Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

8 Omtale av særskilte sektorovergripande klima- og miljøsaker

8.1 Klima og miljøpolitikk i departementa

8.1.1 Arbeids- og sosialdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Det er ei overordna målsetjing å sikre eit trygt arbeidsmiljø i norsk arbeidsliv. Kunnskap knytt til arbeidsmiljø- og helse, som blant anna Statens arbeidsmiljøinstitutt medverkar til, vil ein truleg kunne overføre til ytre miljø, for eksempel når det gjeld kjemiske og biologiske eksponeringar, mekanismar og helseeffektar. Førebygging av forureining frå petroleumsverksemda er eit viktig bidrag frå Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) til regjeringas heilskaplege arbeid med klima og miljø. Hovudtyngda av ASDs klima- og miljøinnsats ligg på resultatområdet for forureining.

Arbeidsmiljø- og tryggleiksmyndigheitene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet. Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø og tryggleik. I regelverket er det stilt robuste krav til utforming av utstyr og anlegg, som blant anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining. Petroleumstilsynets oppfølging av at petroleumsverksemda følgjer krava i regelverket medverkar til å halde ved lag eit høgt nivå på tryggleik og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda, og medverkar til å førebyggje akutt forureining til sjø og til luft og samtidig byggje opp under dei nasjonale måla i klima- og miljøpolitikken.

Rapport 2015/2016

Gjennom arbeidet med «Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet» RNNP overvakar Petroleumstilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda. Arbeidet gir viktig informasjon for å kunne betre effekten av tryggleiksarbeidet og redusere risikoen for akutt forureining. Talet på akutte råoljeutslepp er redusert i perioden 2001 – 2015, men det er ingen trend i utviklinga for større hendingar eller årleg mengde akutte råoljeutslepp. Talet på hendingar som kunne ha gitt akutte råoljeutslepp har også gått ned, men det er ingen trend i utviklinga for hendingane sitt potensiale for akutte råoljeutslepp. I 2015 var det 19 akutte råoljeutslepp på norsk sokkel, der dei fleste hadde eit volum på under 0,1 tonn. Det er framleis behov for merksemd knytt til førebygging av akutt forureining i arbeidet med tryggleik i norsk petroleumsverksemd.

Vidare arbeid

Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte tryggleiksregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbyggjer nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining blir følgt opp i tilsynet, i trepartsforum og i samarbeid med andre myndigheiter. Petroleumstilsynet vil òg føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltingsplanar for dei norske havområda.

8.1.2 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Alt forbruk har direkte eller indirekte konsekvensar for miljø og klima. Dei siste tiåra har det vore ein stor auke i det samla forbruket til norske hushald. Målretta informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester gir forbrukarane høve til å velje produkt som gir minst mogleg negativ verknad på miljøet og ressursane. Etterspurnad etter slike produkt kan påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige aspekt ved forbruket. Dei offisielle merkeordningane Svana og EU Ecolabel er viktige verktøy for å gjere miljømedvitne val. Departementet har som mål at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden skal auke, og at forbrukarane i større grad skal spørje etter slike.

Rapport for 2016

I 2016 var det ein solid auke i svanemerkte produkt på den norske marknaden; frå 12 589 ved utgangen av 2015 til 15 339 ved utgangen av 2016. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav.

Plan for vidare arbeid

BLD vil i 2018 halde fram med å støtte opp under dei offisielle merkeordningane Svana og EU Ecolabel som viktige verktøy for miljømedvitne val. Målet er å auke talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden.

Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Den største delen av matsvinnet, om lag 61 pst., kjem frå private hushald. Departementet vil i 2018 arbeide vidare med fire andre departement og matbransjen gjennom ein ny bransjeavtale om å redusere matsvinnet i samfunnet.

8.1.3 Finansdepartementet

For at ressursane i samfunnet skal nyttast effektivt må omsyn til klima, miljø og andre eksterne effektar reknast med i økonomiske avgjerder. Økonomiske verkemiddel, som til dømes prising av miljøskadelege utslepp til luft og vatn, gir insentiv til avgjerdstakarar på alle nivå og i alle sektorar om å ta omsyn til miljøet. Hovudverkemidla i klimapolitikken er avgifter og deltaking i det europeiske systemet for handel med utsleppskvotar som gir eit fastlagt tak for utslepp. Desse verkemidla set ein pris på utslepp av klimagassar og medverkar dermed til endringar i produksjons- og forbruksmønster over tid. Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Rett utforma miljøavgifter gir tildriv til å minske utsleppa der det er billegast og sikrar at forureinar betaler.

Globalt er det energiforsyninga som er den største kjelda til utslepp av klimagassar, men Noreg er eit føregangsland fordi straumen vår kjem frå vasskraft og fordi vi er verdsleiande på lågutsleppsbilar. I dag er over 80 pst. av norske klimagassutslepp underlagt avgifter eller kvoteplikt. I tillegg til moglegheitene som ligg det europeiske kvotesystemet EU-ETS ønskjer regjeringa at Noreg òg skal kunne kjøpe utsleppskutt direkte i andre europeiske land.

I 2018-budsjettet fremjar regjeringa forslag som forsterkar klima- og miljøinnretninga på avgiftssystemet. Regjeringa foreslår mellom anna å gjere CO2-avgifta meir kostnadseffektiv ved å fjerne fritak og låge satsar. Med dette følgjer regjeringa opp forslag frå Grøn skattekommisjon, jf. NOU 2015:15 Sett pris på miljøet, slik at miljøskadar vert prisa på ein betre måte.

Utsleppa frå dei sektorane som får innført eller auka CO2-avgift utgjer anslagsvis 0,6 mill. tonn CO2 årleg. Det er venta at forslaget vil gi reduserte utslepp, men det er usikkert kor store utsleppsreduksjonane vil kunne bli. Utsleppsreduksjonane vil vere større på lang sikt fordi avgifta vil stimulere til meir miljøvennleg teknologi. Eventuell effekt av ny innovasjon og teknologiutvikling vil òg komme på sikt.

8.1.4 Forsvarsdepartementet

Det er eit overordna mål for Forsvarsdepartementet (FD) at forsvarssektoren si verksemd ikkje skal føre til vesentleg skade på miljøet. Etatane i forsvarssektoren arbeider blant anna med opprydding i forureina sjøbotn, opprydding av miljøgifter og redusert lekkasje av tungmetall frå skytefelt, ivaretaking av naturmangfald ved bruk og utvikling av område, Kystvaktens miljø- og ressursoppsyn, bevaring av kulturminne i skyte- og øvingsfelt og av nasjonale festningsverk, avfallshandtering, reduksjon av støy og redusert klimagassutslepp. Innanfor alle desse områda blir det lagt vekt på kunnskapsgrunnlag og overvaking.

Rapport for 2016

I 2016 vart det gjennomført undersøkingar av mogleg forureina grunn ved 16 etablissement for å kartleggje om det er behov for å setje i verk tiltak. Det vart gjennomført opprydding i fem lokalitetar. Rapport om miljøtilstanden ved Bodø flystasjon vart utarbeidd i 2016. Totalt er 31 område på flystasjonsområdet kartlagt, og det er teke over 1030 prøver av jord og vatn. Forureiningar ved Forsvarets brannøvingsfelt på flystasjonane er kartlagt. Det er påvist forureining etter tidlegare bruk av brannskum som inneheld perfluorerte sambindingar (PFOS og PFAS) på alle felt, men med ulik alvorsgrad. Resultatet av kartlegginga vart sendt Miljødirektoratet i 2016. Det blir arbeidd med risikovurdering og tiltak på fleire stasjonar, og arbeidet vil halde fram i åra framover.

Arbeidet med målretta tiltak for energieffektivisering og utfasing av fossil olje til oppvarming vart ført vidare i 2016. Forbruket av fyringsolje var i 2016 redusert med 74 pst. sidan 2006, og utgjorde berre 5 pst. av energiforbruket. Det blir planlagt for at all bruk av fossil fyringsolje skal fasast ut, med første mål om å fase ut fossil fyringsolje som grunnlast innan utgangen av 2018. Ved to basar blir utfasinga seinka på grunn av omfattande infrastrukturtiltak.

Kystvakta har lovfest oppgåver blant anna innan miljøoppsyn, ulovleg fiske, ulovleg jakt, kulturminne, dykking etc. Ein del av Kystvaktas oppdrag har prioritet til verneområde. Fleire av Kystvaktas fartøy har oljevernutstyr om bord, og har ei viktig rolle i den operative nasjonale beredskapen mot oljesøl.

Plan for vidare arbeid

I Forsvarsdepartementets budsjett for 2018 er det foreslått å nytte 701 mill. kroner til arbeid knytt til naturmangfald, 30 mill. kroner til kulturminnearbeid, 550 mill. kroner til tiltak mot forureining og 184 mill. kroner til klimatiltak.

All militær aktivitet vil påverke miljøet i større eller mindre grad. Det er ein ambisjon å skape eit godt øvingsutbytte samtidig som ein unngår store negative konsekvensar for miljøet.

Tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt til sivile formål er truleg noregshistorias største naturrestaureringsprosjekt. Prosjektet starta i 2006 med mål om sluttføring i 2020. Fylkesmannen i Oppland arbeider med verneplan for Hjerkinn skytefelt, som skal leggje til rette for framtidig vern av skytefeltarealet i tråd med Stortingets vedtak i 1999 om nedlegging av skytefeltet.

I det vidare arbeidet blir det gjort følgjande endringar på miljøområdet:

  • Redusert tilskot til dei nasjonale festningane.

  • Redusert tilskot til miljøopprydding.

  • Auka ressursbruk til støytiltak/innløysing ved kampflyprosjektet på Ørland.

  • Auka ressursbruk for å utfase fossil fyringsolje.

8.1.5 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet følgjer opp regjeringas mål om å utvikle eit meir helsefremjande miljø og beskytte befolkninga mot miljøfarar som støy, luftforureining, miljøgifter, stråling, dårleg inneklima, risiko for skadar og ulykker, og mat- og vassborne sjukdommar, jf. Meld. St. 19 (2014–1015) Folkehelsemeldinga. Oppfølginga av meldinga omfattar tiltak for at omsynet til befolkningas helse og trivsel skal få større plass i utviklinga av stader, nærmiljø og lokalsamfunn, under dette at det skal leggjast til rette for helsefremjande transportløysingar. Som oppfølging av Folkehelsemeldinga er det utarbeidd ein ny tverrdepartemental handlingsplan for kosthald, der også miljø- og berekraftperspektivet er med. Etter folkehelselova har kommunane ansvar for å sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet.

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og fylkesmennene er rådgivarar for sentrale og lokale helsestyresmakter, utgreier og tek del i overvaking av miljøforureining.

Statens strålevern tek vare på direktoratsoppgåver for Klima- og miljødepartementet innanfor området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljø. Strålevernet har vidare ansvar for fagleg utgreiingsarbeid, tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø, og internasjonale oppgåver.

8.1.6 Justis- og beredskapsdepartementet

Svalbard

Regjeringas mål om å bevare Svalbards særeigne villmarksnatur ligg til grunn for miljøvernpolitikken på Svalbard. Svalbardmiljølova av 15. juni 2001 med tilhøyrande føresegner tek vare på denne målsetjinga. Ein stor del av Sysselmannen på Svalbard si verksemd er knytt til miljøvernrelatert arbeid. I Sysselmannens organisasjon er det samla både politifagleg og miljøvernfagleg ekspertise. Dette legg til rette for ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet og for eit godt fagleg informasjonsarbeid.

Lokalt er svalbardmiljølova med føresegner viktige verktøy for å ta vare på miljømåla. Sysselmannen skal i si miljøforvalting ta omsyn til endringar i klima, aktivitet og tilførsel av forureining, og sikre at lokal verksemd skjer innafor rammer som sikrar at den samla belastninga på arter og økosystem ikkje blir for stor. Samstundes skal det leggjast til rette for bruk som er i samsvar med måla for bevaring av naturen på Svalbard. Sysselmannen skal vidare leggje betre til rette for reislivet innanfor forvaltingsområde 10, som mellom anna omfattar Isfjordområdet og nærområda rundt lokalsamfunna. Dette skal skje i dialog med aktørane på Svalbard. Samstundes skal arbeidet med forvaltingsplanar for verneområda på Svalbard førast vidare.

Eit aktivt førebyggjande arbeid vil kunne påverke haldningar og skape forståing for dei reguleringane som gjeld øygruppa. Aukande turisme og ferdsel på Svalbard viser at det er behov for å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegnene om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Klimaendringane fører til stadig mindre utbreiing av sjøis, som er leveområde for arter som er avhengige av is, som isbjørn og sel. Dokumentasjon av utviklinga innan ferdsle og anna verksemd er viktig for å målrette tiltaka. Sysselmannen legg vekt på rask og effektiv etterforsking og oppklaring av moglege straffbare forhold. Svalbard og Longyearbyen vil på grunn av auka aktivitet få større betydning som base for beredskap mot forureining. Kystverket har ansvaret for oljevernberedskapen i området, med Sysselmannen som lokal ressurs. Lange avstandar og arktisk klima gjer det vanskeleg å handtere oljeutslepp i området. Førebyggjande tiltak for å unngå slike hendingar er derfor svært viktig. Der er forbod mot bruk av tungolje som drivstoff i dei store verneområda på Svalbard.

For å redusere risikoen for hendingar med miljøskade til følgje, er det ei statleg losteneste for all skipsfart i farvatna på Svalbard på same måte som på fastlandet. Ut frå lokale forhold er det gjort enkelte tilpassingar i reglane.

Miljødirektoratet påla Longyearbyen lokalstyre eit reinsekrav på kolkraftverket i Longyearbyen (ikkje for CO2). Arbeidet med å etablere reinseanlegget vert fullført med venta heilårseffekt i 2016. Prosjektet er fullfinansiert over svalbardbudsjettet i perioden 2012 – 2014. Utviklinga i utslepp frå kolkraftverket er som følgjer:

Tabell 8.1 Utviklinga i utslepp frå kolkraftverket i Longyearbyen

CO2 (t/år)

SO2 (t/år)

NOx (t/år)

Støv (t/år)

2016

69 768

0,24

73

7

2015

64 220

511

117

112

2014

63 698

536

165

116

2013

54 657

336

169

92

2012

50 014

405

155

85

Som tabellen over syner har utslepp av SO2 og støv frå kraftverket gått dramatisk ned. Forbruk av kol har auka årleg sidan 2012 og medfører auka CO2-utslepp.

Miljødirektoratet har gitt pålegg om å utgreie reinsing av utsleppa til luft for kolkraftverket i Barentsburg.

Politi- og lensmannsetaten

Politiets viktigaste oppgåver innafor miljøvern er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, etterforsking med høg kvalitet og adekvat reaksjon. Økokrim har ei særleg nasjonal rolle i kampen mot miljøkriminalitet, både gjennom etterforsking og iretteføring i særleg alvorlege prinsipielle saker, og som rettleiar og bistandsorgan for politidistrikta. Politidistrikta har ei sentral rolle i arbeidet med å kjempe mot miljøkriminalitet. Det er etablert samarbeidsrutinar og -avtaler med oppsyns og tilsynsmynde som skal utviklast vidare.

Politidistriktas ordning med miljøkoordinator vart evaluert i 2013 – 2014. I samband med etablering av nye politidistrikt er det etablert ein eigen funksjon som skal ha eit overordna fagansvar for etterforsking av økonomiske straffesaker og miljøkriminalitet og eit sjølvstendig ansvar for etterforsking av alvorleg økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. Politidistriktets miljøkoordinator er organisatorisk plassert i funksjonen.

Kontroll- og tilsynsmynde har blitt styrkt dei siste åra, noko som fører til fleire administrative sanksjonar, mellom anna gebyr for mindre brot på miljølovgivinga. Dei alvorlegaste forholda skal som hovudregel etterforskast av politidistriktet, i nokre tilfelle av ØKOKRIM.

Politiet og kontrolletatane har samanfallande overordna målsetjingar for sitt arbeid. Etatane kan dele informasjon, bli samde om eit felles trusselbilde og samordne kontrollaktivitetane, slik at offentlege ressursar blir nytta best mogleg. Sentralt miljøforum og Fylkesmiljøforum, som begge vert leia av politiet, legg mellom anna til rette for dette.

Det enkelte politidistrikt og særorgan er pålagt, som ein integrert del av dei ordinære planprosessane, å følgje opp retningslinjer gitt for rådgiving overfor politidistrikta og særorgana innafor eigedom, bygg og anlegg. Mellom anna vert energieffektivitet i bygg vektlagt. Politidistrikta og særorgana kan gjere innkjøp frå rammeavtaler inngått av Politiets fellestenester på vegne av etaten. I den grad miljøomsyn ikkje er tekne omsyn til i inngåtte avtaler, vert dette teke inn ved inngåing av nye avtaler så langt dette kan sameinast med dei tekniske krava som er stilte til dei produkta som skal nyttast av politiet.

8.1.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Med utgangspunkt i plan- og bygningslova arbeider Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) for berekraftig planlegging og byutvikling. Dette inneber blant anna å sikre ein berekraftig bystruktur gjennom effektiv arealbruk og ved å samordne arealbruken og transportsystemet. Kompakt knutepunktutvikling reduserer transportbehovet og gjer at fleire kan reise kollektivt, eller gå og sykle til daglege gjeremål. Grunnleggjande infrastruktur i form av gode kart- og geodata er viktig i arbeidet med å sikre ein god arealbruk og for å møte utfordringane med auka flaumar og tilrettelegging for betre handtering av overvatn.

Bygningsregelverket skal syte for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege. Energieffektivisering i bustader og andre bygg er viktig for å redusere det totale energibehovet.

Byggjesektoren står for ein stor del av energibruken, ressursbruken og avfallsmengda i Noreg. Det er store miljøgevinstar å hente i byggje- og eigedomsbransjen. Miljøtiltak i samband med statlege byggjeprosjekt kan omhandle redusert energibruk, mindre bruk av fossil energi til oppvarming, redusert lokal forureining ved sanering, redusert bruk av miljøskadelege materialar, men også lokalisering, gjenbruk og godt vedlikehald.

Godt vedlikehald aukar bygga si levetid. Det er eit godt miljøtiltak. Målingar viser at Statsbyggs eigedomsportefølje, med unntak av fengselsporteføljen, framleis har ein tilstandsgrad rundt T1, jf. NS 3432:2012 og er tilfredsstillande.

Å utvikle og ta i bruk ny teknologi er ein føresetnad for å nå klimamåla, både nasjonalt og globalt. Meir og betre bruk av IKT kan bidra til mindre klimagassutslepp og betre miljø. Smart bruk av digital teknologi kan blant anna gjere mogleg ei betre ressursutnytting og meir effektiv energibruk, jf. Meld. St. 27 (2015 – 2016) Digital agenda for Norge, s. 13.

Rapport for 2016

Gjennom programmet Plansatsing mot store byar vart det i 2016 gitt tilskot til store bykommunar til pilot- og forbildeprosjekt som synleggjer ein berekraftig bustad- og bypolitikk, under dette fortetting rundt kollektivknutepunkt, bykvalitet og sentrumsutvikling.

KMD koordinerer statens områderetta innsats om å betre bymiljøet og levekåra i Groruddalen. KMD har gitt midlar til programområde 2 Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø i perioden 2007 – 2016. Sluttevalueringa, jf. rapport frå Agenda Kaupang: Delevaluering programområde 2: Alna, grønnstruktur, idrett og kulturmiljø, konkluderer med at delmålet under dette programområdet i stor grad er nådd.

Områdesatsingane i indre Oslo aust og Drammen som starta opp i 2014, vart ført vidare i 2016. Tilskota frå staten skal bidra til å styrkje kommunanes arbeid for å betre tenester og auke kvalitetane i dei fysiske omgivnadene i område der behova er størst.

I 2016 starta arbeidet med å etablere ein Nasjonal detaljert høgde- og terrengmodell over Noreg. Høgde- og terrengmodellen er viktig for klimatilpassingsarbeidet. Den vil gi grunnlagsdata for risiko- og sårbarheitsanalysar, og gir eit godt kunnskapsgrunnlag for sikker lokalisering av bustader og andre tiltak, både over og i grunnen. Modellen vil også blant anna vere viktig for natur- og kulturminneforvaltninga, under dette arbeidet med å etablere eit økologisk grunnkart. 15 pst. av landet vart dekt med nøyaktige høgde- og terrengdata i 2016. Status for etablering og tilgang til data blir jamleg publisert på Kartverkets nettsider.

Regjeringa har skjerpa energikrava i byggteknisk forskrift til passivhusnivå, i tråd med klimaforliket. Med nye energikrav frå 1. januar 2016 er det venta at nye bygg blir om lag 20 – 25 pst. meir energieffektive samanlikna med tidlegare krav.

Ulike låne- og tilskotsordningar i Husbanken medverkar til fleire bustader og bygg med kvalitetar utover krava i byggteknisk forskrift, blant anna på energi. Eit hovudmål med grunnlånet er å fremje viktige bustadkvalitetar som energieffektivitet og tilgjenge i ny og eksisterande bustadmasse.

Departementet stilte i 2014 krav til Statsbygg om å forsere utfasinga av fossil olje som grunnlast i eigen bygningsmasse innan utgangen av 2016. Målet vart nådd. Totalt er fossil olje fasa ut ved 25 anlegg, noko som inneber at Statsbygg sidan 2014 har redusert utslepp av CO2 frå fossile energiberarar med vel 2000 tonn. I tillegg til dette er fossil olje som spisslast erstatta med fornybar energi ved 10 anlegg.

Alle nybyggprosjekt som er sette i gang i 2016 oppfyller krava i TEK10. Prosjekta fordeler seg i all hovudsak på nesten nullenerginivå og passivhusnivå. Av dei ferdigstilte byggjeprosjekta er fem på passivhusnivå, og fire oppnår energimerke A. Samla vart klimagassutslepp redusert med 8 pst. i ferdigstilte prosjekt samanlikna med referanseprosjekt.

Klimagassberekningane i byggjeprosjekta blir nytta til å stille krav til dei materiala som bidrar med størst klimagassutslepp. Dette har ført til krav om lågkarbonbetong i Prosjekt nytt Nasjonalmuseum og i det nye teknologibygget ved NTNU på Kalvskinnet, som vart ferdigstilt i 2016.

Forskingssenteret ZEB (Zero Emission Building) har definert nullutsleppsbygg som ein bygning som genererer nok fornybar energi til å kompensere for byggets totale klimagassutslepp gjennom heile levetida. Det er definert fem ambisjonsnivå for ulike nullutsleppsbygg. Statsbygg har i 2016 realisert eit administrasjonsbygg for Høgskolen i Hedmark (Campus Evenstad) med det hittil høgaste ambisjonsnivået – landets første ZEB-COM-bygg. Det vil seie at klimagassutslepp som oppstår i byggefasen, produksjonen av materiala og energibruk i drifta er kompensert med lokalprodusert fornybar energi.

Statsbygg har òg gjennomført fleire forbildeprosjekt på lokal fornybar energiproduksjon. Blant sentrale prosjekt er sol til oppvarming av tappevatn ved fleire fengselseigedommar, flisfyrt gassifiseringsanlegg ved Campus Evenstad og solcellepanel ved blant anna Oslo tinghus, NTNU Teknologibygget og Campus Evenstad.

Fylkeskommunar og verkemiddelaktørar har for 2016 rapportert inn at dei har gitt tilsegn for om lag 306 mill. kroner til ulike typar miljøfremjande tiltak. Berekraft er omtalt i fylkeskommunanes overordna planar og strategiar, som for eksempel regional plan, som styrer fylkeskommunanes verksemd.

Innovasjon Noreg (IN) forvaltar bedriftsretta låne- og tilskotsordningar i distrikta på oppdrag av fylkeskommunane. IN vedtok i desember 2015 ein revidert strategi for selskapet fram mot 2020. I strategien er berekraft spesielt vektlagt. Divisjon Berekraft i Innovasjon Noreg skal utvikle selskapets strategiske arbeid med å styrkje næringslivets overgang til ein meir berekraftig økonomi. IN har også laga ein rettleiar for heilskapleg vurdering av berekraft i finansieringssaker. Dersom eit prosjekt er vurdert å ha negativ miljø- eller samfunnseffekt, får ikkje prosjektet finansiering. Delen miljøretta prosjekt i 2016 var 35 pst. av tilsegnene frå dei distriktsretta låne- og tilskotsordningane. For distriktsretta risikolån- og garantiar var delen miljøretta prosjekt på 46 pst. av løyvd beløp i 2016. Prosjekt som er kategoriserte med kjenneteiknet «Miljørettet» skal i særleg grad bidra til å fremje miljø og berekraft.

Bioraffineringsprogrammet vart sett i gang i 2013 som ein del av INs bioøkonomisatsing. Programmet skal stimulere til berekraftig omstilling gjennom auka investeringar i nye foredlingsprosessar for fornybare råstoff i viktige distriktsnæringar. I 2015 rapporterte IN eit aukande tilfang av meir modne prosjekt knytte til oppskalering av nye produksjonsprosessar. Denne utviklinga heldt fram i 2016.

Plan for vidare arbeid

I nær dialog med dei relevante aktørane går arbeidet føre seg med å inngå og følgje opp forpliktande byutviklingsavtaler og byvekstavtaler for dei fire største byområda. Byutviklingsavtalene tek vare på arealdimensjonen i bymiljøavtalene. Bymiljøavtalene følgjer opp målet frå klimaforliket om at veksten i persontransporten i byområda skal skje med kollektivtransport, sykkel og gange. I tillegg skal løysingane som blir valde medverke til betre framkomst totalt sett, spesielt ved å leggje til rette for attraktive alternativ til privatbil. Det har seinare blitt bestemt at bymiljøavtalene og byutviklingsavtalene skal samordnast til ein felles byvekstavtale.

I 2017 vart tilskotsmidlane under programmet Plansatsing mot store byer retta mot dei fire største fylkeskommunane og aktuelle kommunar i arbeidet med arealtiltak knytte til byutviklingsavtaler og byvekstavtaler. Det er lagt opp til at ei slik felles tilskotsordning blir ført vidare ut 2020. Den vidare innretninga på ordninga vil bli vurdert i lys av status for arbeidet med slike avtaler.

Staten bidrar til områdesatsing i enkelte område i storbyane med særskilte levekårsutfordringar. I 2018 er det foreslått statlege løyvingar over fleire departements budsjett med om lag 130 mill. kroner.

Det er frå 2017 inngått eit nytt tiårig program for områderetta innsats i Groruddalen. Tilskot til Groruddalsatsinga over KMDs budsjett skal gå til å styrkje Oslo kommunes arbeid med nærmiljøkvalitetar i lokalområde i Groruddalen. Innsatsen skal medverke til inkluderande lokalsamfunn der fleire er aktivt deltakande.

Områdesatsinga i indre Oslo aust og Drammen er foreslått vidareført i 2018. Staten har vidare inngått ei intensjonsavtale med Stavanger kommune om eit langsiktig samarbeid om områdesatsing i delar av Storhaug bydel.

Arbeidet med nasjonal detaljert høgdemodell held fram og det er planlagt etablering av ytterlegare 10 til 15 pst. dekning i løpet av 2017.

KMD vil medverke til fleire miljøvennlege og energieffektive bustader og bygg. Det er varsla gjennom klimaforliket at energikrava i byggteknisk forskrift skal skjerpast til nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringa arbeider med å definere nesten nullenerginivå.

I statsbudsjettet for 2017 blei Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) sitt driftsbudsjett auka med 15 mill. kroner for å sikre ein styrka innsats i arbeidet med klima- og miljøomsyn i offentlege anskaffingar. I dette ligg rådgiving og rettleiing, der Difi tilbyr fagsider og verktøy. Vidare vil bruk av e-handel i offentleg sektor bidra til ein digitalisert marknadsplass der innkjøparar og leverandørar kan effektivisere anskaffingsprosessen gjennom mindre papirbruk og gjere det enklare å stille og følgje opp krav til miljø- og samfunnsansvar. I 2018 vil Difi utvikle vidare rettleiinga si innanfor dei viktigaste kategoriane anskaffingar, som bygg, anlegg, transport, IKT og mat. I tillegg skal direktoratet gjennomføre opplæringsprogram med relevante brukargrupper for å sikre at rettleiinga blir tatt i bruk og at gevinstar kan realiserast. Utbetring av miljøstatistikk og strategisk forankring av offentlege anskaffingar i verksemdene førast òg vidare som prioriterte områder i 2018.

8.1.8 Kulturdepartementet

God forvalting av kulturminne i form av bygningar og anlegg, i hovudsak enkeltbygningar og bygningsmiljø, men òg tekniske og industrielle kulturminne, bergkunst og kulturlandskap, og kulturminne i form av kyrkjer og gravplassar utgjer Kulturdepartementets (KUD) bidrag til regjeringas samla klima- og miljøpolitikk.

Rapport for 2016

Det nasjonale museumsnettverket rapporterer om i alt om lag 5 000 kulturhistoriske bygningar i 2016. Museas bevarings- og formidlingsarbeid medverkar til å spreie kunnskap om og oppleving av desse miljøverdiane. Over Kulturdepartementets budsjett blir det no gitt driftstilskot til 64 konsoliderte museum i det nasjonale museumsnettverket.

Norsk kulturråd forvaltar òg tilskotsordninga for sikringstiltak ved musea. Over ordninga vart det i 2016 innanfor ei ramme på 12,5 mill. kroner gitt tilskot til 35 ulike museum.

Kyrkjebygningane er ein del av nasjonens kulturarv. Gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjer medverkar KUD til arbeidet med å vedlikehalde kyrkjer. Målet med ordninga er å stimulere til sikring og bevaring av kyrkjene og deira utsmykking og inventar. Sidan ordninga vart etablert i 2005 er det gitt tilsegn om rentekompensasjon for ei investeringsramme på 3,8 mrd. kroner. Sidan storparten av kyrkjene er eldre bygningar, er det høge kostnader knytte til oppvarming. Det er teke initiativ til å finne nye energisparande varmesystem som samtidig betrar bevaringsmiljøa for bygningane og interiøret.

Opplysningsvesenets fond eig og forvaltar ein betydeleg eigedoms- og bygningsmasse. Fleire av dei gamle prestegardane er verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Vernet av desse held fram sjølv om buplikta for prestar vart oppheva i 2015.

Tilskot av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet føreset ei idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av planane for anlegget. Miljømessige tilhøve skal vurderast ved behandling av slike søknader. Søkarane skal mellom anna gjere greie for miljøstyring, materialval, energi, avfall, transport og naturinngrep.

