot klimatilpassingsarbeidet. Sjå nærare omtale av arbeidet med klimatilpassing under del III, kap. 8.4.

Internasjonalt klimaarbeid

Parisavtala blir eit avgjerande fundament for større innsats for å redusere klimagassutsleppa og å tilpasse seg klimaendringar. Arbeidet må følgjast opp dei neste åra, og Noreg vil vere med å utvikle regelverk under Parisavtala. Klima- og skoginitiativet er Noreg si største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar i dag vårt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland (sjå omtale under programkategori 12.70). Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet er innrettinga av klimafinansiering i den nye klimaavtala, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensle, og reduksjon av utslepp av kortlevde klimaforureiningar. Noreg har også ratifisert Kigali-endringane til Montrealprotokollen, som vart vedtekne i 2016 og regulerer klimagassane HFK. Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) og FNs luftfartsorganisasjon (ICAO) for å utvikle regelverk for å redusere klimagassutsleppa frå internasjonal transport med skip og fly.

Parisavtala

Parisavtala under FNs klimakonvensjon tok til å gjelde 4. november 2016 då eit tilstrekkeleg tal land hadde ratifisert avtala. Den var eit vendepunkt for internasjonalt samarbeid på klimaområdet, og representerer, saman med klimakonvensjonen, eit solid rammeverk for framtidig global klimainnsats. Ved utgangen av september har 166 land ratifisert avtala. USA har på den andre sida signalisert at dei vil melde seg ut av Parisavtala.

Det overordna formålet med Parisavtala er å styrkje den globale responsen på klimautfordringane. Dette skal blant annet gjerast ved å halde den globale temperaturauken godt under 2 grader Celsius samanlikna med førindustrielt nivå, og prøve å avgrense temperaturauken til 1,5 grader. Landa si evne til å handtere skadeverknadene av klimaendringane skal styrkjast. Det er og oppgitt som eit formål at finansstraumane gjerast forenelege med ein klimarobust lågutsleppsutvikling og avtalen har derfor bestemmelser om støtte til utviklingsland for omstilling til lågutsleppsutvikling.

Med Parisavtala tek alle statar på seg å utarbeide, melde inn, oppretthalde og rapportere på suksessive nasjonalt fastsette bidrag, og å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå sine nasjonalt fastsette bidrag. Det er stor forskjell i korleis landa har utforma sine innspel. FNs klimasekretariatet sine utrekningar viser likevel at dei globale utsleppa vil halde fram med å vekse. Dei nasjonalt fastsette bidraga som no ligg til grunn for Parisavtala vil innebere eit globalt utsleppsnivå på rundt 55 mrd. tonn CO2-ekvivalentar årleg i 2030, mens utviklingsbana i tråd med togradersmålet peiker mot eit nivå på utsleppa på om lag 40 mrd. tonn i 2030. Det er derfor eit stort behov for auka ambisjonar over tid gjennom den fastlagte 5 årige ambisjonssyklusen under Parisavtala. Mange av måla er dessutan uklare, noko som viser at betre rettleiing for korleis mål skal utformast og følgjast opp er naudsynt.

Regjeringa vil føre vidare innsatsen for eit sterkt internasjonalt klimaregime i 2018. I 2018 skal regelverket for gjennomføringa av Parisavtala på plass. Regelverket vil gjere avtalas føresegner gjennomførbare, understøtte progresjon i landas innsats og ved gode insitament og prosessar hjelpe partane i å utvikle klarare og meir ambisiøse mål.

Noreg arbeider derfor for at regelverket for informasjon, rapportering og bokføring medverkar til å gi partane den naudsynte rettleiinga slik at måla kan samanliknas og summerast og for at landa over tid kan arbeide fram betre og meir heilskaplege mål under Parisavtala. Dette er svært viktig for at vi kan frambringe ei oversikt over progresjon fram mot avtala sine temperaturmålsetjingar og for å skape naudsynt tillit til at landa leverer som lova.

Det er store meiningsskilnader om utforminga av rettleiinga og det er venta at 2018 vil bli eit krevjande forhandlingsår.

Samtidig skal det i 2018 gjennomførast ein fasilitativ dialog som skal vurdere kollektiv framdrift i arbeidet med utsleppsreduksjoner mellom anna for å informere dei nasjonalt fastsette bidragene som land skal kommunisere innan 2020.

For tilliten i klimaforhandlingane er det også viktig at dei industrialiserte landa held fram med å oppskalere si klimafinansiering til utviklingslanda. Dei industraliserte landa har ei kollektiv forplikting om å mobilisere 100 mrd. dollar årleg i slik finansiering innan 2020.

Felles oppfylling av klimamål for 2030

Som eit bidrag til Parisavtala har både Noreg og EU meldt inn forpliktingar på visse vilkår på minst 40 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Noreg og EU arbeider no for at dette skal skje gjennom ei felles oppfylling av klimamåla. Ei slik avtale mellom Noreg og EU vil innebere at Noreg vil medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EU sitt kvotesystem (kvotepliktig sektor). Noreg vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje kvotepliktig sektor, der dei samla utsleppa i EU skal kuttast med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er naudsynt for å få til dette skal fordelast mellom landa gjennom bindande utsleppsmål. Ei avtale med EU vil innebere at Noreg vil få eit nasjonalt utsleppsmål for ikkje-kvotepliktig sektor på linje med samanliknbare EU-land.

EU-kommisjonen la 20. juli 2016 fram sitt forslag til bindande utsleppsmål i ikkje-kvotepliktig sektor for EU-landa. Måla til kvart land er i spennet 0 til 40 pst. Fordelinga vert gjort ut frå BNP per innbyggjar, der dei rikaste landa må kutte mest. Dessutan skal måla til dei rikaste landa justerast ut frå omsynet til kostnadseffektivitet, slik at måla til dei landa med høgast kostnader vert lågare. Denne omfordelinga mellom dei rikaste landa vil mellom anna bli gjort på bakgrunn av modellkøyringar der Kommisjonen har analysert kostnader for dei enkelte landa.

Noreg er omtalt i den forklarande innleiinga til forslaget, der EU-kommisjonen foreslår eit førebels mål for Noreg på 40 pst. Kommisjonen sitt forslag til mål for Noreg er ikkje basert på modellkøyringar, slik tilfellet er for EU-landa. Vårt førebelse mål er i staden rekna ut frå Noregs BNP. Det skal òg gjerast modellkøyringar for Noreg. Etter at desse er ferdige, vil Kommisjonen komme med eit endeleg forslag til norsk mål ut frå same grunnlag som medlemslanda. EU-kommisjonen sitt forslag opnar for at landa kan nytte såkalla fleksibilitetsmekanismar til å oppfylle måla i ikkje kvotepliktig sektor. Land som kuttar utsleppa meir enn dei er forplikta til, kan selje utsleppskutta (såkalla AEA-einingar) til andre land. EU-kommisjonen foreslår òg ein avgrensa tilgang til å bruke utsleppsrettar frå EU sitt kvotesystem til å oppfylle landa sine mål for ikkje kvotepliktige sektorar. Dei landa der utsleppsreduserande tiltak kostar mest vil få størst tilgang til å bruke slike utsleppsrettar. Basert på forslaget til regelverk vil vi truleg få høve til å bruke 5,5–11 mill. klimakvotar frå det europeiske kvotesystemet til å dekkje utsleppsbudsjettet. Regjeringa vil nytte seg fullt ut av denne fleksibiliteten. Regjeringa vil oppfylle 2030-målet for ikkje-kvotepliktige utslepp med hovudvekt på innanlandske utsleppsreduksjonar. Dersom det blir nødvendig og viser seg å vere kostnadseffektivt, er det òg lagt opp til at Noreg også skal kunne nytte fleksibilitet i form av direkte kjøp av utsleppseiningar frå andre land.

Europakommisjonen har foreslått eit eige regelverk for skog- og arealbrukssektoren. Etter forslaget er landa forplikta til å sikre at dei bokførte utsleppa frå sektoren ikkje er større enn det bokførte opptaket. Det er òg foreslått korleis utslepp og opptak frå ulike arealkategoriar som forvalta skog, avskoging, påskoging, dyrka mark og beitemark, skal bokførast. Forslaget inneber mellom anna ein avgrensa tilgang til å bruke visse kredittar frå skog- og arealbrukssektoren mot innsatsfordelinga. Det er berre visse typar kredittar som kan brukast, i hovudsak knytt til at nyplanta skog som må ha eit større opptak enn utslepp frå avskoga areal, beitemark og dyrka mark. For at eit land skal kunne bruke eller selje skogkredittar, må landet sin skog- og arealbrukssektor vere bokført med netto opptak av CO2. Denne tilgangen er kopla til landa sine utslepp frå jordbruket. Landa med størst utslepp frå jordbruket får størst tilgang til å bruke slike kredittar. I Noreg er det eit netto utslepp frå av- og påskoging, beitemark og dyrka mark. Det er derfor lite truleg at Noreg får nytta skogkredittar til å nå måla under innsatsfordelinga, etter forslaget til regelverk. Foreløpige og særs usikre berekningar syner at Noreg med Europakommisjonen sitt forslag ligg an til å bokføre eit utslepp på til saman 15 millionar tonn CO2 i perioden 2021 – 2030. Noreg vil i tillegg kunne få bokført eit utslepp frå forvalta skog dersom hogstintensiteten blir høgare enn i den historiske referanseperioden. I tillegg kan Noreg få bokført eit utslett frå lagra treprodukt. Utforminga av regelverket vil kunne få stor innverknad på Noreg sitt utsleppsbudsjett fram mot 2030. Nærare omtale av forslaget og moglege konsekvensar for Noreg står i Meld. St. 41 (2016 – 2017). EU-kommisjonen sitt forslag vert diskutert i Rådet og i Europaparlamentet denne hausten. Det er venta endringar i regelverket samanlikna med Kommisjonens forslag, mellom anna i reglane for fastsetjing av mål for landa og korleis utslepp og opptak frå skog- og arealbrukssektoren skal reknast med. Det er særskilt bokføringsreglane for forvalta skog som har vore diskuterte blant EU-landa. Noreg tek del i relevante fora og er i dialog med andre skogland om moglege alternative løysingar. Noreg har òg sendt EU-landa skriftleg orientering om norske synspunkt på det foreslåtte regelverket. Noregs overordna posisjon er at bokføringsregelverket for skog- og arealbrukssektoren ikkje skal bidra til å redusere ambisjonsnivået til klimarammeverket, og at berekraftig forvalta biomasse frå skog er ein viktig del av løysinga for eit lågutsleppssamhelde. Det er venta at Rådet, Europaparlamentet og Europakommisjonen er klare for såkalla trilogforhandlingar om korleis det endelege regelverket blir i november. EU tek sikte på å vedta eit regelverk i løpet av året.

Det er òg mogeleg at Rådet og Europaparlamentet vil ønskje å gjere endringar i andre delar av Kommisjonens forslag, til dømes reglane om i kva grad dei ulike landa kan samarbeide om utsleppskutt. Ei avtale mellom Noreg og EU kan ikkje ventast før tidlegast i 2018, etter at EU har vedteke sitt regelverk. Regjeringa er i dialog med EU om å forankre avtala om felles oppfylling i EØS-avtala protokoll 31 om samarbeid utanfor dei fire friheitene. Protokoll 31 opnar for frivillig samarbeid utanfor dei fire friheitene på område der avtalepartane har konstatert felles interesse om samarbeid, men der det i utgangspunktet ikkje ligg føre forpliktingar til å samarbeid innanfor ramma av EØS-avtala.

Klimafinansiering

Noreg har vore eit føregangsland i å innrette klimafinansieringa på ein langsiktig og føreseieleg måte. Særleg gjeld dette Klima- og skoginitiativet. Regjeringa foreslår å setje av 3 mrd. kroner til satsinga i 2018. I Innst. S (2016–2017) til Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid har Stortinget vedtatt at Klima- og skoginitiativet skal vidareførast på et høgt nivå fram til 2030. Noreg har tidlegare forplikta seg til å overføre 1,6 mrd. kroner til Det grøne klimafondet i perioden 2015–2018. Dette er eit av dei høgaste bidraga målt pr. innbyggjar. I Paris annonserte statsministeren òg at vi vil auke vårt bidrag til Det grøne klimafondet betydeleg. Dersom fondet sikrar verifiserte utsleppsreduksjonar frå avskoging og skogforringing i utviklingsland vil auken til saman tilsvare ei dobling av vårt bidrag innan 2020.

Framhalden norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland er svært viktig ei effektiv gjennomføring av Parisavtala. I Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid har regjeringa signalisert at den vil auke nivået på klimafinansieringa. Fornybar energi vil ha ein sentral plass i den norsk innsatsen, og regjeringa seier i meldinga at den vil doble bistanden til fornybar energi. Norsk klimafinansiering skal framover innrettast slik at den medverkar til transformative tiltak med verifiserbar reell klimaeffekt. Vårt sterke engasjement for resultatbasert finansiering blir særleg følgt opp gjennom Klima- og skoginitiativet, arbeidet i Det grøne klimafondet og statens kvotekjøpsprogram. Gjennomføring av Parisavtala og støtte til utviklingsland sitt arbeid sine innmelde klimaplanar (NDC) vil vere ei viktig føring for innretninga av klimafinansieringa framover. Parisavtalas artikkel 2.1, slår fast at finansieringsstraumar må gjerast konsistente med ei utvikling med låge utslepp av klimagassar og klimarobustheit. Dette understrekar betydninga av å bruke offentlege midlar og verktøy smart slik at private investeringar dreier seg i retning av lågutsleppsløysingar og -teknologi. Norfund er eit viktig verkemiddel i denne samanhengen. Regjeringa har i utviklingsmeldinga sagt at den vil auke bidraga til Norfund med 50 pst. i neste stortingsperiode. Stortinget har tidlegare stilt krav om at 50 pst. av tilførte midlar til Norfund skal nyttast til investeringar i fornybar energi. Å mobilisere private investeringar til privat klimafinansiering er også eit viktig mål for Det grøne klimafondet, som har ein eigen privat sektor fasilitet.

Parisavtala har gitt mandat til partane under avtala om å utvikle eit felles system for måling og rapportering knytt til tiltak og støtte. Systemet inneber at vi venteleg vil kunne rekneskapsføre både tradisjonell bistand, andre offisielle straumar og private midlar som er mobiliserte gjennom offentlege verkemiddel.

Internasjonale karbonmarknader, prising av utslepp og utfasing av subsidiar til fossile brensle

Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for å setje ein pris på CO2, og for utvikling av effektive, fungerande internasjonale karbonmarknader.

Dagens prisar på utslepp er for låge til å gi insentiv til naudsynt teknologisk utvikling og omstilling. Ein ny og meir ambisiøs klimapolitikk globalt vil medverke til høgare prisar. Parisavtala har etablert ei ramme for marknadsbasert samarbeid mellom land etter 2020. Noreg arbeider aktivt gjennom klimaforhandlingane for å sikre ei god innretning av marknadsbasert samarbeid under Parisavtala, samtidig som ein gjennom deltaking i Transformative Carbon Asset Facility tek del i arbeidet med å utvikle pilotar for å teste ut nye former for samarbeid innanfor ramma av Parisavtala.

FNs organisasjon for sivil luftfart (ICAO) vedtok på si generalforsamling i oktober 2016 å etablere ein global marknadsbasert mekanisme for å kjøpe utsleppsreduksjonar frå andre sektorar, som eit bidrag til å nå målet om karbonnøytral vekst i internasjonal luftfart etter 2020. Dei første seks åra vil det bli frivillig deltaking. 67 statar, deriblant Noreg og 43 andre europeiske land, har så langt meldt at dei vil delta frivillig. Kjøp av utsleppsreduksjonar skal komme i tillegg til meir effektive flymotorar, nye fly, teknologiutvekling, mindre omvegar på flyrutene, grøne landinger og utvekling av alternativt berekraftig drivstoff.

Bruk av ulike former for marknadsmekanismar har både ført til store utsleppsreduksjonar og investeringar i mange utviklingsland. Den grøne utviklingsmekanismen (CDM), som ligg til grunn for statens kvotekjøpsprogram, har ifølgje berekningar gjort av FNs Klimasekretariat (UNFCCC) så langt ført til meir enn 1,8 mrd. tonn CO2-ekvivalentar i verifiserte reduserte utslepp. Dei faktiske reduksjonane av utslepp er utrekna til å vere om lag fire gonger så høge. I tillegg har utviklingsland sin bruk av fleksible mekanismar ført til store investeringar i desse landa, og vist korleis ein kan gjennomføre tiltak som ikkje berre reduserer utslepp av drivhusgassar, men også har stor utviklingseffekt, til dømes gjennom redusert lokal forureining, og tilgang på fornybar energi.

Regjeringa arbeider òg for utfasing av subsidiar på fossilt brensel. Globalt har det dei sinare åra blitt brukt opp til 500 mrd. US dollar årlig på subsidiar for lågare brenselsprisar til forbrukar. Beløpet varierer og var i 2015 nede i ca. 325 mrd. USD mellom anna fordi land som Mexico, Indonesia og India hev gjennomført subsidiereform. Dette er uansett eit beløp som tilsvarer det tre – firedobbelte av kva som blir brukt på utviklingsbistand frå OECD-landa samla. IEA (Paul Simons, Marrakech 15.11.16) meiner at utfasing av subsidiar på fossilt brensel er av dei viktigste tiltaka land kan gjere for at utsleppa av drivhusgassar skal slutte å auke rundt år 2020. Klimagevinsten aukar endå meir dersom nokre av dei innsparte midlane blir reinvesterte i energieffektivisering eller fornybar energi.

Den norske innsatsen skjer blant anna gjennom Vennegruppa for reform av fossile subsidiar saman med dei andre nordiske landa og Costa Rica, Etiopia, New Zealand og Sveits. Eit aukande tal land har støtta Vennegruppas initiativ for subsidiereform. Det er òg ein klart aukande tendens til at land i ulike verdsdelar set i gang slikt reformarbeid i praksis.

Noreg medverkar òg til utgreiingsarbeid gjennom Nordisk Ministerråd der ein ser på situasjonen – og endringsmoglegheiter – for konkrete sektorar i enkelte utviklingsland,

Noreg arbeider òg for utfasing av fossile subsidiar gjennom andre kanalar og vedtok i 2015 å bruke 100 mill. kroner på dette arbeidet over ein treårsperiode.

Kortlevde klimaforureiningar

Kortlevde klimaforureiningar er oppvarmande og avkjølande gassar og partiklar med relativt kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2 (blant anna metan, svart karbon og hydrofluorkarbon). Ved å redusere kortliva klimaforureining vil ein kunne redusere oppvarmingshastigheita, og det er derfor eit viktig bidrag for å begrense den globale oppvarminga i nær framtid. Ein del av tiltaka for å redusere desse utsleppa har òg ei rekkje andre fordelar som betre luftkvalitet, helse og jordbruksproduktivitet. Noreg arbeider internasjonalt for å redusere utsleppa av kortlevde klimaforureiningar.

Utanriksministermøtet under Arktisk råd vedtok i 2015 at dei arktiske landa skal redusere utsleppa sine av svart karbon og metan. I 2017 blei utenriksministermøtet samd eit kollektivt mål om å samla redusere utsleppa av svart karbon (sot) med mellom 25 og 33 pst. innan 2025, samanligna med 2013. Berekna utsleppsreduksjon utan nye tiltak er 22 pst. Det kollektive målet er ikkje juridisk bindende. Målet skal vurderast på nytt i løpet av dei neste to åra, med sikte på å auke ambisjonane ytterlegare. Svart karbon har ein særskilt oppvarmande effekt når det blir sleppt ut i nærleiken til dei arktiske områda, då partiklane legg seg på is og snø og hindrar at solstrålane blir reflekterte tilbake til atmosfæren. Dei arktiske landa står for ti prosent av dei globale utsleppa av svart karbon, men bidrar til tretti prosent av oppvarmingseffekten i Arktis. Noreg har tatt i bruk mange verkemidler som reduserer utslepp av svart karbon og som fortsatt vil ha verknad. Noreg har hatt ei pådrivarrolle for å få landa med størst utslepp med på eit kollektivt mål for reduksjon av svart karbon.

Noreg har sidan hausten 2014 sete i styringskomiteen til Koalisjonen for klima og rein luft (Climate and Clean Air Coalition, CCAC). Koalisjonen vart skapt i 2012 og har no over 100 land og organisasjonar som medlemmar. I koalisjonen har Regjeringa vore særleg engasjert i å redusere utslepp av metan og sot frå olje og gassektoren, og i å framheve helsegevinstane av utsleppsreduksjonar.

I oktober 2016 vart det vedteke å fase ned produksjon og forbruk av hydrofluorkarbon (HFK) under Montrealprotokollen. HFK-gassar blir nytta som erstatning for fleire av dei ozonreduserande gassane, og er sterke klimagassar, men dei fleste HFK-gassene har kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2.

Boks 7.2 Nedfasing av hydrofluorkarbon under Montrealprotokollen

På det 28. partsmøtet under Montrealprotokollen i oktober 2016, i Kigali, Rwanda, vart det vedteke å regulere dei sterke klimagassane hydrofluorkarbon (HFK) under Montrealprotokollen. Vedtaket, som har fått navnet Kigali-endringane (Kigali Amendment), vil ifølgje FNs miljøprogram bidra til at vi unngår opp til 0,5°C oppvarming innan 2100.

Noreg og fleire andre land har lenge sett på regulering av HFK under Montrealprotokollen som det mest effektive verkemidlet for å stanse den raskt aukande globale veksten i bruken av desse gassane. Det globale forbruket av HFK har sidan midten av 1990-åra auka raskt som følgje av at HFK-gassar er blitt tekne i bruk som erstatning for ozonnedbrytande gassar, og på grunn av generell velstandsutvikling. Framskrivingar frå det tekniske og økonomiske panelet under Montrealprotokollen viser at utan iverksette tiltak ville auken ha ført til årleg forbruk tilsvarande seks mrd. tonn CO2-ekvivalentar innan 2050. Utviklingslanda har allereie ein høgare bruk av HFK-gassar enn dei industrialiserte landa, og det meste av veksten i forbruk er venta å finne stad i desse landa.

Montrealprotokollen har universell oppslutning og alle land har påteke seg forpliktingar. Kigali-endringane inneber at partane forpliktar seg til gradvis å redusere forbruk og produksjon av HFK. Nedfasingstakten er ulik for utviklingsland og industriland, og visse land har fått unntak blant anna i form av ei forseinka nedfasing. I samsvar med Kigali-endringane er Noregs første reduksjonsforplikting å redusere forbruket av HFK med 10 pst. innan 2019. Sjå Prop. 103 S (2016–2017) «Om samtykke til ratifikasjon av endringaer av 15. oktober 2016 i Montrealprotokollen om stoff som reduserer ozonlaget av 16. september 1987», for meir informasjon.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er på om lag 4,2 mrd. kroner i 2018. Tabellen under syner at dette er ein reduksjon på 12 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2017.

Budsjettmidlar til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging, artsprosjektet og liknande) er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1420

Miljødirektoratet

3 345 306

4 602 910

4 025 524

-12,5

1422

Miljøvennleg skipsfart

6 126

5 322

5 438

2,2

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

14 282

15 586

16 735

7,4

1424

MAREANO

23 704

38 585

39 429

2,2

1425

Vilt- og fisketiltak

82 915

87 793

95 309

8,6

Sum kategori 12.20

3 472 333

4 750 196

4 182 435

-12,0

Kap. 1420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

591 370

667 766

666 264

21

Spesielle driftsutgifter

179 827

225 072

243 020

22

Statlege vassmiljøtiltak

273 305

297 552

245 964

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

133 263

148 941

137 162

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

41 992

32 460

32 460

31

Tiltak i verneområde, kan overførast

60 911

74 419

74 419

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

4 598

5 222

3 006

33

Statlege tileigningar, nytt vern, kan overførast

354

9 062

5 062

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

96 732

52 650

35

Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

390 055

442 112

392 612

37

Skogplanting, kan overførast

1 170

14 375

10 375

38

Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast

4 027

23 625

20 625

39

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

6 291

12 483

12 483

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

6 758

156 920

106 920

63

Returordning for kasserte fritidsbåtar

20 000

64

Skrantesjukeprøver frå fallvilt

1 700

65

Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

20 000

69

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

41 251

271 562

96 962

70

Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

24 089

54 755

34 755

71

Marin forsøpling, kan overførast

15 261

35 290

20 290

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

104 640

148 892

140 892

73

Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

65 079

70 051

70 051

74

CO2-kompensasjonsordning for industrien

497 897

671 284

496 041

75

Utbetaling av vrakpant, overslagsløyving

412 190

731 760

701 518

76

Refusjonsordningar, overslagsløyving

87 550

76 042

119 462

77

Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

12 455

14 416

14 416

78

Friluftsformål, kan overførast

157 578

181 821

179 821

79

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

844

450

450

81

Naturarv og kulturlandskap, kan overførast, kan nyttast under post 21

25 986

48 261

51 261

82

Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast

51 323

74 989

40 455

84

Internasjonalt samarbeid

4 832

4 964

4 964

85

Naturinformasjonssenter, kan overførast

53 678

55 714

62 114

Sum kap. 1420

3 345 306

4 602 910

4 025 524

Midlane under budsjettkapitlet er retta mot alle resultatområde med unntak for resultatområde Kulturminne og kulturmiljø.

Miljødirektoratets rolle og oppgåver

Miljødirektoratet er Klima- og miljødepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan klima, naturforvalting, forureining og friluftsliv. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, hindre forureining og leggje til rette for friluftsliv. Dette betyr mellom anna å leggje til rette for å ta vare på naturen, berekraftig bruk og verdiskaping.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale miljømåla gir hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Etaten sine funksjonar er å skaffe og formidle miljøinformasjon, utøve forvaltingsmynde, styre og rettleie regionalt og kommunalt nivå, gi faglege råd og delta i internasjonalt miljøarbeid.

Arbeidet som Miljødirektoratet utfører er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal klima- og miljøpolitikk, og å få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med tiltaksanalysar for reduksjon i klimagassutslepp, utvikling og drift av klimagassrekneskapen, overvaking av klimaendringar og verknader av klimaendringar på naturmangfald. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing, og Miljødirektoratet er departementets fagetat på dette området.

På naturforvaltingsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med å sikre ei kunnskapsbasert forvalting der økosystema har god tilstand og leverer økosystemtenester, etablering og forvalting av verneområde og forvalting av truga arter og naturtypar, under dette etablering og forvalting av prioriterte arter og utvalte naturtypar. Andre viktige oppgåver er forvalting av rovvilt, vassforvalting, heilskapleg havforvalting, marin naturforvalting og forvalting av villaks, innlandsfisk, villrein og anna haustbart vilt. På same måte som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under Konvensjonen om biologisk mangfald. Direktoratet er Noregs nasjonale kontaktpunkt for det internasjonale naturpanelet (IPBES), og koordinerer alle prosessar knytt til naturpanelet sitt arbeid. Ei teknisk støtteining for kapasitetsbygging er etablert i Miljødirektoratet.

Etaten medverkar vidare til at omsynet til langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved arealplanlegging etter plan- og bygningslova.

Statens naturoppsyn er ein del av Miljødirektoratet, og har med heimel i lov om statlig naturoppsyn ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden og oppsyn med at reglane i miljølovgivinga blir følgde. Statens naturoppsyn er òg kompetansemiljø for gjennomføring av skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområda.

Tilrettelegging for friluftsliv, motivering av befolkninga til å utøve friluftsliv og sikring og forvalting av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet samordnar det sektorovergripande arbeidet på forureiningsområdet, og samarbeider med sektorane om faktagrunnlag, analysar og videreutvikling av tiltak og verkemiddel. Viktige oppgåver på forureiningsområdet er arbeidet med å redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, arbeidet for å reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre forureining i vassdrag og langs kysten, å førebyggje og hindre oljeforureining, å redusere luftforureiningar og å auke ressursutnyttinga og redusere miljøproblem knytte til avfall. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid på desse områda. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobasert tilsyn.

Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg, og rapporterer dette fortløpande til resten av miljøforvaltinga, andre sektorar og allmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no. Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos fylkesmannen.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten dekkjer løns- og driftsutgifter til verksemda ved Miljødirektoratets to hovudkontor i Trondheim og Oslo, og dei lokale kontora til Statens naturoppsyn rundt omkring i landet. Meir spesifikt dekkjer posten løn til faste og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon, formidling og drift av miljøinformasjonssystem og ulike nettstader. Posten dekkjer òg drift av CO2-kompensasjonsordninga, jf. omtale under post 74 og klimasatsordninga. For ei vidare utgreiing om kva slags føremål løyvinga går til, viser vi til omtala under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» over.

Utgifter knytte til oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420 post 01.

Samla sett er posten redusert med 1,5 mill. kroner. Til å dekkje kostnadene ved lønsoppgjeret i staten i 2017 er det lagt inn 4,9 mill. kroner. Til posten er det flytt 4 mill. kroner frå kap. 1420 post 37 til Fylkesmannens driftsutgifter ved arbeid med skogplanting. Som ei oppfølging av vedtak i revidert nasjonalbudsjett 2017 (jf. Prop. 129 S og Innst. 401 S (2016 – 2017)) er løyvinga auka med 3,3 mill. kroner til ekstrakostnader i Statens naturoppsyn i arbeidet med ulv. I samband med at Miljødirektoratet tek over ansvaret for fleire IT-system i dei andre miljøetatane, er det lagt inn 3 mill. kroner. Som prisjustering har posten fått 2,9 mill. kroner.

Som ei oppfølging av vedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 om å føre over ansvaret for naturvegleiarane frå Statens naturoppsyn til naturinformasjonssentra, er 6,4 mill. kroner flytt frå posten til kap. 1420 post 85. Som del av ei generell innsparing for å få midlar til nye føremål i statsbudsjettet er posten redusert med 4,5 mill. kroner. I tillegg er det teke ut 3,6 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Vidare er det overført 3 mill. kroner til kap. 525 Fylkesmannsembeta under Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å dekkje løn til verneområdeforvaltarar. Posten er redusert med 0,9 mill. kroner i samband med justering av beløp knytt til omlegging av budsjettering av pensjonsutgiftene i staten. Som følgje av utrekna innsparinger i den statlege miljøforvaltinga ved bruk av digital post er posten redusert med 0,6 mill. kroner. I samband med overgang til Direktoratet for Økonomistyring (DFØ) for lønstenester, er det overført 0,6 mill. kroner til DFØ.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4420 post 01.

Rapport 2016

Av rekneskapsførte utgifter i 2016 vart 71 pst. nytta til løn. Resten gjekk til husleige, energi, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kompetanse- og organisasjonsutvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten finansierer tiltaksretta forvaltingsoppgåver innan resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten finansierer fleire av direktoratet sine oppgåver innan klima. Dette gjeld for eksempel arbeid knytt til FNs klimapanel (IPCC), utvikling og drift av klimarekneskapen, utgreiing for å støtte etatens arbeid med tiltak mot klimagassutslepp og kortlevde klimadrivarar, restaurering av våtmark, utvikling av verktøy for lokal klima- og energiplanlegging og utvikling av verktøy for å rekne ut lokal luftkvalitet. Posten dekkjer òg finansiering av ulike oppgåver innan klimatilpassing, støtte til Klimaservicesenteret, pilotprosjekt og andre tiltak for auka kunnskap og kompetanse.

Posten dekkjer kostnadene med prosess før gjennomføring av verneplanar som er vedtekne av Stortinget. Dette gjeld skogvern der direktoratet finansierer noko av fylkesmannens arbeid, og delar av arbeidet med marint vern der etaten finansierer utgreiing av kunnskapsgrunnlaget og fylkesmannens arbeid. Utgifter til innhenting av kunnskap og arbeidet til lokale partar knytt til lokalt initierte nasjonalparkforslag blir òg finansierte frå denne posten. I tillegg dekkjer posten fylkesmennene og nasjonalparkstyra sitt arbeid med utarbeiding av forvaltingsplanar, kostnader til nasjonalparkstyre og tilsynsutval, og innføringa av merkevare- og besøksstrategi for nasjonalparkane og andre verneområde.

Tenestekjøp av oppsynsoppgåver som Statens naturoppsyn gjer hos Fjellstyra blir dekte over posten. Det samla tenestekjøpet frå Statens naturoppsyn til Fjellstyra blir dekt frå fleire postar under Klima- og miljødepartementets budsjett og omfattar òg andre operative feltoppgåver som tiltak i verneområde og skadedokumentasjon i samband med rovdyrtap og naturovervaking. Dette er oppgåver som dels er styrt av hendingar og dels av konkrete bestillingar frå forvaltinga og nasjonalparkstyra, og er varierande med omsyn på årleg omfang og geografisk område. Miljødirektoratet vil som i tidlegare år kjøpe slike tenester etter behov og tilgjengeleg budsjettramme.

Posten dekkjer også ymse utgifter knytt til nasjonal koordinering av Skjergardstenesta, og utgifter knytt til arbeidet med kartlegging og verdisetting av friluftslivsområde.

I samband med forvalting av rovvilt dekkjer posten drift av nasjonalt fagråd for overvaking av rovvilt og møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene. Posten dekkjer òg ordningar for vaktberedskap hos fylkesmennene og utviklingstiltak som er prioriterte av dei regionale rovviltnemndene.

Posten dekkjer utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar og faggrunnlag for truga arter og naturtypar, under dette innhenting av naudsynt kunnskap og utreiingar. Midlane vert òg nytta til tenestekjøp knytt til rådgiving om skjøtsel og forvalting av truga artar og naturtyper. Tiltaka vert finansierte over post 82 Tilskot til truga arter og naturtypar. Posten dekkjer vidare tenestekjøp knytt til Naturindeks for Noreg.

Fagsystem for nasjonal styring og rapportering, og oppfølging av forpliktingar i internasjonale konvensjonar, som Bernkonvensjonen og Ramsarkonvensjonen, blir òg dekte av posten.

Posten finansierer utvikling og drift av handlingsplanar mot framande arter. Avtala med Vitskapskomiteen for mattryggleik om risikovurderingar knytte til innførsel av framande organismar, genmodifiserte organismar og mikroorganismar vert òg dekt over posten.

Posten blir brukt til kjøp av spisskompetanse for å vurdere helse- og miljøfare ved stoff som Noreg foreslår for reguleringar i EU og globalt. Den blir òg brukt til å få fram betre kunnskap om ulike kjelder til spreiing av miljøgifter, som eit ledd i å nå dei nasjonale måla på miljøgiftområdet, og til å sikre eit brukarvennleg elektronisk system for deklarering av kjemikaliar til Produktregisteret.

På avfallsområdet dekkjer posten utgifter til utgreiingar, og til å utvikle og drifte refusjonssystemet for spillolje. Vidare dekkjer posten utgifter direktoratet eventuelt får ved å måtte fjerne eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Samla sett er posten auka med 17,9 mill. kroner.

Som ei oppfølging av omdisponering i revidert nasjonalbudsjett 2017 (jf. Prop. 129 S og Innst. 401 S (2016 – 2017) er det av omsyn til riktig budsjettering flytt 22 mill. kroner frå kap. 1420 post 82 til post 21. Midlane vil framleis bli brukte til arbeidet med truga arter og naturtypar. Som ei anna oppfølging av revidert nasjonalbudsjett er det lagt inn 4,1 mill. kroner til å følgje opp arbeidet med merking av ulv.

Posten har fått ei prisjustering på 5,7 mill. kroner. Til utgreiing av betydninga av predatorer for laksebestandene i Tanavassdraget i samsvar med uttaler frå energi- og miljøkomiteen i Innst 228 S (2016 – 2017) og forsking og kunnskapsinnhenting om bestandsutviklinga i Tanavassdraget (inklusiv tradisjonell kunnskap), er det til saman lagt inn 1,5 mill. kroner. Til utvikling av standardiserte pålegg for miljøforbetring i regulerte vassdrag er det lagt inn 1 mill. kroner.

Direktoratets midlar til arbeidet som delsekretariat for det internasjonale naturpanelet er styrkt med 1 mill. kroner. Likeins er det lagt inn 1 mill. kroner til styrkt oppsyn med motorferdsel i utmark på land og i vatn. Til utgreiing av skilnader i terrengslitasje og andre forstyrringar frå bruk av sykkel vs. ferdsel til fots, er det lagt inn 1 mill. kroner. Prosjektet skal òg omfatte forskjellar mellom el-syklar og vanlege syklar når det gjeld terrengslitasje og forstyrrelsar.

Det er lagt inn 1 mill. kroner til vidareutvikling av ekspertrådet for økologisk tilstand sine tilrådingar. Til utviding av forsøk med partssamansette verneområdestyrer, inkludert følgjeevaluering, er det lagt inn 0,3 mill. kroner.

Som ei oppfølging av vedtak i revidert nasjonalbudsjett 2017 er det flytt 5 mill. kroner til arbeidet med europeiske villreinregionar under kap. 1420 post 81. Midlane vart lagt inn på post 21 i budsjettforliket for 2017, men er flytt fordi midlane vil bli brukte som tilskot under programmet «Villreinfjellet som verdiskapar».

For å gjere plass til andre prioriteringar i statsbudsjettet er posten redusert med 1,5 mill. kroner. Som del av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er posten redusert med 1,1 mill. kroner.

Som frå kap. 1420 post 01 er det også frå 21-posten overført 3 mill. kroner til kap. 525 Fylkesmannsemba under Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å dekkje løn til verneområdeforvaltarar. Vidare er det flytt 2 mill. kroner knytt til arbeidet mot framande arter til kap. 1400 post 76 fordi ein større del av midlane mot framande arter vil bli brukte som tilskot.

Etter avslutta periode er følgjande midlar tekne ut: 1,5 mill. kroner til tiltaket «Kommunikasjon: Mer målrettet på nett», 1 mill. kroner til utarbeiding av kvalitetsnorm for villrein, 1 mill. kroner til handlingsplan for sjøfugl, 1 mill. kroner på utgreiing av tiltak for å bevare økosystem, 0,8 mill. kroner til overvaking av ferdsels- og trafikkutvikling på Hjerkinn, 0,75 mill. kroner på utgreiinger for avgrensa fylkesvis suppleringsvern, 0,5 mill. kroner til prosesskostnader for nasjonalparkane Jomfruland, Raet og Hjerkinn, 0,5 mill. kroner på betre og likare motsegnspraksis hos fylkesmann og fylkeskommune (det står framleis inne 0,5 mill. kroner til betre motsegnspraksis i energisaker) og 0,5 mill. kroner til arbeid opp mot EUs regelverk for livsløpsanalysar og grøne produkt.

Rapport 2016

Midlane på posten blei i 2016 nytta til tiltak knytte til forvalting av nasjonalparkar og andre verneområde, bekjemping av framande arter, forvalting av truga arter og utvalde naturtypar og rovvilt, og arbeid knytt til klima og forureining.

Ein del av midlane er òg nytta til kjøp av naturoppsynstenester. Om lag ein tredel av løyvinga på posten vart fordelt vidare til fylkesmennene til bruk i dei einskilde fylka.

Post 22 Statlege vassmiljøtiltak

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

22.1

Kalking

90 177

95 164

84 320

22.2

Anadrom laksefisk

113 574

100 300

72 907

22.3

Generell vassforvalting

69 554

102 088

88 737

Sum post 22

273 305

297 552

245 964

Midlane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten dekkjer ulike vassmiljøtiltak som ikkje er tilskot, under dette midlar til kalking, bevaring og forvalting av viltlevande anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) og heilskapleg vassforvalting. Tilskot til same føremål blir dekte over post 70.

Samla sett er posten redusert med 51,6 mill. kroner. Endringane blir forklarte under den einskilde underposten.

Underpost 1 dekkjer kjøp av kalkingstenester. Den del av kalkingsmidla som ligg på 22- posten er redusert med 0,4 mill. kroner som del av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Underpost 2 dekkjer tiltak og forsking og utvikling knytt til forvalting av anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, bevaring i genbank og styrking av kunnskapsgrunnlaget.

Midlane på underposten er samla sett reduserte med 37,6 mill. kroner. Investeringsmidlar på 19 mill. kroner er tekne ut i samband med at fiskesperra i Driva vart ferdigstilt i 2017. Som omtala i samband med revidert nasjonalbudsjett under kap. 1420 (jf. Prop. 129 S (2016 – 2017)), legg regjeringa til grunn at dei 10 mill. kroner Stortinget løyvde i budsjettforliket 2017 til laksetrapper i Vefsna, var eit eingongstiltak. Underposten er i 2018-budsjettet derfor redusert med dette beløpet. Som ei oppfølging av at regjeringa tok ut investeringsmidlar til ny genbank for Hardangerlaksen i 2017-budsjettet, er det teke ut 4 mill. kroner til drift av genbank og innsamling av genetisk materiale frå fiskebestandane.

Underposten er vidare redusert med 2 mill. kroner fordi det er venta at evalueringa av ordninga med nasjonale laksevassdrag og –fjordar skal vere ferdig i løpet av 2017. Det same gjeld dei 2 mill. kroner som i 2017-budsjettet var sett av til reparasjon og oppgradering av genbankene på Haukvik og Herje. Som del av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er underposten redusert med 0,6 mill. kroner.

Underpost 3 omfattar midlar til heilskapleg vassforvalting etter vassforskrifta og anna generell vassforvalting. Frå denne posten blir det òg fordelt midlar til vassregionstyresmaktene og arbeidet i vassområda.

Samla er underposten redusert med 13,6 mill. kroner. For å gjere plass til andre prioriteringar i statsbudsjettet, er posten redusert med 13,1 mill. kroner. Som del av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er underposten redusert med 0,5 mill. kroner.

Underpost 3 skal òg dekkje tiltak knytt til storaure. Tiltak mot krypsiv blir ført vidare med 3,5 mill. kroner.

Rapport 2016

Miljødirektoratet og fylkesmannen brukte 273 mill. kroner til ulike statlege vassmiljøtiltak i 2016. Om lag 32 pst. av midlane har vore nytta til kalking av vassdrag. Om lag 45 pst. har vore nytta til forvalting av og tiltak for å ta vare på anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Om lag 23 pst. av midlane er nytta til generell vassforvalting.

Kalking

Tilførsla av sur nedbør er sterkt redusert sidan toppnivåa på 1980-talet, men den positive utviklinga flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 8 pst. av arealet i Noreg skadd av forsuring, og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen.

Totalt blir 22 lakseførande elvar i Noreg kalka. I dei elvane der laksen har gått tapt grunna sur nedbør er det etablert nye laksestammer. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 40–60 tonn (12–15 pst. av all laks fanga i norske elvar). Rapportar om kalkavslutning i lokale prosjekt blir følgde opp. Oppfølging av Plan for kalking av vassdrag i Noreg 2016 – 2021 starta i 2016. I tillegg til den vanlege drifta blei det tildelt ekstra midlar til optimaliseringstiltak i Agder og Rogaland, mellom anna til nye kalkningsdoserarar og flytting av doserarar.

Anadrom laksefisk

Tiltak mot Gyrodactylus salaris og bevaring av stammer i genbank er gjennomført som planlagt i Skibotnregionen. Behandlingane av Lærdals-, Vefsn- og Raumaregionane blei følgt opp med blant anna oppbygging av dei opphavlege fiskestammene frå genbank. Planleggingsarbeidet i Drammensregionen blei starta opp. Arbeidet med å byggje fiskesperre i Driva blei gjennomført i tråd med revidert framdriftsplan. Detaljplanlegging av ein ny genbank for bestandane i Hardangerfjorden viste at prosjektet blei meir omfattande enn venta. Nye kostnadsoverslag i 2016 viste ein kostnadsauke på over 50 pst. i høve til tidlegare overslag. Det blei derfor ikkje rom i budsjettet for å byggje genbanken.

Løyvinga er òg brukt til arbeidet med Tana og til forhandlingar med Finland. Innsatsen på bestandsovervaking av villaks er auka, og eit opplegg for særskilt overvaking på sjøaure er starta opp. Kunnskapsgrunnlaget for forvalting av laks er styrkt, mellom anna gjennom klassifisering av fleire laksebestandar etter kvalitetsnorma i regi av Vitskapeleg råd for lakseforvalting.

Generell vassforvalting

Midlane til arbeidet med generell vassforvalting har vore prioritert til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking og utvikling av klassifikasjonssystemet), og til ferdigstilling av regionale vassforvaltingsplanar og tilhøyrande tiltaksprogram. Det blei sett i gang ny overvaking, særleg knytt til store innsjøar og miljøgifter, og auka overvaking av grunnvatn.

Oppfølging av sektoransvaret i regulerte vassdrag har vore prioritert – med eit spesielt fokus på gjennomgang av dei godkjende vassforvaltingsplanane og gjennomføring av tiltak.

Post 23 Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

Løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet har ved gebyrfinansiert verksemd og til utgifter ved oppdrag finansierte frå andre instansar. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima.

Posten er samla sett redusert med 11,8 mill. kroner. Posten er redusert med 15,4 mill. kroner grunna reduserte inntekter under kap. 4420. Posten er også redusert med 0,4 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. På motsett side er posten auka med 4 mill. kroner i prisjustering.

Direktoratet utfører med heimel i fleire forskrifter oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinar betaler. Utgiftene til desse oppgåvene er budsjetterte til om lag 40 mill. kroner, mens inntektene er om lag 38 mill. kroner. Sjå nærare forklaring under kap. 4420 post 04 der inntektene blir førte.

På same vis utfører fylkesmennene oppgåver i samband med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. gebyrinntekter under kap. 4420 post 06 anslått til 29 mill. kroner. Inntektene blir tilbakeførte til fylkesmennene.

Til utgiftene ved kontroll og verifisering av kvotepliktige verksemder er det i samsvar med EUs reglar knytt til gebyr som er førte under kap. 4420 post 07, anslått til 8 mill. kroner.

Omfanget av arbeid knytt til gebyrrelatert verksemd på naturforvaltingsområdet er venta til om lag 5 mill. kroner, jf. inntekter under kap. 4420 post 08.

Posten dekkjer òg utgifter anslått til 50,6 mill. kroner ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420 post 09, hovudsakleg frå andre statsinstansar.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420 postane 04, 06, 08 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Rapport 2016

Om lag 23 mill. kroner av midlane vart i 2016 nytta av fylkesmennene, i hovudsak knytt til gebyrfinansierte tiltak på forureiningsområdet. Utgifter til internasjonal verksemd var om lag 47 mill. kroner. Ein vesentleg del av desse vart nytta til løn og direkte kostnader.

Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde, kan overførast

Midlane på posten er retta mot resultatområde Friluftsliv. Midlane blir nytta til statleg sikring av nye friluftslivsområde, anten ved offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale med grunneigar).

Kommunane og dei interkommunale friluftsråda kan søkje Miljødirektoratet om økonomisk medverknad til sikring av viktige friluftslivsområde. Miljødirektoratet kan òg i samarbeid med kommunane overta friluftslivsareal frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i si verksemd. I tillegg kan kommunale friluftsområde vederlagsfritt bli omgjort til statleg sikra friluftslivsområde, dersom områda tilfredsstiller kriteria for statleg sikring. Slike område blir tinglyste som statleg sikra friluftslivsområde.

Midlane på posten kan òg nyttast til grunnleggjande istandsetjingstiltak i samband med at nye område blir sikra, til dømes oppføring av toalettbygningar eller opparbeiding av tilkomst. Midlane på posten kan òg nyttast til istandsetting av statleg eigde bygningar på dei sikra områda, under dette utarbeiding av forvaltingsplanar og istandsetjing av freda bygningar på sikra område.

For friluftsområde med nasjonal og regional bruk kan staten medverke med inntil 100 pst. av kostnadane, for område med i hovudsak lokal bruk med inntil 50 pst. av kostnadene. Friluftsområde i og ved store befolkningskonsentrasjonar, under dette område i nærmiljøet, landfaste område i kystsona med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala og sentrale område ved innlandsvassdrag er prioriterte i sikringsarbeidet.

Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller som kan nyttast i friluftslivssamanheng i området.

Midlane på posten kan òg dekkje utgifter knytte til dei sikra områda, som for eksempel grenseoppgangar, frådelingar og tinglysingar. Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført, og at statens vilkår er oppfylte.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2016

Det vart sikra 32 nye friluftslivsområde gjennom statleg medverknad med midlar frå post 30 i 2016. Om lag 80 pst. av områda kan definerast som nærområde til der folk bur. Områda som vart sikra i 2016 ligg i 12 ulike fylke. Dei siste åra er det i langt større grad enn tidlegare blitt sikra friluftslivsområde i nærleiken av bustadområde. Desse områda har høgare sikringskostnader enn område utanfor bustadområda. Det er både kommunar og interkommunale friluftsråd som har initiert desse sikringsprosessane, og som vil stå for vidare drift og tilsyn i områda framover.

I tillegg til gjennomført sikring, søkte kommunar og friluftsråd om statleg medverknad til å sikre nye område, og 35 nye område vart innvilga i 2016. Kommunane og friluftsråda arbeider no med å få gjennomført sikringa av desse, og med tilrettelegging av areala.

Post 31 Tiltak i verneområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter og andre typar tiltak i verneområde. Midlane går til tiltak som er naudsynte for å ta vare på verneverdiane, inkludert utgreiingar som er naudsynte før tiltak, informasjonstiltak og skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur i verneområda. Midlane nyttast også til informasjonstiltak i alle typar av verneområde i samband med ny merkevare for Noregs nasjonalparkar og til utarbeiding av besøksstrategiar for nasjonalparkar og andre verneområde med store besøkstal eller særskilde utfordringar. Alle tiltak skal vere i tråd med godkjent forvaltings-/skjøtselsplan for verneområda og andre relevante styringsdokument.

Posten blir også nytta til båtinvesteringar for Statens naturoppsyn. Grunna alder og slitasje har Statens naturoppsyn behov for utskifting og fornying av båtar for å tilfredsstille krav til eiga sikkerheit og stabil drift. Regjeringa foreslår til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) ei bestillingsfullmakt under posten på 3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Om fordeling av midlar og oppsyn til det einskilde verneområdet

Forvaltingsstyresmakta skal melde inn behov for midlar til forvaltings- og skjøtselstiltak i verneområda direkte til Miljødirektoratet, som tildeler midlane ut i frå postformål og budsjettramme. Forvaltingsstyresmakta skal sjølv disponere og prioritere bruken av dei tildelte midlane, og bestemmer kven som skal gjennomføre tiltaka. Midlane skal nyttast i samsvar med nasjonale føringar.

Behovet for og prioritering av oppsyn i verneområda blir drøfta mellom forvaltingsstyresmakta i det enkelte verneområde og Statens naturoppsyn. Dei skal òg drøfte kva for tiltak i vedtekne forvaltings- og skjøtselsplaner forvaltingsstyresmakta ønskjer at Statens naturoppsyn skal gjennomføre på deira vegne. Der det er hensiktsmessig bør oppsynsoppgåver utførast av det lokale fjelloppsynet. Det er ein føresetnad at Statens naturoppsyn sine oppgåver og aktivitetar i verneområda vert samordna med tildelinga av midlar til tiltak i verneområda slik at det blir ein effektiv bruk av dei samla ressursane til tiltak i verneområda.

Rapport 2016

Midlane er brukt til tiltak og investeringar for å ta vare på og halde ved lag verneverdiane i verneområde over heile landet. Mange hundre slike tiltak gjennomførast kvart år. Tiltaka er prioriterte først og fremst i verneområde der verneverdiane er truga. Rydding og slått i areal som er i ferd med å gro att grunna endra arealbruk og uttak av framande arter som sitkagran, rynkerose og mink er eksempel på tiltak som er gjennomførte.

Skjøtsel er aldri eingongstiltak, og tiltaka må alltid følgjast opp. I Sølendet naturreservat på Røros er myrslått gjennomført i over 40 år, og tiltaksmidlar blir her nytta årleg til skjøtselsarbeidet som følgjer planen for området. Slått i kulturlandskap i Utladalen landskapsvernområde kan òg stå som eit døme på årleg skjøtsel av kulturmark i verneområda.

Kampen mot framande arter i verneområda held fram, og bland dei konkrete tiltaka som blei gjennomførte i 2016, kan nemnast uttak av gran i Flostranda naturreservat i Sogn og Fjordane. I Oksøy-Ryvingen og Flekkefjord landskapsvernområde blei sitkagran hogd på holmar og øyer der den fortrenger den truga naturtypen kystlynghei.

I Ånuglo naturreservat i Hordaland blei fase ein av eit omfattande skjøtselsprosjekt gjennomført. I 2017 skal dei framande trea vere fjerna, ved hjelp av hogstmaskiner og lekter for å få ut tømmeret sjøvegen.

I Oslo og Akershus har det i mange år vore jobba med nedkjemping av mange slag framande arter i verneområda, til dømes syrin og misplar på øyane i Oslofjorden. Her har Fylkesmannen eit utstrekt samarbeid med Oslo kommune.

Tilretteleggings- og informasjonstiltak er òg prioriterte i 2016, og har omfatta mellom anna opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur. Av tilretteleggingstiltak kan nemnast: I Ålfotbreen landskapsvernområde starta utbetringa av den populære turstien frå Hope til Lavasteinen med steinlegging og bygging av steintrapper. Den gamle driftevegen inn til Storesetra i Erdalen i Jostedalsbreen Nasjonalpark blei restaurerert for meir aktiv bruk av både landbruk og friluftsliv.

Dei fire nasjonalparkane som er pilotar for arbeidet med besøkstrategiar var i 2016 inne i siste fase av arbeidet som i hovudsak var praktisk gjennomføring i felt: I Jotunheimen har tiltaksmidlar bidratt til arbeidet med innfallsporten på Sognefjellet som blir ferdigstilt hausten 2017. Dette består av gangbrua over Fantesteinvatnet, ein gangveg rundt vatnet med universell utforming og skilting, informasjonspunkt og utsiktspunkt. Tiltaksmidlane bidrar også til stitilrettelegging og revegetering ved fleire startpunkt for turar i Rondane nasjonalpark.

Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av planen for vern av fylkesvise, tematiske verneplanar slik det er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane. Løyvinga er redusert med 2,2 mill. kroner ut frå venta utbetalingar på vern vedteke i tidlegare år. Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 6,2 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2016

I 2016 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytt til erstatningar og omkostningar for Jærstrendene landskapsvernområde, Hasseltangen og Søm-Ruakerkilen landskapsvernområde, to område som sto att i verneplan for edellauvskog i Sogn og Fjordane, Oslofjordverneplanen (delplan for Telemark), og grensemerking for verneområde i Sogn og Fjordane og Troms.

Post 33 Statlege tileigningar, nytt vern, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald og omfattar alt nytt vern som ikkje er skogvern.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nytt vern utover det som er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur og St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge. Posten skal òg dekkje utgifter til gjennomføringa av marint vern, jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold.

På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av vernevedtaka, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar.

Posten er redusert med 4 mill. kroner som var lagt inn til å dekkje eingongsutgifter i 2017 i samband med vernet av nasjonalparkane Jomfruland og Raet.

Av 36 marine kandidatområde er to område (Iverryggen og Røstrevet) ikkje aktuelle for vern etter naturmangfoldlova, ettersom det ligg utanfor territorialgrensa. Tre av områda vart verna i 2013 og erstatningssakene er avslutta. Eit av områda, Transekt Skagerrak, vart verna som del av Raet nasjonalpark i 2016. Jærkysten, Gaulosen og Rødberget vart òg verna i 2016. Verneplanar for to av områda, Børgin og Skarnsundet, har vore på høyring i 2017. På bakgrunn av at det i høyringsrunden kom fram betydelege motforestillingar mot det føreslåtte vernet frå dei aktuelle kommunane, har departementet valt å stille den vidare verneprosessen i bero. Områda Ytre Hardangerfjord, Lurefjorden og Lindåsosane, Krossfjorden, Vistenfjorden, Nordfjorden, Karsøyfjorden, Kaldvågfjorden og Innhavet, Rossfjordstraumen, Rystraumen, Ytre Karlsøy og Lopphavet, er i prosess og er venta fullført i 2018. Utgiftene er utrekna til 5,2 mill. kroner og er venta utbetalt i 2018. Området Rauøyfjorden er i prosess og er venta verna i 2018. Utgiftene er utrekna til 0,4 mill. kroner og er venta utbetalt i 2019. Verneprosess for området Grandefjæra blei starta opp i 2017, og det er gitt oppdrag om igangsetjing av planarbeidet i ytterlegare seks område. For to av desse områda, Griphølen og Transekt frå Andfjorden, skal det gjennomførast konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova, og utgiftene utrekna til 2 mill. kroner pr. område er venta utbetalt i 2018. Løyvinga for 2018 med tillegg av overført beløp dekkjer behovet for midlar i 2018.

Etter lokale initiativ og som oppfølging av Innst. S. 94 (2015–2016) er det gjennomført prosessar med sikte på å vurdere vernevedtak knytt til Lofotodden i Nordland. Utgiftene til Lofotodden er anslått til 2 mill. kroner og vil i så fall komme etter 2018.