8.1.9 Kunnskapsdepartementet

Målet for Kunnskapsdepartementets (KD) arbeid på klima- og miljøarbeidet er at utdanning og forsking skal bidra til berekraftig utvikling og omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom utvikling og formidling av kunnskap som bidrar til ny innsikt, gode løysingar og folk med gode dugleikar.

Formidling av kunnskap og gode haldningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skulane. Grunnlaget for gode haldningar blir skapt i oppveksten og det er derfor viktig at natur og miljø også er ein naturleg del av barnehagane og skulane si verksemd. I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag-Fordypning-Forståelse – En fornying av Kunnskapsløftet er berekraftig utvikling foreslått som eitt av tre tverrfaglege tema som skal prioriterast i dei faga der det er relevant, når læreplanane i Kunnskapsløftet skal fornyast. Miljøforsking er støtta gjennom ulike satsingar og program i Forskingsrådet. I tillegg finansierer òg universiteta og høgskulane mykje miljø- og klimarelevant forsking over grunnløyvinga si.

Rapport for 2016

I samarbeid med KLD har KD ført vidare arbeidet med Den naturlege skulesekken. Prosjektet medverkar til å styrke kvaliteten i opplæringa og auke forståinga for nytten og bruken av naturfaga og fremjar undervisning for berekraftig utvikling. Bidrag til EUs rammeprogram Horisont 2020 er òg viktig, der klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgangstema. 60 pst. av budsjettet i Horisont 2020 skal gå til forsking som medverkar til berekraftig utvikling.

I 2016 er KDs samla finansiering av forsking på miljøområdet gjennom Forskingsrådet anslått til 1 294 mill. kroner. KDs samla finansiering av klima gjennom Forskingsrådet er 437 mill. kroner. Tala omfattar forsking finansiert gjennom alle Forskingsrådets verkemiddel, òg dei som ikkje er særskilt retta mot miljø og klima. I tillegg får Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret 25 mill. kroner årleg. Òg Meteorologisk institutt har ei viktig oppgåve i å studere det norske klimaet, gi klimatologiske utgreiingar baserte på observerte og modellerte data for fortid, nåtid og framtid, og formidle resultata av dette arbeidet.

Artsdatabanken skal gi offentleg forvalting, organisasjonar og andre brukarar oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald. Artsdatabanken skal òg vere ein pådrivar i utviklinga av infrastruktur for innsamling og formidling av data om det biologiske mangfaldet i Noreg.

Artsdatabanken samlar data frå ei rekke institusjonar som universitetsmusea, miljøforskingsinstitutta og frivillige organisasjonar. I dei seinare åra har dei òg fått tilgang til data som er samla inn i samband med konsekvensutgreiingar frå konsulentselskap og andre kommersielle verksemder. Viktige produkt og tenester frå Artsdatabanken er Raudlistene for arter og naturtypar, Svartliste for framande arter og ulike tenester som koplar naturkunnskap med elektroniske kart. Tenestene til Artsdatabanken er særleg viktige for miljøforvalting, undervisning og forsking, men dei har òg vorte svært populære blant allmenta, som opptrer som både brukarar og bidragsytarar. I samarbeid med den svenske ArtDatabanken har Artsdatabanken i 2016 særskild arbeidd med å etablere artsobservasjonar på eigen IT-plattform. Vidare har Artsdatabanken arbeidd med å utvikle metodikk, retningsliner og IT-verktøy for økologisk risikovurdering av framande arter. Artsdatabanken har oppnemnt ekspertgrupper for rullering av svartelista, utvikla kurs og materiell for kartlegging av naturtypar i tråd med «Natur i Noreg», og laga utgreiinga Kunnskapsstatus for artsmangfoldet i Norge 2015. Produkta og tenestene er til stor nytte for Artsdatabanken sine brukarar, og er eksempel på det gode samarbeidet med kunnskapsprodusentane og dataeigarane. Artsdatabanken vil frå 2018 bli overført til KLD.

Norsk klimaservicesenter (KSS) er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt (leiar), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Uni Research/Bjerknessenteret, der hovudformålet er å få fram og presentere det vitskaplege grunnlaget for klimatilpassing i Noreg. I 2015 publiserte KSS rapporten Klima i Norge 2100, Kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning oppdatert i 2015, og ein nettportal (klimaservicesenter.no) med bakgrunnsinformasjon om klimatilpassing. Med kunnskap frå rapporten er det utarbeidd klimaprofilar for 10 ulike fylke i 2016. Klimaprofilane vil bli ein reiskap for lokal/regional planlegging av klimatilpassing. I 2016 er det faglege innhaldet i nettportalen revidert, og klimaprofilane for dei 10 fylka er lagde inn.

Plan for vidare arbeid

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2015–2024 gir dei politiske føringane for KDs satsing på dette området. Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, men meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa forpliktar seg til å følgje opp prioriteringane i dei årlege statsbudsjetta. Revidert langtidsplan skal leggast fram i oktober 2018, saman med regjeringas forslag til statsbudsjett for 2019.

Prosjektet «Arven etter Nansen» blir styrka med 20 mill. kroner i 2018. Raske klima- og miljøendringar i nord aukar behovet for kunnskap om sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei sentrale norske forskingsinstitusjonane på feltet, og er venta å gi kartlegging og forsking av høg kvalitet.

8.1.10 Landbruks- og matdepartementet

Norsk landbruk tilbyr forbrukarane mat som er produsert på ein helse- og miljøvennleg måte, forvaltar store innmarks- og utmarksområde som medverkar til natur-, kultur- og friluftsverdiar og forsyner samfunnet med fornybare byggjemateriale og energi.

Berekraftig landbruk er eit av hovudmåla i Landbruks- og matdepartementets (LMD) politikk. Miljøsatsinga i jordbruket skal medverke til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket og til å halde ved lag jordbrukets kulturlandskap.

Rapport for 2016

Klima- og miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakkar. Om lag 21 000 føretak fekk utbetalt midlar innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP) i 2016 for gjennomførte tiltak i vekstsesongen 2015 for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, hindre gjengroing eller ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. Totalt vart det løyvd 419 mill. kroner under RMP i 2016. Om lag 58 pst. av dei lokale midlane (Spesielle miljøtiltak i jordbruket – SMIL) vart løyvde til tiltak for å fremje verdiar i jordbrukets kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv, mens 33 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureining til vatn. Godt drenert jord gir betre utnytting av næringsstoff, reduserer faren for jordpakking og reduserer faren for lystgassutslepp. God drenering betrar òg moglegheita for produksjon og innhausting i periodar med ekstremvêr. Tilskot til drenering blei innført på nytt i 2013. Det er sett av til saman 380 mill. kroner til ordninga frå 2013 – 2016. I tillegg til ordningane under RMP og SMIL, der fleire òg medverkar til reduserte klimagassutslepp og klimatilpassing, er det etablert eit klima- og miljøprogram som skal bidra til å nå landbrukspolitiske målsetjingar på klima- og miljøområdet gjennom utgreiingar og informasjonstiltak. Det blei mellom anna løyvd støtte til 13 prosjekt innanfor fagområda klimatilpassing, klimagassutslepp/karbonbinding, forureining og naturmangfald/naturminne. Blant prosjekta er Klimasmart landbruk, som er eit prosjekt som vektlegg klimarådgiving på gardsnivå.

Landbrukssektoren og miljøsektoren samfinansierer satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket kvar med 6 mill. kroner i 2016 (totalt 12 mill. kroner). 22 område som er eit representativt utval av verdifulle jordbrukslandskap som inneheld særskilde verdiar knytte til naturmangfald og kulturmiljø er peikte ut. Liknande samfinansiering er det for verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan, der verdiane i områda m.a. er knytte til jordbrukets kulturlandskap og er avhengige av aktiv jordbruks drift.

Beitande dyr og aktive setrar er viktig for å ta vare på jordbrukslandskap og for å halde ved lag mange plante-, sopp- og dyrearter. I 2016 blei det gitt tilskot til totalt 2,4 millionar husdyr på utmarksbeite. Det har vore ei auke i tal dyr på beite i utmark frå 2015 til 2016. Om lag 69 pst. av alle beitedyr var på utmarksbeite i 2016, for sau var andelen 85 pst. og for storfe var den 29 pst..

Stortinget behandla regjeringa sin jordvernstrategi den 08. des. 2015, og vedtok innstillinga til næringskomiteen, jf. Innst. 56 S (2015 – 2016). I oppmodingsvedtak 140 fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar, og bad regjeringa om at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2016 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 6 026 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk. Talet på dekar godkjent nydyrka mark gikk opp med 20 pst. frå 18 139 dekar i 2015 til 21 612 dekar i 2016, og ligg på eit høgt nivå samanlikna med tala på 2000-talet. I alt blei 964 søknader behandla i 2016. Sidan 2007 (10 år) er godkjent nydyrka mark 16 445 dekar per år i gjennomsnitt.

Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar er naudsynt for å sikre variasjon og unngå tap av sortar, arter og rasar. Svalbard globale frøkvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikringskopiar av frøa i verdas genbankar. Ved utgangen av 2016 romma frøkvelvet sikkerheitskopiar av 880 837 frøprøvar frå 71 institusjonar verda over. The International Centre for Agricultural Research in Dry Areas (ICARDA), i Aleppo, Syria varsla om at dei førebur sending av nyleg oppformera frø av dei dei henta tilbake i 2015. Føremålet med uttaket var å dyrka fram nye frø for lagring i nabolanda til Syria og å sende nye friske frø tilbake til Svalbard. I tillegg blei det deponert 42 979 ulike nye frø i frøkvelvet frå 17 genbankar.

Det blir òg løyvd særleg tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar. Tal frå 2016 viser at alle utanom ein av dei bevaringsverdige storferasane har hatt ein auke i talet på avlskyr, mens den kritisk truga storferasen Vestlandsk raudkolle har hatt ein tilbakegang på 5 pst..

Landbruks- og matdepartementet gav også i 2016 støtte til vidare arbeid med Miljøregistreringer i Skog (MiS). Det blei løyvd 4,55 mill. kroner til dette arbeidet for 2016. Landbruksdirektoratet starta i 2016 med å innpasse Natur i Norge (NiN) i opplegget for MiS. Areal i økologisk drift utgjorde i 2016 om lag 4,5 pst. av det totale jordbruksarealet i Noreg. Omsetnaden av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel aukar framleis. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden av økologiske produkt i daglegvarehandelen med meir enn 24 pst. frå 2015 til 2016. Totalt vart det omsett økologisk mat for om lag 2,5 mrd. kroner i 2016, tilsvarande 1,8 pst. av totalmarknaden.

I 2016 starta regjeringa ei ordning med gjødsling av skog som klimatiltak, og ei ordning for tettare planting etter hogst på eksisterande skogareal. I 2016 blei det gitt tilskot til tettare planting på 97 000 daa, som svarar til om lag halvparten av det totale tilplanta arealet. Det blei gjødsla om lag 82 000 daa. Aktiviteten under begge desse to ordningane blei høgare enn forventa, med bakgrunn i at dette var første året dei var i drift. Det blei òg gitt ei ekstra løyving til Stiftelsen Det norske Skogfrøverk for å styrkje skogplanteforedlinga som eit klimatiltak i skogbruket.

Plan for vidare arbeid

Departementet vil følgje opp arbeidet med genetiske ressursar, Svalbard globale frøkvelv, og delta aktivt i dei aktuelle internasjonale prosessane under FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO (Food and Agriculture Organization) og den Internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk.

Det er tverrpolitisk semje i Noreg om å arbeide for å avgrense matsvinnet. LMD vidarefører arbeidet med å førebyggje og redusere matsvinn, blant anna gjennom bransjeavtala om reduksjon av matsvinn med fire andre departement og matbransjen, som vart signert 23. juni 2017.

Nye regionale vassforvaltingsplanar vart vedtekne for perioden 2016 – 2021. Landbruket skal satse vidare på å redusere tap av næringsstoff frå jordbruket til vatn og vassdrag blant anna gjennom målretta jordbrukstiltak og effektiv bruk av gjødsel.

Frå 2018 endrar Bioenergiprogrammet namn til Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket, for betre å spegle at programmet har fått utvida verkeområde frå 2017. Innovasjon Noreg har opna for å gje investeringsstønad til anlegg som kombinerer biovarmeproduksjon med både varme- og straumproduksjon frå solfangarar/-celler. I tillegg er produksjon av biokol som sideprodukt til bioenergi, eit nytt utviklingsområde under programmet. LMD vil føre vidare satsinga på fornybar energi i 2018 med ei uendra ramme i høve til 2017. Det er óg øyremerkte midlar under jordbruksavtalen til forsking og utgreiing til klimaformål, og støtta til levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg blir ført vidare. Gjennom eit samarbeid mellom programmet Bionær i Forskingsrådet og Innovasjon Noreg blir det arbeidd aktivt med å utvikle løysingar for å auke biogassproduksjonen basert på husdyrgjødsel. Arbeidet blir koordinert med satsinga på biogass under Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi.

LMD styrkjar forsking på mogleggjerande teknologiar for framtidas bioøkonomi og lågutsleppssamfunn med 10 mill. kroner i 2018. Midlane skal inngå i eksisterande program i Forskingsrådet. Regjeringas bioøkonomistrategi framhevar behov for auka kunnskap på dette området.

LMD vil styrkje verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan med 2 mill. kroner. Ordninga med utvalde kulturlandskap i jordbruket blir utvida med 10 nye område i 2017. Det blir arbeidd vidare med å etablere fleire nye område i perioden 2018 – 2020. KLDs budsjett blir kutta med 4,5 mill. kroner, medan finansiering over Jorbruksavtala blir auka med 2 mill. kroner i 2018.

Hausten 2017 vil LMD etter planen leggje fram ein nasjonal strategi for villbier og andre pollinerande insekt. Arbeidet er tverrsektoriellt og skal følgjast opp av dei departementa som var med i utviklinga av dokumentet.

Regjeringa vil føre vidare og vurdere ei styrking av satsingane på tettare planting ved forynging av skog, gjødsling av skog og skogplanteforedling. Fornying av skogfrøplantasjar dei neste 10 åra er avgjerande både for ei satsing på skogplanteforedling som klimatiltak, og for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Regjeringa vil derfor vidareføre løyvinga til langsiktig skogplanteforedling og utvikling av Skogfrøverket på om lag det same nivået i 2018 som i 2017. Klimatiltaka i skog vil medverke til å styrkje ressursgrunnlaget – og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa i eit langsiktig perspektiv.

8.1.11 Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsverksemd kan ha miljøkonsekvensar som naturinngrep, tap av naturmangfald, forureining av jord, luft og vatn og utslepp av klimagassar til atmosfæren. Ein god nærings- og miljøpolitikk vil søkje å avgrense miljøkonsekvensane av næringsverksemd innanfor rammene av ei berekraftig utvikling der òg omsynet til langsiktig verdiskaping blir teke vare på.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) arbeider for at norsk næringsliv kan utnytte moglegheitene som ligg i auka vektlegging av klima- og miljømål i politikkutforming og marknader. Ein aktiv innovasjonspolitikk for å fremje utvikling og kommersialisering av meir miljøvenlege teknologiar og tenester er ein viktig del av dette arbeidet. Utfordringa med å utvikle og ta i bruk meir miljøvennleg teknologi er hovudsakeleg ei oppgåve for næringslivet. Myndigheitenes oppgåve er først og fremst å utforme riktige rammevilkår. Regjeringa la våren 2017 fram Meld. St. 27 (2016 – 2017) Industrien – grønnere, smartere og mer nyskapende, med ei rekke tiltak for å fremme grøn industriutvikling.

Hovuddelen av klima- og miljøinnsatsen innanfor NFD sitt ansvarsområde går til miljørelatert ressurs- og næringsforsking, tiltak for å stimulere til utvikling av klima- og miljøteknologi, opprydding etter gruvedrift og industri, tiltak for berekraftig forvalting av fiskeressursar og berekraftig havbruk, og til oppbygging av kunnskap om marine ressursar.

Rapport for 2016

I 2016 gjekk 47 pst. av Innovasjon Noreg sine tilsegner om lån og tilskot – om lag 2,9 mrd. kroner – til miljøretta prosjekt. Tilsvarande tal for 2015 var 2,4 mrd. kroner. Døme på miljøretta prosjekt er kommersialisering av miljøteknologi, betring av miljøkvaliteten på produkt eller at prosjektet fører til at verksemda blir miljøsertifisert.

Miljøretta forsking innanfor marin og maritim sektor inkluderer forsking både på miljøkonsekvensar av påverknad i marine økosystem og korleis verksemder innanfor desse sektorane kan drivast med mindre miljøkonsekvensar. Det er òg omfattande forsking på konsekvensen av klimaendringar for marine økosystem og ressursar. Ei rekkje av dei andre næringsretta programma gir òg bidrag til miljørelevant forsking innafor klima, energi og industri.

Direktoratet for mineralforvalting arbeider med tiltak for å avgrense forureininga etter tidlegare gruvedrift på Løkken, i Folldal og i Sulitjelma. NFD finansierer òg miljøtiltak i Raufoss Industripark.

Driftsmetodar og teknologi i havbruksnæringa må utviklast i takt med auka produksjonsvolum. Det har vore stor interesse for ordninga med utviklingsløyve som vart etablert i 2015, og næringa viser stor vilje og evne til å utvikle drift og teknologi for å handtere miljøutfordringar.

Saman med dei andre EFTA-landa har Noreg utarbeidd reglar om handel og berekraftig utvikling som leggjast fram i alle frihandelsavtaleforhandlingar. Kapitlet om berekraftig utvikling inneheld reglar om miljø- og arbeidstakarrettar.

Plan for vidare arbeid

NFD vil medverke til å utvikle og ta i bruk miljøteknologi og meir miljøvennlege varer og tenester, mellom anna gjennom miljøteknologiordninga til Innovasjon Noreg.

Innan Noregs forskingsråds program vil det bli gitt støtte til prosjekt som er venta å ha eit potensial for å påverke klimagassutslepp på kort og lang sikt.

Regjeringa arbeider med å opprette eit nytt investeringsselskap som skal medverke til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar. I statsbudsjettet for 2018 er det foreslått å tilføre selskapet ein investeringsrammekapital på 400 mill. kroner frå og med 2018. Løyvingane vil bli trappa ytterligare opp i lys av selskapets verksemd og investeringsmoglegheiter. Forskinga på konsekvensar av klimaendringar for marine økosystem og ressursar vil bli vidareført. Den systematiske overvakinga av hav- og kystområde for å kartleggje eventuelle uønskte stoff blir vidareført. Det er òg lagt vekt på å styrkje kunnskapsgrunnlaget om forureining med plast og mikroplast i havet.

Regjeringa gjer framlegg om at det blir gjennomført eit krilltokt til Antarktis vinteren 2018 – 2019, og at det løyvast 11 mill. kroner i 2018-budsjettet til dette formålet. Då toktet hovudsakeleg vil finne stad i 2019, må det løyvast midlar til formålet òg i 2019. Totalramma for eit tokt vil vere på om lag 50 mill. kroner, avhengig av blant anna val av fartøy. Krill er ein viktig ressurs i næringsmessig samanheng. Hovudformålet med toktet vil vere å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av krill i Antarktis gjennom kunnskapsinnhenting om krill og økosystemet krilla lever i. Prosjektet er av stor betydning for Norges arbeid både under Antarktistraktaten med Miljøprotokollen og under CCAMLR (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources).

Miljø er eit av dei prioriterte områda i regjeringas maritime strategi. I 2017 har regjeringa endra kriteria i ordninga for grøn fornying av nærskipsfartsflåten for å gjere den meir treffsikker. Ordninga blir vidareført i 2018. I mai vart det signert ei ny avtale med næringsorganisasjonane som grunnlag for vidare fritak for NOx-avgift etter 2017. Avtala vil gjelde for perioden 2018 – 2025. Sjøfartsdirektoratet skal styrkje kompetansen og bidra til utvikling av nye klimavennlege løysingar for skipsfarten.

Direktoratet for mineralforvalting skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til det beste for samfunnet. Dette omfattar òg å syte for forsvarleg og berekraftig forvalting av mineralressursar og redusere miljømessige konsekvensar av tidlegare mineraluttak.

Det er enno ikkje bestemt når nokre av dei norske nukleære anlegga skal avviklast. NFD følgjer opp kvalitetssikringsrapportane knytte til avvikling av dei nukleære anlegga i Halden og på Kjeller. Opprydding er berekna å ha ein samla kostnad på 14,5 mrd. kroner over fleire tiår.

Implementering av det nye produksjonsreguleringsregimet i havbruksnæringa er viktig for å sikre at den ønskja auken i havbruksproduksjonen skjer innanfor miljømessig akseptable rammer. Det vil bli prioritert å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for estimat av fiskebestandar, og det må sikrast ein tilstrekkeleg kontroll med bestandsuttaket. Det er viktig å utvikle og ta i bruk fiskemetodar som reduserer utkast av fisk og bifangst og gjer mindre skade på botnhabitat. Innsatsen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) er særleg viktig for å sikre ei berekraftig hausting av dei globale fiskeressursane. NFD vil gå gjennom eksisterande arealtiltak for å vurdere om dei beskyttar eit representativt utval av naturtypar.

8.1.12 Olje- og energidepartementet

Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Ei rekkje reguleringar medverkar til at det blir teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging og produksjon av fornybar energi. Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande avbøtande tiltak.

Olje- og energidepartementet (OED) vil i 2018 følgje opp innsatsområda i klimapolitikken og halde fram arbeidet for å følgje opp og forsterke regjeringa sin klima- og miljøpolitikk gjennom satsing på forsking og teknologiutvikling, uttesting og energiomlegging på olje- og energiområdet.

Rapport for 2016

Departementet medverka i 2016 til effektiv og miljøvennleg forvalting av energiressursane, ein effektiv og vel fungerande kraftmarknad, ei heilskapleg og miljøvennleg forvalting av vassressursane og betring av samfunnet si evne til å handtere flaum- og skredrisiko. Førebygging av flaum- og skredskader er gode klimatilpassingstiltak. Arbeidet skjedde i eit nært samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat, og statsføretaka Enova og Statnett.

OED la i april 2016 fram Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring – energipolitikkenmot 2030. Meldinga slår fast at energiforsyning, klimautfordringar og næringsutvikling må sjåast i samanheng for å sikre ei effektiv og klimavennleg energiforsyning.

OED og Enova inngjekk ei ny fireårig avtale i desember 2016. Avtalen trådde i kraft 1. januar 2017 og gjeld til utgangen av 2020. Gjennom mellom anna eit nytt formål og tre nye delmål dreiar den Enova si merksemd meir mot innovasjon og utvikling av nye energi- og klimaløysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet. Den nye avtala inneber òg ei styrkt satsing på å redusere utslepp i transportsektoren og andre ikkje-kvotepliktige næringar. I medhald av avtala for perioden 2012 – 2016 skulle Enova bidra med energi- og klimaresultat som samla svarer til minimum 7 TWh/år i 2016. Ved utgangen av avtaleperioden hadde Enova, korrigert for kanselleringar, kontraktsfesta eit energi- og klimaresultat på 9,7 TWh/år. Enova nådde dermed målet i avtala.

OED har i 2016 følgt opp regjeringa sin strategi for arbeidet med CO2-handtering slik den er presentert i OEDs Prop. 1 S (2014 – 2015). Denne inkluderer forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering. Departementet har ivareteke eigaroppfølging av Gassnova SF, under dette føretaket si forvalting av statens eigarinteresser i teknologisenteret på Mongstad. Departementet har òg hatt tett dialog med føretaket om oppfølginga av eit arbeid med å studere moglege prosjekt for fullskala CO2-handtering i Noreg.

Moglegheitsstudiane, som vart fullførte i 2016, viste at det er teknisk mogleg å realisere ei heil CO2-handteringskjede (fangst, transport og lagring) i Noreg.

Gjennom 2016 har det blitt gjennomført tre testkampanjar ved teknologisenteret på Mongstad (TCM) der den første starta hausten 2015 og den siste vart avslutta i mai 2017. Arbeidet har medverka til å vidareutvikle CO2-fangstteknologiar. Erfaringane har medverka til å redusere teknisk risiko, miljørisiko og kommersiell risiko ved framtidig bygging og drift av store CO2-fangstanlegg.

Dei nye forskingssentra for miljøvennlig energi (FME) blei gjort kjent i mai 2016. Åtte nye senter er etablerte innanfor CO2-fangst og -lagring, miljøvennleg transport, vasskraft, biodrivstoff, energieffektivisering i industrien, smarte energisystem, nullutslepp i byområde og solceller. FME-ordninga er ein av dei viktigaste berebjelkane for Noreg si satsing på forsking, utvikling og innovasjon for framtidas berekraftige energisystem. Senterordninga ligg under Noregs forskingsråd og inneber støtte til forskingssenter samansette av forskingsinstitusjonar, næringsliv og forvalting. FME-ane kan vare i inntil åtte år, men blir vurderte etter fem år.

Plan for vidare arbeid

Enova er eit sentralt verktøy i regjeringa sin politikk for å redusere norske utslepp av klimagassar og utvikle framtidas energisystem. Enovas formål er å bidra til å redusere klimagassutslepp og styrka forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg bidrar til reduserte klimagassutslepp. Gjennom mellom anna dette nye formålet og tre nye delmål dreier den nye avtala Enova si merksemd meir mot innovasjon og utvikling av nye energi- og klimaløysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet. Den nye avtala inneber òg ei styrkt satsing på å redusere utslepp i transportsektoren og andre ikkje-kvotepliktige næringar. Regjeringa er oppteken av at vi skal komme dit at dei miljø- og klimavennlege løysingane blir å føretrekke utan støtte. Det er naudsynt for å vere konkurransedyktig i eit lågutsleppssamfunn. Den nye avtala gir Enova økonomiske rammer, høve til å arbeide på lang sikt, og stor fagleg fridom. Styringsmodellen gir Enova høve til mest mogleg effektivt å utnytte dei ressursane som er stilt til rådvelde.

Det overordna målet for regjeringas CO2-handteringspolitikk er å bidra til at CO2-handtering blir eit kostnadseffektivt tiltak i arbeidet mot globale klimaendringar. Arbeidet med CO2-handtering skal medverke til å utvikle og demonstrere teknologi for fangst og lagring av CO2 med eit spreiingspotensial. For at måla for arbeidet med CO2-handtering skal bli nådd, er det naudsynt med teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar, blant anna gjennom utbygging av fullskala demonstrasjonsanlegg. Basert på resultata frå ein studie av moglege fangstanlegg frå 2016, vart det bestemt at planleggingsarbeidet skulle førast vidare, jf. OEDs Prop. 1 S (2016 – 2017). Gassnova har tildelt kontraktar for konseptstudiar med opsjon på forprosjektering for CO2-fangst og -lagring. Tre industriaktørar, Norcem, Yara og Klemetsrudanlegget, leverer sine konseptstudiar hausten 2017. Gassco har tildelt kontraktar for konseptstudiar av skipstransport av CO2 til Larvik Shipping og Brevik Engineering. Desse studiane vil også vere ferdigstilte hausten 2017. Statoil har blitt tildelt kontrakt for konseptstudiar av CO2-lager. Konseptval for lagerdelen av prosjektet er planlagt sommaren 2018. Regjeringa kjem tilbake til Stortinget med eit heilskapleg framlegg om arbeidet med fullskala CO2-handtering i Noreg etter at resultata frå konseptstudiane på fangst er gjennomgått, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018.

Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i regjeringas satsing på fangst- og lagring av CO2. TCM vart offisielt opna i mai 2012 og det har vorte gjennomført kontinuerlege testaktivitetar ved anlegget sidan. Staten, Statoil, Shell og Total har ført vidare drifta ved Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad (TCM), i første omgang i tre nye år etter at gjeldande avtale gjekk ut i august 2017.

Gjennom ENERGIX-programmet og FME-ordninga vil regjeringa framleis satse på forsking og utvikling av energiteknologiar som kan bidra til å utnytte norske energiressursar effektivt og miljøvennleg. Det er viktig å utvikle kunnskap og kompetanse som kan bidra til langsiktig verdiskaping og næringsutvikling. Den offentlege innsatsen er retta mot meir effektiv energiproduksjon, energioverføring og energibruk i stasjonær energiforsyning og i transport, auka energitilgang basert på miljøvennleg energi, betre tryggleik og fleksibilitet. Offentleg støtte skal òg bidra til utvikling av eit internasjonalt konkurransedyktig forskingsmiljø og næringsliv. Forsking og utvikling er eit sentralt element i regjeringas intensjon om at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg energibruk og energiproduksjon.

8.1.13 Samferdselsdepartementet

Eit av Samferdselsdepartementets (SD) hovudmål er å redusere klimagassutsleppa i tråd med ei omstilling mot eit lågutsleppssamfunn og redusere andre negative miljøkonsekvensar, samtidig som vi sikrar befolkninga auka mobilitet i både by og distrikt. Ei optimal innretting av bygging, drift og vedlikehald, og satsing på jernbane, sjø, sykkel, gange og kollektive løysingar, kan avgrense miljøpåverknad frå trafikken. Sektoren skal leggje til rette for arealbruk som gir klimavennleg mobilitet for personar og gods ved å stimulere til meir effektiv transport og logistikk. SD legg stor vekt på eit taktskifte for å ta i bruk meir miljøvennleg transportmiddelteknologi og alternative drivstoff.

Det er foreslått om lag 2,5 mrd. kroner til tiltak i storbyområda, ein auke på 23 pst. frå saldert budsjett 2017. Regjeringa foreslår 226,2 mill. kroner til gang- og sykkelvegar. I tillegg ligg det inne forslag om 70 mill. kroner til gang- og sykkeltiltak frå ekstern finansiering, i all hovudsak bompengar. Regjeringa foreslår også 76,4 mill. kroner til tilskotsordninga for gang- og sykkelveg på fylkeskommunalt- og kommunalt vegnett. Til jernbaneformål er det foreslått 23,1 mrd. kroner. Det er sett av 2,1 mrd. kroner til vidare planlegging av InterCity, inkludert Ringeriksbanen. Kjøp av persontransport med tog er foreslått auka. Vedlikehaldet på jernbanen blir halde oppe på eit høgt nivå.

Rapport for 2016

Auka transportarbeid gjer at klimagassutsleppa frå 1990 til 2015 har auka med 43 pst. for luftfart (siste offisielle tal), og med 32 pst. til 2016 for vegtrafikk (førebelse tal). For same periode har utsleppa frå innanriks sjøtransport og fiske gått ned med om lag 5 pst.

I 2016 var klimagassutsleppa frå vegtrafikken 9,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette utgjer 18,5 pst. av dei nasjonale klimagassutsleppa. Utsleppa vart redusert med 3,6 pst. i 2016, mens trafikkveksten var 2,2 pst. (SSB, mai 2016). Samtidig gir meir energieffektive køyretøy, el- /hybridbilar og særleg innblanding av biodrivstoff lågare utslepp. Reduksjonen i 2016 skuldast i hovudsak auka omsetjing av biodrivstoff, frå 188 millionar liter i 2015 til 462 millionar liter i 2016. Noreg har eit mål om at utslepp frå nye personbilar ikkje skal overstige eit gjennomsnitt på 85 g CO2/km i 2020. Gjennomsnittleg utslepp frå personbilar som er registrerte for første gong, er redusert frå 177 til 93 g/km frå 2006 til 2016 og til 86 g/km første halvår 2017.

Til og med første halvår 2017 er det totalt registrert 114 876 elektriske personbilar i Noreg. Vektfrådraget i eingongsavgifta for ladbare hybridbilar vart auka frå og med 1. januar 2015. Til saman står elbilar og ladbare hybridbilar for 34,9 pst. av nybilsalet i første halvår 2017. Per 31.08.2017 er 8579 ladepunkt offentleg tilgjengeleg i Noreg (nobil.no).

Innanriks sivil luftfart i Noreg var ifølge Statistisk Sentralbyrå i 2015 (siste offisielle tall) 1,3 mill. tonn, dvs. 2,4 pst., av samla norske utslepp. Klimagassutslepp frå utanrikstrafikken, frå norske lufthamner til første destinasjon i utlandet, var i 2015 1,5 mill. tonn CO2-ekvivalenter. Frå 2016 kunne alle flyselskap som tankar drivstoff på Oslo Lufthamn kjøpe jet biodrivstoff. Klimagassutslepp frå flygingar innan EØS-området er i hovudsak inkludert i det europeiske kvotesystemet.

Klimagassutsleppa frå all innanriks kystfart og småbåtar i Noreg var ifølge Statistisk Sentralbyrå i 2015 (siste offisielle tall) 1,9 mill. tonn, dvs. 3,5 pst., av samla innanriks utslepp. For losberedskapsavgifta innførte Kystverket i 2015 ei rabattordning for miljøvennlege skip basert på Environmental Ship Index (ESI). Stadig fleire hamner har innført liknande miljørabattar på anløpsavgifta eller kaivederlaga. I 2016 var det om lag 20 offentlege hamner som hadde miljørabattar. Effektivisering av navigering, transport og logistikk bidreg til redusert drivstofforbruk og til å styrkje skipsfarten.

Samferdselsektoren påverkar naturmangfald og vasskvalitet gjennom å vere utbyggjar og forvaltar av infrastruktur med tilhøyrande aktivitetar. Etatane og underliggjande verksemder tar omsyn til naturmangfald og økologisk- og kjemisk vasskvalitet gjennom planleggingsfasen, byggjefasen og gjennom drift og vedlikehald. Transportetatane arbeider med å auke kunnskapen på området. Tiltak er sett i verk for å følgje opp metodane. Etatane og Avinor deltek alle i arbeidet med å følgje opp vassforskrifta. Prosjektet NORWAT (Nordic Road Water) som blei avslutta i 2016, har auka kunnskapen om korleis ein kan planleggje, byggje og drifte vegnettet slik at risikoen for forureining av metall og miljøgifter kan reduserast. Dei seinare åra har det vore ein aukande tendens i samla saltbruk i vegsektoren, og det har vore sett i verk fleire tiltak for å redusere bruken av salt. Foreløpige tal for vintersesongen 2016/2017 viser ein nedgang på 35 000 tonn samanlikna med sesongen 2015/2016. I 2016 ferdigstilte Jernbaneverket ei omfattande kartlegging av forureina grunn i samband med byggjeprosjekt.

Forureiningsforskrifta sin grenseverdi for svevestøv (PM10) vart overskriden i Narvik og Tromsø i 2016. Det er sannsynleg at trafikken er hovudkjelda i Tromsø, mens industri- og hamneaktivitet nok bidreg i stor grad i tillegg til trafikken i Narvik. Det var overskridingar av grenseverdiane for NO2 i 2016 i Oslo og Bergen. I Bergen var årsmiddelet 41 μg/m3, medan grensa er på 40 μg/m3. I Oslo var det 55 μg/m3. Den viktigaste kjelda til lokal NO2-forureining er vegtrafikk. Ei ny forskrift for lågutsleppssone for bilar blei fastsett i 2016 og var eit nytt verkemiddel for kommunar med lokal luftforureining.

Plan for vidare arbeid

SDs etatar og verksemder skal vidareutvikle tverretatlege verkemiddel på klima- og miljøområdet, t.d., indikatorar, metodikk for før- og etterundersøkingar, og bruk av økologisk kompensasjon ved bygging av ny infrastruktur og utvikling av felles gjennomføringsmetode for eigen aktivitet og innkjøp. Kostnadseffektivitet er sentralt i arbeid med utvikling av verkemiddel.

Regjeringa vil auke satsinga på eit senter for oljevern og miljø i Lofoten/Vesterålen med 10 mill. kroner frå 2018.

For å redusere klimagassutsleppa frå personbilar rettar regjeringa innsatsen både mot å fremje sal av energieffektive konvensjonelle bilar og mot auka sal av bilar med låg- og nullutsleppsteknologi. CO2-avgifta på drivstoff er eit viktig verkemiddel for å redusere utslepp frå sektoren. Til grunn for regjeringa sine måltal for låg- og nullutsleppskøyretøy er det føresett at dei ulike kjøretøysegmenta vil ha ei teknologisk modning slik at nullutsleppskøyretøy blir meir konkurransedyktige samanlikna med konvensjonelle løysingar. SD legg framover meir vekt på å nytte anskaffingsregelverket for å auke tilbodet av klimavennlege kollektivtilbod. Offentlege etatar skal i størst mogleg grad nytte biodrivstoff, låg- og nullutsleppsteknologi i eigne og leigde køyretøy og fartøy. For å utvikle eit nullutsleppsalternativ til dagens konvensjonelt baserte energisystem i riksvegferjer, har Statens vegvesen etablert eit utviklingsprosjekt for ei delvis hydrogendriven ferje med planlagt driftsstart i 2021. Avinor vurderer å utvide ordninga med leveranse av biojetdrivstoff til alle fly til andre lufthamner enn Oslo og Bergen lufthamn, og har sett i gang eit langsiktig prosjekt for å vurdere korleis det kan leggjast til rette for at elektriske passasjerfly kan bruke Avinors lufthamner. Samferdselsdepartementet støttar dette arbeidet.

Bymiljøavtalene og byvekstavtalene vil vere av dei viktigaste verktøya for at fleire reiser kollektivt, syklar og går i dei største byane, og for å sikre ein målretta arealbruk som reduserer transportbehovet og gir betre utnytting av dagens kapasitet i transportsystemet. Det vart inngått bymiljøavtalar i 2016 og 2017. Desse avtalene vil bli reforhandla til byvekstavtaler i 2018. Dei første byvekstavtalene blei inngått hausten 2017. For andre byområde omfatta av ordninga, vil innføring av byvekstavtaler skje på bakgrunn av erfaringane frå inngåing av avtalene med dei fire største byområda. Premieringssordninga for betre kollektivtransport blir no gradvis fasa ut, men premieringsmidlane blir vidareførte i bymiljøavtalene og byvekstavtalene. Det vil leggje til rette for meir langsiktige prioriteringar og heilskapleg verkemiddelbruk.

I samarbeid med underliggjande etatar, verksemder og næringsliv skal SD utarbeide ein handlingsplan for at byggjeplassar/anleggsplassar innan transportsektoren skal vere fossilfri.

Det vil bli starta opp eit arbeid i 2018 med ein ny nærskipsfartsstrategi som skal styrkje sjøtransportens rammevilkår, slik at meir gods kan overførast frå veg til sjø. Kystverket vil saman med andre myndigheiter ta eit fagleg ansvar for å vurdere tiltak og eigna verkemiddel for å stimulere til auka bruk av lågutsleppsteknologi, under dette landstraum, i nærskipsfartsflåten. Gjennom planen for fornying av fartøy vil Kystverket føre vidare arbeidet med overgang til låg- og nullutsleppsløysingar for eigne fartøy og dermed medverke til teknologiutviklinga i sektoren. Samferdselsdepartementet innførte i 2017 ei tilskotsordning for overføring av gods frå veg til sjø. Ordninga blir forvalta av Kystverket. Reiarar kan søkje tilskot til prosjekt som har til føremål å overføre gods frå veg til sjø. Ordninga er basert på at vegtransport fører med seg høgare kostnadar for samfunnet enn sjøtransport, mellom anna i form av høgare klimagassutslepp, lokal forureining og støy.

Etatane og underliggjande verksemder skal ta omsyn til naturmangfald og økologisk- og kjemisk vasskvalitet gjennom planleggingsfasen, byggjefasen og gjennom drift og vedlikehald. Tiltak som forringar verneområde eller verdifulle naturområde skal unngåast så langt som mogleg ved å velje ein annan trasé, før avbøtande tiltak, restaureringstiltak eller i siste instans, økologisk kompensasjon blir vurdert. Etatane og underliggjande verksemder skal arbeide for å redusere utsleppet av plast og unngå at mikroplast blir spreidd til naturen og spesielt til vassførekomstar. Etatane og underliggjande verksemder skal ha oversikt over bruken av miljøskadelege og potensielt miljøskadelege kjemikaliar innan sektoren. I 2018 held arbeidet fram med å implementere resultata frå prosjektet NORWAT (Nordic Road Water). Bruken av miljøgifter i vegbygging og vegdrift skal reduserast raskt og utfasast.

Før- og etterundersøkingar skal gjennomførast for prosjekt med usikker til stor negativ konsekvens for naturmangfald. Det blei i 2016 gjennomført eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Jernbaneverket om metodar for å gjennomføre før- og etterundersøkingar i samferdselsprosjekt. Vidareutvikling og implementering av dette held fram i 2018. Arbeidet med pilotprosjekta for økologisk kompensasjon blir vidareførde.

Det trengst eit breitt samarbeid for å betre den lokale luftkvaliteten, både med tanke på NO2 og svevestøv. Krava i forskrifta om lokal luftkvalitet for NO2 kan ved ugunstig vêr bli brote fram til mellom 2020 og 2025 om det ikkje blir sett i verk nye tiltak. Lokale myndigheiter kan nytte ei rekke ulike tiltak og det er framleis naudsynt med generelle tiltak som t.d. piggdekkgebyr, setje ned fartsgrensene om vinteren, bruke saltløysing og auka reinhald for å dempe at støv kvervlar opp frå vegbana. Det er piggdekkgebyr i Bergen og Oslo, og det blir òg innført i Stavanger for vintersesongen 2017/2018 og frå 1. nov 2017 i Trondheim. Lågutsleppssoner, miljødifferensierte bompengesatsar og tidsdifferensierte bompengesatsar er nye verkemiddel som kommunane kan nytte.

Statens vegvesen vil i 2018 halde fram arbeidet med lokale luftkvalitetsmålingar og prognosar for å varsle befolkninga om forureininga. Det vil bli arbeidd vidare med å undersøke utslepp frå bilar i verkeleg trafikk og ved låge vintertemperaturar. Resultata så langt viser at NOx og NO2-utslepp frå tunge køyretøy, som bussar og lastebilar, er om lag på nivå med krava i EURO VI køyretøy ved kjøring i verkeleg trafikk, mens diesel personbilar har vesentleg høgare utslepp ved kjøring i verkeleg trafikk enn kravet ved typegodkjenninga for EURO 6. Statens vegvesen arbeider og med å betre.

Gjennom styringa av etatane og selskapa vil regjeringa ivareta samferdselssektorens ansvar for å førebyggje og redusere støyplager gjennom planarbeid, tiltak på bustader og kjelderetta tiltak. Statens vegvesen vil hausten 2017 avgjere korleis arbeidet med støysvake vegdekke skal vidareførast. Godstrafikken på jernbane fører fleire stader til høge støynivå og er særleg utfordrande og ofte dimensjonerande for støytiltak på jernbane. Dersom det lukkast å installere komposittbremseklossar på godstog, vil det allereie i 2018 kunna syne ei planlagt innsparing i samband med prosjektering av støyskjermetiltak for nye prosjekt.

8.1.14 Utanriksdepartementet

Arbeidet med klima og miljø har ein viktig plass i utanriks- og utviklingspolitikken.

Satsinga på fornybar energi og støtta til Det grøne klimafondet er hovudkomponentar i satsinga. Klimasmart landbruk og matsikkerheit er viktige innsatsområde for klimatilpassingsarbeidet.

Regjeringa prioriterer å bistå utviklingsland med å gjennomføre internasjonale miljøavtaler, mellom anna gjennom støtte til Den globale miljøfasiliteten (GEF) som er finansieringsmekanisme for dei sentrale miljøavtalene. FNs miljøprogram (UNEP) er ein viktig samarbeidspartnar og kanal for fleire av regjeringas prioriteringar, både for gjennomføring av Parisavtala om klimaendringar og for dei globale berekraftsmåla mot 2030, for kapasitetsbygging for grønt skifte i u-land og òg som pådrivar og medspelar i Noregs innsats mot marin forsøpling og mikroplast. Klima- og miljøarbeid er òg ein av hovudpilarane i EØS-ordninga. Programma har som formål å redusere klimagassutslepp og styrkje klimatilpassing, og på miljøområdet styrkje forvaltinga av biologisk mangfald. Klima og miljø er ein viktig del av regjeringas satsing på Nordområda. Utanriksdepartementet jobbar for at Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane også i nord, både nasjonalt, gjennom bilateralt samarbeid, og i regionale forum som Arktisk råd og Barentsrådet.

Rapport for 2016

Det vart i 2016 utbetalt om lag 5,3 mrd. kroner i bistandsmidlar til klima- og miljøtiltak. Under EØS-ordninga (2009 – 2014) blei det avsett i overkant av 420 mill. Euro for perioden fram til 2017 til program innan klima, miljø og fornybar energi. I tillegg kjem relevante prosjekt innan andre program under ordninga som grøn industriell innovasjon og sivilt samfunnsprogramma. Det vart i 2016 òg utbetalt 15 mill. kroner til FNs Klimakonvensjon for å støtte sekretariatets oppfølging og gjennomføring av avgjerder under Klimakonvensjonen.

Satsinga på fornybar energi skjer gjennom bilateralt og multilateralt samarbeid, Norfund, internasjonale initiativ og støtte til frivillige organisasjonar. Noreg gav i 2015 energibistand til blant anna Haiti, Liberia, Mosambik, Myanmar, Nepal, Tanzania og Uganda. Samarbeidet bidro til forbedret lovgivning og bedre kapasitet til regulering av kraftsektoren i blant anna Liberia, Mosambik og Myanmar. Støtte til utbygging av overføringslinjer og distribusjonsnett, og lokale energiløysingar medverka til at fleire på landsbygda fekk tilgang til elektrisitet. Norfund investerte 870 mill. kroner i fornybar energi i 2015. Noreg støtta i 2016 Det grøne klimafondet med 400 mill. kroner. Fondet godkjende i 2016 støtte på til saman om lag 11 mrd. kroner (1,3 mrd. USD) fordelt på 27 tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing i utviklingsland. Støtta til UNEP var på 90 mill. kroner i 2016. Det meste av midlane gjekk til UNEPs sju arbeidsprogram. Det vart blant anna gitt øyremerkte midlar til UNEPs arbeid med økosystembasert førebygging og til fattigdoms- og miljøinitiativet (PEI). Noregs bidrag til den globale miljøfasiliteten (GEF) var i 2016 på 108 mill. kroner. Det har òg blitt arbeidd med fleire andre miljø- og klimatiltak, og støtta gjekk blant anna til betring av luftkvaliteten i utvalte byar i Afrika og Asia, støtte til klimatenester og førebygging av naturkatastrofar relaterte til klimaendringane.

For dei av EØS-midlane som går til klima, miljø og energi for perioden 2009 – 14 er det estimert at programma vil redusere klimagassutsleppa med om lag 620 000 tonn CO2-ekvivalentar pr. år. Midlane har blant anna og medverka til utvikling av om lag 30 nasjonale og lokale klimatilpassingsplanar og til styrking av offentleg forvaltingskompetanse om klimatilpassing.

I 2016 vart det utbetalt 10 mill. kroner til arktiske miljøprosjekt, under dette 7,25 mill. kroner til prosjekt under Arktisk råd. Dette utgjer eit vesentleg bidrag til Noregs samla innsats i Arktisk råds arbeidsgrupper. Prosjektsamarbeid med Russland og miljøprosjekt i Barentsregionen vart vidareført med særleg vekt på samarbeid om heilskapleg forvalting av Barentshavet og grensenært miljøsamarbeid.

Plan for vidare arbeid

Det er anslått at den totale støtta til klima- og miljøområdet med bistandsmidlar (inklusive skog og rein energi) vil bli omtrent 5,3 mrd. kroner i 2017. For norsk klimapolitikk er fornybar energi i utviklingspolitikken eit viktig bidrag. Viktige område vil vere dialog og samarbeid om reformer, lovverk, institusjonsbygging, planlegging og regionalt samarbeid. Bidrag til å sikre fleire tilgang til straum vil òg stå sentralt. Alle land er avhengig av velfungerande økosystem. Regjeringa vil medverke til internasjonalt samarbeid som sikrar biologisk mangfald i samsvar med internasjonale mål. Under toppmøtet på klimakonferansen i Paris desember 2015 annonserte Noreg at støtte til Det grøne klimafondet (GCF) skal aukast med inntil ei dobling innan 2020 dersom fondet får på plass ein finansieringsmekanisme for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Noreg deltek aktivt i utforminga av fondets portefølje og prioriteringar gjennom sin styreplass, og vil, saman med fleire andre land, halde fram arbeidet med å få på plass ein slik finansieringsmekanisme.

Noreg vil arbeide for at FNs miljøprogram (UNEP) skal vere FNs fremste miljøaktør og aktivt bidra til samarbeid på miljø og klimaområdet med andre FN-organisasjonar, multilaterale institusjonar, og regionale og nasjonale aktørar. Noreg skal vidareføre støtte til oppfølging av vedtaket på FNs andre miljøforsamling i 2016 om marin forsøpling, og vil vidareføre fokus på dette området for den tredje miljøforsamlinga i 2017. Noreg sin innsats for klima og miljø er òg styrka gjennom auka fokus på vern av hav og berekraftig ressursutnytting, og det vart i 2017 lagt fram ei stortingsmelding om hav. Det blir oppretta eit eige bistandsprogram på 150 mill. kroner for 2018 for marin forsøpling og mikroplast jf. Meld. St. 22 (2016–2017) Hav i utenriks- og utviklingspolitikk. I 2018 vil Noreg delta i påfyllingsforhandlingar i Den globale miljøfasiliteten (GEF) for perioden 2018 – 22, og tek sikte på auke bidraget frå førre periode. GEF skal aktivt medverke til å nå FNs berekraftsmål og halde fram arbeidet med å støtte implementering av dei globale miljøavtalene i utviklingsland.

For EØS-finansieringsordninga er miljø, energi, klimaendringar og lågutsleppsøkonomi blant hovudprioriteringsområda i perioden 2014–2021.

I 2018 blir det teke sikte på å vidareføre innsatsen på klima- og miljø i mellom anna Arktisk råd og innan Barentssamarbeidet. Miljø er òg eit viktig tema i Nordområdestrategien frå 2017, som vil bli følgt opp i 2018. Ein viser elles til Prop. 1S (2017 – 2018) for Utanriksdepartementet for meir detaljert beskriving av resultat for 2016 og planar for 2018.

8.2 Klimagassbudsjett

Etter klimaforliket frå 2008 skal det i dei årlege budsjettframlegga leggjast fram ei rapportering/klimagassbudsjett som vurderer konsekvensane for klimagassutslepp. Som ei oppfølging av dette har regjeringa hatt ei omtale av klimakonsekvensar av satsingsforslag i statsbudsjettet, for å gi ei oversikt over klimagassutslepp og karbonbinding som følgjer av regjeringas største satsingar i dei mest utsleppsrelevante departementa. Årets rapportering bygger vidare på tidlegare års klimagassbudsjett.

Etter klimalova skal regjeringa frå og med budsjettproposisjonen for 2019 gjere greie for klimaeffekten av framlagt budsjett. Som det kjem fram i omtala av forslag til lovproposisjon er det på mange område fagleg svært krevjande å anslå utsleppseffekten av budsjettet. Det er krevjande å anslå den fulle effekten av både ny og etablert politikk på utviklinga i klimagassutsleppa, og å tidfeste effekten på utsleppa. Forsking og utvikling og bruk av klimavenleg teknologi er eit døme. Slik teknologi er viktig for å løyse klimaproblemet, og Noreg brukar betydelege ressursar på utvikling av klimavennleg teknologi. Det er svært vanskeleg å anslå klimaeffekten av denne ressursbruken. Det er til dømes usikkert når, i kva grad og i kva sektor auka innsats på forsking og teknologiutvikling vil gi resultat i form av reduserte utslepp. Derfor vil regjeringa der ein manglar treffsikker metodikk, i tråd med forarbeida til klimalova, måtte oppfylle dette punktet gjennom tekstlege beskrivingar etter beste faglege skjønn av dei satsingane i budsjettet som ein meiner har vesentleg effekt på klimagassutsleppa. Der det tener føremålet, blir den tekstlege omtala supplert med anslag av klimaeffekten, både positiv og negativ. Det er behov for å vidareutvikle den faglege metodikken for å gjere greie for klimaeffekten av framlagt budsjett på ein god måte. Ei slik metodeutvikling vil òg ha positiv effekt for berekningar av tiltak i statsbudsjettet og andre klimapolitiske verkemiddel. Regjeringa vil følgje opp oppmodingsvedtaket om å opprette eit teknisk berekningsutval på klimafeltet.

Det er mange forhold som påverkar utsleppsutviklinga. I tillegg til innretninga av politikken, blant anna gjennom statsbudsjettet, vil òg økonomiske, teknologiske og befolkningsvise forhold ha stor betyding. Fleire verkemiddel verkar òg saman, og det er krevjande å skilje ut den isolert effekten av eit verkemiddel. Til dømes blir utsleppseffekten av elbilpolitikken bestemt av eit samspel mellom CO2-avgifta, eingongsavgifta, støtta til ladestastasjonar mellom anna i regi av Enova, parkeringsvilkår og høvet til å køyre i kollektivfeltet og passere gratis i bomstasjonar.

Globalt er det energiforsyninga som er den største kjelda til utslepp av klimagassar. Noreg er eit føregangsland på den måten at straumen vår kjem frå vasskraft og fordi vi er verdsleiande på lågutsleppsbilar. Noreg har teke i bruk omfattande verkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar. Over 80 pst. av dei norske klimagassutsleppa er omfatta av sektorovergripande økonomiske verkemiddel som CO2-avgift og/eller det europeiske kvotehandelssystemet. Desse hovudverkemidla set ein pris på utslepp av klimagassar og medverkar dermed til å endre produksjons- og forbruksmønster. CO2-avgifta inngår som ein del av statsbudsjettet, og dekkjer 60 – 70 pst. av utsleppa. EUs kvotehandelssystem dekkjer om lag halvparten av norske utslepp. Prisen på utslepp i kvotehandelssystemet blir i utgangspunktet bestemt i marknaden og inngår ikkje som ein del av statsbudsjettet. Som eit tillegg til kvotar og avgifter blir det nytta direkte regulering, standardar, avtaler og subsidiar til utsleppsreduserande tiltak. Noreg satsar òg på forsking og utvikling. Mange av desse elementa kan ha ein utsleppseffekt utan å inngå i statsbudsjettet. Eksempel er arealplanlegging, matsvinnavtala med næringslivet, forslag om forbod mot nydyrking av myr, nye energikrav i TEK med mellom anna forbod mot varmeinstallasjon for bruk av fossilt brensel, og krav til innblanding av biodrivstoff.

I tillegg til Noregs noverande samarbeid med andre europeiske land innanfor EUs kvotesystem ønskjer regjeringa at Noreg òg skal samarbeide med desse landa om utsleppsreduksjonar innanfor sektorar som ikkje er omfatta av kvotesystemet. Norge medverkar òg til utsleppsreduksjonar i andre land, blant anna gjennom den grøne utviklingsmekanismen (CDM) og ved støtte over bistandsbudsjettet.

Dei viktigaste endringane i årets budsjett som er venta å medverke til å redusere utsleppa er omtalt i del III, kap. 4 i dette budsjettet.

Meir om utsleppseffekt av CO2-avgift

Klimapolitikken reduserer nasjonale utslepp betydeleg. I samband med Noregs sjette nasjonalrapport til FNs Klimakonvensjon vart det utrekna at dei tiltaka og verkemidla som er innførte sidan 1990, samla har redusert utsleppa med rundt 13 – 15 mill. tonn i 2010, samanlikna med ein situasjon utan desse tiltaka, og at reduksjonen i 2020 vil vere om lag 17 – 20 mill. tonn årleg. Det er CO2-avgifta som har bidrege mest til desse utsleppsreduksjonane, men ei rekkje andre verkemiddel har òg hatt vesentleg betydning. Rapporten er frå utgangen av 2013 og anslaga vil bli oppdaterte i samband med Noregs neste rapportering ved årsskiftet.

Klimarelaterte avgifter

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretninga av særavgifter i miljøpolitikken. Miljøavgifter gjer at marknadsprisane i større grad inkluderer samfunnets kostnader ved miljøskadelege aktivitetar. Det medverkar til å redusere dei miljøskadelege utsleppa. Fleire avgifter er direkte retta inn mot utslepp av klimagassar. Dette gjeld først og fremst CO2-avgifta på mineralske produkt, avgifta på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen og avgiftene på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK).

Eingongsavgifta på motorvogner inneheld òg ein CO2-komponent. Den skal påverke forbrukarar til å ta meir klima- og miljøvennlege val ved bilkjøp, men inneber ikkje direkte prising av utslepp av CO2. CO2-kompontenten vart innført i 2007. Regjeringa presenterte ein heilskapleg gjennomgang av bilavgiftene i Meld. St. 2 (2014 – 2015) Revidert nasjonalbudsjett 2015. Målsetjinga var å legge om eingongsavgifta slik at den stimulerer til ein nyare, sikrare og meir miljøvennleg bilpark. Gjennomgangen vart følgt opp med endringar i eingongsavgifta i miljøvennleg retning i budsjetta for 2016 og 2017 gjennom utfasing av avgifta på motoreffekt, redusert avgift på vekt og auka avgift på utslepp av CO2 og NOx. Endringane har medverka til at gjennomsnittlege CO2-utslepp frå nye personbilar er reduserte frå 177 gram CO2/km i 2006 til 93 gram CO2/km i 2016. Frå januar til august 2017 har gjennomsnittlege CO2-utslepp frå nye personbilar vore 86 gram CO2/km. I statsbudsjettet for 2018 foreslår regjeringa å fjerne fritaket for eingongsavgift for elbilar, men samtidig innføre vektfrådrag også for elbilar. Endringane i eingongsavgifta er venta å ha avgrensa betydning for utviklinga av delen elbilar, både fordi dette ikkje er aktuelt for hovuddelen av elbilane, og fordi avgiftsauken utgjer ein relativt liten del av prisen for køyretøya som det blir er aktuelt for. Regjeringa vil vurdere behovet for endringar i verkemiddel i lys av utsleppsutviklinga.

I tillegg er det avgifter som ikkje er direkte retta inn mot utslepp av klimagassar, men som likevel medverkar til reduserte utslepp. Dette gjeld først og fremst vegbruksavgifta, fritak for meirverdiavgift for nullutsleppsbilar og grunnavgifta på mineralolje. Særavgiftene er nærare omtalt i Prop. 1 LS (2017 – 2018) Skatter, avgifter og toll 2018.

I årets budsjett foreslår regjeringa å gjere CO2-avgifta meir kostnadseffektiv ved å fjerne fritak og låge satsar. Dette følgjer opp eit oppmodingsvedtak frå Stortinget og er i tråd med tilrådinga til Grøn skattekommisjon, jf. NOU 2015: 15 Sett pris på miljøet. Utsleppa frå dei sektorane som får innført eller auka CO2-avgift utgjer om lag 600 000 tonn CO2. Det er venta at forslaget vil gi reduserte utslepp, men det er usikkert kor store utsleppsreduksjonane vil bli. Utsleppsreduksjonane vil vere større på lang sikt fordi avgifta vil stimulere til å skifte til meir miljøvennleg teknologi. Eventuell effekt av ny innovasjon og teknologiutvikling vil òg komme på sikt.

Andre klimarelaterte verkemiddel i budsjettet

Etter klimalova vil regjeringa i neste års budsjett gjere greie for klimaeffekten av framlagt budsjett. Årets omtale er meir omfattande enn i tidligare budsjett. Tabell 8.2 og 8.3 inneheld forsøksvise anslag av utsleppseffekten av enkelte element i budsjettet. Nokre element i tabellen blir utdjupa i teksten, for nødvendig omtale av føresetnader og kontekst. I år er utsleppseffekten av Samferdselsdepartementets budsjett omtalt mest omfattande. Transportsektoren står for dei største utsleppa som ikkje er omfatta av EUs kvotehandelssystem, og regjeringa har sett ambisiøse mål for denne sektoren. Vi vil framover vurdere korleis rapporteringa under klimalova bør vere frå 2019-budsjettet.

Tabellane under synleggjer nokre element i framlagt budsjett – tiltak og verkemiddel – som er venta å ha effekt på klimagassutslepp eller karbonbinding. Merk at tabellane synleggjer absolutt utsleppseffekt og ikkje endringar frå fjorårets budsjett. Utsleppseffekten som blir synleggjort i tabellen er anslag på effekten samanlikna med ein situasjon utan dei gitte budsjettpostane. Utsleppseffekten av nokre av elementa er talfesta. Desse tala er svært usikre og kan ikkje nødvendigvis samanliknast. Elementa som blir synleggjort utgjer ikkje heilskapen i klimaeffekten av det framlagte budsjettet. Klimaeffekten av budsjettet kan derfor ikkje summerast av tabellane. Det er krevjande og hefta med stor uvisse å anslå kor stor del av klimaeffekten som kjem av ulike tiltak og verkemiddel. I tillegg verker verkemidla saman. Utrekningar, anslag og vurderingar synleggjort i tabellen er utført av ansvarleg departement.