Ut frå kostnadsoverslaga er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 4,4 mill. kroner til dekning for framtidige utgifter, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2016

Miljødirektoratet sende tilråding til departementet om vern av fem marine område i 2016. Av desse vart Jærkysten, Rødberget og Gaulosen vedtekne i juni 2016. Nasjonalparkane Jomfruland og Raet vart vedtekne i desember 2016.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Posten dekkjer òg tilsvarande utgifter for Fulufjellet og Færder nasjonalparkar som er resultat av regionale/lokale verneinitiativ. Erstatningar blir i hovudsak fastsette ved minnelege avtaler. Nokre få saker går til rettsleg skjønn.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen. Det er ikkje planlagt vern av nye nasjonalparkar under denne posten i 2018, men utvidinga av Saltfjellet/Svartisen vil skje hausten 2017 eller i 2018. Løyvinga er satt til kroner 0. Eventuelle behov for utbetalingar vil bli dekte av overførte beløp frå 2017.

Det blir elles vist til post 33 som omtalar vern av nye nasjonalparkar utover dei som er fastsatt i samband med St.meld. nr 62 (1991 – 92).

Rapport 2016

Oppgjer har vore utbetalt fortløpande ettersom tilboda vert aksepterte av grunneigarar og rettshavarar gjennom minnelege avtaler, eventuelt etter nye forhandlingar. Rettsleg skjønn har vore naudsynt i få saker, men er hovudårsak til at det framleis er ein del område der erstatningssakene ikkje er avslutta.

Post 35 Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova og markalova, jf. erstatningsreglane i lovene. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova og markalova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking, utarbeiding av forvaltingsplanar når dette er naudsynt for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a.

Sidan 2013 har det vore ei stor auke i løyvinga til nytt skogvern. Løyvinga har i perioden auka frå 236,1 mill. kroner i 2013 til 442,1 mill. kroner i 2017. Dette har gjeve rom for 249 nye skogvernområder på til saman 777 kvadratkilometer. Andelen skog som er verna i Noreg er vel 4 prosent, og om lag 3 prosent av den produktive skogen er verna.

For å gjere plass til andre prioriteringar i statsbudsjettet er posten redusert med 49,5 mill. kroner i budsjettforslaget for 2018.

Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 116,4 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2016

Overførte midlar frå 2015 og løyving for 2016 er brukt i arbeidet for å nå det nasjonale målet om at eit representativt utval av naturtypar i skog skal vernast for kommande generasjonar. Hovudtyngda av utbetalingane er knytt til erstatningar i samband med frivillig vern av skog, der omlag 346 mill. kroner er utbetalt i erstatningar og vederlag. Det er utbetalt omlag 12 mill. kroner til kjøp av eigedommar frå Statskog.

Post 37 Skogplanting, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Klima.

Planting av skog på nye areal som klimatiltak, og utvikling av miljøkriterium for dette, er eitt av oppfølgingspunkta frå klimaforliket som vart vedteke av Stortinget i 2012. I 2013 konkluderte Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet (dåverande Statens Landbruksforvalting) og Norsk institutt for bioøkonomi (dåverande Skog og landskap) i ein etatsrapport med at minst 50 000 dekar kan plantast pr. år over ein 20-årsperiode, med akseptable effektar for naturmangfald og andre miljøverdiar.

Arbeidet må vere tufta på grundige faglege avvegingar mellom klima-, miljø- og næringsomsyn. Regjeringa starta derfor i 2015 ein treårig pilotfase, med mål om å hauste erfaringar med mellom anna klimaeffekt, miljøkriterium og gjennomføring før oppskalering og utvida implementering av tiltaket. Pilotfasen er leia av Miljødirektoratet, i tett samråd med Landbruksdirektoratet.

For å sikre god klimaeffekt, naturomsyn og lågt konfliktnivå omfattar pilotfasen berre (i) planting av norske treslag, (ii) planting på opne areal og areal i tidleg gjengroingsfase, (iii) planting på areal med høg produksjonsevne og der det er venta låg negativ endring i albedoeffekten og (iv) planting på areal som ikkje er viktige for naturmangfaldet (dvs. ikkje planting mellom anna i truga naturtypar, viktige kartlagde naturtypar og leveområde for raudlista arter), friluftslivsinteresser, viktige kulturhistoriske verdiar eller verdifulle kulturlandskap.

Pilotfasen vil bli avslutta i 2018 med ein evalueringsprosess der ein ser på om målsetjingane er oppnådde. Evalueringa skal blant anna vise om miljøkriteria som er nytta i pilotfasen er tilstrekkelege, og på riktig nivå, for å sikre akseptable effektar på naturmangfald og andre miljøverdiar, inkludert ved bruk av norsk gran på Vestlandet og nord for Saltfjellet. Som ledd i evalueringa skal det innhentast ei ekstern vurdering av effektar på biologisk mangfald, klima og næring. Etter pilotfasen skal det òg utarbeidast ein rapport frå arbeidet som inkluderer rettleiingsmateriale for fullskala planting. Dersom evalueringa av pilotfasen viser at planting av skog som klimatiltak er føremålstenleg, vil ein i neste fase vurdere korleis ein best kan fremje auka skogplanting.

Det vart løyva 15 mill. kroner årleg til pilotordninga i 2015 – 2017. Den praktiske gjennomføringa av pilotfasen tok til i juli 2015, og den vil avsluttast sommaren 2018 ved bruk av midlar som er overført frå tidlegare år. Frå posten er det flytt 4 mill. kroner til post 01 for prosjektleiing og administrasjon av prosjektet hos Fylkesmannen.

Rapport 2016

Pilotfasen starta i 2015, og blir leia av Miljødirektoratet saman med Landbruksdirektoratet. I 2015 blei det gjennomført eit omfattande arbeid med å utarbeide ein rettleiar for planting i pilotfasen (Miljødirektoratets rapport M-407) til bruk for pilotfylka i Rogaland, Nord-Trøndelag og Nordland. Det vart sett planter i produksjon, både eitt- og toårige. For å sikre god kommunikasjon med potensielle grunneigarar vart det laga ein informasjonsfoldar om pilotfasen (Miljødirektoratets rapport M-434), med fokus på klima, miljøkriterium og næring, og plantemetodikk for å sikre eit godt resultat. I 2016 har pilotfylka kartlagd potensielt areal for planting, og dei første plantefelta blei realisert. Frå sentralt hald har det vore prioritert å etablere rutinar for sakshandsaming i pilotfylka. Rutinane som er etablert, for eksempel tilrettelegging for praktisk handtering av tilskotsordninga i økonomisystemet ØKS og innhenting av informasjon om miljøkriteria på feltnivå, skal sikre erfaringar som mogleggjer evaluering av pilotfasen i 2018.

Post 38 Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda Klima og Naturmangfald. Posten skal dekkje utgifter til tiltak for å restaurere myr og anna våtmark, planlegging og oppfølging av desse tiltaka. Posten kan nyttast til restaurering både inne i og utanom verneområde.

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet samarbeidar om restaurering av myr og anna våtmark i perioden 2016–2020 etter ein plan dei to direktorata utarbeida i 2016. Arbeidet rettast inn slik at det medverkar til å oppfylle regjeringas målsetjing om reduserte klimagassutslepp, tilpassing til klimaendringane og betring i økologisk tilstand. Eksempel på tiltak kan vere tetting av grøfter i myr og større restaureringstiltak som remeandrering av elveløp. Kostnadseffektive tiltak skal prioriterast, og restaurering skal skje etter avtale med grunneigarar og rettshavarar.

Det ligg 3 mill. kroner til leing av prosjektet på kap. 1420 post 21.

Restaurering av myr har mellom anna til hensikt å redusere klimagassutslepp frå drenerte myrar. Tetting av grøfter fører grunnvatnet tilbake til sitt naturlege nivå og hindrar at myra sitt torvlag med høgt innhald av karbon blir ytterlegare nedbrote. Slik restaurering er ifølgje FNs klimapanel eit kostnadseffektivt tiltak for å redusere klimagassutsleppa i jordbrukssektoren på global skala. Restaurering av myr og anna våtmark kan vere eit tiltak for klimatilpassing då intakte våtmarker mellom anna kan dempe flaumtoppar. Restaurering vil òg betre den økologiske tilstanden i myr og anna våtmark, og betre og auke tilgangen på leveområde for ei rekkje truga arter.

Posten er redusert med 3 mill. kroner fordi midlane til det treårige pilotprosjektet som starta i 2015 og seinare inngikk i planen for restaurering av myr og anna våtmark, no er avslutta.

Det blir fremja forslag om ei bestillingsfullmakt under posten på 9,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2016

Samstundes med at Plan for restaurering av våtmark i Norge (2016 – 2020) blei utarbeidd, vart det i 2016 gjennomført ei rekkje restaureringstiltak i myr. Forvaltingsstyresmakta spela inn potensielle restaureringsareal til Miljødirektoratet, og med bistand frå Landbruksdirektoratet, vart det tildelt midlar til ulike prosjekt.

Døme på verneområde der det blei restaurert myr i 2016 er Storfelten naturreservat, Slattumsrøa naturreservat og Aurstadmåsan naturreservat i Akershus. I Aspåsmyran naturreservat i Møre og Romsdal finst det eit omfattande grøftenettverk, og delar av arealet vart restaurert. Rørvikvatnet naturreservat i Møre og Romsdal har Ramsar-status og er eit utfordrande område å setje i gang restaurering i. Forprosjektering blei gjennomført i 2016.

Når det gjeld restaurering av anna våtmark enn myr, kan opning av elver inn i Svennesvollene naturreservat i Oppland vere eit eksempel frå arbeid gjennomført i 2016. Posten var ny i 2016 og det tok tid å førebu og setje i gang tiltak. Derfor vart ikkje løyvingas over posten nytta fullt ut i 2017. Det er likevel srett i gang ei rekkje forprosjekter som vil utløse gjennomføring av hovedtiltak i årene framover. Midlar til både forprosjekt og gjennomføring av tiltak vert tildelt over denne budsjettposten, slik at det kvart år i planperioden kan gjennomførast restaureringstiltak i myr og anna våtmark.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

Posten er knytt til resultatområde Forureining. Utgiftene må sjåast i samanheng med midlar til same føremål under postane 69 og 79.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Vidare dekkjer posten utgifter til opprydding frå enkelte forureina lokalitetar der staten ved miljøforvaltinga er eigar. Opprydding i forureina sjøbotn gjeld i hovudsak oppfølging av 17 prioriterte område.

Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen, til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeid og til anna kunnskapsoppbygging.

Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn for arbeidet med oppryddinga og ligg til grunn for alle tre postane. Så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltinga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak, som for eksempel:

  • Der staten ved miljøforvaltinga er den ansvarlege for forureininga

  • Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding

  • Der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten kan forskottere oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant

  • Der miljøforvaltinga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling

  • Der det er naudsynt for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område

  • Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene

Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det naudsynt å kunne inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak. Ut frå behovet blir det fremja forslag om ei slik fullmakt på 30,7 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Rapport 2016

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2016 er samla under post 79.

Post 61 Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

Posten er knytt til resultatområde Klima.

Posten omfattar to tilskotsordningar: Den eine er ordninga for tilskot til kommunale klimatiltak for å kutte utslepp av klimagassar (Klimasats), som det er sett av 102,5 mill. kroner til (inkl. 2 mill. kroner til forvalting av ordninga under kap. 1420 post 01, jf. oppmodningsvedtak nr. 84 av 3. desember 2015). Den andre er ordninga for tilskot til klimatilpassingstiltak i kommunane, som det er sett av 6,4 mill. kroner til i 2018. For å gjere plass til andre prioriteringar i Statsbudsjettet er løyvinga til Klimasatsordninga redusert med 50 mill. kroner samanligna med 2017-bevilgninga. Klimasatsordningen strekkjer seg over fleire år og det blir det fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 156 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Klimatiltak (Klimasats)

Mål

Formålet er å fremje klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar ved å støtte prosjekt som bidreg til reduserte utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Kriterium for måloppnåing

Midlane skal gå til dei beste prosjekta for klimagassreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Midlane skal fortrinnsvis utløyse tiltak, men delar av midlane kan gå til planlegging og utgreiing av tiltak. Dei kan òg gå til nettverksbygging og erfaringsdeling.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til 5 ulike formål: Klimavennleg areal- og transportplanlegging, klimavennleg transportgjennomføring av tiltak, klimagassreduserande tiltak i andre sektorar, forprosjekt for klimagassreduserande tiltak og interkommunale nettverk for kompetanseheving og deling av erfaring. Detaljerte kriterium finst på www.miljokommune.no.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapport med resultat, dokumentasjon og bekrefta rekneskap. Dei ulike prosjekta har individuelle raporteringskrav og fristar slik at ein får føremålstenleg rapportering. Endringar i prosjektet blir melde inn undervegs. Langvarige prosjekt har krav om årleg delrapport. Enkelte prosjekt har også krav om etterrapportering, der dei skal gjøre greie for effektane når tiltaket har hatt noko verknadstid.

Tilskotsbeløpet blir utbetalt i etterkant av utgifter som har påløpt, og for langvarige prosjekt er det delutbetalingar på grunnlag av rekneskap.

Rapport 2016

Ordninga var ny i 2016 og tilsegnene var først gitt i oktober. Dei fleste av tiltaka strekkjer seg ut i 2017, og utbetaling skjer i etterkant i 2017 og 2018. I ordninga sitt første år mottok Miljødirektoratet søknader til meir enn 300 mill. kroner til ordninga sin tildelingspott på 98 mill. kroner. Fossilfrie anleggsplassar, elektriske bussar og klimaomsyn i arealplanlegging var noko av det som fekk Klimasats-pengar i 2016.

I 2017 er tildelingspotten på 150 mill. kroner. Miljødirektoratet mottok søknader til rundt 330 mill. kroner fordelt på 143 kommunar og fylkeskommunar. Etter ei grundig vurdering i Miljødirektoratet, råd frå fylkesmennene og dialog med andre tilskotsforvaltarar har Miljødirektoratet bestemt å støtte 170 ulike prosjekt og tiltak, og 14 interkommunale nettverk som er nye eller har utvida med fleire deltakarar i 2017. Tildelinga i 2017 omfatter 124 ulike kommunar og fylkeskommunar som får tildelt midlar til å setje i verk klimatiltak.

Klimatilpassing

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å styrkje kommunane sitt arbeid på dette området. Midlane skal nyttast til tiltak som gjer kommunane betre rusta til å møte klimaendringane. Dette omfattar kunnskap om korleis klimaendringane kan verke inn på kommunane/fylkeskommunane sine ansvarsområde, og/eller utgreiingar om kva slag tiltak kommunane må setje i verk for å møte klimaendringane.

Kriterium for måloppnåing

Midlane må brukast på tiltak som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kunnskapsoppbygging og til utgreiing av konkrete tilpassingstiltak. Midlane kan ikkje brukast til gjennomføring av fysiske klimatilpassingstiltak.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging av tilskot til klimatilpassing skjer ved at det blir følgt opp at tilskots-mottakarane nyttar midlane som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer blant anna gjennom dokumentasjon i sluttrapport innsend av tilskotsmottakar.

Rapport 2016

Der var løyvd 6,056 mill. kroner til tilskotsordninga for klimatilpassingstiltak i 2016. I underkant av 30 kommunar tok imot tilskot. Det blei blant anna gitt støtte til flaumsonekartlegging i Hemne kommune, klimatilpassing i jordbruket i vassområdet Orkla og ulike seminar og kurs om klimatilpassing.

Post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar, kan overførast

Posten er ny og oppretta for å gi tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar. Tilskot til private behandlingsanlegg blir utbetalt frå post 75. Ordninga rettar seg mot resultatområde Forureining.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å stimulere båteigarar til å levere kasserte båtar til godkjend returplass slik at fritidsbåten kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av tilskot for kostnader ved behandling ved ein kommunal eller interkommunal behandlingsplass.

Frå 2017 vert det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det vert utbetalt eit beløp på i gjennomsnitt 15 000 kroner per båt som blir levert inn til behandlingsystemet. Utbetalinga går til behandlingsanlegget.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til å auke innlevering av fritidsbåtar som skal vrakast slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte og ikkje blir slengde i naturen.

Tildelingskriterium

Tilskot til behandling av kasserte fritidsbåtar blir utbetalt til behandlingsanlegg av Miljødirektoratet. Tilskotet er i gjennomsnitt 15 000 kroner per fritidsbåt. Tilskot til private behandlingsanlegg blir utbetalte frå post 75.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet kontrollerer dokumentasjon frå behandlingsanlegget i samband med at kasserte fritidsbåtar blir behandla.

Rapport 2016

Posten var ny i 2017.

Post 64 Skrantesjukeprøver frå fallvilt

Tilskotsordninga er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Skrantesjuke er ein smittsam prionsykdom som rammar hjortedyr, og er dødeleg for dyret. I Europa er vanleg skrantesjuke tidligare ikkje funne før den nyleg vart påvist hos norsk villrein i Nordfjella villreinområde. I tillegg er ein annan variant av sjukdommen funne hos elg i Selbu. Heile bestanden i Nordfjella, sone 1, er beslutta fjerna som eit ledd i å prøve å bli kvitt sjukdommen.

Kommunens ettersøkspersonell er den gruppa som er mest i kontakt med fallvilt, og det er derfor ofte føremålstenleg at dei tek ut naudsynte prøver. Kommunen skal alltid registrere fallvilt i Miljødirektoratet sin database Hjorteviltregisteret, under dette om skrantesjukeprøve er teken. Kommunens prøvetaking av fallvilt kan føre til ekstra utgifter.

Posten er oppretta for å dekkje utgifter kommunar har i samband med kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt. Det er i tillegg lagt inn midlar under kap. 1400 post 21 til arbeidet mot skrantesjuke.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er kartlegging av mogleg spreiing av skrantesjuke.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til auka kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Tildelingskriterium

Det blir oppretta ein eigen modul i Miljødirektoratets Elektronisk søknadssenter, der kommunar kan søkje om tilskot i etterkant av den årlege rapporteringsfristen for fallvilt. Søknadssenteret hentar automatisk det talet skrantesjukeprøver som kommunen har registrert frå fallvilt i Hjorteviltregisteret. Det blir gitt ein fast sats per registrert prøve, og summen blir utbetalt som tilskot til kommunane.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll blir gjennomført av Miljødirektoratet gjennom Elektronisk søknadssenter.

Rapport 2016

Posten er ny og det eksisterer derfor ikkje rapport for 2016.

Post 65 Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

Tilskotsordninga er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten vart oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017, jf. Prop. 129 S og Innst. 401 S (2016 – 2017).

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å bidra til konfliktdemping i kommunar med ulverevir.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til konfliktdemping.

Tildelingskriterium

Ordninga gjeld for kommunar innanfor fylka Hedmark, Akershus og Østfold som har eitt eller fleire ulverevir per 1. juni 2018. Søknadsfrist er 1. september 2018, og tilskotet blir fordelt likt på kommunane.

Kommunane skal disponere tilskotet vidare på tiltak som medverkar til å oppfylle formålet med forskrifta. Kommunane skal sjølve avgjere kva konfliktreduserande tiltak som skal finansierast.

Kommunen står fritt til å disponere tilskotet og velje tiltak, under dette å tilgodesjå aktuelle berørte næringsinteresser, organisasjonar eller privatpersonar. Bruken av tilskotet skal vere relatert til den særlege belastninga av å ha eit ulverevir i kommunen.

Oppfølging og kontroll

Kommunar som blir tildelte tilskot, skal innan 1. mai 2019 rapportere til Miljødirektoratet korleis tilskotet er brukt og i kva grad bruken har medverka til måloppnåing. Miljødirektoratet evaluerer tilskotsordninga årleg.

Rapport 2016

Posten var ny i 2017 og det eksisterer derfor ikkje rapport for 2016.

Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same føremål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområde Forureining. I dei fleste område som får støtte stammar forureininga frå langt tilbake i tid og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79 er derfor naudsynte for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Reduksjonen i den totale løyvinga i 2018 på oppryddingspostane 39, 69 og 79 på om lag 175 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2017, skuldast ferdigstilling av oppryddingsprosjekta i Puddefjorden i Bergen som har ei total budsjettramme på 121 mill. kroner og Sandefjord hamn med totalt 124 mill. kroner.

Løyvinga på postane samla for 2018 vil gå til vidareføring og gjennomføring av allereie vedtekne tiltak, inkludert tiltak der det har blitt gitt finansieringstilsagn frå miljømyndigheitene, og til ei rekje mindre tiltak særleg innanfor forureina sjøbotn.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslipp av helse- og miljøskadelege stoff skal stansas.»

Tildelingskriterium

I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi, og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt òg sjølv medverke med midlar. Sjå òg omtale under kap. 1420 post 39 og 79.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og slutt-rapport innsendt av tilskotsmottakar.

Rapport 2016

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2016 er samla under post 79.

Post 70 Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70.1

Kalking

4 054

16 655

3 630

70.2

Anadrom laksefisk

11 578

20 300

13 099

70.3

Generell vassforvaltning

8 457

17 800

18 026

Sum post 70

24 089

54 755

34 755

Tilskotsordningane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.

Posten samlar alle tilskotsmidlane til ulike vassmiljøtiltak. På same vis som post 22 er delt inn i midlar til kalking, bevaring og forvalting av viltlevande anadrom laksefisk og heilskapleg vassforvalting, er post 70 delt inn etter tilskotsordningar for dei same føremåla.

For å gjere plass til andre prioriteringar i statsbudsjettet, er posten redusert med 20 mill. kroner. Reduksjonen er gjort på underpost 3.

Kalking

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å medverke til å redusere dei negative effektane av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalkingsverksemda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk, til informasjon om effektar av tiltak som er gjennomført og rettleiing om kalking i vassdrag. Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og der det kan påvisast eller er sannsynleg at skadar på naturmangfaldet skuldast forsuring. I område der tolegrensa ikkje lenger er overskriden, men der tidlegare forsuring har ført til at det opphavlege mangfaldet er borte, kan det bli gitt tilskot til å sette i stand opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gitt tilskot til naturleg sure lokalitetar. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fisket i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering eller arbeidsinnsats.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2016

Det meste av midlane under ordninga vart i 2016 brukt til kalking av innsjøar og bekkar, hovudsakleg i Agder. Det vart òg gitt tilskot til bladet «pH-status», til eit tiltak i Skiensvassdraget og til Voss klekkeri.

Anadrom laksefisk

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for bevaring og forvalting av vill anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er å medverke til å nå måla for viltlevande anadrom laksefisk.

Tildelingskriterium

Det kan gis tilskot til tiltak knytte til informasjon om og forvalting av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette bevarings- og kultiveringstiltak og til anvend FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvalting av lakse- og sjøaurebestandar. Det kan òg givast tilskot til tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgt opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2016

Midlane vart i 2016 nytta til overvakingsprogrammet for nasjonale laksevassdrag og -fjordar, forsking og utvikling innan arbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris, og informasjons- og kunnskapsformidlingstiltak. I tillegg er det gitt tilskot til tiltak i regi av organisasjonar. Samla har dette medverka til betre forvalting og styrkt kunnskapsgrunnlag knytt til anadrom laksefisk.

Generell vassforvalting

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å medverke til god økologisk og kjemisk tilstand i vatn, jf. vassforskrifta.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Lokal involvering vil òg vere eit viktig kriterium. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta og dei regionale vassforvaltingsplanane og tiltaksprogramma.

Tildelingskriterium

Tilskot kan givast til vassområde med særskilte utfordringar til tiltak der målet er god økologisk og/eller kjemisk tilstand i vatn, til tilrettelegging, organisering og informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar og til utgreiingar og andre tenestekjøp knytte til særskilte utfordringar i vassområda.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2016

Midlane under ordninga blei nytta til ulike tiltak for betring av vassmiljøet lokalt, både konkrete tiltak og kartlegging av utfordringar. Det vart gitt tilskot til tiltak over heile landet.

Det vart òg gitt tilskot til organisasjonar som har medverka i vassforvaltingsarbeidet. Samla har dette medverka til betre vassforvalting, styrkt kunnskapsgrunnlag og betre vassmiljø lokalt.

Post 71 Marin forsøpling, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Forureining. Løyvinga er redusert med 15 mill. kroner, for å opprette ei tilsegnsfullmakt på same beløp. Dette inneber at Miljødirektoratet kan gi støtte til prosjekt som varer over fleire år.

Mål

Ordninga skal gå til tiltak for å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid. Hovudfokus skal vere på strandsona og rydding av marint avfall på sjøbotnen. Prinsippet om at forureinar betaler skal liggje til grunn for arbeidet. Opprydding der det finst ein ansvarleg for avfallet er ikkje omfatta av ordninga. I slike tilfelle kan styresmaktene gi pålegg om opprydding, og utgiftene skal dekkjast av ansvarleg forureinar.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at midlane er knytte opp mot det nasjonale målet om «Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttas best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting».

Tildelingskriterium

Det blir arbeidd med å fremje ei forskrift med kriterium for bruken av ordninga.

Tilskotsordninga prioriterer tiltak som oppfyller fleire av følgjande kriterium:

  • Prosjekt som samlar aktørar, mange deltakarar og dekkjer større geografiske område

  • Oppryddingstiltak som er retta mot lite tilgjengelege område som truleg ikkje vil bli rydda av andre, eller stader der forsøplinga medfører svært stor skade for natur og miljø

  • Førebyggingstiltak med ein målretta plan for å engasjere og involvere spesifikke sektorar eller næringar, for eksempel gjennom distribusjon av informasjons- og undervisningsmateriell

  • Metodeutvikling som medverkar til meir effektiv opprydding over heile landet

  • Søkjarar med spesiell kompetanse innanfor det omsøkte tiltaket

  • Tiltak som sikrar ein effektiv bruk av midlane med godt dokumenterte utgiftspostar

  • Tiltak som medverkar med eigenfinansiering eller medfinansiering frå andre kjelder

  • Tiltak som inneheld konkrete og realistiske/gjennomførbare planar for gjennomføring av prosjektet

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlane skjer mellom anna gjennom sluttrapport innsend av tilskotsmottakar.

Rapport 2016

Det vart i 2016 utbetalt 15 mill. kroner til 22 ulike søknader. Om lag 12,5 mill. kroner gjekk til 16 ulike prosjekt til rydding av strender og havbotn og fjerning av eigarlause kasserte fritidsbåtar, 2 mill. kroner gjekk til fire prosjekt om førebyggande tiltak og om lag 0,5 mill. kroner til tre prosjekt om metodeutvikling og innovasjon.

Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

72.1

Erstatning for husdyr

45 623

83 515

71 736

72.2

Erstatning for tamrein

59 017

65 377

69 156

Sum post 72

104 640

148 892

140 892

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Posten omfattar erstatningar for husdyr og tamrein som er drepne eller skada av rovvilt. Erstatningane kan variere frå år til år, blant anna på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving. Ut frå prinsippet om realistisk budsjettering er løyvinga redusert med 8 mill. kroner i tråd med lågare husdyrtap dei tidlegare åra.

Mål

Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.

Tildelingskriterium

Erstatningar blir utbetalte i samsvar med «Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 30. mai 2014 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjon av rovviltskadane, som gjennomførast av Statens naturoppsyn, er viktig grunnlag for erstatning. Bestandsregistreringa er òg betra dei siste åra gjennom felles metodikk mellom Noreg og Sverige, betra moglegheit for publikum til å melde inn rovviltobservasjonar og auka ressursar for Statens naturoppsyn.

Rapport 2016

Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldane reglar. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå let det til å vere ein god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak, og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje ein tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgitte forhold knytte til klima, beitegrunnlaget o.a. Dei nye tiltaka som vart innførte i 2014 for å sikre ei betre samordning av erstatning for tap av rein der reineigaren har høgre reintal enn det som er fastsett av reindriftsforvaltinga, vart førte vidare i 2016.

Post 73 Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltinga, under dette godtgjering til lokale fellingslag og tilskot til Noregs Jeger- og Fiskarforbund for rovvilttiltak som ei oppfølging av rovviltforliket av 2011. Innafor posten er det sett av 10 mill. kroner til omstillingstiltak. Det blir i tillegg fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt på 10 mill. kroner for å kunne arbeide langsiktig med omstillingstiltak, jf. forslag til vedtak VI.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Midlane skal òg nyttast til omstillingstiltak for dyreeigarar med utmarksbasert sauehald, som over eit lengre tidsrom har hatt omfattande rovviltskadar og ønskjer ei omstilling til anna næringsverksemd med tilknyting til landbrukseigedommen. Ei ny føresegn for slike tiltak vart sett i verk i 2015. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003–2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003–2004), og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010–2011)).

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak. Vidare er det eit kriterium for måloppnåing at tilskotsordninga fører til omstillingar der dette fører til reduserte tap og konfliktar.

Tildelingskriterium

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter ei føresegn fastsett i 2013, mens føresegna som omhandlar omstillingstiltak vart fastsett i 2015. Det er utarbeidd ei eiga nettside for blant anna å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengeleg for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltingsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber blant anna at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til naudsynte driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltingsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltingsorgana, blant anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår. Midlane til omstilling skal fordelast av Miljødirektoratet, etter innspel frå regionale og lokale miljø- og landbruksstyresmakter.

Auka beitebruk med sau i rovviltprioriterte område skal ikkje stimulerast. For å medverke til ei tydelegare soneforvalting skal midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak normalt prioriterast slik at det blir fokusert på besetningar som ikkje medverker til auka tal på beitedyr i rovviltprioriterte område. På same måte skal nyetablert beitebruk med sau i rovviltprioriterte område prioriterast lågt.

Oppfølging og kontroll

Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.

Rapport 2016

I 2016 vart det behandla i alt 507 søknadar om konkrete førebyggjande tiltak, og det vart behandla 266 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Det kom inn 107 søknader om akutte tiltak, og det vart gjennomført omstillingstiltak for fire bruk som hadde opplevd vesentleg rovviltskade i besetningane over fleire år. Det kan ut frå statistikk over erstatningsutbetaling for skade/tap av sau, sjå ut til at tapa går ned med ein auke i avsette midlar til tiltak. Reduksjon i tapsomfanget kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av både rovviltførekomst og prioritering av tiltak. Det er ikkje gjennomført evaluering av ordninga basert på enkelttiltak.

Ettersom det har vore særs gode erfaringar med eit system der brukarar sender søknad elektronisk, er det no òg lagt til rette for at alle rapportar kan sendast inn på same vis. Dette vil føre til ei betre oversikt over oppnådde resultatet og brukarane si vurdering av måloppnåinga ved dei einskilde tiltaka. Resultata vert publiserte på ei nettside slik at alle kan ta del i vurderingane.

Post 74 CO2-kompensensasjonsordning for industrien

Posten er knytt til resultatområde Klima.

Målet med ordninga er å kompensere norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Kompensasjonen skal redusere faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga er basert på EU-kommisjonen sine retningslinjer som opnar for statsstøtte til utvalte industrisektorar som er vurderte til å vere særleg utsette for karbonlekkasje. Den norske ordninga vart godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan ESA i september 2013.

Det årlege støttebeløpet avheng blant anna av utviklinga i kvoteprisen og blir utbetalt etterskotsvis året etter støtteåret. Dette inneber at det for støtteåret 2017 må løyvast pengar for utbetalingar i samband med statsbudsjettet for 2018. Basert på gjeldande overslag er posten redusert med 188,3 mill. kroner som følgje av lågare kvotepris. Samstundes er posten prisjustert med 13 mill. kroner.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga reduserer faren for karbonlekkasje.

Tildelingskriterium

Ordninga omfattar industriverksemder i alle 15 sektorar som i høve til EUs retningslinjer har moglegheit for støtte. Dette inkluderer blant anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling.

Ordninga gjeld ikkje for langsiktige kraftavtaler inngått før 2005. Vidare skal industrien sin eigen kraftproduksjon komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. Ordninga gjeld for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020.

Oppfølging og kontroll

Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet, som i behandling av søknadane kontrollerer om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det blir årleg rapportert om bruken av midlar til EFTA sitt overvakingsorgan ESA og til Stortinget i samband med budsjettet.

Rapport for støtteåret 2016

Fristen for å rapportere blant anna produksjonstal og elektrisitetsforbruk for 2016 var 1. mars 2017. Basert på innrapporterte tal for 2016 har Miljødirektoratet til no i 2017 utbetalt 615 mill. kroner for støtteåret 2016.

Post 75 Utbetaling for vrakpant, overslagsløyving

Ordninga rettar seg mot resultatområde Forureining. Posten er redusert med 30,2 mill. kroner, grunna nye anslag samt overføring av løyving til ny post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar, som er oppretta for å gi tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar.

Mål

Målet med vrakpantordninga er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy gir produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er ein del av kapittel 4 i avfallsforskrifta om kasserte køyretøy.

Vrakpantordninga vart i statsbudsjettet for 2017 utvida til og å gjelde nye køyretøygruppar, under dette mopedar, lette og tunge motorsyklar, og lastebilar og bubilar som tidlegare ikkje har vore omfatta av ordninga samt campingvogner. For desse kjøretøygruppene vert panten utbetalt som eit tilskot til behandlingsanlegget der eigaren får ein viss del av beløpet for å levere køyretøyet til vraking hos ein godkjend biloppsamlar. Det har vore ein rekke problemstillingar som har måtte bli utgreidd for å få et godt system på plass, og ordninga vert ventelig sett i verk utover hausten 2017.

I budsjettet for 2017 vert det òg vedteke eit ekstra tilskot på 13.000 kroner til varebileigarar som vrakar sin gamle varebil med diesel- eller bensinmotor, og samstundes kjøper ein ny nullutsleppsvarebil. Det har vore ein rekkje problemstillingar som det har vore naudsynt å utgreie, blant anna naudsynt utvikling av datasystem for å administrere utbetalingane. Systemet vil komme på plass tidleg i 2018.

Frå 2017 blir det òg utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det vert utbetalt eit beløp på i gjennomsnitt 15 000 kroner per båt som blir levert inn til behandlingsystemet. Utbetalinga går i hovudsak til behandlingsanlegget. Den enkelte båteier får utbetalt 1 000 kroner.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til auka innlevering av køyretøy og fritidsbåtar som skal vrakast slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte.

Tildelingskriterium

Vrakpanten for køyretøy blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling. Ordinær vrakpant for 2017 er 3 000 kroner. Tilskot til utskifting av varebilar blir utbetalt av Miljødirektoratet.

Tilskot til behandling av kasserte fritidsbåtar blir utbetalt til behandlingsanlegg av Miljødirektoratet. Tilskotet er i gjennomsnitt 15 000 kroner per fritidsbåt. Det er oppretta ein eigen post 63 for tilskot til kommunar til dette formålet. Tilskot til private behandlingsanlegg blir utbetalt frå denne posten.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at det kasserte køyretøyet har rett til vrakpant eller tilskot blir vrakmeldinga for køyretøy kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. For varebilar og fritidsbåtar blir dokumentasjon frå behandlingsanlegget sjekka av Miljødirektoratet. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Rapport 2016

I 2016 vart det samla inn om lag 136 000 bilvrak, som er ein liten nedgang frå året før. Det har vore ein markant nedgang i talet på vrak dei siste åra, frå 156 000 i 2013, 149 000 i 2014 til nivået i 2016. Ordninga for andre køyretøygrupper og fritidsbåtar var ikkje i drift i 2016.

Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving

Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområda Forureining og Klima. Samla er posten auka med 43,4 mill. kroner. Forventa utbetalt refusjon av avgift på hyderofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK) er 60 mill. kroner, ein auke på 35,5 mill. kroner i medhald av saldert budsjett 2017. Auken skuldast anslag om fleire leverte tankar til destruksjon. Refusjonar til spillolje vil auke med 7,9 mill. kroner i 2017 til 59 mill. kroner i 2018.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.

Tildelingskriterium

Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer med meir) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av blant anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte opp mot førehandstilsegna.

Refusjonssatsen vert fastsett årleg av Miljødirektoratet med utgangspunkt i nivået på smøre-oljeavgifta.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir teken vare på gjennom statistikk over årleg kvantum innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra, er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.

Rapport 2016

Innsamlingsgraden for spillolje (med og utan rett til refusjon) har vore stabil dei siste åra og er i underkant av 90 pst. I 2016 vart det totalt samla inn i underkant av 25.000 m3 olje som har krav på refusjon, om lag det same som året før. Det vart i 2016 utbetalt om lag 59 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,41 kroner pr. liter.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)

Mål

Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. Hydrofluorkarboner (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til luft av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege kuldemedium og mindre bruk av dei HFK/PFK-gassane som har høgast klimaverknad (globalt oppvarmingspotensiale), stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for refusjonsordninga er aktørar som har avfallsgass eller kassert utstyr som inneheld HFK- eller PFK-gass.

Tildelingskriterium

Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er levert og forsvarleg destruert.

Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3. Mengd HFK/PFK som blir samla inn og sendt til destruksjon varierer mykje frå år til år. Grunnen er at hos den einaste aktøren som nyttar ordninga blir gassen innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir den sendt til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir sendt til destruksjon utløyser om lag 10 mill. kroner i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.

Rapport 2016

I 2016 vart tre tankar med gass leverte til destruksjon med eit samla refusjonsbeløp på om lag 27,3 mill. kroner. Det vart samla inn fire tankar i 2015, tre tankar i 2014, to tankar i 2013 og fire tankar i 2012.

Innhaldet i tankane er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, då PFK-gassar er svært lite brukte i Noreg. Ressursbruken under ordninga var i 2016 retta mot dei nasjonale måla under resultatområde Klima.

Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

Posten er tredelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima. Til ordninga for frivillige miljøorganisasjonar og allmennnyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet er det sett av 5,1 mill. kroner, til ordninga for miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon er det sett av 2,8 mill. kroner og til ordninga for naturfaglege organisasjonar er det lagt inn 6,5 mill. kroner.

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett blant anna ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Ordninga omfattar tilskot til:

  • Norsk vassforeining

  • Norsk foreining mot støy

  • Tilskot til LOOP

  • Foreininga Hald Noreg Reint

  • Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja

Det er lagt inn ei auke på 1 mill. kroner til foreininga Hald Noreg Reint. Elles er det i 2018 rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som i 2017. Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot. Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar bli følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.

Rapport 2016

Midlane er brukte til grunnstøtte til drift, opplæringstiltak og informasjonstiltak og førebyggjande arbeid generelt i dei ulike organisasjonane.

Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon

Mål

Standardar for miljøleiing, produkt og tenester og miljømerking er viktige verktøy i ein førebyggjande miljøpolitikk. Standardisering inneber utarbeiding av krav og spesifikasjonar for varer, tenester, prosessar og verksemder. Miljømerking skal gi informasjon til og bevisstgjering av forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder om miljøvennlege val. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagte krav, og bidrar til redusert bruk av prioritetslistestoff. Merkeordningane er nærare omtalte i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon. Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking og Standard Noreg.

Kriterium for måloppnåing

Klima- og miljødepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med verkemiddel som fremjar prioriterte miljø- og berekraftsmål. Innan standardiseringsarbeidet er det viktig med arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for miljøleiing og klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. For miljømerking er det sentralt med utvikling av miljøkriterium slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle og vidareutvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning. Det skal òg fokuserast på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor dei områda der det er utvikla kriterium og til å gi forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på organisasjonane sine resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2016

Midlane til Stiftelsen Miljømerking er brukte til å auke kunnskapen om, kjennskapen til og aksepten av miljømerkinga si betydning.

Naturfaglege organisasjonar

Mål

Ordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innanfor naturområdet for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Det er rekna med tilskot til:

  • Foreininga Våre Rovdyr

  • Norsk Biologforeining

  • Norsk Botanisk Foreining

  • Norsk Entomologisk Foreining

  • Norsk Ornitologisk Foreining

  • Noregs Sopp- og nyttevekstforbund

  • Norsk Zoologisk Foreining

For 2018 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2017. Auken i løyvinga på 2,5 mill. kroner som Stortinget i 2016-budsjettet la inn til soppkontroll i regi av Noregs sopp- og nyttevekstforbund, er ført vidare i støtta til forbundet.

Tilskot til den einskilde organisasjonen blir utbetalt etter søknad.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2016

Midlane vart nytta til grunnstøtte til drift, informasjonsverksemd og prosjekt i dei ulike organisasjonane.

Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast

Posten er retta mot resultatområde Friluftsliv.

Det vart i budsjettforliket for 2017 løyvd 2 mill. kroner på posten til beredskapstiltak for Kjerag og Preikestolen. For å samle midlane til tilrettelegging og andre tiltak i tilknytning til stiar som har svært stor turisttrafikk, er desse midlane flytt til ordninga «Nasjonale Turiststiar» under kap. 1420 post 81.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 3 mill. kroner til anskaffingar i samband med kjøp og reparasjonar av båtar i Skjergardstenesta, jf. forslag til vedtak VI.

Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtala under.

Friluftslivsaktivitet

Tilskot til friluftslivsaktivitet har ei ramme på 52,5 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til enkelt materiell og utstyr når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:

  • Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.

  • Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.

  • Tiltak som inkluderar ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuelle målgrupper.

  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid

Personar som er lite fysisk aktive, barn, unge og barnefamiliar og personar med nedsett funksjonsevne er prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2016

Totalt vart det i 2016 gitt 55 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 27,5 mill. kroner direkte frå Miljødirektoratet, mens lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 27,5 mill. kroner frå fylkeskommunane. Totalt kom det inn 812 søknader om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var på 95 mill. kroner.

Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til deltaking i friluftslivsaktivitetar, til dømes personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg, og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminne. Eksempel på tiltak som fekk tilskot frå Miljødirektoratet er Friluftsrådas Landsforbund sine prosjekt «Læring i friluft» og «Friluftsliv og folkehelse – kommunesamarbeid», og Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Friluftslivets veke». Det er òg gitt tilskot til Noregs sopp- og nyttevekstforbund til «Soppens dag», til Norsk Botanisk foreining sitt arrangement «Villblomstens dag», til Noregs Jeger- og Fiskerforbund sitt rekrutteringsprosjekt «Ungdom og laksefiske» og til Raudekrossen sitt aktivitetstilbod «Friluft som nettverksbygger».

Friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn

Ordninga har ei ramme på 10 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn, og gjennom dette medverke til å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til enkelt utstyr og materiell når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til.

Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:

  • Tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege.

  • Tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

  • Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.

  • Tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuell målgruppe.

  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.

Barn, unge og barnefamiliar er prioriterte i ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2016

Ordninga hadde ei ramme på 10 mill. kroner i 2016. Totalt var det 17 søkjarar som til saman søkte om 17 mill. kroner. 15 lag og organisasjonar vart til saman tildelte tilskot.

Tiltaka omfatta tilbod om turar og aktivitetar, men òg inkluderingstiltak og opplæring av personar med innvandrarbakgrunn til å bli leiarar i lag og organisasjonar. Leiarar med innvandrarbakgrunn er viktige for vidare rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn.

Eksempel på tiltak er Wild X sitt ungdomsprosjekt «Wild X aktivitetsprogram» med opplæring og tilbod om turar knytte til jakt, fiske og anna friluftsliv, Friluftsrådas Landsforbund sitt prosjekt «Friluftsliv for innvandrarar», Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Auka integrering og aktivitetstilbod for innvandrarar», Den norske Turistforeining sitt prosjekt «Inkludering i DNT», Raudekrossen sitt prosjekt «Til topps nasjonalt og lokalt» og Skiforeininga sitt tiltak «Friluftsglede for alle». I tillegg fekk 4H tilskot til «Ut på tur med 4H» og Oslofjorden Friluftsråd støtte til prosjektet «Friluftskurs, fiske og hausting».

Driftsstøtte til friluftslivsorganisasjonar

Ordninga har ei ramme på 33 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmenta sine interesser for deltaking i friluftsliv gjennom det arbeidet som skjer gjennom dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar.

Friluftsrådas Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. (Det er 28 interkommunale friluftsråd, der 27 er tilslutta FL). Det er sett av 14,55 mill. kroner i administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda. Det er eit mål at flest mogleg kommunar er med i eit interkommunalt friluftsråd.

Norsk Friluftsliv er paraplyorganisasjon for 16 friluftslivsorganisasjonar med til saman 920 000 medlemmar. Det er sett av 4,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Norsk Friluftsliv.

FL, Norsk Friluftsliv og Samarbeidsrådet for naturvern (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). FNF vart i 2015 etablert som eigen organisasjon, og har frå 2016 eige sekretariat. Til FNF er det sett av 11 mill. kroner i administrasjonsstøtte.

Organisasjonen Wild X tilbyr friluftslivsaktivitetar med personar med innvandrarbakgrunn i alderen 12–25 som hovudmålgruppe. Det er sett av 1,4 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Wild X.

Tjukkasgjengen driv med lavterskeltilbod innanfor friluftsliv og fysisk aktivitet, der personar som er lite fysisk aktive er hovudmålgruppa. Tjukkasgjengen har eit konsept som gjer at denne gruppa nås. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Tjukkasgjengen.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane og friluftsråda sitt arbeid med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgde opp ved at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege møte med FL, friluftsråd som ikkje er knytt til FL, Norsk Friluftsliv, FNF, Wild X og Tjukkasgjengen.

Rapport 2016

Totalt vart det i 2016 tildelt 13,75 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL og til å utvide FLs engasjement geografisk. Det er stor interesse for interkommunalt samarbeid om friluftsråd, og i 2016 var det 25 interkommunale friluftsråd med 229 medlemskommunar. Friluftsråda femner slik vel 75 pst. av befolkninga i heile landet.

Det er i 2016 inngått avtale med grunneigarar om 232 km med nye turstigar, skiløyper og turvegar, og friluftsråda har saman med medlemskommunane arbeidd med sikring av fleire nye friluftsområde. Det er tilrettelagt 54 km med nye turstigar og friluftsråda har vore pådrivarar og koordinatorar i arbeid med å skilte og merke ytterlegare 725 km.

Friluftsråda har hatt opne turar med 17 250 deltakarar, tiltak for barn og ungdom med 13 000 deltakarar og tiltak for personar med minoritetsbakgrunn med 8 700 deltakarar. I tillegg har mange vore med på turar der friluftsråda har vore medarrangørar. Friluftsråda har framleis stor innsats retta mot friluftsliv og bruk av naturen i læringsarbeidet i barnehage og skule, og engasjerer seg i arbeidet med å ta vare på arealgrunnlaget for friluftsliv gjennom verdikartlegging av friluftsområde, deltaking i dei fylkesvise Forum for natur og friluftsliv og gjennom uttale i ulike arealsaker.

Friluftsråda forvaltar 545 offentleg eigde friluftsområde med omfattande oppgåver knytte til m.a. skjøtsel, vask av toalett og bosshandtering.

Norsk Friluftsliv vart i 2016 tildelt 4,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte. Norsk Friluftsliv får dessutan aktivitets- og prosjektmidlar frå Miljødirektoratet for vidare tildeling til sentralledda i Norsk Friluftsliv sine medlemsorganisasjonar. Arbeidet omfattar i stor grad påverknads- og informasjonsarbeid overfor offentlege styresmakter og andre organisasjonar, med sikte på å skape best mogleg vilkår for friluftslivet. I 2016 hadde Norsk friluftsliv ansvar for å levere grunnlagsmateriale til ei intern evaluering av Friluftslivets år 2015. I tillegg var dei ansvarlege for dialog med Norsk institutt for naturforsking (NINA) om ekstern evaluering. Evalueringsrapport for Friluftslivets år 2015 vart levert frå NINA i desember 2016 (NINA Rapport 1310).

Forum for Natur og friluftsliv (FNF) vart i 2016 tildelt 11 mill. kroner i administrasjonsstøtte. Frå 2016 er organiseringa av FNF endra, og det er no etablert ein ny sentral organisasjon som fører til at arbeidsgivaransvaret er plassert sentralt for alle tilsette. Alle fylke har ein eigen FNF-koordinator, og litt over halvparten av fylka har koordinatorar i 80–100 pst. stilling. FNF-koordinatorane gjer eit betydeleg og viktig arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.

Wild X fekk i 2016 utbetalt 1,2 mill. kroner i driftsstøtte, og organisasjonen er under stadig utvikling, med blant annet opprettelse av lokallag i fleire fylker.

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Ordninga har ei ramme på 44 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til naturvennleg fysisk tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftslivsområde og i område verna som friluftsområde etter markalova, slik at områda blir tilgjengelege og attraktive.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Tildelingskriterium

Det blir tildelt tilskot til tilrettelegging som har eitt eller fleire av følgjande mål:

  • Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Ta vare på kvalitetane for oppleving i området og leggje til rette for gode naturopplevingar.

  • Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring av plante- og dyrelivet, kulturminne og kulturmiljø.

Tilskot kan berre bli gitt der tiltaket inngår i ein gjeldande og godkjent forvaltingsplan knytt til tilrettelegging av statleg sikra friluftslivsområde. For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltingsplan for området.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2016

Budsjett for 2016 var 30 mill. kroner, som vart tildelt fylkeskommunane for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. Fordelinga vart utført på grunnlag av omfanget av statleg sikra friluftslivsområde, og om det låg føre forvaltingsplanar for friluftslivsområda som dokumenterer behov for tiltaksmidlar. I gjennomsnitt vart fylka i 2016 tildelte 1,58 mill. kroner. Eit fylke blei tildelt 4 mill. kroner, mens det fylket som fekk minst blei tildelt 250 000 kroner. I alt fekk 8 fylke tildelt meir enn 2 mill. kroner.

Totalt mottok fylkeskommunane 253 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 75 mill. kroner. Tiltaka var totalt kostnadsberekna til 146 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det vart i 2016 gitt statleg støtte til omlag 190 tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging slik at fleire grupper av befolkninga får høve til å nytte områda. Dei fleste tilretteleggingstiltaka stimulerer til aktivitet, som til dømes etablering og merking av turvegar og stigar.

Eksempel på tiltak som fekk statleg støtte i Østfold fylke i 2016 er gangbru mellom Tjeldholmen og Randholmen i Fredrikstad kommune, og nye sanitæranlegg på Storesand og Stuevika i Hvaler kommune. I Akershus fylke fekk Oslofjordens Friluftsråd støtte til å rehabilitere ei brygge Steilen i Nesodden kommune, og i Oslo fekk Bymiljøetaten støtte til å opparbeide St. Edmundsvei – ein turveg som blir del av pilegrimsleia. I Hedmark fekk Stange kommune midlar til Nordsveodden regionale friluftsområde og i Oppland fekk Lillehammer kommune støtte til informasjons- og utkikksplattform på Mosodden ved Lågen. I Buskerud fylke har Hurum kommune fått støtte til utvikling av friluftsområdet Sætre park og Øvre Eiker kommune har fått støtte til toalett i Sundhagen friluftsområde. I Vestfold fylke har Tønsberg kommune fått støtte til ymse tiltak på Ringshaugsstranda, Larvik kommune har fått midlar til å reetablere eit friluftsområde langs Lågen og Tjøme kommune har fått støtte til ymse tiltak på Verdas Ende. I Telemark har Porsgrunn kommune fått midlar til ymse tiltak i Paradisbukta på Håøya, Bamble kommune til nytt servicebygg på Krogshavn og Fyresdal kommune til Klokkarhamaren friluftsområde. I Aust-Agder fekk Slåttholmen i Lillesand støtte til tilrettelegging og skjøtsel, og Risør kommune midlar til Hollenderskjæret. I Vest-Agder fylke fikk ny turløype Jegersberg- Skråstadheia og ymse tiltak i regi av Vestre Paradisbukt støtte. I Hordaland fylke fekk Bergen og Omland Friluftsråd tilskot på til saman over 2,8 mill. kroner til tiltak på ei rekkje av dei mange friluftsområda dei forvaltar, og Askøy kommune fekk midlar til ymse tiltak på Herdla fort. I Sogn og Fjordane fekk Naustdal kommune midlar til ymse tiltak på tusenårsstaden Sanden. I Møre og Romsdal fekk mellom anna Volda kommune midlar til å rehabilitere Årneset friluftsområde og i Sør-Trøndelag fekk Røros kommune midlar til skjøtsel i Doktortjønna friluftsområde. I Nord-Trøndelag fylke fekk mellom anna Steinkjær kommune støtte til tiltak på Hoøya og Kalvøya friluftsområde. I Troms fylke fekk Balsfjord kommune støtte til ulike tiltak på Skrivarholmen, og i Finnmark fekk Hammerfest kommune støtte til ymse tiltak på Tiberg friluftsområde.

Skjergardstenesta

Ordninga har ei ramme på 29,3 mill. kroner.

Mål

Ordninga gir statlege budsjettmidlar til drift av skjergardstenesta, inkludert kjøp og større reparasjonar av båtar knytte til tenesta.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.

Måloppnåinga blir også blant anna vurdert ut frå talet friluftslivsområde som er drifta i dei enkelte driftsområda, kor mange dagsverk dei enkelte driftsområda har brukt til fjerning av marin forsøpling og talet dagar dei enkelte driftsområda har brukt til bistand til Statens naturoppsyn.

Tildelingskriterium

Under framgår fordelinga til dei ulike driftsområda i 2018. Fordelinga inneber berre små justeringar i forhold til tildelinga i 2017. Midlane blir fordelte til fylkesmennene i dei aktuelle fylka. I 2018 vil midlane til driftsområdet Rogaland og Hordaland bli fordelte til Fylkesmannnen i Rogaland. Miljødirektoratet kan i samband med overføring konkretisere vilkår og føresetnader knytte til dei statlege driftstilskota.

Tabell 7.4 Fordeling til driftsområde i skjergardstenesta

Driftsområde

(i 1000 kr)

Østfold

2 790

Oslo og Akershus

2 890

Vestfold

3 025

Telemark

3 050

Aust-Agder

2 935

Vest-Agder

3 760

Rogaland og Hordaland

3 910

Sum

22 360

Vidare er 5 mill. kroner øyremerkte utviding av skjergardstjenesta med nye einingar nord for dagens verkeområde i Hordaland. Det er førebels ikkje etablert nye einingar, slik at midlane som er øyremerkte til dette vil bli fordelte seinare.

Andre midlar på posten er øyremerkte båtinvesteringar og diverse kurs, opplæring mv.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkesmannen og skjergardstenesta i dei tre regionområda, og skal rapporterast i samband med søknader om tilskot kommande år.

Rapport 2016

Skjergardstenesta oppnådde i 2016 gode resultat i alle driftseiningar. Det vart teke i bruk to nye arbeidsbåtar i Bamble kommune og i Holmestrand kommune. Det vart gjennomført anbodskonkurranse for bygging av nye båtar til Mandal kommune og Moss kommune. Desse båtane skal vere ferdige i 2017. Som ei oppfølging av evalueringa vart det i 2016 gjennomført ytterlegare tiltak for å utvikle skjergardstenesta vidare. Mellom anna er det gjennomført fleire tiltak på kompetansesida, tiltak for oppfølging av nye forskrifter for bygging av mindre lasteskip og tiltak for å styrkje styrings- og rapporteringsrutinane.

Andre friluftslivstilskot

Det er sett av 6 mill. kroner i tilskotsmidlar til prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde. Til leiing av prosjektet er det sett av midlar under kap. 1420 post 01.

Det er sett av 1 mill. kroner til Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Integrering gjennom friluftsliv». Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 1 mill. kroner til prosjektet «Friluftsliv for personar med funksjonsnedsettelser» i regi av Den Norske Turistforeining. Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 2 mill. kroner til friluftslivstiltak i den nye Groruddalsatsinga, som er eit samarbeid mellom Oslo kommune og staten, og som starta opp i 2017. Heile satsinga er presentert i Prop. 1 S (2017–2018) Kommunal- og moderniseringsdepartementet, jf. kap. 590 post 65.

Det er sett av 1 mill. kroner til eit nytt prosjekt i Norsk Friluftsliv, med mål om å fremje friluftsliv i skulen. Prosjektet skal også omfatte drift og vidareutvikling av «Forum for friluftsliv i skolen». Arbeidet skal skje i samarbeid med Miljødirektoratet, friluftslivsorganisasjonane og friluftsråda. Midlane skal gå til løn, administrative utgifter og tiltak.

Rapport 2016

Norsk Friluftsliv blei tildelt 1 mill. kroner i 2016 til arbeidet med rapportering og evaluering av Friluftslivets år 2015.

Godt tilgjenge til attraktive friluftslivsområde føreset at kommunane har kjennskap til kvar dei viktigaste friluftslivsområda er. Prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde vart sett i gang i 2014, og skal medverke til slik kjennskap. Fylkeskommunane har ei sentral rolle i prosjektet, og skal mellom anna setje i gang og gjennomføre regionale prosjekt for å stimulere kommunane til kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde etter Miljødirektoratet sin rettleiar M-98 2013: «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder». Prosjektet er i rute, og i 2016 blei det fordelt 6,7 mill. kroner i tilskot til fylkeskommunane. Ved utgangen av 2016 var alle fylke involverte i arbeidet. 96 kommunar hadde ferdigstilt sitt arbeid, 112 kommunar var godt i gang med arbeidet og 59 kommunar hadde nyleg starta arbeidet.

Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same føremål under postane 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområde Forureining. I dei fleste områda som får støtte stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79 er derfor naudsynte for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap/verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansas».

Tildelingskriterium

Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt. Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn ved vurdering av om det skal givast tilskot. Sjå òg omtale under kap. 1420 postane 39 og 69.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.

Rapport 2016

Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn går framover. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta eller blitt gjennomførte. Av dei viktigaste gjennomførte tiltaka i 2016 var ferdigstilling av arbeidet med å rydde opp sjøbotnen i Trondheim havneområde. Det blei sett i gang førebuande tiltak og planlegging i Bergen og Sandefjord som førebuing til oppstart av sjølve oppryddinga i Puddefjorden og Sandefjordsfjorden i 2017. Oppryddinga i Sandefjord er planlagt ferdigstilt i løpet av haust-vinter 2017/18 og Puddefjorden i løpet av 2018. Oppryddingstiltak i Bangavågen i Stavanger starta opp i 2016 og blir ferdigstilt i 2017. Arbeidet held òg fram med opprydding i forureina grunn der det er behov.

Post 81 Naturarv og kulturlandskap, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald og Friluftsliv.

Som ei oppfølging av budsjettforliket 2017 og budsjettflyttingar i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 (jf. Prop. 129 S og Innst. 401 S (2016 – 2017) er talet tilskotsordningar under posten utvida til seks. Ei av endringane er at 5 mill. kroner til arbeidet med å etablere to europeiske villreinregionar er flytt frå kap. 1520 post 21 fordi det viktigste verkemiddelet er tilskotsordninga «Villreinfjellet som verdiskapar».

Frå kap. 1420 post 78 er det flytt 2 mill. kroner til den nye ordninga «Nasjonale Turiststiar», som samstundes er styrkt med 1 mill. kroner i friske midlar. For å gjere plass til andre prioriteringar i statsbudsjettet er posten redusert med 5 mill. kroner, av dette 4,5 mill. kroner på ordninga for utvalde kulturlandskap i jordbruket og 0,5 mill. kroner på ordninga for tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde og tiltak for ville pollinerende insekt. I høve til saldert budsjett 2017 er posten samla auka med 3 mill. kroner.

Desse seks føremåla får tilskot frå posten: Forvaltingstiltak i verdsarvområde (11,5 mill. kroner), tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket (14 mill. kroner) tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde og tiltak for ville pollinerende insekt (2,1 mill. kroner), verdiskaping basert på naturarven (8,2 mill. kroner), programmet «Villreinfjella som verdiskapar» (5 mill. kroner) og Nasjonale Turiststiar (10,5 mill. kroner).

Frå posten vil det som ei eingongsløyving bli gitt eit tilskot på 2 mill. kroner i 2018 til Den Norske Turistforeining til vedlikehaldsfond for Snøheimvegen, jf. omtale av denne under kapittel med omtale av politikk for å nå dei nasjonale måla. Midlane vil bli belasta tilskotsordningane verdiskaping basert på naturarven med 1 mill. kroner, og programmet «villreinfjella som verdiskapar» med 1 mill. kroner.

Forvaltingstiltak i verdsarvområde

Mål

Målet med tilskot til forvaltingstiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre ei berekraftig forvalting av norske verdsarvområde.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltinga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og områda sine forvaltingsplanar.

Tildelingskriterium

Dei aktuelle verdsarvområda er Vegaøyan som vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste i 2004, og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden som vart ført på lista i 2005. Mottakarar er stiftelsane Vegaøyan Verdsarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Posten dekkjer òg tilskot til Foreininga Noregs verdsarv til gjennomføring av arrangementet Verdsarvforum.

Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429 post 79 Tilskot til Verdsarven.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2016

Oppfølging av norske verdsarvområde med naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftingar på staden som mottek tilskot til drift og gjennomføring av forvaltingstiltak innanfor rammer sett i forvaltingsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2016 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvalting i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar blant anna forvaltingsplanlegging, strategiarbeid, nettverksbygging, lokal involvering og organisering av samarbeid. Det er merksemd på samarbeid og medfinansiering med andre aktørar i gjennomføring av tiltak. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og utvikla vidare gjennom tiltak retta mot barn, unge og besøkande. Initiativ med målsetjing å utvikle betre besøkshandtering, redusert forureining og miljøsertifisering er sette i gang eller førte vidare.

Tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket

Frå 2018 omfattar ordninga berre midlar til oppfølging av den frivillige ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket. I 2018 blir budsjettet under posten redusert med 4,5 mill. kroner, medan midlar over jordbruksavtala aukar med 2 mill. kroner. Totalt blir det 22 mill. kroner til ordninga i 2018. Talet på områder i ordninga aukar med 10 til 32. Dette skal aukast vidare fram mot 2020 innanfor gjeldande budsjett. Midlar til område i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap skilt ut i eigen ordning, sjå under.

Mål

Målet med tilskotet er å sikre ei berekraftig forvalting av norske kulturlandskap som inngår i den frivillige ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltinga er i tråd med kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Tildelingskriterium

Eit nasjonalt sekretariat leia av Landbruksdirektoratet, saman med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer forvaltinga av områda i samarbeid med fylka. Fylka har ansvaret for administrasjon, tilskotsforvalting og prioritering av tiltak i samråd med områdeutval i dei enkelte områda. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltingsplanar.

Oppfølging og kontroll

Det er Landbruksdirektoratet som fordeler og følger opp tildelinga av midlar. Sekretariatet rapporterer tilbake til departementene gjennom årlige rapporter. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2016

Midlane til utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei spleiseordning med landbruket, der årlege løyvingar dei siste åra har vore til saman 14 mill. kroner, 6 mill. kroner over denne posten og 8 mill. kroner over jordbruksavtala.

Midlane til utvalde kulturlandskap blir fordelte på tiltak innafor planlegging/prosess, kulturminne, naturmangfald og landskapsskjøtsel, overvaking/dokumentasjon, formidling og andre tiltak (næringsutvikling, seterdrift, turstiar m.m.). Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren lager årleg ein rapport om bruken av midlane til utvalde kulturlandskap som også inneheld status i dei einskilde områda og fordelinga av midlar på ulike formål. Rapporten frå 2016 syner at om lag 5,5 mill. kroner vart nytta til tiltak for å ta vare på miljøverdiar knytte til naturmangfald og landskap i områda i 2016.

Tilskot til tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde og tiltak for ville pollinerande insekt

Tilskotsordninga heitte tidlegare Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. Ordninga er med bakgrunn i Stortingets forlik om 2017-budsjettet utvida til å omfatte tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt. For 2018 vil ei ny forskrift regulere ordninga.

Mål

Målet med ordninga er todelt. Det første målet er å sikre ei berekraftig forvalting av norske kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Det andre målet er å bidra til å sikre eller betre leveområda for pollinerande insekt.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om tiltaka sikrar naturmangfaldet i område med store naturverdiar og om dei sikrar gode leveområde for ville pollinerande innsekt.

Tildelingskriterium

Det er utvikla eit eige sett med tildelingsskriterium. Blant søknader som gjeld tilskot til tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde, vil dei som er forankra i ei skjøtsels- eller tiltaksplan, bli prioriterte.

Blant søknader som gjeld tiltak for pollinerande insekt, vil dei som gjeld areal med førekomst av mange arter eller raudlista arter, bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakarane til Miljødirektoratets elektronisk søknadssenter.

Rapport 2016

Til ordninga som gjeld spesielt verdifulle kulturlandskap har søknadsmassen vore svært stabil dei seinare åra med rundt 40 søknader og ein søknadssum på 4 – 6 mill. kroner. Med eit budsjett på 1,5 mill. kroner i 2016, vart det innvilga om lag 23 søknader.

Midlane under ordninga medverkar til å hindre attgroing, gjennomføre skjøtsel av biologisk viktige areal og gjennomføre naudsynte tiltak for å ta vare på verdiar knytte til prioriterte verdifulle kulturlandskap. Ordninga som gjeld ville pollinerande insekt er ny frå 2017 og har derfor ikkje rapportering for 2016.

Verdiskaping naturarv

Mål

Målet med ordninga er å medverke til at verneverdiane i verneområda blir haldne oppe eller aukar slik at verneområde og andre verdifulle naturområde framleis kan vere ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til tilrettelegging for ferdsel, ulike typar informasjon, naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder og til tiltak for å betre samarbeid og kunnskap om verneområde i koplinga mellom naturforvalting, næring og lokalsamfunn. Tilskotet skal mellom anna gå til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar, dvs. blant anna til nasjonalparksenter, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparkkommunar. Tilskot blir tildelt konkrete tiltak knytte til verdiskaping som har naturarven som utgangspunkt, og det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot og gjennom at Fylkesmannen deltek i dei styrande organa for prosjekta, der det vert fatta avgjerder blant anna om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap.

Rapport 2016

Posten finansierte til og med 2013 verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar. Bruken av løyvinga er basert på dei erfaringane dette programmet gav. Telemarksforskings evaluering av programmet frå 2014 viser at ein i hovudsak nådde målet om brei verdiskaping, auka forståing for vern og for at utvikling av lokalsamfunn er mogleg samtidig med vern. Mellom anna er det etablert 29 nye verksemder, 138 eksisterande verksemder har utvida drifta si og 100 verksemder har fått auka omsetning. Tilskot har mellom anna dekka prosjekt innafor fugleturisme, besøkstrategiar for svært mye brukte turstiar, tilrettelegging av stiar og sykkelstiar, produktutvikling knytt til ulike naturområde, utvikling av nasjonalparklandsbyar og kommuner. I 2016 mottok desse prosjekta støtte til verdiskaping: Lierne nasjonalparksenter, Norsk villreinsenter Nord, Noregs nasjonalparkkommunar og landsbyar, Stiftelsen Nordland nasjonalparksenter, Nærøyfjorden verdsarvpark, Stavanger turistforeining, Gjøra bygdeutvikling, Lofoten friluftsråd, Nordveggen AS, Stiftelsen Folldal gruver, Naturvernforbundet i Rogaland, Dovre kommune, Stiftelsen Vegaøyane verdsarv og Lista friluftsråd.

Villreinfjellet som verdiskapar

Med utgangspunkt i midlar frå budsjettforliket 2017 vart det i i samband med revidert nasjonalbudsjett (jf. Prop. 129 S og Innst. 401 S (2016 – 2017)) etablert ei tilskotsordning for villreinfjellet som verdiskapar.

Mål

Programmet «Villreinfjellet som verdiskapar» har som mål å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg innretta mot ulike delar av reiselivet. Programmet skal medverke til god gjennomføring av dei regionale planane for villreinområda, og til å utvikle og spreie kunnskap om villreinen og villreinfjellet til ulike målgrupper.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at dei nasjonale villreinområda blir del av ei brei verdiskaping der villrein, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til eit hovudprosjekt i samsvar med den fastsette programplanen. Hovudprosjekta skal omfatte fleire ulike delprosjekt og tiltak, og må vere knytt til eit geografisk område eller eit tema innafor dei 61 kommunane som er omfatta av dei nasjonale villreinområda. Det er utvikla eit eige sett med søknadskriteriar, der det mellom anna blir lagt vekt på god samgang med handlingsprogramma knytt til dei regionale planane. Det blir og lagt vekt på at hovudprosjekta skal ha geografisk spreiing og dekke ulike tema og problemstillingar knytt til dei ulike nasjonale villreinområda. Prosjekta skal femne både miljømessig, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping, og det er krav til søkarane om minst 50 pst. eigeninnsats i form av arbeid og/eller andre økonomiske midlar.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av løpande kontakt mellom Miljødirektoratet og dei prosjekta som får tilskot, og gjennom at Fylkesmannen deltek i dei styrande organa for prosjekta. Kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap. Norsk villreinsenter vil ha ei rolle i fagleg oppfølging og rådgiving for prosjekta.

Rapport 2016

Tilskotsordninga er ny etter budsjettforliket for 2017. Programmet byggjer på erfaringane med det tidlegare programmet Naturarven som verdiskapar (2009–2013), og på rapporten ØF-rapport 2015/05: Europeiske villreinregioner – en strategisk satsing på villreinfjellet som ressurs for reiselivet frå ei breitt samansett arbeidsgruppe oppnemnt av Klima- og miljødepartementet.

Nasjonale Turiststiar

Med utgangspunkt i forliket om 2017-budsjettet vart det i 2017 etablert ei tilskotsordning for Nasjonale Turstiar. For at namnet betre skal vise kva som er intensjonen med tilskotssordninga, er det endra til Nasjonale Turiststiar.

Det er flytt 2 mill. kroner til ordninga frå kap. 1420 post 78, for å samle midlane til tilrettelegging og andre tiltak i tilknyting til stiar som har svært stor opplevingskvalitet og turisttrafikk, både frå den internasjonale og den nasjonale marknaden.

Tilskotsordninga har ei ramme på 10,5 mill. kroner. Nokre av midlane kan brukast av Miljødirektoratet under post 21, til prosjektutvikling og prosjektstyring.

Mål

Nasjonale Turiststiar er turstiar med tilhøyrande naturattraksjonar som er internasjonale opplevingsattraksjonar med ekstraordinært mange besøkande, og som derfor har ulike utfordringar. Tilstrøyminga medfører stor slitasje på stiane, utfordringar med søppel/avfall, behov for informasjon både før og under besøket, og utfordringar med tryggleiken til dei besøkande.

Målet for ordninga er å utvikle og tilrettelegge eit avgrensa tal Nasjonale Turiststiar, slik at tryggleik, opplevingsverdiar, informasjon og naturverdiar blir ivaretekne. Stiane skal utviklast slik at dei er berekraftige og medverkar til lokal verdiskaping. Det skal vere eit avgrensa tal stiar som blir definerte som Nasjonal Turiststi. Kor mange stiar som skal omfattast av ordninga vil bli vurdert nærare i den vidare prosesssen med utvikling av ordninga.

I løpet av 2018 vil ordninga bli utvikla som ei autoriseringsordning, der det kan søkjast om at ein sti blir autorisert som Nasjonal Turiststi. Ordninga skal bidra til at stiar som blir autoriserte held ved lag sine natur- og opplevingsverdiar, og at dei har eit tilfredsstillande sikkerheitsnivå innanfor rammene av allemannsretten og norsk friluftslivstradisjon. Ordninga skal ikkje leggje til rette for meir utbygging og tiltak enn det som er naudsynt for ein tilfredsstillande tryggleik og for å bevare stiane sine naturverdiar og opplevingskvalitetar. Eventuelle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet og området sine natur- og opplevingskvalitetar. Lokal byggeskikk bør vurderast dersom det skal setjast opp nye bygningar.

I ei autorisering vil det blant anna bli lagt vekt på området sine kvalitetar, omfang av- og potensial til besøk, kva slag utfordringar stiområdet har, behov for tilrettelegging og lokal medfinansiering. For kvart stiområde må det utarbeidast ei heilskapleg besøksforvalting i form av ein besøksstrategi, som blant anna må innehalde ei rolleavklaring mellom involverte aktørar. Frå 2019 vil stiar som er autoriserte bli prioriterte ved tildeling av midlar frå ordninga. På sikt vil berre stiar som er autoriserte få midlar frå ordninga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet medverkar til færre ulykker og utrykningar frå hjelpemannskap i samband med ferdsel på stiane, redusert slitasje og om tilskotet medverkar til å oppretthalde naturverdiar og miljøverdiar på og i tilknyting til stiane. I tillegg skal ordninga sitt bidrag til brei lokal verdiskaping leggjast vekt på.

Tildelingskriterium

Destinasjonsselskap, kommunar, kommunale- eller interkommunale føretak, stiftelsar, frivillige organisasjonar og verneområdestyre kan søke på ordninga. Søknader med synleggjort breie samarbeidsrelasjonar mellom reiseliv, frivillige, kommune og forvalting vil bli prioriterte.

Tilskot blir gitt til prosjekt som omhandlar turstiar med store opplevingskvalitetar og som har betydelege utfordringar knytte til stor ferdsel av internasjonale turistar.

Det skal liggje føre ei prosjektbeskriving for stien/området det blir søkt om tilskot til, og som søknaden skal byggje på. Prosjektbeskrivinga skal vise omfang av besøk på den aktuelle stien, beskrive kva som er utfordringane for det aktuelle området og kva tiltak som kan imøtekomme desse utfordringane. Stiens betydning for lokalt reiseliv skal også inngå i prosjektbeskrivinga, og informasjon om stien på sosiale media og i marknadskanalar.

Alle fysiske tiltak som får tilskot skal i utgangspunktet vere opne for allmenta. Alle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet og områdets natur- og opplevingskvalitetar.

Ordninga skal i utgangspunktet brukast til fysiske tiltak på og i tilknyting til stiane. Det kan også bli gitt tilskot til enkelte andre tiltak, som for eksempel informasjonstiltak. Det blir ikkje gitt tilskot til drift knytt til stiområda.

Det blir berre gitt tilskot til søkjarar som medverkar med minst 50 prosent eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats som kan dokumenterast).

Aktuelle tiltak som det kan bli gitt tilskot til:

  • Toalett/sanitæranlegg

  • Sikringshytter

  • Ulike tryggingstiltak

  • Informasjonstiltak

  • Merking av sti

  • Tilrettelegging av sti

  • Søppelhandtering

  • Tilrettelegging av tilkomstsoner, inklusiv parkeringsareal

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2016

Fordi ordninga var ny i 2017 er det inga rapportering for 2016.

Post 82 Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

82.1

Tilskotordning – truga arter

24 779

44 211

13 677

82.2

Tilskotordning – truga naturtypar

26 544

30 778

26 778

Sum post 82

51 323

74 989

40 455

Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Posten er delt i to underpostar, ein for truga arter og ein for truga naturtypar. Underposten for truga arter omfattar mellom anna tilskot til prioriterte arter og deira økologiske funksjonsområde og arter som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for arter 2015. Tiltak for bevaring av hubro er òg inkludert i posten med fokus på tiltak mot elektrokusjon. Underposten for truga naturtypar omfattar tilskot til utvalde naturtypar og naturtypar som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for naturtypar 2011.

Posten er redusert med 34,5 mill. kroner i høve til 2017. For riktig budsjettering er det til kap. 1420 post 21 flytt 22 mill. kroner. Midlane vil framleis bli brukte til arbeid med truga arter og naturtypar. I samband med flyttinga er stikkordet «kan nyttast under post 21» fjerna.

Utover dette er posten redusert med 12,5 mill. kroner for å finansiere andre prioriteringar i statsbudsjettet.

Truga arter, inkludert hubro

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på truga plante- og dyrearter, under dette arter som er valt ut som prioriterte arter. Ordninga inkluderer òg økologiske funksjonsområde for prioriterte arter.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til truga arter. Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet stolpar/konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utvikling i hubrobestanden i desse områda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, biotopforbetrande tiltak. restaurering, aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som er naudsynte for å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for prioriterte arter, gjerding, naudsynt utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og tiltak for hindre at hubro dør som følgje av at dei brukar straumstolpar som sitjeplass.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2016

I 2016 kom det inn 225 søknadar til tilskotsordninga for truga og prioriterte arter. Miljødirektoratet tildelte om lag 19,4 mill. kroner til slike søknader. Av dette er om lag 4,6 mill. kroner knytt til 14 tiltak for hubro i 10 fylker for å unngå at arten dør som følgje av elektrokusjon. Dei ulike nettselskapa nyttar i tillegg eigne midlar på dei same strekningane.

Midlane er gitt til konkrete tiltak, som f. eks. skjøtsel av lokalitetar med svartkurle, raud skogfrue og dragehode. Vidare er det gitt tilskot til biotopforbetrande tiltak som f. eks. styrking av bestandar av elvemusling og edelkreps, gjerding og informasjon. 7,6 mill. kroner av midlane gjekk til tiltak retta mot artene elvemusling og edelkreps for å styrkje desse artene sine høve til å overleve i lokalitetane.

Truga naturtypar

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å ta vare på naturtypar gjennom tiltak og aktiv skjøtsel av truga og utvalde naturtypar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå målsetjingane for å ta vare på naturtypar i dei enkelte handlingsplanane, under dette tal på lokalitetar som blir tekne vare på og talet på tiltak knytt til førekomstar av truga og utvalde naturtypar.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, restaurering, gjerding, naudsynt utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og utvikling av skjøtsels-/tiltaksplan for tiltaket.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltaka blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar i regi av fylkesmannen.

Rapport 2016

I 2016 kom det inn 859 søknadar, mot 729 i 2015 Det kom inn søknader for tiltak i 17 ulike naturtypar. Talet på søknader er framleis størst innafor naturtypane slåttemark, kystlynghei og hole eiker, men spekteret av andre naturtypar i søknadsmassen er aukande. Taket på søknader knytt til kystlynghei, hole eiker og haustingsskog har auka. Medan talet på innvilga søknader til hole eiker i 2015 var 33, fekk 42 av totalt 53 søknader på tiltak knytt til hole eiker midlar i 2016. For kystlyngei er tilvarande tal 117 innvilga søknader i 2016 mot 86 i 2015.

Miljødirektoratet tildelte totalt 27,4 mill. kroner til fylkesmannen til tiltak i truga og utvalde naturtypar i 2016. Vel 20 mill. kroner av dette gjekk til skjøtsel og andre tiltak i kulturmarkstypar, til dømes slått av slåttemark og slåttemyr, beiting og brenning i kystlynghei eller styving av tre i haustingsskog. Blant kulturmarkstypane vart slåttemark tildelt mest midlar, ca. 14 mill. kroner, etterfølgt av kystlynghei med samla tilskot på 5,2 mill. kroner og haustingsskog på 1,2 mill. kroner. Vel 3 mill. kroner vart tildelt til å fristille og skjøtte hole eiker og informere om naturtypen, mens 1,2 mill. kroner blei tildelt tiltak i open grunnlendt kalkmark. Større enkelttiltak for å ta vare på ålegraseng fekk tilskot, og det blei også tildelt midlar til tiltak i lokalitetar av naturbeitemark, kalk-lindeskog, kroksjøar, kystgranskog, kystnedbørsmyr og sørleg strandeng. I tillegg til skjøtsel har ein del av midlane gått til gjerding, fjerning av framande arter og annan uønska vegetasjon, til informasjonstiltak og til innkjøp av naudsynt utstyr for skjøtsel. Søknadsmassen og breidda i søknader er størst i Oslo og Akershus som også har fått mest midlar med 4,5 mill. kroner i samla tildeling. Vestfold, Telemark og Møre og Romsdal følgjer etter, alle med ei tildeling på over 2 mill. kroner til tiltak i truga naturtypar.

Talet på skjøtselsplanar som er utarbeidde stig jamt. Det gjer òg talet på langsiktige avtalar med grunneigarar om skjøtsel, noko som er eit viktig verkemiddel for å motivere grunneigarar til å søkje tilskot og drive skjøtsel. Det er flest skjøtselsplanar og avtalar for slåttemark og kystlynghei. Det vart òg søkt om midlar til å utarbeide skjøtselsplanar for lokalitetar med naturbeitemark, haustingsskog, hole eiker, rikmyr, slåttemyr og kroksjøar. Alle fylke i landet er no inkludert i arbeidet med handlingsplan for slåttemark. Det er godt dokumentert at skjøtsel for å tilbakeføre slåtteenger som er i ferd med å gro igjen, og framhalden hevd på lokalitetar som er i god hevd frå før gir gode resultat med omsyn til å bevare ein god tilstand i naturtypen. Fagrapport for slåttemyr vart ferdig i 2016, og denne blir lagt til grunn for å utarbeide ein eigen handlingsplan for slåttemyr (slåttemyr har tidlegare vore inkludert i handlingsplan for slåttemark). I 2016 har ein oppsummert første handlingsplanperiode og starta revidering av handlingsplanar for nokre av dei naturtypane der mellom anna tilskotsordninga er sentral i oppfølginga.

Post 84 Internasjonale avtaler og medlemskap

Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda Naturmangfald og Forureining, men òg til Friluftsliv, Klima og Polarområda.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar, klima, og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltinga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvalting får tilgang til arbeidet som skjer i dei.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)

  • Conseil International de La Chasse (CIC)

  • International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)

  • Wetlands International (WI)

  • BirdLife International (BI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den norske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)

  • Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)

  • Working Group on Harmonization of regulatory oversight in Biotechnology (WGHROB) under Biosafety-programmet til OECD

  • Konvensjon om langtransportert luftforureining (LRTAP-konvensjonen), kjerneoppgåver som ikkje blir omfatta av bidraget til EMEP-protokollen

  • Common Forum on Contaminated Land

  • The European Union Network for the Implementation and International Transaction Log (IIL)

  • Enforcement of Environmental Law (IMPEL)

  • Organization of Economic co-operation and Development (OECD)

  • Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity an Ecosystem Services (IPBES)

Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske organisasjonen for laksevern, North Atlantic Salmon Conservation Organization (NASCO) og naturpanelet (IPBES). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder blant anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder blant anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Rapport 2016

Midlane dekte i 2016 medlemskontingenten i Naturpanelet, NKV, CICEUROPARC, IUCN, WI og ProGEO. I tillegg vart det gitt bidrag til kapasitetsbyggingsprosjekt under Ramsaskonvensjonen, Common Forum on Contaminated Land, OECD, Noregs bidrag til arbeidet med anadrom fisk i ICES, Noregs bidrag til effektarbeid under LRTAP-konvensjonen og prosjektstøtte til ProGEO.

Post 85 Naturinformasjonssenter, kan overførast

Midlane er i hovudsak retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Besøkssenter for natur skal vere dei fremste kvalitetsformidlarane av kunnskap om nasjonalparkar, villrein, våtmark, rovvilt, fugl og villaks til lokalbefolkninga og tilreisande, spesielt barn og unge. Som ei oppfølging av vedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 (jf. Prop. 129 S og Innst. 401 S (2016 – 2017)) om å føre over ansvaret for naturveiledarane frå Statens naturoppsyn til naturinformasjonssentra, er 6,4 mill. kroner flytt til posten frå kap. 1420 post 01.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til drift, utvikling og etablering av naturinformasjonssenter/besøkssenter natur.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing for sentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentra viser at dei fyller autorisasjonskrava.

Tildelingskriterium

Autoriserte besøkssenter natur kan søkje om eit årleg grunntilskot til aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing m.m. Grunntilskotet blir for 2018 på 1 mill. kroner pr. senter. Autoriserte senter kan i tillegg søkje kompetansetilskot til oppgåver som nøytrale kunnskapsformidlarar/kompetansesenter. Både autoriserte senter, andre som arbeider med naturinformasjon (for eksempel museum og stiftelsar) og senter som ikkje er autoriserte, kan søkje om tilskot til utstillingar og informasjonstiltak. Til kunnskapsformidling om villaks er det i 2018 satt av 4,177 mill. kroner. Av dette skal 3 mill. kroner gå til møteplass for Tanavassdraget. Dei resterande 1,177 mill. kroner vil etter søknad bli tildelt ulike organisasjonar som formidlar kunnskap om villaks, i tråd med svar på oppmodingsvedtak nr. 405 (2015 – 2016) om anadrom laksefisk.

Mottakarar av tilskot til naturrettleiing er besøkssenter for villrein på Hjerkinn og besøkssentra for rovdyr i Flå og Namskogan og besøkssenter Nordland, Ilene, Færder, Nordre Øyeren og Hardangervidda- Skinnarbu. På Skinnarbu ligg både besøkssenter nasjonalpark Hardangervidda og Villreinsenter Sør. Førstnemnde utgjer besøkssenteret på Skinnarbu, og er derfor mottakar av tilskot tilsvarande eit årsverk til naturrettleiing som i revidert nasjonalbudsjett 2017 var øyremerkt villreinsenteret.

Midlar til Klimapark 2469 er lagt inn i tildelinga til besøksentra for nasjonalpark, og besøkssenter Jotunheimen kan søke støtte til Klimaparken derfrå om det er behov. Runde Miljøsenter må rapportere bruken av midlane på same måte som dei autoriserte sentra. Desse midlane går delvis til forsking og tildelinga vil derfor bli sett i sammenheng med gjennomgangen av forskings- og overvakingsmidlar på budsjettet, som skal skje i løpet av 2018.

Tabell 7.5 Type senter

Tema for senter

(i 1000 kr)

Besøkssenter nasjonalpark og forvaltingsknutepunkt

28 741

Besøkssenter villrein

6 982

Besøkssenter våtmark

6 611

Besøkssenter rovdyr

7 087

Naturrettleiing

6 400

Kunnskapsformidling om villaks

4 177

Runde Miljøsenter

2 116

Sum

62 114

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer årsmelding, revidert rekneskap, budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentra rapporterer tal på besøkande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukar-undersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret, og på andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, blant anna ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.

Rapport 2016

Det vart i 2016 gitt grunntilskot til 15 autoriserte besøkssenter nasjonalpark. Det vart etter søknad gitt tilskot til fornying av utstillingar og informasjonstiltak, og til opparbeiding og tilrettelegging av forvaltingsknutepunkt. Tre autoriserte besøkssenter rovdyr og seks autoriserte besøkssenter våtmark fekk òg tilskot. Det er vidare gitt tilskot til senter for laks, Norsk villreinsenter og til informasjonstiltak gjennom Klimapark 2469 til informasjon om klimaendringar, naturfaglege aspekt og verneverdiar i Jotunheimen nasjonalpark.

Følgjande senter fekk tilskot i 2016: Besøkssenter villrein, Norsk Villreinsenter, Kunnskapssenter for laks og vassmiljø, besøkssenter rovdyr; Bardu, Flå og Namsskogan, besøkssenter nasjonalpark; Øvre-Pasvik, Stabbursdalen, Reisa, Lierne, Femundsmarka, Folgefonna, Færder, Ytre-Hvaler, Hardangervidda – Skinnarbu og Hardangervidda – Eidfjord, Jostedalsbreen – Oppstryn, Jostedalsbreen – Fjærland og Jostedalsbreen – Jostedalen, Jotunheimen, og besøkssenter nasjonalparkene i Nordland, Balsfjorden våtmarkssenter – Midt-Troms museum, Dokkadelta våtmarkssenter, Runde miljøsenter, Ilene besøkssenter våtmark, Jæren besøkssenter våtmark, Nordre Øyeren besøkssenter våtmark, Oslo besøkssenter våtmark, Lister friluftsråd, Trondheimsfjorden våtmarkssenter og Ørland besøkssenter våtmark.

Kap. 4420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Oppdrag og andre ymse inntekter

3 728

4 188

4 280

04

Gebyr, forureiningsområdet

43 943

34 253

38 200

06

Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

21 027

28 892

29 524

07

Gebyr, kvotesystemet

9 276

11 344

8 100

08

Gebyr, naturforvaltningsområde

4 224

4 807

4 912

09

Internasjonale oppdrag

52 168

63 914

50 550

Sum kap. 4420

134 366

147 398

135 566

Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter

På posten er det budsjettert med enkelte ulike oppdragsinntekter og leigeinntekter som direktoratet har i samband med utleige av nokre kontorlokale og sitt konferansesenter i Oslo. Oppdragsinntektene er hovudsakleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog. På posten blir òg ført ymse inntekter, frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1420 post 01 Driftsutgifter.

Samla er posten auka med 0,1 mill. kroner som følgje av prisjustering og avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 04 Gebyr, forureiningsområdet

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet.

Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:

  • gebyr frå dei som får utferda eit sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (produktforskrifta, Kapittel 6a). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til blant anna dokumenterte kvalifikasjonar for teknisk personell og bedrifter som utfører arbeid på utstyr med nokre av desse gassane. Den praktiske gjennomføringa av sertifiseringsordninga blir i dag utført av Isovator AS (HFK i kuldeanlegg mv.) og Incert AB (SF6 i høgspentbrytarar). EU vedtok 16. april 2014 ei revidert forordning som utvidar sertifiseringsordninga til òg å gjelde personell som handterer kjølebilar/-tilhengarar og GIS-anlegg. Den reviderte forordninga er foreløpig ikkje implementert i Noreg.

  • gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forureiningsforskrifta.

  • gebyr for tilsyn og kontroll med importører og produsentar av kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av deklareringsforskrifta.

  • gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kjøp av tenester ved drift og utvikling av systemet.

  • gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret), i medhald av avfallsforskrifta. Alle som importerer og produserer elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg pliktar å vere medlem av eit godkjent returselskap. Returselskapa finansierer drifta av EE-registeret gjennom eit gebyr som avheng av deira marknadsdel.

  • gebyr for eksport og import av avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall må ha løyve til dette. Gebyret er basert på Miljødirektoratet sin timebruk og timekostnad til behandling av søknadar om eksport og import av avfall.

  • I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, som for eksempel gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidprodukt.

Posten er auka med 3,198 mill. kroner etter ei justering av dei forskjellige gebyra på forureiningsområdet. Samtidig er posten prisjustert med om lag 0,9 mill. kroner og ein reduksjon på 0,2 mill. kroner i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Tabell 7.6 Budsjettet for 2018 fordeler seg på dei ulike gebyrordningane som følgjer:

Gebyrordning

Budsjett inntekt 2018 (tal i tusen kroner)

Sertifisering for fluorerte klimagassar

2 500

Konsesjonsbehandling etter forureiningsforskrifta

4 700

Tilsyn etter forureiningsforskrifta

3 800

Kvoteinspeksjonar

1 400

Tilsyn og kontroll med kjemikaliar

5 200

Deklarasjon av farleg avfall

7 500

Drift av produsentregiser for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret)

2 500

Eksport og import av avfall

7 200

Godkjenning av biocider og biocidprodukt

3 400

Totalt kap. 4420 post 04

38 200

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 06 Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

Posten omfattar inntekter til Fylkesmannen frå gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll. Samla er posten auka med 0,5 mill. kroner som følgje av prisjustering og avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 07 Gebyr, kvotesystemet

Miljødirektoratet forvaltar kvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene sine årlege utsleppsrapportar blir kontrollerte og verifiserte av Miljødirektoratet.

I tråd med føresegnene i kap. 39 i forureiningsforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved utarbeiding av løyve til kvotepliktige utslepp finansierast av gebyr.

I tråd med føresegnene i kap. 9 i kvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved godkjenning av utsleppsrapportar finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Miljødirektoratet har òg ansvaret for å drifte det elektroniske kvoteregisteret.

Sett under eitt er posten redusert med 3,3 mill. kroner. Det er trekt ut 3,5 mill. kroner i samband med at tildelinga av vederlagsfrie klimakvoter og dermed grunnlaget for øregebyret for hver tildelte kvote gradvis reduseres frem mot 2020. Det er samla lagt inn 0,2 mill. kroner som følgje av prisjustering og avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Post 08 Gebyr, naturforvaltningsområde

Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, til utgifter i samband med merkjepliktig vilt, og til utgifter ved kontroll av naturforvaltingsvilkår i vasskraftskonsesjonar.

Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr på 300 kroner. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1420 post 23 til å drive eksamensordninga.

Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret blir ført vidare på same nivå som i 2016, det vil seie 450 kroner. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1420 post 23.

Miljødirektoratet tok i 2012 i bruk sin heimel til å krevje refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltingsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova § 57-58 og den enkelte konsesjon.

Samla er posten auka med 0,1 mill. kroner som følgje av prisjustering og avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten kjem frå andre statsinstansar og frå internasjonale organisasjonar, og skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420 post 23 til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, for eksempel institusjonsbygging i samarbeidsland.

Sett under ett er posten redusert med 13,6 mill. kroner. Grunna anslag på reduserte oppdragsinntekter er det teke ut 15,3 mill. kroner av løyvinga. Posten er prisjustert med 1,7 mill. kroner.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1422 Miljøvennleg skipsfart

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Spesielle driftsutgifter

6 126

5 322

5 438

Sum kap. 1422

6 126

5 322

5 438

Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i klimapolitikken og i regjeringas maritime strategi. Bruk av meir klima- og miljøvennleg drivstoff og energieffektive skip er nøkkelfaktorar i å redusere utsleppa frå skipsfarten. Noreg er i dag leiande i utvikling og bruk av blant anna gassdrivne skip og batteridrivne ferjer – eit fortrinn som kan utnyttast og utviklast vidare.

Regjeringa har i den maritime strategien identifisert fleire grep for å medverke til å redusere utsleppa frå skipsfarten. For å utløyse potensialet for utsleppsreduksjonar frå skipsfarten må både styresmakter og næringa investere, og regjeringa vil derfor òg leggje opp til ei styrking av Sjøfartsdirektoratets kompetanse på nye klima- og miljøvennlege løysingar for skipsfarten, med mål om ein effektiv prosess for myndigheitsbehandling av skip som blir bygde med ny klima- og miljøvennleg teknologi.

Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:

Sjøfartsdirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar blant anna utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon (IMO), EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.

Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei klima- og miljøvennleg transportform. Direktoratet skal òg medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten medverkar til å dekkje løn til fast og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOx og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. Posten dekkjer òg midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.

Rapport 2016

Midlane til Sjøfartsdirektoratet har blant anna gått til nasjonalt og internasjonalt arbeid med å redusere klimagassutslepp frå skipsfarten, redusere eller hindre forureining til luft og sjø, førebyggje spreiing av framande organismar, opphogging av skip, arbeid med forvaltingsplanar for havområda og eit eige arbeid med å sjå nærare på miljøbelastninga frå cruisetrafikk i norske fjordar.

Kap. 1423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

14 282

15 586

16 735

Sum kap. 1423

14 282

15 586

16 735

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Forureining. Statens strålevern si fremste oppgåve er å styrkje forvalting og rådgivingsverksemd. Dette omfattar forvalting og kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar med heimel i forureiningslova. Statens strålevern (Strålevernet) er Klima- og miljødepartementets direktorat på området radioaktiv forureining i det ytre miljø og er forureiningsmyndigheit etter forureiningslova.

Verksemder som er omfatta av Strålevernets forvaltingsmyndet er blant anna petroleumsverksemd, sjukehus og forsking, avfallsdeponi, forskingsreaktorane i Halden og på Kjeller og noko prosess- og mineralindustri. Strålevernet har ansvar for å støtte og gi råd i oppfølging av departementets beredskapsansvar. Strålevernet har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet, i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø. Strålevernet deltek òg i arbeidet med forvaltingsplanane. Strålevernet leier arbeidet i radioaktivitetskomiteen til Oslo- og Paris-kommisjonen (OSPAR), i tillegg til å leie ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den blanda norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Trusselvurderingar og scenario for akutt forureining i samband med hendingar ved sjøtransport av radioaktivt avfall, brukt brensel, og atomdrivne fartøy har vore eit viktig satsingsområde i 2016 som vil bli følgt opp vidare.

Overvaking av radioaktiv forureining skal gi oppdatert informasjon om miljøtilstanden, og medverke til å oppdage eventuelle nye utslepp. Vidare skal overvakinga medverke til kunnskap om tilførsler og langtidsutvikling av forureininga. Det nasjonale overvakingsprogrammet for marint miljø er sentralt i vurderingane av måloppnåing i OSPAR. Overvakinga av tilstanden og potensielle utslepp frå den sokne ubåten Komsomolets skal styrkjast.

Arbeidet med å medverke til at utslepp av radioaktive stoff blir unngått eller minimert frå dei ulike kjeldene er sentralt, i tillegg til arbeid med miljøutfordringar i nord- og polarområda, vurdering av norsk oppfylling av OSPARs mål, formidling og beredskap. I 2018 vil Strålevernet òg prioritere tilsyn og forberedande arbeid med avfallsløysingar for brukt brensel og anna avfall frå ei framtidig dekommisjonering av forskingsreaktorane.

Posten dekkjer utgifter som Statens strålevern har til løn og godtgjersler for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til etaten si samla utgreiings- og rådgivingsverksemd på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet.

Rapport 2016

I 2016 blei det gitt 4 nye løyve til utslepp av radioaktive stoff og behandling av radioaktivt avfall etter forureiningslova. Strålevernet har gjennomført totalt 7 tilsyn. 1 tilsyn med deponi for alunskifer og potensielt syredannede bergarter, 2 tilsyn med verksemder innan petroleumsindustri hvor det ene av disse blei gjennomført i samarbeid med Miljødirektoratet og 2 tilsyn med helseforetak. I tillegg er det gjort ca. 50 dokumenttilsyn. Strålevernet følgjer tett opp pålegg om utgreiingar knytt til problema med det historiske brukte brenselet/avfallet ved Institutt for energiteknikk (IFE). Det går føre seg arbeid for å identifisere ytterlegare industriar og avfallsstraumar som skal regulerast etter forureiningslova. Det blei hausten 2016 gjennomført samarbeid med Miljødirektoratet for å greie ut status og eventuelle behov for tiltak for å styrkje nullutsleppsarbeidet offshore. Rapport om «Utredning av behov for kapasitet til behandling og håndtering av radioaktivt avfall frem mot 2035» blei oversendt Klima- og miljødepartementet i slutten av 2016. Utgreiinga gir ei oversikt over avfallstypar og mengder radioaktivt avfall samanstilt med venta kapasitet i avfallsbehandlingssystemet. Konklusjonane i rapporten vil medverke til å forme forvaltinga av radioaktivt avfall, og vil bli følgt opp vidare.

Rapport om «Miljøsektorens plan for operativ beredskap ved akutt radioaktiv forurensning» blei òg oversendt hausten 2016.

Strålevernet har eit godt samarbeid med Miljødirektoratet og harmoniserer og koordinerer myndigheitene si utøving av forvaltinga av forureiningslova, Strålevernet tek del i arbeidet med forvaltingsplanane for alle norske havområde, havforvaltingsplanane, og er representert i Fagleg forum i overvakingsgruppa og i arbeidsgruppa for risiko for akutt forureining. Statens strålevern leiar OSPAR sin radioaktivitetskomité (RSC).

Kap. 1424 MAREANO

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

23 704

38 585

39 429

Sum kap. 1424

23 704

38 585

39 429

MAREANO-programmet kartlegg havbotnen i norske havområde, gjennom systematisk innsamling av data om djupn og om havbotnen sin geologi, landskap og naturtypar, biologiske mangfald og forureining. Føremålet med denne kartlegginga er å bidra til ei kunnskapsbasert forvalting av dei havbaserte næringane og dei marine økosystema. MAREANO-programmet sett ein ny standard for kunnskap om havbotnen, og har vakt internasjonal merksemd.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane frå Klima- og miljødepartementet til gjennomføringa av kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO.

Rapport 2016

MAREANO-programmet prioriterte i 2016 innsamling av djupdata i Barentshavet, og det blei i tillegg kartlagt farled til Rijpfjorden (Svalbard). Innsamling av geologi-, biologi- og kjemidata blei gjort i området Bjørnøyrenna–Kong Karls Land i Barentshavet. Det vart samla inn djupdata frå i alt 9.698 km2 i Barentshavet. Biologisk og kjemisk datainnsamling vart gjort frå eit areal på 5.850 km2. MAREANO har blant anna produsert nye batymetri- og terrengkart, geologiske og biologiske kart som inkluderer bunntypar, landskap, naturtype- og biotopkart, sårbare biotoper, marint søppel, trålspor, produktivitets- og artsdata (www.mareano.no). Rapportering av resultat skjer gjennom www.mareano.no og Noreg digitalt (www.geonorge.no).

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

12 947

12 609

15 132

21

Spesielle driftsutgifter

26 058

27 690

30 131

70

Tilskot til fiskeformål, kan overførast

10 857

12 894

14 446

71

Tilskot til viltformål, kan overførast

33 053

34 600

35 600

Sum kap. 1425

82 915

87 793

95 309

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltinga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområde Naturmangfald, men involverer òg resultatområde Friluftsliv gjennom tilrettelegging for jakt og fiske.

Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, som saman med utgifter til forvalting av ordninga under kap. 1420 post 01 og kap. 1410 post 50 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet, post 71 Jeger- og fellingsavgifter og post 72 Fiskaravgifter.

Samla sett er løyvingane under kap. 1425 auka med 7,5 mill. kroner i høve til 2017. Auken skuldast at det er venta auka inntekter til fonda i 2018, primært under Viltfondet, men også i noko grad under Statens fiskefond. I tillegg blir det teke ut oppsparte midlar i fonda, særleg frå Viltfondet.

For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1410, 1425, 1420, 5578 og inntektene til dei to fonda, viser vi til omtale under kap. 5578.

Løn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Fylkesmannsembeta.

Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet er basert på driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå den same målsetjinga.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten dekkjer utgifter til løn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltinga slik som det nasjonale jegerregisteret i Brønnøysund, utarbeiding av jaktstatistikk, og utgifter til utvikling og drift av betalingstenesta for jeger- og fiskaravgiftene, under dette informasjonstiltak.

Posten er auka med 2,5 mill. kroner. Auken er lagt på drift av villreinnemndene, administrasjon og prosjekt.

Rapport 2016

Løyvinga innanfor fiskeforvaltinga er brukt til drift av betalingstenesta for fiskaravgift. Løyvingane innanfor viltforvaltinga er nytta til å oppretthalde verksemda i dei statlege villreinnemndene, slik at desse kan behandle den løpande bestandsforvaltinga og vere ein aktør i høve til andre sektorar som nyttar areal i villreinområda. Utover dette er aktivitet knytt til jegerregisteret på om lag same nivå som i 2015. Statistisk Sentralbyrå produserer statistikken over jegerar og jaktutbytte, og medverkar på den måten til overvaking av bestandar av vilt og deira utvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av direktoratet eller fylkesmenn. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene posterast på post 21. Dette gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, forsking og utgreiing.

Posten er auka med 2,4 mill. kroner. Auken er lagt på prosjekt og utgreiingar for viltføremål.

Rapport 2016

Løyvinga er nytta til forsking og utgreiing som gir eit betre kunnskapsunderlag for forvalting av både haustbare viltarter, anadrom laksefisk og arter med meir usikre bestandstilhøve.

Post 70 Fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak. Posten er auka med 1,6 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å sikre og utvikle bestandar av vill anadrom laksefisk og leggje til rette for og motivere til fiske etter anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga bidreg til å nå målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Tiltak som kan få tilskot er tiltak knytte til informasjon om og forvalting av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette kultiveringstiltak, driftsplanlegging, praktisk nytta forsking og overvaking. Det kan vidare bli gitt tilskot til tiltak som betrar tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta og tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Rapport 2016

I 2016 har det vore eit sentralt mål å gi tilskot til tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte opp mot informasjon og forvalting av anadrom laksefisk. Det er òg ytt tilskot til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske. Det er vidare gitt tilskot til anvend forsking og overvaking.

Ein stor del av tilskotsposten er disponert av fylkesmennene for å støtte tiltak som informasjon, anvend forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Samla har dette medverka til betre forvalting av laks, sjøaure og sjørøye, og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.

Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

71.1

Hjortevilttiltak

1 290

3 250

3 250

71.2

Villreintiltak

3 383

2 850

2 850

71.3

Lokale vilttiltak m.v.

23 692

24 000

24 000

71.4

Viltovervaking

4 688

4 500

5 500

Sum post 71

33 053

34 600

35 600

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Løyvingane til vilttiltak er auka med 1 mill. kroner. Auken er lagt på underpost 4 Viltovervaking.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskot av viltet, og at naturens produktivitet og mangfald blir teke vare på nasjonalt og regionalt.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga gjennom støtte til god forvalting av viltet på nasjonalt og regionalt nivå medverkar til at det blir eit haustingsverdig overskot og slik at produktivitet og artsmangfald i naturen blir teke vare på. Tiltaka som blir sette i verk skal medverke til å gi eit betre kunnskapsunderlag om arter og bestandar, eller om korleis dei kan haustast på beste vis. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Det blir gitt tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jaktmoglegheiter, kartlegging av viltressursane/viltets leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar, innarbeiding av viltets leveområde og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova, iverksetjing av tiltak der målet er betre bestandsoversikt, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarar sitt driftsplanarbeid, forskings- og studentoppgåver og andre særleg prioriterte viltformål. Søknader om tilskot til tiltak som inngår som ein del av eit planbasert arbeid blir prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Underpost 71.1 Hjortevilttiltak

Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvalting av hjortevilt. Midlar blir nytta i hjorteviltforvaltinga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m.

Underpost 71.2 Villreintiltak

Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltinga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak.

Underpost 71.3 Lokale vilttiltak m.v.

Midlane skal nyttast til tilskot i form av vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er naudsynte for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskotsmidlane som fylkeskommunane nyttar samla på denne underposten. I samband med regionreforma har fylkeskommunane fått forvaltingsansvaret frå fylkesmannen for enkelte arter. Den einskilde fylkeskommunen gir etter søknad midlar frå posten til praktiske tiltak knytte til desse artene. Ettersom fylkesmannen på same tid forvaltar tilskotsmidlar innanfor sitt forvaltingsområde er det krav om god samordning av bruken av midlane.

Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltinga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvalting.

Underpost 71.4 Viltovervaking

Midlane blir nytta som tilskot til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltingstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov. Føremålet er auka med 1 mill. kroner i høve til 2017.

Rapport 2016

Løyvingane er i 2016 nytta omtrent som tidlegare år. I 2016 vart det levert 798 søknadar om vilttiltak i søknadssenteret. Av desse behandla Miljødirektoratet 148 søknadar, fylkesmennene 358 søknadar og fylkeskommunane 292 søknadar.

Det har vore ytt tilskot til dei fleste aktørar og grupper som arbeider med viltforvalting. Ordninga har gitt støtte til tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag, og medverkar i relevante større prosjekt der andre har hovudfinansieringa. Ordninga er òg nytta til å støtte studentprosjekt, der dette inneber at det blir gjennomført fagleg relevante undersøkingar.

Ordninga medverker til å auke tiltaksvolumet, stimulere ungdom og andre til friluftsliv og uteaktivitet, og gir eit utvida kunnskapsgrunnlag både for økosystem og arter.

Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskotsmidlane skal verte tilgjengelege for alle interesserte, og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellykka former for tiltak. Frå 2013 blir dei fleste rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat lagt inn i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar vil det vere ei stor breidd i type tiltak, og i kva ein kan oppnå på eit enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betaler avgift som nyttar høvet til å søke tilskot, eller nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Det er vidare slik at ressurstilgangen samla sett er vurdert å vere god nok i forhold til dei prioriterte tiltaka. Dei som nyttar tilskotsordningane eller resultata har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonal måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne oppretthalde haustinga, og ha eit tilstrekkeleg godt kunnskapsunderlag for forvaltinga.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

71

Jeger- og fellingsavgifter

79 018

84 763

91 000

72

Fiskaravgifter

14 542

16 056

16 500

Sum kap. 5578

93 560

100 819

107 500

I tillegg til å finansiere utgifter under kap. 1425, dekkjer kap. 5578 postane 71 og 72 òg noko av utgiftene til vilt- og fiskeforsking under kap. 1410 post 50 og utgifter til forvalting av ordninga under kap. 1420 post 01.

Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til fonda i 2017 og 2018, jf. omtale under kvart fond nedanfor.

Post 71 Jeger- og fellingsavgifter

Jeger- og fellingsavgiftene som blir innbetalte til Viltfondet er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Løyvinga er auka med 6 mill. kroner i høve til 2017. Auken vert finansiert ved ein venta auke i tal på innbetalingar til Viltfondet i 2018 og ved bruk av oppspart kapital i fondet.

Nærare om Viltfondet

Mål

§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».

Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:

Viltfondet skal nyttast til forvaltingstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvalting i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.

I den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltinga.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltinga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt.

Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar frå innbetalte avgifter føregåande år blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet.

Jeger- og fellingsavgiftene vart sist endra i 2017, og ein gjer ikkje framlegg om å justere avgiftene i 2018. Satsane for dei ulike avgiftene går fram av tabellen nedanfor.

For oversikta sin del er inntektene for kommunane i 2018 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.

Tabell 7.7 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2018

(tal i heile kroner)

Type avgift:

Storleiken på avgifta i 2018

Estimert tal på innbetalingar

Venta innbetalt totalbeløp

Inntektsført

Jegeravgift generelt:

333

196 900

65 567 700

Viltfondet

Jegeravgiftstillegg hjortevilt:

89

134 600

11 979 400

Viltfondet

Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk:1

205

12 600

2 583 000

Viltfondet

Gebyr ekstra jegeravgiftskort:

67

20 200

1 353 400

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen rein:

294

5 100

1 499 400

Viltfondet

Fellingsavgift reinkalv:

172

2 000

344 000

Viltfondet

Sum statlege avgifter:

83 326 900

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen elg:

537

23 700

12 726 900

Kommunane

Fellingsavgift elgkalv:

316

11 200

3 539 200

Kommunane

Fellingsavgift vaksen hjort:

411

27 100

11 138 100

Kommunane

Fellingsavgift hjortekalv:

249

9 000

2 241 000

Kommunane

Sum kommunale avgifter:

29 645 200

Kommunane

1 Innkrevjing skjer etterskotsvis i 2018 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2016/2017.

Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabellen nedanfor.

Tabell 7.8 Berekning av kapital i Viltfondet i 2018

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.16:

16 989

Budsjettert innbetalt i 20171:

79 600

Budsjettert refusjon i 2017 (utbetalingar frå fondet):

-85 000

Budsjettert saldo pr. 31.12.17:

11 589

Budsjettert innbetalt i 20182:

83 727

Budsjettert refusjon i 2018 (utbetalingar frå fondet):

-91 000

Budsjettert saldo pr. 31.12.18:

4 316

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvalting

Viltfondet blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.

Inntektene over kap. 5578 post 71 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvalting og drift av Jegerregisteret over kap. 1425 postane 01, 21 og 71, kap. 1420 post 01, og forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50. I budsjettet for 2017 er det lagt inn at 5,84 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysundregistra for drifta av Jegerregisteret. Planlagt bruk av inntektene går fram av tabellen nedanfor.

Tabell 7.9 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2018

(i 1000 kr)

Formål

Drift av villreinnemndene, drift av jegerregisteret, offentleg jaktstatistikk og andre driftsutgifter knytte til viltforvalting (kap.1425.01):

15 047

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

1 591

Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.v. (kap. 1425.21):

29 631

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

2 852

Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1):

3 250

Villreintiltak (kap. 1425.71.2):

2 850

Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3):

24 000

Viltovervaking (kap. 1425.71.4):

5 500

Sum under kap. 1425:

84 721

Viltforsking, NINA (kap.1410.50):

2 998

Tilskotsforvalting i Miljødirektoratet (kap 1420 post 01):

3 281

Totalsum:

91 000

Spesielt om hjortevilt og fallvilt

Sjølv om kommunane har primæransvaret for forvaltinga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar til finansieringa av naudsynte nasjonale oppgåver.

Når det gjeld fallvilt, er det behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må gjennomførast av Miljødirektoratet. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er derfor budsjetterte under kap. 1425 post 21 Spesielle driftsutgifter. For dei artene der fallviltet har ein salsverdi etter at naudsynte analysar av dyra er gjennomførte, omset Miljødirektoratet skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.

Post 72 Fiskaravgifter

Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Posten er auka med 0,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2017. Dette skuldast forventning om eit lite oppsving i talet på innbetalingar og noko bruk av oppspart kapital i fondet.

Nærare om Statens fiskefond

Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrome laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unntak, blant anna for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål.

Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrome laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltinga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.

Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember, og vart sist justerte i 2017. For 2018 gjer regjeringa ikkje framlegg om å endre avgiftene. Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag i 2018 blir 260 kroner for enkeltpersonar, mens familieavgifta blir 415 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 18 og 20 år.

Personavgifta for fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli blir på 649 kroner, mens satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli blir 394 kroner.

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen nedanfor.

Tabell 7.10 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2018

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.16:

3 988

Budsjettert innbetalt i 20171:

16 222

Budsjettert refusjon i 2017 (utbetalingar frå fondet):

-16 100

Budsjettert saldo pr. 31.12.17:

4 110

Budsjettert innbetalt i 20181:

16 675

Budsjettert refusjon i 2018 (utbetalingar frå fondet):

-17 500

Budsjettert saldo pr. 31.12.18

3 285

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvalting

Statens fiskefond blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvalting over kap. 1425 (post 01, 21 og 70) og kap. 1420 (post 01), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50.

Planlagt bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabellen nedanfor.

Tabell 7.11 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Statens fiskefond i 2018

(i 1000 kr)

Formål

Administrasjon m.v. (kap. 1425.01):

85

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

71

Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21)

500

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

219

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

14 446

Sum under kap. 1425:

15 321

Tilskotsforvalting i Miljødirektoratet(kap. 1420.01)

1 196

Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50):

983

Totalsum

17 500

Spesielt om lokale tiltak

I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt naudsynte driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvalting, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Oppfølging av oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 19, 18. oktober 2016

Stortinget ber regjeringen foreslå et omsetningskrav for bruk av bærekraftig biodrivstoff i drivstoffet for skipsfarten.

Stortinget gjorde dette vedtaket då innstillinga Innst. 22 S (2015–2016) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Dok. 8:71 S (2015 – 16) vart behandla, jf. tilrådinga i innstillinga romartal I. Oppmodingsvedtaket er under behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når arbeidet er ferdig.