Tabell 8.2 Tiltak og verkemiddel som er venta å ha effekt på klimagassutslepp eller karbonbinding

Tiltak/verkemiddel

Ansv. departement

Kort beskriving

Relevante budsj.postar

Årleg utsleppseffekt1

kort sikt

lengre sikt

Nye vegprosjekt, oppstart i 2018

SD

Trafikkutslepp

Programkategori 21.30

2018: Ingen effekt.

Marginalt auka utslepp i 2030

Veg- og jernbanevegprosjekt under utbygging, drift og vedlikehald

SD

Direkte anleggsutslepp frå bruk av fossilt drivstoff

Div. under programkategori 21.30 og 21.50

2018: Auka utslepp på +0,2–0,4 mill.

2020: Auka utslepp på +0,2–0,4 mill.

Bymiljø- og byvekstavtaler

SD

Nullvekst i biltrafikken.

Kap.

1320

Post

30

og

Kap.

1330

Post

63 + 64

Moderat reduksjon

Avtakande reduksjon grunna mindre utslepp frå personbilar dersom flere bilar blir utsleppsfrie

Kollektivtrafikktiltak utanom byvekstavtalene

SD

Tiltak i byar utan avtaler for å oppgradere haldeplassar og knutepunkt og etablere kollektivfelt langs riksveg.

Kap

1320

Post

30

Usikkert

Usikkert

Tiltak utanom byvektsavtalene for gåing og sykling

SD

Tiltak i byar uten avtaler. Overgang bil/kollektiv til sykkel

Kap.

1320

Post

30

Noko reduksjon

Noko reduksjon

Ferjer

SD

Inngåtte kontraktar med krav til lågare utslepp.

Kap.

1320

Post

72

2018:

- 0,06 mill (reduserte utslepp)

2020 – 2030:

- 0,09 mill

Overført godstransport frå veg til sjø

SD

Tilskot til nye godsruter eller oppgradering av eksisterande godsruter på sjø. Formålet er å flytte gods frå veg til sjø.

Kap.

1360

Post

72

2018:

- 0,05 mill (reduserte utslepp)

2020:

- 0,1 mill

2030: 0,2 mill

Enova

OED

Støtte i form av blant anna tilskot og informasjonsaktivitet gjennom Enova skal bidra til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningssikkerheit for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt også medverkar til reduserte klimagassutslepp.

Kap. 18 Post 20

Reduserte utslepp, sjå omtale under

Reduserte utslepp, sjå omtale under

CO2-handtering

OED

Forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering.

OED Kap. 18 post 40

Potensielt reduserte utslepp

Miljøteknologiordninga

NFD

Tilskot til pilot- og demonstrasjonsprosjekt for å medverke til kommersialisering av miljøteknologiløysingar. Ordninga skal bidra til berekraftig næringsverksemd i Noreg og å realisere Noregs miljømål.

Kap. 2421 post 76

Ikkje konkrete tal tilgjengelege

Ikkje konkrete tal, reknar med reduserte utslepp

Kondemnerings- og innovasjonslåneordning for skip i nærskipsfart

NFD

Ordning gjennom Innovasjon Noreg med formål å medverke til at eldre skip i norske farvatn blir skrota og erstatta av skip som har vesentleg betre miljøprofil

Kap 2421 post 50

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Næringsretta forsking

NFD

Næringslivet bidreg til at resultata frå forskinga som bidreg til å redusere utslepp, raskare blir tekne i bruk.

Kap. 920 post 50

Ikkje konkrete tal tilgjengeleg

Ikkje konkrete tal, reknar med reduserte utslepp

Forsking og utvikling over jordbruksavtala

LMD

Støtte utvikling av ny kunnskap og teknologi til landbruks- og matsektoren. Styrkje kunnskapsgrunnlaget knytt til utsleppsreduksjonar frå jordbruket.

Kap. 1150 post 50

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Regionalt miljøprogram over jordbruksavtala

LMD

Ordning for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel er mest relevant (10 pst. av utbetaling). Omsynet til klima skal takast vare på i revidering av miljøprogramsatsinga fram til 2019, i tillegg til formål om å ta vare på omsynet til vatn og kulturlandskapet.

Kap. 1150 post 74.19

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Spesielle miljøtiltak i jordbruket over jordbruksavtala

LMD

Mellom anna utbetring av gamle røyrsystem i bakkeplanerte område som får effekt på klimatilpassing og reduserte utslepp av lystgass (33 pst. av utbetaling). Ordninga fremjar natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskap og reduserer forureininga frå jordbruket.

Kap. 1150 Post 50

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Tilskot til drenering av jordbruksjord over jordbruksavtala

LMD

Godt drenert jordbruksjord har lågare lystgassutslepp enn vassmetta jord. Tilskotssatsen ved drenering blir dobla frå 1.7.17, noko som venteleg vil gi auka drenering og lågare utslepp. Ordninga gir potensial for auka jordbruksproduksjon, og reduserer faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Dette har klimatilpassingseffekt.

Kap. 1150, post 50

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg

LMD

Behandling av husdyrgjødsel i biogassanlegg reduserer faren for metanutslepp frå husdyrproduksjon. Det blir gitt tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg.

Kap. 1150, post 50

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Klimarådgiving på gardsnivå

LMD

Klimasmart landbruk: redusere klimaavtrykket til norsk landbruk gjennom informasjon og gode verktøy for norske gardsbruk. Det er venta at eit landsdekkjande tilbod om klimarådgiving blir starta opp i 2018.

Kap. 1142 post 75

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket

LMD

Auka produksjon av biobrensel og leveransar av biovarme frå landbruket kan gi reduserte utslepp. Midlane går bl.a. til utvikling av gardsbaserte biogassanlegg, produksjon av biovarme, pilotprosjekt for auka bruk av biodrivstoff i traktorar og maskiner, og satsing på klimavennleg veksthusproduksjon

Kap. 1150 post 50

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Klima- og miljøprogrammet over jordbruksavtala

LMD

Forbetring av kunnskapsgrunnlag om potensialet for reduserte klimagassutslepp innan ulike produksjonssystem, lagring av karbon i jord og lystgassutslepp frå jord.

Kap. 1150 post 50

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Klimatiltak i skog

LMD

Tilskot til tettare planting etter hogst, gjødsling av skog og skogplanteforedling bidreg til auka tilvekst og dermed høgare CO2-opptak

Kap. 1149 post 73

Gjødsling gir auka årleg opptak på 0,27 mill. etter ti år. Dei andre tiltaka har relativt liten effekt på kort sikt.

Dei tre tiltaka vil samla kunne gi auka opptak på 2,4 mill. tonn CO2 årleg om ca. 70–100 år.

Lågutsleppsforsking

KLD, OED

Støtte til forsking og innovasjon på lågutsleppsløysingar

Kap. 18 post 30 og Kap. 1410 post 51

Usikkert

Reduserte utslepp

Profilering av norske grøne løysingar – State of green

KLD

Satsing for å fremje auka og heilskapleg profilering og marknadsføring av norske grøne løysingar for auka eksport og for å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Det skal bidra til å fremje berekraftig utvikling og overgang til lågutsleppssamfunnet, og medverke til fleire gode gründarar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø innanfor grøne løysingar

Kap. 1400 post 50

Nøytral

Usikker, mål om reduserte utslepp nasjonalt og internasjonalt

Klimasats

KLD

Støtteordning for klimatiltak i kommunane, til dømes til ladepunkt for tenestebil; klimavennleg areal- og transportplanlegging; klimavennlege bygg; utsleppsfrie byggeplassar. Ein viktig effekt av ordninga er å bryte ned ulike barrierar i kommunane, f.eks. teste pilottiltak før utrulling og gjere kommunane fagleg, organisatorisk og økonomisk i stand til å setje i gang tiltak for omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Kap. 1420 post 61

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Pilotordning for biogassanlegg

KLD

Formålet er å fremje utvikling av ny teknologi og nye løysingar for å produsere biogass basert på nye råstoff, Biogass kan f.eks. erstatte fossilt drivstoff i køyretøy. Kan bidra til kostnadsreduksjonar og større utsleppskutt på lengre sikt.

Kap. 1400 post 76

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Restaurering av myr

KLD

Restaurering av våtmark, med målsetjing utsleppskutt, betre økologisk tilstand og tilpassing til klimaendringar

Kap. 1420 post 38

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

Kommunal klimastatistikk

KLD

Utvikling av eit verktøy som set kommunane i stand til å målrette arbeidet for utsleppsreduksjonar og prioritere mellom ulike klimatiltak

Kap. 1420 post 21

Legg til rette for reduserte utslepp ved at kommunane betre kan prioritere kva klimatiltak dei vil gjennomføre

Legg til rette for reduserte utslepp ved at kommunane betre kan prioritere kva klimatiltak dei vil gjennomføre

1 Anslag på tal tonn CO2-ekvivalente utslepp årleg. Om tiltaket er anslått å gi auka eller reduserte utslepp på kort og lang sikt er oppgitt der effekten ikkje blir talfesta. Tidfesting oppgitt avhengig av tilgjengelege data. Det er særleg krevjande å anslå klimaeffekten av ressursbruk på forsking og teknologiutvikling. Det er for eksempel usikkert når, i kva grad og i kva sektor auka innsats vil gi resultat i form av reduserte utslepp.

Utsleppseffekt av Samferdselsdepartementets budsjett

Utslepp frå transportsektoren utgjer den største delen av norske utslepp som ikkje er omfatta av EUs kvotehandelssystem. Potensialet for utsleppsreduksjonar er betydeleg. Derfor er denne sektoren svært viktig for å oppfylle klimaforpliktinga for 2030. Teknologiutviklinga går svært raskt, samtidig som det er usikkert kva utsleppsreduksjonar det vil gi, og når. Utsleppseffekten av Samferdselsdepartementets forslag til løyving til veg, jernbane, kollektiv og kyst, og kjøp av riksvegferjetenester er omtalt meir omfattande i årets budsjett. Det er understreka at anslaga for utsleppseffekt er svært usikre.

Samferdselsdepartementet vil i samarbeid med underliggande etatar og verksemder utvikle vidare metodikken for berekning av endra utslepp. Nedanfor er dei direkte utsleppa tekne med og rekna som ein del av utsleppe i transportsektoren. Desse utgjer grovt sett om lag 4/10 av livsløpsutsleppa og er rekna som del av utsleppa i transportsektoren.

Utsleppseffekten av anleggsprosjekt som er i gang og drift og vedlikehald på eksisterande vegnett

Eit grovt overslag over utsleppa viser at anleggsutsleppa i 2018 frå store prosjekt som er i gang kan utgjere mellom 200 000 og 300 000 tonn CO2 ut frå ei livsløpsberekning. Ei livsløpsbetraktning er ein annan metode enn det som er nytta i utsleppsreknskapen som blir rapportert til FNs Klimakonvensjon, men det er ein metode som òg tek omsyn til global utsleppseffekt.

I tillegg kjem skredsikringsprosjekt på riksveg som grovt kan estimerast til om lag 20 000 tonn CO2. Fornyingsprosjekt, TS-tiltak, E16 Filefjell, E6 vest for Alta kan grovt estimerast til mellom 100 000 og 150 000 tonn ut frå ei livsløpsberekning. I tillegg kjem skredsikring på fylkesvegar, anleggsutslepp frå kollektivtiltak og byvekstavtaler med meir.

Det blir brukt omtrent 2 900 mill. kroner til entreprisar innanfor drift av vegnettet og omtrent 2 800 mill. kroner til entreprisar innanfor vedlikehald. Utsleppstala for CO2 frå desse kontraktane er svært usikre, men eit grovt overslag kan vere i storleiksorden 150 000 – 250 000 tonn ut frå ei livsløpsberekning.

Overslag utført av Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet tilseier at dei direkte anleggsutsleppa i 2018 frå prosjekt som er i gang kan utgjere i storleiksorden 0,1 – 0,2 mill. tonn CO2.

Vidare er utsleppstala for direkte CO2-utslepp frå drift og vedlikehald er svært usikre, men eit grovt overslag frå Samferdselsdepartementet kan vere i storleiksorden 0,05 til 0,15 mill. tonn.

Statens vegvesen sitt arbeid for å redusere utsleppa frå anleggsarbeida vil ikkje gi vesentlege resultat før om nokre år. Statens vegvesen, Bane Nor, Forsvarsbygg, Statsbygg, Oslo kommune med fleire har gått saman om å sende eit signal til marknaden om at det vil bli bestilt låg- og nullutsleppsmaskiner frå 2018. Det finst i liten grad nullutsleppsløysingar til bruk i vegbygginga, så klimaeffektane vil komme i takt med at tilbodet av slike maskiner byggjer seg opp.

Utsleppseffekten av trafikk i nye prosjekt som kan starte opp i 2018

Dersom alle planlagte prosjekt blir starta opp, vil det bli ein marginal auke i trafikkutsleppa etter ferdigstilling, i følgje anslag frå Vegdirektoratet.

Den faktiske klimaeffekten av løyvingane til nye prosjekt avheng av kor raskt tilgjengeleg meir klimavennleg teknologi for bygg og anleggsaktivitet blir. Alt anna likt vil då dei totale utsleppa frå dei planlagte prosjekta bli reduserte samanlikna med estimata over.

Utsleppseffekten av kollektiv og tiltak for gåing og sykling (GS)

Bymiljøavtaler og byvekstavtaler er langsiktig arbeid som har betydning for klimagassutsleppa ved at veksten i bilreiser blir erstatta med buss, tog, trikk, t-bane og gåing/sykling. Tiltaka har størst effekt når reiser med store utslepp (bilreiser med bensin/dieselbilar) blir erstatta med reiser med låge utslepp (trikk, bane, sykkel, tog, låg- og nullutsleppsbuss). Miljødifferensierte bompengar og lågutsleppssoner er tiltak som aukar sannsynet for at bensin- og dieselbilistar tek i bruk det betra kollektivtilbodet. Ei undersøking av verknaden av rushtidsavgifta i Bergen viser at det er 5 pst. færre bilar pr. døgn (Rapport 678 frå Statens vegevesen). Vegdirektoratet ser ei aukande interesse for å innføre elektriske bussar. Alt anna likt aukar dette potensialet for utsleppsreduksjonar, men utsleppsgevinsten blir mindre etter kvart som fleire og fleire av personbilane blir utsleppsfrie. Det er vanskeleg å kvantifisere verknaden av budsjettløyvingane år for år, då tiltaka er langsiktige og vil gradvis gi aukande effekt for trafikksituasjonen når heilskapen i kollektivsystemet blir betra.

Dei foreslåtte løyvingane til kollektivtiltak og universell utforming utanfor bymiljøavtalene/byvekstavtalene er hovudsakleg tiltak for å oppgradere haldeplasser og knutepunkt, og start og videreføring av arbeid med kollektivknutepunkt Verknaden av tiltaka vil vere betre tilgjenge og raskare framføring av kollektivtrafikken. Klimaverknaden av tiltaka avheng av kor mange som vil begynne å køyre kollektivt i staden for å køyre bil, og kor lang den erstatta bilturen ville ha vore, eller om dei nye reisande kjem frå sykkel eller gange. Vegdirektoratet har ikkje utrekningar for dette.

Riksvegvegferjer

Vegdirektoratet har anslått at riksvegferjene i 2016 sleppte ut 0,275 mill. tonn CO2. Vidare opplyser Vegdiretoratet om at nye inngåtte kontraktar og utlyste konkurransar pr. 31. desember 2016 vil redusere utsleppa med 59 800 tonn CO2 i året. Pr. 1. juli 2017 er den framtidige utsleppsreduksjonen av desse berekna til 89 600 tonn CO2-ekvivalentar i året.

Det vil bli lyst ut kontraktar for ferjedrift med krav om null- og lågutsleppsferjer når teknologien tilseier det. Den kanskje største klimaeffekten av den norske satsinga på el-, hybrid- og hydrogenferjer kan komme som eit resultat av at det blir opna ein internasjonalt marknad for låg- og nullutsleppsløysingar.

Utsleppseffekt av løyvingar til jernbaneformål

Ved klimaberekningar av utbyggingsprosjekta har Jernbanedirektoratet nytta tidlegfaseverktøyet utvikla av dåverande Jernbaneverket til estimering av klimagassutslepp ved bygging. Verktøyet har ei livsløpstilnærming. Utsleppet for prosjekta i 2018 er ut frå ei livsløpsvurdering berekna å utgjere ca. 15 000 tonn CO2-ekvivalentar. Dei direkte utsleppa for prosjekta i 2018 frå fossilt drivstoff er ca. 1900 tonn CO2-ekvivalenter.

Endringane i togtilbodet ved ruteomlegginga i desember 2017 er små. Parsellen Farriseidet –Porsgrunn blir sett i drift i løpet av 2018 med redusert reisetid til følgje mellom Grenland og Vestfold/Drammen/Osloområdet og dermed auka attraktivitet for passasjerane. Auka kapasitet i rushtid med fleire FLIRT-togsett vil bidra til redusert trengsel på toga. Dette gir òg potensielt auka trafikkoverføring frå veg. Jernbanedirektoratet vil sjå nærare på korleis vi for framtida betre kan estimere klimaeffektane av eit betra transporttilbod på jernbanen år for år.

Kystverket

Kystverkets driftsutgifter er knytte til sjøsikkerheitsarbeid, kystforvalting og beredskap mot akutt forureining. I medhald av Kystverkets klima- og miljøstrategi har etaten som mål å redusere klimagassutsleppa frå eiga verksemd med 50 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. For å kunne vurdere måloppnåinga blir det arbeidd med å utvikle eit klimagassrekneskap for etaten. Metodikken for denne rekneskapen er ikkje ferdig utvikla, så det ligg per i dag ikkje føre kvalitetssikra tal for å kunne angi klimagassutsleppa. Det kan likevel nemnast nokre tiltak som medverkar til reduserte klimagassutslepp:

  • Kystverket har stilt krav til landstraumsopplegg på fartøya i den statlege slepeberedskapen. Når fartøy ligg til kai i beredskap, er det prioritert å ligge i hamner med tilgjengeleg landstraum. Kystverket oppgir at gjennomsnittleg reduksjon i bunkersforbruk per månad per fartøy i nord tilsvarer om lag 95–125 tonn CO2, eller 11 – 1 500 tonn CO2 pr år.

  • Avtala om tilbringartenester for losordninga har medført ei betydeleg fornying i tilbringarflåten. Drivstofforbruket til dei nye båtane er opptil 30 pst. lågare enn for Kystverkets gamle losbåtar. Det blir òg arbeidd med ytterlegare energieffektivisering i tilknyting til losstasjonane.

  • Miljørabatt for losberedskapsavgifta skal gi reiarar insentiv til å bruke meir klima- og miljøvennlege drivstofftypar. Hittil har miljørabatten Environmental Ship Index (ESI) i stor grad vektlagt reduserte utslepp av miljøgiftene NOx og SOx, men frå og med 1. juli 2017 blir reduserte CO2-utslepp premierte i større grad.

Nyanlegg og større vedlikehald

Det ligg ikkje føre kvalitetssikra tal for klimagassutslepp knytte til Kystverkets utbyggingsprosjekt.

Fornying og vidareutvikling av material og teknologi til navigasjonsinstallasjonar skal bidra til å redusere vedlikehaldsbehovet, og dermed redusere utslepp knytt til dette. Det blir prøvd ut og lagt til rette for å nytte klima- og miljøvennlege energikjelder.

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Anskaffing av eit nytt multifunksjonsfartøy med batterihybridisert framdrift vil føre til reduserte klimagassutslepp samanlikna med anskaffing av eit ordinært fartøy. Det er venta at drivstofforbruket kan reduserast med opp mot 25 pst., og reduksjonen av klimagassutslepp vil dermed kunne bli opptil 360 tonn CO2 årleg.

Tilskot til hamnesamarbeid

Eit overordna formål med tilskotet til hamnesamarbeid er å medverke til godsoverføring frå veg til sjø. Dette vil kunne bidra til ein netto reduksjon i klimagassutsleppa frå transportsektoren, men vi har per i dag ikkje tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag til å vurdere kor mye transportarbeid som er/blir overført til sjø.

Tilskot til overføring av gods frå veg til sjø

Frå og med 2017 blir det gitt tilskot til å opprette nye godsruter eller oppgradering av eksisterande godsruter på sjø. Formålet er å flytte gods frå vegtransport til sjøtransport.

Kystverket har utvikla eit berekningsverktøy der søkjarar teiknar inn ruter for vegtransport og sjøtransport og der den samfunnsøkonomiske nytteverdien blir rekna ut for dei respektive transportrutene. Prosjektsøknadene inneheld opplysningar om transportdistansar på sjø og veg, og godsmengdene som er venta overført i søknadsåret og dei tre påfølgjande åra. Ut frå desse opplysningane kan reduksjonen i godstransportarbeidet på veg og auken i godstransportarbeidet på sjø reknast ut. Multiplisert med faktorar for tal tonn CO2 som blir sleppt ut per tonnkilometer frå høvesvis vegtransport og sjøtransport, kan vi rekne ut netto reduksjon i klimagassutslepp knytt til ordninga. For å anslå klimaeffekten av ordninga i 2018, 2020 og 2030 føreset Kystverket òg følgjande:

Prosjektsøknadens anslag for overførte godsmengder har ei måloppnåing på 100 pst.

Overført transportarbeid – og dermed netto utsleppsreduksjon – frå godsoverføringsprosjekt i søknadsåra 2018, 2019 og 2020 vil i sum vere identisk med overført transportarbeid og utsleppsreduksjon frå godsoverføringsprosjekt knytte til søknadsåret 2017.

Ordninga skal medverke til å bygge opp levedyktige godstransportruter på sjø. Anslått overført godsmengde tre år etter søknadsåret (året etter siste tilskotsutbetaling) blir halden konstant for påfølgjande år fram til og med 2030.

Berekna utsleppsreduksjon i 2018 vil vere på om lag 51 000 tonn CO2, i 2020 vil reduksjonen vere på om lag 140 000 tonn CO2, og i 2030 på om lag 189 000 tonn CO2.

Utsleppseffekten av Enovas arbeid

Olje- og energidepartementet og Enova inngikk ei ny fireårig avtale i desember 2016. Gjennom mellom anna eit nytt formål og tre nye delmål dreiar den Enova si merksemd meir mot innovasjon og utvikling av nye energi- og klimaløysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet. Den nye avtala inneber også ei styrkt satsing på å redusere utslepp i transportsektoren og andre ikkje-kvotepliktige næringar.

Enova si støtte til energi- og klimateknologi er retta inn mot pilotering, demonstrasjon og fullskala introduksjon av nye teknologiar og løysingar. Ved utforminga av verkemidla retta mot ny energi- og klimateknologi legg Enova vekt på moglegheitene for global spreiing, og følgjande utsleppsreduksjonar. Til grunn for tildelingar ligg det ei vurdering av innovasjonshøgde og gjennomføringsevne. Transport er eit viktig område for Enova i arbeidet med å bidra til å redusere ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp. I 2016 gav Enova tilsegner om over 800 millionar kroner i støtte til transportprosjekt. Enova vil halde fram med den sterke satsinga på transport og har mellom anna i 2017 lansert nye støtteordningar til drivstoffinfrastruktur for både hydrogen og elektrisitet og innkjøp av nullutslepps nyttekøyretøy.

Det er krevjande å kvantifisere den fulle verknaden på klimagassutsleppa av satsingane som følgje av at Enova berre er eitt av fleire verkemiddel. Til dømes kan Enova si støtte til infrastruktur for nullutsleppskøyretøy vere nødvendig for å auke salet av nullutsleppskøyretøy, men utan andre verkemiddel som avgiftsinsentiv, lov til å køyre i kollektivfelt eller momsfritak, ville effekten ha vore ein heilt annan. Enova skal etablere verkemiddel med sikte på å oppnå varige marknadsendringar og verknadene av Enova si støtte vil derfor i stor grad vere indirekte og avhengig av teknologiane og løysingane si vidare utbreiing i marknaden.

Enova estimerer at dei samla direkte utsleppsreduksjonane knytte til deira kontraktfesta prosjekt i 2016 var 619 000 tonn CO2-ekvivalentar, der 394 000 kom frå bedrifter i kvotepliktig sektor. Ei rekkje føresetnader er lagt til grunn for utrekningane slik at det er ein del uvisse rundt tala. Desse resultata omfattar berre direkte reduksjonar i klimagassutslepp som ei følgje av tiltak som gir redusert bruk av fossile brensler. Andre effektar, for eksempel som ei følgje av at prosjekt som Enova støttar inneber endring av produksjonsprosessar i industrien, eller spreiing av teknologi, er ikkje med i tala.

Norske bidrag til utsleppsreduksjonar i andre land

Norsk støtte til tiltak i utviklingsland over Utanriksdepartementets budsjett retta mot reduksjon av klimagassar kan hovudsakleg delast i to. For det første energiproduksjon eller forbruk, utsleppsreduserande tiltak eller karbonlagring. Den andre kategorien vil ha utsleppsreduksjon som ein indirekte verknad eller sekundær konsekvens. Slike innsatsar inkluderer kapasitetsbygging, opplæring, støtte til utvikling av regelverk og finansieringsmekanismar. Bidrag frå sekundære intervensjonsprosjekt vil vere avgjerande for å realisere ein lågkarbonøkonomi som kan foreinast med Parisavtalas temperaturmål, men er utfordrande å måle. Regjeringa understrekar at det er viktig å oppretthalde støtte også til denne typen intervensjonar sjølv om effektane er meir utfordrande å måle.

Heile Klima- og skoginitiativet fell inn under kategorien «Bistandsmidler og andre offentlige midler til klimatiltak i utviklingsland og deres bidrag til reduksjon av klimagassutslipp». Initiativet har ei budsjettramme på 3 mrd. kroner i 2018. Dei utsleppa som er talfesta i tabellen er berre dei som er baserte på anslag på betaling for faktiske, gjennomførte utsleppsreduksjonar. I tillegg til å betale for allereie gjennomførte utsleppsreduksjonar støttar Klima- og skoginitiativet innsats som fører til utsleppsreduksjonar på sikt, f.eks. effektiv arealbruk, titulering av urfolksområde og vern av tropisk skog. All innsats under initiativet vil på sikt medverke til utsleppsreduksjonar i tråd med Stortingets mål for initiativet. Kjøp av klimakvotar medverkar til utsleppsreduksjonar i andre land. Desse utsleppsreduksjonane blir nytta til å nå nasjonale klimamål.

Tabell 8.3 Norske bidrag til utsleppsreduksjonar i andre land

Tiltak/verkemiddel

Ansv. departement

Kort beskriving

Relevante budsj.postar

Årleg klimaeffekt1

kort sikt

lengre sikt

Klima- og skogsatsinga

KLD

Støtte (utviklingsbistand) til å redusere utslepp frå tropisk skog i utviklingsland

Kap. 1482 post 73

Det blir betalt for ca. 30 mill. verifiserte tonn reduserte utslepp i 2018

Det blir betalt for ca. 30–40 mill. verifiserte tonn reduserte utslepp årleg i 2019 – 2020

Kjøp av klimakvotar

KLD

Støtte til FN-godkjente klimaprosjekt i utviklingsland

Kap. 1481 post 22 og 23

Ca. -7 mill. i 2018

Ca. -60 mill. for perioden 2013 – 2020

Det grøne klimafondet

UD

Støtte til klimatiltak i utviklingsland, Det grøne klimafondet

Kap. 166 post 74

Ca. -30 mill. tonn2

Fornybar energi

UD

Fornybar energi til utviklingsland

Kap. 166 post 74

Ca. -12 mill3

Manglar data

Klimatilpassing

UD

Støtte til ulike klimatilpassingstiltak, f.eks. klimasmart jordbruk

Fleire kap.

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

1 Anslag på tal tonn CO2-ekvivalente utslepp årleg. Positiv eller negativ, sterk eller svak, blir oppgitt der talfesting ikkje er mogleg. Tidfesting oppgitt avhengig av tilgjengelege data.

2 Det grøne klimafondet: Porteføljen av godkjente prosjekt oppgir 981 mill. tonn i potensielle årlege utsleppsreduksjonar. Noregs del av fondet er 3 pst.. Det blir derfor anteke at Noreg på lang sikt vil kunne bidra til årleg reduksjon på 30 mill. tonn.

3 Basert på utkast til rapport frå Gigatonnkoalisjonen for 2017 (utsleppstal for 2016). Noregs relative del av internasjonale initiativ og mekanismar er lagt til grunn.

8.3 Om Noregs klimamål for 2030

8.3.1 Utviklinga i utslepp og opptak av klimagassar

Dei norske klimagassutsleppa var i 2015 på 53,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Av desse utsleppa kom 27,3 mill. tonn frå ikkje-kvotepliktige kjelder, det vil seie utslepp som ikkje er dekte av kvotesystemet. Det er 0,8 pst. lågare enn i 2005, som er nytta som referanseår for EUs mål for utsleppsreduksjonar. Transport og jordbruk sto for den største delen av desse utsleppa, høvesvis 57 og 17 pst. av dei samla ikkje-kvotepliktige utsleppa. (Sjå figur 8.1. Det er òg betydelege ikkje-kvotepliktige utslepp frå avfallsforbrenning, industri, petroleum og diverse andre kjelder, til saman 26 pst. av ikkje-kvotepliktige utslepp.

Figur 8.1 Utslepp av klimagasser i Noreg. 1990–2016.

Figur 8.1 Utslepp av klimagasser i Noreg. 1990–2016.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

8.3.2 Utsleppsframskrivingar

Det vart lagt fram nye utsleppsframskrivingar for 2020 og 2030 i Meld. St. 29 (2016–2017) Perspektivmeldingen 2017. Utsleppa av klimagassar er anslått å minke med rundt 0,75 pst. i året frå 2015 og fram mot 2030, og er då venta å liggje anslagsvis vel 5,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar lågare enn i 2015. Det aller meste av nedgangen er venta å komme i ikkje kvotepliktige utslepp der utsleppa er venta å gå ned med 4,25 mill. tonn frå 2015 til 2030, sjå tabell 8.4.

I tråd med internasjonale retningslinjer er framskrivingane baserte på vedteken klimapolitikk. Framskrivingane gir dermed eit bilde av korleis norske utslepp av klimagassar kan utvikle seg ved ei vidareføring av dagens verkemiddel. Bildet er usikkert, blant anna fordi utvikling av nye løysingar kan påverke kva ei vidareføring av dagens verkemiddel betyr for utsleppa.