Vedtak nr. 21, 18. oktober 2016

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med virkemidler som kan stimulere til å øke ordremengden og bidra til utvikling av flere lav- og nullutslippsløsninger for skip, og om hvordan dette vil bidra til å nå målsettingen for 2030 om å redusere klimagassutslippene med minst 40 pst.

Stortinget gjorde dette vedtaket då innstillinga Innst. 22 S (2015–2016) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Dok. 8:71 S (2015 – 16) vart behandla. Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i regjeringas klimapolitikk. For å stimulere til bygging av nye, grøne skip har regjeringa blant anna etablert støtteordningar for utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar i innanriks skipsfart og kondemnering av gamle, forureinande skip, jf. regjeringas svar på oppmodingsvedtak nr. 57, 1. desember 2015.

Arbeidet med verkemiddel for utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar for skip må vidare sjåast i samanheng med arbeidet med å oppfylle Noregs utsleppsforplikting i 2030 under Parisavtala. Relevante virkemidler vil kunne omfatte blant anna Regjeringa si oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 108 punkt 1 og vedtak nr. 1110, 21. juni om etablering av ei miljøavtale med tilhøyrande CO2-fond for næringstransport.

Vedtak nr. 24, 20. oktober 2016

Stortinget ber regjeringen legge fram en handlingsplan med sikte på å styrke det samlede friluftslivsarbeidet og friluftslivets rolle i folkehelsearbeidet. Det forutsettes at arbeidet med handlingsplanen skjer i nært samarbeid med de sentrale friluftsorganisasjonene.

Vedtaket blei fatta i samband med behandlinga av Meld. St. 18 (2015 – 2016) Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet. Regjeringa er i gang med å utarbeide handlingsplanen, og tek sikte på å leggje fram denne 1. halvår 2018. Dei sentrale friluftslivsorganisasjonane er involverte i arbeidet, og det blei halde oppstartsmøte med desse i mars 2017. Ei rekkje av friluftslivsorganisasjonane har også levert skriftlege innspel til handlingsplanen.

Vedtak nr. 25, 20. oktober 2016

Stortinget ber regjeringen legge fram en handlingsplan for økt skjøtsel, kanalisering og tilrettelegging, for å ta vare på naturverdiene og fremme friluftslivet i nasjonalparker og andre store verneområder.

Vedtaket blei fatta i samband med behandling av Meld. St. 18 (2015 – 2016) Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet. Miljødirektoratet har etter oppdrag frå Klima- og miljødepartementet sett i gang arbeidet. Det vert tatt sikte på at handlingsplanen ferdigstillast vinteren 2018.

Vedtak nr. 26, 20. oktober 2016

Stortinget ber regjeringen arbeide for en utvidelse av Skjærgårdstjenesten der det er lokale initiativ og en forpliktende lokal medfinansiering.

Vedtaket ble fattet i samband med behandlinga av Meld. St. 18 (2015 – 2016) Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet. Miljødirektoratet er involvert i fleire prosessar om mogleg etablering av nye einingar av skjergardstenesta, blant anna i Møre og Romsdal. Desse prosessane er ikkje avslutt, og det er førebels ikke etablert nye einingar. Det er blant anna viktig at Stortingets føring om ei forpliktande lokal medfinansiering er på plass, før ei overføring av statlege midlar kan skje.

Vedtak nr. 27, 20. oktober 2016

Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan arbeidet med tiltak mot marin forsøpling kan styrkes. Det forutsettes at frivillige og lokale initiativ som Hold Norge Rent og Skjægårdstjenesten tas med i vurderingen.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 26 S (2016 – 2017), jf. Meld. St. 18 (2015 – 2016) Friluftsliv – natur som kilde til helse og livskvalitet, jf. innstillingas tilråding romartal IV. Vedtaket er sett på som følgt opp gjennom framlegging av ein strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast i Meld. St. 45 (2016 – 2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi.

Vedtak nr. 108, punkt 1, 5. desember 2016

Stortinget ber regjeringen igangsette en prosess med berørte næringsorganisasjoner om etablering av en miljøavtale med tilhørende CO2-fond. Det legges til grunn at fondet sikres tilstrekkelige inntekter gjennom en opptrapping av CO2-avgiften for berørte næringer og at finansieringen er på plass innen 2020. Det er et mål at fondet skal bidra til å kutte klimagassutslippene med 2 millioner tonn CO2-ekvivalenter årlig innen 2030. Regjeringen rapporterer om prosess, innretning og mulig tidsløp for etablering av et slikt fond i revidert nasjonalbudsjett 2017.

Regjeringa følgde opp oppmodingsvedtaket ved å rapportere om prosess, innretning og mogleg tidsløp for eit fond i Revidert nasjonalbudsjett 2017.

Regjeringa ser på vedtaket som utkvittert. Sjå òg omtale av CO2-fond under vedtak 1110, 21. juni 2017.

Vedtak nr. 108, punkt 5, 5. desember 2016

Stortinget ber regjeringen trappe opp omsetningskravet for biodrivstoff til veitrafikk og delkravet om avansert biodrivstoff i årene 2017 – 2020. Delkravet om avansert biodrivstoff settes til 2,5 pst. fra 1. oktober 2017, 3,5 pst. i 2018, 4,5 pst. i 2019 og 8 pst. i 2020. Det generelle omsetningskravet trappes opp i takt med dette til 20 pst. Opptrappingsplanen forskriftsfestes.

Vedtaket vart fatta då innstillinga Innst. 2 S (2015–2016) frå finanskomiteen, jf. Meld. St. 1 (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) vart behandla, som følgje av laust forslag nr. 100 fremja frå salen. Klima- og miljødepartementet sende dei naudsynte forskriftsendringane for å følgje opp planen på høyring sommaren 2017. Forskrift om nivå frå 1. oktober 2017 og 1. januar 2018 vart fastsett i september 2017. Vedtaket blir med dette sett på som følgt opp for den delen som gjeld 1. oktober 2017 og 1. januar 2018. Høyringsfristen for nivåa i 2019 og 2020 var 3. oktober 2017, og departementet vil komme tilbake til oppfølginga av desse.

Vedtak nr. 108, punkt 6, 5. desember 2016

Stortinget ber regjeringen følge markedet for avansert biodrivstoff tett, og fremme forslag om å heve omsetningskravet ytterligere dersom tilgangen i markedet og kostnadene tilsier det.

Vedtaket vart fatta då innstillinga Innst. 2 S (2015–2016) frå finanskomiteen, jf. Meld. St. 1 (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) vart behandla, som følgje av laust forslag nr. 100 fremja frå salen. Regjeringa følgjer marknaden for biodrivstoff tett. I tildelingsbrevet for 2017 er dette sett som ei av prioriteringane for Miljødirektoratet på resultatområde klima. Klima- og miljødepartementet vil vurdere å heve omsetningskravet ytterlegare dersom det synest føremålstenleg. Regjeringa ser på vedtaket som utkvittert.

Vedtak nr. 108, punkt 7, 5. desember 2016

Stortinget ber regjeringen utrede klimapotensialet ved CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og vurdere om det er hensiktsmessig med endringer som kan være nødvendig for å sikre teknologinøytral markeds- og virkemiddelbehandling for CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og andre klimavennlige alternativer.

Vedtaket vart fatta då innstillinga Innst. 2 S (2015–2016) frå finanskomiteen, jf. Meld. St. 1 (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) vart behandla, som følgje av laust forslag nr. 100 fremma frå salen. Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet i oppdrag å utgreie klimapotensialet ved CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og vurdere om det er føremålstenleg med endringar som kan vere naudsynte for å sikre teknologinøytral marknads- og verkemiddelhandsaming for CO2-nøytralt syntetisk drivstoff og andre klimavennlege alternativ gjennom tildelingsbrevet for 2017. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 108, punkt 8, 5. desember 2016

Stortinget ber regjeringen i løpet av 2018 innføre E10 som en bransjestandard for bensin. Regjeringen bes komme tilbake i statsbudsjettet for 2018 med en konkret plan for arbeidet.

Vedtaket vart fatta då innstillinga Innst. 2 S (2015–2016) frå finanskomiteen, jf. Meld. St. 1 (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) vart behandla, som følgje av laust forslag nr. 100 fremja frå salen. Regjeringa var i Prop. 1 S (2016 – 2017) frå Klima- og miljødepartementet i utgangspunktet positiv til innføring av E10 som ein ny bransjestandard på den norske marknaden, men meinte at det var føremålstenleg å sikte mot 2019 for å gi bransjen tilstrekkeleg med tid til å tilpasse seg det endra regelverket.

Det er i praksis fleire ulike måtar å gjennomføre Stortinget sitt oppmodingsvedtak på. Eit alternativ er at det vert stilt eit spesifikt krav om at drivstoffomsetjarane skal tilby E10. For å gjere ordninga noko meir fleksibel kunne ein tenkje seg at små drivstoffstasjonar berre skal tilby sikringskvalitet. Dette er tilfellet i Finland. Meir fleksible gjennomføringar av oppmodinga ville vere gjennom å auke det forskriftsfesta kravet om minst 4 pst. biodrivstoffdel til bensinkjøretøy, eller å la implementeringa vere heilt opp til bransjen sjølv.

Gitt at E10 skal innførast gjennom regulatoriske verkemiddel, meiner regjeringa på noverande tidspunkt at det å auke det forskriftsfesta kravet om biodrivstoffdel til bensinkjøretøy til noko over 5 pst. ville vere ei god løysing. Vidare ville det vere føremålstenleg å stille krav til maksimal geografisk avstand til næraste bensinstasjon med sikringskvalitet for stasjonar der E10 blir innført. Det vil vere behov for målretta informasjon mot forbrukarane i forkant av implementeringa.

Regjeringa oppfattar at intensjonen bak Stortinget sitt vedtak er å auke delen biodrivstoff i bensin. Å gjennomføre vedtaket gjennom å auke det forskriftsfesta kravet om biodrivstoffdel til bensinkøyretøy ut over dagens krav til 4 pst, vil gjere det mogleg for omsetjarane å auke innblandinga av etanol i bensin i dei områda der det er mest kostnadseffektivt.

Kravet om biodrivstoffdel til bensinkøyretøy i produktforskrifta er pålagt drivstoffomsetjarane og gjeld for deira samla omsetnad av drivstoff på årsbasis. Med ei implementering av E10 som skissert over, vert drivstoffomsetjarane pålagde å omsetje noko over 5 pst. etanol av den totale bensinomsetjinga si. Korleis dei vel å oppfylle dette kravet er opp til dei sjølve. Kravet kan oppfyllast gjennom å tilby bensin med høgare etanoldel på dei stasjonane det ligg best til rette for dette, både med omsyn til tankanlegg og marknadsgrunnlag.

Erfaringar frå andre land som har innført E10 som ny bransjestandard, har vist at det er svært viktig å sikre tilstrekkeleg informasjon til forbrukarane i forkant av implementeringa. Mange bileigarar veit ikkje om bilen dei eig kan køyre på bensin med høgare del etanol enn 5 pst., og vel derfor å fylle drivstoff med lågare etanolandel for å vere på den sikre sida. Eksempelvis er delen bensinbilar i Finland som kan bruke E10 på om lag 85 pst., medan salet av E10 berre utgjer 68 pst. av marknaden.

Bilar som er produserte frå og med år 2000 kan i all hovudsak nytte E10. Dette varierer likevel stort mellom merker og modellar. Basert på innspel frå bransjen har Miljødirektoratet vurdert at det er mellom 130 000 og 200 000 bensinbilar som ikkje er godkjente for bruk av E10 i Noreg i dag. 70 pst. av desse var førestegongsregistrerte før år 2000. Dersom ein legg til grunn at delen bilar i Noreg som toler bensin med etanolandel ut over 5 pst. er om lag som i Finland, vil det vere om lag 180 000 bilar som ikkje er godkjende. Talet vil truleg falle framover ettersom gamle bilar vert vraka og bilparken fornya. Aktuelle sikringsstandardar ved innføring av 95E10 kan vere 95E5, 98E5 eller 98E0. Regjeringa meiner at 98E0 som sikringskvalitet vil gi det beste tilbodet til forbrukarane.

Det var nesten 1600 bensinstasjonar i Noreg i 2016. Nær alle bensinstasjonar tilbyr 95E5, medan 98E0 blei tilbode på om lag 600 av stasjonane. Bensinstasjonane vert forsynt av tankbilar frå 17 terminalar. Alle har 95-oktan, medan sju har 98-oktan. Dei om lag 900 stasjonane som i dag berre tilbyr 95E5, vil måtte investere i ny pumpe og tank dersom dei skal tilby sikringskvalitet. På oppdrag frå Miljødirektoratet anslår konsulentselskapet Rambøll at dei totale kostnadane kan liggje på om lag 640 mill. kroner dersom ein skal krevje dette ved alle stasjonar.

Regjeringa meiner at eit godt alternativ kunne vere å stille eit krav om maksimumsavstand til nærmaste fyllepunkt med sikringskvalitet slik ein har gjort i Finland. Dette vil gi lågare kostnadar, mellom anna vil det ikkje bli krav om at alle stasjonar i same by skal tilby sikringskvalitet. Kostnaden vil avhenge av dagens geografiske fordeling, og kva maksimal avstand ein krev. I desse vurderingane vil det vare naudsynt med meir kunnskap om korleis drivstoffstasjonar med ulikt tilbod fordeler seg geografisk.

Dagens infrastruktur med bensinstasjonar og tankterminalar er optimalisert ut i frå dagens sal, der 95E5 utgjer om lag 98 pst. av omsetjinga og 98E0 utgjer 2 pst. Dersom 98E0 blir innført som sikringsstandard, må ein tru at salet vil auke. Dette vil ha innverknad på kostnadene gjennom at ein vil kunne måtte utvide tankanlegga for sikringskvalitet, men det er utfordrande å anslå kor stor utvidingar som vil vere naudsynt. Kor stor auken i bruken av sikringskvalitet vil bli, vil særleg avhenge av kunnskapen om E10 blant forbrukarane og god merking av drivstoffet på stasjonane.

Rambøll har på oppdrag frå Miljødirektoratet estimert meirkostnadar for eit scenario der tankanlegga for sikringskvalitet vert utvida med 20 000 m3 kapasitet som følgje av auka etterspurnad. Dette vil kunne gi kostnader på omkring 63 mill. kroner. Det vil vidare kunne ventast at auken i etterspørsel etter sikringskvalitet vil føre til auka transport av drivstoff på tankbil. Rambøll anslår at kostnadane knytt til denne transporten kan liggje mellom 6 og 45 mill. kroner. Desse kostnadene er basert på ein modell som er mindre fleksibel en den som er skissert her, slik at dei mest truleg representerer ei øvre ramme for meirkostnader.

Det er naudsynt med vidare utgreiing av dei ulike alternativa både med omsyn til kostnader og praktisk gjennomføring. Konkret nivå for innblanding og grense for maksimal geografisk avstand mellom tilbydarar av sikringskvalitet må utgreiast nærare. Vidare vil det vere eit særleg behov for målretta og effektiv informasjon til forbrukarane, som vil vere avgjerande for om tiltaket fører til ein reell auke i omsetninga av etanol. Regjeringa ønskjer å gjennomføre høyring der fleire ulike alternativ vert presenterte før ein tek endeleg stilling til ein konkret plan. Arbeidet må også sjåast i samanheng med opptrappingsplanen for biodrivstoff. Klima- og miljødepartementet tek sikte på å gjennomføre høyring av dei naudsynte forskriftsendringane i 2018. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 108, punkt 18, 5. desember 2016

Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til en klimalov der det skal settes et mål for lavutslippssamfunnet i 2050 om at klimagassutslippene i Norge skal reduseres i størrelsesorden 80 – 95 % fra 1990-nivå. Ved vurdering av måloppnåelse skal det tas hensyn til effekten av norsk deltakelse i det europeiske klimakvotesystemet for virksomheter. Det skal lovfestes en femårsmekanisme som i Parisavtalen, som innebærer at regjeringen, for å fremme omstillingen til et lavutslippssamfunn, skal legge fram for Stortinget fornyede klimamål som delmål fram til 2050. Fra 2020 og med fem års intervaller, skal regjeringen gjøre opp status og legge fram nytt klimamål fortrinnsvis ti år fram i tid. Klimamål skal legge til grunn beste oppdaterte vitenskapelige kunnskap på fastsettelsestidspunktet, være tallfestede, målbare, rapporterbare og verifiserbare, innebære en progresjon fra forrige mål, og fremme gradvis omstilling fram mot 2050. Klimamål skal fastsettes konsistent med Norges bidrag under FNs Klima­konvensjon og eventuell felles gjennomføring med EU. Det skal også lovfestes at regjeringen i forbindelse med den årlige rapporteringen til Stortinget legger fram en rapport som viser status for Norges karbonbudsjett, også innenfor et eventuelt klimasamarbeid med EU om felles oppfyllelse av klimamål.

Vedtaket vart fatta då innstillinga Innst. 2 S (2015–2016) frå finanskomiteen, jf. Meld. St. 1 (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) vart behandla, som følgje av laust forslag nr. 100 fremja frå salen. Vedtaket vart følgt opp i regjeringas Prop. 77 L (2016–2017) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak) – Lov om klimamål (klimalova). På bakgrunn av Innst. 329 L (2016–2017) vedtok Stortinget lova. Saka vart behandla i Stortinget 2. juni 2017 og 6. juni 2017. Vedtaket var i samsvar med innstillinga. Lova trer i kraft 1. januar 2018. Formålet med lova er å fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstilling av Noreg til eit lågutsleppsamfunn. Klimamål for 2030 og 2050 er lovfesta. Lova innfører ein syklus for gjennomgang av klimamål for kvart femte år etter same prinsipp som Parisavtala. Vidare forpliktar lova regjeringa til kvart år og på eigna vis gjere greie for til Stortinget om utviklinga i klimagassutsleppa, utsleppsframskrivingar og gjennomføring av klimamål, sektorvise utsleppsbaner for ikkje-kvotepliktig sektor, status for Noregs karbonbudsjett, samt korleis Noreg forberedes på og tilpassar seg klimaendringane. Det skal òg gjerast greie for klimaeffekten av framlagt budsjett.

Vedtak nr. 309, 17. desember 2016

Stortinget ber regjeringen utrede en ordning for å sikre at alle som importerer biler til landet, omfattes av de lovpålagte returordningene og bidrar til finansieringen av disse.

Vedtaket vart fatta ved behandling av innstilling frå finanskomiteen om skattar, avgifter og toll 2017, jf. Innst. 3 S (2016 – 2017). Regjeringa vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget med oppfølging av vedtaket.

Vedtak nr. 421, 10. januar 2017

Stortinget ber regjeringen gjennom den planlagte avfallsmeldingen adressere utfordringer knyttet til matsvinn, herunder hvordan kommuner kan håndtere matavfall på en beste mulig måte.

Vedtaket vart fatta ved behandling av innstilling frå næringskomiteen Innst. 108 S (2016 – 2017), jf. Dok. 8:9 S (2016 – 2017), innstillingas tilråding romartal II. Vedtaket er sett på som følgt opp gjennom framlegging av Meld. St. 45 (2016 – 2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi og ved inngåing av bransjeavtale om reduksjon av matsvinn av 23. juni 2017. Avtalepartane, fem departement og 12 bransjeorganisasjonar som samla representerer heile verdikjeda for mat, skal samarbeide om å førebyggje og redusere matsvinn i heile matkjeda. Partane sette eit mål om 50 pst. reduksjon av matsvinn innan 2030, i tråd med FNs berekraftsmål, og avtala vil bli følgt opp av avtalepartane. Avtala skal gi auka kunnskap om omfang og årsaker til matsvinn og medverke til erfaringsutveksling mellom aktørane. Bransjeorganisasjonane skal søje samarbeid i verdikjedan og også utføre eigne tiltak som medverkar til å nå måla i avtala. Både bransjeorganisasjonaene og styresmaktene skal bidra til at forbrukarane kastar mindre mat i samsvar med bransjeavtala sitt formål. Bransjeorganisasjonane skal syte for kartlegging av matsvinn i sine medlemsbedrifter og styresmaktene skal syte for nasjonal statistikk. Styresmaktene skal leggje til rette for at også statlege og kommunale verksemder som handterer mat skal rapportere om matsvinn og medverke til å førebyggje og redusere matsvinn.

Vidare vil regjeringa utgreie krav om utsortering og materialgjenvinning av utvalte typar plast og våtorganisk avfall frå hushald og delar av næringslivet. Dette arbeidet skal sjåast i samanheng med regjeringas arbeid med å redusere matsvinn.

Vedtak nr. 440, 31. januar 2017

Stortinget ber regjeringen så snart som mulig, og senest innen 10. mars d.å., fremme en sak om hvordan forvaltningen av ulv, herunder adgangen til lisensjakt, kan gjennomføres i samsvar med Stortingets vedtak i Innst. 330 S (2015 – 2016), gjeldende lovverk og internasjonale konvensjoner. Stortinget ber regjeringen i denne saken om å se hvordan naturmangfoldloven § 18 første ledd bokstav b hvor det tillates uttak av vilt, herunder rovvilt '[...] for å avverge skade på avling, husdyr, tamrein, skog, fisk, vann eller annen eiendom' og bokstav c hvor det tillates uttak '[...] ut i fra allmenne helse- og sikkerhetshensyn eller andre offentlige interesser av vesentlig betydning' kan tillegges vesentlig vekt i vedtak om lisensfelling av ulv. Det forutsettes at det åpnes for lisensfelling av ulv utover det antallet som allerede er bestemt for inneværende år, dersom ny informasjon om skadepotensialet, eller annen vesentlig informasjon gjør dette mulig innenfor rammene av gjeldende lovverk.

Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av klima- og miljøministeren si orientering om forvalting av ulv 17. januar 2017. Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Prop. 63 L (2016–2017) Endringer i naturmangfoldloven (felling av ulv m.m.).

Vedtak nr. 441, 31. januar 2017

Stortinget ber regjeringen om å endre Forskrift om forvaltning av rovvilt (FOR-2005-03-18-242) slik at denne er tilpasset Stortingets vedtak i Innst. 330 S (2015 – 2016). Stortinget ber regjeringen om spesielt å gjennomgå omtalen av naturmangfoldloven i kommentarene til forskriften for å sikre at disse er i tråd med intensjonene i Innst. 330 S (2015 – 2016).

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av klima- og miljøministeren si orientering om forvalting av ulv 17. januar 2017. Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom endringar i rovviltforskrifta 9. februar 2017.

Vedtak nr. 529, 28. mars 2017

Stortinget ber regjeringen særskilt belyse hvordan gratis levering av marint avfall bør organiseres, og komme tilbake til dette på egnet måte.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 213 S (2016 – 2017), jf. Dok. 8:31 S (2016 – 2017), innstillinga si tilråding romartal I. I strategien mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast i Meld. St. 45 (2016 – 2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi framgår det at regjeringa vil utgreie ei ordning for å gjere det gratis å levere marint avfall i hamn for fiskarar og andre, basert på erfaringane frå prosjektet «Fishing for litter». Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 530, 28. mars 2017

Stortinget ber regjeringen fremme en sak om endring av forurensningsloven, slik at kommunene får hjemmel til å ilegge overtredelsesgebyrer i forsøplingssaker.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 213 S (2016 – 2017), jf. Dok. 8:31 S (2016 – 2017), innstillinga si tilråding romartal III. I strategien mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast i Meld. St. 45 (2016 – 2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi framgår det at regjeringa vil gi kommunar høve til å innføre gebyr for forsøpling. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 533, 28. mars 2017

Stortinget ber regjeringen i oppfølgingen av den nye avtalen om forvaltning av fisket i Tanavassdraget i størst mulig grad involvere lokale rettighetshavere og samer som urfolk.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Prop. 54 S (2016–2017) Samtykke til inngåelse av avtale mellom Norge og Finland om fisket i Tanavassdraget av 30. september 2016, jf. Innst. 228 S (2016–2017). I oppfølginga av den nye avtala med Finland om fisket i Tanavassdraget vil departementet leggje betydeleg vekt på å involvere lokale rettshavarar og ta vare på samiske rettar og interesser. Departementet viser til at avtala legg opp til brei medverknad frå lokale rettshavarar og andre lokale interessar. Tanavassdragets fiskeforvalting vil også, i tillegg til oppgåvene dei allereie er tillagt mynde for, ha ei viktig rolle i den framtidige forvaltinga som følgjer av avtala.

Vedtak nr. 589, 25. april 2017

Stortinget ber regjeringen endre rovviltforskriften, slik at naturmangfoldloven § 18 første ledd bokstav b inngår som del av hjemmelsgrunnlaget for betinget skadefelling og lisensfelling av ulv, og at naturmangfoldloven § 18 første ledd bokstav c inngår som del av hjemmelsgrunnlaget for lisensfelling av ulv.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 257 S (2016–2017), jf. Prop. 63 L (2016–2017) Endringer i naturmangfoldloven (felling av ulv m.m.), jf. innstillingas romartal I. Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vedtekne endringar i rovviltforskrifta, som trådde i kraft 6. juni 2017.

Vedtak nr. 590, 25. april 2017

Stortinget ber regjeringen legge flertallsmerknadene i denne innstillingen (Innst. 257 L (2016 – 2017)) til grunn for videre oppfølging, praktisering og forvaltning av ulv i Norge.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 257 S (2016–2017), jf. Prop. 63 L (2016–2017) Endringer i naturmangfoldloven (felling av ulv m.m.), jf. innstillinga romartal II. Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom den vidare forvaltinga av ulv i Noreg.

Vedtak nr. 591, 25. april 2017

Stortinget ber regjeringen foreta en faglig gjennomgang av den norske delbestanden av ulv.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 257 S (2016–2017), jf. Prop. 63 L (2016–2017) Endringer i naturmangfoldloven (felling av ulv m.m.), jf. innstillinga romartal III. Miljødirektoratet vil i løpet av hausten skaffe fleire kunnskapsprosjekt på ulv, under dette ein fagleg gjennomgang av den norske delbestanden av ulv. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Vedtak nr. 748, 2. juni 2017

Stortinget ber regjeringen opprette et teknisk beregningsutvalg på klimafeltet. Arbeidet i det tekniske beregningsutvalget skal ledes av Miljødirektoratet.

Stortinget fatta vedtaket under behandlinga av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 329 S (2016–2017), jf. Prop. 77 L (2016–2017) Lov om klimamål (klimalova), jf. innstillinga vedtak B. Oppmodingsvedtaket er under behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 749, 2. juni 2017

Stortinget ber regjeringen raskest mulig gjennomføre prosess med ESA for å avklare om det er rom for Norge til å gjøre gjeldende EUs bærekraftskrav for alt biodrivstoff som omsettes i Norge, eventuelt endringer som kan gjøres fra Norges side med sikte på å gjøre EUs bærekraftskrav gjeldende for alt biodrivstoff som omsettes i Norge så raskt som mulig.

Stortinget gjorde vedtaket då innstillinga Innst. 133 S (2016 – 2017) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Dok. 8:69 S (2016 – 2017), vart behandla, jf. tilråding i innstillinga romartal I. Oppmodingsvedtaket er under behandling i Klima- og miljødepartementet. Prosess med EFTAs overvakingsorgan (ESA) er starta ved brev frå april 2017. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på egna måte når nye opplysningar ligg føre i saka.

Vedtak nr. 750, 2. juni 2017

Stortinget ber regjeringen undersøke om de nylige løfter fra bensinbransjen og positive uttalelser fra de største bensinstasjonskjedene kan videreutvikles til en bransjeavtale eller liknende, om at all salg av biodrivstoff skal være palmeoljefritt og ha høyere klimaeffekt enn EUs minstekrav.

Stortinget gjorde vedtaket då innstillinga Innst. 133 S (2016 – 2017) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Dok. 8:69 S (2016 – 2017), vart behandla, jf. tilråding i innstillinga romartal II. Oppmodingsvedtaket er under behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i denne saka.

Vedtak nr. 751, 2. juni 2017

Stortinget ber regjeringen vurdere handlingsrommet for ulike virkemidler, herunder avgifter og regelverk, for å fremme bruk av avansert bærekraftig biodrivstoff, og komme tilbake til Stortinget i egnet form.

Stortinget gjorde vedtaket då innstillinga Innst. 133 S (2016 – 2017) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Dok. 8:69 S (2016 – 2017), vart behandla, jf. tilråding i innstillinga romartal III. Oppmodingsvedtaket er under behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i saka.

Vedtak nr. 753, 2. juni 2017

Stortinget ber regjeringen gjennom forskrift til lov om offentlige anskaffelser stille krav om at det ikke skal benyttes biodrivstoffbasert på palmeolje eller biprodukter av palmeolje. Forskriftsendringen skal tre i kraft så snart som mulig.

Stortinget gjorde vedtaket då innstillinga Innst. 133 S (2016 – 2017) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Dok. 8:69 S (2016 – 2017), vart behandla, som følgje av laust forslag nr. 5 fremja frå salen. Oppmodingsvedtaket er under behandling i Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når arbeidet er ferdig.

Vedtak nr. 907, 14. juni 2017

Stortinget ber regjeringen om å følge opp arbeidet med en helhetlig nasjonal plan for marine verneområder og prioritere områdene som er definert som særlig verdifulle og sårbare (SVO) i dette arbeidet. Stortinget ber regjeringen legge fram en egen sak om dette senest i 2020.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 455 S (2016 – 2017), jf. Meld. St. 35 (2016 – 2017), innstillinga si tilråding romartal I. Klima- og miljødepartementet har sett i gang arbeidet med å utarbeide ein plan for det vidare arbeidet med marint vern. Sjå òg omtale av oppfølging av Stortingets vedtak nr. 668, 23. mai 2016. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 908. 14. juni 2017

Stortinget ber regjeringen ikke iverksette petroleumsvirksomhet, inkludert leting og seismikkskyting i Froan/Sularevet og Iverryggen, frem til en helhetlig marin verneplan for alle norske havområder er lagt frem for Stortinget.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 455 S (2016 – 2017), jf. Meld. St. 35 (2016 – 2017), innstillinga si tilråding romartal III. Regjeringa vil følgje opp oppmodingsvedtaket, og ikkje iverksetje petroleumsverksemd, inkludert leiting og seismikkskyting i Froan/Sularevet og Iverryggen, fram til ein heilskapleg marin verneplan for alle dei norske havområda er lagt fram for Stortinget.

Vedtak nr. 909, 14. juni 2017

Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revideringen av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten legge frem en faglig oppdatert avgrensing av hele iskantsonen inkludert «Vesterisen», basert på best tilgjengelig vitenskapelig kunnskap. I påvente av dette videreføres definisjonen av dette omradet og rammene for aktivitet som ble fastsatt i den i dag gjeldende forvaltningsplan for Norskehavet (St.meld. nr. 37 (2008 – 2009)).

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 455 S (2016 – 2017), jf. Meld. St. 35 (2016 – 2017) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillinga si tilråding romartal IV. Neste oppdatering av iskanten som eit særskilt verdifullt og sårbart område vil skje i samband med revideringa av forvaltingsplanen for Barentshavet–Lofoten i 2020. Som ein del av det faglege grunnlaget for denne revideringa vil det også bli gjort ein gjennomgang av definisjonen som ligg til grunn for berekninga av iskanten. Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp ved at arbeidet omfattaer heile iskantsona inkludert Vesterisen.

Vedtak nr. 910,14. juni 2017

Stortinget ber regjeringen legge til grunn at en eventuell ny definisjon av iskanten skal skje med utgangspunkt i en helhetlig revidering av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 455 S (2016 – 2017), jf. Meld. St. 35 (2016 – 2017), innstillinga si tilråding romartal V. Neste oppdatering av iskanten som eit særskilt verdifullt og sårbart område vil skje i samband med revideringa av forvaltingsplanen for Barentshavet–Lofoten i 2020. Som ein del av det faglege grunnlaget for denne revideringa vil det også bli gjort ein gjennomgang av definisjonen som ligg til grunn for berekninga av iskanten.

Vedtak nr. 914, 14. juni 2017

Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene fra overvannsutvalget (NOU 2015:16), og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag til tiltak og virkemidler for overvannsproblematikk, inkludert en vurdering av en egen sektorlov for vann- og avløp.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling fra energi- og miljøkomiteen Innst. 436 S (2016 – 2017), jf. Dok. 8:78 S (2016 – 2017), innstillinga si tilråding romartal I. Regjeringa arbeider med å gjennomgå tilrådingane frå overvassutvalet (NOU 2015: 16). Det er føreslått ein pakke av verkemiddel som må sjåast i samanheng og som til saman vil medverke til å oppnå måla om å førebyggje skade på busetnad, infrastruktur, helse og miljø. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 961, 16. juni 2017

Stortinget ber regjeringen om at det ved bygging av industrielle anlegg for produksjon av biogass basert på matavfall også legges til rette for mottak av husdyrgjødsel.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av Innst. 445 S (2016 – 2017), jf. Prop. 141 S (2016 – 2017) om Endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjeret 2017 m.m.) Klima- og miljødepartementet vil i samråd med berørte departement vurdere korleis vedtaket best kan følgjast opp, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 1105, 21. juni 2017

Stortinget ber regjeringen utrede hvordan fossilfrie anleggsprosjekter eventuelt kan gjennomføres og hva konsekvensen av dette vil være.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå finanskomiteen Innst. 401 S (2016 – 2017), jf. Meld. St. 2 (2016–2017) om Revidert nasjonalbudsjett 2017. Oppmodingsvedtaket er under behandling i Klima- og miljødepartementet. Vedtaket vil bli sett i sammenheng med oppmodingsvedtak 108 nr. 16 som er under behandling i Samferdselsdepartementet, og regjeringas vil-punkt i Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid om å utgreie høvet til å redusere bruken av mineralolje til oppvarming og bygningstørking ved byggje- og anleggsplassar. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når arbeidet er ferdig.

Vedtak nr. 1110, 21. juni 2017

Stortinget ber regjeringen starte forhandlinger med berørte næringsorganisasjoner om etablering av en miljøavtale med tilhørende CO2-fond for næringstransport, med sikte på oppstart i løpet av 2019. Forhandlingene skal ta utgangspunkt både i de argumenter og løsninger som fremføres i RNB og de forslag næringslivet har spilt inn om en modell basert på NOx-fondet. Et privat fond skal vurderes, samtidig som det må foretas en grensedragning mellom et CO2-fond og eksisterende virkemidler, herunder Enova. De administrative kostnadene for næringsvirksomheter, næringsorganisasjoner og myndigheter skal begrenses. Størrelsen på overføringene til fondet skal sees i sammenheng med den andelen av merprovenyet fra eventuelle fremtidige økninger i CO2-avgiften som kan knyttes til virksomheter som omfattes av CO2-fondet, enten som en direkte bevilgning over statsbudsjettets utgiftsside eller som en avgiftslettelse for de aktuelle virksomhetene. Næringsaktørene forplikter seg til utslippsreduksjoner ut over det som følger av eksisterende virkemidler i en miljøavtale med staten. Arbeid med utredning og innhenting av felles data og analysegrunnlag starter umiddelbart, og Stortinget ber om en rapportering av dette arbeidet i forbindelse med statsbudsjettet for 2018.

Stortinget fatta vedtaket i samband med si behandling av Innst. 401 S (2016–2017), jf. Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017. Næringsaktørar har i vår blitt invitert til møte for første innspel til prosess og tema for utrgreiing, og regjeringa har sett i gang arbeidet med å innhente felles data og analysegrunnlag.

Etablering av eit fond krev utgreiingar, forhandlingar og notifisering til ESA, uavhengig av kva slag modell som blir valgt. Sentrale spørsmål som må utgreiiast er blant anna korleis næringslivet sin modell basert på NOx-fondet reint praktisk kan gjennomførast, administrative kostnader ved ulike modellar, forholdet til EØS-avtalas statsstøtteregelverk og potensiale for og kostnadene ved utsleppsreduksjonar. Klima- og miljødepartementet og Finansdepartementet har i samarbeid med aktuelle næringsorganisasjonar sett i gang utgreiingar som skal avklare desse spørsmåla.

Vedtak nr. 57, 1. desember 2015

Stortinget ber regjeringen legge fram forslag til tiltak for økt bruk av lav- og nullutslippsteknologi i nærskipsfarten, og komme tilbake til Stortinget med dette.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 78 S (2015 – 2016), jf. Dok. 8:126 S (2014 – 2015), innstillinga si tilråding romartal VI. Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i regjeringas klimapolitikk. For å stimulere til bygging av nye, grøne skip har regjeringa etablert støtteordningar for utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar i innanriks skipsfart og kondemnering av gamle, forureinande skip, jf. omtale i Prop. 1 s (2016 – 2017) og Meld. St. 17 (2016 – 2017) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2015 – 2016.

Arbeidet med verkemiddel for utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar for skip må vidare sjåast i samaenheng med arbeidet med å oppfylle Noregs utsleppsforplikting i 2030 under Parisavtala. Relevante verkemidler vil kunne omfatte mellom anna Regjeringa si oppfølging av oppmodingsvedtak 108 nr. 1, og vedtak nr. 1110, 21. juni 2017 om etablering av ei miljøavtale med tilhøyrande CO2-fond for næringstransporten. Regjeringen vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte

Vedtak nr. 100, 3. desember 2015

Stortinget ber regjeringen sørge for en gjennomgang av Statskog SFs ordinære skogeiendommer for verneverdig skog, og legge til rette for at verneverdig skog i deres eie kan vernes etter naturmangfoldloven.

Stortinget gjorde vedtaket ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2016 og forslaget til statsbudsjett for 2016 i samsvar med Innst. 2 S (2015–2016), tilråding romartal XXXV. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak med sikte på vern av aktuelle areal eigd av Statskog SF.

10 skogområde eigd av statskog SF vart verna 21. juni 2017. I 2017 blir det kartlagt om lag 190 kvadratkilometer skog eigd av Statskog, og etter planen skal det på grunnlag av desse kartleggingane setjast i gang verneprosessar for verneverdige område i 2018. I 2018 vil kartlegginga av skog på statsgrunn bli utvida til nye område med sikte på å få oversikt over fleire skogområde som kan vere aktuelle for vern. Regjeringen vil rapportere om status og framdrift i det videre arbeidet i de årlige budsjettproposisjonene. Regjeringen anser vedtaket for utkvittert.

Vedtak nr. 406, 18. desember 2015

Stortinget ber regjeringen legge fram en stortingsmelding om avfallspolitikk og den sirkulære økonomien.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen om løyvingar på statsbudsjettet Prop. 1 S (2015 – 2016) og Prop. 1 S Tillegg I (2015 – 2016), innstillinga si tilråding C romartal III. Vedtaket er sett på som følgt opp gjennom framlegging (21. juni 2017) av Meld. St. 45 (2016 – 2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi.

Vedtak nr. 537, 17. mars 2016

Stortinget ber regjeringen drøfte et mål for reduksjon av matavfall og matsvinn i omsetnings- og forbrukerleddet, og legge dette frem i den bebudede meldingen om avfall og sirkulær økonomi. Målet må sees i forbindelse med arbeidet med bransjeavtalen med reduksjonsmål, regelverksutvikling i EU og helheten i norsk avfallspolitikk.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 181 S (2015 – 2016), jf. Dok. 8:119 S (2014 – 2015), innstillinga si tilråding romartal IV. Vedtaket er sett på som følgt opp ved inngåing av avtale om reduksjon av matsvinn av 23. juni 2017 og gjennom framlegging av Meld. St. 45 (2016 – 2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi. Sjå òg omtale under vedtak nr. 421, 10. januar 2017.

Vedtak nr. 667, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen sette et mål om vern av både offentlig eid skog og frivillig vern av privateid skog til 10 pst. av skogarealet.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen, Innst. 294 S (2015–2016) jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal I. Regjeringa legg til grunn det vedtekne målet om vern av 10 pst. av skogarealet i det vidare skogvernarbeidet. Regjeringa har sidan 2013 verna i alt 249 skogområde med eit samla produktivt skogareal på 479 kvadratkilometer. Pr. oktober 2017 er i overkant av 4 pst. av det totale skogarealet verna, og om lag 3 pst. av det produktive skogarealet. Det er planlagt vern av ei rekkje nye skogområde hausten 2017 og i 2018. I juni 2017 vart det lagt fram ei evaluering av skogvernet som blant anna viser dei viktigaste skogtypane som bør vernast i det vidare skogvernet, nasjonalt og på fylkesnivå. Evalueringa vil, saman med intensivert kartlegging for å betre kunnskapen om kvar dei viktigaste skogareala er, gi eit godt grunnlag for eit kostnadseffektivt skogvern med høg fagleg kvalitet. Regjeringen vil rapportere om status og framdrift i skogvernarbeidet i de årlige budsjettproposisjonene. Regjeringen anser vedtaket for utkvittert.

Vedtak nr. 668, 23.mai 2016

Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for marine verneområder og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal II. Regjeringas oppfølging av Stortingets vedtak er omtalt i Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltingsplanen for Norskehavet, side 82:

Det er satt i gang arbeid med en plan for det videre arbeidet med marine verneområder. Det vil som del av planen for det videre arbeidet med marine verneområder gjennomføres en evaluering av status for arbeidet med vern og beskyttelse av marine områder, og identifisering av videre behov for vern og beskyttelse med bakgrunn i nasjonale og internasjonale mål. Dette vil inngå i grunnlaget for det videre arbeidet med marint vern i territorialfarvannet og bevaring av marine områder utenfor territorialgrensen. Det vil i forvaltningen av havområdene løpende vurderes på grunnlag av tilgjengelig kunnskap om det er behov for nye tiltak for å bevare marine naturverdier.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 669, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen klargjøre hva som er god tilstand og hvilke arealer som er å regne som forringede økosystemer, og trappe opp arbeidet med å bedre tilstanden i økosystemene, med sikte på at 15 pst. av de forringede økosystemene skal være restaurert innen 2025.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal III.

Klima- og miljødepartementet oppretta i 2016 Ekspertrådet for økologisk tilstand. Rådet er no ferdige med sitt arbeid og har utarbeidd forslag til naturvitskapelege indikatorar og kriterium for kva som er god tilstand i norske økosystem. I 2018 vil Klima- og miljødepartementet, slik ekspertrådet har foreslått, gjennomføre naudsynt vidareutvikling og utprøving av fagsystemet slik at det kan bli klart til bruk i forvaltinga frå og med 2020.

Vurdering av om mål om restaurering er nådd må basere seg på ei avklaring av kva som er rekna som forringa økosystem, og kven som er eigna for eventuell restaurering. Spørsmålet om kva som er sett på som forringa økosystem, og omfanget av dette, vil bli sett i samanheng med arbeidet med å klargjere kva som er god tilstand i økosystema fram mot 2020. Klima- og miljødepartementet vil på dette grunnlaget prioritere aktuelle restaureringstiltak med sikte at 15 pst. av dei forringa økosystema er restaurerte innan 2025. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Vedtak nr. 670, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen vurdere kvalitetsnormer for økosystemer som en del av utviklingen av nye forvaltningsmål.

Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal IV. Med utgangspunkt i Ekspertrådet for økologisk tilstand sitt forslag til klargjering av kva som er god økologisk tilstand, vil Klima- og miljødepartementet fastsetje forvaltingsmål for økosystema. Forvaltingsmåla vil vere baserte på det faglege ekspertgrunnlaget nemnt over, på forvaltingsvise vurderingar og avvegingar og samfunnsøkonomiske vurderingar. Som del av dette arbeidet vil Klima- og miljødepartementet vurdere om, og eventuelt på kva måte, forvaltingsmåla bør fastsetjast som kvalitetsnormer etter naturmangfaldlova §13. Departementet tek sikte på at ei forvalting basert på definerte mål for økologisk tilstand er på plass innan 2020. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Vedtak nr. 671, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig fatte vedtak i sakene om nasjonalparkene Jomfruland, Raet, vurdere vernevedtaket knyttet til Lofotodden og varsle Stortinget om dette på egnet måte.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal V. Verneforslag for Jomfruland og Raet blei vedteke i statsråd 16. desember 2016. Miljødirektoratet oversendte si faglege tilråding om verneforslaget for Lofotodden i mai 2017. Forslaget er no til behandling i departementet. Regjeringa vil orientere Stortinget om vernesaka på eigna måte.

Vedtak nr. 672, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen revidere de helhetlige og økosystembaserte forvaltningsplanene for våre havområder minimum hvert tolvte år, og oppdatere dem hvert fjerde år.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015 – 2016), jf. Meld. St. 14 (2015 – 2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold, jf. innstillinga romartal VII. Regjeringa vil følgje opp Stortingets vedtak, jf. Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, side 94, der det framgår at:

Regjeringen vil: – Legge frem revideringer av de helhetlige og økosystembaserte forvaltningsplanene for havområdene minimum hvert tolvte år, og oppdatere dem hvert fjerde år.

Vedtak nr. 673, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en oppdatert forvaltningsplan for Norskehavet, slik at den kan behandles i inneværende stortingsperiode.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015 – 2016), jf. Meld. St. 14 (2015 – 2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold, jf. innstillinga romartal VIII. Regjeringa har følgt opp Stortingets vedtak gjennom Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, som vart lagt fram 5. april 2017.

Vedtak nr. 674, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.

Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal IX. Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide ein handlingsplan for sjøfugl, der ulike verkemedel og tiltak skal vurderas, inkludert bruken av status som prioritert art. Arbeidet med handlingsplanen vart starta opp i 2017. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Vedtak nr. 675, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen legge fram kvalitetsnorm for myr.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal X. Klima- og miljødepartementet vil sjå utarbeiding av ei kvalitetsnorm for myr i samanheng med oppfølging av vedtak 669 og 670 av 23. mai 2016, og ei pågåande utgreiing av økosystemtenester i våtmark. Arbeidet med økosystemutgreiinga skal etter planen sluttførast i 2018. Departementet vil leggje dette og anna kunnskapsgrunnlag til grunn for eit forslag til kvalitetsnorm for myr og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 676, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen videreutvikle dagens ordning med utvalgte kulturlandskap med sikte på å øke antall områder frem mot 2020.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal XII. Regjeringa sitt mål er å doble dagens 22 område med utvalte kulturlandskap fram mot 2020. Finansiering av ordninga som totalt er på 22 mill. kroner er eit spleiselag mellom miljø- og landbrukssektoren. Sekretariatet (Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Landbruksdirektoratet) fekk over 50 forslag til nye område frå fylkesmennene. Regjeringa har allereie i 2017 utpeikt ti nye område der det blir sett i verk skjøtsels- og istandsetjingstiltak. Bruttolista dannar grunnlaget for vidare utvelging av nye område innanfor budsjettrammene fram mot 2020.

Vedtak nr. 677, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen utarbeide en kvalitetsnorm for villrein, og vurdere kvalitetsnorm for flere utvalgte arter.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal XIII. Miljødirektoratet har sett ned ei ekspertgruppe med sekretariat som skal utarbeide ein rapport med forslag til miljøkvalitetsnorm for villrein. Gruppa skal levere sin rapport innan 1. desember 2017. Klima- og miljødepartementet vil etter dette vurdere gruppa sitt forslag med sikte på å vedta ei miljøkvalitetsnorm for villrein i 2018.

Miljødirektoratet har levert ei fagleg vurdering av høvet til å kunne utvikle miljøkvalitetsnormer for fleire haustbare småviltarter – lirype, fjellrype, hare, bever og skogshøns. På bakgrunn av denne vurderinga, eksisterande kunnskaps- og datagrunnlag, vurderingar av ulike aktuelle tiltak, føresetnader for ei vellykka gjennomføring og samfunnsøkonomiske vurderingar, vil Klima- og miljødepartementet komme med ei endeleg tilråding innan utgangen av 2017. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Vedtak nr. 678, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen styrke arbeidet med et økologisk grunnkart for Norge med naturtyper, arter og landskapstyper.

Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal XIV. Klima- og miljødepartementet vil i 2018 føre vidare og styrkje arbeidet med det økologiske grunnkartet. Det vil bli bygt opp digital infrastruktur for innsamling og formidling av stadfesta økologisk relevant informasjon frå ulike sektorar. Klima- og miljødepartementet vil også fastsetje ny metode for verdisetjing av naturtypar; både å fastsetje naturtypar som er av nasjonal forvaltingsinteresse og fastsetje metode for å vurdere kvalitet på den enkelte lokalitet av desse. Det overordna systemet for naturtypekartlegging byggjer på inndelings- og beskrivingssystemet Natur i Noreg (NiN). Naturtypar av nasjonal forvaltingsinteresse som er dårleg kartlagde, vil bli prioriterte i kartlegginga. Område der kartlegging gir stor samfunnsnytte vil bli prioriterte å få kartlagt. Data for inndeling av heile landet i landskapstypar er under utarbeiding.

Klima- og miljødepartementet har bedt Miljødirektoratet om å leia og koordinere arbeidet med å lage det økologiske grunnkartet. Arbeidet skjer i nært samarbeid med Artsdatabanken, og det er oppretta ei direktoratsgruppe for å sikre god sektorsamordning. Prioriterte oppgåver på kort sikt er å få laga ei kartløsying for å gjere grunnkartet lett tilgjengeleg, og å velje ut kva kartlag som til saman skal utgjere det økologiske grunnkartet. Regjeringa vil orientere om status i arbeidet i dei årlege budsjettproposisjonane.

Vedtak nr. 679, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen sørge for at svartelisten over fremmede skadelige organismer og rødlistene over truede arter og naturtyper oppdateres fortløpende slik at alle artsgrupper og naturtyper gjennomgås hvert femte år.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, jf. innstillinga romartal XVI. Artsdatabanken har ansvaret for å fastsetje raudlistestatus for norske arter og naturtypar, publisere Nasjonale raudlister for arter og naturtypar og oppdatere desse, og å vurdere økologisk risiko knytt til arter som ikkje høyrer naturleg heime i Noreg (framande arter) og å føre oversikt over slike arter som er påvist i Noreg. Regjeringa vil fastsette i styringsdokument for Artsdatabanken at slik oppdatering skal skje jamleg og slik at alle artsgrupper og naturtypar blir gjennomgått kvart femte år. Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp i løpet av 2017.

Vedtak nr. 681, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen om fremme forslag med sikte på å forby mikroplast i kroppspleieprodukter.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 282 S (2015 – 2016), jf. Dok. 8:44 S (2015 – 2016), jf. Innstilling si tilråding romartal I. Klima- og miljødepartementet vil sjå nærare på det svenske forslaget til nasjonal regulering av mikroplast i kosmetikk og innleie dialog med svenske styresmakter for å få nærare informasjon om utforming av eit nasjonalt forbod. Eit forbod må vere i tråd med EØS-avtala. Sverige vil gjennom sin prosess få nyttige avklaringar om forholdet til EU/EØS-retten som vil ha innverknad på utforminga av eit norsk forbod. Norske styresmakter vil også støtte aktivt opp om ei internasjonal regulering av mikroplast i kroppspleieprodukt. Eit forbod på EU-nivå vil ha langt større effekt enn eit nasjonalt forbod og vil gjelde også for Noreg. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 682, 23. mai 2016

Stortinget ber regjeringen fremme en handlingsplan mot mikroplast etter at tiltaksanalysen er gjennomført.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 282 S (2015 – 2016), jf. Dok. 8:44 S (2015 – 2016), jf. innstillinga si tilråding romartal II. Vedtaket er sett på som følgt opp gjennom framlegging av ein strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast i Meld. St. 45 (2016 – 2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi.

Vedtak nr. 768, 6. juni 2016

Område 2, 3 og 7 i dagens ulvesone skal tas ut, for øvrig skal ulvesonen videreføres som i dag.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 330 S (2015–2016), jf. Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur, jf. innstillinga romartal I. Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vedtekne endringar i rovviltforskrifta, som trådde i kraft 20. juni 2016.

Vedtak nr. 769, 6. juni 2016

Bestandsmålet for ulv i Norge skal være 4–6 ynglinger per år, hvorav 3 skal være helnorske ynglinger, også ynglinger utenfor ulvesonen teller med. Ynglinger i grenserevir skal telle med på en faktor på 0,5.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 330 S (2015–2016), jf. Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur, jf. innstillinga romartal II. Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennogm vedtekne endringar i rovviltforskrifta, som trådde i kraft 20. juni 2016.

Vedtak nr. 770, 6. juni 2016

Stortinget ber regjeringen utrede mulige økonomiske ordninger for tap av eventuelle rettigheter eller belastninger innenfor ulvesonen og viser til ulvesoneutvalgets forslag knyttet til dette spørsmålet.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 330 S (2015–2016), jf. Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur, jf. innstillinga romartal III. Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom ny ordning med tilskot til kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold, som trådde i kraft 1. juli 2017.

Vedtak nr. 771, 6. juni 2016

Stortinget ber regjeringen legge frem en sak hvor man vurderer mulige ordninger for midler til kommuner med ynglinger innenfor ulvesonen.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 330 S (2015–2016), jf. Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur, jf. innstillinga romartal IV. Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom ny ordning med tilskot til kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold, som trådde i kraft 1. juli 2017.

Vedtak nr. 772, 6. juni 2016

Stortinget ber regjeringen vurdere å tillate lik jakttid i og utenfor ulvesonen.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 330 S (2015–2016), jf. Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur, jf. innstillinga romartal V. Regjeringa har motteke ei fagleg vurdering frå Miljødirektoratet om lik jakttid i og utanfor ulvesona, som regjeringa vil følgje opp. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Vedtak nr. 773, 6. juni 2016

Stortinget ber regjeringen bestille en ny uavhengig utredning av den genetiske opprinnelsen til ulvestammen i Norge.

Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 330 S (2015–2016), jf. Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur, jf. innstillinga romartal VI. Miljødirektoratet har etter oppdrag frå Klima- og miljødepartementet sett i gang ein gjennomgang av eksisterande studiar og kunnskap og nye, omfattande analysar av DNA-materiale av ulv som er samla inn, med mål om å undersøkje kvar ulven i Skandinavia kjem frå. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Vedtak nr. 43, 1. desember 2014

Stortinget ber regjeringen lage en helhetlig plan for utfasing av fossil grunnlast i alle statlige bygg.

Stortinget fatta vedtaket ved behandlinga av tilleggsinnstilling frå finanskomiteen (Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015)), jf. Meld. St. 1 (2014–2015), Prop. 1 S (2014–2015), Prop. 1 S Tillegg 1 (2014–2015), Prop. 1 S Tillegg 2 (2014–2015) og Prop. 1 S Tillegg 3 (2014–2015).

Det følgjer av klimaforliket, jf. Innst. 390 S (2011–2012), at fossil fyringsolje som grunnlast skal fasast ut av alle statlege bygg innan 2018. Det er lagt til grunn at dette skal forståast som at utfasinga skal gjennomførast innan utgangen av 2018. Med statlege bygg blir det i denne samanhengen forstått bygg som departementa eller underliggjande etatar/verksemder eig. Bygg som er eigde av statlege aksjeselskap blir i denne samanhengen ikkje rekna som statlege bygg. Fossil grunnlast er i denne samanhengen avgrensa til fossil olje brukt til grunnlast. Grunnlast er den varmekjelda som dekkjer hovuddelen av bygningane sitt varmebehov over året. Ofte dekkjer grunnlasta ca. 50 pst. av effektbehovet på dei kaldaste dagane og 85 pst. av varmebehovet over året. Anlegg der fossil olje berre blir brukt til spisslast, dvs. for å dekkje det varmebehovet grunnlasta ikkje dekkjer, inngår i hovudsak ikkje i oversikta under. Det er likevel ikkje alltid mogleg å skilje mellom grunnlast og spisslast, så tala kan også inkludere noko olje brukt til spisslast.

Det enkelte departementet har ansvar for å planleggje og gjennomføre utfasing i bygg som departementet eller underliggjande etatar/verksemder eig. Departementa har rapportert kor mange anlegg med fossil olje som grunnlast det enkelte departement eig og kor mykje olje som vart brukt i desse anlegga i 2015 og 2016, og dertil kor mange anlegg som er planlagt utfasa og kor mykje dette vil redusere bruken av olje. Under følgjer ei samanstilling av status ved utgangen av 2016 og planlagt utfasing frå og med 2017 til og med 2018, basert på rapportering frå departementa. Regjeringa tek sikte på å komme tilbake årleg med ei oppdatert oversikt over status og planar fram til utfasinga er fullført.

Status per 31.12.2016

Fem departement eig per utgangen av 2016 sjølv, eller har underliggjande etatar/verksemder som eig bygg som har fossil fyringsolje som grunnlast. Totalt er det rapportert om 185 fyringsanlegg med fossil olje som grunnlast ved utgangen av 2016. Det er 30 anlegg færre enn ved utgangen av 2015.

Utsleppa frå dei aktuelle anlegga er berekna til om lag 15995 tonn CO2 i 2016. Det er ein reduksjon på 1064 tonn CO2 samanlikna med 2015. Utsleppa er berekna av Klima- og miljødepartementet på grunnlag av opplysningar om oljeforbruk rapporterte frå dei aktuelle departementa . Fleire departement opplyser at det er noko uvisse i dei rapporterte tala. Metodikk og føresetnader som ligg til grunn for rapporteringane varierer òg mellom departementa. Tala som blir presenterte her, må derfor sjåast på som omtrentlege.