Framskrivingane skildrar ikkje Regjeringas mål og fangar heller ikkje opp effektar av framtidig ny politikk og nye verkemiddel. Vedtekne mål utan tilhøyrande forslag til endra verkemiddel eller tiltak som ikkje er ferdig utgreidde i form av forskrift, avgiftsvedtak eller avtaler med vidare, er ikkje innarbeidde i referansebana. Eit unntak er forbod mot bruk av fossil olje til oppvarming i hushald og næringsbygg i 2020, der forslag til forskrift har vore på høyring. Samtidig er utrekningane av korleis dagens politikk påverkar framtidige utslepp uvisse, og uvissa aukar utover i tid. Både den framtidige økonomiske utviklinga og den framtidige befolkningsutviklinga er usikker. Økonomisk vekst og folkeauke har historisk betydd mykje for utsleppa av klimagassar. Det er også stor uvisse rundt utvikling og tilgang på låg- og nullutsleppsteknologi, og kostnadene ved å ta slik teknologi i bruk.

Tabell 8.4  Utslepp av klimagassar i Noreg etter sektor. Mill. tonn CO2-ekvivalentar.

1990

2005

2015

2020

2030

Utslepp av klimagassar

51,7

55,1

53,9

51,8

48,3

Kvotepliktige utslepp

27,5

26,6

26,3

25,2

– Olje- og gassproduksjon

12,9

14,0

13,9

12,8

– Industri og bergverk

13,6

10,8

11,1

11,0

– Andre kjelder1

1,0

1,8

1,3

1,4

Ikkje kvotepliktige utslepp

27,6

27,3

25,5

23,1

– Transport2

14,9

15,6

14,9

13,5

– Under dette: Vegtrafikk

9,7

10,3

9,7

8,4

– Jordbruk

4,6

4,5

4,3

4,4

– Andre kjelder3

8,1

7,2

6,2

5,2

Opptak i skog og annan arealbruk

-10,5

-24,7

-24,3

-23,4

-21,2

Utslepp av klimagassar medrekna skog og annan arealbruk

41,3

30,4

29,6

28,4

27,1

1 Inkluderer kvotepliktig energiforsyning og luftfart.

2 Inkluderer vegtrafikk, sjøfart, fiske, ikkje kvotepliktig luftfart, anleggsmaskiner og andre mobile kjelder.

3 Inkluderer ikkje kvotepliktig industri, petroleumsverksemd og energiforsyning, og oppvarming og andre kjelder.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Miljødirektoratet, NIBIO og Finansdepartementet.

8.3.3 Gjennomføring av norske klimamål

Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid legg ein strategi for korleis Noregs klimamål for 2030 kan nåast. Regjeringa arbeider for å oppfylle parisforpliktinga saman med EU. Gjennom eit slikt samarbeid vil 2030-målet for ikkje kvotepliktige utslepp nås med hovudvekt på innanlandske utsleppsreduksjonar og med nødvendig bruk av EU-regelverkets fleksibilitetsmekanismar. Dei ikkje kvotepliktige utsleppa kjem i hovudsak frå transport, jordbruk, bygg og avfall, men også frå industrien og petroleumsverksemda. Regjeringas strategi for 2030 legg til rette for betydelege utsleppsreduksjonar nasjonalt.

Ved samarbeid med EU vil Noregs utsleppsforplikting gjerast om til eit budsjett for ikkje kvotepliktige utslepp for perioden 2021–2030. Budsjettet set ikkje berre eit tak for dei samla utsleppa over perioden, men også for utsleppa i det enkelte år. Samtidig veit vi at det er vanskeleg å finstyre klimagassutsleppa frå år til år. Den økonomiske aktiviteten svingar og befolkningstalet endrast. Utviklinga av klimavennleg teknologi, og dermed kostnadene ved å ta slik teknologi i bruk, er usikker. Regjeringas strategi er utforma for å handtere forholdet mellom eit utsleppsbudsjett med mål som må overhaldast årleg og klimagassutslepp som blir påverka av handlingane til nokre hundre tusen bedrifter og fleire millionar personar.

Utsleppsbudsjettet Noreg vil få gjennom ei avtale med EU er ikkje endeleg avklart og vil avhenge av korleis regelverket i EU blir. Basert på det talgrunnlaget vi har i dag er forskjellen mellom framskrivne utslepp i Noreg og Noregs utsleppsbudsjett anslått til i storleiksorden 30 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030 sett under eitt. Anslaget er usikkert. Utsleppsbudsjettet kan dekkjast opp med utsleppsreduksjonar nasjonalt og samarbeid med EU-land om utsleppsreduksjonar.

Figur 8.2 Utsleppsframskriving og utsleppsbudsjett for ikkje kvotepliktige utslepp (mill. tonn CO2-ekvivalentar)

Figur 8.2 Utsleppsframskriving og utsleppsbudsjett for ikkje kvotepliktige utslepp (mill. tonn CO2-ekvivalentar)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Miljødirektoratet, Finansdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Under innsatsfordelinga har Europakommisjonen foreslått fleire former for fleksibilitet for å hjelpe landa å oppfylle dei nasjonale utsleppsbudsjetta. Nokre land vil få høve til å konvertere eit avgrensa tal kvotar frå det europeiske kvotesystemet (EU ETS). Basert på forslaget til regelverk vil Noreg truleg få høve til å bruke 5,5–11 mill. kvotar frå det europeiske kvotesystemet til å dekkje utsleppsbudsjettet, sjå nærare omtale i Meld. St. 41 (2016 – 2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid. Regjeringa vil nytte denne fleksibiliteten fullt ut. Det attståande reduksjonsbehovet over perioden ligg då i storleiksorden 20–25 mill. tonn. Det er uvisse knytt til storleiken på det venta reduksjonsbehovet.

Dersom Kommisjonens forslag til regelverk blir vedteke, vil felles gjennomføring med EU innebere at vi òg får eit mål om at bokførte utslepp frå sektoren for skog og anna arealbruk (LULUCF) ikkje skal vere større enn opptaket. Med Kommisjonens forslag ligg Noreg an til å måtte bokføre eit netto utslepp. Dette betyr at Noregs utsleppsforplikting kan auke utover forpliktinga vi får under innsatsfordelinga, sjølv om Noreg har eit stort nettoopptak i skog, sjå nærare omtale i Meld. St. 41 (2016 – 2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid. Det blir no diskutert ulike alternativ til Kommisjonens forslag. Noreg vil arbeide med andre europeiske skogland for å fremje ein alternativ modell for EU. Det er stor uvisse knytt til den endelige utforminga av regelverket. Skog- og arealbrukssektoren er derfor utrekningsteknisk sett til null. Det er dermed teke utgangspunkt i utsleppsgapet på 20–25 mill. tonn når behovet for utsleppsreduksjonar er vurdert, sjå tabell 8.5. Dersom Noreg får eit høgare utsleppsgap som følgje av reglane for skog og arealbruk, vil dette truleg kunne dekkjast gjennom bilaterale fleksible mekanismar.

Tabell 8.5 Anslått utsleppsbudsjett og -gap (mill. tonn CO2-ekvivalentar)

Anslått utsleppsgap1

30

Venta tilgang på bruk av kvotar frå det europeiske kvotesystemet

5,5–11

Anslått gjenståande utsleppsgap

20–25

1 Skog og areabrukssektoren (LULUCF) er utrekningsteknisk sett til null

Regjeringa vil oppfylle 2030-målet med hovudvekt på innanlandske utsleppsreduksjonar og med nødvendig bruk av EU-regelverkets fleksibilitetsmekanismar. Regjeringas strategi for 2030 legg til rette for betydelege utsleppsreduksjonar nasjonalt.

Før forpliktingsperioden startar i 2021 vil regelverket vere kjent og konsekvensane for Noreg vil bli klarare. Uvissa knytt til utsleppsutvikling, effekten av klimapolitikken og ikkje minst den teknologiske utviklinga og kostnadene ved utsleppsreduksjonar, vil vere betydeleg òg langt inn i forpliktingsperioden 2021–2030. Derfor må strategien både ha høgt ambisjonsnivå og vere fleksibel. Regjeringa tek høgde for uvisse gjennom å leggje ein strategi for å sikre nødvendig fleksibilitet til å oppfylle utsleppsbudsjettet. Vi ventar at det vil vere tilgang på tilstrekkeleg fleksibilitet gjennom bilaterale avtaler med EU-land. Dersom det blir nødvendig og viser seg å vere kostnadseffektivt, legg regjeringa opp til at Noreg òg skal kunne nytte fleksibilitet i form av direkte kjøp av utsleppseiningar frå andre land. Bruk av EUs fleksibilitetsmekanismar vil bidra til utsleppsreduksjonar andre stader i Europa innanfor eit felles overordna utsleppstak, og bidrar dermed til reelle globale reduksjonar på tilsvarande måte som reduksjonar i Noreg.

I Meld. St. 41 (2016 – 2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid blir det gått igjennom tiltak som Miljødirektoratet anslår at til saman har eit potensial for større utsleppsreduksjonar enn det attståande utslippsgapet. Regjeringa meiner at det er føremålstenleg å vurdere eit breiare spekter av tiltak blant anna fordi overslag på utsleppsgapet, framtidig teknologiutvikling, kostnader og effekten av ulike verkemiddel er svært usikre. Miljødirektoratets kostnadsoverslag legg mellom anna til grunn at kostnadene ved nullutsleppsløysingar vil falle vesentleg framover. Det er usikkert kor stor del av det skisserte potensialet som vil bli utløyst. Strategien tek høgde for at delar av det skisserte potensialet ikkje blir utløyst.

Regjeringa har allereie gjennomført ei rekke klimatiltak og styrkt klimapolitikken. Stortinget har òg fatta vedtak, og det er formulert ambisjonar og målsetjingar som vil bidra til utsleppsreduksjonar framover. Miljødirektoratet har anslått at oppfølging av politiske målsetjingar kan utløyse utsleppsreduksjonar i storleiksorden 16 mill. tonn over perioden 2021–2030. Måltal for nullutsleppskjøretøy for 2025 og 2030, samt arbeidsmålet for utsleppsreduksjonar i transportsektoren, legg til grunn at teknologien blir meir moden slik at nullutsleppsløysingar blir konkurransedyktige med fossile transportløysingar i transportsegmenta. Miljødirektoratet har i sine analysar delt inn tiltak i ulike kostnadskategoriar. Tiltak knytte til dei politiske målsetjingane og ambisjonane for transportsektoren dekkjer eit stort kostnadsspenn. Kostnadene avheng i stor grad av den vidare utviklinga av låg- og nullutsleppsteknologi til bruk i transportsektoren. Slik teknologi blir i hovudsak utvikla utanlands.

Miljødirektoratet har i tillegg anslått eit ytterlegare potensial for reduksjon av ikkje-kvotepliktige utslepp på om lag 18 mill. tonn med samfunnsøkonomiske kostnader under 500 kroner per tonn CO2-ekvivalentar, blant anna innanfor transport, jordbruk, industri og petroleum. Anslaga for potensial og kostnader er usikre og følsame for kva føresetnader som blir lagt til grunn. Utviklinga i kostnader og gjennomføringsmoglegheiter avgjer kva tiltak som faktisk vil bli utløyste. Miljødirektoratet har ikkje utgreidd verkemiddel eller doseringa av slike. Dette medfører òg uvisse.

Tabell 8.6 Anslag på aggregert utsleppsreduksjonspotensial av tiltak utover referansebanen1 – totalt potensial for perioden 2021 – 2030 (mill. tonn CO2-ekvivalentar)

Utsleppsreduksjonspotensial av politiske avgjerder og målsetjingar

16

Utsleppsreduksjonspotensial av tiltak med tiltakskostnader under 500 kr/tonn CO2-ekvivalent.

18

SUM effekt tiltak2

35

1 Meld. St. 29 (2016 – 2017) Perspektivmeldingen 2017

2 Anslaga er usikre, men slik tala er utrekna summerer dei seg til 35 mill. tonn etter avrunding.

Kjelde: Miljødirektoratet

Boks 8.1 Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid

Regjeringa vil oppfylle 2030-målet med hovudvekt på innanlandske utslepps-reduksjonar og med nødvendig bruk av EU-regelverkets fleksibilitetsmekanismar. Regjeringa vil

  • leggje til rette for at utsleppsforpliktinga for 2030 blir nådd gjennom kostnadseffektive tiltak

  • vurdere avgift på generelt nivå for alle ikkje-kvotepliktige utslepp. Dersom avgift ikkje er tilstrekkeleg eller eigna, skal andre verkemiddel vurderast, som gir tilsvarande sterke insentiv

  • følgje opp politiske ambisjonar og målsetjingar for transportsektoren; under dette nullvekst i persontransport med bil i byområda, opptrapping av omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtrafikk til 20 prosent i 2020 og måltal for nullutsleppskøyretøy i NTP 2018-2029

  • nytte seg fullt ut av den fleksibiliteten Noreg kan oppnå ved bruk av kvotar frå det europeiske kvotesystemet

  • dersom det blir nødvendig og viser seg å vere kostnadseffektivt, leggje opp til at Noreg òg skal kunne nytte fleksibilitet i form av direkte kjøp av utsleppseiningar

  • vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget for klimapolitikken

Figur 8.3 viser framskrivne utslepp for ikkje-kvotepliktig sektor frå Meld. St. 29 (2016 – 2017) Perspektivmeldingen 2017 og sektorvise utsleppsbaner basert på Miljødirektoratets rapport – Beregningsteknisk grunnlag for Meld. St. 41, Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid (M-782/2017). Det ligg til grunn for Miljødirektoratets sektorvise utsleppsbaner og det moglegheitsrommet dei viser at politiske avgjerder og målsetjingar blir nådde og at tiltak som Miljødirektoratet legg til grunn har ein tiltakskostnad under 500 kr/tonn CO2-ekvivalent blir utløyste. Anslaga er prega av betydeleg uvisse, og summerer seg til meir enn dei 20 – 25 mill. tonna som er nødvendige etter at ein har nytta høvet til å bruke kvotar frå EUs bedriftskvotesystem. For ein grundigare gjennomgang av utrekningane for de ulike sektorane, sjå M-782/2017.

Regjeringa vil bruke CO2-avgifta og andre avgifter på utslepp av klimagassar som hovudverkemiddel mot ikkje kvotepliktige utslepp. Dersom CO2-avgifta ikkje blir vurdert å vere eit tilstrekkeleg eller føremålstenleg verkemiddel vil andre verkemiddel bli vurderte, som gir tilsvarande sterke insentiv, under dette direkte regulering gjennom forureiningslova eller frivillige avtaler. Verkemiddelbruken framover må justerast etter kvart som ny kunnskap kjem til. Regjeringa vil også vidareføre satsinga på forsking og utvikling, implementering og spreiing av lågutsleppsteknologi, og leggje til rette for eit vedvarande effektivt og koordinert verkemiddelapparat.

Sektorane som står for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa har ulikt utgangspunkt og ulik regulering. I tillegg til den generelle verkemiddelbruken finst allereie særlege verkemiddel for den enkelte sektor. Mot 2030 må verkemiddelbruken vurderast og tilpassast. Det er ikkje mogleg i dag å seie eksakt kva verkemiddelbruk som vil oppfylle målsetjingane som er sette, men den må truleg justerast over tid. Det er i tillegg betydeleg uvisse knytte til utsleppa framover, utsleppseffekten av verkemiddel og kostnader ved nasjonale utsleppsreduksjonar innanfor den enkelte sektor.

Figur 8.3 Framskrivingar og anslått effekt av tiltak i dei ulike sektorane basert på Miljødirektoratets utrekningar

Figur 8.3 Framskrivingar og anslått effekt av tiltak i dei ulike sektorane basert på Miljødirektoratets utrekningar

Kjelde: Miljødirektoratet 2017. Beregningsteknisk grunnlag for Meld. St. 41 Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid (M-782/2017)

Overslaga på potensial og kostnader er usikre og følsame for kva føresetnader som blir lagde til grunn. Miljødirektoratets analyse viser at mange av tiltaka som kan bidra til å fylle det anslåtte utsleppsgapet på om lag 20–25 mill. tonn er vurdert å liggje under 500 kroner per tonn (samfunnsøkonomisk tiltakskostnad, årleg gjennomsnitt fram mot 2030). For dei andre tiltaka varierer tiltakskostnaden, både opp mot 1 500 kroner per tonn og over 1 500 kroner per tonn. Kostnaden for fleire tiltak er rekna å vere vesentleg høgare i starten av analyseperioden. For eksempel er det anslått at avansert biodrivstoff i dag har ein kostnad frå 2 000 kroner per tonn og oppover. Kostnaden for elbilar i personbilklassen er anslått til om lag 7 000 kroner per tonn CO2-ekvivalentar i 2016 for små personbilar og 15 000 kroner per tonn CO2-ekvivalentar for større personbilar. For tyngre kjøretøy og fartøy er nullutsleppsløysingar foreløpig i ein tidleg fase og kostnadene høge. Miljødirektoratet legg til grunn at kostnaden på nullutsleppskjøretøy vil falle kraftig fram mot 2030. For små personbilar går ein ut frå at kostnaden for elbil vil vere negativ (samfunnsøkonomisk lønnsamt) frå ca. 2025 og utover. I tillegg er det enkelte ikkje-kvotepliktige utslepp som i dag ikke er ilagt avgift eller andre klimaverkemiddel og der innføring av klimaverkemiddel på nivå med den generelle CO2-avgifta vil kunne gi utslippsreduksjonar av ein viss storleik.

8.4 Korleis Noreg blir førebudd på og tilpassa klimaendringane

Fram mot år 2100 vil Noreg få eit varmare klima, med meir nedbør, kortare snøsesong, minkande isbrear, endra flaummønster og stigande havnivå.

Samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. Meld. St. 33 (2012 – 2013) Klimatilpasning i Norge gir dei nasjonale føringane for korleis Noreg skal tilpasse seg klimaendringane. Meldinga vart utarbeidd på grunnlag av NOU 2010: 10 – Tilpassing til et klima i endring, som utgreidde samfunnets sårbarheit for klimaendringar og behovet for tilpassing til konsekvensane av desse endringane.

Dei siste åra har stortingsmeldingar og andre styringsdokument, både sektorspesifikke og sektorovergripande, adressert klimaendringar si betydning og behov for klimatilpassing. Stortinget vedtok i juni 2017 klimalova (Prop. 77L 2016 – 2017) som blant anna stiller krav om rapportering på klimatilpassingsarbeidet.

8.4.1 Organisering av det nasjonale klimatilpassingsarbeidet

Stortingsmeldinga om klimatilpassing fastslår at alle har eit ansvar for å tilpasse seg klimaendringane, både enkeltindivid, næringsliv og myndigheiter. Dette betyr at alle departement har ansvar for å ta vare på omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet har ansvar for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Miljødirektoratet er fagetaten som støttar Klima- og miljødepartementet i arbeidet med klimatilpassing, og er koordinerande etat. Direktoratet bistår departementet med å følgje opp stortingsmeldinga om klimatilpassing (Meld. St. 33 (2012 – 2013)), bidrar til at regjeringas arbeid med klimatilpassing blir følgt opp av forvaltinga og i samfunnet, og støttar departementet i det internasjonale klimatilpassingsarbeidet, under dette i klimaforhandlingane. I tråd med ansvarsprinsippet har alle departement og underliggjande etatar ansvar for å ta vare på omsynet til klimaendringar i eigen sektor og innanfor eigne ansvarsområde.

I rolla som koordinerande etat skal Miljødirektoratet styrkje klimatilpassingsarbeidet blant anna ved å syte for oppdatert kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing, og bidra til at dette kunnskapsgrunnlaget blir lagt til grunn i klimatilpassingsarbeidet. Direktoratet skal bistå i å halde oversikt over klimatilpassingsarbeidet i Noreg. Miljødirektoratet skal bidra til at aktørar på lokalt, regionalt og statleg nivå tek omsyn til og tilpassar seg klimaendringane. Direktoratet skal formidle og dele kunnskap og erfaringar, bidra til kompetanse og kapasitetsbygging og stimulere til samarbeid mellom ulike forvaltingsnivå, fagområde og aktørar på området.

Miljødirektoratet driftar eit nasjonalt bynettverk, forvaltar ein tilskotsordning og støttar kompetansebyggjande prosjekt i fleire fylkesmannsembete. Miljødirektoratet stiller i sin styringsdialog krav og ventar at fylkesmannen arbeider med klimatilpassing, og driftar og vidareutviklar nettstaden Klimatilpasning.no. I tillegg blir det utarbeidd kontinuerleg utgreiingar som gir ny kunnskap til det nasjonale klimatilpassingsarbeidet og direktoratet arrangerer seminar og konferansar knytte til klimatilpassingsarbeidet i samarbeid med andre etatar og aktørar. Miljødirektoratet jobbar for å integrere klimatilpassing i forskinga blant anna gjennom innspel til forskingsprogram og satsingar, og i dialog med forskingsmiljø gjennom nasjonale oppgåver. Miljødirektoratet sit i styret i Klimaservicesenteret (KSS) og gir oppdragsbrev og økonomisk støtte til senteret. Direktoratet samarbeider med ei rekkje aktørar i dei koordinerande oppgåvene, både private og offentlege.

8.4.2 Oppfølging av Meld. St. 33 (2012 – 2013) Klimatilpasning i Norge

Stortingsmeldinga legg rammer for styresmaktene sitt arbeid med å leggje til rette for at alle kan ta sitt ansvar for klimatilpassing, og angir felles rammevilkår for klimatilpassing på tvers av sektorar og myndigheitsnivå. Meldinga er følgt opp med ei rekkje tiltak.

Klimaservicesenteret (KSS) vart offisielt etablert i 2013, med formål å gi avgjerdsgrunnlag for klimatilpassing i Noreg. KSS, Kartverket og Nansensenteret publiserte i 2015 nye klimaframskrivingar for Noreg. Rapporten «Klima i Norge 2100 – Kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning» gir ei beskriving både av historiske klimaobservasjonar og berekna utvikling fram mot år 2100. I Arktis skjer oppvarminga omtrent dobbelt så fort som det globale gjennomsnittet. KSS utarbeider klimaframskrivingar for Svalbard som skal vere ferdige i 2018. I tillegg har KSS utarbeidd fylkesvise klimaprofilar for alle fylke i landet, som gir eit kortfatta samandrag av klimaet, venta klimaendringar og klimautfordringar i det enkelte fylket. KSS utviklar òg andre samfunnsnyttige og brukarrelevante produkt og tenester til arbeidet med klimatilpassing. Sjå òg Del III punkt 8.1.9.

Plan- og bygningslova er det overordna verktøyet for samfunnsplanlegging og arealforvalting og er sentral i kommunane sitt arbeid med tilpassing. I dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging har regjeringa derfor vektlagt klimatilpassing. I tillegg utarbeider regjeringa ei statleg planretningslinje (SPR) for klimatilpassing. Forskrifta om konsekvensutgreiingar vart oppdatert i 2017 og inkluderer vurderingar av sårbarheit overfor klimaendringar. Klima og miljødepartementet har i Rundskriv om miljøforvaltingens innsigelsespraksis (T-2/16) klargjort spørsmål av nasjonal eller vesentleg regional betydning innan klima- og miljøområdet, under dette klimatilpassing.

Klimaendringar er ein viktig del av årsaka til auka utfordringar med avrenning av overvatn i byar og tettstader, og i 2015 vart det lagt fram ei offentleg utgreiing om lovgiving og rammevilkår for kommunane si handtering av overvatn (NOU 2015:16 Overvann i byer og tettsteder – som problem og ressurs). Utgreiinga er til vurdering i departementa.

8.4.3 Økonomisk støtte til lokalt arbeid med klimatilpassing

Klima- og miljødepartementet har oppretta ei tilskotsordning som skal medverka til auka satsing på klimatilpassing i norske kommunar. Midlane skal bidra til auka kunnskap om korleis klimaendringane vil påverke kommunane sine ansvarsområde, og til kompetanseheving, planlegging og utgreiing av ulike klimatilpassingstiltak. I perioden frå 2015 til 2017 vart ca. 15 mill. kroner fordelt på omlag 50 ulike prosjekt (http://www.klimatilpasning.no/hva-er-klimatilpasning/tilskudd-til-klimatilpasning/ ).

I tilknyting til at Miljødirektoratet fekk den koordinerande rolla i 2015 har Klima- og miljødepartementet gitt midlar til klimatilpassingsarbeidet på 5 mill. kroner per år. Midlane blir nytta til utvikling av kunnskap og kapasitetsbygging på lokalt og regionalt nivå og støtte til KSS. I tillegg nyttar Miljødirektoratet eigne midlar til dette arbeidet. Sjå òg Del II programkategori 12.20.

8.4.4 Informasjon, kapasitetsbygging og utdanning

Nettstaden Klimatilpasning.no skal medverke til spreie kunnskapen om klimaendringar og klimatilpassing. Sidan kommunane har ei svært sentral rolle i arbeidet med klimatilpassing, er nettsida laga spesielt for dei som rettleier, planlegg og tek avgjerder lokalt og regionalt. Miljødirektoratet driftar nettsida og direktorat medverkar med innhald på sine ansvarsområde.

Kompetansebyggjande pilotprosjekt har vore viktig i utviklinga av klimatilpassingsarbeidet i Noreg dei siste åra, og fylkesmennene har vore sentrale i dette arbeidet. Fylkesmannen i Troms, DSB, NVE og KSS har utvikla ein rettleiar om korleis klimatilpassing kan integrerast i planlegging etter plan og bygningslova i tilknyting til samfunnstryggleik. I 2016 starta Fylkesmennene i høvesvis Troms, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag, med støtte frå Miljødirektoratet, eit tilsvarande nasjonalt pilotprosjekt som skal utvikle rettleiing om korleis ein kan ta omsyn til den påverknaden klimaendringane har på natur og miljø, i planlegging etter plan og bygningslova. Prosjektet er venta avslutta i 2018. Hausten 2017 starta Fylkesmannen i Troms og Fylkesmannen i Buskerud eit forprosjekt for å sjå på korleis ein kan integrere omsynet til klimaendringar i landbrukssektoren gjennom planlegging.

Fylkesmannen i Vestfold utvikla i 2015 eit introduksjonskurs i klimatilpassing for kommunar. Kurset Vær Smart er gjennomført i ei rekkje fylke. Fylkesmannen i Vest-Agder har gjennomført pilotprosjekt om havnivåstiging og risikovurdering av avfallsdeponi i kystsona, førebygging av skadar på skogsbilvegar grunna ekstremvêr og arealforvalting i høgfjellet for natur som er spesielt sårbar for klimaendringar. Som eit resultat av prosjekta er det foreslått ei rekkje forvaltingsrelaterte verktøy og tiltak.

Slike prosjekt medverkar til auka kompetanse, samarbeid og erfaringsutveksling mellom ei rekkje statlege aktørar, kommunar og forskingsmiljø, og resultata har stor nasjonal overføringsverdi.

I 2016 oppretta Høgskulen på Vestlandet eit masterstudium i klimatilpassing.

8.4.5 Nettverk og samarbeid

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet oppretta eit nasjonalt klimatilpassingsnettverk av 11 bykommunar. Kommunane skal dele kunnskap og erfaringar, medverke til kompetanseheving i eigen region, og vere med å utvikle klimatilpassingsarbeidet nasjonalt. I tillegg har Kommunesektorens organisasjon (KS) tilrettelagt for fleire kommunenettverk for å styrkje kommunane sitt arbeid med klimatilpassing, naturfarar og beredskap.

Naturfareforum er eit nettverk med representantar frå NVE, DSB, Statens Vegvesen, Bane NOR, KS, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Fylkesberedskapssjefane sitt arbeidsutval. Sekretariatet består av NVE, DSB og Statens Vegvesen. Naturfareforum skal styrkje samarbeidet mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar for å redusere vår sårbarheit for uønskte naturhendingar ved å gjennomføre prosjekt på område der det er særlege sektorovergripande utfordringar. Naturfareforum er nasjonal plattform for det globale rammeverket for katastrofeførebygging (rammeverket Sendai), som Nore har forplikta seg til å følgje opp.

Miljødirektoratet har etablert ei direktoratsgruppe om klimatilpassing. Gruppa skal dele informasjon om status på klimatilpassingsarbeidet på nasjonalt nivå og vere ein arena for å vidareutvikle arbeidet med klimatilpassing framover.

I perioden 2012 – 2015 hadde Jernbaneverket, NVE og Statens vegvesen en felles satsing på naturfare infrastruktur, flaum og skred gjennom NIFS-programmet. Meir enn 120 fagrapportar om gode, effektive og framtidsretta løysingar for å handtere flaum og skred vart utarbeidde. Programmet hadde eit samla budsjett på 42 mill. kroner.

8.4.6 Forsking

Forskingsrådet støttar ei rekkje forskingsprosjekt knytte til klimaendringar og tilpassing. KLIMAFORSK, eit tiårig program for klimaforsking (2014 – 2023), skal gi ny, framtidsretta kunnskap om nasjonal og internasjonal betydning, under dette auka kunnskap om korleis samfunnet kan og bør tilpasse seg klimaendringar.

Forskingsrådet finansierer Klima 2050, eit senter for forskingsbasert innovasjon (SFI), som er leia av Sintef. Klima 2050 skal skaffe fram kunnskap om klimatilpassing av bygningar og infrastruktur. Programmet starta i 2015 og vil vare fram til 2022 og har partnarar frå næringslivet, det offentlege og forskinga.

8.4.7 Klimatilpassing i og på tvers av sektorar

Samfunnssikkerheit og naturfare

Klimaendringar er ein av fleire drivarar som vil påverke samfunnstryggleiken i åra som kjem. Kommuneundersøkinga 2016 viste at meir enn 60 pst. av norske kommunar har hatt alvorlege naturhendingar dei siste fire åra, og at desse har fått konsekvensar for ei rekkje samfunnsområde. Transport, kraftforsyning og elektronisk kommunikasjon er nokre av dei områda som blir særleg påverka av naturhendingar, i tillegg til at hendingane i seg sjølve kan utgjere fare for liv og helse. Kor sårbart samfunnet er for slike hendingar, avheng av korleis andre drivarar endrar seg, til dømes kor avhengig befolkninga er av infrastruktur.

DSB lanserte i 2017 ei plattform for etatens klimaarbeid. Plattforma har fokus på vern av liv og helse, materielle verdiar og kritisk infrastruktur. Plattforma legg opp til at DSB skal vere den sentrale aktøren på kunnskapsforvalting, førebygging og handtering av konsekvensar av klimaendringane innanfor sine saksområde, og samtidig stå fram som ein tydeleg samordningsaktør når det gjeld konsekvensar av klimaendring på samfunnstryggleiken totalt. Plattforma legg vekt på å støtte opp om fylkesmennene og kommunane si samordningsrolle for samfunnstryggleik og beredskap, slik at tverrsektorielle omsyn blir best mogleg tekne vare på i arbeidet med naturfarar og klimaendringar.

Konsekvensane av klimaendringane har stor betydning for fleire av NVEs ansvarsområde, og etaten sitt generelle fokus på klimatilpassing har auka den seinare tida. NVE lanserte i 2015 sin andre klimatilpassingsstrategi, med tilhøyrande handlingsplanar fordelt på dei ulike ansvarsområda. Fleire tiltak er gjennomført. Effektar av klimaendringar på flaum er inkludert i farekarta. Vidare er klimatilpassing integrert i arbeidet med forskrifter og retningslinjer, for eksempel i flaumberekningar og damsikkerheit. Særleg sårbare dammar er identifiserte, og vern mot flaum og skred er inkludert i retningslina Flaum og skredfare i arealplanar. Førebygging av flaum- og skredfare er gode klimatilpassingstiltak. Omsynet til klimaendringar er også inkludert i eit nytt verktøy for vurdering og prioritering mellom tiltak som skal verne mot flaum og skred. I 2016 gjorde etaten ei kartlegging av status for klimatilpassing i energibransjen.

Kartverket forvaltar data av betydning for klimatilpassing. Etaten driftar eit nasjonalt observasjonssystem for havnivå og stormflod. Desse data er tilgjengelege på sehavniva.no saman med framskrivingar. Kartverket er i gang med å lage eit verktøy som visualiserer framtidig havnivå og stormflod i Noreg. Verktøyet kan brukast i risikovurderingar og planlegging. Kartverket er òg i gang med å utvikle ein digital høgde- og terrengmodell for heile landet som blant anna skal gi betre datagrunnlag i arbeid med klimatilpassing.

Natur, miljø, landbruk og økosystem

Miljødirektoratet oppdaterte kunnskapsgrunnlaget om verknader av klimaendringar på naturmangfald i 2015. I etterkant vart ein rapport om eksisterande og moglege tiltak for klimatilpassing i naturforvaltinga utarbeidd. Gjennom å delta i CAFF og AMAP under Arktisk råd har Noreg fått mykje ny kunnskap om klimaendringar og klimatilpassing i nordområda. I tillegg vart det i 2016 laga ein eigen rapport om klimaverknader og utfordringar for forvaltinga på Svalbard. Klimaomsyn er integrert i ei rekkje overvakingsprogram, forvaltingsplanar (inkl. marine forvaltingsplanar og vassforvaltingsplanar) og i den generelle naturforvaltinga. Naturbaserte løysingar kan medverke til å redusere konsekvensar av klimaendringar. Miljødirektoratet jobbar med å få samanstilt kunnskapsgrunnlaget om naturbaserte løysingar for klimatilpassing. I 2015 fekk Miljødirektoratet utarbeidd ein rapport som skal gi grunnlag for å utarbeide rettleiing knytt til klimatilpassing i vassforvalting. Miljødirektoratet lagar ein eigen strategi for klimatilpassing innanfor direktoratets sektoransvarsområde.

I tillegg til rettleiing på Klimatilpasning.no, er Miljøkommune.no oppdatert med ny rettleiar og informasjon om kommunane og deira mynde og plikter innan handtering av overvatn.

Klimatilpassing i landbrukssektoren er avgjerande for å førebyggje og avgrense skadar både som følgje av endringar i ekstremvêr og gradvise endringar. Landbruksdirektoratet forvaltar fleire tilskotsordningar over jordbruksavtalen som er relevante for klimatilpassing, blant anna til drenering av areal og tilpassing av landbruksvegar, til utvikling og produksjon av plantemateriale, og til genressurstiltak. Prosjektet Klimasmart landbruk, som er eigd av Noregs Bondelag, Norsk Landbruksrådgiving, TINE, Nortura og Felleskjøpet Agri, skal sikre betre informasjon og gode verktøy for klimasmart drift på norske gardsbruk, og inkluderer støtte til klimatilpassingstiltak. Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri utgjer ca. 210 mill. kroner til jordbruks- og matforsking. Her er reduserte klimagassutslepp og klimatilpassa produksjon prioriterte områder. I klima- og miljøprogrammet over jordbruksavtalen har klimatilpassing høg prioritet.

Infrastruktur og samferdsel

Kraftig nedbør, svingingar i temperatur og auka fare for flaum, skred og stormflod gir utfordringar for transport og samferdsel. Nasjonal transportplan (2018 – 2029) gir føringar for integrering av klimatilpassingsomsyn i planlegging og prioritering innan samferdselssektoren. Klimatilpassing er òg ein integrert del av Samferdselsdepartementets strategi for samfunnstryggleik i samferdselssektoren som vart lansert i 2015. Strategien er følgt opp av underliggjande etatar.

Kystverket har utarbeidd ein klima- og miljøstrategi (2016 – 2018). Strategien viser korleis etaten skal ta omsyn til klima og miljø i eiga verksemd og bidra til å oppfylle dei nasjonale miljømåla. Kystverket har eit eige mål for å tilpasse etaten si verksemd til klimaendringar.

Statens vegvesen har vedteke ein strategi for samfunnstryggleik der klimatilpassing inngår, og ein handlingsplan er under utvikling. Blant tiltaka som er planlagde er regelbundne oppdateringar av retningslinjer for konstruksjonar og vedlikehald, intensivert arbeid med styrings- og varslingssystem for naturfarar, betre metodar og prosedyrar for kartlegging av sårbarheit, og gjennomføring av tilpassingstiltak på vegar og vegkonstruksjonar.

Jernbaneverket lanserte i 2016 ein handlingsplan for etaten sitt arbeid med samfunnstryggleik, der eigne klimatilpassingsplanar inngjekk. Omsynet til klimatilpassing er integrert i etaten sitt arbeid med både vedlikehald og bygging av ny infrastruktur gjennom fortløpande oppdatering av handbøker, retningslinjer og standardar.

Tilpassing til klimaendringar inngår i Avinors arbeid med tryggleik og risikoførebygging. Selskapet har jobba systematisk med klimarisiko og klimatilpassing over lengre tid, og i 2014 vart risiko- og sårbarheitsanalysar gjennomført for alle lufthamner der Avinor har ansvaret for drift og infrastruktur. Selskapet integrerer omsynet til klimaendringar i den daglege drifta og i relevante prosjektplanar.

Miljødirektoratet og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) lanserte i 2016 kampanjen Sjekkhuset.no som gir råd og tips til korleis huseigarar kan førebyggje klimaskadar på huset.

Industri og næringsliv

I 2017 fekk Nærings- og fiskeridepartementet, i samarbeid med andre departement som forvaltar eigarskap i selskap, utarbeidd ein rapport som ser på klimarelatert risiko i selskap med statleg eigardel.

Marint miljø, fiskeri og havbruk blir påverka av klimaendringane. Fiskeri- og havbruksforvaltinga må tilpasse seg nye naturgitte føresetnader. Både i program finansiert av Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet blir det lagt ned ein omfattande forskingsinnsats for auka kunnskap om havet si rolle i klimasystemet og konsekvensen av klimaendringar for marine økosystem og ressursar. Forskinga viser at ei rekkje ulike klimafaktorar vil påverke marine organismar.

Som følgje av klimaendringar og stadig større isfrie område, er det store endringar i bestandsutbreiingar og dynamikken i havøkosystema. Derfor har både kompleksiteten i og arealet for ressurs- og miljøovervaking auka vesentleg dei siste åra.

Kulturminne

I 2015 utvikla Riksantikvaren, i samarbeid med Norsk institutt for kulturminneforsking, eit verktøy til bruk for vurderingar av klimabelastningar og kulturminne i kommunar. I 2017 sette etaten i gang eit miljøovervakingsprosjekt som skal kartleggje korleis klimaendringane påverkar mellomalderbygningane i Noreg. I lys av klimaendringane på Svalbard overvakar Sysselmannen erosjon på utsette kulturminne, og har utvikla arkeologiske forskingsplanar for utvalte lokasjonar.

Helse

Folkehelselova pålegg kommunar og fylkeskommunar å ha naudsynt oversikt over befolkninga sin helsetilstand og dei faktorane som kan verke inn på denne, under dette forhold relatert til klimaendringar, som auka ulykkes- og sjukdomsrisiko knytt til m.a. flaum- og rasfare, dårleg vedlikehald av leidningsnett for vassforsyning og utvida pollensesong. I 2017 blir kommunane sitt kompetansebehov innan miljøretta helsevern kartlagt, m.a. knytt til akutte hendingar og krisehandtering. Noreg deltek aktivt i Verdas helseorganisasjon (WHO) sitt arbeid med miljø og helse, blant anna gjennom å implementere UNECEs Protokoll for vatn og helse, der klimaendringane si betydning for vatn- og avløpssystem er inkludert.

8.5 FNs berekraftsmål

Noregs statsminister underteikna Agenda 2030 med universelle berekraftsmål i september 2015. Måla vil derfor rettleie òg Noregs nasjonale og internasjonale politikk for berekraftig utvikling i 14 år framover. Noreg rapporterte til FN om framdrifta allereie i juli 2016. Rapporten synte at politikk og regelverk i Noreg i stort er i samsvar med måla, men at det òg er mål som utfordrar oss til å gjere meir. Noregs modell for oppfølging av berekraftsmåla nyttar det årlege arbeidet med statsbudsjettet som ein godt utvikla og innarbeidd arena for å avklare politikk.

Behovet for ei meir integrert og inkluderande tilnærming til økonomisk politikk og miljø og klima går klårt fram av Agenda 2030, og er understøtta av utviklinga i dei store miljøkonvensjonane, til dømes Konvensjonen om bevaring av biomangfald. Regjeringa ser at berekraftsmåla kan fremje eit breiare samfunnsansvar hjå alle aktørar, engasjere fagmiljø på nye vis og betre samarbeidet mellom dei.

Miljø og klima er tverrgåande omsyn i berekraftsmåla, og derfor ein dimensjon ved talrike mål og delmål. Både dei mest sentrale miljømåla og eit utval mål og delmål som er sentrale for miljøtilstanden er omtala her. Det er samanheng mellom måla, og med merksemd på enkeltmål kan ein oversjå at det er relevante dimensjonar for temaet i andre mål. Styrkt koherens i oppfølginga av måla er eit hovudpoeng.

Mål 16 om betre styresett og mål 17 om finansiering og gjennomføringsmidlar er òg svært relevante for klima- og miljøpolitikken, men blir ikkje omtalt av Klima- og miljødepartementet.

Mål 2 Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk

Målet om å utrydde svolt er nærare omtalt i Landbruk- og matdepartementets proposisjon. Berekraftmålet er nært knytt til det overordna målet i Agenda 2030 om å utrydde ekstrem fattigdom. Matproduksjon er på alle vis nært knytt til tilstanden i naturen, og difor krev oppfylling av målet om å utrydde svolt ein aktiv og vellukka innsats for å oppnå berekraftsmåla om miljø og klima. Det har i sin tur samanheng med sektorane si evne til å innarbeide omsyn til miljø og klima i sin politikk. Eksempel på den tette samanhengen mellom landbruk, miljø og sektorpolitikken er vilkåra for pollinering i landbruket, forvaltinga av skog og arbeidet mot forureining av jord og luft.

Noreg vil føre vidare ein aktiv politikk for bevaring og berekraftig bruk av genressursar, og vil samordne dette med arbeidet for å ta vare på ville kulturplanter. Å halde mattryggleiken ved lag i ei tid med klimaendringar vil krevje målretta tiltak for å sikre dei ressursane matproduksjonen byggjer på.

Mål 6 Sikre berekraftig vassforvalting og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle:

Regjeringa ser delmålet om sanitær- og avløpsforhold som oppnådd i Noreg, og vi har i all hovudsak allmenn og likeverdig tilgang til trygt drikkevatn. Det er likevel forbetringspotensial i forvaltinga og forsyninga. Betydelege lekkasjar i vassleidningsnettet kan medføre at ureint vatn kjem inn på nettet og dermed utgjer eit helseproblem. Det gir dessutan unødvendig energibruk, reinsing osv. av vassmengder som berre går til spille. Ny drikkevassforskrift gjeldande frå 1. januar 2017 stiller strengare krav til drift og vedlikehald av leidningsnettet. Det er venta at bygging og drift av vassforsyningssystema vil bli meir krevjande framover, blant anna på grunn av klimaendringar med større nedbørsmengder og temperaturendringar (sjå òg HODs proposisjon).

Oppfølging av EUs vassdirektiv gjennom vassforskrifta står sentralt i den integrerte forvaltinga av vassførekomstane i Noreg. Det er utarbeidd regionale vassforvaltingsplanar for perioden 2016–2021. Gjennomføring av desse planane skal sikre god økologisk tilstand i dei fleste vassførekomstane innan 2033. Det er venta at delmålet om vern av vassrelaterte økosystem vil bli nådd i Noreg.

Delmålet om vasskvalitet, spillvatn og gjenvinning er venta nådd i Noreg innan 2030. Noreg arbeider aktivt med i størst mogleg grad å avgrense helse- og miljøskadelege utslepp av kjemikaliar eller anna forureining. Det er sett strenge utsleppskrav for industrien og det blir arbeidd med å rydde opp i forureina grunn og sjøbotn. Det er framleis utfordringar med utslepp frå landbruk til vassførekomstar. Det blir arbeidd med å redusere marin forsøpling og utslepp av mikroplast, og gode løysingar for innsamling og behandling av avfall medverkar til å beskytte vatn mot forureining. Miljømyndigheitene og kommunane arbeider systematisk for å redusere mengda miljøgifter som blir sleppte inn på det kommunale avløpsnettet. Delen ubehandla spillvatn er redusert med vel 20 pst. sidan 2008 og målet om halvering vil truleg bli nådd innan 2030. Det står likevel att utfordringar for sanering av ureina utslepp i spreidd busetnad der kommunane er forureiningsmyndigheit.

Mål 12 Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Mål 12 om berekraftige forbruk og produksjonsmønster omfattar ei rekkje utfordringar som står sentralt i Noregs miljø og berekraftsinnsats. Enkelttema i målet er nært knytte til omstillinga av Noreg til eit samfunn med låge utslepp, og til målet om å forvalte ressursane vi rår over effektivt og til varig gagn.

Noreg har omfattande lovverk og verkemiddel for å sikre god forvalting av fornybare og ikkje fornybare naturressursar på land og til havs og fremje ein meir effektiv ressursbruk, i tråd med mål 12. Mange verkemiddel har sitt opphav i miljøkonvensjonar og internasjonale avtaleverk, der Noreg framleis deltek aktivt i fortløpande utviklingsarbeid.

Noreg gjer òg ein omfattande innsats for berekraftig forvalting av naturressursar i utviklings- og mellominntektsland. Døme er Noregs internasjonale klima og skoginitiativ, fleire partnarskap i og utanfor FN for å fremje omlegging til grøn vekst, og ulike utviklingspolitiske program, mellom anna knytte til forvalting av petroleums- og fiskeriressursar. Under miljøkonvensjonane støttar Noreg bygging av vitskapeleg og teknisk kapasitet i utviklingsland.

Norske miljømyndigheiter har medverka fagleg og økonomisk til etableringa av FNs tiårige handlingsprogram for berekraftig forbruk og produksjon, som omfattar program om mellom anna berekraftig turisme, berekraftige bygg, offentlege anbod.

Fleire initiativ internasjonalt og i Noreg har som mål å redusere matsvinn og matavfall. I Noreg inngjekk aktuelle departement og matvarebransjen i 2017 ei bransjeavtale om å redusere matsvinn. Denne avtala har som mål å redusere matsvinn med 50 pst. innan 2030, og inneheld tiltak og indikatorar for å måle matsvinnet. Ei frivillig avtale med bransjen er den mest føremålstenlege måten å redusere matsvinnet på i Noreg.

Arbeidet med å avgrense mest mogleg skadeverknadene for helse og miljø frå kjemikaliar og avfall innan 2020 skjer dels med vedvarande streng regulering etter forureiningslova og produktkontrollova, og er dels avhengig av krevjande prosessar (EØS og globalt) der Noreg gjennom vedvarande betydeleg ressursbruk arbeider for streng regulering, som skal medverke til mindre bruk og utslepp og betre handtering, både av kjemikaliar og avfall.

Frå 1995 har avfallsmengda i Noreg auka med over 70 pst. Regjeringa har i dag få verkemiddel som hindrar at avfall oppstår, men fleire verkemiddel i miljøpolitikken kan gi insentiv til førebygging av avfall og auka utnytting av ressursar i avfallet. Dette omfattar til dømes produsentansvarsordningar, tilverking av nye produkt basert på gjenvunne material, krav til utsortering av avfallsfraksjonar som kan materialgjenvinnast, miljøkrav ved offentlege anskaffingar, auka kostnader ved handtering av avfall, og nye forretningsmodellar baserte på deling og omsetning av brukte produkt. EU arbeider med insentiv for å få produsentar til å forlenge produkta si levetid.

I den nye lova for offentlege anskaffingar er det ei ny lovføresegn om miljø, menneskerettar og andre samfunnsomsyn som forpliktar offentleg sektor til å innrette anskaffingspraksisen sin slik at den medverkar til å redusere skadeleg miljøpåverknad og fremjar klimavennlege løysingar. Regjeringas innovasjonspolitikk omfattar òg å fremje innovasjon gjennom anskaffingar.

Utdanning for berekraftig utvikling blir ført vidare gjennom Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypining – Forståelse.

Mål 13 Handle straks for å stoppe klimaendringane og motarbeide konsekvensane.

Noregs viktigaste innsats for å oppfylle berekraftsmål 13 om å motverke klimaendringar og fremje tilpassing til dei endringane som skjer, er uttrykt i oppfølginga av Parisavtala. Avtala legg opp til at landa sjølv skal melde inn nasjonalt fastsette bidrag kvart femte år, og gjennomføre tiltak for å følgje opp dette. Noreg har teke på seg ei forplikting på vilkår om å redusere utsleppa av klimagassar med minst 40 pst. innan 2030, samanlikna med 1990. Noreg tek sikte på å gjennomføre forpliktinga i fellesskap med EU og er i dialog med EU om dette. For detaljar, sjå omtale under programkategori 12.20 «Felles oppfyllelse av klimamål for 2030».

Parisavtala er eit rammeverk for å halde auken i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2˚C samanlikna med førindustrielt nivå, og søkje å avgrense temperaturauken til 1,5˚C. Dette inneber ei omstilling globalt som vil vere krevjande òg for det norske samfunnet og næringslivet. Samtidig skaper dette nye moglegheiter, teknologiar og løysingar som medverkar til lågutsleppssamfunnet. Regjeringa presenterte i år ein strategi for grøn konkurransekraft. Dette er eit viktig grep i arbeidet med omstillinga til ein berekraftig utvikling.

Våren 2017 vedtok Stortinget ei ny klimalov. Formålet med lova er å fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Utsleppsmåla for 2030 og 2050 er lovfesta.

Regjeringa har identifisert Delmål 13.2 Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå, som ein av dei særskilde utfordringane Noreg står overfor. Den internasjonale indikatoren for delmålet går på kor mange land som har laga planar som aukar evna deira til å tilpasse seg klimaendringar og redusere klimagassutsleppa på ei måte som ikkje truer matforsyninga. Noreg har mellom anna levert inn nasjonalt bestemte bidrag til FNs klimakonvensjon, presentert klimastrategi for 2030 i Meld. St. 41 Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid og rapporter jamleg om eigne utslepp til FN. Regjeringa samarbeider med jordbruksnæringa i utforminga av klimapolitikken, og har i Meld. St. 41 Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid meldt at dei skal nedsette ei arbeidsgruppe som skal gjennomgå eksisterande ordningar for støtte til klimatiltak på gardsnivå, med sikte på å styrkje og målrette innsatsen for reduserte utslepp. Sjå del III kap. 8.3 Oppfylling av Noregs klimamål for 2030.

Deltaking i EUs kvotesystem (EU-ETS), CO2-avgift og andre klimagrunngitte skattar og avgifter er hovudverkemidla i arbeidet med å redusere nasjonale klimagassutslepp. Noreg har i fleire år vore deltakar i EUs kvotesystem, der utsleppa skal reduserast med 43 pst. innan 2030. Noreg tar sikte på å samarbeide med EU om ikkje kvotepliktig sektor, som i hovudsak omfattar transport og landbruk.

All areal- og samfunnsplanlegging, ikkje minst infrastruktur, må ta høgde for at klimaet i framtida vil endre seg. Kunnskap om endringane som kjem må byggjast i lokalmiljøa og i dei einskilde verksemdene. Nye transportsatsingar må både bidra til å betre mobiliteten, reduserte klimagassutslepp og auka evne til å tåle nedbør og rasfare. God arealplanlegging, der bustad-, areal- og transportløysingar blir sett i samanheng, er særleg viktig for å utvikle meir berekraftige byar og tettstader. For byområda, er det sett som mål at persontransportveksten skal skje med kollektivtransport, sykkel eller gange. For å bidra til å nå dette målet, er det etablert ei ordning med heilskaplege bymiljøavtaler. Bymiljøavtalene er langsiktige avtaler mellom staten og kommunane i storbyområda, som skal bidra til å sikre god samordning av arealutvikling og investeringar i transportsystema.

Samarbeid over landegrensene om tiltak for å redusere utslepp av klimagassar er ein viktig del av berekraftsmål 13. Slikt samarbeid står sentralt i den norske klimainnsatsen. Frå norsk side er fokuset særleg lagt på Klima- og skoginitiativet, fornybar energi og støtta til Det grøne klimafondet for tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing. For klimatilpassingsarbeidet er klimasmart landbruk og matsikkerheit viktige innsatsområde.

Prosjekt under Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) medverkar ikkje berre til reduserte utslepp av globale klimagassar, men kan òg medverke til berekraftig utvikling generelt. Regjeringa legg vekt på å sikre den miljø- og utviklingsmessige integriteten ved dei tiltaka Noreg stør. Klima- og miljødepartementet deltek i eit samarbeid for å utvikle pilotar for å vidareføre slikt samarbeid etter 2020. Noreg deltek i ei rekkje samarbeidsorgan som har som mål å få gjennomført tiltak som fører til grøn omstilling og reduserte utslepp av klimagassar. Noregs internasjonale Klima- og skoginitiativ er sentral i arbeidet med å redusere utslepp frå tropisk skog (Redd+). Langsiktig og effektiv skogbevaring er berre mogleg dersom den òg medverkar til utvikling for menneska som lever i og av skogen. Klima og utvikling er derfor tett knytte saman i den globale innsatsen for å redusere utslepp frå tropisk skog. For meir informasjon om Noregs internasjonale klimainnsats, sjå Programkategori 12.70 internasjonalt klimaarbeid og Prop. 1S (2017 – 2018) for Utanriksdepartementet.

Mål 14 Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling

Noreg har nasjonalt etablert modellar for økosystembasert forvalting av havområda våre først og fremst gjennom dei heilskaplege forvaltingsplanane for havområda og i fiskeriforvaltinga. Den overordna nasjonale gjennomføringa av berekraftsmål 14 vil bli basert på dette.

Forvaltingsplanane for havområda er verktøy for ei heilskapleg og økosystembasert forvalting som fremjar både berekraftig bruk og bevaring av økosystema, og har eit heilskapleg perspektiv på miljøtilstand, påverknader og samla belastning på havområda. Det blir arbeidd vidare med oppfølging av tiltak for berekraftig bruk og vern av økosystema.

Framtidig verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet, og å halde ved lag naturmangfald og produktivitet i økosystema er sentralt for at dei marine naturverdiane skal halde fram med å vere fornybare. Forvaltingsplanane er derfor eit viktig verktøy for ein blå vekst basert på verdiar frå havet.

Kysten er både dei mest produktive og dei mest intensivt utnytta av dei marine områda. Miljøtilstanden i kystområda blir følgt opp gjennom systemet i vassforskrifta.

Det er etablert marine beskytta område og marine verneområde i norske farvatn. Arbeidet med marint vern blir ført vidare.

Klimaendringar og havforsuring er vesentlege påverknadsfaktorar som aukar den samla belastninga på arter og økosystem, og kan føre til betydelige endringar i grunnlaget for berekraftig bruk av havet og dei marine ressursane. Dette er ei utfordring for forvaltinga av aktivitet som kan påverke miljøverdiane. Noreg vil styrkje kunnskapen om korleis forvaltinga av havområda best kan ta vare på omsynet til å gjere marint naturmangfald og økosystem motstandsdyktige mot negative verknader av klimaendringar og havforsuring.

Forvaltinga får viktig kunnskap gjennom miljøovervaking, forsking og kartleggingsprogram for blant anna havbotn (MAREANO-programmet) og sjøfugl (SEAPOP/SEATRACK). Regjeringa har i sin langtidsplan for forsking varsla at den vil trappe opp innsatsen til forsking og høgare utdanning om havet.

Noreg har eit strengt regelverk for regulering av forureining gjennom forureiningslova. Utslepp av miljøgifter frå punktkjelder på land er redusert, men det er framleis tilførsler av miljøfarlege stoff til havområda. Kunnskapen om samla effekt av dei ulike miljøgiftene er begrensa. Nasjonalt blir det arbeidd med å redusere utslepp frå hav- og landbaserte næringar, og å redusere marin forsøpling og spreiing av mikroplast frå identifiserte kjelder. I tillegg er oppryddingsarbeidet styrkt. Dette arbeidet er beskrive i Strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast (plaststrategi) som inngår i Meld. St. 45 (2016 – 2017) Avfall som ressurs.

Marin forsøpling og mikroplast er eit globalt miljøproblem. Nivået av marint avfall i Nordaust-Atlanteren, inkludert langs norskekysten og på Svalbard, er høgt. Noreg fremja saman med Indonesia forslag til resolusjon om plastavfall og mikroplast i havet, som vart vedteke av FNs andre miljøforsamling (UNEA-2) i Nairobi i mai 2016. Noreg skal framleis vere ein pådrivar i det internasjonale arbeidet for å redusere plastavfall og mikroplast i havmiljøet, og vil følgje opp med eit nytt vedtak om vegen vidare på dette område på FNs miljøforsamling i desember 2017.

Internasjonalt går det føre seg viktige prosessar som vil vere avgjerande for dei havrettslege og institusjonelle rammene for implementeringa av berekraftsmål 14. Dette knyter seg til regelverk for å beskytte biodiversitet og fordeling av genressursar på ope hav, samspelet mellom globale og regionale mekanismar for implementering, globale mekanismar for tema som til dømes marin forsøpling og mikroplast. Med ei tradisjonelt leiande rolle i det internasjonale arbeidet innan havrett, miljø- og fiskeriforvalting er det viktig at Noreg aktivt søkjer å påverke dei pågåande prosessane på ein mest mogleg einsarta og løysingsorientert måte. FNs internasjonale sjøfartsorganisasjon (IMO) utviklar internasjonale standardar for tryggleik og miljø i den globale skipsfarten, og Noreg er ein aktiv pådrivar også i dette arbeidet. Norge legg vidare vekt på miljøsamarbeidet med andre land blant anna gjennom arbeidet i OSPAR (Konvensjonen for vern av det marine miljø i nordaust-Atlanteren).

Mål 15 Beskytte, atterreise og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motarbeide ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald

Klima- og skoginitiativet (KoS) er Noregs viktigaste internasjonale klimainnsats og det viktigaste bidraget for å nå berekraftsmål 15 om livet på land. Sidan satsinga vart lansert i 2007 er det inngått ei rekkje partnarskap, i hovudsak med tropiske skogland der Noreg betaler for verifiserte reduksjonar av utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden. Bevaring av naturskog er eitt av tre delmål for satsinga.

Hittil har satsinga utbetalt rundt 20 mrd. kroner til tiltak i utviklingsland. Til Brasil, Guyana og Colombia er det utbetalt 8,5 mrd. kroner i utsleppsreduksjonar. For å gi utviklingsland med skog ein meir føreseieleg situasjon med omsyn til kva dei kan vente i utbetalingar for utsleppsreduksjonar frå redusert avskoging og degradering av skog, er det sett av 2,1 mrd. kroner i fond. Klima- og skoginitiativet har utbetalt 8,8 mrd. kroner til betring av det politiske rammeverket i skogland, kapasitets- og alliansebygging.

Utbetalingane går gjennom ulike kanalar som FN, Verdsbanken og andre internasjonale organisasjonar, det sivile samfunnet og landa sine eigne fond. Styrking av regelverk og handheving av lover for å hindre avskoging og fremje restaurering av øydelagt skog er ein del av satsinga. Til dømes har Indonesia utferda fleire avgrensingar på bruk av karbon- og artsrik skog og torvmyr og sett i gang ei storstilt satsing for å gjenreise dei opphavlege funksjonane i desse økosystema.

Utvikling av skoglanda sine system for å kartleggje, overvake og rapportere utslepp frå avskoging og degradering av skog er naudsynt både for å vite om vi kan betale for utsleppsreduksjonar og for at landa skal kunne betre sin politikk for skogforvalting. I tillegg til å støtte skoglanda sine eigne system støttar vi òg utvikling av uavhengige skogovervakingsverktøy som Global Forest Watch. Betre kart og overvakingsdata gjer det lettare for det sivile samfunn, akademia og media å halde myndigheiter og selskap ansvarlege dersom det går føre seg ulovleg eller ureglementert avskoging. Samarbeidet med privat sektor blir stadig viktigare, spesielt når det gjeld avskogingsfri råvareproduksjon. Næringslivet skal vere ein viktig alliansepartnar for å nå berekraftsmål 15 og spelar ei nøkkelrolle i å syte for at heile verdikjeda frå produsent til forbrukar skal byggje på høge sosiale, økonomiske og miljømessige standardar. Klima- og skoginitiativet støttar òg ei rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar som fremjar avskogingsfrie verdikjeder, arbeider for urfolks rettar og mot skogkriminalitet.