Tabellen under viser talet på fyringsanlegg med fossil olje som grunnlast og utsleppa frå desse anlegga, fordelt på dei ulike departementa.

Tabell 7.12 Fyring med fossil olje som grunnlast i statlege bygg, status per 31.12.2015 og 31.12.2016:

Departement

Tal anlegg med fossil olje som grunnlast per 31.12.15

Utslepp i 2015 (tonn CO2)

Tal anlegg med fossil olje som grunnlast per 31.12.16

Utslepp i 2016 (tonn CO2)

Forsvarsdepartementet

128

10278

123

9850

Helse- og omsorgsdepartementet1

22

3748

19

4715

Justisdepartementet

4

54

4

46

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

8

1630

0

431

Kulturdepartementet

25

268

24

257

Kunnskapsdepartementet

0

175

0

0

Landbruks- og matdepartementet

4

119

0

67

Samferdselsdepartementet

25

748

15

590

Sum

215

17020

185

15955

1 Helse- og omsorgsdepartementet si rapportering viser samla oljeforbruk frå både grunnlast og spisslast då det ikkje har vore mogleg å skilje på forbruket for nokre av anlegga.

Planar for utfasing

I 2017 er det fasa ut, eller planlagt fasa ut 31 anlegg med fossil grunnlast. For 2018 er det planlagt fasa ut 60 anlegg. Det er totalt rapportert om planar for utfasing av 91 av dei 185 anlegga som brukte fossil olje som grunnlast per 31.12.2016 innan utgangen av 2018. Dei aller fleste anlegga som ikkje er planlagt fasa ut innan 2018 er det Forsvarsdepartementet som eig. Justisdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet eig nokre få anlegg der det ikkje er lagt planar for utfasing innan utgangen av 2018.

Forsvarsdepartementet har 87 anlegg, som ikkje er planlagt fasa ut innan 2018. Forsvarsdepartementet har derimot planar for utfasing av dei fleste av desse anlegga innan det generelle forbodet trer i kraft i 2020. Ved to anlegg er det planlagt omfattande energiinfrastrukturprosjekt som medfører at utfasing av fossil olje skjer først etter 2020. I samband med Forsvarets langtidsplan vil enkelte bygg bli utrangerte, og truleg rivne etter 2020. Det er derfor ikkje planlagt å gjennomføre prosjekt for utfasing av fossil olje i desse bygga før 2018 eller 2020. Forsvarsdepartementet planlegg elles for utfasing av all fossil olje til oppvarming, både til grunnlast og til spisslast, og handterer alle prosjekt for utfasing av olje med ein føresetnad om at det ikkje skal nyttast olje som spisslast.

Justisdepartementet har 3 anlegg og Helse- og omsorgsdepartementet 4 anlegg der det ikkje ligg føre konkrete planar om utfasing innan 2018. Helse- og omsorgsdepartementet opplyser at det blir arbeidd med planar for utfasing av eitt anlegg i 2019, mens dei tre siste anlegga er i bygg som blir utrangerte etter 2020.

Anlegga som blir fasa ut i 2017 er venta å gi ein årleg utsleppsreduksjon på om lag 3156 tonn CO2. Anlegga som er planlagt fasa ut i 2018 er venta å redusere dei årlege utsleppa med 2792 tonn CO2. Når utfasinga er gjennomført i alle anlegga som det per i dag er lagt planar for innan utgangen av 2018, vil samla årleg utsleppsreduksjon vere om lag 6000 tonn CO2. Det er ikkje teke omsyn til ev. utslepp frå dei energiberarane som erstattar fyringsoljen (f.eks. ved omlegging til gass eller fjernvarme).

Tabellen under viser talet på anlegg som er planlagt fasa ut i åra 2017 og 2018 og venta utsleppsreduksjonar som følgje av utfasinga, fordelt på dei ulike departementa.

Tabell 7.13 Planlagt utfasing av fossil olje som grunnlast 2017–2018:

2017

2018

Departement

Tal anlegg som er planlagt fasa ut

Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2)

Tal anlegg som er planlagt fasa ut

Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2)

Forsvarsdepartementet

8

2221

28

2275

Helse- og omsorgsdepartementet

6

477

9

231

Justisdepartementet

1

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kulturdepartementet

6

64

18

193

Kunnskapsdepartementet

Landbruks- og matdepartementet

Samferdselsdepartementet

10

393

5

94

Sum

31

3156

60

2792

Vedtak nr. 387, 3. februar 2015

Stortinget ber regjeringen legge fram et lovforslag som forbyr bruk av fossil olje til oppvarming i husholdninger og til grunnlast i øvrige bygg. Regjeringen bes også vurdere å utvide forbudet til også å omfatte topplast.

Dok. 8:10 S (2014 – 2015) Innst. 147 S (2014 – 2015), innstillingas tilråding romartal I Stortinget ber regjeringa leggje fram eit lovforslag som forbyr bruk av fossil olje til oppvarming i hushald og til grunnlast i andre bygg. Regjeringa blir òg beden om å vurdere å utvide forbodet til også å omfatte topplast. Eit forbod er notifisert til ESA, og vil formelt bli vedteke etter at notifiseringa er gjennomført i tråd med EØS-høyringslova. Dette vil ta minimum tre månader frå tidspunktet for notifiseringa. Forbodet omfattar bruk av mineralolje til både grunnlast (hovudoppvarming) og spisslast (tilleggsoppvarming).

Vedtak nr. 507, 14. april 2015

Stortinget ber regjeringen sikre en saksbehandling av GMO-saker som i praksis innebærer at hver GMO blir vurdert opp mot genteknologiloven, og som avklarer om det skal legges ned forbud før GMO-en eventuelt blir lovlig å omsette i Norge.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 231 S (2014–2015), jf. Dok. 8:30 S (2014 – 2015) forbud mot omsetning av de genmodifiserte maislinjene T25 og NK603, jf. innstillinga romartal III. Oppmodingsvedtaket er følgt opp ved at Klima- og miljødepartementet 5. juli 2017 fastsette nye rutinar for behandlinga av saker om GMO-ar (genmodifiserte organismar) som er godkjende etter EUs utsetjingsdirektiv. Saksbehandlingstida blir vesentleg kortare og det blir sett klare fristar for innspel frå aktuelle instansar. Noreg skal no fatte nasjonale vedtak etter genteknologilova rett etter at EU har fatta sitt vedtak.

Snøheimvegen og verneplan for tidligere Hjerkinn skytefelt

Stortinget vedtok i 1999 å opprette eit nytt skyte- og øvingsfelt for Forsvaret på Austlandet, og å leggje ned skytefeltet på Hjerkinn (Innst. S. nr. 129 (1998 – 99): «Hjerkinn skytefelt legges ned i samsvar med pkt. 7.2 i St.meld. nr. 11 (1998–99) som ledd i en omfattende plan for utvidet vern av Dovrefjell gjennom Sunndalsfjella nasjonalpark, som forlengelse av Dovrefjell nasjonalpark, og landskapsområder vestover fra Rondane nasjonalpark, jf. Ny landsplan for nasjonalparker i St.meld. nr. 62 (1991–92)».

Opprettinga av Regionfelt Austlandet innebar eit svært stort naturinngrep og tapet av naturverdiar skulle kompenserast med restaurering og vern av naturverdiar på Dovrefjell. Regionfelt Austlandet vart opna i 2005. Forsvaret innstilte sin bruk av Hjerkinn skytefelt i 2008. I 2006 starta naturrestaureringsarbeidet, som er delt i to faser: Fase I frå 2006–2012 og fase II fra 2013–2020. Det ligg i prosjektplanen at alle vegar i området skal fjernast, inkludert Snøheimvegen.

Snøheimvegen er ein 14 km lang grusveg som går frå betalingsbommen nær E6 ved Hjerkinn, gjennom tidlegare Hjerkinn skytefelt og inn i det som nå er Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark til turisthytta Snøheim. Snøheim blei bygd av Den Norske Turistforeining (DNT) i 1952, men blei overteken av Forsvaret i 1959. DNT fekk hytta tilbake i 2007 og den vart gjenopna som turisthytte i 2012. Snøheimvegen er i dag eigd av Staten v/Forsvarsdepartementet, mens Statskog eig grunnen den ligg på. Forsvarsbygg har fram til no vore ansvarleg for det årlege vedlikehaldet av vegen inn til Stridåbrua, mens Norsk villreinsenter og DNT i fellesskap har hatt ansvar for dei siste 4 km inn til Snøheim.

Forskingsprosjekt om villrein og ferdsel

Stortinget behandla i mars 2008 eit representantforslag om å bevare Snøheimvegen (dokument 8:8 (2007 – 2008)). Det vart under behandlinga av saka bestemt å innhente meir kunnskap for å få eit betre avgjerdsgrunnlag, jf. Innst. S. nr.131 (2007–2008). Norsk institutt for naturforsking (NINA) fekk i oppdrag å gjennomføre eit slikt prosjekt og etablerte saman med Norsk senter for bygdeforsking eit prosjekt om samspelet mellom villrein, reinen sin arealbruk og menneskeleg ferdsle. Prosjektet vart sett i gang i 2008/2009.

I 2012 vart Snøheimvegen, som ledd i forskingsprosjektet, stengt for privatbilar. Det vart i staden organisert ei ordning med skyttelbuss inn til Snøheim fire gonger dagleg gjennom sommarsesongen. Drifta har i perioden 2014 – 2017 vore ivareteken av Norsk Villreinsenter

I 2013 kom sluttrapporten frå prosjektet, NINA Temahefte 51 «Horisont Snøhetta». Der går det fram at villreinen sitt trekk og kryssing av området aust for Snøhetta er avgjerande for å halde ved lag funksjonell bruk av villreinområdet. For å komme til haust- og vinterbeita aust for Snøhettamassivet (Hjerkinnplatået) er reinen avhengig av å krysse ferdselsårene Stroplsjødalen (stien inn mot Reinheim turisthytte) og Snøheimvegen. Desse to ferdsleårene er to system som fungerer parallelt og relativt uavhengig av kvarandre. Hovudutfordringa er at ferdsla gjennom Stroplsjødalen allereie er på eit kritisk høgt nivå, og at ein står i fare for å få etablert to parallelle barrierar som kan avskjere rotasjonstrekket mellom heilt sentrale årstidsbeiter. Framtidig belastning på dette området må sjåast i samanheng med inngrep, ferdsle og belastninga i aksen Hjerkinn-Snøheim og Stroplsjødalen.

Rapporten konkluderte med at den beste kombinerte løysinga for villrein og folk vil vere at Snøheimvegen består, med eit strengt regime for regulering av ferdsle gjennom skyttelbuss som køyrer heilt inn til Snøheim, og eit breitt sett av tiltak og verkemiddel for å handtere ferdsla. Ein føresetnad for tilrådinga var at handteringa av ferdsle ved hjelp av skyttelbuss blir nedfelt i langsiktige planar og føresegner, og at restriksjonane på bruk av vegen blir effektive. Det var òg ein føresetnad at bruken av Snøheim blir lagt til rette på ein slik måte at det ikkje blir etablert ferdsle som hindrar reinen sine trekkmoglegheiter rundt Snøhettamassivet eller går ut over kalvingsområda, og at det blir sett i verk ei overvaking for å følgje ferdselsutviklinga.

Forskingsprosjektet si tilråding bygde på data frå berre ein sesong med bussdrift, og ein sesong med drift på Snøheim etter gjenopninga. Det var derfor avgrensa kunnskap om korleis bussordninga i praksis ville fungere og den samla ferdsla i området ville utvikle seg over tid. Miljøverndepartementet og Forsvarsdepartementet vart derfor samde i tilrådingane frå forskingsprosjektet om at det var naudsynt å sjå på effektane av bussregimet og anna utvikling i området over tid. Det vart bestemt å oppretthalde ordninga med stenging av vegen for privatbilar og vidareføre bruk av skyttelbuss inn til Snøheim fram til 2017, med samtidig overvaking av og innhenting av kunnskap om trafikk og ferdsleutvikling i området.

Resultat og tilrådingar frå denne kunnskapsinnhentinga er presenterte i NINA Rapport 1313 «Kunnskapsgrunnlag om ulike scenarier for Snøheimvegen. Effekter på villrein, ferdsel og lokalsamfunn etter åtte års forskning» frå 2017. Det går fram av rapporten at villreinen er sterkt pressa av ferdsel og bruk i Snøhetta- og Hjerkinnområdet. Dette gjeld særleg i siste halvdel av sommaren og utover hausten, i den tida det er mye folk langs vegen og mykje villrein som skal krysse vegen. Det er området mellom Svånålegeret og nasjonalparkgrensa (ca. 1 km øst for Snøheim) som er den viktigaste trekkorridoren for villrein over Snøheimvegen. Ferdsel på vegen vil kunne stoppe villreintrekket i området. Villreinen er avhengig av å krysse over Snøheimvegen for å komme til dei gode vinterbeitene på austsida av Snøhettamassivet. Trekket her er viktig for å oppretthalde rotasjonstrekket rundt Snøhettamassivet slik at villreinen sin funksjonelle bruk av landskapet i villreinområdet (kalving, sommarbeite, vinterbeite) kan takast vare på.

Dei innsamla dataene viser at villreinen har nytta trekkområda inn på Hjerkinnplatået kvart år, sjølv om tidspunkt og trekkrute varierer noko. Reinen trekte over Snøheimvegen med privatbilregime og med skyttelbussregime. Skyttelbussregimet gir likevel ein langt meir robust situasjon for å handtere dei besøkande og kontrollere ferdsel i trekkområdet. Den totale ferdselen inn Snøheimvegen med privatbil eller buss har vore tilnærma stabil i alle åra i perioden 2009 – 2016, ca. 10 000 personar. Tiltaket med skyttelbuss har med andre ord verken medført ein betydeleg reduksjon eller auke i talet på besøkande inn Snøheimvegen. Dei største endringane i ferdselsmønster som er påvist er knytt til toppturar på Snøhetta. Ferdselen til Snøhetta auka markant i 2012, same år som turisthytta Snøheim opna og det blei innført skyttelbuss. Viewpoint Snøhetta har hatt stor og aukande trafikk sida opninga i 2011. For mange av dei andre ferdselsindikatorane i området viser tala seg å vere relativt stabile over tid.

Ferdselsmønsteret til dei reisande inn Snøheimvegen, både med bil og buss, viser at skyttelbusstiltaket fungerer etter planen når det gjeld målet om å unngå ferdsel og opphald i den viktige trekk-korridoren for villrein. Med privatbilregime får ein parkering og opphald i sårbare trekkområde, medan skyttelbussen fraktar folk forbi. Ein ser likevel ein uheldig trend der bruk av Snøheimvegen av gåande og syklistar og bilkøyring utanom busstidene aukar. Når det gjeld lokalbefolkninga er talet for dei som nyttar skyttelbussen aukande.

Rapporten konkluderer med at skyttelbussregimet ser ut til å fungere tilfredsstillande med tanke på målet om å bevare villreinens trekk og arealbruk i tidligare Hjerkinn skytefelt, og at det ikkje er tilrådeleg å reversere skyttelbussregimet. Denne konklusjonen byggjer også i stor grad på at det manglar gode alternativ. Snøhetta, og turisthyttene Snøheim og Reinheim vil alltid trekkje mye folk som må krysse villreintrekket i området. Tilrådinga byggjer på to viktige føresetnader: Det må sikrast ei stabil drift av skyttelbussen i overskodeleg framtid, og talet på gåande og syklistar langs Snøheimvegen, og bilkøyring utanom busstidene må haldast på eit lågt nivå, slik at villreintrekket ikkje blir forstyrra unødig. Dersom annan ferdsel langs vegen blir for stor, vil dette kunne undergrave bussregimet og stoppe villreintrekket. Reinen i området har allereie i dag ei anna åtferd i turistsesongen august – september enn seinare på hausten. Ferdsel er ei svært viktig forklaring på den pressa situasjonen reinen har i området. Dette vil seie at med dagens ferdselsnivå på Snøheimvegen og i Stroplsjødalen er villreintrekket truga i turistsesongen. Reinens tilbøyelegheit til å krysse stigar/vegar heng nært saman med ferdselsintensiteten på det tidspunktet den skal krysse.

Departementet sine vurderingar

På bakgrunn av tilrådingane i rapporten går Klima- og miljødepartementet inn for at vegen ikkje blir tilbakeført, men blir liggjande. Ein avgjerande føresetnad for dette er, i samsvar med konklusjonane i rapporten, at det blir sikra stabil drift av skyttelbuss på vegen i overskodeleg framtid. Dette inneber blant anna avklarte eigar- og ansvarsforhold for veg, vegvedlikehald og bussdrift og stabil finansiering av dette. Det må under dette sikrast tilstrekkelege avgangar også i periodar der kvar einskilt avgang ikkje er bedriftsøkonomisk lønsam pga. lågt passasjertal.

Statskog, Forsvarsbygg, DNT Oslo og Omegn, Dovre Fjellstyre, Jora beitelag og Norsk villreinsenter Nord har blitt einige om ei løysing som er nedfelt i eit grunnlagsnotat og ei intensjonsavtale. Løysinga inneber at DNT Oslo og Omegn overtek eigedomsretten til sjølve veglegemet og ansvaret for både vegvedlikehaldet og drift av skyttelbussen. Forsvarsbygg har eigedomsretten og ansvaret for vedlikehald av vegen fram til restaureringsprosjektet er avslutta i 2020, mens ansvaret for drift av skyttelbussen blir overteke av DNT frå Norsk villreinsenter Nord frå og med 2018.

Eit vilkår frå DNT Oslo og Omegn er at det vert oppretta eit fond på anslagsvis 2 mill. kroner for vedlikehald av vegen, som også kan fungere som ein underskotsgaranti for bussdrifta, og at eit eventuelt overskot frå bussdrifta det einskilde år går inn i fondet.

Det er i intensjonsavtala sett som føresetnad at verken Statskog eller DNT Oslo og Omegn ønskjer å ha ansvaret for vegen dersom drifta av skyttelbussen skulle opphøyre, til dømes ved sviktande bussinntekter.

Departementet støttar denne løysinga, og foreslår at det for 2018 blir sett av 2 mill. kroner under kap. 1420 post 81 Naturarv og kulturlandskap til eit fond for vedlikehald av vegen, som òg skal fungere som underskotsgaranti for bussdrifta. Eventuelle overskot frå bussdrifta går inn i fondet. Departementet merkar seg at bussinntektene har vore relativt stabile i dei åra prøveordninga har vore i drift etter 2012, med ca. 18.000 selde enkeltbillettar pr. sesong. Det er ein føresetnad for løysinga at kapasitet og frekvens på busstilbodet blir halden på eit slikt nivå at ikkje kapasitetsproblem fører til uønskt auke av anna ferdsle innover mot Snøheim, særleg til fots og på sykkel.

Dersom bussdrifta blir lagt ned til dømes på grunn av betydelege fall i bilettinntektene, fell den attverande delen av fondet tilbake til staten.

Løysinga inneber at anna ferdsel på vegen (både motorisert og ikkje-motorisert) må bli regulert, slik at den ikkje motverkar den positive effekten av busstransporten. Basert på resultata frå forskingsprosjektet, mellom anna oppsummert i forskningsrapporten Horisont Snøhetta (2013) og NINA Rapport 1313 (2017), meiner departementet at ferdsla langs Snøheimvegen må haldast på dagens nivå eller reduserast for å unngå at barriereeffekten for villreinen aukar.

Slik regulering av ferdsle bør skje gjennom verneforskriftene og forvaltingsplanen for dei kommande verneområda.

Dersom bussdrifta av ei eller anna årsak blir lagt ned, må vernemyndigheita sjå på behovet for ny regulering av ferdsle langs vegen, både motorisert og ikkje-motorisert. Departementet tek til etterretning at Statskog og DNT Oslo og Omegn har uttalt at dei ikkje vil ønskje å ha ansvaret for veg eller vegvedlikehald dersom bussdrifta blir lagt ned. Departementet legg til grunn at DNT som eigar av vegen i ei slik situasjon står fritt med omsyn til det framtidige vedlikehaldet av vegen, herunder inngå avtaler med andre om dette, i samsvar vernestyresmaktene si regulering av ferdsla langs vegen.

Melding om oppstart av verneplanarbeid for tidlegare Hjerkinn skytefelt vart kunngjort 1. juli 2013. Fylkesmannen leverte si tilråding om vern for området til Miljødirektoratet 30. juni 2017. Regjeringa tek sikte på vernevedtak våren 2018.

Som nemnt ligg det inne i prosjektplanen for Forsvarsbyggs opprydningsprosjekt for det tidlegare skytefeltet at alle vegane i området skal fjernast. Departementet bad likevel Fylkesmannen om å høyre eit vernealternativ som opnar for at både Snøheimvegen, Vålåsjøhøvegen og vegen fram til Veslie/Rolstadsætra består, i tillegg til eit vernealternativ der alle vegane er tilbakeførte. Fylkesmannen har etter høyring tilrådd at dei tre vegane kan bestå. Departementet tek sikte på at verneplanen blir behandla i statsråd i løpet av april 2018, og at det i revidert nasjonalbudsjett for 2018 blir gitt informasjon om verneplanen og løysinga for dei andre vegane, det vil seie Vålåsjøhøvegen og vegen fram til Veslie/Rolstadsætra.

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Hovudinnhald og prioriteringar

Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde Kulturminne og kulturmiljø, og omfattar verksemda til Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond.

Løyvingane på kulturminneområdet går til å følgje opp intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner og Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste. I årets proposisjon er det fremja forslag om nye nasjonale mål, sjå kap. 2.2. Målsetjinga er å ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Det er også eit mål at eit utval av kulturminne og kulturmiljø som dokumenterer geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsmessig breidde skal ha varig vern ved freding innan 2020. Løyvinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø og midlar til å føre vidare arbeidet med verdiskaping knytt til kulturminne og kulturmiljø.

Regionreforma vil få stor konsekvens for korleis kulturminneforvaltinga arbeider i framtida. Fleire førstelinjeoppgåver som i dag blir løyste av Riksantikvaren, skal etter 2020 løysast av den regionale kulturminneforvaltinga.

Både Riksantikvaren og regionane må ha rett system, fagkompetanse og kapasitet for å handtere dette godt. Riksantikvaren må også hjelpe regionane slik at dei kan få kompetanse som set dei i stand til å løyse desse oppgåvene. Regionane må stå rusta til å utføre god kulturminneforvalting, noe som også inneber at eigarar av kulturminne får lik behandling uavhengig av lokalisering. Det er særleg viktig at tilskotshandteringa gir ei kostnadseffektiv og oversiktleg forvalting.

Både samfunnet rundt oss og den offentlege forvaltinga er i endring. Riksantikvarens overordna strategi fram til 2021 vart ferdigstilt i 2016, etter ein omfattande prosess internt i direktoratet. Strategien tek utgangspunkt i endringar som gir kulturminnefeltet både utfordringar og nye moglegheiter. Strategien gir retning for direktoratets arbeid fram til 2021.

Klimaendringane har fokus hos Riksantikvaren. Det gjeld utfordringar innan både bevaring og forvalting knytte til klimaendringar, og det å relatere og tilpasse kulturminna til berekraftmåla.

Byar og tettstader veks i rekordfart. Kulturminne og kulturmiljø gir byane viktige kvalitetar, og gjenbruk er også godt miljøvern. På bestilling frå Klima- og miljødepartementet har Riksantikvaren utarbeidd ein bystrategi for kulturminneforvaltinga. Bystrategien vart lansert i mars 2017.

I 2016 har Riksantikvaren berre reist seks motsegnsaker til regulerings- og kommuneplanar. Dette talet er lågare enn for tidlegare år, og viser at tidleg og tydeleg dialog om viktige kulturminneinteresser medverkar til positive resultat. Det er i løpet av året brukt betydelege ressursar på å finne gode løysingar saman med fylke, kommunar og utbyggjarar, før saker går til motsegn. Dette er døme på god og effektiv kulturminneforvalting.

Forenkla saksbehandling med tanke på statlege eigedommar, gjer også forvaltinga meir effektiv. Stadig fleire saker blir løyste gjennom ein samarbeidsmodell der vedtak blir fatta i møte mellom partane.

Fredingsstrategien fram mot 2020 gir ti prioriterte tema for nye fredingar, slik at fredingslista skal bli meir representativ, både tematisk og geografisk. Betre framdrift i fredingssakene er også eit viktig tema i strategien. Tala viser at det er langt betre framdrift i fredingssakene no enn på fleire tiår. I 2016 vart kulturmiljøet i uthamna Ny-Hellesund i Vest-Agder freda. Det vart vedteke freding i til saman 14 saker i 2016, og 4 nye fredingssaker er starta opp i tråd med fredingsstrategien.

Ein tiltakspakke frå regjeringa på 40 mill. kroner gjorde at det i 2016 kunne fordelast til saman 100 mill. kroner til fartøyvern. Dette ga eit viktig løft til istandsetjinga av mange fartøy. Fartøyvern betyr også oppdrag for verftsindustrien.

Endra rammevilkår og regionmeldinga set mange av premissane for den omstillinga Riksantikvaren er i no. Direktoratet har teke grep som gjer at vi medverkar til å definere korleis vårt direktorat best kan møte morgondagen.

Gjennom blant anna arbeidet med NB!-områda i byane og KULA-registeret som omfattar kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse, vil Riksantikvaren signalisere kva område og kulturmiljø som det er knytte vesentleg nasjonal interesse til. Dette vil medverke til tidleg avklaring av kulturminneinteressene og til at arealforvaltniga blir meir føreseieleg. Riksantikvaren vil óg halde fram med å ha tett og god dialog med kommunar, fylkeskommunar og utbyggjarar. Erfaringane viser at dette ofte medverkar til gode løysingar og gir resultat ved at stadig færre saker endar med motsegn.

Det har vore høg aktivitet og gode resultat i dei ti bevaringsprogramma i 2017. Det har lenge vore klart at målet om ordinært vedlikehaldsnivå for programma i løpet av 2020 vanskeleg kan bli nådd, med to unntak; stavkyrkjeprogrammet og truleg brannsikringa av stavkyrkjene.

Dei ti bevaringsprogramma, med tilskot, kompetansebygging og rådgiving, er dei viktigaste verkemidla for å nå dei nasjonale måla på kulturminneområdet. Likevel er fleire av bevaringsprogramma prega av eit stort og aukande etterslep. Det vart derfor sett i gang eit arbeid i 2016 med å realitetsorientere bevaringsprogramma for å sjå nærare på behov for å endre dei nasjonale måla. Denne reorienteringa vil også kunne medføre ei justering av enkelte av programma sine mål.

Dei tidlegare nasjonale måla på kulturminneområdet hadde ei sterk objekt- og tilstandsorientering. Dei nye måla vil i sterkare grad leggje vekt på samfunnsnytten med å ta vare på kulturarven, på å ta den i bruk og på engasjement og ansvar. I tillegg vil det sjølvsagt framleis vere like viktig å sikre arbeidet med istandsetjing, vedlikehald og høg fagleg standard på det antikvariske arbeidet. Dette vil til ei kvar tid vere kjerneoppgåve innanfor kulturminneforvaltinga.

Resultatområde

Tabell 7.14 Resultatområde under programkategori 12.30

Resultatområdet

Nasjonale mål

Kulturminne og kulturmiljø

  • Eit mangfald av kulturminne, kulturmiljø og landskap1 skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk

  • Kulturminne, kulturmiljø og landskap1skal gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging medverke til berekraftig utvikling

  • Alle skal ha høve til å engasjere seg og ta ansvar for kulturminne, kulturmiljø og landskap1

1 Landskap er forstått som eit område der samspelet mellom natur og kultur er med på å gi det særpreget det har. Måla på dette resultatområdet knyter seg til den kulturhistoriske dimensjonen i landskapet

Politikk for å nå dei nasjonale måla for kulturminne og kulturmiljø

Regjeringa prioriterer høgt å leggje til rette for vern gjennom bruk. Ei forvalting prega av partnarskap mellom styresmakter, private eigarar og andre aktuelle aktørar, og å sikre gode rammevilkår for verdiskaping, opplevingar og kunnskap med utgangspunkt i kulturhistoriske verdiar er viktig.

Gode fagdatabasar/styringsdata som gir kunnskap om og oversikt over kulturhistoriske verdiar – kor dei er og kva slag tilstand dei er i – er avgjerande for å kunne bruke verkemidel riktig og å setje inn tiltak der dei trengst mest og verkar best. Kunnskapsløftet for kulturminnefeltet har gjennom fleire år vore ei prioritert satsing for Riksantikvaren, som skal sikre god tilgang av kulturminnedata på tvers av forvaltingsnivå og for publikum.

I Meld. St. 18 (2016 – 2017) Bærekraftige byer og sterke distrikt, er det vektlagt at kulturminne og kulturmiljø skal vere ein viktig ressurs i byutviklinga. Fortettinga i enkelte byar og pressområde er massiv, og mange område vil på få år bli endra radikalt. Andre byar og bymiljø er prega av handelslekkasje og tomme forretningar. Store endringar i busetjingsmønstret med sterk befolkningsvekst i og omkring byane, medfører også auka press på areal og bygningar i byane og fører til at areal og bygningar går ut av bruk andre stader. Samtidig er kulturminne og kulturmiljø en viktig ressurs i byutviklinga. Mange historiske stader og enkeltbygningar er trekkplaster for turistar, og utgjer ofte ein ressurs også for andre næringar. Kulturminne er ein viktig del av regjeringas bymiljøpolitikk. På bestilling frå Klima- og miljødepartementet har Riksantikvaren utarbeidd ein bystrategi for forvalting av kulturminne og kulturmiljø i byar. Bystrategien, som vart lansert i mars 2017, inneheld strategiske føringar og tilrådingar. Føremålet er å medverke til kvalitet i byutviklinga, bevaring og vidareutvikling av historiske bymiljø, til beste for innbyggjarane, næringsliv og tilreisande. Riksantikvaren ønskjer ei byutvikling som i større grad fører vidare stadeigen og lokal byggeskikk, og i mindre grad fremjar kontrasterande busetnad som svekkjer opplevinga av historiske bymiljø. Samtidig signaliserer strategien at ei løysingsorientert forvalting må kunne diskutere eit breitt spekter av verkemiddel, tilpassa formålet med vern. Bystrategien peiker på at kulturarven er ein sentral ressurs og ein viktig del av det grøne skiftet i byane. Det blir no arbeidd med ein handlingsplan som skal medverke til at mål og strategiar i Bystrategien blir sette i verk.

Klima- og miljødepartementet er òg, saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, involvert i eit 3-årig nordisk bymiljøprosjekt, «Attraktive byer». Prosjektet er knytt til norsk formannskap i Nordisk Ministerråd 2017. Kulturminne og bymiljøpolitikk inngår òg som eitt blant fleire miljøpolitiske område som vil bli tekne opp i «Grøn byutvikling – med dei største byane» som Klima- og miljødepartementet har etablert i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Innsatsen i dei ti tematiske bevaringsprogramma er avgjerande for at man skal kunne setje i stand og halde ved like prioriterte kulturminne av høg nasjonal verdi. Bevaringsprogrammet for istandsetjing av freda hus i privat eige er særleg prioritert. Det er likevel naudsynt å gjere tydelege prioriteringar i bruk av dei økonomiske midlane. I stavkyrkjeprogrammet vart istandsetjinga av dei 28 stavkyrkjene sluttført i 2015. Fortløpande vedlikehald og oppgradering av brannslokkingsanlegg og andre sikringstiltak vil vere prioriterte tiltak framover.

Kunnskapsløftet

Kunnskapsløftet har sidan 2011 vore Riksantikvarens viktigaste delsatsing for å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltinga. Gjennom prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga blir arkiva digitaliserte og syter for god tilgang på informasjon for fylkeskommunar og kommunar. Satsinga inkluderer digitalisering og tilgjengeleggjering av data, og utvikling av gode saksbehandlingssystem.

Dette er viktig for å effektivisere forvaltinga, og syte for at vi også står godt rusta til å ta gode avgjerder om kulturminne og kulturmiljø på lokal og regionalt plan. Kunnskapsløftet skal vere med på å gi kommunar eit godt fagleg grunnlag for å planleggje for desse endringane på ein måte der kulturhistoriske verdiar blir tekne vare på og medverkar til ei positiv samfunnsutvikling.

Kunnskapsløftet har vore ei hovudsatsing for kulturminnefeltet, for å svare på Riksrevisjonens funn frå 2009. Prosjektperioden varer ut 2017. Prosjektet har så langt gitt gode resultat, men det står framleis att nokre uløyste oppgåver som det må arbeidast vidare med også etter at prosjektperioden er avslutta. Regjeringa er oppteken av at det blir utvikla eit modernisert og digitalisert forvaltings- og saksbehandlingssystem som sikrar likebehandling, standardisering, forenkling og effektivisering av arbeidsprosessar på tvers av forvaltingsnivåa. Dette blir derfor særskilt viktig for klargjeringa til gjennomføringa av regionreforma. Hovudsatsinga i 2018 vil vere å følge opp og implementere resultata frå prosjektperioden blant anna ved å utvikle vidare kulturminneportalen, eit digitalt verktøy som vil gjere det mogleg å gjere informasjon frå forskjellige kjelder tilgjengeleg i same brukarsnitt for regional og lokal forvalting og eigarar av kulturminne.

Ein sentral del av kunnskapsløftet er prosjektet «Kulturminner i kommunen» (KIK). Prosjektet har som mål å sette kulturminne på den lokalpolitiske dagsorden, styrkje kompetansen og engasjementet lokalt for å ivareta kulturarven og ta denne i bruk som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Gjennom satsinga medverkar direktoratet med økonomiske midlar og i samarbeid med fylkeskommunane støtter kommunar til å utarbeide kulturminneplanar. I alt har no 300 kommunar fått støtte i arbeidet med kulturminneplanar, og ca. 100 kommunar er ferdige med å utarbeide slike. Delprosjektet vil halde fram til 2020, med mål om at 90 prosent av landets kommunar innan 2020 har utarbeidd kulturminneplan.

For å sikre oppfølging og vidareutvikling av kommunanes arbeid med kulturminne, skal Riksantikvaren i løpet av 2017 utarbeide ein strategi for å styrkje kommunanes arbeid på kulturminnefeltet fram mot 2020.

Registreringa av dei automatisk freda samiske bygningane, som har vore eit delprosjekt i Kunnskapsløftet sidan det vart oppretta i 2011, blei avslutta i august 2017. Ca. 1200 samiske bygningar i dei 5 nordlegaste fylka har vorte besøkt, og 800 – 1000 av desse er registrert som automatisk freda i Askeladden. Dette gir ein heilt ny og detaljert kunnskap om utbreiinga av den samiske busetnaden i Noreg og om viktige samiske kulturminne. Sidan 2012 har 2 mill. kroner årleg vore øyremerkte sikring og istandsetjing av dei freda samiske bygningane. Tek ein i betraktning at denne bygningsmassen først er ferdig registrert i 2017, og dei relativt låge årlege tilskota, er det lang veg å gå før dei freda samiske bygningane får eit tilstandsnivå som er tilstrekkeleg.

Verdsarv

Forvaltinga av dei norske verdsarvområda inneber særlege forpliktingar. Oppfølging av autorisasjonsordninga for verdsarvsenter og utvikling av dei fem autoriserte verdsarvsentra i Alta, på Vega, i Geiranger, i Røros bergstad og Circumferensen og på Rjukan-Notodden vil bli prioritert. Plan for det vidare arbeidet med etablering av verdsarvsenter ved dei norske verdsarvstadene blei ferdigstilt våren 2017. Planen vil bli lagt til grunn for prioriteringa av eventuelle ytterlegare autoriseringar av senter avhengig av budsjettføresetnader og andre rammevilkår. Internasjonalt er kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen eit viktig innsatsområde. Noreg medverkar i dette arbeidet gjennom ei satsing ved ei seksårig avtale (2016–2021) med IUCN og ICCROM om programsamarbeidet «World Heritage Leadership – a new capacity building programme of ICCROM and IUCN». Noreg som statspart til verdsarvkonvensjonen, har høge ambisjonar for forvalting av verdsarvområda, og har som mål at områda skal utviklast til fyrtårn for god kulturminneforvalting. Riksantikvaren arbeider i samarbeid med Miljødirektoratet for betra forvalting av verdsarvområda, blant anna gjennom forvaltingsplanar, betre lokal organisering og programsamarbeid om kompetanseutvikling mellom Klima- og miljødepartementet, ICCROM og IUCN. God forvalting av verdsarvområda avheng også av betre samordning mellom dei sektorane som påverkar utviklinga i områda. Samordninga mellom aktuelle departement som er nedfelt i verdsarvpolitikken, er viktig føresetnad i arbeidet.

Bevaringsprogramma

I omtala av kulturminne og arbeidet med dei ti bevaringsprogramma i statsbudsjettet for 2017 vart det med utgangspunkt i dei fire gjeldande nasjonale miljømåla på kulturminnefeltet

  • Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast

  • Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020

  • Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020

  • Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020

lagt opp til ein gjennomgang av bevaringsprogramma for å vurdere moglege justeringar i måten arbeidet skjer på innanfor det enkelte programmet. Dette «som følgje av at fleire av dei nasjonale måla synast vanskelege å nå innan 2020».

Det vart samtidig uttrykt eit behov for å endre dei nasjonale miljømåla med verknad frå 2018.

Hovudgrunngivinga for behovet for å endre dei nasjonale måla ligg ikkje først og fremst i utfordringa med å nå 2020-måla, men i ei kritisk vurdering av kor føremålstenleg det er å ha eit fastsett års- og tidsmål. Måla vil framleis vere knytte til det å setje i stand, ta vare på og leggje til rette for bruk av kulturminne. Føresetnaden er at tidlegare fastsett fagleg ambisjonsnivå står ved lag.

Mens dei tidlegare nasjonale måla for kulturminnefeltet så langt har hatt ei sterk objekt- og tilstandsorientering, er det i forslaget til nye nasjonale mål lagt vekt på samfunnsnytteperspektivet. Dei nye måla vil leggje vekt på samfunnsnytta med å ta vare på kulturarven, på å ta den i bruk og på engasjement og ansvar, i tillegg til å ta vare på behovet for istandsetjing, vedlikehald og høg fagleg standard på det antikvariske arbeidet.

Uavhengig av denne prosessen har arbeidet som har vore organisert gjennom dei 10 bevaringsprogramma utgjort den viktigaste satsinga i arbeidet med å nå dei nasjonale måla. Bevaringsprogramma vil framleis vere både viktige innsatsområde og verktøy i arbeidet med å nå dei nasjonale måla for kulturminnepolitikken.

Kulturminnepolitikken og ambisjonsnivået i dei nasjonale miljømåla har vore behandla i Stortinget ved fleire høve dei siste 20 åra.

  • St. meld. nr. 58 (1996 – 1997) Miljøpolitikk for en bærekraftig utvikling-Dugnad for framtida – Bestilling fra Stortinget om opptrappingsplan

  • St. meld. nr. 16 (2004 – 2005) Leve med kulturminner – opptrappingsplan (årlige bevilgninger opp 175 mill. kroner – helst ila en fireårs periode)

  • St. meld. nr. 26 (2006 – 2007) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand – bevaringsprogrammene

  • St. meld. nr. 35 (2012 – 2013) Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken – ambisjoner og nasjonale miljømål videreføres

Kort om dei enkelte bevaringsprogramma – status, utfordringar og kva er oppnådd

  1. Freda bygningar i privat eige. Omfatta ca. 3400 objekt. 38 pst. av bygningane har ordinært vedlikehaldsbehov, 32 pst. har moderat behov og 13 pst. har behov for omfattande utbetringar. 17 pst. har ukjent tilstandsgrad. Utfordringa er framleis store etterslep, men det er ei lita betring ved at 2 pst. av objekta har gått frå moderat utbetringsbehov til ordinært vedlikehaldsbehov frå 2015 til 2016.

  2. Fartøy. Ca. 260 verneverdige fartøy inngår i programmet. Av desse er 16 freda etter kulturminnelova. Ved tilskot til fartøy har Riksantikvaren i 2016 prioritert prosjekt som gir god sysselsetjingseffekt. Utfordringa er etterslep med stor forverringsgrad for fartøya.

  3. Samiske bygningar. Her inneheld kulturminnelova ei flytande fredingsgrense, alt eldre enn 100 år er automatisk freda. I perioden 2011 – 2017 har Klima- og miljødepartementet i samarbeid med Riksantikvaren og Sametinget gjennomført eit registreringsprosjekt. Formålet har vore å få eit samla oversyn over bestanden av desse kulturminna. Verneverdi og tilstandsgrad er vurdert. Det finst omlag 1200 samiske bygningar eldre enn 100 år, men mange av desse vil ikkje ha slike verdiar at dei vil liggje inne i programmet. Gjennom det kartleggingsarbeidet som no ligg føre har kulturminneforvaltinga fått eit godt grunnlag for å prioritere dei viktigaste kulturminna. I oppfølginga av Registreringsprosjektet er det òg sett i gang eit lovarbeid for å erstatte den flytande fredingsgrensa med ei fast aldersbestemt grense. I perioden 2012 – 2017 har det vore synfaring på ca. 1200 samiske bygningar. Fordeling av tilstandsgrad har vore stabil i denne perioden og meir enn 70 pst. av bygningsmassen er i god eller middels god stand.

  4. Ruinar. Totalt er det registrert 87 lokalitetar med til saman 122 ruinar. Alle desse er automatisk freda etter kulturminnelova, men bevaringsprogrammet er avgrensa til å omfatte 58 av det 87 lokalitetane. Dei fleste konserveringsprosjekta er pågåande arbeid som vil halde fram i fleire år framover. 45 av ruinane er ferdig konserverte.

  5. Verdsarv. Noreg har 82 verdsarvområde på Unescos verdsarvliste, det eitt er ført inn på naturkriterium. Dei ulike verdsarvområda er av svært ulik karakter og omfang og variasjonen i den tekniske tilstandsgraden er knytt til ambisjonsnivået for dei enkelte stadene. Nokre av verdsarvområda inneheld til dels objekt som fagleg sett fell inn under andre program som f. eks. stavkyrkjer og freda bygningar. Status er at dei fleste stadene har manglar knytte til forvalting og administrasjon. Den uttalte ambisjonen er at dei norske verdsarvstadene skal vere fyrtårn innan kultur- og naturforvalting i Noreg. Dette handlar om at dei skal ha best mogleg tilstand, formelt vern og forvalting. Forvalting inkluderer i denne samanhengen blant anna oppdatert forvaltingsplan, verdsarvkoordinatorfunksjon, verdsarvråd mm. Utfordringa knytt til dette programmet er derfor meir samansett enn for dei andre programma, og alternativ innretning på arbeidet med dette innsatsområdet vil bli vurdert.

  6. Utvalte arkeologiske kulturminne. Meir enn 100 000 objekt er lagt inn i Riksantikvarens fagdatabase, Askeladden. Ein svært liten del av desse ligg inne i programmet, ca. 450. Det er jamn progresjon i programmet og det er per 31.12.16 registrert 334 lokalitetar i Askeladden med ordinært vedlikehaldsnivå.

  7. Bergkunst. Her er det totalt registrert ca. 1800 lokalitetar som alle er automatisk freda etter kulturminnelova. I dag ligg 200 av desse inne i bevaringsprogrammet. Innanfor programmet er det så langt registrert 179 lokalitetar i Askeladden med ordinært vedlikehaldsnivå og progresjonen er sett på som god.

  8. Teknisk industrielle kulturminne. 15 anlegg er definert som nasjonalt prioriterte anlegg og alle desse inngår i programmet. 10 av desse anlegga er rekna som sette i stand. Gjennom tilskotsposten som er knytt til dette bevaringsprogrammet bidrar Riksantikvaren til at fleire anlegg nærmar seg eit normalt vedlikehaldsnivå, men behova ved fleire av anlegga er framleis store. I tillegg har enkelte anlegg, som tidlegare har fått status som ferdigstilt, fått skadar som medfører at dei likevel har behov for tilskot til istandsetjing. Hovudbildet er at med unntak av to anlegg – Odda og Haldenkanalen – ligg det an til at 2020-målet kan bli nådd.

  9. Stavkyrkjer. Det er totalt 28 stavkyrkjer som alle er automatisk freda og inngår i programmet. Istandsetjinga av stavkyrkjene i regi av Stavkyrkjeprogrammet vart avslutta i 2015, med noko mindre arbeid i 2016. På grunn av klimaendringane, med større fare for ekstremvêr, er det gjennomført risikovurderingar ved alle stavkyrkjene. Konklusjonane frå desse vurderingane er innarbeidde i vedlikehaldsplanar.

  10. Brannsikring tette trehusmiljø og stavkyrkjer. Bevaringsprogrammet har som mål å styrkje brannsikringa av rundt 180 tette trehusmiljø med gammal verneverdig trehusbusetnad. Samtidig skal brannsikringa av stavkyrkjene haldast ved like på eit høgt nivå. Om lag 5 av dei 180 registrerte trehusmiljøa har tilfredsstillande brannsikringstiltak. 20 av 28 stavkyrkjer har fått tilskot og gjennomført større tiltak i 2016. Tryggleiken blir halden på eit generelt høgt nivå ved årleg service av teknisk anlegg i alle dei 28 stavkyrkjene.

Bevaringsprogramma og tilpassinga til nye nasjonale mål og pågåande endringsprosessar:

Arbeidet med forvaltinga av kulturminne organisert i dei 10 bevaringsprogramma kan beskrivast som ei arbeidsform med hovudformål å oppnå ei systematisk heving av bevaringstilstanden til ulike kulturminnekategoriar. I tillegg ligg det også eit viktig element av fagleg utvikling og kunnskapsoppbygging i bevaringsprogramma. Programma har tydelege mål formulert i relasjon til 2020-årstalet. Når dei nasjonale måla no er foreslått frigjort frå det konkrete årstalsmålet, er det naturleg at også det vidare arbeidet med bevaringsprogramma blir tilpassa denne endringa. Det er naturleg at arbeidet framover blir innretta mot årsintervall med fleire fasar med mål for kvar tidsperiode. Blant andre døme på tema som kan vurderast nærare kan nemnast:

  • Differensiere mål for ulike delar av bestanden, f. eks. ved å sortere objekt som er i bruk og som er ute av bruk.

  • Leggje større vekt på vilje og evne hos eigaren.

  • Bruk av kriterium knytte til samfunnsnytte, offentleg tilgjenge eller verdiskapingspotensial.

Sjølv om bevaringsprogramma byggjer på ein felles systematikk og har fleire fellesnemnarar, viser gjennomgangen at programma er svært forskjellige. Dette gjeld med omsyn til omfang, fagleg innhald, utfordringar og kva aktørar som er involverte i gjennomføringa av programma. Som del av gjennomgangen som er gjort blir det vurdert omlegging av arbeidsforma for enkelte av programma for at denne skal bli betre tilpassa den aktuelle situasjonen innanfor det enkelte programmet. Det kan vidare vere aktuelt å slå saman enkelte program og det kan òg vere aktuelt å vurdere nye bevaringsprogram for å målrette innsatsen på særskilt viktige innsatsområde.

Som døme kan det vere aktuelt å gjere ei særleg prioritering for arbeidet med automatisk freda, samiske kulturminne. I perioden 2011 – 2017 er det gjennomført eit registreringsprosjekt som for første gongen har gitt ei samla oversikt over bestanden av desse kulturminna, med kjend verneverdi og tilstandsgrad. Over Riksantikvarens budsjett er det for 2018 øyremerkt inntil 6,0 mill. kroner for å styrkje oppfølginga av arbeidet med bevaring av automatisk freda samiske bygningar innanfor Bevaringsprogrammet for automatisk freda samiske bygningar.

Parallelt med innføringa av nye nasjonale mål og tilpassinga av arbeidet med bevaringsprogramma, vil Riksantikvarens arbeid med førebuing til gjennomføringa av regionreforma vere ei sentral oppgåve i 2018 og åra fram mot 2020. Som del av regionreforma skal viktige myndigheits- og ansvarsområde som i dag er tillagt Riksantikvaren, overførast til regionane. Arbeidsmetodikken for bevaringsprogramma er trekt inn i arbeidet med planlegginga av myndigheitsoverføringa der særleg arbeidsmetodikken og ansvarsfordelinga som er nytta gjennom Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige, utgjer ein modell med overføringsverdi til andre delar av arbeidet med forvaltinga av kulturminne. På bakgrunn av denne beskrivinga er det naturleg at det arbeidet som er starta med reorienteringa av bevaringsprogramma blir ført vidare og sett i samanheng med dei omtalte prosessane.

Dei justeringane som er aktuelle i oppfølginga av gjennomgangen av bevaringsprogramma må tilpassast dei nye nasjonale miljømåla på kulturminnefeltet og førebuingane til gjennomføringa av regionreforma. Arbeidsformer, prioriteringar m.v. innanfor ramma av dei nasjonale miljømåla er noko som må vurderast fortløpande i lys av utviklinga på feltet. Det er derfor ikkje hensiktsmessig å gå meir detaljert inn på dette (i denne samanhengen).

Under Stortingets behandling av Reiselivsmeldinga, Meld. St. 19 (2016 – 2017) «Opplev Norge- unikt og eventyrlig» vart det fatta eit oppmodingsvedtak (vedtak 722) med følgjande ordlyd: «Stortinget ber regjeringen utrede og legge frem en plan for Stortinget for hvordan etterslepet på kulturminner i Norge kan tas igjen».

Gjennomgangen av dei ti bevaringsprogramma stadfeste at etterslepet i istandsetjingsarbeidet framleis er ei utfordring. Situasjonen varierer likevel frå program til program. Det er gjennom planbunde og systematisk arbeid gjort eit løft på dette feltet og kulturminnebudsjettet er auka i heile 4-årsperioden. Statusgjennomgangen stadfester at arbeidet med satsingar som Kunnskapsløftet og tilstandsregistreringa har medverka til at kulturminneforvaltinga no har god oversikt over behova og kjennskap til kor utfordringane er størst. Dette er viktig kunnskap som blir nytta som grunnlag for prioriteringar i den fortløpande tilskotsforvaltinga. Gjennom målretta innsats kan tilskot og andre verkemiddel setjast inn der dei verkar best og bidra til å lukke gapa. Regjeringas vurdering er at den vidare framdriftstakten for arbeidet med å redusere etterslepet først og fremst er eit kapasitets- og løyvingsspørsmål. Oppfølginga av spørsmålet er derfor noko det er naturleg å komme nærare tilbake til i dei kommande budsjettprosessane.

Oppfølginga av arbeidet med bevaring av automatisk freda samiske bygningar innanfor Bevaringsprogrammet for automatisk freda samiske bygningar skal styrkjast i 2018. Arbeidet skal skje i medhald av prinsipp ein er blitt samde om i Plan for forvalting av automatisk freda samiske bygningar, vedteken av Sametingets Plenum.

Bygg og Bevar

Prosjektet Bygg og Bevar har gått føre seg sidan 2009, og er eit samarbeid med Byggenæringas landsforeining. Nettportalen er ein god arena for samarbeid mellom det offentlege og dei private eigarane av freda og verneverdige bygningar. Portalen gir blant anna informasjon om handverkarar med riktig kompetanse, produkt- og bransjeinformasjon om materiale og restaurering og riktig energirehabilitering utan at kulturhistoriske verdiar går tapt. Nettportalen er eit viktig bidrag for å betre rammevilkåra for dei private eigarane. I samarbeid med Byggenæringas landsforeining vil dette arbeidet bli ført vidare i ein ny programfase over fem år (2016–2020).

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2018 på om lag 726,363 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 28 mill. kroner netto, samanlikna med saldert budsjett for 2017.

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1429

Riksantikvaren

606 493

650 419

633 985

-2,5

1432

Norsk kulturminnefond

87 094

103 898

92 378

-11,1

Sum kategori 12.30

693 587

754 317

726 363

-3,7

Kap. 1429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

130 893

146 463

145 383

21

Spesielle driftsutgifter

39 878

51 243

36 829

22

Bevaringsoppgåver, kan overførast

23 249

24 304

24 182

50

Tilskot til samisk kulturminnearbeid

3 471

3 541

3 523

60

Kulturminnearbeid i kommunane

2 116

4 116

8 716

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

32 156

33 564

33 164

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

115 025

147 015

142 015

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

50 237

56 545

51 545

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

52 028

45 952

45 952

74

Tilskot til fartøyvern, kan overførast

98 258

61 883

61 883

75

Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

10 050

15 757

15 757

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast

4 808

8 000

8 000

79

Tilskot til verdsarven, kan overførast

44 324

52 036

57 036

Sum kap. 1429

606 493

650 419

633 985

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvalting og Klima- og miljødepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvalting av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminneforvalting. Innsats og verkemiddel har i dei siste åra vore særleg knytt til gjennomføring av dei ti bevaringsprogramma for nasjonalt viktige kulturminne, til prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga og til verdiskaping på kulturminneområdet. Riksantikvaren skal i partnarskap med eigarane og næringslivet stimulere til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvalting, allmenta og næringslivet.

I saker der Riksantikvaren utøver mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet fylkeskommunane, Sametinget, forvaltingsmusea og Sysselmannen på Svalbard utfører som regionale styresmakter for kulturminne. Tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.

Post 01 Driftsutgifter

Hovuddelen av løyvinga dekkjer løn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IKT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltinga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429 post 02 og 09.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429, post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2016

Størsteparten av midlane er lønskostnader. I perioden frå 2010 til 2016 har talet på faste årsverk vore uendra, mens lønsbudsjettet har auka med rundt 20 pst. Veksten i lønsbudsjettet skuldast generell lønsauke og bruk av mellombels tilsette og ekstrahjelp. I den same tidsperioden har budsjettposten for andre driftsutgifter auka med rundt 5 pst. Dette skuldast blant anna auke i faste lisens- og vedlikehaldsavtaler knytte til utviklinga og drifta av IKT-baserte fagsystem, prisstigning og auka driftskostnader i samband med pilegrimssenteret.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlar på denne posten blir nytta til kjøp av digitale utviklingstenester, støtte til registreringsarbeid og til å utvikle og etablere kompetansetiltak innanfor prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga (2011–2017).

Post 21 dekkjer prosjektmidlar til fagleg samarbeid med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid. Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten. Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltingsansvar for.

Riksantikvaren kan lyse ut forskings- og utviklingsmidlar innanfor denne potten, og bestiller utgreiingar blant anna på klima- og energifeltet.

Riksantikvarens KIK-prosjekt (Kulturminne i kommunane) har sidan 2011 vore finansiert av 21-posten. Desse midlane er overførte frå post 21 til 60 slik at tilskot til kommunane kan utbetalast frå post 60. Posten er vidare redusert med 8 mill. kroner då Kunnskapsløftet vart avslutta i 2017.

Rapport 2016

26,3 mill. kroner av post 21 er nytta i prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga i 2016.

Tabell 7.15 Aktivitet i kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga i 2016

Aktivitet

Forbruk (i 1000 kr)

Kulturminneportal

0

Løn, reise- og kompetansemidlar

3 674

Lokale kulturminneregistreringar og arbeid med kulturminneplanar i kommunane

5 400

Fylkeskommunane sitt arbeid med kompetansemodellar for kommunar i eigen region

1 200

Systematisering og digitalisering av eldre analog dokumentasjon

4 090

Sametingets registreringar av automatisk freda samiske bygningar

4 200

Digitale verktøy og tekniske tilretteleggingar

2 459

Informasjonsarkitektur

5 283

Sum

26 306

Riksantikvaren utarbeidde i 2015 Fredningsstrategi mot 2020 for kulturminneforvaltningen. Fredingsstrategien viser innanfor kva tema vi i dag manglar freda bygg eller anlegg, det vere seg eksempelvis nasjonale minoritetar, handel eller rekreasjon, fritid og folkehelse. Nye fredingssaker skal vere innanfor dei prioriterte tema, og startast opp i eit avgrensa omfang. Fredingsstrategien angir òg korleis kulturminneforvaltinga skal arbeide effektivt og på lag med eigar i nye fredingssaker. Fredningsstrategien fram mot 2020 angir ti prioriterte tema for nye fredingar, slik at fredingslista vår skal bli meir representativ, både tematisk og geografisk. Betre framdrift i fredingssakene er også eit viktig tema i strategien. Tala viser at vi har langt betre framdrift i fredingssakene no enn på fleire tiår. I 2016 vart kulturmiljøet i uthamna Ny-Hellesund i Vest-Agder freda. Det vart vedteke freding i til saman 14 saker i 2016, og starta opp 4 nye fredingssaker i tråd med fredingsstrategien. Målrettinga av fredingsarbeidet etter dei føringane som vart lagt i fredingsstrategien gir effektar. Stadig fleire eldre fredingssaker blir sluttførte, og nye fredingssaker starta opp i medhald av strategien. Talet pågåande fredingssaker er i ferd med å komme ned på eit meir handterbart nivå for både fylkeskommunane og Riksantikvaren. Dette gjer at nye fredingssaker blir behandla raskare og betre, noko som er til fordel også for eigarane.

Med forankring i Fredningsstrategi mot 2020 vart det brukt midlar til fleire prosjekt med mål om å finne fram til eit representativt utval kulturminne blant minoritetane sine kulturminne, grøne kulturminne og krigens kulturminne. Arbeidet held fram i 2017.

I 2016 vart det i prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar freda 21 eigedomar knytte til landsverneplan for Kystverkets Landsverneplan for maritim infrastruktur. Riksantikvaren brukte òg noko midlar for oppfølging av arbeidet og prosessen av landsverneplanane i dei departementa som ikkje har ferdigstilt sine landsverneplanar.

Det vart i 2016 sett av ressursar til kjøp av tenester i prosjektet kulturmiljøfreding av Skudeneshavn. Det vart òg gitt 70 000 kroner i tilskot til tilstandsregistrering av bygningsmassen i Skudeneshavn, også dette over post 22. Karmøy kommune bidrog i tillegg inn i dette arbeidet.

I 2016 har Riksantikvaren køyrt 3 program på miljøovervaking: om tilstand, tap og skade på verneverdige bygg og arkeologiske kulturminne og om kulturminne i jordbrukets kulturlandskap. Riksantikvaren har også fått utført naudsynt fagleg utgreiing knytt til to planlagde nye program; om klimaeffektar på mellomalderbygningar og tilstand på freda kulturlag i mellomalderbyane. Ein tek sikte på oppstart av desse i 2017.

I 2016 fekk 50 nye kommunar midlar over prosjekt kunnskapsløftet til å utarbeide kommunale kulturminneplanar og 11 fylkeskommunar og Bergen kommune fekk midlar til å medverke i dette arbeidet. Ved utgangen av 2016 var ca. 250 kommunar i gang med å lage kommunale kulturminneplanar og omlag 100 var ferdige. Det er målsetjinga at 90 pst. av alle landets kommunar skal ha ferdig kommunal kulturminneplan innan 2020. Arbeidet med kommunale kulturminne planer har hatt stor betydning for det lokale engasjementet på kulturminnefeltet. Gjennom arbeidet blir kulturminnevern sett på den lokalpolitiske dagsorden. I både lokalaviser, politiske utval og kommunestyrer blir det diskutert kva som skal med på lista og kvifor. Fleire fylke rapporterer om at samarbeidet med kommunar går lettare når kommunane har eigne kulturminneplanar.

Post 22 Bevaringsoppgåver, kan overførast

Tunge nasjonale bevaringsoppgåver er det i visse tilfelle verken føremålstenleg eller mogleg å gjennomføre ved å dele ut tilskot til lokale prosjekteigarar. I desse tilfella må Riksantikvaren fungere som prosjekteigar. Sidan dette er prosjekt som i dei fleste tilfella går over fleire år, og det ikkje alltid let seg gjere å anslå det eksakte utbetalingsbehovet kvart enkelt år, er midlane plassert på post 22, der dei kan overførast. Dette gjeld fleire store prosjekt, som Bryggen i Bergen og Røros og brannsikring av stavkyrkjer, som er avhengig av fleirårige avtaler med leverandørar.

Spesielt for 2017 er at det er sett av 10 mill. kroner til Klemenskyrkja. Midlane skal brukast til å utarbeide eit formidlingsopplegg knytt til funnet av Klemenskyrkja. Midlane vart løyvde i revidert nasjonalbudsjett for 2017.

Rapport 2016

Det har vore god progresjon i oppgraderinga av brannsikringsanlegg på stavkyrkjene.

Andre område der midlar frå post 22 blir nytta er ruinkonservering, konservering av kyrkjekunst og profane mellomalderbygningar.

Post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid

Midlane er stilte til disposisjon for Sametinget, og kjem i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål frå kap. 1429 post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap.

Mål

Å setje i stand og synleggjere samiske kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium for måloppnåing

  • Tal på registrerte, freda, samiske kulturminne i privat eige i kulturminnedatabasen Askeladden.

  • Tal på freda, samiske bygningar i privat eige med ordinært vedlikehaldsnivå.

  • Opplysningar om tiltak retta mot freda, samiske kulturminne.

Tildelingskriterium

Målgruppa er private eigarar av samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane blir tildelte større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, men går òg til skjøtsel, sikring, istandsetjing og formidling, etter søknad til Sametinget.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skal skje overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle kan det vere aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Rapport 2016

Sametinget rapporterer til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for denne posten.

Post 60 Kulturminnearbeid i kommunane

Posten var ny i 2014 og oppretta som eit ledd i ei særskilt satsing på kommunal kulturminnekompetanse, frå andre halvår 2014 til første halvår 2016. I prosjektperioden fekk ti bykommunar støtte til å opprette ei byantikvarstilling. Føresetnadene for dette var at kommunane sjølve dekte delar av lønskostnadene og driftskostnadene.

Bykommunane som fekk støtte i å opprette byantikvarstillingar i 2015 var Eigersund, Fredrikstad, Frogn, Kragerø/Risør (fellessøknad), Levanger, Lærdal, Moss, Odda, Kongsberg og Steinkjer. Kragerø og Risør delte på ei stilling.

Erfaringane frå prosjektperioden vil bli trekte inn i det vidare arbeidet med å styrkje kommunenes kompetanse. Fleire av kommunane vidarefører byantikvarstillinga utan statleg støtte.

Byantikvarane møtest to gonger årleg, ei samling om våren, og ved deltaking på Riksantikvarens Haustmøte.

Posten blir no nytta til tilskot til kommunane gjennom KIK-prosjektet (Kulturminne i kommunane). Auken på posten på 4,6 mill. kroner er knytt til dette prosjektet.

Sjå omtale under post 21.

Rapport 2016

Av dei ti byantikvarstillingane vart stillingane i Odda og Lærdal avvikla etter to år (hausten 2016) av økonomiske grunnar i kommunen.

Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak og når særlege grunnar ligg føre.

Delar av midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK).

Posten dekkjer òg tilskot til arkeologiske museum, sjøfartsmuseum og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).

Posten er òg nytta til finnarløn.

Posten er styrkt med 5 mill. kroner til sikring av Klemenskyrkja. Vidare er posten redusert med 5,4 mill. kroner på grunn av at styrkinga i 2017 til restfinansiering av Kongsgardsprosjektet på Avaldsnes var eitårig.

Mål

Medverke til forvalting av og ivaretaking av kunnskapen om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium for måloppnåing

Tiltak retta mot sikring, tilrettelegging og dokumentasjon av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne i bevaringsprogrammet for bergkunst og bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne.

Tiltak retta mot sikring av kunnskap om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.

Tildelingskriterium

Målgruppa for tilskotet er tredelt:

Ei målgruppe er private tiltakshavarar. Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak og dersom det ligg føre særlege grunnar, jf. kulturminnelova § 10.

Ei anna målgruppe er forvaltarar av arkeologiske kulturminne. Tilskota blir i hovudsak nytta til oppfølging av dei to bevaringsprogramma utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø og bergkunst. Midlane blir tildelte etter søknad til Riksantikvaren.

Midlane nyttast og til naudsynt fagleg assistanse til fylkeskommunane og Sametinget i forvaltingssaker. Midlane dekkjer naudsynt fagleg assistanse frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU). Midlane skal vidare nyttast til å dekkje utgifter til naudsynte undersøkingar for å sikre det vitskaplege kjeldematerialet og til anna arbeid for å sikre kulturminnet på staden, til hjelp i kulturminnekriminalitetssaker og ved dei arkeologiske forvaltingsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved sjøfartsmusea.

Posten dekkjer òg finnarløn fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal kontrollere at tiltakshavar oppfyller kriteria for å få tilkjent dekning av utgifter til registreringar og utgravingar. Riksantikvaren overfører midlar til dei arkeologiske forvaltingsmusea og til regional kulturminneforvalting etter framlegging av rekneskap over forskotterte midlar og etter framlagt sluttregnskap.

Forvaltarar av arkeologiske kulturminne leverer sluttrapportar på utført arkeologisk arbeid til Riksantikvaren som kontrollerer at arbeidet er utført i samsvar med dei aktuelle vilkåra. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Forvaltingsinstitusjonar rapporterer om bruk av tildelte midlar.

Rapport 2016

Det er utført tiltak innan dokumentasjon, skjøtsel og sikring av bergkunstlokalitetar over heile landet i regi av Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) i 2016. Arbeidet er utført av fylkeskommunane, Sametinget og dei arkeologiske forvaltingsmusea, ofte i samarbeid med lokale krefter. Gjennom tilskot i 2016 er det sett i verk nye tiltak innan skjøtsel og tilrettelegging på 112 bergkunstlokaliteter, og det går føre seg arbeid med mange prosjekt som er vidareførte frå tidlegare år.

Det er også utført metodeutvikling innan dokumentasjon og formidling, og gjennomført nettverkstiltak i form av seminar for forvaltingsmusea i 2016. Med støtte frå BERG er det publisert eit bokverk som dokumenterer bergkunsten nord for polarsirkelen, og beskriv tilstand og tiltak utført gjennom programmet.

Totalt er det gitt 7,1 mill. kroner i tilskot til nye tiltak innanfor BERG i 2016, og det blei utbetalt 5,3 mill. kroner (post 70). Resten av tiltaka held fram i 2017.

Tabell 7.16 Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)

Bergkunst i Askeladden

Tal lokalitetar

Kommentar

Lokalitetar som inneheld bergkunst totalt

1 909

Status pr. 20.03.17 for automatisk freda lokalitetar

Enkeltminne bergkunst totalt

2 754

Status pr. 20.03.17 for automatisk freda lokalitetar

Nye skjøtselstiltak i 2016

112

Tilskot 2016

Nye tilretteleggingstiltak i 2016

19

Tilskot 2016

Nye dokumentasjonstiltak i 2016

49

Tilskot 2016

Tilfredsstillande bevarings/ vedlikehaldsnivå

179

Rapportert totalt i programmet

Tilrettelagt for publikum med tilfredsstillande bevarings-/ vedlikehaldsnivå

75

Rapportert totalt i programmet

I løpet av 2016 er det gjennomført skjøtsel og tilrettelegging for publikum i regi av Bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK) over heile landet, noko som omfattar 81 lokalitetar i Askeladden.

Eit BARK prosjekt (tilretteleggingsobjekt) omfattar i dei fleste tilfelle ei gruppe kulturminne som utgjer ein samanheng. Fleire lokalitetar i Askeladden kan derfor inngå i eit prosjekt i BARK. I 2016 vart det sett i gang skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i 30 slike BARK-prosjekt. Parallelt går det føre seg arbeid med ei rekkje prosjekt som er sette i gang frå tidlegare år. Arbeidet blir utført av fylkeskommunar og Sametinget i samarbeid med kommunane og andre lokale krefter. Så langt i programmet er 63 slike tilretteleggingsprosjekt ferdigstilt.

Totalt vart det gitt 3,1 mill. kroner i tilskot til tiltak innanfor BARK i 2016, og det blei utbetalt 1,6 mill. kroner. Andre tiltak held fram i 2017.

Tabell 7.17  Bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)

Skjøtsel og tilretteleggingstiltak

BARK objekt og kommunar

Kommentar

Tal på objekt der det vart sett i gang tiltak 2016

30

Tilskot 2016

Tal på ferdigstilte objekt totalt

63

I perioden 2012 – 2016

Tal kommunar der det er utført eller går føre seg BARK-tiltak

123 kommunar

I perioden 2012 – 2016

Det er gjennomført ei rekkje arkeologiske undersøkingar i 2016 knytt til ordninga der staten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar i samband med mindre, private tiltak, og dersom det ligg føre særlege grunnar.

Midlar frå posten er i 2016 mellom anna brukt til å dekkje innsamling og registrering av forhistoriske fonnefunn på Vestlandet, tilbakeføring av skadd gravhaug i Akershus, ei registrering under vatn på Herøy for å kartleggje funnområdet for Rundefunnet, bruk av georadar på fleire arkeologiske lokalitetar Hamarkaupangen og Stor-Hov på Hedmark og Auli utanfor Tønsberg og restaurering av skada mellomalderkross i Gulen.

Tabell 7.18 Tiltak til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne 2016

Tiltak

Tal på saker

Tilskot (i 1 000 kr)

Merknader

Mindre private tiltak. Direkte tilskot frå RA

34

7 058

Midlane blir betalte ut til den institusjonen som gjennomfører utgravinga

Mindre, private tiltak. Tilskot til fylka i samband med prøveprosjekt med delegert mynde.

75

Særlege grunnar. Direkte tilskot frå RA

17

5 915

Sikring av arkeologiske kulturminne og vitskapleg kjeldemateriale

7 013

Andre prioriterte myndigheitsoppgåver ved dei arkeologiske forvaltingsmusea

5

695

Saksbehandling ved sjøfartsmusea

5

4 500

Finnarløn

0

0

Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)

5 300

Sjå ovanfor

Bevaringsprogrammet for utvalte arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)

1 600

Sjå ovanfor

Sum

32 156

Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

Midlane på posten går i hovudsak til bevaringsprogrammet freda bygningar i privat eige. Kulturmiljø, kystkultur og kulturlandskap får òg tilskot frå posten.

Innafor bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige, foreslår Riksantikvaren at det blir innført ei ordning som skal sikre at freda bygningar får eit jamt vedlikehald.

5 mill. kroner er overførte til post 70 og sikring av Klemenskyrkja.

Mål

Freda og andre særleg verdifulle kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Tiltak retta mot freda bygningar og anlegg i privat eige.

  • Tiltak retta mot freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten.

  • Tiltak retta mot freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.

Tildelingskriterium

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er vedtaksfreda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Tilskot skal dekkje meirutgifter, heilt eller delvis, i samband med antikvarisk sikring, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av freda kulturminne og kulturmiljø, i samsvar med fredingsføremålet. Følgjande prioriteringar gjeld: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.

Andre målgrupper er private eigarar og forvaltarar av freda kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. I arbeidet med kystkulturen skal det i særleg grad leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn.

Ei anna viktig målgruppe er private eigarar og forvaltarar, i første rekkje knytt til dei ti freda kulturmiljøa, men òg til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap. Tilskota skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltings- og skjøtselsplanar.

Inntil 6 mill. kroner er øyremerkte sikring og istandsetjing av samiske bygningar. Midlane vil bli utbetalte av Riksantikvaren etter oppmoding frå Sametinget. Riksantikvaren vil gi nærare føringar for bruken av tilskotet.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til fylkeskommunen/Sametinget som skal sjå til at arbeidet er utført i samsvar med dei vilkåra som er sette. Fylkeskommunen/Sametinget skal rapportere til Riksantikvaren.

Når det gjeld den siste målgruppa og tilskot til dei ni freda kulturmiljøa og til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap, skal tilskotsmottakaren levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som skal sjå til at arbeida blir utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen/Sametinget.

I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Rapport 2016

I 2016 vart det brukt 114,4 mill. kroner i bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. Hovuddelen av posten blei fordelt til fylkeskommunar som vil setje i gang eit utval prioriterte prosjekt. På den måten vil midlane blir meir konsentrerte, slik at fleire prosjekt blir avslutta, og effekten av den offentlege innsatsen blir tydelegare. I alt vart det gitt tilskot til 355 søkjarar frå fylkeskommunane og Riksantikvaren i 2016. Det er urovekkande at heile 17 pst. av dei freda bygningane i privat eige har ukjent tilstandsgrad. I tillegg er det mange registreringar som begynner å bli gamle og derfor usikre. I 2016 vart det frå Riksantikvarens side gjennomført møte med alle fylkeskommunar der oppdatering av tilstandsgrader ver eit sentralt tema. For 2017 vil Riksantikvaren setje av eigne midlar til fylkeskommunen til tilstandsregistrering for å få større tempo på oppgraderinga.

2 mill. kroner blei overført til Sametinget for sikring og istandsetjing av eit mindre utval samiske bygningar. I alt 14 samiske bygningar fekk tilskot frå Sametinget i 2016, omtrent det same talet som i dei andre åra ordninga har eksistert (frå og med 2012). Når registreringa av dei automatisk freda samiske bygningane vert avslutta i 2017, vil rundt 1200 bygningar ha vorte registrerte, og anslagsvis 400–600 av desse vil trenge tilskot til vedlikehald og sikring. Dette føreset ein vesentleg auke av dei øyremerkte midlane til samiske bygningar.

Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

5 mill. kroner er overførte til post 79 for å styrkje arbeidet med verdensarv.

Mål

Målet med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne er å setje i stand og vedlikehalde dei prioriterte tekniske og industrielle anlegga. Med dette er meint normalt vedlikehaldsnivå innanfor definert omfang. Av dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet er 11 istandsatt.

For å styrkje kompetansen innan forvalting, drift og vedlikehald, og medverke til nettverksbygging, samarbeid og auka kunnskap omkring denne typen kulturminne, arrangerer Riksantikvaren eit årleg fagseminar for dei prioriterte anlegga. Det er ei målsetjing at dette forumet blir ført vidare og utviklast.

Kriterium for måloppnåing

Tilstandsgrad

Anlegga skal vere sette i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå med minimum tilstandsgrad 2 i eksteriør.

Interiør/maskinpark skal vere sett i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå der dette er vurdert som ein del av anlegget sitt omfang. Dette må ikkje forvekslast med drift eller produksjon, men inngår som ein del av det fortløpande vedlikehaldet av anlegga.

Anlegga er sjølve ansvarleg for å oppdatere objektas tilstandsgrad gjennom årleg revisjon av verksemdsplanen.

Verksemdsplan

Riksantikvaren har i 2017 ferdigstilt arbeidet med verksemdsplanar for anlegga i bevaringsprogrammet. Planane tek for seg anlegga sine resterande behov for sikring, istandsetjing, og vedlikehald. Desse skal gi forvaltinga og anlegga ei felles forståing av behov fram mot normalt vedlikehaldsnivå – sett i stand. Sett i stand må i denne samanhengen ikkje forvekslast med sluttført eller ferdigstilt.

Som ein del av arbeidet med årleg revisjon av planane skal det i 2018 også gjennomførast ei risikovurdering av anlegga sitt omfang knytt opp mot brann, klima/miljø/naturskadar mm. Det kan givast eit mindre tilskot til dette arbeidet over post 72.

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne.

Riksantikvaren fordeler midlane på posten etter søknad til konkrete tiltak innanfor sikring, istandsetjing og vedlikehald av tekniske og industrielle kulturminne, primært på dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet. Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med istandsetjing og vedlikehald, skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det kan i særskilte tilfelle bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer Noregs tekniske og industrielle historie. I tillegg kan Riksantikvaren sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak. Det blir ikkje gitt tilskot til formidling eller annan museal drift og/eller verksemd.

Ved fordeling av tilskot vurderer Riksantikvaren fleire forhold:

  • Om anlegget inngår i Riksantikvarens bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne.

  • Anlegget eller kulturminnet sin autentisitet og kor representativt det er for norsk teknologisk og industriell historie.

  • Anlegget sitt behov for tiltak som stansar eller hindrar ytterlegare forfall

  • Prosjektet si praktiske og økonomiske gjennomføring, framdriftsplan, anna finansiering og eigaren sin eigeninnsats

  • Om prosjektet bidrar til bevaring gjennom dokumentasjon, moglegheitsstudie, kulturminne- og tilstandsregistrering.

Tiltak det blir gitt tilskot til skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningslinjer frå Riksantikvaren.

Forvalting, drift og vedlikehald

Til anlegga i bevaringsprogrammet skal det prioriterast tilskot til forvalting, drift og vedlikehald (FDV). Tilskot til FDV skal medverke til å vidareføre vern gjennom å oppretthalde kompetanse og betre anleggets tilstandsgrad. Innanfor rammene av dette kan tilskotet dekkje kostnader som er naudsynte for at bygg, tekniske system og installasjonar skal fungere.

FDV-stillingar som får tilskot til løn frå Riksantikvaren skal primært følgje opp vedlikehald og istandsetting av dei objekta som inngår i Riksantikvaren sitt bevaringsprogram. Ein mindre del av tilskotet til løn kan nyttast til eigenadministrasjon.

Postar som ikkje skal prioriterast ved tilskot

  • Trygding

  • Telefon/internett

  • Kommunale skatter, avgifter og renovasjon

  • Vakthald

  • Museal verksemd og formidling

  • Drivstoff, drift og vedlikehald av biler og større verktøy, der det ikkje er avtalt særskilt

  • Nye stillingar, unntaket er der det er kompetanseoverføring/lærlingar/innleigd hjelp

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Kontrollen av tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med økonomireglementet for staten og antikvariske retningslinjer.

Rapport 2016

I 2016 omfatta bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne 15 prioriterte anlegg. Det vart det gitt 49 mill. kroner til istandsetjing, forvalting, drift og vedlikehald av dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet tekniske og industrielle kulturminne.

Tilskotsfordelinga til bevaringsprogrammet har fram til i dag hatt ein positiv effekt for å nå målsetjinga om normalt vedlikehaldsnivå, og ti av dei 15 anlegga hadde status som ferdigstilte ved utgangen av 2016. Folldal gruver ble ferdigstilt i 2016.

For å sikre framdrift i måloppnåinga har Riksantikvaren i 2016 utarbeidd indikatorar for måloppnåing og anlegga har sett i gang arbeidet med å utarbeide verksemdsplanar med kostnadsberekning. I 2016 førte Riksantikvaren vidare fagseminaret «Industrianleggas Fellesråd», og eit nytt fagseminar er under planlegging i Bergen hausten 2017.

Tabell 7.19  Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne 2016

Anlegg

Tilskot FDV

Tilskot istandsetjing

Sum total

Anlegg i bevaringsprogrammet

Atlungstad Brenneri

1 365 584

2 508 509

3 874 093

Bredalsholmen Dokk

2 051 334

2 277 000

4 328 334

Fetsund lenser

3 047 501

95 000

3 142 501

Folldal Gruver

2 247 500

3 820 000

6 067 500

Haldenkanalen

1 728 000

1 728 000

Kistefos Træsliperi

1 114 834

1 114 834

Klevfos Cellulose- og Papirfabrik

908 102

380 000

1 288 102

Neptun sildeoljefabrikk

2 017 999

2 017 999

Næs jernverksmuseum

1 244 617

19 800

1 264 417

Odda smelteverk

2 737 143

2 737 143

Rjukanbanen

3 165 000

6 527 826

9 692 826

Salhus tricotagefabrik

2 085 134

1 094 397

3 179 531

Sjølingstad Uldvarefabrik

1 862 490

2 575 231

4 437 721

Spillum dampsag & høvleri

2 446 667

2 446 667

Tyssedal kraftverk

1 695 000

1 695 000

Sum anlegg i bevaringsprogrammet

29 716 905

19 297 763

49 014 668

Anlegg utanfor bevaringsprogrammet

Gloster Gladiator 423

25 000

25 000

Vigsnes Gruveområde

2 500 000

2 500 000

Sum anlegg utanfor bevaringsprogrammet

2 525 000

2 525 000

Sum total

29 716 905

21 822 763

51 539 668

Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

Tilskotsordninga er knytt til dei fire bevaringsprogramma: stavkyrkjer, ruinar, freda bygningar i privat eige, brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer.

Mål

Dei 28 stavkyrkjene blei ferdigstilte i 2015 slik at dei no har oppnådd eit ordinært vedlikehaldsnivå. Frå 2016 vil fortløpande vedlikehald og tjærebreiing av stavkyrkjene bli prioritert. Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Bevaringsprogrammet for brannsikring har som mål at branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø, skal unngåast.

Kriterium for måloppnåing

  • Tiltak retta mot stavkyrkjer, profane bygningar og prioriterte ruinar frå mellomalderen, og opplysningar om tilstandane til desse kulturminna.

  • Brannsikringstiltak i stavkyrkjer og tette trehusmiljø.

  • Eventuell brann eller branntilløp i stavkyrkjer og om tilfelle av brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø.

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen og eigarar av utvalde tette trehusmiljø. Midlane skal gå til vern, sikring og beredskapsarbeid. Dette inkluderer brannsikringstiltak, vedlikehaldsprogram for stavkyrkjene og sikring av verdifull kyrkjekunst i desse kyrkjene. Det skal òg ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi når det gjeld brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.

Istandsetjingstiltak skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.

I medhald av St.meld. nr. 26 (2006–2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand skal 45 av ruinane, inkludert dei 12–15 største anlegga, takast vare på. Vidare skal ruinar som engasjerer lokalmiljøet prioriterast.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren. Rapporten må òg innehalde ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Kontroll på staden er òg aktuelt.

Rapport 2016

Det er brukt 11,9 mill. kroner til bevaringsprogrammet for ruinar (ruinprosjektet) i 2016. Då er det utført arbeid på 21 anlegg. I tillegg til konservering, blir det arbeidd med forskings- og utviklingsoppgåver, skjøtsel, informasjon, formidling og kompetanseutvikling, skjøtsel av murane og området omkring, skilting og tilrettelegging.

Overordna for FOU-oppgåvene er supplering og forbetring av datagrunnlaget i Askeladden. Undersøking av ruinområda med geofysiske metodar (georadar) og oppmåling er derfor viktige oppgåver.

I bevaringsprogrammet for stavkyrkjer vart det i 2016 utført noko supplerande arbeid på Haltdalen og Heddal, utover dette er no alle stavkyrkjene sette i stand. Det vart brukt 11,2 mill. kroner i 2016. Stavkyrkjeprogrammet vart formelt avslutta i 2015, mens sluttrapporter for dei enkelte kyrkjene vart ferdigstilt i 2016. I tillegg er det blitt utarbeidd vedlikehaldsplanar for kyrkjene.

For å markere avslutninga av istandsetjingsprogrammet vart det arrangert ein internasjonal konferanse, der problemstillingar som hadde vore sentrale i Stavkyrkjeprogrammet vart presenterte og diskuterte. Ein vitskapeleg publikasjon, «Bevaring av stavkirkene – Håndverk og forsking» vart utgitt i 2016. Formålet med boka var blant anna å presentere forskingsrelevante resultat etter Stavkyrkjeprogrammet for å stimulere til vidare arbeid.

Riksantikvaren sette i 2015 i gang ei kartlegging av korleis akutte klimatiske forhold som ras, flaum og storm kan påverke den enkelte stavkyrkja. Konklusjonane frå denne kartlegginga er blitt innarbeide i vedlikehaldsplanane for fleire av kyrkjene i 2016.

Tilskot til hus frå mellomalderen blir òg tildelt frå denne posten. Istandsetjing av desse inngår i bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. I 2016 har Riksantikvaren gitt tilskot til 21 bygningar. Alle 254 mellomalderhus med unntak av 2 bygningar, er pr. 2016 tilstandsregistrerte og innførte i Askeladden.

Arbeida spenner frå større utbetringar av lafteverk til tradisjonell taktekking og refundamentering.

Post 74 Tilskot til fartøyvern, kan overførast

Midlane på posten går til bevaringsprogrammet for fartøy.

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand freda fartøy og eit utval av fartøy som er tildelt status som verna skip, der eigar skriftleg har akseptert å følgje Riksantikvaren sine antikvariske retningsliner.

Kriterium for måloppnåing

  • Fartøy blir sikra mot tap

  • Fartøy oppnår forbetra tilstandsgrad

  • Fartøy haldast i operativ stand

  • Fartøy beheld sertifikata

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale mellom Riksantikvaren og eigar om status som verna skip.

Riksantikvaren fordeler midlane etter søknad til konkrete restaurerings-, istandsetjings og vedlikehaldsarbeid. Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og fartøy som det finst få av, prioriterast. I tillegg kan Riksantikvaren sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak. Eit grunntilskot til Norsk Foreining for Fartøyvern blir utbetalt over denne posten etter søknad frå foreininga.

Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter vurdering av følgjande ved fartøya:

  • allmenn interesse

  • offentleg tilgang

  • økonomisk gjennomføringsvilje og -evne

  • potensiale for lokalt engasjement

  • særlege opplevings- og formidlingsverdiar

Tiltak det det blir gitt tilskot til skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningslinjer frå Riksantikvaren. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av vedlikehalds- og istandsetjingstiltak, skal Riksantikvaren prioritere fartøy med kjent tilstand og ein teknisk-historisk dokumentasjonsrapport.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar skal levere sluttrapport på utført arbeid. Rapporten skal òg omfatte ein økonomisk rapport til Riksantikvaren. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med økonomireglementet for staten og antikvariske retningslinjer.

Rapport 2016

Riksantikvaren gir økonomiske bidrag til antikvarisk istandsetjing og vedlikehald av freda og verna fartøy gjennom bevaringsprogrammet for fartøy. I 2016 var post 74 på 101 mill. kroner. Av desse var 40 mill. kroner tilskot som gjekk til sysselsetjingstiltak. Tilskota vart i hovudsak gitt til freda fartøy, igangverande prosjekt, større fartøy som stod i fare for å miste sertifikata utan utbetringar og fartøy som fekk høve til å komme av slipp og/eller ut av dokk. Tilskota dekkjer om lag 32 prosent av den totale søknadssummen. 2,1 mill. kroner av post 74 vart tildelt som grunnstøtte og prosjektstøtte til Norsk Foreining for Fartøyvern.

Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

Fartøyvernsentra får midlar til fellestenester over post 75. Posten har søknadsfrist 1. oktober 2017 for tilskot frå statsbudsjettet 2018. Dei tre sentra må levere søknad med framlegg til budsjett og disponering av timebruk for oppgåver innan fellestenestene, samt eventuelle investeringar i anlegg og utstyr. Tilskot frå posten skal prioriterast etter vurdering av sentras søknader. Det er ikkje eit krav at midlane blir fordelte likt mellom dei tre sentra.

Mål

Norsk fartøyvern følgjer prinsippet om vern gjennom bruk. Dette medfører at fartøya må haldast operative, og i størst mogleg grad vere tilgjengelege for publikum. Gjennom fellestenestene skal fartøyvernsentra medverke til at naudsynte handverk innan vedlikehald og istandsetjing av historiske fartøy blir bevart i eit langsiktig perspektiv.

Føremålet med dei tre fartøyvernsentra er at kunnskap knytt til eldre handverksmetodar, «handlingsboren kunnskap», blir bevart i så stor grad som mogleg og gjort tilgjengeleg for forvaltinga, fartøyeigarar og andre verft og båtbyggjeri. Tilskot frå post 75 skal sikre at dei tre fartøyvernsentra kan utføre fellestenestene uavhengig av økonomiske konjunkturar i samfunnet.

I 2017 utførte Riksantikvaren ei evaluering av fartøyvernsentra. Oppgåvene i fellestenestene skal reviderast innan juni 2018, jf. Nasjonal verneplan for fartøy. Riksantikvaren leiar dette arbeidet.

Kriterium for måloppnåing

  • Bevaring og tilgjengeleggjering av kunnskap om eldre handverksteknikkar

  • Produksjon, innsamling og deling av kunnskap: Faktaark, dokumentasjon, rapportar.

  • Dokumentasjon av utførte oppdrag.

Tildelingskriterium

Riksantikvaren gir tilskot til løn til fartøyvernkonsulentar ved dei tre fartøyvernsentra Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter ved Kristiansand, Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund og Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen.

Tilskota skal sikre at sentra kan utføre oppgåver innanfor fellestenestene. Gjennom fellestenestene skal fartøyvernsentra medverke til at handverk og handverksutvikling, innan vedlikehald og istandsetjing, gjennom dokumentasjon av fartøy, blir bevart i eit langsiktig perspektiv. Fartøyvernsentra får oppdrag knytte til fellestenestene av Riksantikvaren.

Tilskota til fartøyvernsentra i 2018 skal prioriterast slik:

  • Stillingar knytte til fellestenester ved dei tre fartøyvernsentra. Under dette:

  • Dokumentasjonsarbeid på fartøy prioritert av Riksantikvaren. Dette heng nært saman med prioriteringar og tilskot over post 74. Tilskot til dokumentasjon skal berre dekkje dokumentasjonsarbeid ut over det som normalt inngår som ein del av det vanlege verftsarbeidet.

  • Generell rådgiving, opplæring og kompetansebygging hos sentera, andre verft og båtbyggjeri, regionalforvaltinga og fartøyeigarar.

  • Gjere tilgjengeleg og dele kunnskap.

  • Nødhamn

  • Delelager

  • Assistere Riksantikvaren i arbeidet med kompetansebygging hos regionalforvaltinga

Ein mindre del av tilskota kan òg nyttast til investeringar i anlegg knytt til utføring av fellestenestene.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at tiltak er gjennomførte i tråd med formålet med tilskotet, skal Riksantikvaren sjå til at mottakar av tilskota leverer sluttrapportar etter at arbeidet er utført. Oppfølging på staden og i kvartalsvise samarbeidsfora med dei tre fartøyvernsentra er viktig. Kontrollen i høve tilskotsmottakarar skjer i samsvar med økonomireglementet, gjennom møte, generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.

Rapport 2016

I 2016 er 10,5 mill. kroner over post 75 fordelt til dei tre fartøyvernsentra Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen (3,5 mill. kroner), Hardanger fartøyvernsenter i Nordheimsund (3,5 mill. kroner) og Bredalsholmen Dokk og farøyvernsenter (3,5 mill. kroner).

Tilskota frå post 75 har finansiert stillingar som er knytte til løysing av oppgåver under fellestenestene, under dette dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjing av fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Tilskota har vidare medverka til generell rådgiving, opplæring og kompetansebygging ved sentra og overfor fartøyeigarar.

Fartøyvernsentra har i tillegg motteke og utført oppdrag som mellom anna produksjon og publisering av faktaark, synfaring, og teknisk dokumentasjon av fartøy på vegner av Riksantikvaren

Riksantikvaren starta opp ei evaluering av fartøyvernsentra i 2016, planlagt avslutta i 2017.

Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast

Mål

Kulturminne og kulturmiljø skal takast i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til satsingar som tydeleggjer og integrerer kulturminnefeltet i lokal og regional utvikling og som samstundes siktar mot ei koordinert og langsiktig forvalting av kulturminne og kulturmiljø. Samhandling med aktørar og verkemiddel som støttar opp om dette vil bli prioritert.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren som òg omfattar ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Kontroll på staden er òg aktuelt.

Rapport 2016

I tråd med Stortingets føresetnader, vart 3 mill. kroner gitt i tilskot til nærings- og lokalsamfunnsprosjektet Vardø Restored. Prosjektet, som starta opp i 2012, er eit samarbeid mellom Varangermusea, Vardø kommune og Finnmark fylkeskommune. Kjernen i prosjektet er samarbeid med næringsaktørar om sikring av kulturminneverdiar og støtte til forretningsutvikling. Formidling og kompetanseheving for handverkarar er òg prioritert. Prosjektet leverer dessutan grunnlagsdokument for arealplanlegging og byutvikling.

Prosjektet viser korleis eldsjeler og små kulturnæringsverksemder kan samle både befolkning, andre næringar og styresmakter om felles haldningar til den utviklingskrafta som ligg i kulturarven. Ein strategisk inngang har vore å setje behova til næringsaktørane i framgrunnen. Vardø Restored tek i bruk kulturminna som ressurs for utvikling av gode bumiljø og næringsaktivitet og gjer Vardø til ein spennande stad å besøke

1 2016 er det òg gitt tilskot til pilegrimsleia og prosjektet kultur- og naturreisa.

Tabell 7.20 Tilskot til verdiskaping i 2016

Tiltak/område

Tilskot (i 1000 kr)

Pilegrimsleia

1000

Krigsminneprosjekt

700

Vardø Restored

3000

Sum

4700

Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast

Budsjettet er styrkt med 5 mill. kroner i 2018.

Mål

Områda på Unescos verdsarvliste i Noreg skal forvaltast i tråd med forpliktingane i Unescos verdsarvkonvensjon og retningslinjene for oppfølging av konvensjonen.

Kriterium for måloppnåing

Tiltak retta mot verdsarvområde i Noreg.

Tildelingskriterium

Målgruppa er områda i Noreg som er innskrivne eller er under nominasjon til Unescos verdsarvliste. Noreg har pr. i dag åtte verdsarvområde. I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av desse områda.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Miljødirektoratet har eigne tilskotsmidlar og har tilsvarande oppfølging.

Rapport 2016

I 2016 vart det over Riksantikvarens budsjett brukt 40,3 kroner på arbeid med verdsarven.

Tabell 7.21 Tilskot til verdsarvområda i 2016

Verdsarvområda

Tilskot (i 1000 kr)

Bryggen i Bergen

13 5801

Røros bergstad og Circumferensen

12 050

Bergkunsten i Alta

3 300

Vegaøyan

900

Vestnorsk fjordlandskap

1 500

Urnes stavkyrkje, omgivnader

406

Struves meridianboge

500

Rjukan-Notodden industriarv

7 833

Verdsarvforum

200

Sum

40 269

1 Inkl. avslutning av grunnvassprosjektet og MOV av kulturlag.

Kap. 4429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

02

Refusjonar og ymse inntekter

3 791

4 388

4 506

09

Internasjonale oppdrag

2 838

1 243

1 277

Sum kap. 4429

6 629

5 631

5 783

Post 02 Refusjonar og ymse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt, og inntekter frå Det nasjonale pilegrimssenteret og driftsvederlag frå Kongsvoll fjellstove. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

87 094

103 898

92 378

Sum kap. 1432

87 094

103 898

92 378

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Norsk kulturminnefond er eit forvaltingsorgan med særskilte fullmakter. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og til drift av administrasjonen og styret.

Kulturminnefondet har i hovudsak ansvaret for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Posten er redusert med om lag 11,5 mill. kroner for å gjere plass til andre prioriteringar i statsbudsjettet.

Mål

Medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige kulturminne og kulturmiljø og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Den siste brukarundersøkinga viser at 83 prosent av alle søkjarane er tilfredse med kontakten med kulturminnefondet, og meiner den faglege oppfølginga av prosjekta som kulturminnefondet tilbyr er svært viktig. Fire av fem prosjekt som har fått tilsegn om midlar ville ikkje vorte realiserte utan støtta frå fondet. Ein kan etter dette grovt sett rekna med at 2000 prosjekt over heile landet neppe hadde blitt sette i stand utan støtta frå kulturminnefondet.

Når vi går inn og ser på kor mykje private midlar dei statlege insentiva frå fondet løyser ut, kjem det fram at i eit gjennomsnittleg prosjekt kjem 28 prosent av midlane frå staten gjennom kulturminnefondet. 72 prosent av det som skal til for å setje objektet i stand, kjem frå eigaren sjølv i form av eigne midlar eller eigen innsats på prosjektet. Menon Economics har i evalueringa «Kulturminnefondets samfunnsnytte» funne at for kvar krone som vert løyvd frå Kulturminnefondet vert det brukt 3,5 kroner på istandsetjing av kulturminnet. Dei dokumenterer samstundes at dei fleste kulturminna som vert sett i stand ofte får ein ny bruk og at det dermed vert etablert både verdiskaping og næringsverksemd som ei følgje av istandsetting av kulturminne.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om tiltak retta mot verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.

Tildelingskriterium

Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Kulturminnefondet skal vere eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Tilskota blir i hovudsak tildelte istandsetjings- og sikringsprosjekt. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet er prioriterte. Dette gjelder òg prosjekt som gir synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats. Samarbeid med eigarane av kulturminne og kulturmiljø er den viktigaste strategien for kulturminnefondets arbeid.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I mange tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltaka er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Midlane frå kulturminnefondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane frå Riksantikvaren.

Rapport 2016

Det vart brukt 19,5 mill. kroner til drift av Norsk kulturminnefond i 2016. Driftskostnaden pr. søknad går fortsatt ned. Det vart gitt tilsegner på til saman inntil 73,7 mill. kroner, fordelt på 621 søknader.

Det kom inn 1116 søknader innan fristen 1. november 2016. Kulturminnefondet behandlar søknader om strakstiltak og til fag- og handverksseminar fortløpande gjennom året. Samla søknadssum frå private eigarar av verneverdige kulturminne er på 241 mill. kroner. Det har aldri vore større interesse for å søkje kulturminnefondet om støtte til istandsetjing av verneverdige kulturminne.

Oppfølging av oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 722, 30. mai 2017

Stortinget ber regjeringen utrede og legge frem en plan for Stortinget for hvordan vedlikeholdsetterslepet på kulturminner i Norge kan tas igjen.

Stortinget fatta vedtaket under behandling av Reiselivsmeldinga, Meld. St. 19 (2016 – 2017) «Opplev Norge- unikt og eventyrlig». Regjeringa varsla i statsbudsjett for 2016 ein gjennomgang av dei ti bevaringsprogramma på kulturminnefeltet. Bevaringsprogramma utgjer den viktigaste satsinga for å nå dei nasjonale måla på kulturminnefeltet. Denne gjennomgangen er presentert i statsbudsjettet for 2018 saman med forslag til nye nasjonale mål for kulturminneområdet.

Gjennomgangen av dei ti bevaringsprogramma stadfester at etterslepet i istandsetjingsarbeidet framleis er ei utfordring. Situasjonen varierer likevel frå program til program. Det er gjennom planbunde og systematisk arbeid gjort eit løft på dette feltet og kulturminnebudsjettet er auka i heile 4-årsperioden. Statusgjennomgangen stadfester at arbeidet med satsingar som Kunnskapsløftet og tilstandsregistreringa har medverka til at kulturminneforvaltinga no har god oversikt over behova og kjennskap til kor utfordringane er størst. Dette er viktig kunnskap som blir nytta som grunnlag for prioriteringar i den fortløpande tilskotsforvaltinga. Gjennom målretta innsats kan tilskot og andre verkemiddel setjast inn der dei verkar best og bidra til å lukke gapa. Regjeringas vurdering er at den vidare framdriftstakten for arbeidet med å redusere etterslepet først og fremst er eit kapasitets- og løyvingsspørsmål. Oppfølginga av spørsmålet er derfor noko det er naturleg å komme nærare tilbake til i dei kommande budsjettprosessane.

Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond, Kings Bay AS og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.

Løyvingane vil gå til forvaltinga av miljøet på Svalbard, miljøsamarbeidet under Arktisk råd, miljøvernsamarbeid med Russland, Barentssamarbeidet, til miljøforvaltinga i Antarktis, og til forsking, miljøovervaking og drift av vår polare forskingsinfrastruktur i både nord og sør.

Å ta vare på Svalbard sin særeigne villmarksnatur er eit av dei overordna måla for svalbardpolitikken, jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Samtidig må forvaltinga ta omsyn til at både samfunna og miljøet på Svalbard er i endring, og leggje til rette for naudsynt omstilling og vidare utvikling i samsvar med dei måla som er sett i stortingsmeldinga.

Forsking og høgare utdanning er eit av dei viktigaste satsingsområda for norsk aktivitet og nærvær på Svalbard. I tråd med svalbardmeldinga blir det arbeidd med ein overordna strategi for forsking og utdanning på Svalbard og ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund.

Noreg skal medverke gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande Miljøprotokoll til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis.

Klimaendringane er tydelegare i Arktis enn nokon annan stad, og vil få store effektar både her og for det globale klimaet. Innanfor Arktisk råd vil spesielt prioriterte tema for Noreg vere klimaendringar, tiltak mot utslepp av kortlevde klimadrivarar, bevaring av arktisk biodiversitet, heilskapleg havforvalting, tiltak mot forureining og miljøovervaking i Arktis.

Miljøvernsamarbeidet med Russland vil bli ført vidare innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og Barentssamarbeidet. Bilateralt er samarbeidet om forvalting av miljøet i Barentshavet og grenseområda prioritert. På grunn av dei høge utsleppa av svovel og metall frå nikkelverka på Kola er miljøovervaking i grenseområda særleg viktig. Samarbeidet om naturmangfald i Barentsregionen vert òg ført vidare. Bevaring av naturmangfaldet, forvalting av grensevassdrag og reduksjon av klimagassutslepp er sentrale oppgåver, i tillegg til løysinga av dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen.

Framsenteret i Tromsø omfattar i dag 20 norske institusjonar, og det er full fagleg aktivitet som gir fortløpande resultat på alle dei seks tematiske satsingsområda, kalla «flaggskip». Framsenteret har oppnådd nasjonal og internasjonal status som kompetansemiljø, og er òg attraktivt for lokalisering av nasjonale initiativ og for internasjonale sekretariat som Noreg har ansvaret for, blant anna Sekretariatet for Arktisk råd. I 2018 vil sekretariatet for Arktisk råds arbeidsgruppe Arctic Monioring and Assessment Programme bli relokalisert fra Oslo til Framsenteret. Den faglege satsinga i Framsenteret i Tromsø vil bli ført vidare, og i 2018 vil eit nybygg stå ferdig og gi Framsenteret ei utviding med 195 nye arbeidsplassar pluss laboratorium og spesialrom.

Resultatområde

Tabell 7.22 Resultatområde under programkategori 12.60.

Resultatområdet

Nasjonale mål

Polarområda

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvalting.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Politikk og verkemiddel for å nå dei nasjonale måla på polarområda

Svalbard

Miljøvernarbeidet på Svalbard må sjå til at lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor. Samstundes må forvaltinga ta omsyn til dei samfunns- og miljømessige endringane som skjer på Svalbard.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna og som er viktige for reiselivet og lokalbefolkninga, skal sikrast. Miljøstyresmaktene skal arbeide vidare med å få på plass ein heilskapleg forvaltingsplan for området rundt Isfjorden. På denne måten vil ein ta eit samla grep for å leggje betre til rette for reiselivet innanfor forvaltingsområde 10. Den strenge praksisen når det gjeld løyve og vilkår for verksemd som medfører inngrep utanfor dei eksisterande busetjings- og gruveområda vil bli ført vidare. Miljøstyresmaktene vil utarbeide ein plan for å gjennomføre mogleg vern av våtmarksområda i nedre Adventdalen.

Ein tek sikte på å ferdigstille forvaltingsplan for nasjonalparkane og fuglereservata på Vest-Spitsbergen våren 2018. Det er mange ulike brukarinteresser innanfor verneområda, og forvaltingsplanane er eit verktøy for å balansere bruks- og verneinteressene innanfor ramma av verneformålet. Prosessen knytt til etablering av næringshytter vil òg halde fram.

Eit våtare og villare klima set òg nye rammer for arealplanlegging og kvar det kan bu folk. På Svalbard, som i resten av landet, fører klimaendringane til auka risiko for skred og flaum. Det er derfor viktig at areal- og samfunnsplanlegginga i planområda tek omsyn til klimaendringane og til natur- og kulturminne innanfor planområda.

Lokale forureiningskjelder som avfall og avløp skal følgjast opp, med sikte på å redusere lokale utslepp. Det vil bli sett i verkt tiltak nasjonalt og internasjonalt for å få på plass tiltak mot forsøpling av havet. Lokalt har Sysselmannen i 2017 gjennomført tokt til fleire strender for å rydde marint søppel. Sysselmannen og Miljødirektoratet har òg starta ein gjennomgang av regelverket for avfallshandtering på Svalbard.

Arbeid med dei industrielle kulturminna som til dømes dei freda taubane- og uteanlegga til gruvene i Longyearbyen vil bli prioritert. Det blir arbeidd med ein plan for informasjonskilt for prioriterte kulturminne i Longyearbyen.

Sysselmannen vil halde fram med å implementere handlingsplan mot framande arter på Svalbard.

Antarktis

Noreg arbeider for at klimaendringar er eit viktig punkt på dagsordenen i samarbeidet under traktaten. Manglande kunnskap er eit grunnleggjande hinder for å få ei full forståing av klimaendringane i Antarktis. Noreg skal medverke til auka kunnskap om klimaendringane, og samtidig til den internasjonale kunnskapsutviklinga om Antarktis og globale problemstillingar knytte til polarområda. Noreg skal leie ei arbeidsgruppe som skal sjå på oppfølginga av Antarktis-traktatsystemets klimahandlingsplan.

Sikring og istandsetjing av kulturminna er utfordrande i Antarktis. Bevaringstiltak blir gjennomførde i medhald av fagleg grunngitt og avgrensa prioriteringsliste.

Noreg arbeider aktivt gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten for ei økosystembasert, heilskapleg forvalting av miljøet i havet og på land i traktatområdet, med særskilt fokus på vern av sårbare og verdfulle område. Det vart i 2016 semje i Kommisjonen for bevaring av dei levende marine ressursane i Antarktis, CCAMLR, om å etablere eit marint verneområde i Rosshavet i Antarktis. Verneområdet, som blir verdas største, er eit gjennombrot for arbeidet med å ta vare på den unike og sårbare naturen i Antarktis og eit viktig steg i utviklinga av internasjonal havmiljøpolitikk.

Norsk Polarinstitutt har ei nøkkelrolle i norsk antarktisadministrasjon både som nasjonal operatør og som styresmakt etter forskrift om miljøvern og tryggleik i Antarktis. Norsk Polarinstitutt har òg som viktig oppgåve å skaffe fram forskingsbasert kunnskap som medverkar til at Noreg på best mogleg måte oppfyller sine forpliktingar som traktatpart.

Arktisk råd

Tiltak for å redusere klimaendringane er det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på det arktiske miljøet. Arktisk råd vedtok i 2017 eit kollektiv reduksjonsmål for svart karbon (sot), og landa skal rapportere resultat til ministermøtet kvart anna år. Noreg er ein pådrivar i rådets arbeid for å redusere utslepp av svart karbon, og med å dokumentere effektane av klimaendringar på økosystema i Arktis.

Noreg vil medverke aktivt i Arktisk råds arbeid med prosjekt og oppfølgingsplanar på desse områda, og leggje til rette for at kunnskap og tilrådingar som blir skaffa fram gjennom desse prosjekta blir tekne i bruk og implementerte i forvaltinga.

Miljøvernsamarbeidet med Russland

Dei sentrale oppgåvene i samarbeidet innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og miljøvernsamarbeidet i Barentsregionen vert ført vidare.

I Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen er utviklinga av eit konsept for ein forvaltingsplan for russisk side av Barentshavet høgt prioritert. Eit samordna norsk-russisk program med overvaking av felles sårbare og truga arter, presentasjon av felles resultat i miljødataportalen Barentsportal, og samarbeid om risikovurdering og kontroll av petroleumsverksemd i Barentshavet er viktige element i samarbeidet.

Noreg vil arbeide for å få redusert utsleppa av svovel og metall frå nikkelverka på Kola inntil problemet er løyst. Miljøovervaking i grenseområda og god miljøinformasjon til lokalbefolkninga har ein sentral plass i det bilaterale samarbeidet.

I miljøarbeidsgruppa under Barentsrådet fokuserer ein på forvalting av dei grensekryssande vassressursane og naturmangfaldet i regionen. Ei høgt prioritert oppgåve er å medverke til å løyse dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen, dei såkalla hot spots, som er beskrivne i Arktisk råds miljøovervakingsprogram og Nordisk miljøfinansieringsselskapet (NEFCO) si hot spot-liste frå 2003. Miljøfinansiering frå NEFCO er eit viktig verkemiddel.

Forsking og miljøovervaking i nord- og polarområda

Situasjonen i polarområda gir nye kunnskapsutfordringar knytte til miljø og klima. Å utvikle kunnskap og forståing av korleis miljø i Arktis og Antarktis vert påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet er derfor ein særs viktig del av både det nasjonale arbeidet og det internasjonale samarbeidet i nord- og polarområda. Grunnlaget for Noregs bidrag til dette samarbeidet er den nasjonale satsinga på kunnskap om klima og miljø.

Sentrale verkemiddel med omsyn til polar kunnskapsproduksjon er Norsk Polarinstitutt, Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking og vår infrastruktur for polarforsking.

Det blir arbeidd med å betre parameter for miljøovervaking av kulturminna.

I tråd med Meld. St. 32 (2015 – 2016) Svalbard blir det arbeidd med ein overordna strategi for forsking og utdanning på Svalbard. Innanfor rammene av denne skal Noregs forskingsråd utvikle ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund for m.a. å styrkje norsk vertskap og koordinering av forskingsverksemda i Ny-Ålesund. Norsk Polarinstitutt får ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien i Ny-Ålesund. Strategien skal òg sikre at dei unike, men avgrensa goda som forskingsverksemda i Ny-Ålesund byr på blir nytta meir effektivt og ein skal leggje betre til rette for auka grad av samarbeid. Det blei difor løyva 20,5 mill. kroner i 2017 over Klima- og miljødepartementets budsjett til oppføring eit nytt, felles bygg i Ny-Ålesund. Dette bygget vil bli teke i bruk i 2018.

Framsenteret har, saman med utviklinga av Svalbard som ei plattform for internasjonal forsking, ei særs viktig rolle i dette. Samarbeidet i Framsenteret vil bli ytterlegare styrkt gjennom nybygget for Framsenteret, der arbeidet starta ved årsskiftet 2015 – 2016, og skal stå ferdig våren 2018. Miljøa og infrastrukturen som er knytte til klima- og miljøforskinga i Tromsø og på Svalbard gjer òg desse stadene til viktige møteplassar for internasjonalt samarbeid i Arktis.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2018 er på 392,2 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 15,2 mill. kroner, eller 3,7 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2017. Reduksjonen i løyvinga skuldast i hovudsak ei eingongsinvestering i Ny-Ålesund i 2017 til bygging av felles forskingsbygg. Denne er teken ut i 2018.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1471

Norsk Polarinstitutt

292 728

299 278

301 094

0,6

1472

Svalbard miljøvernfond

19 838

14 638

17 658

20,6

1473

Kings Bay AS

41 573

21 642

-47,9

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

52 074

51 913

51 793

-0,2

Sum kategori 12.60

364 640

407 402

392 187

-3,7

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

209 735

228 070

228 529

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

82 487

70 707

72 067

50

Stipend

506

501

498

Sum kap. 1471

292 728

299 278

301 094

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltingsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, Meld. St. 33 (2014–2015) Norske interesser og politikk for Bouvetøya, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltinga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.

Instituttet skal vidare:

  • halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse på område der miljøforvaltinga har eit direkte forvaltingsansvar i nord- og polarområda eller har ei heilt sentral pådrivarrolle både nasjonalt og i internasjonale prosessar. Det omfattar klimaprosessar og klimaendringar og effektane av desse på naturen og viltforvalting, område- og habitatvern, og miljøgift/forureiningsproblematikk

  • ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis

  • utvikle, revidere og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis

  • medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader

  • følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis

  • medverke til at forvaltingas kunnskapsbehov blir teke hand om

  • fremje miljøforsking og forvaltingsrådgiving innan Det bilaterale norsk-russiske miljøsamarbeidet

  • utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet

  • delta i Fagleg forum for økosystembasert forvalting av norske havområde

  • representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø

  • medverke til å styrkje Framsenteret

  • utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg

  • formidle utovervend informasjon om polarområda, blant anna gjennom samarbeid med Polaria

  • vere vertskap og ha ansvaret for å setje i verk forskingsstrategien for Ny-Ålesund

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til løn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd, inklusive satsinga på ICE (Senter for is, klima og økosystem).

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd. Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II.

Rapport for 2016:

Polarinstituttet har i 2016 brukt om lag 41 pst. av løyvinga si til løns- og driftsutgifter knytte til administrasjon, kommunikasjon, drifta til bygningar på Svalbard og i Tromsø, drift av forskingsfartøyet R/V Lance og andre felleskostnader. Resterande 59 pst. er løn og andre utgifter knytte til forskingsavdelinga, miljø- og kartavdelinga og i ICE (Senter for is, klima og økosystem). Av forbruket på denne posten korresponderer omlag 69 mill. kroner med inntekter på kap. 4471. Dette er nesten alt saman knytt til ekstern finansiering av forskingsaktivitet frå mellom anna Forskingsrådet og EU.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Polarområda. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.

I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs nærvær i Antarktis er styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2016

Av midlane på denne posten vart ca. 96 pst. brukt til løn for dei som arbeider på Troll-stasjonen og drift av bygningar i Antarktis, fartøyleige, helikopterleige og andre logistikkutgifter. Resterande del av løyvinga, ca. 4 pst. går til forsking. Av forbruket på denne posten korresponderer om lag 20 mill. kroner med inntekter på kap. 4471.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Forureining, Klima og Polarområda.

Mål

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Kriterium for måloppnåing

Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Oppfølging og kontroll

Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Rapport 2016

Av 71 søknader vart 39 finansierte med totalt 2,3 mill. kroner. Av dette var 0,5 mill. kroner midlar frå Norsk Polarinstitutt.

Dei viktigaste norske institusjonane som fekk støtte var Noregs Arktiske Universitetet, Universitetsstudia på Svalbard og Noregs Teknisk Naturvitskapelege Universitet.