Meld. St. 14 (2015 – 2016) Natur for livet er Noregs nasjonale handlingsplan for å nå Aichi-måla under konvensjonen om biologisk mangfald. Berekraftsmål nr. 15 er samordna med Aichi-måla. Derfor er gjennomføringa av handlingsplanen viktig for å nå berekraftmål nr. 15. Det er eit sentralt tiltak i handlingsplanen å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av naturmangfaldet. Regjeringa vil utarbeide eit kunnskapssystem som beskriv kva som er rekna som «god økologisk status» for alle økosystem i Noreg. Eit regjeringsoppnemnt ekspertråd la fram sin rapport i juni 2017. Med grunnlag i tilrådingane vil regjeringa syte for at økosystema sin tilstand blir vurdert. Dette vil igjen vere utgangspunkt for å utarbeide sektorovergripande forvaltingsmål for dei ulike økosystema.

Som ei oppfølging av naturmangfaldmeldinga vil vidare arbeidet med frivillig skogvern framleis bli prioritert, saman med marint vern. Òg for andre økosystem er det sett i gang arbeid med supplerande vern. Eit representativt utval av økosystem til fjells er verna. Det er viktig å sikre verneverdiane framover, blant anna i form av forvaltingsplanar for fjellområda.

Miljødirektoratet har vidare fått i oppdrag om i løpet av 2018 å foreslå ein samla verkemiddel-pakke for alle sterkt og kritisk truga arter som også er ansvarsarter, alle truga naturtypar, og naturtypar som er viktig for truga arter.

Spreiing av framande arter er eit problem som krev internasjonalt samarbeid og tiltak. Løysingar må finnast innanfor relevante internasjonale konvensjonar, slik som konvensjonen om biologisk mangfald. Meld. St. 14 (2015 – 2016) Natur for livet beskriv ei rekkje tiltak for å redusere negative miljøkonsekvensar av framande arter.

Regjeringas politikk for berekraftig forvalting av skog vart presentert i ei melding til Stortinget i 2016. Gjennom berekraftig forvalting vil skogen kunne medverke til klimatilpassing og til å sikre både naturmangfald og kulturverdiar.

Noreg vil òg arbeide for eit styrkt internasjonalt samarbeid om grensekryssande utfordringar på skogområdet og for å sikre berekraftig forvalting av skog internasjonalt, blant anna gjennom FN. Den nyleg vedtekne FN-strategien for skog representerer ein milepæl i dette arbeidet. Noreg støttar måla i planen.

Særskilt om delmål om berekraftig skogforvalting og ressursar til skogforvalting

I Meld. St. 6 (2016 – 2017) Verdier i vekst. Konkurransedyktig skog- og trenæring går det fram at regjeringa vil kartleggje kvar den eldste skogen finst, for å sikre god forvalting av denne. Vidare framgår det at myndigheitene og skognæringa skal utgreie tiltak for betre å ta vare på nøkkelbiotopar.

Vern av eit representativt utval av norsk skog og viktige område for naturmangfald er eit bidrag til berekraftig skogforvalting. Regjeringa har gjennom semje om naturmangfaldmeldinga og budsjettavtala med samarbeidspartia på Stortinget styrkt satsinga på skogvern. Det er lagt til rette for at viktige skogområde som er truga av hogst/inngrep raskt kan vurderast for frivillig vern.

Særskilt om delmål om framande organismar

Framande organismar er både globalt og nasjonalt ein av dei største truslane mot naturmangfaldet. Delmålet om framande organismar er krevjande å nå, òg med tanke på at klimaendringar kan medføre introduksjon av nye framande organismar. Regjeringa meiner derfor det er viktig å hindre innførsel og utsetjing av framande skadelege organismar, i tråd med forskrifta om framande arter og forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål, og å nedkjempe framande skadelege organismar som allereie er etablerte i norsk natur. Klima- og miljødepartementet vil i samråd med aktuelle departement blant anna utarbeide ein samla, prioritert tiltaksplan for nedkjemping av skadelege framande organismar, som skal byggje på blant anna allereie eksisterande handlingsplanar mot framande skadelege arter og den tverrsektorielle nasjonale strategien og tiltak mot framande skadelege arter.

Nærmare omtale av enkelte andre delmål med betydning for klima og miljø

Særskilt om delmål om kjemikaliekontroll i mål 3 om helse

Bruk og utslepp av helsefarlege kjemikaliar og anna forureining gir risiko for eksponering for befolkninga i Noreg. Hovudverkemidlet for å avgrense bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar er internasjonal regulering, og særleg viktig er EU/EØS-regelverket. Globale avtaler gir reduserte langtransporterte utslepp til Noreg og Arktis. Å avgrense bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i Noreg er i hovudsak avhengig av krevjande internasjonale prosessar for betre kunnskap og regulering, der Noreg har ei viktig rolle gjennom betydeleg ressursbruk og aktivt påtrykk. Arbeidet med fortsatt streng regulering av industri på land og offshore er også viktig. Dette har gitt betydelege reduksjonar i utslepp dei siste tiåra, og det er grunn til å vente vidare betydelege forbetringar frem mot 2030, innanfor gjeldande regelverk og ressursbruk, særleg gjennom forhandlingar og frå ny kunnskap som kommer innan forsking. Framhalde godt tilsyn, og oppfølging av område med gamle forureiningar, og relevant kompetanse i kommunane er òg naudsynt.

Særskilt om delmål om luftforureining i mål 3 om helse og mål 11 om bærekraftige byer

Noreg er utfordra av fleire berekraftsmål når det gjeld luftkvalitet, mål knytte til byutvikling og til helse (delmål 11.6: Innan 2030 redusere negative konsekvensar for miljøet i storbyane målt per innbyggjar, blant anna ved å leggje særleg vekt på luftkvalitet og offentleg og anna form for avfallshandtering, og Delmål 3.9: Reduksjon av død og sjukdom som følgje av farlege kjemikaliar og luftforureining). Dei siste åra har nivået av svevestøv vist ein nedgåande trend, mens nivået på nitrogendioksid har vore om lag stabilt. I fleire norske byar er dårleg luftkvalitet framleis kjelde til alvorlege helseplager. Kommunane er forureiningsstyresmakt for lokal luftkvalitet, med hovudansvar for å setje i verk tiltak for å betre luftkvaliteten og utarbeide tiltaksutgreiingar. I forureiningsforskrifta er det fastsett grenseverdiar for lokal luftforureining. Grenseverdien for svevestøv vart stramma inn frå 2016. Det er blant anna òg fastsett retningslinjer for behandling av lokal luftforureining i arealplanlegging. Luftforureining motiverer mange land og byer til innsats som og kan kommer klima til gode.

Særskilt om delmål under mål 7 om å sikre tilgang til berekraftig, påliteleg og moderne energi til ein overkommeleg pris for alle

Berekraftsmål 7 er sentralt for miljø og klima ved at målet skal medverke til at alle har tilgang til berekraftig og moderne energi. Delmåla fremjar tilgang til energi, at meir fornybar energi blir bygd ut og at energien blir brukt meir effektivt. Energitilgang er ein føresetnad for, og gjer mogeleg økonomisk vekst, og er derfor heilt sentralt i arbeidet med å avskaffe fattigdom og fremje omstilling til lågkarbon utvikling. Samtidig må ny energi byggjast ut på ein berekraftig måte og energien må brukast meir effektivt. Det vil bidra til å redusere utslepp av klimagassar og begrense andre miljø- og helsekostnader.

Nasjonalt er energimålet og dei ulike delmåla vurderte til anten å vere oppnådd eller i tråd med norsk politikk og nasjonale mål. Det er så langt føremålstenleg sikra energitilgang til alle. Noreg har allereie ein høg del fornybar energi samanlikna med andre land, og verkemiddel både på tilbods- og forbrukssida skal sikre framhald i overgangen frå fossil til fornybar energi. Vi har òg verkemiddel som medverkar til energieffektivisering. Regjeringa la våren 2016 fram Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring – energipolitikken mot 2030. Hovudbodskapen i meldinga er at forsyningstryggleik, klima og næringsutvikling må sjåast i samanheng for å sikre ei effektiv og klimavennleg energiforsyning.

Særskilt om delmål om meir effektiv ressursbruk i mål 8 om bærekraftig økonomisk vekst

I samband med berekraftsmålet som fremjar berekraftig økonomisk vekst (mål 8), omtala nærare av Finansdepartementet, skal vi bruke ressursane meir effektivt. Målet fremjar ei kopling av økonomisk vekst frå ressursuttak og miljøbelastning. Det blir lagt til rette for å utnytte ressursar i avfall som sekundære råvarer ved å definere krav eller standardar. Materialgjenvinninga av avfall har auka drastisk dei seinaste tiåra og redusert miljøpåverknaden frå avfall. I tillegg kan digitalisering og nye forretningsmodellar føre til mindre avfall til gjenvinning eller sluttbehandling, ved at avfall ikkje oppstår eller ved at produkt blir brukte om igjen.

Særskilt om delmål for omstillinga til reinare industri og berekraftig infrastruktur i mål 9 om industri, innovasjon og infrastruktur

Miljøskadelege utslepp frå næringslivet er, i tråd med nasjonale mål, vesentleg reduserte dei siste tiåra. Reinare og meir miljøvennlege teknologiformer og industriprosessar er introduserte som følgje av stadig strengare regelverk og i medhald av forureiningslova og produktkontrollova. Ressurseffektiviteten er betra, blant anna gjennom ein markant auke i materialgjenvinning av avfall i tråd med det nasjonale målet. Ytterlegare tiltak for ein sirkulær økonomi og ei framhalden innstramming i regelverk og utsleppsløyve i tråd med utviklinga til nå vil medverke til å nå målsetjinga.

8.6 Strategi for grøn konkurransekraft

Regjeringa utnemnde i juni 2015 eit ekspertutval for grøn konkurransekraft beståande av Connie Hedegaard og Idar Kreutzer. Utvalet skulle lage tilrådingar til ein overordna strategi for grøn konkurransekraft. Det leverte tilrådingane sine i oktober 2016. Regjeringa legg fram ein overordna strategi for grøn konkurransekraft, En innovativ og sunn økonomi på vei til lavutslippssamfunnet – regjeringens strategi for grønn konkurransekraft, i tilknyting til statsbudsjettet for 2018. Strategien gir ei samla framstilling av regjeringas politikk for grøn konkurransekraft på sentrale område som forsking og teknologiutvikling, offentlege anskaffingar, utbygging av infrastruktur og finansiering av grøne løysingar.

Globalt skjer det no ei rask utvikling i lågutsleppsteknologi. Digitalisering, robotisering og delingsøkonomi gir høve til nye og grønare forretningsmodellar. Samtidig vil ei verd som går mot lågutsleppssamfunnet måtte ta i bruk langt sterkare verkemiddel i klimapolitikken enn i dag. Elektrisitet og oppvarming må gradvis leggjast om til nullutsleppsløysingar, transportmiddel må bli tilnærma fossilfrie, prosessutslepp frå industrien må kraftig ned, jordbruket sine utslepp må reduserast og opptak og lagring av klimagassar i skog og landareal aukast. Ny teknologi må utviklast og takast i bruk, samtidig vil etterspørselen bli vridd mot nye varer og tenester. Dette vil endre rammevilkår for næringslivet i alle land. For å takle omstillingane må næringslivet kunne dekkje kostnadene sine, inklusive klima- og miljøkostnader, med dei prisane det kan oppnå for sine varer og tenester. For næringslivet kan ein definere grøn konkurransekraft som evna til å konkurrere globalt i ei tid der sterkare verkemiddel blir tekne i bruk i klima- og miljøpolitikken globalt.

Strategien for grøn konkurransekraft skal medverke til å gi føreseielege rammer for omstillinga til eit samfunn med lågare klimagassutslepp og medverke til at Noreg er i forkant av tilpassinga til ein ny røyndom. For å nå lågutsleppssamfunnet er vi avhengige av eit grønt, smart og nyskapande næringsliv. I en verden med en meir ambisiøs klimapolitikk vil det bli større merksemd på utvikling av lågutsleppsteknologiar. Regjeringa vil føre ein offensiv politikk for å medverke til grøn omstilling av norsk økonomi og ruste næringslivet for ei lågutsleppsframtid.

Det er ikkje ei enkel løysing eller eitt verkemiddel som vil ta oss til eit konkurransedyktig lågutsleppssamfunn. Ein effektiv miks av politikk og verkemiddel skal bidra til å redusere utslepp av klimagassar. Regjeringa legg til grunn følgjande hovudprinsipp i sin politikk for å fremje grøn konkurransekraft:

  • Myndigheitene skal gi føreseielege rammevilkår og vere pådrivarar i arbeidet for overgangen til lågutsleppssamfunnet.

  • Forureinar skal betale som ein del av ein heilskapleg politikk for å fremje grøn konkurransekraft.

  • Planlegging og investeringar skal ta omsyn til målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050.

  • Målretta satsing og vektlegging av klima- og miljø i offentleg finansiert forsking, innovasjon og teknologiutvikling der det er relevant.

  • Syte for at offentleg sektor som kunde medverkar til å ta i bruk og utvikle nye miljø- og klimavennlege teknologiar, produkta og løysingar.

  • Det skal leggjast til rette for at forbrukarar, næringsliv og investorar har naudsynt informasjon til å velje grøne løysingar og produkt.

  • Grøn konkurransekraft skal byggjast på vel fungerande marknader.

Ekspertutvalet for grøn konkurransekraft vart bede om å innhente innspel frå sentrale samfunnsaktørar i ulike delar av landet. Mange av innspela kom i form av såkalla vegkart. Gjennom vegkarta har næringar samarbeidd om å kartleggje kva omstilling til eit lågutsleppssamfunn vil kunne bety for deira bransjar. Regjeringa vil vidareføre den konstruktive dialogen med næringslivet og byggje på den dynamikken som vart skapt gjennom arbeidet med vegkarta. Regjeringa vil blant anna nytte eksisterande samarbeidsfora der myndigheitene møter dei ulike næringane regelbunde. Som ei direkte oppfølging av vegkartet for prosessindustrien har regjeringa oppretta eit Prosess21 for å styrkje samhandling mellom næringslivet, forvaltinga og ulike forskingsmiljø. Dette er eit strategisk organ som skal gi innspel til korleis prosessindustrien både kan vekse og på sikt redusere klimagassutsleppa ned mot null. I tillegg vil regjeringa bruke klimarådet som ein fast møteplass for strategiske diskusjonar med næringslivet og oppfølging av dei ulike vegkarta.

Både klimaendringar og tiltak for å motverke slike endringar har innverknad på vilkåra for og risikoen ved økonomisk verksemd. Til dømes vil høgare gjennomsnittstemperaturar, endra nedbørsmønster og høgare havnivå kunne ha konsekvensar for vasstilførsel, landbruk og busetnad, og for produksjons- og forbruksmønster i vidare forstand. Meir ekstremvêr vil gi endra skademønster og dermed utfordringar for forsikringsverksemd. Tiltak mot klimaendringar har òg konsekvensar. Teknologiutvikling, karbonprising og reguleringar kan endre globale marknadsføresetnader for karbonintensive varer og tenester. Lønsemda vil verte negativt påverka dersom langsiktige investeringar er låste inn i verksemder som opplever brå pris- og verdifall, eller permanent reduksjon i etterspurnaden, som følgje av endra klimapolitikk og rask teknologisk utvikling. Omstilling bort frå fossile energiberarar kan gi fall i verdien av reservar og realkapital, som òg kan skape forstyrringar for bankar og andre finansinstitusjonar.

For å betre kunnskapen om klimarelaterte risikofaktorar og deira betyding for norsk økonomi, vil regjeringa sette ned eit ekspertutval. Utvalet skal mellom anna vurdere korleis ein mest hensiktsmessig kan analysere og framstille klimarisiko på nasjonalt nivå, identifisere antatt viktige globale klimarelaterte risikofaktorar og vurdere deira betyding for norsk økonomi og finansiell stabilitet. Utvalet skal òg vurdere eventuell metodikk for at private og offentlege verksemder, under dette finansinstitusjonar, skal få eit fagleg grunnlag for å kunne analysere og handtere klimarisiko på best mogleg måte.

8.7 Anna klima- og miljøarbeid i staten

Gode, enkle og effektive miljøleiingssystem, for eksempel ISO 14001, EMAS (Eco Management and Audit Scheme) eller Miljøfyrtårn, sikrar at verksemda har oversikt over dei mest vesentlege miljøbelastningane og har målsetjingar og rutinar for kontinuerleg å redusere desse. For dei fleste statlege verksemdene vil tema som anskaffingar, energibruk i bygg, IKT, transport og avfallshandtering stå sentralt. Miljøstyringssystemet skal medverke til kontinuerleg forbetring av den totale klima- og miljøpåverknaden frå departementsfellesskapet. I tillegg til ei meir klima- og miljøvennleg departementsverksemd, medverkar arbeidet også til modernisering og effektivisering.

Departementas tryggleiks- og serviceorganisasjon (DSS) har leia innføringa av eit felles miljøstyringssystem i departementa i medhald av krava i EMAS. DSS har hovudansvaret for oppfølginga av styringssystemet, men departementa er sjølve ansvarlege for å følgje opp sine interne miljøstyringssystem. Miljøkrav blir rutinevist vurderte ved kvar anskaffing. Av felles-/rammeavtaler inngått av DSS på vegner av departementa er det i 67 pst. av tilfella stilt miljøkrav, og 67 pst. av leverandørane er miljøsertifiserte.

Fleire underliggjande etatar og andre statlege verksemder har miljøleiingssystem og arbeider systematisk med å redusere miljøbelastningar gjennom anskaffingar og dagleg drift.

9 Samfunnstryggleik og beredskap

Klima- og miljødepartementets arbeid med samfunnstryggleik og beredskap tek utgangspunkt i dei mål og prioriteringar som er gitt i Meld. St. 10 (2016 – 2017) Risiko i et trygt samfunn og Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap, og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet. Departementet har eit mål om at samfunnstryggleik og beredskap skal vere ein systematisk og heilskapleg prosess. Det er såleis viktig at kunnskap og erfaringar dannar grunnlaget for dei vala og prioriteringane vi tek, med omsyn til sikring av viktige verdiar og tryggleik i samfunnet. Følgjeleg dannar det òg grunnlaget for departementets beredskapsmessige tilstand, og evna til å handtere moglege uønskte hendingar. Evaluering av hendinga og øvingar er eit viktig moment i vidareutvikling og vedlikehald av departementets samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid. Oppfølging av funn og læringspunkt er avgjerande for at evalueringa skal bidra til eit betra kunnskapsgrunnlag i departementet.

9.1 Ansvarsområde

Klima- og miljødepartementet har ansvar for å bidra til å førebyggje at det skjer uønskte hendingar, og redusere konsekvensar av uønskte hendingar som skjer innanfor klima- og miljøsektoren. Arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, overordna risikobilde for sektoren, beredskapsplanverk og øvingar er derfor særs viktig med omsyn til måloppnåing. Kvar enkelt etat medverkar i dette arbeidet ved å gjennomføre eigne analysar over risiko og sårbarheit innanfor sitt område.

Akutt forureining- og atomberedskap

Det er eit nasjonalt mål at forureining ikkje skal skade helse og miljø, og at utslepp av farlege stoff skal stansast. Ansvaret for å stille krav til kommunar og private verksemder sin beredskap mot akutt forureining og kontrollere at krava blir overhaldne er lagt til miljømyndigheitene. Miljødirektoratet stiller beredskapskrav og følgjer opp desse gjennom tilsyn. Miljødirektoratet har etablert ein plan for kriseberedskap og spesifikke rutinar for handtering av etatens oppgåver knytte til større tilfelle av akutt forureining.

Ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt forureining er lagt til Samferdselsdepartementet. Det operative ansvaret er delegert til Kystverket. Den statlege beredskapen mot akutt forureining skal vere basert på kunnskap om miljørisiko. Ved ein statleg aksjon mot akutt forureining har miljøforvaltinga ei rådgivarrolle overfor Samferdselsdepartementet og Kystverket, og ansvar for å skaffe fram informasjon om miljøverdiar og miljøkonsekvensar.

Norsk Polarinstitutt stiller krav om beredskap for akutt forureining og tiltak for å ta vare på tryggleiken for liv og helse ved gjennomføring av aktivitetar i Antarktis, og forsikring for å dekkje aktivitetane.

Det nasjonale målet for forureining omfattar òg radioaktiv forureining. Helse- og omsorgsdepartementet har det overordna ansvaret for atomulykkeberedskapen, mens Statens strålevern er fag- og forvaltingsmyndigheit. Klima- og miljødepartementet har eit ansvar etter forureiningslova dersom eit uhell eller ei ulykke medfører radioaktive utslepp og avfall. Det er Statens strålevern som treffer tiltak for utslepps- og avfallshandtering, mens eventuelle klager blir behandla av departementet. Statens strålevern bidrar òg med utvikling av planverk for miljøforvaltinga på atomberedskapsområdet. Miljødirektoratet kan bistå med målingar og gi råd om konsekvensar nedfall kan ha på det ytre miljøet. Norsk Polarinstitutt kan bistå med avgjerdsgrunnlag som spreiingsmodellering og kunnskap om Arktis, blant anna iskart.

Beredskapsmessige utfordringar knytte til klimaendringar

Det er eit nasjonalt mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. I tråd med ansvarsprinsippet har kvart enkelt departement ansvar for å ta vare på omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet har eit spesielt ansvar for å leggje til rett regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Miljødirektoratet støttar departementet i arbeidet med klimatilpassing. Miljødirektoratet har blant anna eit ansvar for at departementet har tilgang til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget gjennom nasjonal og internasjonal klimaforsking. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast i gjennomføringa av departementet sitt arbeid med klimatilpassing.

Beredskap mot skadar på kulturminne og –miljø

Det er eit nasjonalt mål at tap av verneverdige kulturminne og –miljø skal minimerast. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for forvaltinga av kulturminne og –miljø i Noreg, men samarbeider tett med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og kommunane om beredskap og sikring av kulturminne. Samarbeidet er viktig for blant anna branntryggleiken i verneverdig tett trehusbestand og stavkyrkjer. Det vil òg bli retta tiltak mot profane bygningar og prioriterte ruinar frå mellomalderen. Auka førekomst av ekstremvêrhendingar som flaum, skred, storm og kraftige nedbørsmengder må òg takast omsyn til i samband med forhindring av skadar framover. I dette arbeidet spelar Meteorologisk Institutt ei viktig rolle med omsyn til forsking om endringar i klima.

Overvassberedskap

Departementet har eit koordinerande ansvar for å sikre tilstrekkelege rammevilkår og verkemiddel for kommunane si handtering av overvatn. Miljødirektoratet er gitt ansvaret for å ha oversikt over regelverk og rammevilkår for kommunane. Norges vassdrags- og energidirektorat og Meteorologisk Institutt vil gjennom Senter for klimatenester ha ei viktig rolle i å utvikle og formidle kunnskap og informasjon om påverknadene av ekstrem nedbør på overvatn- og flaumsituasjonar i byar og tettstader.

Akutt overvatn i byar og tettstader vil først og fremst føre til tap av store materielle verdiar og auka forureining. Med venta auke i nedbørsmengdene dei neste åra som følgje av klimaendringar, er det truleg at talet på alvorlege hendingar med overvatn vil auke. Eit utval har vurdert om det er påkravd med nye tiltak for å møte auka nedbørsmengder i framtida. Utvalet overleverte sin NOU 1. desember 2015, og rapporten har vore på høyring. Departementet arbeider no med oppfølginga.

Beredskap mot utslepp av GMO

Genmodifiserte organismar er individ eller arter der DNA er endra i laboratorium. Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å behandle søknader om omsetjing og utsetjing av levande GMO i naturen. Miljødirektoratet har koordineringsansvar og ansvar for vurdering av miljørisiko. Mattilsynet har ansvaret for vurderingar knytte til helserisiko.

Etter genteknologilovas føresegner skal verksemdene syte for naudsynte sikkerheitstiltak for å hindre helse- og miljømessige skadeverknader. Dersom utslepp skjer, skal verksemda straks setje i verk tiltak for å avgrense skadeverknadene. På grunn av rask teknologiutvikling kan det ventast at også privatpersonar på sikt kan genmodifisere og endre mikroorganismar på ein måte som gjer at samfunnet potensielt kan påførast ny helse- og miljørisiko. Kartlegging av omfanget av ein slik framtidig privat aktivitet er såleis eit viktig tiltak.

9.2 Kritiske samfunnsfunksjonar – Natur og miljø

Arbeidet med å sikre samfunnet mot alvorlege hendingar er eit ansvar som ligg til mange sektorar. I Meld. St. 10 (2016 – 2017) Risiko i et tryggere samfunn blir det gjort greie for kva funksjonar som til ei kvar tid må bli oppretthaldne for å sikre samfunnet, og kva departement som har ansvar for å koordinere og samordne funksjonane.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for den kritiske samfunnsfunksjonen «Natur og miljø». Bakgrunnen for denne samfunnsfunksjonen er behovet for vern av naturen mot påverknad frå menneskeleg aktivitet i form av akutt forureining (forureiningsberedskap) og vern av befolkninga mot naturfare (meteorologitenester og flaum- og skredvarsling).

Innanfor samfunnsfunksjonen er det definert tre kapabilitetar for å ivareta tryggleiken for befolkninga: Forureiningsberedskap, Meteorologitenester og Overvaking av flaum- og skredfare. I Forurensningsberedskap inngår privat, kommunal/interkommunal og statleg beredskap mot akutt forureining til lands og i norske farvatn og på norsk kontinentalsokkel som kan skade naturen.

I kapabiliteten Meteorologitjenester inngår Meteorologisk institutt sine tenester:

  • Innsamling, behandling og tilgjengeleggjering av meteorologiske data

  • Utarbeiding og distribusjon av varsel av betydning for liv og sikkerheit

  • Utarbeiding av spesielle meteorologiske berekningar og tenester i samband med søk- og redningsoperasjonar, kritiske operasjonar og sikkerheitstrugande hendingar

  • Utarbeiding og distribusjon av flymeteorologisk informasjon for sivil og militær luftfart.

I Noreg er Meteorologisk institutt gitt særskilte oppgåver knytte til meteorologiske tenester. I vedtektene til Meteorologisk institutt heiter det:

«Meteorologisk institutt står for den offentlige meteorologiske tjenesten for sivile og militære formål. Instituttet skal arbeide for at myndigheter, næringslivet, institusjoner og allmennheten blir best mulig i stand til å sikre liv og verdier, planlegge framover og verne miljøet.»

Kapabiliteten Overvåking av flom- og skredfare omfattar dei etablerte systema for overvaking og varsling av flaum i større og mindre vassdrag og av flaumskred og snø-, sørpe-, jord- og fjellskred. Noregs vassdrags- og energidirektorat har ansvaret for den nasjonale flaum- og skredvarslingstenesta og har òg ein døgnkontinuerleg beredskapstelefon for flaum- og skredsituasjonar. Norges vassdrags- og energidirektorat utarbeider òg vassføringsprognosar for heile landet. Nedbørsvarsel frå Meteorologisk institutt er òg ein viktig del av grunnlaget for overvaking og varsling av flaum- og skredfare.

Det skal rapporterast på dei 14 samfunnskritiske områda i løpet av den neste fire-årsperioden.

9.3 Informasjonstryggleik

I nasjonal strategi for informasjonstryggleik og handlingsplan er det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ivareta tryggleiken i sektoren sin IKT-infrastruktur. I arbeidet med å følgje opp strategien har departementet gitt underliggjande etatar i oppdrag å få på plass eit styringssystem for informasjonstryggleik, (ISMS), som oppfyller krava i ISO 27001-standarden innan 2017. Departementet følgjer opp framdrifta i dette arbeidet. Frå 1.1.2018 skal alle etatar i miljøforvaltinga sertifiserast etter ISO 27001-standarden.

10 Fornye, forenkle og betre og likestilling og mangfald i miljøforvaltinga

10.1 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Organisering

Klima- og miljødepartementet er overordna etatsstyrar for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk Kulturminnefond og Svalbards miljøvernfond, Kings Bay AS og Bjørnøen AS. Regjeringa foreslår å overføre ansvaret for Meteorolgisk institutt og Artsdatabanken frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet frå 1. januar 2018.

Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke vare på av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen, fylkeskommunane og sysselmannen på Svalbard. Etatar som NORAD, Sjøfartsdirektoratet, Statens strålevern og Folkehelseinstituttet har oppgåver innanfor miljøområdet som Klima- og miljødepartementet styrer.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i departementet

Klima- og miljødepartementet arbeider kontinuerleg med å effektivisere eiga drift.

Regjeringa bestemte at det skulle gjennomførast ein områdegjennomgang av miljøforvaltinga i 2016. Områdegjennomgangen vart gjennomført med deltaking frå Klima- og miljødepartementet, Finansdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og eksterne, og vart ferdigstilt i midten av desember 2016. Områdegjennomgangen resulterte i 32 tilrådingar om korleis miljøforvaltinga kan bli betre og meir effektiv. Tilrådingane inkluderte også Klima- og miljødepartementets sektorovergripande rolle.

Fleire av tilrådingane omhandla dei administrative systema. Det vart identifisert fleire moglegheiter for å effektivisere dei administrative områda, og spesielt innanfor innkjøp.

Klima- og miljødepartementet følgjer opp dei relevante tilrådingane frå områdegjennomgangen i 2016. Det har blitt sett i gang eit større prosjekt der departementets underliggjande etatar skal levere forslag til ein felles strategi for samordning av dei administrative funksjonane, med ein treårig gevinst-realiseringsplan f.o.m. 2018. Utgreiinga skal mellom anna vise korleis samordning kan medverke til å redusere innkjøpskostnadene i perioden 2018–2020.

Det er i tillegg sett i gang eit strategiarbeid for betre og meir effektive administrative tenester på tvers av departementa kor Klima- og miljødepartementet deltek aktivt i arbetet.

Ein meir forståeleg og einskapleg forvaltingspraksis

Ein einskapleg og forståeleg forvaltingspraksis gir ei betre og meir effektiv forvalting. Klima- og miljødepartementet har arbeidd med å forenkle brukarane sitt møte med forvaltinga i denne stortingsperioden. Departementet har blant anna utarbeidd eit rundskriv som skal medverke til å klargjere miljøforvaltinga sin motseiingspraksis på miljøområdet i den kommunale arealplanlegginga. Føremålet er å medverke til ein meir heilskapleg forvaltingspraksis, og å gjere kommunal arealplanlegging meir føreseieleg.