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Sals- og utleigeinntekter

8 823

10 795

11 031

03

Inntekter frå ymse tenesteyting

69 357

59 494

60 794

21

Inntekter, Antarktis

20 105

13 289

13 580

Sum kap. 4471

98 285

83 578

85 405

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1472 Svalbard miljøvernfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

50

Overføringar til Svalbard miljøvernfond

19 838

14 638

17 658

Sum kap. 1472

19 838

14 638

17 658

Både inntekt- og utgiftsposten til Svalbards miljøvernfond er oppjustert med 3 mill. kroner, fordi det er fleire besøkande til Svalbard, jf. også omtale under post 70.

Svalbards miljøvernfond er oppretta med heimel i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005. Fondet starta si verksemd i 2007 og er eit økonomisk verkemiddel i miljøvernarbeidet på Svalbard. Fondet gjev tilskot til tiltak for å beskytte naturmiljø og kulturminner på øygruppa, i samsvar med svalbardmiljølova § 98 og fondets vedtekter. Fondets midlar skal bidra til å sikre Svalbards særeigne villmarksnatur og kulturminne som grunnlag for oppleving, kunnskap og verdiskaping.

Inntektene til fondet er sette saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for løysing av kort for jakt, fangst eller fiske i samband med hausting og avgift ved jegerprøveeksamen. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvalting av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå fondet. Styret for fondet blir utnemnt av departementet og er fondet sitt øvste organ, medan sekretariatet er lagt til Sysselmannen som har ansvar for den daglege leiinga og drifta av miljøvernfondet si verksemd.

Kvart år tildeler fondet no mellom 10–19 mill. kroner til miljøvernprosjekt etter søknad frå organisasjonar, verksemder og privatpersonar. Erfaringa viser at Svalbard miljøvernfond medverkar gjennom tildelingane til eit gradvis skifte til miljøvennleg samfunns- og næringsutvikling på Svalbard.

Rapport for 2016:

I 2016 vart det gitt 52 tilsegner med ei samla tildeling på 15 mill. kroner til ulike prosjekt. Opplysningar om desse prosjekta finst på heimesida til fondet: http://www.sysselmannen.no/Svalbards-miljovernfond/. Sidan fondet blei operativt og til og med våren 2016, er det gitt støtte til over 500 prosjekt med ein samla sum på 110 mill. kroner.

Post 50 Overføringar til fondet

Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Sektoravgifter under Svalbard miljøvernfond

19 776

14 650

17 670

Sum kap. 5578

19 776

14 650

17 670

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m. Posten aukar med 3 mill. kroner fordi talet på besøkande til Svalbard aukar, hovudsakleg fordi det er fleire besøkande med turistskip.

Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1473 Kings Bay AS

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Tilskot

41 573

21 642

Sum kap. 1473

41 573

21 642

Kings Bay A/S fikk ei ekstraordinær løyving på 20,5 mill. kroner i 2017 til bygging av felles forskingsbygg i Ny-Ålesund. Dette forklarer nedgangen i løyvinga i 2018 samanlikna med saldert budsjett 2017.

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Polarområda. Tilskotet skal gå til investeringar og drift i Kings Bay AS og naudsynte utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.

Kings Bay AS eig grunn og dei fleste av bygningane i Ny-Ålesund og har ansvaret for drift og vedlikehald, yte tenester til forsking og vitskapeleg verksemd, samt medverke til utvikling av infrastrukturen på staden. Vidare skal selskapet ta vare på naturmiljø og kulturminne. Noregs forskingsråd skal utvikle ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund for m.a. å styrkje norsk vertskap og koordinering av forskingsverksemda. Norsk Polarinstitutt får ansvar for å implementere og følge opp forskingsstrategien i Ny-Ålesund.

Per 31. desember 2016 var det engasjert 25 personar i Kings Bay AS. Selskapet sitt driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. I all hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå til saman 10 land. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Selskapet er avhengig av tilskot over statsbudsjettet for å utføre dei samfunnsoppgåvene som det er pålagt. Tilskotet skal dekkje investeringar, eventuelt driftsunderskot i Kings Bay AS og naudsynte utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS. Det er krav om at drifta til Kings Bay AS skal gå i balanse og at Ny-Ålesund skal vere ein grøn forskingsstasjon.

Rapport 2016

Nytt kap. frå 2017.

Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

50

Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

25 574

23 913

23 793

70

Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

26 500

28 000

28 000

Sum kap. 1474

52 074

51 913

51 793

Midlane under dette kapitlet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø og om miljøkonsekvensar av ny næringsverksemd i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte, og sikre at ny næringsverksemd på dette området skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvalting, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Aktiviteten er delt inn i seks faglege satsingsområde (flaggskip). Dei er:

  • havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord, leiar: Havforskingsinstituttet

  • effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk, leiar: Universitetet i Tromsø

  • havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn, leiar: Havforskingsinstituttet

  • miljøgifter – effektar på økosystem og helse, leiar: Norsk institutt for luftforsking

  • miljøkonsekvensar av næringsverksemd i nord (MIKON), leiar: Norsk institutt for naturforsking.

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål

Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål å gjennomføre forvaltingsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltingsnivå og eit breitt publikum.

Kriterium for måloppnåing

  • Skaffe fram ny kunnskap av framifrå kvalitet som kan publiserast.

  • Etablert forskarutdanning og mastergradutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgre utdanning på klima og miljø.

  • Etablert fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshol» og gi nasjonal meirverdi.

  • Etablerte gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt, og samarbeid med dei andre FoU-miljøa i landsdelen.

  • Fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse.

  • Faglege produkt i rett tid og form til bruk for politikkutforming, og som kan nyttast til å redusere risiko og sikre at ny verksemd skjer på ein berekraftig måte.

  • Formidle forskingsresultat til brukarane, som til dømes næringsliv, skuleverk, andre relevante brukarar og eit breitt publikum.

Tildelingskriterium

Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, og vere kvalitetssikra av Noregs Forskingsråd. I tillegg må dei vere tverrfaglege i høgst mogleg grad.

Oppfølging og kontroll

Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda (Flaggskipsleiarane) er pålagt saman med dei andre deltakarane i flaggskipa å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang og oppnådde resultat innan 30. november.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same føremåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling, oppfølging og kontroll er dei same. Sjå elles omtala under post 50 ovanfor. Posten dekkjer og driftstilskot til Framsenteret AS.

Rapport 2016

Framsenteret har vore involvert i betydeleg nasjonal og internasjonal forskingsaktivitet i 2016. Forskingsmiddel frå flaggskipa finansierte 76 forskingsprosjekt, og forskingsresultata vart publiserte i Framsenterets eigen rapportserie og i internasjonale tidsskrift. Forskarar frå Framsenteret har òg presentert si forsking på ei lang rekkje nasjonale og internasjonale konferansar og arbeidsseminar. Tilslag på eksterne forskingsmidlar har vore betydeleg (utanom ordinær tildeling frå departementa). Gjennom Framsenteret AS har forskinga i Framsenteret vore kommunisert til ei rekkje besøk frå ulike land og ambassadar, forskingsinstitusjonar, statlege organ, utdanningsinstitusjonar og media. Forskingsformidlinga har òg vore betydeleg gjennom Fram Forum som kjem ut kvart år. Fram Forum er engelskspråkleg og blir utgitt i papirform og i elektronisk utgåve med global distribusjon. I tillegg vert tre nettsider drifta, og forskinga vert formidla gjennom ei rekkje kanalar som Youtube (framshorts.com), framsyningar, dei nasjonale forskingsdagane og stands ved ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar.

Programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.70 gjeld resultatområde Klima. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet med kjøp og sal av kvotar og departementet sitt arbeid med Klima- og skoginitiativet.

Klima- og skoginitiativet er Noreg si største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar vårt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet – innrettinga av klimafinansiering i den nye klimaavtala, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensle, og kortlevde klimaforureiningar – er omtala i kap. 7 programkategori 12.20.

Klimakvotar

Regjeringa sitt mål i klimapolitikken er å redusere nasjonale klimagassutslepp samtidig som Noreg medverkar internasjonalt i forhandlingar og gjennom direkte tiltak til å redusere utsleppa av klimagassar i andre land. Gjennom Kyotoprotokollens system er det opna for fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Dette har gjort det mogeleg for Noreg å ta på seg større forpliktingar, og dermed større globale reduksjonar, enn ein kunne utan ei slik ordning. Ein viser til Innst. 60 S (2013–2014) der ein samla komité (Energi- og miljøkomiteen) skriv følgjande: «Komiteen vil peke på at det gjennom Kyotoprotokollens system åpnes for en fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Komiteen viser til at dette kan gjøre det mulig for Norge å ta på seg større forpliktelser og bidra til større globale reduksjoner».

Ved ratifikasjon av endringar i Kyoto-protokollen har Noreg forplikta seg til redusere dei årlege klimagassutsleppa i perioden 2013–2020 med 16 pst. i gjennomsnitt, jamført med Noregs utslepp i 1990. Reduksjonane i klimagassutslepp vil i hovudsak komme gjennom nasjonale tiltak, medrekna den norske deltakinga i det europeiske kvotesystemet, ETS, som omfattar rundt halvparten av alle norske klimagassutslepp. Kvotar frå prosjekt i utviklingsland skal sikre at Noreg fullt ut oppfyller sine plikter under Kyoto-protokollen. Kor stort behov Noreg vil ha for klimakvotar frå utviklingsland er sterkt avhengig av kva avtale ein får med EU om oppgjeret for deltakinga i det europeiske kvotesystemet. Dette spørsmålet er enno ikkje avklart med EU. For ei nærare omtale av kvotesystemet, og av samanhengen mellom dette og statens behov for kvotar frå utviklingsland, viser ein til boks 7.3 i Prop. 1 S (2016 – 2017) Klima- og miljødepartementet for 2017.

Noreg er ein av svært få kjøparar av klimakvotar frå Den grøne utviklingsmekanismen (CDM). Manglande ambisjonar i andre land har ført til at marknaden for slike kvotar langt på veg har falle saman.

Det blir lagt vekt på at statens kvotekjøp skal gjere ein skilnad. Ein kjøper derfor berre kvotar frå prosjekt som er i ferd med å innstille på grunn av manglande inntekter frå kvotesal eller som allereie har innstilt, og frå nye prosjekt. Klima- og miljødepartementet arbeider med sikte på å inngå kontraktar som vil føre til levering av inntil 60 mill. kvotar i perioden fram til utgangen av 2020.

I Parisavtala er det opna for at land kan samarbeide om gjennomføring av tiltak for å redusere utslepp av globale klimagassar. Slikt samarbeid opnar for at enkeltland aukar ambisjonane sine og kan såleis bli viktig for å realisere målet om å halde den globale oppvarminga godt under 2 grader og prøve å avgrense temperaturauken til 1,5 grader. Arbeidet med å utvikle reglar og prosedyrar vil ta tid.

Gjennom kvotekjøpsprogrammet arbeider Klima- og miljødepartementet med å vidareutvikle dagens kvotesystem med sikte på å prøve ut ordningar som er tilpassa den nye klimaavtala for perioden etter 2020. Klima- og miljødepartementet deltek såleis i Transformative Carbon Asset Facility, TCAF, som blei lansert i tilknyting til klimakonferansen i Paris og erklært operativt i mars 2017. Fondet skal utvikle pilotar for nye samarbeidsformer tilpassa ein ny mekanisme under Paris-avtala.

Formålet med fondet er å medverke til varig omlegging i utviklingsland gjennom program som støttar utvikling av lågutsleppsløysingar for sektorar i eit land. Bruk av økonomiske verkemiddel, mellom anna prising av utslepp av klimagassar, kan til dømes vere eit sentralt element i ei slik omlegging.

Fondet kan medverke til at utviklingslanda aukar sine ambisjonar. I innmeldingar til FNs klimasekretariat før klimakonferansen i Paris indikerte fleire utviklingsland eit klart høgare ambisjonsnivå om dei får internasjonal støtte til å gjennomføre tiltak. TCAF kan bli eit viktig verkemiddel for slike tiltak. Gjennom Parisavtala har alle land forplikta seg til å vurdere sine mål kvart femte år med sikte på å heve ambisjonane. Samarbeid mellom land om gjennomføring av tiltak kan bli avgjerande for nivået på ambisjonane.

TCAF skal levere målbare resultat i form av verifiserte utsleppsreduksjonar som deltakarane i fondet eventuelt kan bruke til å oppfylle skyldnader under Parisavtala. Fondet vil vere resultatbasert, betaling for utsleppsreduksjonane vil som hovudregel først skje når resultat er dokumentert.

Utsleppsreduksjonar ein kjøper gjennom marknadsbasert samarbeid under Parisavtala krev avtale med vertslanda om korleis slike utsleppsreduksjonar skal bokførast for å sikre at verknadene av eit tiltak ikkje blir dobbeltrekna.

I samsvar med Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, arbeider regjeringa for ei løysing med EU der Noreg og EU-land samarbeider om å redusere klimagassutsleppa med 40 pst. Denne reduksjonen skal takast innanfor EU og Noreg, utan å rekne med effekten av eventuelle tiltak i land utanfor EU. Dersom Noreg ikkje lukkast med å få ei avtale om felles gjennomføring med EU, har ein lagt til grunn at ein òg kan bruke fleksible mekanismar til delvis oppfylling av norske forpliktingar.

Tabell 7.23 Nasjonalt mål under programkategori 12.70

Resultatområde

Nasjonale mål

Klima

Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

Klima- og skoginitiativet

Nasjonalt mål Klima- og skoginitiativet er delt opp i følgjande delmål:

  1. Å medverke til at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel for reduserte utslepp frå avskoging og skogdegradering

  2. Å medverke til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar

  3. Å medverke til å ta vare på naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon

I klimaavtala inngått i Paris i 2015 har verda sett seg eit ambisiøst mål om å avgrense den globale oppvarminga til 2 grader Celsius, eller aller helst ned mot 1,5 grader C. I Paris-avtala er tiltak for skogbevaring og auka skogdekke (REDD+) framheva som ein viktig strategi for å nå målet. I 2015 vart òg FNs berekraftsmål vedtekne. Dei inkluderer eigne mål om stans i avskoginga, berekraftig skogforvalting og auka restaurering av degradert skog. Det er med andre ord no ei klar internasjonal semje om at berekraftig utvikling ikkje er mogeleg utan å verne om og restaurere verdas attverande tropiske skogar. Vidare medverkar bevaring av tropisk skog positivt til nær alle berekraftsmåla. Dette styrkjer grunnlaget for Klima- og skoginitiativet sin strategi for å redusere utslepp gjennom skogbevaring og berekraftig utvikling.

I alle initiativets samarbeidsland er berekraftig utvikling første prioritet. Klimafinansiering kan spele ei viktig rolle i å hjelpe land med å snu utviklingspolitikken sin i ei berekraftig retning som gagnar heile befolkninga. I behandlinga av Meld. St. 24 (2016 – 2017) slutta eit stort fleirtal på Stortinget seg til at Klima- og skoginitiativet skal vidareførast på eit høgt nivå fram til 2030.

Klima- og skoginitiativet overordna endringsteori er beskriven i boks 7.4 i Prop. 1 S (2016 – 2017) Klima- og miljødepartementet. Kort fortalt skuldast tropisk avskoging ein kombinasjon av styringssvikt og marknadssvikt: Styringssvikt fordi naturressursforvaltinga ofte favoriserer enkeltgrupper framfor fellesskapet, til skade for sårbare grupper; marknadssvikt fordi samfunnsverdien av skogen – både nasjonalt og internasjonalt – ikkje er finansielt reflektert i individuelle aktørar sine investeringsvedtak; forureinar betaler ikkje. Initiativet søkjer derfor å endre insentivstrukturen som påverkar relevante aktørar – myndigheiter, privat sektor, sivilt samfunn og urfolk. Dette kan gjerast med politisk støtte, auka transparens eller finansielle insentiv.

Aukande global etterspørsel etter råvarer kombinert med utilstrekkeleg returressursforvalting og styresett i skoglanda har resultert i tiår med avskoging. Å nå målet om reduserte utslepp frå skog vil krevje auka samarbeid, både globalt og lokalt, og mellom næringsliv og offentlege myndigheiter. New York-erklæringa om skog i 2014 var eit gjennombrot i så måte. Her slutta globale selskap, land, miljøorganisasjonar og urfolk seg til ambisiøse mål for skogbevaring og berekraftig landbruk.

Klima- og skoginitiativet samarbeider tett med dei viktigaste aktørane for å stoppe avskoginga globalt. Gjennom bilaterale partnarskap som REDD+ støttar Noreg styresmaktene i skoglanda sitt arbeid med å lage og handheve lover og regelverk som medverkar til berekraftig vekst samtidig som verdifull skog får stå. Først og fremst skjer dette ved å betale landa for verifiserte reduksjonar i avskoginga i medhald av Parisavtala.

For å auke næringslivet sine insentiv for å investere i avskogingsfrie forsyningskjeder arbeider klima- og skoginitiativet for betre investeringsklima og reguleringar, både for dei globale multinasjonale oppkjøparane og produsentane i skoglanda. Selskapa medverkar òg sjølve gjennom ny innkjøpspolitikk som aukar etterspørselen etter avskogingsfrie landbruksvarer. For at dette skal skje i tilstrekkeleg skala er offentleg-private partnarskap viktige. Regjeringa prioriterer innsats for å auke private investeringar og satsingar på avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon også framover. Dette krev nytenking og innovative løysingar for offentleg-privat samarbeid, for eksempel å bruke offentlege midlar til å redusere risiko i investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon. Etableringa av fondet &green i 2017 er eit eksempel på dette.

Klima- og skoginitiativet har eit omfattande samarbeid med sivilt samfunn over heile verda. Miljøorganisasjonar har spela ei særs viktig rolle for å halde selskap og land ansvarlege for å levere på sine forpliktingar. Vi står midt i ein revolusjon når det gjeld høve til transparens, der sjølv mindre tilfelle av avskoging raskt kan observerast via satellittar tilgjengeleg for alle, kor som helst i verda, og der lokalsamfunn kan varsle nasjonale myndigheiter og global offentlegheit om avskoging og setje i verk mottiltak. Samarbeidet med privat sektor, sivile samfunnsorganisasjonar og kunnskapsinstitusjonar har gitt gode resultat. Klima- og skoginitiativet vurderar å auke denne delen av innsatsen i 2018.

Rundt halvparten av tropisk avskoging er ulovleg. Handel med ulovleg tropisk tømmer finansierer nokre av verdas største kriminelle nettverk, med alvorlege konsekvensar for alt frå styresett, tapte skatteinntekter, terrorisme, miljø, urfolk og sårbare grupper. Ny overvakingsteknologi gjer det mogleg å gå etter desse nettverka meir effektivt. Klima- og skoginitiativet har følgt og medverka til denne utviklinga og vil forsterke dette arbeidet ytterlegare.

Å beskytte urfolks rettar er, utover å vere moralsk riktig i seg sjølv og eit sentralt element i norsk menneskerettspolitikk, eit svært effektivt tiltak for å beskytte skog. Ti år etter at FNs erklæring om urfolks rettar (UNDRIP) vart vedteken, har det blitt gjort store framsteg på området. Men det er har òg komme tilbakeslag. Klima- og skoginitiativet søkjer å medverke til at verda leverer på globale urfolksgrupper sine fire legitime krav: (i) involvering i avgjerder som angår dei, (ii) landrettar, (iii) tilgang til klimafinansiering, og (iv) ein stans i vald mot og drap av urfolk.

Boks 7.3 Klima- og skoginitiativets resultatrammeverk

Klima- og skoginitiativet skal medverke til å nå Noregs bistandspolitiske mål om berekraftig utvikling og det klimapolitiske målet om å avgrense jordas oppvarming til 2, eller aller helst 1,5, grader Celsius. Under desse overordna måla har Klima- og skoginitiativet tre meir spesifikke mål, sjå tabellen med Klima- og skoginitiativets resultatrammeverk under.

Resultatrammeverket viser korleis innsatsen under initiativet er retta mot utvalde milestolpar for å nå måla for initiativet. Til høgre i tabellen er det vist til nokre av resultata som er nådd i 2016. For ein meir detaljert omtale av innsats og resultat i 2016, sjå Rapport 2016 under kap. 1482, post 73 Klima- og skogsatsinga.

Resultatrammeverk

Resultat

Klima- og skoginitiativets tre mål

Milestolpar for å nå måla

Utvalde resultat 2016

(sjå rapportering 2016 for utdyping)

Å medverke til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar

Betaling for reduserte utslepp frå skog

  • Betalt for om lag 20 mill. tonn reduserte utslepp frå skog i Brasil og om lag 2 mill. tonn reduserte utslepp i Colombia.

  • Styret i skogkarbonfondet godkjente dei 4 første programma for utsleppsreduksjonar (DR Kongo, Mexico, Chile, Costa Rica)

Policy for berekraftig skog- og arealbruk i skogland

  • Ny policy etablert i Etiopia, Indonesia, Vietnam

  • New Climate Economy utgav rapport om berekraftig infrastruktur (m.a. skogbevaring og restaurering)

  • Marrakech-erklæringa for avskogingsfri palmeolje i Vest- og Sentral-Afrika

  • Grøn vekst-initiativ i fleire partnarland, m.a. Peru, Indonesia og Colombia

System for måling, rapportering og verifisering av utslepp frå skog er etablert

  • Styrka system i Peru, Colombia, Indonesia og Etiopia.

  • Betre globale satellittdata og situasjonsoversikt gjennom bl.a. Global Forest Watch.

  • Readinesstøtte frå FCPF og UN REDD til eit stort tal skogland for etablering av MRV-system

Effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk

  • Torvmyrmoratorium innført og direktorat for torvmyrforvalting etablert i Indonesia.

  • Intensjonsavtale med DR Kongo om ambisiøst reformprogram og internasjonal støtte til REDD+

Resultatrammeverk

Resultat

Klima- og skoginitiativets tre mål

Milestolpar for å nå måla

Utvalde resultat 2016

(sjå rapportering 2016 for utdyping)

Å medverke til å ivareta naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon

Betre styresett i gjennomføringa av skog- og arealforvalting

  • Styrkt skogforvalting i Peru, Colombia og Liberia.

  • Utvikling av lokale arealbruksplanar i DR Kongo gjennom programmet CARPE

  • Støtta utvikling av safeguards-rapportering gjennom UN REDD

  • Styrka sivile samfunnsorganisasjonars deltaking i partnarlanda, inkludert støtte til urfolks deltaking

Privat sektor arbeider mot avskoging

  • Auka samarbeid med privat sektor i Brasil, Liberia, Indonesia og globalt

  • Sivilsamfunnsorganisasjonar medverka til auka openheit om skogens tilstand

  • Utvikling av innovative løysingar for privat-offentleg samarbeid

  • BioCF ISFL i Etiopia sette i gang offentleg-privat samarbeid i kaffisektoren

  • Meir enn 400 selskap har vedteke avskogingsfri-policy

Å medverke til at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel mot CO2-utslepp frå avskoging og skogdegradering

REDD+ medverkar til å auke ambisjonen i det globale klimaregimet

  • Innsats for å styrkje skogens betydning i Klimakonvensjonen og Paris-avtala

  • Støtte til at partnarland aukar sine ambisjonar

Auka, langsiktig og føreseieleg global finansiering av REDD+

  • Samarbeid særleg med Storbritannia og Tyskland om auka finansiering

  • Norsk støtte til multilaterale organisasjonar for REDD+

  • Innsats for å auke privat sektors investeringar i REDD+

Effektive sikringsmekanismar innarbeidde i finansierings-institusjonar for REDD+

  • Aktivt arbeid med alle partnarar om korleis sikringsmekanismar er adresserte og respekterte

  • Verdsbankens REDD+-fond nyttar Cancun safeguards

  • UN-REDD-programmet nyttar Cancun sikringsmekanismar og byggjer kapasitet om sikringsmekanismar i skogland

Alle skoglanda som Klima- og skoginitiativet samarbeider med har utfordringar når det gjeld styresett, og fleire av satsingane inneber betydeleg risiko for økonomisk misleghald. Risikovurderingar og risikohandtering er derfor ein sentral del av alle prosjekt initiativet arbeider med. Som for alle bistandsprosjekt er nulltoleranseprinsippet lagt til grunn for økonomisk misleghald, sjå nærare i omtale i Prop. 1 S (2017–2018) Utanriksdepartementet.

Nærare om budsjettforslaget

Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2018 er på 3,184 mrd. kroner på utgiftsida. Dette er ein auke på om lag 103 mill. kroner eller om lag 3,3 pst. på utgiftsida samanlikna med saldert budsjett for 2017. Auken relaterer seg til priskompensasjon og ein auka satsing på Klima- og skoginitiativet med 42 mill. kroner. Inntektssida som består av inntekter frå kvotesal er sett til null (0).

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1481

Klimakvotar

106 567

199 986

184 751

-7,6

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 648 051

2 881 825

3 000 000

4,1

Sum kategori 12.70

2 754 618

3 081 811

3 184 751

3,3

Kap. 1481 Klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter, kan overførast

3 064

4 376

4 441

22

Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

103 213

195 300

180 000

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

290

310

310

Sum kap. 1481

106 567

199 986

184 751

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester som kommersiell og juridisk rådgiving, og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp av kvotar. Posten har ei løyving på 4,441 mill. kroner.

Post 22 Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

Posten omfattar utgiftar til kjøp av klimakvotar. Posten har ei løyving på 180 mill. kroner i 2018.

Strategien for kjøp av klimakvotar i perioden 2013–2020 er drøfta i Revidert nasjonalbudsjett 2013. Der legg ein vekt på at staten gjennom sitt kvotekjøp skal medverke til utviklinga og legitimiteten til det internasjonale samarbeidet. Kjøpsstrategien byggjer på FN-systemet, og ein fører i store trekk vidare strategien frå første Kyotoperiode (2008–2012). Staten vil kjøpe kvotar frå allereie registerte prosjekt som står i fare for å innstille drifta eller som allereie har innstilt, og frå nye prosjekt. Ein vil ikkje kjøpe kvotar frå registerte prosjekt som har inntekter som dekkjer dagleg drift. Slike prosjekt vil mest truleg halde fram å generere utsleppsreduksjonar uavhengig av statens kvotekjøp. I samsvar med EUs regulering av kvotehandelssystemet vil staten ikkje kjøpe kvotar frå hydrofluorkarbonprosjekt, adipinsyreprosjektet, og frå kolbasert energiproduksjon utan karbonfangst og lagring.

I samsvar med drøftingar i tidlegare års budsjett er også budsjettet for 2018 basert på at ein vil trenge inntil 60 mill. kvotar samla for perioden 2013–2020 for å oppfylle dei norske skyldnadene under Kyotoprotokollen. Det faktiske behovet for kvotar kan bli både høgare og lågare enn dette. Kjøpsbehovet er særleg avhengig av utfallet av ei avklaring med EU om korleis EUs kvotesystem skal medverke til den norske oppfyllinga av Kyotoprotokollen. Det er uklart når prosessen med EU blir avslutta, men ein vurderer det som naudsynt å inngå kontraktar i 2017 og 2018 i samsvar med føresetnadene om eit kjøpsbehov på inntil 60 mill. kvotar for perioden 2013–2020.

Det er svært krevjande å budsjettere tidspunkt for utbetalingar for klimakvotekjøp. Utbetalingane er avhengig av utviklinga i kvart enkelt prosjekt. Blir til dømes eit prosjekt forseinka, eller kanskje ikkje gjennomført, vil det påverke dei budsjetterte utbetalingane. Kontraktane er utforma slik at ein først betaler når prosjekteigar har overført kvotane til statens konto i det internasjonale kvoteregisteret. Før kvotar blir utferda må utsleppa vere dokumenterte og verifiserte av eit uavhengig, FN-godkjent selskap.

Kontraktane blir inngått etter fullmakter gitt av Stortinget, og gjeld i hovudsak for utsleppsreduksjonar for ein periode fram til og med 2020. I samsvar med innarbeidd praksis ber Klima- og miljødepartementet om at fullmakta blir fornya, slik at den dekkjer framtidige skyldnadar på avtaler som allereie er gjorde, og på nye kontraktar. Ved utgangen av 2017 reknar ein med å ha inngått kontraktar som vil føre til levering av 50 mill. kvotar. Det vil dermed vere eit behov for å inngå nye kontraktar i 2018. I samsvar med føresetnadene for fullmakta for 2017 skal fullmakta òg omfatte skyldnader knytt til perioden etter 2020, jf. deltakinga i fondet Transformative Carbon Asset Facility, som i hovudsak vil føre til levering av utsleppsreduksjonar etter 2020. På denne bakgrunn ber ein om ei fullmakt på 1 900 mill. kroner for å dekkje utbetalingar som følgjer i åra etter 2018.

Klima- og miljødepartementet foreslår at det blir løyvd 180 mill. kroner til betaling for kvotar som blir leverte i 2018. Løyvinga skal dels gå til kontraktfesta betalingar for avtalar som allereie er inngått under fullmakter Stortinget har gitt departementet. Det er òg innarbeidd eit overslag over utbetalingar under nye kontraktar som er planlagt inngått i 2018. Gjennomsnittleg pris for allereie inngåtte kontraktar er på knappe 30 kroner per kvote. Ein har lagt til grunn om lag same prisføresetnad for nye kontraktar.

I visse høve vil det vere ønskjeleg å betale ein viss del på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. I samsvar med tidlegare praksis kan det òg bli aktuelt å betale eit mindre forskotsbeløp for å dekkje ymse administrasjonskostnader. Forvaltingskostnader, medrekna kostnader til etterkontroll, til NEFCO, Verdsbanken, og eventuelle andre forvaltarar vert òg ført på denne posten.

Det kan vere føremålstenleg å endre samansetjinga av porteføljen til staten. Det kan ein gjere ved å selje vidare kontraktar for enkelte prosjekt, ved å selje framtidige volum frå enkelte prosjekt, eller ved å selje kvotar i marknaden. Den slags sal kan vere ønskjeleg for å gjere tilpassingar i porteføljen, for eksempel for å få betre risikospreiing ved å kjøpe frå prosjekttypar og land som er underrepresenterte i porteføljen, eller for å tilpasse volumet til oppdaterte overslag over levering og kjøpsbehov. Det kan òg vere aktuelt å styre denne eksponeringa gjennom avleidde instrument, for eksempel bytteavtaler. Klima- og miljødepartementet ber derfor om fullmakt til å selje kvotar og å nytte salsinntekta til å kjøpe nye kvotar utover det som er løyvd, jf. forslag til romartalsvedtak III.

I samsvar med drøftinga i Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioteringer i statsbudsjettet 2016 skal fullmakta òg omfatte skyldnader som knyter seg til perioden etter 2020, jf. deltaking i Verdsbanken nye fond, Transformative Carbon Asset Facility. På denne bakgrunnen ber ein om ei rommeleg fullmakt til å inngå avtaler i 2018. Denne ramma vil omfatte betalingar som knyter seg til avtaler som blir inngått i 2018 og tidlegare år, og som vil gi utbetalingar i 2019 og seinare år, jf. forslag til romartalsvedtak IV.

Rapport 2016

I 2016 signerte Klima- og miljødepartementet ni avtaler om levering av 11,7 mill. kvotar frå elleve ulike prosjekt i 12 utviklingsland. Prosjekta knyter seg til forbetra kokeomnar og til vassreinsing, til metanoppsamling på søppelfyllingar og gjødselkjellarar, og til solkraftanlegg. Gjennomsnittleg kontraktspris er om lag 3,1 euro, eller rundt 29 kroner for kvar kvote (tonn CO2-ekvivalentar).

I perioden 2013 – 2016 vart det òg inngått avtaler gjennom fond i Verdsbanken (Carbon Partnership Facility), Det nordiske miljøinvesteringsfondet, NEFCO (NEF Carbon Fund og Norwegian Carbon Procurement Facility). Ved utgangen av august 2017 hadde Klima- og miljødepartementet avtaler om til saman 55,6 mill. kvotar. Ein har då rekna med intensjonsavtaler, samtidig som ein har sett bort frå avtaler som er kansellerte. Ein reknar ikkje med å få levert avtalt volum fullt ut. Kor mykje som faktisk blir levert, er avhengig av utviklinga i det enkelte prosjektet. I tillegg til avtaler som er inngått for levering i perioden 2013–2020 har ein overført om lag 3 mill. kvotar som ikkje vart nytta i den første Kyotoperioden (2008–2012). Ved utgangen av august 2017 stod det til saman 15,2 mill. kvotar til statens konto i det internasjonale kvoteregisteret. Ei meir detaljert oversikt over inngåtte avtaler ligg på www.carbonneutralnorway.no og heimesidene til Klima- og miljødepartementet.

I 2016 vart det også forhandla om norsk deltaking i Transformative Carbon Asset Facility, eit fond under Verdsbanken. Avtale om å delta med 80 mill. amerikanske dollar i dette fondet vart underteikna i januar 2017.

Post 23 Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

Ordninga med kvotekjøp for statstilsette sine flyreiser vart innført på nytt i 2013 etter at EU sitt opplegg for kvoteplikt for fly vart innskrenka til berre å omfatte flyreiser innanfor EØS-området. Det vil derfor verte kjøpt kvotar for statstilsette sine reiser som ikkje er omfatta av kvoteplikt. På bakgrunn av at flyreiser innan EØS-området er omfatta av kvoteplikt, er omfanget av reiser det skal kjøpast kvotar for, avgrensa. Regjeringa foreslår at det vert løyvd 310 000 kroner for å dekkje kjøp av kvotar for flyreiser statstilsette gjer på strekningar som ikkje er omfatta av kvoteplikt

Kap. 4481 Sal av klimakvoter

Post 01 Salsinntekter

EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, vart innlemma i EØS-avtala i juli 2012. Reglane er harmoniserte på EU-nivå og inneber m.a. at kvoteplikta skal utvidast til å gjelde fleire sektorar og klimagassar. Kvotar som ikkje vert tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noreg sin del av totalt salsvolum er om lag 0,75 pst. Frå og med 2013 skal Noreg selje kvotar gjennom auksjonar på ei felleseuropeisk auksjonsplattform. Prosessen med å knytte seg til denne auksjonsplattforma, som for tida er European Energy Exchange (EEX) i Leipzig, har teke mykje lengre tid enn føresett og Noreg har enno ikkje fått ta til å selje kvotar. Dette skuldast mellom anna diskusjonar omkring EØS-rettslege spørsmål. Det er uvisst kor lang tid prosessane internt i EU og i EØS/ EFTA-statane vil ta, og det er derfor usikkert om Noreg kan komme i gang med sal av klimakvotar i løpet av 2018. Ein har derfor ikkje budsjettert med inntekter frå sal av klimakvotar i 2018. Kvotar som ikkje er selde vil bli overførde til 2019. Basert på Kommisjonens overslag skulle 7,74 mill. kvotar seljast i 2018. Kvotemengda for 2018 vil dermed saman med kvotar for 2013–2017 bli overført til 2019, til saman 41,4 mill. kvotar.

Kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

94 945

97 429

98 457

73

Klima- og skogsatsinga, kan overførast

2 553 106

2 784 396

2 901 543

Sum kap. 1482

2 648 051

2 881 825

3 000 000

Forvaltinga av Klima- og skoginitiativet har frå 1. januar 2014 vore samla i Klima- og miljødepartementet. Dagens organisering der ansvaret for satsinga er samla i eitt departement er vurdert som effektiv og gir klarare ansvarsforhold enn tidlegare delt organisering mellom Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsmidlane knytte til regjeringa sitt Klima- og skoginitiativ. Posten dekkjer alle driftskostnader til satsinga, under dette løn, administrasjon, reiseutgifter, informasjonsverksemd, evalueringar m.v. i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet (med ambassadane) og Norad. I tillegg dekkjer løyvinga kjøp av varer og tenester knytte til drift, slik som utgreiingar, konsulenttenester, seminar og internasjonale møte m.v. Samanlikna med 2017 er posten redusert med 0,5 mill. kroner på grunn av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

For 2018 er det foreslått ei løyving på 98,5 mill. kroner på posten. I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 01 er godkjent som utviklingshjelp.

Klima- og skoginitiativet er eit internasjonalt nybrottsarbeid. Å drive dette arbeidet framover er krevjande, både politisk og fagleg. Tilgang til variert og høg kompetanse og kapasitet gjennom målretta bruk av eksterne fagmiljø er avgjerande for å lykkast. Dette gjeld både for å drive det globale arbeidet med løysingsutvikling og klimapolitisk konsensusbygging vidare, og for å kunne støtte partnarland sitt arbeid med å utvikle og implementere sine klima- og skogstrategiar.

Rapport 2016

Kap 1482, post 01 har blitt nytta til løns- og driftsutgifter for Klima- og skoginitiativet. Midlane dekkjer løns-, drifts- og reiseutgifter til satsinga i Klima- og miljødepartementet, Norad og ved norske utanriksstasjonar som forvaltar midlar for Klima- og skoginitiativet. Ein stor del av personellressursane i initiativet har vore nytta til å følgje opp dei bilaterale samarbeida, og internasjonale prosessar som medverkar til å nå måla om utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland.

Klima- og skoginitiativet har mål om å medverke til eit effektivt klimaregime basert på klimaavtala som vart forhandla fram i Paris i 2015. Som ein del av dette har klima- og skoginitiativet brukt ressursar i 2016 på arbeidet for at utslepp frå skog skal inngå i lands nasjonale bidrag (NDC) under Paris-avtala, og at skog skal medverke til å nå Parisavtalas ambisiøse globale mål. Klima- og skoginitiativet har hatt tett kontakt med partnarlanda for å støtte desse nasjonale prosessane og har kjøpt konsulenttenester for å støtte opp om prosessane. Dette har medverka til milepælen «REDD+ medverkar til å auke ambisjonen i det globale klimaregimet» i Klima- og skoginitiativets strategiske rammeverk, sjå boks. 7.3.

Klima- og skoginitiativet har som mål å auke den globale finansieringa av REDD+. I 2016 har initiativet arbeidd saman med og opp mot ei rekkje donorland for å få dette til, blant anna gjennom dei globale klimaforhandlingane. Saman med Tyskland og Storbritannia har Noreg lova ei samla finansiering på 5 mrd. USD frå 2015 – 2020. Dette arbeidet medverkar til milepælen «auka langsiktig og føreseieleg global finansiering av REDD+'. Initiativet arbeidde i 2016 òg for å vurdere moglegheita til å inkludere REDD+ i den internasjonale luftfartsorganisasjonens (ICAO) kvoteprogram for internasjonal luftfart. For å støtte desse prosessane har det vore kjøpt inn eksterne konsulenttenester.

Klima- og skoginitiativet samarbeider med ei rekkje partnarland og organisasjonar internasjonalt. Dette inneber å delta på og arrangere internasjonale møte og konferansar, og prosessar for å etablere internasjonalt samarbeid, ofte med fleire aktørar. Midlar på posten har vore brukt til å dekkje utgifter knytte til å gjennomføre slike arrangement, medverke til konsensusbygging, utvikle analysar og løysingar m.m. Midlar har òg vore brukte til å innhente eksterne vurderingar av partnarlands framdrifts- og utsleppsrapportar. Tenestene har i hovudsak vore finansierte over driftsposten.

Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overførast

For 2018 er det foreslått løyvd 2 901,5 mill. kroner på posten. I 2018 er posten auka med 117,1 mill. kroner, slik at Klima- og skoginitiativet i 2018 samla er på 3 mrd. kroner, i tråd med klimaforliket av 2012. Klima- og skoginitiativet har sidan lanseringa i 2007 inngått ei rekkje samarbeid og partnarskap, i hovudsak med sentrale tropiske skogland med mål om å betale for verifiserte, reduserte utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden. Framdrifta i disse initiativa vil bli tilpassa den ramma som er foreslått på posten. Det er ikkje rom for å inngå større nye partnarskap og satsingar på posten innanfor noverande budsjettramme.

Det er fremja forslag om ein tilsegnsfullmakt på 2 014 mill. kroner på posten, sjå romartalsvedtak VI. Klima- og skoginitiativet inngår langsiktige avtaler om betaling for resultat i skoglanda. Partnarskapa til Klima- og skoginitiativet inneber fleire juridiske forpliktingar om fleirårige utbetalingar. Forpliktingar blir utløyste når partnarlandet leverer resultat som avtalt i form av verifiserte utslippsreduksjonar, eller milestolpar i reformer for betra skogforvalting og redusert avskoging. Fullmakta dekkjer òg avtalar med organisasjonar som inneber utbetalingsforpliktingar over fleire år.

I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 73 er godkjent som utviklingshjelp.

Mål

Tilskotet skal medverke til:

  • at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel for reduserte utslepp frå avskoging og skogdegradering

  • kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland

  • å bevare naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon

Desse måla skal vere styrande for ressursbruk og prioriteringar, og vedtak om igangsetjing, vidareføring eller endring av støtte. Det er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk å medverke til berekraftig utvikling og reduksjon av fattigdom. For norsk klimapolitikk er det eit overordna mål å medverke til reduserte utslepp av klimagassar for å nå dei globale klimamåla. Desse er derfor naturlege overordna mål for Klima- og skoginitiativet. Langsiktig bevaring av skog er avhengig av at det blir oppnådd resultat også på andre område enn reduserte utslepp av klimagassar. Klima- og skoginitiativet skal derfor gjennom arbeidet òg medverke til bevaring av naturskog, berekraftig utvikling og styrking av politisk og økonomisk styresett i naturressursforvaltinga og arbeide for å sikre rettane til lokalsamfunn og urfolksgrupper. I arbeidet for å nå måla skal klimapolitikken og utviklingspolitikken underbyggje kvarandre.

Tildelingskriterium

Tilskotet dekkjer tre kategoriar av tiltak: betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, finansiering av program- og prosjektporteføljar og fondsoppbygging. I tillegg skal tilskotet medverke til å utvikle og å spreie kunnskap som medverkar til å nå Klima- og skoginitiativet sine mål. Kriterium for utbetaling av tilskot i kvar kategori er beskrive under.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar

Eitt av Klima- og skoginitiativet sine hovudmål er reduksjon av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Kriterium for å utløyse tilskotsmidlar er verifiserte reduksjonar av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. I tråd med Stortingets føringar er det eit mål å auke delen av tilskotet som blir utbetalt for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Utbetaling er avhengig av effektive og robuste system for å måle og verifisere resultat, og storleiken på utbetalinga må stå i eit rimeleg forhold til det oppnådde resultatet. Blir det ikkje levert dokumentasjon på reduserte utslepp eller auka klimagassopptak i skog, skal midlane ikkje utbetalast.

Finansiering av program- og prosjektporteføljar

For å nå måla om utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av skog er det i mange land behov for førebuande innsats for å starte dei naudsynte prosessane, etablere strategiar og arenaer og støtte program for omlegging til nye forretningsmodellar og produksjonsmetodar i landbruk. Eit godt forvaltingsregime er ein føresetnad for å få resultat av satsinga og sikre framdrift i arbeidet. Klima- og skoginitiativet vil derfor vidareføre arbeidet med å styrkje gjennomføringstakten og hindre forseinkingar ved å medverke til reformer og institusjonsbygging i mottakarlanda. Dette vil òg imøtekomme forventningar og behov i mottakarlanda og styrkje moglegheitene for varig betra skogforvalting.

Styresmakter, organisasjonar, næringslivsaktørar og andre aktørar som kan medverke til reformprosessar og å nå Klima- og skoginitiativet sine mål, kan få tilskot frå posten.

Midlane skal nyttast til prosjekt eller program som fremjar institusjonsbygging, planprosessar, kartleggingsarbeid, kompetansebygging, kunnskapsutvikling eller liknande, som medverkar til at måla for tilskotsposten blir nådde. Midlar kan nyttast til tiltak som fremjar samarbeid med privat sektor og som styrkjer insentiva for privat sektor til å investere i berekraftig og avskogingsfri produksjon av råvarer. Det kan mellom anna givast tilskot til private aktørar for å direkte redusere investor sin risiko knytt til investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon. Sjå romartalsvedtak knytt til posten for unnatak frå økonomireglementet i visse tilfelle.

Fondsoppbygging (multilaterale satsingar) for framtidige utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar

Varig skogbevaring i utviklingsland krev store investeringar for berekraftig utvikling. Tilgang til føreseieleg finansiering av REDD+-investeringar er dermed ein føresetnad for å nå Klima- og skoginitiativet sine mål. Det kan derfor utbetalast midlar frå posten til mulitilaterale satsingar for framtidig betaling for utsleppsreduksjonar, som for eksempel Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) i Verdsbanken.

I enkelte internasjonale organisasjonar kan det vere vanskeleg for Noreg å få gjennomslag for å følgje våre reglar om utbetaling etter behov og i terminar. Primært vil dette vere i tilfelle der fondsforvaltar ønskjer ein del forskotsvise utbetalingar for å inngå juridisk forpliktande avtaler med tropiske skogland om framtidig kjøp av verifiserte utsleppsreduksjonar. Slik utbetaling krev unntak frå føresegnene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetaling av gitte tilskotsløyvingar. Sjå forslag til romartalsvedtak VIII for klima- og miljødepartementet. Klima- og skoginitiativet sitt krav om at midlane skal rapporterast som bistand vil stå fast.

Fondsoppbygging skal vurderast separat for kvart enkelt tilfelle, og berre når følgjande kriterium er oppfylte:

  • Betaling for resultat. Fondsoppbygging bør avgrensast til initiativ der Noreg medverkar til å byggje opp fond med eksplisitt formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.

  • Utfall av forhandlingar. Nye unntak skal berre vurderast for initiativ der Noreg må ta omsyn til ein eller fleire andre store bidragsytarar og/eller multilaterale samarbeidspartnarar sin praksis og behov. Noreg skal i forhandlingar først ha forsøkt å få gjennomslag for at midlane blir utbetalte til fondet etter at utsleppsreduksjonane er oppnådde.

  • Forsvarleg forvalting. Det må etablerast juridiske rammeverk og styringsstruktur knytte til fonda som sikrar god forvalting av midlane. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltingskrav som sikrar effektiv forvalting.

Utvikle og spreie kunnskap om Klima- og skogsatinitiativet sine mål

Det er eit mål å kommunisere Klima- og skoginitiativet sine mål betre ut til befolkninga i Noreg og globalt. Tiltak som medverkar til å spreie kunnskap som er relevant for Klima- og skoginitiativet sine tre målsetjingar som beskrivne over kan derfor få støtte. Det kan søkjast om tilskotsmidlar til kunnskapsformidling retta mot endringsaktørar og premissleverandørar globalt eller nasjonalt, mot marknadsaktørar og mot befolkning i skogland, givarland eller globalt. Tiltak med mål om å formidle kunnskap kan få tilskot. Opplæring og kunnskapsproduksjon kan inngå som ein del av prosjektet.

Oppfølging og kontroll

For kvar utbetaling skal det rapporterast på oppnådde resultat i samsvar med dei inngåtte avtalene og dei klimapolitiske måla. Tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar skjer etterskotsvis. Utbetalingane vil skje til fond, som vil vere tilskotsmottakar. I visse høve vil det vere ønskeleg å betale ein viss del vidare frå fondet på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. Ved delegert samarbeid om betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, vil tilskotsmottakar vere den parten som er delegert forvaltinga. Klima- og miljødepartementets ansvar knytt til oppfølging av midlane er derfor avgrensa til oppfølging av avtala mellom Noreg og mottakar. Eit eksempel på eit slikt fond er Brasils Amazonas-fond, administrert av Den brasilianske utviklingsbanken (BNDES).

Avtaler om utbetalingar til fond bør gi høve til kontroll og tilbakebetaling av tilskotet innanfor eit rimeleg tidsrom dersom det ikkje er forvalta i tråd med intensjonen. Ved utbetalingar til fond må det avtalast at fondet berre kan bruke norske midlar på tiltak som er godkjente som offisiell bistand (ODA). I tillegg skal avtalene fastslå at tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar i deira vidare utbetalingar til ODA-godkjente aktivitetar, og at det blir rapportert på oppnådde resultat. Avtalene skal vidare medverke til Klima- og skoginitiativet sine mål om reduserte klimagassutslepp, biologisk mangfald og berekraftig utvikling. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltingskrav som syter for effektiv forvalting.

Rapport 2016

Utfyllande rapportering om heile innsatsen under klima- og skoginitiativet finst på www.regjeringen.no. Dette erstattar ein trykt resultatrapport om innsatsen, slike som vart publiserte i 2015 og 2016. Nettsidene gir meir oppdatert og meir utfyllande informasjon om dei ulike delane av innsatsen enn ein årleg trykt rapport kan gi.

I Innst. 9 S (2015 – 2016) ber fleirtalet i energi- og miljøkomiteen om at regjeringa vidarefører samarbeidet med sivilt samfunn, inkludert urfolk, over budsjettposten. Komiteen ber òg regjeringa rette innsats mot karbonrike skogtypar, eksempelvis innlands våtmarksskogar, torvmyrskogar og mangroveskogar innanfor ei ramme på mist 30 mill. kroner (oppmodningsvedtak nr. 103). Sjå rapportering under om desse føringane frå komiteen.

Brasil

Om lag 30 pst. av verdas attverande regnskog finst i Brasil, som dermed er verdas største tropiske skogland. I brasiliansk Amazonas lever over 25 millionar menneske. Mange lokalsamfunn, spesielt urfolk, er avhengig av skogen for å overleve.

I 2008 lova Noreg å medverke med inntil 1 mrd. USD til Amazonasfondet i Brasil, dersom Brasil reduserte avskoginga i verdas største regnskog. I perioden frå 2005 til 2016 har Brasil spart atmosfæren for meir enn 4 mrd. tonn CO2. Noreg betalte for 220 mill. av desse tonna.

Noreg innfridde i 2015 løftet om utbetaling av 1 mrd. USD i perioden 2008 – 2015 for redusert avskoging, og fase I av samarbeidet blei avslutta. Same år leverte Brasil eit svært ambisiøst klimamål til FNs klimakonvensjon, der landet forpliktar seg til å redusere utslepp av klimagassar med 43 pst. mellom 2020 og 2030. Under klimatoppmøtet i Paris annonserte Brasil og Noreg på dette grunnlag ei forlenging av skogsamarbeidet for perioden 2016–2020.

I 2016 betalte Noreg 850 mill. kroner til Brasil for redusert avskoging i skogåret 2015. Noreg betalte for meir enn 20 mill. tonn reduserte CO2-utslepp frå skog, noko som berre er ein liten del av dei totale utsleppsreduksjonane samanlikna med referansenivået. Avskoginga i skogåret 2015 var på 6 207 kvadratkilometer, som er ein auke på 24 pst. samanlikna med året før. Det er likevel ein reduksjon på 70 pst. samanlikna med gjennomsnittlig årleg avskoging mellom 1996 og 2005, då landet sette i gang viktige tiltak for å redusere avskoging, og godt under det avtalte referansenivået i avtala med Noreg. Landet har dei siste åra gått inn i ei politisk krise. Dette har mellom anna resultert i reduserte budsjett til kontrolltiltak mot ulovleg hogst, beskyttelse av verna skog og til urfolksterritorium. Foreløpige tal indikerar ein ytterlegare auke i avskoging i skogåret 2016. Noreg har uttrykt bekymring over utviklinga overfor brasilianske myndigheiter.

I 2016 lanserte Brasil både landets REDD+ strategi og den fjerde versjonen av handlingsplanen mot avskoging i Amazonas (PPCDAM) – regjeringas viktigaste instrument i arbeidet for redusert avskoging. Begge dokumenta er viktige resultat under Klima- og skoginitiativets milepæl «policy for berekraftig skog- og arealbruk i skogland», sjå initiativet sitt strategiske ramme verk i boks 7.3.

Brasil har gjennom samarbeidsperioden hatt eit godt utvikla system for måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå skog (MRV) i Amazonas-biomen. Noreg har lenge hatt dialog med Brasil om å utvide systemet til andre biomer, særleg den brasilianske savannen, Cerrado, der avskoginga historisk også har vore høg og det er eit stort potensial for utsleppskutt. I 2016 sette Brasil i gang arbeid med å utvikle eit MRV-system for dette biomet. Dette vil auke 'delen av skog med nasjonalt skogovervakingssystem', ein indikator for resultat i Klima- og skoginitiativets strategiske rammeverk, sjå boks 7.3.

Utan ein landbruksøkonomi som legg til rette for private investeringar i avskogingsfrie forsyningskjeder vil det truleg bli vanskeleg å nå Brasils klimamål. Noreg hadde derfor i løpet av 2016 dialog med Amazonasfondet om korleis fondet kan arbeide meir med privat sektor. Det var òg god dialog med organisasjonane Tropical Forest Alliance (TFA) og The Sustainable Trade Initiative (IDH) som samarbeider med delstatsmyndigheiter, private selskap, produsentar og investorar om å sikre avskogingsfrie forsyningskjeder.

Gjennom IDH støttar Noreg implementeringa av ein ny berekraftstrategi, Produce, Conserve, Include (PCI), lansert av delstaten Mato Grosso. Strategien inneber utstrekt samarbeid på tvers av sektorar og aktørar og inkluderer element av skogbevaring, intensivert landbruk og inkluderande og berekraftig utvikling i regionen. Noregs innsats gjennom IDH medverkar til å oppnå Klima- og skoginitiativets milestolpar «effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk» og «privat sektor arbeider mot avskoging».

I 2016 betalte Noreg ut 850 mill. kroner til Brasils Amazonasfond. Det vart i tillegg utbetalt 10 mill. kroner til tyske GIZ (Deutche Gesellshaft für Internationale Zusammenarbeit) for teknisk støtte til Amazonasfondet.

Indonesia

Indonesia er eitt av verdas største og mest folkerike land og eit ungt demokrati. Indonesia rommar verdas tredje største tropiske regnskog, med eit enormt naturmangfald. På Indonesias 17 000 øyar bur 250 millionar menneske. Ein stor del er fattige. Om lag 60 millionar er urfolk og andre lokalsamfunn som er avhengige av skogen for sitt livsutkomme.

Avskoging og øydelegging av karbonrik torvmyr er hovudårsak til årlege utslepp som har vore anslått til rundt 2 mrd. tonn CO2. Dette gjer Indonesia til eitt av landa i verda med høgast klimagassutslepp. Årsakar til avskoginga er blant anna etablering av plantasjar for produksjon av palmeolje eller papirmasse, gruvedrift, tømmerhogst og skogbrannar. Drenering av torvmyrer gjeres for å konvertere desse områda til landbruksformål. Korrupsjon og svakt styresett kombinert med sterk etterspørsel etter palmeolje og andre råvarer er viktige underliggjande årsaker.

Noreg inngjekk i 2010 eit klima- og skogpartnarskap med Indonesia for å støtte landets innsats for å redusere klimagassutslepp frå avskoging, skogdegradering og øydelegging av torvmyr. Noreg har lova Indonesia inntil 1 mrd. USD, under føresetnad av at Indonesia oppnår resultat på desse områda. Indonesia har levert på politiske milestolpar i partnarskapsperioden, men det har vore store utfordringar med framdrifta i arbeidet, og landet har foreløpig ikkje levert verifiserte utsleppsreduksjonar. Derfor har utbetalingane frå Noreg vore avgrensa til institusjons- og kapasitetsbygging.

I 2016 kom fleire viktige politiske vedtak i kjølvatnet av president Joko Widodos løfte under klimatoppmøtet i Paris i desember året før. Den varsla torvmyrforskrifta som beskyttar attverande intakt torvmyr mot framtidig drenering vart signert. Forskrifta har potensial til å gi utsleppsreduksjonar på milliardar av tonn over tid, både i form av reduserte utslepp frå dagens jordbrukspraksis og gjennom karbonbinding i rehabiliterte våtmarksområde. Indonesia etablerte òg eit eige torvmyrdirektorat, Peat Restoration Agency, i 2016. Formålet er å betre forvalting av torvmyrområde, restaurere allereie øydelagde torvmyrområde og å betre system for overvaking av skog- og torvmyrområde.

Presidentvedtaket om beskyttelse av torvmyr representerer eit betydeleg resultat i kategorien 'policy for berekraftig skog- og arealbruk i skogland', og opprettinga av direktoratet er eit resultat på milestolpen «effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk» i Klima- og skoginitiativets resultatrammeverk, sjå boks 7.3. Sub-nasjonale reguleringar for vern av torvmyr er utferda i fleire provinsar.

I 2016 vart det òg gitt instruks om lisensrevisjon av eksisterande hogstløyve. Ei rekkje provinsmyndigheiter ferdigstilte arealplanar som må godkjennast av nasjonale miljømyndigheiter.

Indonesia planlegg å opprette eit eige miljøfond som dei norske bidraga kan utbetalast til. I 2016 vart ei tverrdepartemental arbeidsgruppe for fondsdesign operativ og det vart oppretta eit ekspertpanel. Noreg har ein aktiv dialog med Indonesia om fondet. Prosessen er svært ressurs- og tidkrevjande, og det vil truleg framleis gå noko tid før eit slikt fond er operasjonelt.