Eit anna eksempel er utarbeiding av eigne rutinar i samband med nye EFTA-prosedyrar. På grunn av stort etterslep i innlemming av EU-rettsakter i EØS-avtala har Noreg i samarbeid med EFTA-sekretariatet utarbeidd nye EFTA-prosedyrar for innlemming som EFTA-landa vedtok i 2014. Dei nye prosedyrane inneber enklare behandling med kortare fristar for «enkle» rettssaker og meir realistiske fristar for meir kompliserte rettsakter. Departementet har utarbeidd eigne rutinar for å overhalde fristane i EFTA-prosedyrane. I tillegg utarbeidde departementet i 2015 eigne rutinar for miljøforvaltinga si gjennomføring av rettsakter, slik at desse kan gjennomførast i norsk regelverk snarast mogleg etter innlemming i EØS-avtala.

Eit arbeid for å effektivisere og forenkle, på tvers av departementa, er det pågåande samarbeidet mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet om å forenkle utmarksforvaltinga. Målet er å etablere «En dør inn» for dei som ønskjer å gjennomføre ulike tiltak i utmarka. Miljøkommune.no er derfor styrkt ved at utmark er etablert som eit eige tema. Innanfor motorferdsel er den nasjonale reguleringa for bruk av vasskuter oppheva, slik at kommunane kan avgjere om dei vil ha reguleringar, og om dei vil fastsetje snøskuterløyper til fornøyelseskøyring. Det er vidare opna for forsøk med cat-skiing. Regelverk av betydning for friluftslivet er forenkla slik at det er gitt generelt høve til ikkje motorisert ferdsel i utmark.

IKT-strategi for miljøforvaltinga

Krava til IKT-løysingar og IKT-tryggleik blir stadig viktigare og meir omfattande. Ny IKT-strategi vart ferdigstilt i 2015. Strategien gjeld for perioden 2016–2020 og i tråd med regjeringas overordna fokus for forvaltinga, er det lagt vekt på samordning og effektivisering. I 2017 bestemte departementet at IKT-driftsmiljøa i miljøforvaltinga skal samlast til ei felles IKT-driftseining lagt til Miljødirektoratet. Dette arbeidet skal starte opp hausten 2017 og innan 1. januar 2019 skal IKT-driftseininga i Miljødirektoratet òg overta ansvaret IKT-drift i NP og RA. Arbeidet med å slå saman tre ulike IKT-driftsmiljø til ei felles driftseining er ein tidkrevjande og komplisert prosess som vil leggje beslag på betydelege ressursar for dei aktuelle IKT-miljøa i tida framover. Bakgrunnen for samordninga er å gjere underliggjande verksemder mindre sårbare overfor uønskte IKT-hendingar og i tillegg redusere behovet for auka bemanning som følgje av stadig skjerpa krav til IKT-tryggleik. Samtidig er det viktig å understreke at endringsarbeid er eit utviklingsarbeid, og at gevinstar av tiltak ofte ligg noko fram i tid.

Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i etatane

Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har fått kutt i driftsbudsjettet dei siste åra og har sett i verk fleire tiltak for å tilpasse seg dette, blant anna gjennom ei gradvisnedbemanning fram mot 2018. Tilsetjingsstoppog vakansar som ikkje blir erstatta, i samband med permisjonar og sjukefråvære, har redusert lønskostnadene betydeleg. I tillegg har effektiviseringstiltak og tett økonomioppfølging medverka til ytterlegare reduksjon i faste fortløpande kostnader. Det har òg blitt tilrettelagt for effektive møte på tvers i direktoratet, og arbeidet med koordineringsoppgåver som involverer fleire er blitt meir effektivt. Målet med tiltaka er i størst mogleg grad å oppretthalde leveransar og resultat med færre ressursar.

Dei siste åra har Miljødirektoratet i tillegg fått forvaltingsansvar for ein stadig større oppgåveportefølje. Nye budsjettpostar og auke på ei rekkje eksisterande postar inneber auka arbeidsomfang. Samtidig har det vore ein liten auke i utgifter til drift og tal årsverk. Dette kan tyde på at Miljødirektoratet har ei effektiv forvalting.

Miljødirektoratet innførte eit elektronisk deklarasjonssystem for farleg avfall i 2015, og etter ein innkøyringsfase har direktoratet i 2016 avslutta det gamle papirbaserte systemet.

Miljødirektoratet har vidare innført elektronisk søknadsprosess for eksport av avfall, og arbeider med å få på plass digitaliserte importsøknader. Prosessane skjer i nært samarbeid med EU og Noregs naboland. Dette gir store betringar for brukarane og lettar myndigheitene si saksbehandling. Miljødirektoratet har arbeidd vidare med å forenkle og samordne nettstader, nettbaserte verktøy og tenester, og har omorganisert internt for å skape eit samla og sterkt nettfagleg miljø i etaten. Føremålet er å effektivisere og optimalisere nettstadene slik at informasjonen blir endå meir brukt, og at den blir opplevd som nyttig for brukarane.

Riksantikvaren

Kunnskapsløftet er Riksantikvarens viktigaste delsatsing for å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltinga. Satsinga inkluderer å digitalisere og gjere tilgjengeleg data, blant anna gjennom å digitalisere eigne arkiv, og utvikle gode saksbehandlingssystem. Digitaliserte arkiv gir god tilgang på informasjon for fylkeskommunar og kommunar. Satsinga er i rute. 12 fylke var i 2016 ferdig med å digitalisere materialet. Frå sentralarkivet er alle fylke med arkivalia og foto ferdig. Teikningar og fotografi med opphavsrettsleg vern, vil bli publiserte for allmenta.

Dei interne moglegheitene for å søke informasjon er betra gjennom Samsøket som nyttar kulturminneportalen for å kunne søke på tvers av alle datakjeldene i Riksantikvaren.

Riksantikvaren arbeider kontinuerleg med å finne nye måtar å forenkle saksbehandlinga på. Direktoratet løyser stadig fleire saker gjennom samarbeidsmodell der vedtak blir fatta i møte. I 2016 vart det fatta 336 slike vedtak, ein auke på nær 27 prosent frå året før. I 2016 har Riksantikvaren òg gjort grep for å styrkje og effektivisere dispensasjonsbehandling gjennom nye malar for dispensasjonsvedtak, og å utarbeide to nye rettleiarar for forenkla saksbehandling av kyrkjesaker.

Kulturminnefondet

I 2016 vart det gjennomført ei evaluering av verksemda i Kulturminnefondet. Evalueringa, som er gjennomført av By- og regionforskingsinstituttet (NIBR), viser ei god resultatutvikling, og at Kulturminnefondet stadig blir meir effektivt, profesjonellt og synleg. Funna i analysen tyder på at innsatsen over tid gir ønska resultat og effektar.

I 2016 kjem 75 pst. av søknadene elektronisk (941 av 1242). Dette gir betydelege administrative innsparingar, og ein betydeleg effektiviseringsgevinst. Kulturminnefondet har no berre elektroniske system for dokumentbehandling (frå 2015).

Kulturminnefondet jobbar kontinuerleg med å betre verksemda sin internkontroll for å sikre at måla blir nådde innan følgjande område: målretta og effektiv drift, påliteleg rapportering, etterleving av lover og reglar. I april 2016 vart det oppretta eit eige prosjekt med formål å betre og utvikle vidare Kulturminnefondets internkontroll. Systemet for internkontroll er basert på risiko- og vesentlegheitsvurderingar, og administrasjonen vil i 2017 jobbe vidare med å utvikle systemet.

Nettstader og portalar

Miljøforvaltinga har som mål å formidle påliteleg, aktuell og forståeleg miljøinformasjon. Hovudkanalen for informasjon om miljøets tilstand og utvikling er miljøstatus.no. I tillegg driftar miljøforvaltinga ei rekkje nettstader for meir spesifikk informasjon og målgruppetilpassing. Døme på dette er askeladden.ra.no, miljokommune.no og klimatilpasning.no.

Askeladden.no inneheld data om kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og bygningslova, eller kulturminnefagleg vurdert som verneverdige. Miljokommune.no er ein oversikt over kommunanes myndigheit og plikt, og hjelp til sakshandsaming innan miljøtema. Klimatilpasning.no har samla aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på ein stad.

Klima- og miljødepartementet og fleire underliggjande etatar er til stades og kommuniserer aktivt i sosiale medium. På Facebook og Twitter treffer ein både gamle og nye brukarar på nye måtar.

10.2 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltinga

Miljøforvaltinga er pålagt å arbeide aktivt, målretta og planvist for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. Tabellane 10.1, 10.2 og 10.3 viser kvinnedelen i verksemdene, totalt og på ulike stillingsnivå, samanlikning av kvinner og menn si månadlege gjennomsnittsløn på ulike stillingsnivå, statistikk for menn og kvinner sitt sjukefråvær, delen av menn og kvinner på deltid og mellombels stilling og fordeling av uttak av foreldrepermisjon for 2016. Norsk kulturminnefond har svært få medarbeidarar og er derfor ikkje med i oversiktene.

Tabell 10.1 Oversikt over del kvinner i pst. i miljøforvaltinga

Totalt

Topplei.1

Mellomlei.

Høgtlønte rådg.2

Saksbeh.

Kontor

KLD

58,2

42,8

53,5

54,6

67,3

79,1

Miljødirektoratet

55,0

100

48,0

55,0

55,0

100

NP

40,0

50,0

36,0

36,0

64,0

57,0

RA

61,0

83,3

57,0

60,0

59,0

100

1 Toppleiar omfattar øvste leiar og leiar av avdelingar (mellomleiarar er leiarar av seksjonar og einingar under avdelingsnivå), unntatt for Miljødirektoratet der toppleiar berre omfattar øvste leiar.

2 Høgtlønte rådg. omfattar seniorrådgivarar, spesialrådgivarar og tilsvarande stillingar. Kategorien saksbehandlar og kontor gjeld høvesvis rådgivarar og førstekonsulentar/seniorkonsulentar i KLD.

Tabell 10.2 Prosentoversikt over kvinnene og mennene si gjennomsnittsløn i miljøforvaltinga

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

K

M

K

M

K

M

K

M

Totalt

95,1

100

94,5

100

98,1

100

100

100

Topplei.1

94,5

100

100

0

94,4

100

100

0

Mellomlei.

99,1

100

100

92,0

100

100

95,0

100,0

Høgtlønte rådg.

100

99,2

94,0

100

100

98,0

99,0

100

Saksbeh.

96,0

100

94,0

100

100

98,2

100

95,0

Kontor

100

95,8

100

0

95,5

100

100

0

1 Toppleiarar i KLD inkluderer berre dei som er på leiarlønskontraktar. For KLD er kategoriane høgtlønte rådgivarar, saksbehandlarar og kontor høvesvis spesialrådgivarar, rådgivarar og førstekonsulentar. Toppleiinga i RA inkluderer berre avdelingsleiarar.

Tabell 10.3 Oversikt over deltid, mellombelse stillingar, foreldrepermisjon og fråvær fordelt på kvinner og menn i miljøforvaltinga

KLD

Miljødirektoratet

NP

RA

K

M

K

M

K

M

K

M

Deltid1

15,0

3,0

16,1

5,4

1,3

2,7

15,0

3,0

Mellombelse2

13,0

5,0

1,8

4,5

15,1

20,2

13,0

5,0

Legem. fråv. 2016

3,3

2,2

5,2

3,5

2,2

3,4

3,3

2,2

Foreldreperm.3

50,0

50,0

80,2

19,8

0

100

50,0

50,0

1 Pst. del av kvinner/menn på deltid (av totalt tal kvinner eller menn)

2 Pst. del av kvinner/menn i mellombels stilling (av totalt tal kvinner eller menn)

3 Pst. del av det totale foreldrepermisjonsuttaket som blir teke ut av kvinner/menn

I det følgjande er rapportert status og tiltak i dei enkelte verksemdene.

Klima- og miljødepartementet

Departementet har rekruttert nyutdanna som har medført ein auke i kategorien «Kontor». I dei andre stillingskategoriane er det små endringar. Lønsdelen til kvinner er framleis lågare, men blant høgare løna rådgivarar og saksbehandlarar har kvinnene auka sin lønsdel. På toppleiarnivå i departementet (departementsråd, ekspedisjonssjefar og kommunikasjonssjef) er det tre kvinner og fire menn. Departementet har òg ansvar for tilsetjing av direktørane for underliggjande etatar, og blant desse er det ei kvinne og tre menn. Kjønnsfordelinga blant medarbeidarane i departementet sine avdelingar, og innan dei enkelte fagområda, er stort sett jamn. Rekruttering og ny organisering er viktige verkemiddel for å få jamn fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen, saman med tilbod om individuell kompetanse- og karriereutvikling. Ein gjennomgang av alle kunngjorde stillingar i 2016 viser at av den totale søkjarmassen var 49 pst. kvinner. Av medarbeidarane som vart tilsette i desse stillingane var 59 pst. kvinner. Eit hovudmål i løns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna. Eitt av måla i Klima- og miljødepartementets rekrutteringsstrategi er å auke delane av medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med redusert funksjonsevne. For å oppnå dette skal personar i målgruppene oppmodast til å søkje på stillingar i departementet, og kvalifiserte søkjarar skal innkallast til intervju. Strategien inneheld òg tiltak for å finne fleire aktuelle kandidatar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, blant anna gjennom samarbeid med NAV og utlysning av stillingar på inkludi.no. Det skal òg satsast på haldningsskapande arbeid internt.

Miljødirektoratet

Kjønnsfordelinga på etatsnivå i Miljødirektoratet viser noko overvekt av kvinner – med 55 pst. kvinner og 45 pst. menn. I gruppa mellomleiarar (avdelingsdirektørar og seksjonsleiarar) er det likevel ein større del menn enn kvinner, med 48 pst. kvinner og 52 pst. menn. Samanlikna med tal for 2015 er det berre små skilnader i kjønnsfordelinga i dei ulike stillingsgruppene.

Totalt for verksemda er det noko lønsforskjell mellom kjønna. Kvinner har 5,5 prosentpoeng lågare løn enn menn. I 2015 var forskjellen på 5,2 prosentpoeng. På stillingsgruppenivå er reflektert tilsvarande skeivdeling på alle stillingsgrupper unnateke for mellomleiarar (avdelingsdirektørar og seksjonsleiarar), der menn har 8 prosentpoeng lågare løn enn kvinner. Direktoratet vil gjennom lokale forhandlingar framleis ha fokus på arbeidet med å utlikne lønsskilnader mellom kjønna.

Det er framleis fleire kvinner enn menn som arbeider redusert. I 2016 var det 16,1 pst. av kvinnene som arbeidde deltid, blant menn 5,4 pst. Tilsvarande tal for 2015 var 17,6 pst. for kvinner og 4,5 pst. for menn. Miljødirektoratet er IA-bedrift og inngjekk i 2014 ny IA-avtale med målsetjingar for å redusere sjukefråvær, fremje integrering og auke pensjonsalderen. Sjukefråværet er relativt lågt med eit totalt fråvær på 4,4 pst. Kvinner har eit noko høgare fråvær med 5,2 pst. mot menns fråvær på 3,5 pst. Ei systematisk oppfølging av sjukefråværet i medhald av retningslinjer frå NAV er eit viktig tiltak for å avgrense sjukefråvær og eventuell uførepensjonering. På det førebyggjande området er det etablert gode kartleggingsrutinar for fysisk og psykososialt arbeidsmiljø

Miljødirektoratet har utarbeidd eigne metodar for kartlegging og oppfølging av fysisk arbeidsmiljø. Av tiltak av førebyggjande art vil vi spesielt nemne «Miljødirektoratet i bevegelse», som er eit tilbod om å vere fysisk aktive éin time per veke, og arbeidsplassvurderingar av bedriftshelsetenesta. Det er òg lagt vekt på førebyggjande tiltak for å leggje til rette for gravide. Det er implementert leiar- og medarbeidarkriterium som skal medverke i det førebyggjande arbeidet for å sikre eit godt arbeidsmiljø. Miljødirektoratet har i sitt personalreglement formuleringar som skal sikre at kvinner blir oppmoda til å søke ledige stillingar. Før lokale lønsforhandlingar blir gjennomført, blir det utarbeidd ei oversikt over den kjønnsmessige lønsutviklinga i Miljødirektoratet, dette i tråd med tilpassingsavtala i verksemda.

I Miljødirektoratets tilpassingsavtale er det teke inn formuleringar om bruk av kjønnsnøytrale kriterium og praksis og forpliktingar om praktisering av permisjonsreglar og andre rettar slik at det ikkje skal føre til at kvinner får dårlegare vilkår enn menn.

Direktoratets lønspolitikk fastset at arbeidstakar som kjem att etter foreldrepermisjon skal få tilbod om ein samtale om kompetanse, ansvar, løn og karriereutvikling.

Det blir arbeidd for integrering av arbeidstakarar som har falle utanfor arbeidslivet gjennom å tilby praksisplassar, og vi har rutinar på å innkalle arbeidstakarar med redusert funksjonsevne til intervju føresett at dei er kvalifiserte.

Miljødirektoratet nyttar alltid tilrådde formuleringar frå KMD knytte til mangfald og integrering ved ekstern kunngjering av ledige stillingar.

Miljødirektoratet har forplikta seg gjennom si tilpassingsavtale til Hovudavtala til å bruke fordeling av arbeidsoppgåver som kvalifiserer til avansement, under dette teamleiing, prosjektleiaroppgåver, å fungere i leiarstillingar mv. som aktive verkemiddel for å fremje likestilling. Vidare legg tilpassingsavtala opp til at det i offentleg oppnemnde styre, råd og utval skal sikrast at forslag til representantar skjer i medhald av likestillingslova § 21. I interne arbeidsgrupper og utval blir likestillingslovas intensjonar følgde så langt det er praktisk mogleg både frå dei tillitsvalte og leiinga si side. Miljødirektoratet har i si tilpassingsavtale forplikta seg til å sikre at likestillingsretta tiltak skal inngå i personalpolitikk, personalplanlegging og kompetanseutvikling.

Leiarar på alle nivå har ansvar for å medverke til kompetanseutvikling i Miljødirektoratet, og særleg skal næraste leiar engasjere seg i den enkelte tilsette si kompetanseutvikling. Medarbeidarsamtaler er ein viktig arena for å diskutere utvikling og karriere for den enkelte medarbeidaren, og skal gjennomførast minst ein gong i året. Her er det utvikla eit eige opplegg for medarbeidarsamtaler som resulterer i ein eigen utviklingsplan.

I handlingsplan for IA har Miljødirektoratet som mål å vere ein inkluderande arbeidsplass også for medarbeidarar med permanent eller mellombels redusert funksjonsevne. Miljødirektoratet legg derfor til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne med bistand frå bedriftshelseteneste gjennom arbeidsplasskartleggingar og rådgiving i det enkelte konkrete tilfelle.

Ei anna målsetjing er å gi personar med redusert funksjonsevne høve til å opparbeide seg arbeidspraksis, og eit tiltak er å inngå avtaler med NAV om mottak av inntil to praksisplassar til ei kvar tid, fordelt på byane.

Riksantikvaren (RA)

Som i 2015 var det på overordna nivå ingen differanse på gjennomsnittleg månadsløn for kvinner og menn hos Riksantikvaren i 2016. Innanfor kategoriane toppleiing (avdelingsdirektørar) og kontorstillingar (konsulentar) er det berre kvinner hos RA for rapporteringsåret 2016. På mellomleiarnivå (seksjonssjefar) har den prosentvise fordelinga på løn ei lita endring, slik at kvinnelege mellomleiarar no tener 95 pst. av menn. Tilsvarande tal for 2015 var på 96 pst. Riksantikvarens mannlege mellomleiarar har lengre tilsetjingstid hos Riksantikvaren, og dei har i snitt høgare alder. Gjennomsnittleg tilsetjingstid for mannlege mellomleiarar er 15 år, mens det for kvinner er 12 år. Gjennomsnittsalder for mannlege mellomleiarar er 58 år, mens det for dei kvinnelege er 48 år.

For høgare løna rådgivarar (prosjektleiarar, fagdirektørar og seniorrådgivarar) var gjennomsnittleg månadsløn for kvinner 99 pst. av gjennomsnittleg månadsløn for menn i 2016. Tilsvarande tal for 2015 var 96 pst. Det er dermed ein reduksjon i differanse på gjennomsnittleg månadsløn for kvinner og menn samanlikna med 2015. For saksbehandlarar (rådgivarar og førstekonsulentar) er gjennomsnittleg månadsløn for menn på 95 pst. av gjennomsnittleg månadsløn for kvinner for 2016. Dette er ein auke i forskjell mellom menn og kvinner på tre prosentpoeng. Det er fleire årsaker til denne auken. Nokre av dei høgast løna mennene innanfor kategorien har slutta, og nokre har òg endra stillingskode. Samtidig har fleire av kvinnene innanfor same kategori gått opp i løn.

Tala for 2016 viser ei lita endring i kjønnsfordeling hos RA. 39 pst. av dei tilsette er menn og det er ein reduksjon på to prosentpoeng samanlikna med 2015. Det er òg ein reduksjon på eitt prosentpoeng på menn på mellomleiarnivå som no er på 43 pst., mens det er ein auke på 3,5 prosentpoeng på menn på saksbehandlarnivå, til 41 pst. På leiarnivå er det framleis fleire kvinner enn menn hos RA.

Det var ein person tilsett i redusert stillingsdel pr. 31.10.16 hos Riksantikvaren, og dette var ei midlertidig stilling. Det er ein reduksjon på 8 stillingar. I tillegg har RA 16 tilsette som er tilsette i full stilling, men som har ei midlertidig avtale om redusert arbeidstid.

Tilrettelegging ved graviditet, foreldrefråvær og omsorgsoppgåver blir gjort fortløpande og ved behov. Det er fokusert på fleksible løysingar (som arbeid heime frå ved behov, fysioterapi, tilpassing av arbeidsoppgåver, m.m.). Behov blir vurdert i samarbeid mellom den tilsette, leiar og HR. Per 31.10.16 var det 6 tilsette hos RA som nytta høvet til mellombels reduserte stillingar grunna omsorg for små barn, 5 av desse var kvinner.

Tilrettelegging for tilsette med nedsett funksjonsevne blir gjort fortløpande og er ein del av oppfølginga av sjukefråvær hos RA. Mykje av tilretteleggingsarbeidet går ut på å tilpasse arbeidstid og arbeidsmengde, men RA nyttar òg tilskotsordninga til NAV Arbeidslivssenter.

RA har ein høg gjennomsnittleg avgangsalder (68 år i 2016 og 67 år i 2015). Riksantikvarens seniorar får tilbod om årleg kurs og seminar med Statens Pensjonskasse med informasjon om pensjonsordninga og individuell rådgiving og eventuelt utrekning. Alle leiarar deltek òg på seminara slik at dei har med seg nyttig kompetanse inn i seniorsamtaler. Alle seniorar får tilbod om seniorsamtaler i samband med medarbeidarsamtalene. Tidleg planlegging av kompetanseoverføring blir òg teke vare på i medarbeidar/seniorsamtaler og blir kombinerte med tilrettelegging av arbeidsoppgåver ved behov. HR har rutine på å gjennomgå søkjarlister med sikte på å vurdere kandidatar med ikkje vestleg bakgrunn til eventuelt intervju spesielt. Søkjaren kan også sjølv varsle dette via vårt rekrutteringsverktøy, Webcruiter.

Norsk Polarinstitutt (NP)

Tala for 2016 er baserte på grunnløn og ikkje på grunnløn med tillegg, f. eks. felttillegg, overtid osv. Utarbeidd lønsstatistikk for 2016 viser ei endring i forhold til 2015, då menn hadde gjennomsnittleg høgare løn enn kvinner. Dette var noko NP var bevisst på i lønsoppgjeret 2016, og har medført større grad av likeløn. Både ved tilsetjingar og ved lønsoppgjer vil vi framleis vere merksame på problemstillinga, slik at det ikkje oppstår skilnader som ikkje kan forklarast. NP har som overordna mål å vere ein arbeidsplass der likestillingsperspektivet er ein integrert del av verksemda på alle nivå. Målet er at alle tilsette sine erfaringar og kunnskap blir nyttiggjort, med det mål å skape ein mest mogleg effektiv arbeidsplass.

NP har hatt Handlingsplan for likestilling og mangfald med verknadstidspunkt 2014 – 2017. I september 2017 startar personalavdelinga, i samarbeid med likestillingskontakt ved NP, arbeidet med ny handlingsplan. Likestillingskontakten arbeider generelt for likestilling på alle plan i NP.

NP utarbeidde i 2010 plan for universell utforming for våre lokale. Intensjon med planen er at NP skal vere ein arbeidsplass som fremjar like moglegheiter og rettar til samfunnsdeltaking for alle, uavhengig av funksjonsevne, og hindre diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. I samband med bygging av Fram 2 er vi merksame på problemstillinga og arbeider for å skape eit godt og inkluderande fysisk arbeidsmiljø i nybygget.

NP fører ein livsfasetilpassa personalpolitikk som gjer mogleg eit livslangt arbeidsliv for alle tilsette og som sikrar ein god balanse mellom familie, fritid og arbeid. Møtetidspunkt skal fastsetjast slik at det gjer mogleg levering og henting av barn i skule og barnehage. Ved personaltilstellingar skal ein ta omsyn til omsorgsansvar. Gravide får på førespurnad tilpassa arbeidsplass, til dømes tilpassa stol osv. NP har bedriftshelseteneste med fysioterapeut som hjelper ved behov for arbeidsplasstilpassing.

NP har utarbeidd ein egen seniorpolitikk. Målet er å rekruttere, utvikle og halde på gode seniorarbeidarar så lenge som mogleg. NP tilbyr blant anna seniorstipend med fri med løn i inntil 3 månader med full løn eller 6 månader med halv for kompetansehevingstiltak. Vidare er det mogleg å få dekt inntil 2000 kroner i treningsutgifter pr. år for tilsette i målgruppa. NP har òg laga eigen mal for medarbeidarsamtaler for seniorar, kalla milepælsamtaler. Desse samtalene skal ha spesielt fokus på ønsket om å få seniorar til å stå lenger i arbeid. Seniorlunsj blir arrangert årleg med utvalte tema. I 2016 har fokus vore på fysisk aktivitet og bedriftshelsetenesta har hatt møte med målgruppa med fokus på betydinga av fysisk aktivitet.

NP skal vere ein likestilt arbeidsplass der kvinner og menn har dei same moglegheitene til medverknad, påverknad og avansement i alle delar av organisasjonen. Likestilling skal vere integrert i det daglege arbeidet. Eventuelle lønsskilnader på grunn av kjønn skal kartleggjast på alle nivå og søkast utjamna ved dei lokale lønsforhandlingane. Ny lønspolitisk plan er utarbeidd i 2012 (blir revidert juni 2017) og likestillingselementet er vektlagt i utforminga av planane.

10.3 Likestillingsvurdering på fagbudsjettområda

Offentlege verksemder er i likestillingslova § 1a pålagt å arbeide for likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Dette inneber blant anna å vurdere kjønns- og likestillingsperspektivet på departementets fagbudsjettområde der det er relevant og føremålstenleg.

Naturmangfald og friluftsliv

Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene til dei fleste råd og utval på naturforvaltingsområdet. For å få vel fungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre, men kommunar og organisasjonar blir bedne om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.

Det blir lagt inn krav i tildelingsbrevet til Miljødirektoratet og til Fylkesmannen om å sikre at likestillingslova blir følgt ved oppnemning til og ny oppnemning av statlege råd og utval som direktoratet eller Fylkesmannen har ansvar for.

I følgje SSBs levekårsundersøking frå 2014 betyr kjønn lite for nordmenn si interesse for natur, miljø og friluftsliv. Dette avspeglar seg i arbeidet for å bevare norsk natur for kommande generasjonar og leggje til rette for natur- og friluftslivsopplevingar. Både menn og kvinner har i store trekk dei same høva til friluftsliv, og likestillingsperspektivet er her godt ivareteke. Ein ser òg at det er god fordeling mellom kvinner og menn som arbeider med desse spørsmåla i offentleg forvalting.

Å delta i jakt og fiske har tradisjonelt vore eit område med stor dominans av menn. Menn dominerer framleis, men delen av kvinner som deltek i slike aktivitetar aukar. I løpet av dei siste åra har talet på kvinnelege medlemmer i Noregs jeger- og fiskarforbund auka, og det er etablert eigne kvinnenettverk der jakt og fiske er tema.

Dei fleste budsjettpostane som Miljødirektoratet disponerer innanfor sitt verkeområde er ikkje kjønnsrelevante. Nokre av postane kan likevel nyttast til å fremje likestilling mellom kjønna. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av desse.

Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål og post 71 Tilskot til viltformål

Grunnlaget for desse to postane er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar, og kan ytast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i jakt og fiske. Midlar frå dei to postane er blant anna nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.

Kap. 1420 post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde og post 78 Friluftslivsformål

Desse postane har òg indirekte familiefokus ved at midlane dei siste åra har vore retta mot å leggje ut friluftsområde og støtte friluftstiltak i by- og tettstadsnære område, det vil ofte seie i nærleiken av bustader, skular og barnehagar. Ei viktig brukargruppe av desse områda vil vere kvinner og barn. Mange friluftsråd driv aktiv rekruttering av nye befolkningsgrupper gjennom å arrangere turar, kurs o.l. Barn, unge og barnefamiliar er prioritert i tilskotsordningane til friluftslivsaktivitet.

Internasjonalt klimaarbeid

Noreg arbeider aktivt for å sikre at vedtak under Klimakonvensjonen fremjar likestilling og ikkje-diskriminering. Noreg fremjar i forhandlingane aktivt posisjonar som skal styrkje kvinners og urfolk si involvering og deltaking i klimaarbeidet, særleg knytt til klimatilpassing og skog.

I oppbygging av den internasjonale institusjonelle arkitekturen for klimaarbeid, arbeider Noreg for balansert representasjon av kvinner og menn.

Noregs store satsing på å redusere utslepp frå tropisk skog, Klima- og skoginitiativet, arbeider òg målretta med å auke likestillingsfokuset. Særleg viktig i Klima- og skoginitiativet er det å ha ei forståing av korleis likestilling kan inkorporerast i nasjonale utviklingsplanar, for slik å få ein effekt under implementering av tiltak. I samarbeid med partnarland, slik som Indonesia, er likestilling søkt inkludert både i avtaleverk og i utvikling og implementering av tiltak. Departementet har drive kompetanseheving og utviklingsarbeid innan likestilling og REDD+, blant anna i samarbeid med Norad og partnarorganisasjonar som FN.

Kulturminne og kulturmiljø

Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltinga si og fokuserer på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale og likestillingsaspektet er derfor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, medverke til at det blir sett større fokus på mangfaldet i befolkninga. Som eksempel kan ein nemne verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innanfor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed blant anna kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

Til forsida