Ved årsskiftet 2016/17 gav President Joko Widodo ni lokale urfolksgrupper i ulike delar av Indonesia formell rett til å forvalte skogen i sine område. Dette er første steg i retning av å innfri ein dom frå Grunnlovsdomstolen i Indonesia i 2013, etter pådrivararbeid mellom anna frå lokale organisasjonar som får støtte frå Klima- og skoginitiativets sivilsamfunnsløyving. Dette medverkar til å auke delen av land med avklarte rettsforhold og til inkluderande arealforvalting, og er dermed eit resultat under Klima- og skoginitiativets milestolpe 'betre styresett i skog- og arealforvaltinga'.

I 2016 hadde Noreg tett dialog med sivilsamfunnsaktørar som arbeider med urfolks rettar og betre handheving av lovene mot skogkriminalitet i Indonesia. Det var òg dialog med både sivilsamfunn og privat sektor om avskogingsfrie verdikjeder. Klima- og skoginitiativet har mellom anna støtta utgreiingsarbeid for å finne nye lønsame løysingar for privat sektor som ikkje går ut over av skogen. Indonesia deltek i Tropical Forest Alliance for å styrkje dette arbeidet, sjå avsnittet om privat sektor for meir om alliansen.

Noreg utbetalte til saman 375 mill. kroner til Indonesia i 2016. Av desse vart 230 mill. kroner kanalisert gjennom Verdsbanken for vidare støtte til det nyoppretta torvmyrdirektoratet og arbeidet med å restaurere torvmyr i sju provinsar.

Colombia

Colombias skogar dekkjer eit område på nesten 600 000 kvadratkilometer. Amazonas-bassenget utgjer omkring tre fjerdedelar av skogen. Totalt svarer dette til meir enn 1,5 gonger Noregs landareal. Ifølgje konvensjonen for biologisk mangfald finst rundt 10 pst. av verdas landbaserte arter i Colombia.

Om lag halvparten av Colombias klimagassutslepp kjem frå skog- og landbrukssektoren. Hovudårsaker til avskoginga er landbruk, hovudsakleg kvegdrift og kokaproduksjon, og ulovleg småskala gruvedrift, migrasjon og tømmeruttak.

Colombia har sett seg eit mål om å oppnå null netto avskoging i colombiansk Amazonas innan 2020, føresett at dei får internasjonal støtte. Under klimatoppmøtet i Paris inngjekk Noreg ein regnskogavtale med Colombia, Tyskland og Storbritannia. Noreg har lova å medverke med opptil 1,8 mrd. norske kroner fram til 2020. Av desse er 1,5 mrd. kroner reservert betaling for utsleppsreduksjonar, av dette 400 mill. kroner gjennom Tysklands REDD Early Movers Program.

I 2016 gjorde Noreg saman med Storbritannia og Tyskland den første resultatbaserte utbetalinga til Colombia for oppnådde utsleppsreduksjonar i Amazonas under REDD Early Movers-programmet. Dette vart markert samtidig som Amazonasvisjonen, myndigheitene sin tiltakspakke for å nå null netto avskoging i Amazonas innan 2020, vart lansert. Colombia er dermed det tredje landet som får betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog frå Klima- og skoginitiativet.

Colombias årlege avskogingsrapport for 2015, offentleggjort i august 2016, viste ein reduksjon i avskoginga nasjonalt på 12 pst. samanlikna med året før. Det vart òg rapportert om ein reduksjon i colombiansk Amazonas for tredje året på rad. Ifølgje den siste rapporten offentleggjort av Colombias Institutt for meteorologi og miljøstudiar (IDEAM), auka likevel avskoginga i Colombia frå 1240 km2 i 2015 til 1790 km2 i 2016. Dette er ei venta utvikling. Mange av områda med avskoging fell saman med områda der FARC har trekt seg ut.

Avskoginga auka i alle landets regionar, og nærare 40 pst. av avskoginga skjedde i colombiansk Amazonas. Ifølgje colombianske myndigheiter skuldast avskoginga i 2016 først og fremst ulovleg okkupering av land og landspekulering i venting på betre investeringsklima, infrastruktur og marknadstilgang som følgje av freden. Konvertering av skog til beitemark, handel med illegalt tømmer, ulovleg dyrking av koka og ulovleg gruvedrift har òg auka i fleire område.

Colombianske myndigheiter har vore førebudde på at trusselen mot regnskogen kunne auke med fredsprosessen. For å handtere situasjonen sette colombianske myndigheiter i løpet av 2016 i gang ei rekkje tiltak for å stoppe avskoginga. Desse inkluderer oppretting av spesialeiningar nasjonalt og regionalt som slår ned på ulovleg avskoging, tiltak for å fremje ein berekraftig landbruksøkonomi, tiltak for å stanse utvidinga av landbruket inn i skogsområdet, nye program for berekraftige inntektsalternativ og skogbevaring for lokalbefolkninga, nye fiskale verkemiddel (under dette karbonskatt), lov om betaling for økosystemtenester og reformer i arealplanlegging, inkludert tiltak for redusert avskoging i ulike sektorar som gruvedrift og vegbygging. Tiltaka er resultat på milestolpa «effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk» i Klima- og skoginitiativet sitt strategiske rammeverk, sjå boks 7.3.

I 2016 utbetalte Noreg 105 mill. kroner til Colombia gjennom Tysklands REDD Early Movers Program. Noreg betalte for om lag 2 mill. tonn reduserte klimagassutslepp på grunn av redusert avskoging i Amazonas i 2013 og 2014.

Peru

Peru er verdas fjerde største regnskogland med 693 807 km2 naturskog. Samanlikna med andre land i regionen har Peru hatt låg avskoging, men den er likevel betydeleg. Mellom 2001 og 2014 forsvann 16 531 km2 skog. Dette er eit område på størrelse med heile Hordaland fylke. I gjennomsnitt slepp Peru årleg ut 53 mill. tonn CO2, om lag like mykje som Noregs årlege klimagassutslepp, som eit direkte resultat av avskoginga. Avskoginga skuldast landbruk, ulovleg gullgraving og vegbygging. I tillegg kjem utslepp som følgje av degradering av skog. Ein viktig del av degraderinga skuldast ulovleg, ikkje berekraftig hogst.

I avtala som Peru, Tyskland og Noreg signerte i 2014 forpliktar Peru seg til å medverke til betydelege utsleppsreduksjonar frå avskoging og skogdegradering og til målretta og ambisiøse tiltak for å redusere avskoging. Dei sette vidare mål om å gjere skog- og landbrukssektoren klimanøytral innan 2021, og å anerkjenne urfolks krav til skogområde. Noreg lova å medverke med inntil 1,8 mrd. kroner innan 2020 dersom Peru leverer på sin del av avtala. Av midlane er 1,5 mrd. kroner reservert betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar.

Omtrent halvparten av Perus nasjonale klimagassutslepp kjem frå arealbruksendringar og då særleg avskoging. Peru har som mål å redusere nasjonale klimagassutslepp med 20 pst. innan 2030, eller 30 pst. innan 2030 gitt internasjonal finansiering.

I tillegg til å ratifisere Paris-avtala, vedtok Peru i 2016 ein nasjonal klima- og skogstrategi – eit resultat av eit breitt tversektorielt samarbeid og ein open og deltakande prosess. Dette utgjer eit resultat under Klima- og skoginitiativets milestolpe 'policy for berekraftig skog- og arealbruk i skogland', sjå boks 7.3.

For å betre det nasjonale systemet for skogovervaking, utarbeidde peruanske myndigheiter i 2016 eit varslingssystem for avskoging som gir varsel kvar 8. dag. Dette systemet kan lastast ned på ein applikasjon tilgjengeleg for alle. Systemet er eit resultat under milestolpa «system for måling, rapportering og verifisering av utslepp frå skog er etablert» i Klima- og skoginitiativet sitt resultatrammeverk. Kombinert med ei lov vedteken i 2016 om tiltak mot ulovleg hogst og handel med ulovleg tømmer, og ei lov som skjerpa strafferammene, har peruanske myndigheiter no gode verktøy for å overvake skogen og å slå ned på miljøkriminalitet. Dette førte til fleire pågripingar i 2016, blant anna av politimenn og tilsette i fylkesadministrasjonen. Peruanske myndigheiter gjekk òg ut og annonserte at dei ønsker å trappe opp kampen mot ulovleg hogst gjennom etablering av eit sporingssystem for tømmer. Ifølgje Verdsbanken er om lag 80 pst. av alt tømmer som blir eksportert frå Peru ulovleg.

I mai 2016 var tre reservat for frivillig isolerte urfolk på til saman 1500 km2 gradert opp til urfolksterritorium. Dette vil medverke til sterkare juridisk vern av områda. WWF i Peru fekk i 2016 støtte frå Klima- og skoginitiativet, og var ein viktig pådrivar i dette arbeidet. Det eksisterer i dag fem urfolksterritorium som dekkjer eit område på 28 000 km2. Regnskogen i territoria for frivillig isolerte urfolk har tilnærma inga avskoging. Å opprette urfolksterritorium er derfor eit viktig tiltak for å ta vare på regnskogen og samtidig beskytte nokre av verdas mest sårbare folkegrupper. Det representerer òg eit konkret resultat under Klima- og skoginitiativet sitt resultatrammeverk og indikator «delen av areal med avklarte, likeverdige rettsforhold, inkludert for urfolk og kvinner».

For å markere Perus gode resultat vart det i 2016 inngått ein avtale med UNDP på 50 mill. kroner. Pengane skal nyttast til å styrkje urfolks landrettar, auke innsatsen mot ulovleg hogst og betre arealbruken i Amazonas.

Til trass for mange viktige tiltak, er hovudutfordringa å redusere avskoginga. I 2015 var avskoginga på omtrent 1 560 km2. Samanlikna med 2014 var dette ein nedgang på 11 pst. Avskoginga var likevel betydelig høgare enn det historiske gjennomsnittet i perioden 2001 til 2014. Avskoginga var på eit tilsvarande nivå også i 2016, blant anna på grunn av ei rekkje skogbrannar.

I 2016 vart det utbetalt 55,5 mill. kroner til Peru. Midlane vart kanaliserte gjennom UNDP og WWF.

Kongobassenget

I Kongobassenget finst verdas nest største regnskog etter Amazonas. Kongobassenget omfattar Den demokratiske republikken Kongo (DRK), Republikken Kongo, Kamerun, Gabon, Ekvatorial-Guinea og Den Sentral-afrikanske Republikken. Avskoginga i Kongobassenget har historisk vore relativt låg, men er no sterkt aukande. Både delen skog og avskogingsraten er høgst i DRK. Her er svedjejordbruk den viktigaste årsaka til avskoging, etterfølgt av produksjon av trekol rundt dei største byane. Ulovleg hogst er også ei medverkande årsak til avskoging. Sterk befolkningsvekst og fattigdom er viktigaste underliggjande årsaker.

Landa i regionen har store utfordringar. Mange lever i fattigdom, styresettet er svakt og offentlege institusjonar manglar kapasitet. I tillegg er enkelte av landa ramma av konflikt.

Støtte til Kongobassenget frå Klima- og skoginitiativet vart fram til 2015 hovudsakleg kanalisert gjennom Congo Basin Forest Fund (CBFF), USAID-programmet CARPE, og FN-organisasjonar og Verdsbanken.

Etter norsk initiativ vart fleirgivarfondet Central African Forest Initaitive (CAFI) lansert i 2015, og i april 2016 inngitt CAFI ei intensjonsavtale med DRK om støtte til landets nasjonale REDD+ fond (FONAREDD). Både CAFI-fondet og FONAREDD er forvalta av FN. Fondets styre godkjente i 2016 dei fire første programma med CAFI-finansiering. I tillegg til representantar for sivilt samfunn, privat sektor og givarar er seks ministrar representert i fondets styre, med finansministeren som styreleiar. Vedtak blir fatta samrøystes, og alle program blir implementerte av FN-organisasjonar og Verdsbanken, og bilaterale givarar. Fondet er innretta på å handtere finansiell risiko og sikre solid og resultatorientert finansforvalting. Modalitetane rundt finansforvalting og rapportering er basert på mest mogleg transparens og kontroll over pengeflyten, i tråd med Noregs nulltoleranse for korrupsjon og økonomisk misleghald.

Alle mottakarar av pengar frå CAFI må informere om korleis sikringsmekanismar er adresserte og respekterte. Sikringsmekanismane skal sikra berekrafta i tiltak for å redusere utslepp frå skog; mellom anna gjennom at tiltaka er i tråd med nasjonale prioriteringar elles, at urfolks og andre skogfolks rettar er ivaretekne og at biomangfaldet blir halde ved lag.

Støtta frå CAFI går til både politikkutvikling og sektorreform, og også til såkalla integrerte provinsprogram som tek sikte på å medverke til utsleppsreduksjonar, jf. Klima- og skoginitiativet sitt strategiske rammerverk og milestolpar om å høvesvis utvikle og gjennomføre policy for berekraftig skog- og arealbruk, sjå boks 7.3. Programma skal vurderast etter fleire kriterium, deriblant ivaretaking av naturskog.

I tillegg til DRK har Republikken Kongo, Ekvatorial Guinea, Kamerun og Den sentralafrikanske republikk fått mindre tilskot frå CAFI til å utarbeide nasjonale investeringsplanar for REDD+.

CBFF vart lansert i 2008. Fondet hatt ei rekkje operasjonelle utfordringar, og det norske engasjementet i CBFF er under avvikling. Ei evaluering som begynte i 2016 vil trekkje ut dei mest relevante lærdommane frå samarbeidet. Evalueringsavdelinga i Norad har medverka i referansegruppa på vegner av givarane.

Programmet CARPE opererer i sju store landområde i DRK og eitt i Republikken Kongo. I 2016 støtta programmet etableringa og implementeringa av lokale arealbruksplanar gjennom deltakande prosessar og planane vil blant anna danne utgangspunkt for pilotar for lokalsamfunnsbasert skogforvalting. Programmet har på denne måten medverka til Klima- og skoginitiativets milestolpar «effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk» og «betre styresett i skog- og arealforvalting». USAID anslår, basert på ein modell utarbeidd i samarbeid med Winrock International, at programmet har medverka til å unngå CO2-utslepp på ca. 14,5 mill. tonn.

For å auke nærværet til Klima- og skoginitiativet i regionen, vart ambassadeseksjonen i Kinshasa styrka med ein spesialutsending for klima og skog hausten 2016.

I 2016 utbetalte Noreg gjennom Klima- og skoginitiativet totalt om lag 360 mill. kroner til regionen, hovudsakeleg kanalisert gjennom CAFI og i nokon grad CARPE.

Etiopia

Etiopias landareal er over ein million kvadratkilometer, som omtrent svarer til størrelsen på Frankrike og Spania til saman. Det bur om lag 100 mill. menneske i landet. Til trass for ein årleg økonomisk vekst på over 10 pst. dei siste åra, er Etiopia framleis eitt av verdas fattigaste land.

Etiopia har både savanneskog og annan naturskog. I skogane finst ei rekkje endemiske plante- og dyrearter, og dei fungerer også som naturlege vasstårn for våtmarker og elvesystem som forsyner millionar av etiopiarar med straum, drikkevatn og kunstig vatning til jordbruk. Skogane sikrar dessutan lokalt mikroklima, dei forsyner landsbyar med bioenergi og medverkar til å binde jordsmonn der det blir dyrka mat.

Etiopia har utarbeidd ein strategi for grøn økonomisk utvikling (Climate Resilient Green Economy (CRGE) Strategy). Landet tek sikte på å nå status som mellominntektsland innan 2025 utan at utsleppa av klimagassar aukar. For å oppnå dette planlegg landet å unngå drivhusgassutslepp på 255 mill. tonn CO2 innan 2030, samanlikna med dagens utsleppsprognosar. Halvparten av utsleppa skal unngåast ved å beskytte og restaurere skog. Etiopia viser slik korleis skogbevaring og auka opptak av karbon i skog kan vere ein del av ein plan for økonomisk vekst. Dette gjer landet til eit eksempel for andre utviklingsland.

I august 2013 signerte Noreg og Etiopia ei avtale om gjennomføring av nasjonale planar for REDD+ for perioden 2013–2020. Gjennom å støtte Etiopias CRGE-strategi ønsker Noreg å medverke til at dei lykkast med både å beskytte landets attverande naturskog, og å auke det eksisterande skogdekket.

I 2016 vart resultata frå den første fasen av samarbeidet formelt godkjent av norske myndigheiter. Desse inkluderte blant anna eit endeleg utkast til nasjonal REDD+-strategi, utarbeiding av eit nasjonalt institusjonelt rammeverk for REDD+, oppretting av ei eining for måling, rapportering og verifisering (MRV) av klimagassutslepp frå skog, innlevering av eit nasjonalt referansenivå for skog til FNs klimakonvensjon og utarbeiding av diverse instrument for å sikre at sosiale og miljømessige omsyn blir tekne vare på i REDD-arbeidet. Dette arbeidet representerer konkrete resultat under Klima- og skoginitiativets resultat rammeverk på milestolpar om «policy for berekraftig skog- og arealbruk i skogland» og «betre styresett i skog- og arealforvalting», sjå boks 7.3.

I april 2016 fekk Noreg eit utkast til ein investeringsplan for den neste fasen i samarbeidet. Etiopiske myndigheiter arbeidde gjennom andre halvdel av året med å vidareutvikle utkastet, med betrakteleg bistand frå konsulentar finansiert av Noreg. Denne planen vil utgjere grunnlaget for samarbeidet og norske bidrag i åra framover.

Noreg støttar Verdsbankens program for berekraftige skoglandskap (BioCarbon Fund Initiative for Sustainable Forest Landscape), som samarbeider med Etiopia om å redusere utslepp og skape nye inntekter frå skogen i regionen Oromia. Regionen er på storleik med Noreg og har 30 mill. innbyggjarar. Planlegginga av programmet vart så godt som ferdigstilt i 2016.

I 2016 inngikk Noreg ei avtale med sivilsamfunnsorganisasjonen Farm Africa. Støtta skal gå til å vidareføre deira arbeid med lokalsamfunn i Bale-regionen om berekraftig og deltakande skogforvalting. Det vart òg gitt støtte til Wondo Genet College of Forestry under universitetet i Hawassa og Environment and Climate Research Center under Ehiopian Development Research Institute. Midlane skal nyttast til høvesvis å byggje kapasitet på MRV i skog, landbruks- og energisektoren – og på å implementere Etiopias grøne utviklingsstrategi.

Noreg utbetalte i 2016 til saman om lag 38 mill. kroner til Etiopia gjennom Klima- og skoginitiativet.

Liberia

Det samla skogarealet i Liberia er på størrelse med Danmark og utgjer omtrent 40 pst. av den attverande vestafrikanske regnskogen. Bevaring av desse skogane vil vere avgjerande for det uerstattelege naturmangfaldet, samtidig som det vil gi store klimagevinstar. Til trass for store naturressursar, er Liberia eitt av verdas fattigaste land. Landet har eit prekært behov for økonomisk vekst og velferdsutvikling.

I 2014 inngjekk Noreg og Liberia ei avtale om bevaring av Liberias tropiske skog. Noreg skal blant anna medverke til betre forvalting av skogen og grøn vekst i landet gjennom utvikling av landbruk utan avskoging. Støtta skal medverke til kamp mot fattigdom, redusert avskoging og mindre utslepp av klimagassar. Fram til 2020 skal Noreg betale Liberia opp til 1 mrd. kroner, avhengig av resultata Liberia oppnår.

Liberia har store utfordringar med fattigdom, infrastruktur og offentleg forvalting. Akutte sosiale og økonomiske behov gjer det vanskeleg for myndigheitene å prioritere ressursar til styrking av statsadministrasjon og langsiktig skogforvalting. I 2016 betalte derfor Noreg 40 mill. kroner i budsjettstøtte for å gi myndigheitene handlingsrom til å oppretthalde forvaltingskapasiteten.

Til trass for den krevjande situasjonen har Liberia teke ei rekkje grep for å få kontroll over den industrielle tømmerhogsten og styrkje skogforvaltinga. Myndigheitene har stansa tildelinga av industrielle hogstkonsesjonar og arbeider med å sikre at alt tømmer som blir hogge industrielt kan sporast. I 2016 starta dei også prosessen med å engasjere ein uavhengig tredjepart til å gjennomgå eksisterande hogstkonsesjonar.

Eit større program for å styrkje skogforvalting og stimulere berekraftig økonomisk aktivitet i dei største skoglandskapa er utvikla i samarbeid med Verdsbanken. Prosjektet vil spesielt medverke til å betre forvaltinga av verdifulle verneområde og styrkje reformprosessen i skogforvaltinga. Denne går blant anna ut på å overføre formelle forvaltingsrettar til menneska som har sitt tradisjonelle levevis i og ved skogen. Prosjektet vart formelt starta opp i 2016. Prosjektet er eit resultat under milestolpa «effektiv gjennomføring av ny policy for berekraftig skog- og arealbruk» i Klima- og skoginitiativets strategiske rammeverk, sjå boks 7.3.

Det er utdelt store palmeoljekonsesjonar i Liberia, som potensielt kan medverke betydeleg til sysselsetjing og økonomisk utvikling. Samtidig er det store naturskogar og ei samansett befolkning i konsesjonsområda. I mars 2016 vart eit prosjekt for inkluderande og avskogingsfri produksjon av palmeolje lansert i Monrovia. Gjennom prosjektet vil store palmeoljeselskap som har forplikta seg til avskogingsfri produksjon samarbeide med lokalbefolkning og myndigheiter om å utvikle delar av konsesjonsområda for lokalt eigarskap og drift, samtidig som viktige skogområde blir bevarte. Klima- og skoginitiativet støttar prosjektet.

103 mill. kroner vart utbetalt til Liberia i 2016. Av desse vart 40 mill. utbetalt som budsjettstøtte, mens 63 mill. er avsett til prosjektet i regi av Verdsbanken.

Guyana

Guyanas 185 000 km2 med skog dekkjer eit område fire gonger så stort som Danmark. Guyana høyrer til ei anna geologisk sone enn Amazonasbassenget og har nokre av verdas best bevarte regnskogsområde. Avskoginga i Guyana er svært låg både i regional og global samanheng.

Målet for samarbeidet mellom Guyana og Noreg er at avskoginga skal halde fram med å vere låg. Samarbeidet med Guyana er dessutan viktig for å ta vare på eit rikt naturmangfald og for å medverke til berekraftig utvikling for menneska i landet. Betra styresett i Guyanas skogsektor er også eit viktig mål for samarbeidet. Guyanas klimagassutslepp kjem hovudsakleg frå utslepp frå energisektoren. Det er risiko for at desse vil auke framover. Utvikling av rein og fornybar energi er derfor ein viktig pilar i partnarskapet.

Hittil har Noreg utbetalt i underkant av 400 mill. kroner til eit fond i Verdsbanken (Guyana REDD+ Investment Fund – GRIF) som går til å gjennomføre prosjekt i tråd med landets grøne utviklingsstrategi. Gjennom prosjekta har fleire små og mellomstore klimavennlege bedrifter fått høve til å starte opp både i byane og i urfolksområde. Klimatilpassingstiltak er òg sett i gang. Avtala med Verdsbanken om GRIF vart i 2016 forlenga med fem nye år, ut 2021.

Den førre regjeringa i Guyana ønska å utvikle eit vasskraftverk i fossen Amaila Falls for å erstatte ein stor del av landets utslepp frå fossile kjelder. Noreg inngjekk derfor ei avtale med Den interamerikanske utviklingsbanken om å støtte utbygginga av vasskraftverket med 590 mill. kroner. Den noverande regjeringa vurderer om den ønskjer å byggje ut dette vasskraftverket, satse på andre vasskraftverk i kombinasjon med sol og vindkraft eller andre energikjelder. Noreg støtta i 2016 ein gjennomgang av det planlagde Amaila Falls-vasskraftverket gjort av konsulentselskapet Norconsult. Gjennomgangen viste at Amaila Falls framleis er det beste alternativet for å vesentleg redusere utslepp frå fossile kjelder, men også at det må gjerast nokre grep for å betre prosjektet. Avtala med Den interamerikanske utviklingsbanken vart i 2016 forlenga med tre år, ut 2019. Utbygging av vasskraftverket i Amaila Falls er på vent og det norske bidraget vil ikkje bli teke i bruk før Guyana har levert ein truverdig plan for korleis landet kan nå sine mål om nær 100 pst. rein og fornybar energi innan 2025.

Guyana Forestry Commission (GFC) er ansvarleg for overvaking av skogane i landet. I løpet av relativt kort tid har GFC utvikla eit av dei beste systema for skogovervaking i tropane. Dei siste tala tilgjengeleg frå kommisjonen er resultata for avskoging i 2014. Tala viste at Guyana hadde ei avskoging på 0,65 promille. Det er omtrent det same som året før.

I 2016 utbetalte Noreg gjennom Klima- og skoginitiativet ca. 11,7 mill. kroner til Guyana i hovudsak som støtte til Guyanas forhandlingar med EU om korleis landet skal sikre at all tømmereksport er basert på lovleg hogd tømmer. I tillegg innleia Klima- og skoginitiativet et samarbeid med tre sivilsamfunnsorganisasjonar som er aktive i Guyana over støtteordninga for sivile samfunnsorganisasjonar. Samarbeida har som mål å redusere avskoging som skuldast gruvedrift, sikre urfolks rettar til tradisjonelle skogområde og styrkje deira rolle i skogforvaltinga.

Vietnam

Vietnam har svært variert topografi, klima og jordsmonn, med ei lang kystlinje, regnskog, høgareliggjande tempererte område og fjell, og store elvedelta i nord og sør. Mekongregionen, som landet utgjer ein del av, er blant områda i verda med størst mangfald av sjeldne dyre- og plantearter.

Mellom 1943 og 1990 vart skogdekket i Vietnam redusert frå 43 til 27 pst. som følgje av krig og folkeauke. Sjølv om det totale skogdekket igjen har auka til meir enn 40 pst. som følje av omfattande skogplanting, har avskoging og skogdegradering i attverande naturskog halde fram. Dette skuldast blant anna konvertering til kommersielt plantasjejordbruk og tømmerplantasjar. Intakt naturskog utgjer no mindre enn ein pst. av skogane i landet.

Noreg har sidan 2012 hatt ei klima- og skogavtale med Vietnam gjennom UN-REDD. Avtala omfattar totalt støtte på 180 mill. kroner til Vietnams førebuande arbeid for å redusere klimagassutslepp frå avskoging. Implementering av samarbeidet har vore utfordrande og prega av svak framdrift.

I løpet av 2016 var det likevel god framgang i programmet. Spesielt gjeld dette arbeidet knytt til nasjonal policyutvikling, måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå skog, og implementering av REDD+ på lokalt nivå. Eit av dei viktigaste resultata i 2016 var utarbeiding av ein revidert nasjonal handlingsplan for REDD+ fram til 2020. Arbeidet representerer eit betydeleg resultat under Klima- og skoginitiativets indikator «dokumenterte endringar i lover, forskrifter og policyutforming», under milestolpa «policy for berekraftig skog- og arealbruk i skogland» i klima- og skoginitiativet sitt strategiske rammerverk, sjå boks 7.3. Handlingsplanen er utarbeidd i tett samarbeid mellom ulike myndigheiter og legg eit klart ansvar for gjennomføring på ei rekkje aktørar også utanfor skogsektoren, ettersom jordbruk, infrastruktur og gruvedrift utgjer viktige drivkrefter bak avskoging. For at handlingsplanen skal føre til reelle endringar i skog- og arealbruk må likevel vietnamesiske myndigheiter mobilisere naudsynte økonomiske ressursar og effektivt involvere privat sektor og lokalsamfunn i gjennomføringa.

Vietnamesiske myndigheiter gjorde i 2016 framsteg i arbeidet med å identifisere gap i lovverket, policy og reguleringar med sikte på å etablere eit system for å rapportere på sikringsmekanismar til FNs klimakonvensjon. Sikringsmekanismane skal syte for transparens i forvalting av skog, at etniske minoritetar ikkje blir skadelidande som følgje av tiltak for å redusere utslepp og auke opptak av karbon i skog, og at naturskog og biologisk mangfald ikkje blir ytterlegare redusert. UN-REDD støtta i 2016 opprettinga av eit nettverk for involvering av etniske minoritetar i REDD+, og vidareførte forsøk med lokal forvalting av naturressursar. Dette arbeidet medverkar med resultat opp mot Klima- og skoginitiativets milestolpe 'betre styresett i skog- og arealforvalting'. Sjølv om klima- og skogsamarbeidet har gitt auka rom for deltaking av sivilsamfunn og minoritetsgrupper, er sivilsamfunn framleis strengt kontrollert og har liten innverknad på avgjersler om skog- og arealbruk i Vietnam.

Vietnams treforedlingsindustri er blant verdas største, men importerer ein stor del av råvarene. Reduksjon av illegal hogst og handel med tømmer i Mekongregionen er derfor eit viktig element i klima- og skogsamarbeidet med Vietnam. I 2016 konkluderte Vietnam og EU forhandlingane om ei avtale som skal sikre at berre lovleg importerte og produserte tømmer- og treprodukt blir eksporterte til EU. Avtala er eit viktig resultat under Klima- og skoginitiativets milestolpe 'policy for berekraftig skog- og arealbruk i skogland'. UN-REDD har i 2016 medverka til forhandlingane gjennom utvikling av eit system for sporing for å sikre at tømmeret er lovleg.

Ved utgangen av 2016 hadde UN-REDD sitt Vietnam-program gjort framsteg mot å oppnå målsetjingane om å byggje nasjonal kapasitet for å redusere klimagassutslepp frå avskoging. Vietnam vil i løpet av 2017 vere godt posisjonert for å tiltrekkje seg resultatbasert støtte frå multilaterale kjelder, som for eksempel Verdsbanken eller Det grøne klimafondet. Samarbeidet med Noreg vil bli gradvis redusert i 2017 og 2018.

Klima- og skoginitiativet utbetalte til saman 35 mill. kroner til Vietnam i 2016. Pengane vart kanaliserte gjennom UN-REDD-programmet.

Tanzania

Rundt halvparten av Tanzanias samla areal er dekt av skog. Landet har stor variasjon av skogtypar, frå regnskog til tørr savanneskog.

Tanzania har høg avskoging. Nokre av dei viktigaste årsakene til dette er produksjon av trekol, rydding av skogen for å skaffe nytt jordbruksareal og bruk av ved til matlaging. Berre 15 pst. av befolkninga har tilgang til straum.

I april 2008 underteikna Noreg og Tanzania ei intensjonsavtale om samarbeid for å redusere avskoginga i landet. Noreg lova å støtte landet med inntil 500 mill. kroner over fem år. Igangsetjing av REDD+ i Tanzania tok betydeleg lenger tid enn venta. Den politiske støtta til arbeidet med REDD+ i landet vart svakare etter endringar i regjeringa i 2009. Etter at president Magufuli kom til makta i slutten av 2015 er klima framleis lågt prioritert av Tanzanias myndigheiter, sjølv om klima er spesifisert som eitt av fire prioriterte område. Samarbeidet med Tanzania har derfor blitt skalert kraftig ned dei siste åra.

Eit norskstøtta senter, National Carbon Monitoring Centre (NCMC), vart lansert i 2016. Senteret har fagleg støtte frå norske NIBIO og har blant anna levert Tanzanias referansenivå for skog (FREL) til Klimakonvensjonen. Når dette er verifisert vil det representere eit resultat under Klima- og skoginitiativets indikator «delen av skog med referansenivå utvikla og verifisert», under milestolpa «system for måling, rapportering og verifisering av utslepp frå skog er etablert», sjå boks 7.3. NCMC har vidare potensial til å få fram sårt tiltrengt kunnskap om REDD+ til avgjerdstakarar i landet og dermed vere ein pådrivar for å få REDD+ høgare på dagsordenen.

I 2016 støtta Noreg også Forestry Training Institute (FTI). Instituttet medverkar til å auke kunnskapen om REDD+ gjennom yrkesutdanning på skogområdet.

Til saman utbetalte Noreg litt under 15 mill. kroner til Tanzania i 2016.

Støtte til sivilt samfunn og kunnskapsproduksjon og formidling

Sivilsamfunnet er viktige aktørar i arbeidet for redusert avskoging. Sidan 2009 har Klima- og skoginitiativet hatt ei eiga tilskotsutlysing for tilskot til sivile samfunnsorganisasjonar. I 2016 inngjekk Norad 37 avtaler med sivilsamfunnsorganisasjonar for å vidareføre dette arbeidet. Det er utarbeida spesifikke mål for resultat av tilskotsordninga til sivilt samfunn i perioden 2016 – 2020:

  • At insentiv for å oppnå REDD+-tiltak har blitt etablerte gjennom eit nytt internasjonalt klimaregime og/eller andre finansieringskanalar for klima-, miljø- og utvikling.

  • At myndigheitene i prioriterte utviklingsland har implementert REDD+-relatert politikk, tiltak og sikringsmekanismar, som eksempelvis politikk for grøn vekst, berekraftige inntektskjelder, arealplanlegging, urfolk og lokalsamfunns rettar og kvinners rettar.

  • At private aktørar har implementert sosiale og miljømessige retningslinjer og rutinar som reduserer presset på skog, og dei private aktørane er engasjerte i globale offentleg-private partnarskap for å redusere avskoging.

Dei utvalde prosjekta er dei som venteleg best kan medverke til å nå desse måla, og porteføljen er inndelt i fire kategoriar som er spesielt viktige for å nå måla for ordninga: Internasjonal konsensus om REDD+, urfolks og skogavhengige folks rettar, avskogingsfrie forsyningskjeder og kamp mot skogkriminalitet. Då 2016 var prosjektperiodens første år, er det tidleg å rapportere på resultat. Likevel har det skjedd framsteg i 2016. Ti sivilsamfunnsorganisasjonar arbeider med å styrkje urfolk og andre skogavhengige folks rettar, noko som bidrar til resultat under milestolpa «betre styresett i gjennomføringa av skog- og arealforvalting» i Klima- og skoginitiativet sitt strategiske rammeverk, sjå boks 7.3. I Indonesia medverka fleire til at President Joko Widodo for første gongen anerkjente at delar av landets regnskog høyrer til dei tradisjonelle folkegruppene som lever der. Sjølv om omfanget er noko avgrensa, er symbolverdien svært viktig.

Ni organisasjonar arbeider med avskogingsfrie verdikjeder i næringslivet. Minst fem direkte og indirekte tilskotsmottakarar har på ulikt vis medverka i den brasilianske delstaten Mato Grossos strategiarbeid for å redusere utslepp frå avskoging med 90 pst. innan 2030. Dette bidrar til resultat under milestolpa «privat sektor arbeider mot avskoging» i Klima- og skoginitiativets strategiske rammeverk.

Åtte organisasjonar arbeider med handheving av lovverk for skogforvalting. Ein av desse avdekka ulovleg hogst og eksport av tømmer frå Peru til USA. Lastene vart til slutt beslaglagt av amerikanske myndigheiter. Peru kunngjorde i 2016 at dei skal skjerpe kontrollen av ulovleg hogst og tømmerhandel.

Fem organisasjonar arbeider for internasjonal konsensus om REDD+. I 2016 har organisasjonane halde fram med sitt arbeid opp mot klimaforhandlingane i utforminga av regelverket og implementeringa dei nasjonale målsetjingane, for å medverke til at Paris-avtala blir eit effektivt verkemiddel for utsleppsreduksjonar frå skog.

I juni 2016 blei det tredje Oslo REDD Exchange gjennomført. Meir enn 500 deltakarar møttest i Oslo for å utveksle erfaringar og lære av kvarandre i arbeidet for berekraftig grøn utvikling og reduserte utslepp frå skog. Sivile samfunnsorganisasjonar, urfolksrepresentantar og miljø- og klimaministrar frå fleire av Klima- og skoginitiativet sine samarbeidsland var til stades, og statsminister Erna Solberg og påtroppande UNEP-leiar Erik Solheim opna konferansen.

Klima- og skoginitiativet støttar tre internasjonale organisasjonar med fokus på kunnskapsproduksjon og -formidling innan klima og skog. Arbeidet har mål om formidling av forsking, vitskapelege artiklar, presseartiklar og produksjon av kunnskapsbaserte tv-program for å auke medvitet rundt tematikken klima og skog.

I 2016 utbetalte Klima- og skoginitiativet ca. 267 mill. kroner i støtte til sivilsamfunn og ca. 25 mill. kroner til kunnskapsproduksjon og -formidling.

Multilaterale satsingar

Noreg har over fleire år gitt støtte til ulike multilaterale program gjennom FNs klima- og skogprogram (UN-REDD) og Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility (FCPF), og har medverka aktivt i utforminga av programma sin policy og gjennomføring. Totalt deltek meir enn 60 skogland i desse initiativa. Noreg har òg sidan 2013 støtta Initiative for Sustainable Forest Landscape (IFSL) under Verdsbanken. Initiativet har til hensikt å prøve ut ei landskapstilnærming med fokus på klimasmart landbruk og bevaring av naturskog i tropiske skogland. Det er viktig for Noreg at også innsats gjennom multilaterale kanalar har eit nasjonalt fokus, og er retta mot å gi insentiv for varige nasjonale reformer i tråd med Klima- og skoginitiativet sin strategi. Organisasjonane skal hjelpe skoglanda til å setje i verk inkluderande prosessar, styrking av urfolks og andre skogfolks rettar, likestilling og ivaretaking av biologisk mangfald.

Etter ei avklaring rundt UN-REDDs økonomiske situasjon vart landprogram for Chile, Peru og Myanmar godkjende tidleg i 2016. I tråd med norske ønskjer vil UN-REDD framover konsentrere seg om færre skogland, som samtidig har vist politisk handlekraft til å gjennomføre REDD+.

I 2016 var seks av UN-REDDs partnarland nær ved å ferdigstille sine system for rapportering på sikringsmekanismar (SIS) til FNs klimakonvensjon. Eitt av desse var Mexico. I tillegg kom Colombia, Vietnam og Sri Lanka langt med å ferdigstille første rapportering, og Ecuador har allereie levert. Generelt er rolla til UN-REDD å rettleie landa med i utforme slike system, og syte for at landa kan lære av kvarandre. Dette er resultat under milestolpa «effektive sikringsmekanismar innarbeidde i finansierings-institusjonar for REDD+» og «betre styresett», i Klima- og skoginitiativets resultatrammeverk, sjå boks 7.3.

Av dei 25 landa som har målt og innrapportert sitt skogdekke (referansenivå) til Klimakonvensjonen, har 70 pst. fått støtte frå UN-REDD. Gjennom støtta får landa høve til å lære av og gi tilbakemelding til andre land, teknisk støtte til å forstå og følgje regelverket for rapportering og sende forslaga ut på opne høyringsrundar. Honduras, Nepal og Papua Ny Guinea er blant landa som leverte sine referansenivå i 2016. Samla vil desse tiltaka medverke til betre system for måling, rapportering og verifisering av utslepp frå skog, som er ein viktig milestolpe i Klima- og skoginitiativets resultatrammeverk.

I FCPF sitt Readinessfond har 22 av 45 tropiske skogland ferdigstilt midtvegsrapportar for førebuande arbeid for å utvikle nasjonale planar og system for REDD+. Åtte land har allereie ferdigstilt arbeidet.

I 2016 bestemte styret i FCPFs Karbonfond anten å vedta, eller vedta med vilkår, dei første programma for reduksjon av utslepp. DR Kongo, Costa Rica, Mexico og Chile vart alle valt inn i fondets investeringsportefølje og førebur seg til å skrive under på kjøpskontraktar med fondet. Til saman vil desse programma potensielt levere utsleppsreduksjonar inntil 71 mill. tonn over ein femårsperiode. Dette er ein viktig milestolpe i arbeidet opp mot Klima- og skoginitiativets mål om å medverke til utsleppsreduksjonar.

ISFL består av to hovudelement; eit støttefond (BioCarbon Fund Plus) og eit fond for resultatbaserte utbetalingar (Tranche 3). I 2016 ferdigstilte BioCarbon-fondet programdesign i alle tre godkjente land, Colombia, Etiopia og Zambia. I 2016 vart ein milestolpe nådd då Nespresso saman med BioCarbon-fondet signerte ei avtale med International Finance Corporation (IFC) under Verdsbankgruppa om korleis meir enn 60 000 etiopiske kaffibønder kan medverke til auka kaffiproduksjon med betre kvalitet, utan at dette fører til auka avskoging eller skogdegradering.

Noreg utbetalte 100 mill. kroner til multilaterale satsingar i 2016 gjennom Klima- og skoginitiativet.

Samarbeid med privat sektor

For å nå målet om å redusere avskoging i tropiske skogland må råvareprodusentar og næringsliv vere medspelarar. Landa sine mål om økonomisk vekst må nås utan at skogen forsvinn. Dette kan gjerast gjennom effektivisert landbruk, god skogforvalting og samarbeid med selskapa som produserer råvarene. Dei siste åra har mange store selskap engasjert seg i kampen mot avskoging. I følge ein rapport frå organisasjonen Climate Focus som vart lansert i 2016, har meir enn 400 selskap påteke seg forpliktingar om å gjere forsyningskjedene sine avskogingsfrie sidan signeringa av New York Declaration on Forests i 2014. Mange av desse er i ferd med å gjennomføre konkrete tiltak.

I samarbeid med den nederlandske organisasjonen The Sustainable Trade Initiative (IDH) er det sett i gang arbeid for å utvikle innovative modellar for offentleg-privat samarbeid for å oppnå avskogingsfrie forsyningskjeder. IDHs arbeid skal føre til framgang på milestolpen knytt til «privat sektor arbeider mot avskoging» i Klima- og skoginitiativets strategiske rammeverk, sjå boks 7.3. Meir konkret går arbeidet ut på å fremje samarbeid mellom myndigheiter, lokalbefolkning og privat sektor for utvikling av avskogingsfritt jordbruk. IDH arbeider i utvalte landskap i Brasil, Indonesia og Liberia. Det vart i 2016 òg brukt ressursar på å utvikle eit fond som skal redusere risiko for private investorar som ønskjer å investere i inkluderande og avskogingsfri landbruksproduksjon.

Noreg er ein aktiv deltakar i Tropical Forest Alliance (TFA), som er eit privat-offentleg samarbeid for å innføre avskogingsfrie verdikjeder for palmeolje, papirmasse, soya og biff innan 2020. Alliansen høyrer til under World Economic Forum-paraplyen og består av deltakarar frå skogland, givarland, privat sektor og sivilsamfunn, inkludert urfolk. Alliansens fortrinn er at den samlar ulike samarbeid på tvers av aktørar og sektorar rundt felles målsetjingar. Den produserer kunnskap om korleis privat sektor kan bli avskogingsfri, respektere skogfolks rettar og bevare naturskog, samtidig som skoglanda oppnår økonomisk vekst og fattigdomsreduksjon. Slik kan alliansen hjelpe skogland å oppfylle fleire berekraftsmål for utvikling.

TFA utformar skreddarsydde tiltak i dei tre store tropiske skogregionane. I 2016 vart Marrakech-erklæringa for avskogingsfri palmeolje i Vest- og Sentral-Afrika underteikna av sju land med aktiv norsk støtte. Dette medverkar til Klima- og skoginitiativets milestolpe «policy for berekraftig skog og arealbruk». Det blir no utforma nasjonale handlingsplanar for oppfølging av erklæringa. TFA samla ei rekkje ulike aktørar til sin generalforsamling i Indonesia i mars 2016 og styrkte sitt arbeidet for å hjelpe småbønder i omlegging til avskogingsfri palmeolje. I Brasil har alliansens arbeid vore knytt opp mot den nasjonale koalisjonen av næringsliv og sivilsamfunn som arbeider for null avskoging og ein lovleg skogsektor, og til delstatar som ønskjer internasjonal støtte for å kunne bli avskogingsfrie. Alliansen innleia i 2016 dialog med Colombia om støtte til ei plattform for privat-offentleg samarbeid.

I 2016 utbetalte Klima- og skoginitiativet om lag 45 mill. kroner til IDH og TFA for arbeid knytt til privat sektor og redusert avskoging.

Fremje skogbevaring gjennom grøn vekst-porteføljar

Ei av hovudprioriteringane for Klima- og skoginitiativet er auka satsing på tiltak som medverkar til å redusere klimagassutslepp og berekraftig utvikling gjennom blant anna betra styresett i skog- og arealforvaltinga. Utvikling av planar for grøn vekst med sektorvise politiske verkemiddel, legg til rette for ei økonomisk utvikling som på sikt kan redusere klimagassutslepp og fattigdom.

I 2016 vidareførte Klima- og skoginitiativet støtta til Den globale kommisjonen for økonomi og klima og deira flaggskipprosjekt New Climate Economy. New Climate Economy-prosjektet utviklar kunnskap om og modellar for korleis økonomisk vekst kan skje på ein måte som samtidig er berekraftig og klimavennleg. Prosjektet leverte blant anna rapporten Better Growth, Better Climate i 2014, som skapte ein global debatt om vekst og klima som overlappande heller enn konkurrerande agendaer. I 2016 lanserte kommisjonen rapporten Financing for Better Growth and Development, som peiker ut berekraftig infrastruktur som nøkkelen til å oppnå økonomisk vekst, til å nå berekraftmåla og til å redusere klimarisiko i tråd med klimaavtala som vart inngått i Paris i 2015.

Global Green Growth Institute (GGGI) medverkar til å etablere rammevilkår som vil ha stor betyding for kor varige dei endringane vil bli som innsatsen for REDD+ skaper. GGGI bistår myndigheiter med å utvikle planar og strategiar for utsleppsreduksjonar og betre klimatilpassing innan energi, byutvikling, vassressursforvalting og arealforvalting. I 2016 gjennomførte GGGI aktiviteter innan 34 prosjekt fordelt på 24 land. Eit eksempel er GGGIs støtte til Indonesias planleggingsdepartement og fem provinsar til utvikling av spesielle økonomiske soner, meir berekraftig landbruk og til å formulere provinsplanar som kan gi auka klimafinansiering dersom provinsane oppnår resultat i form av utsleppsreduksjonar. GGGI samarbeider tett med privat sektor for å redusere finansiell risiko for private aktørar ved investeringar i grøne prosjekt, og medverkar på denne måten til at fleire land har etablert finansieringsmekanismar for klimatiltak som inkluderer REDD+.

FN-initiativet Partnership for Action on Green Economy (PAGE) har som formål å leggje til rette for grøn vekst ved å hjelpe partnarland med å setje berekraftig økonomisk vekst i sentrum for økonomisk utvikling. I 2016 medverka PAGE til eit grønt skifte i samarbeidsland anten ved støtte til tversektorielle nasjonale planar og strategiar med mål om grøn vekst og med koplingar til berekraftsmåla eller ved støtte til utvikling av nasjonale planar og politikk kopla til grøn vekst og berekraftsmåla. PAGE medverka blant anna til at grøn vekst hadde framleis prioritet etter regjeringsskiftet i Peru i 2016. I mai organiserte PAGE eit nasjonalt forum om peruansk økonomi der begge dei peruanske presidentkandidatane debatterte grøn vekst. Som følgje av styremøtet i januar 2016, vart det vedteke at PAGE skal starte opp i tre nye land/regionar: Mato Grosso i Brasil, Barbados, og Kirgisistan.

Wealth Accounting and the Valuation of Ecosystem Services (WAVES) er eit globalt partnarskap som har som målsetjing å integrere nasjonale rekneskapar for naturkapital inn i planar for utvikling og vekst. I Colombia og Guatemala vart rekneskap for skog ferdigstilt i 2016 og kan nyttast til å gi eit breiare bilde av skogens økonomiske og miljømessige verdi, informasjon om årsaker til avskoging og om det samfunnsøkonomiske potensialet som ligg i vern av skogen.

I 2016 vart det utbetalt 44,5 mill. kroner frå budsjettposten til New Climate Economy, GGGI, PAGE og WAVES for å fremje skogbevaring gjennom grøn vekst.

Transparens

Auka transparens kring avskoging er eit at hovudsatsingsområda for Klima- og skoginitiativet. Ny teknologi og raskt fallande kostnadar for satellittar og satellittinformasjon, gjer det mogeleg å overvake avskoging i nær sanntid. Saman med informasjon om landrettar, hogstkonsesjonar og finansstraumar gir dette nye moglegheiter for myndigheitar til å overhalde lovar, sivilsamfunnsorganisasjonar og urfolk til å drive kampanjar, og bedrifter til å bruke sin marknadsmakt og levere på forpliktingar om avskogingsfrie forsyningskjedar.

I tillegg er måling, rapportering og verifisering (MRV) er ein føresetnad for å kunne betale for utsleppsreduksjonar. Skoglanda må etablere eit system for å måle omfanget av klimagassutslepp frå skog, for så å rapportere tala til dei som skal betale for utsleppsreduksjonar. For at resultata skal vere truverdege må dei verifiserast av ein uavhengig tredjepart. I 2016 vart det gitt støtte til fleire strategiske satsingar for å bidra til milepælen «system for måling, rapportering og verifisering av utslipp frå skog er etablert», sjå boks 7.3 strategisk rammeverk for Klima- og skoginitiativet.

Noreg er den største givaren til prosjektet Global Forest Watch, som gjer uavhengige analysar av verdas skogar gratis tilgjengelege via sine nettsider.

Det blir òg arbeidd for eit betre samarbeid mellom leverandører og brukarar av satellittdata av skog, dette arbeidet blir utført med støtte frå Norsk Romsenter. Eit eksempel på slikt arbeid er å delta i det internasjonale nettverket Global Forest Observation Initiative for å syte for at leverandørane av satellittdata prioriterer å samle inn data om skogen, og at skoglanda har tilgang til god metoderettleiing og kapasitetsbygging. Eit anna eksempel er Noregs støtte til eit prosjekt i FAO som gjer fjernmålingsdata tilgjengelege for tropiske skogland.

I tillegg til dette medverkar fleire av Klima- og skoginitiativet sitt partnarskap til å utvikle system for måling, rapportering og verifisering, som nemnt over i resultat 2016 mellom anna for Brasil, Peru og Etiopia.

Til saman vart det utbetalt 69 mill. kroner til overordna MRV og anna metodearbeid i 2016. Hovuddelen av midlane finansierte WRIs program Global Forest Watch og Restoration Project og FAOs Satellite Data Management System.

Oppfølging av oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 103 av 3. desember 2015

Stortinget ber regjeringen spesielt rette innsats mot karbonrike skogtyper, eksempelvis innenlands våtmarksskoger, torvmyrsskoger, og mangroveskoger innenfor en ramme på minst 30 mill. kroner.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av innstilling frå finanskomiteen Innst. 2 S (2015 – 2016), jf. Meld. St. 1 (2015 – 2016), Prop. 1 S (2015 – 2016), Prop. 1 S Tillegg 1 (2015 – 2016) og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015 – 2016), innstillingas tilråding romartal XXXVIII.

Desse skogtypane inneheld store mengder karbon som blir sleppt ut i atmosfæren dersom dei blir øydelagde, og er derfor svært viktige frå eit klima- og biomangfaldsperspektiv. Økosystema dei utgjer er også fundamentalt viktige for ei rekkje andre økosystemtenester, som eksempelvis stabil vasstilgang, vern mot ekstremvêr og som yngleplass for fisk. Klima- og skoginitiativet har derfor eit overordna mål om bevaring av naturskog og spesielt karbonrike skogtypar, og bevaring av slike skogtypar er gjennomgåande for heile porteføljen. I tillegg kan fleire spesifikke innsatsar trekkjast fram som døme på korleis regjeringa har følgt opp Stortingets vedtak. Hovudvekta av innsatsen har funne stad i Indonesia:

  • Klima- og skoginitiativet støtta opprettinga av Indonesias direktorat for restaurering av torvmyr (Peat Restoration Agency) i 2016. Opprettinga av direktoratet var ein milestolpe i samarbeidsavtala med Indonesia, og utløyste ei utbetaling av tilskot frå Noreg på 215 mill. kroner.

  • Klima- og skoginitiativet inngjekk i 2016 ei femåring avtale med World Resources Institute (WRI) i Indonesia. WRI skal støtte Peat Restoration Agency i deira arbeid med betre forvalting av torvmyrområde, restaurering av allereie øydelagde torvmyrområde og betre system for overvaking av skog- og torvmyrområde.

  • Klima- og skoginitiativet har i fleire år også støtta WRI og International Union for the Conservation of Nature (IUCN) sitt arbeid med å auke merksemda rundt- og omfanget av restaurering av skog internasjonalt. I prosjektet inngår blant anna arbeid med å auke merksemda rundt potensialet for restaurering av mangrovar i Indonesia.

  • Saman med Storbritannia støttar Klima- og skoginitiativet Zoological Society London i deira arbeid i Indonesia. Prosjektet har brei tematikk, men arbeid med å opprette samarbeidsforum for vern av mangroveskog, og utvikling av planar for berekraftig utvikling av kystområde, utgjer ein viktig del av prosjektet. Arbeidet går føre seg i provinsen Sør-Sumatra.

  • Klima- og skoginitiativet støttar òg The Sustainable Trade Initiative (IDH) i deira arbeid i den indonesiske provinsen Vest-Kalimantan. I dette prosjektet ønskjer ein blant anna å få oppretta ein «Coastal Forest Management Unit» som skal betre forvaltinga av mangroveskog og annan kystskog.

I tillegg har Klima- og skoginitiativet medverka til innsats for bevaring og restaurering av mangrovar i provinsen Ca Mau i Vietnam.

I 2016 starta Klima- og skoginitiativet eit arbeid for å sjå på korleis den strategiske innsatsen for styrkt forvalting av mangroveskogar på tvers av landegrenser kan styrkjast. Arbeidet held fram i 2017, og vil bli rapportert i Prop. 1 S (2018 – 2019). Klima- og skoginitiativet arbeider òg kontinuerleg gjennom sin dialog med samarbeidspartnarar for at tiltak for bevaring av naturskog, torvmyr og mangroveskog skal reflekterast i nasjonale strategiar og programdokument i våre partnarland og i multilaterale mekanismar som Noreg er ein del av.

I 2016 utbetalte Klima- og skoginitiativet 215 mill. kroner gjennom Verdsbanken til Indonesias torvmyrdirektorat, og om lag 38 mill. kroner gjennom WRI til kartlegging av torvmyrområde i Indonesia. Klima- og skoginitiativet utbetalte i 2016 òg ca. 3 mill. kroner til innsats for bevaring og restaurering av torvmyr i Vietnam gjennom UN-REDD.

Vedtak nr. 894, 14. juni 2016

Stortinget ber regjeringen, før dialogen om økte ambisjoner i 2018, komme til Stortinget med en sak om Norges forslag til forsterkede mål – som utgangspunkt for prosessen for å oppnå Paris-avtalens formål.

Vedtaket vart fatta ved Stortinget si behandling av proposisjonen til Stortinget om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016), jf. Prop. 115 S (2015–2016), innstillingas romartal I. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om moglege forsterka mål før dialogen om partane sin kollektive innsats for å redusere utslepp under klimakonferansen i 2018.

Vedtak nr. 895, 14. juni 2016

Stortinget ber regjeringen legge frem en sak til Stortinget om Norges endelige nasjonalt fastsatte bidrag for perioden 2021 – 2030 så raskt som mulig etter at forhandlingene med EU om felles oppfyllelse er avsluttet, og i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av proposisjonen til Stortinget om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016), jf. Prop. 115 S (2015–2016), innstillingas romartal II. Regjeringa vil vurdere Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2021–2030, og komme tilbake til Stortinget om dette så raskt som mogeleg og i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.

Vedtak nr. 897, 14. juni 2016

Stortinget ber regjeringen legge til grunn at Norge skal sørge for klimareduksjoner tilsvarende norske utslipp fra og med 1. januar 2030, og at klimanøytralitet kan oppnås gjennom EUs kvotemarked, internasjonalt samarbeid om utslippsreduksjoner, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid.

Stortinget fatta vedtaket ved behandling av proposisjonen til Stortinget om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016), jf. Prop. 115 S (2015–2016), innstillingas romartal IV. På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala, Innst. 407 S (2015 – 2016), har Stortinget vedteke at Regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt. Frå 1. januar 2030 skal norske utslepp av klimagassar motsvarast av reduksjonar i andre land gjennom EUs kvotemarknad, internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid. Oppfølginga av oppmodingsvedtaket frå Stortinget om at Noreg skal vere klimanøytralt i 2030 er tett knytt til prosessane om felles gjennomføring med EU og forhandlingane under Parisavtalas artikkel 6 om internasjonalt samarbeid. Regjeringa følgjer opp dette vedtaket og vil komme tilbake til Stortinget med planane for gjennomføringa på eit eigna tidspunkt etter at regelverket rundt EUs innsatsfordelingsforordning er klart.

Fotnotar

1.

For oversikt over stoffa og stoffgruppene på prioritetslista og status for utslepp og utsleppsreduksjonar, sjå http://www.miljostatus.no/prioritetslisten og vidare lenker derifrå.

2.

Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje, Røros bergstad og Circumferensen, Bergkunsten i Alta, Vegaøyan, Vestnorsk fjordlandskap, Struves meridianboge og Industriarven Rjukan – Notodden.

Til forsida