Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla
Kap. 0001 Tilskot til Svalbard kyrkje
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
70 | Tilskot til Svalbard kyrkje | 4 889 | 5 234 | 5 350 |
Sum kap. 0001 | 4 389 | 5 234 | 5 350 |
Svalbard kyrkje er eigd av staten. Forslag til løyving skal mellom anna dekkje husleige for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter og leige av helikopter. Statsbygg har forvaltningsansvaret for kyrkjebygninga. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkjebygninga blir dekte på kap. 2445 Statsbygg. Ein viser elles til dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2017–2018) frå Kulturdepartementet.
Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
70 | Tilskot til Longyearbyen lokalstyre | 168 405 | 153 506 | 150 190 |
Sum kap. 0003 | 168 405 | 153 506 | 150 190 |
Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2017-løyvinga og skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd. Løyvinga er redusert med 5 mill. kroner som statens del av kostnadane i samband med rehabiliteringa av energiverket (Stortinget vedtok i 2015 at kostnadane med rehabiliteringa i perioden 2015–2018 blir dekte som eit spleiselag der lokalstyret dekkjer 1/3 og staten 2/3 av kostnadane). Vidare er løyvinga redusert med 2 mill. kroner for bortfall av eingongsløyvinga til tiltak for omstilling i 2017 og 180 000 kroner grunna endringar i regelverket for kontanttilskot og auka makspris i barnehagar.
Longyearbyen Lokalstyre har gjennom mange år fått eit tilskot på kap. 7 på svalbardbudsjettet til å utarbeide ein årleg analyse av samfunns- og næringsutviklinga. Regjeringa foreslår at løyvinga frå 2018 gis direkte på kap. 3 med 150 000 kroner.
Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikk frå Nordpolet overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Lokalstyret fordelte i 2017 overskotet for 2016 som utgjorde 5,5 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane.
Kap. 0004 Tilskot til Svalbard museum
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
70 | Tilskot til Svalbard museum | 11 924 | 12 250 | 12 520 |
Sum kap. 0004 | 11 924 | 12 250 | 12 520 |
Løyvinga skal gå til dekning av husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard museum i Svalbard forskingspark. I tillegg til denne løyvinga vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum på Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket.
Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsutgifter | 53 986 | 64 616 | 66 640 |
Sum kap. 0005 | 53 986 | 64 616 | 66 640 |
Sysselmannen på Svalbard hadde 37 tilsette ved utgangen av 2016. Alle er tilsette i åremålsstillingar, med maksimalt åremål på seks år.
Løyvinga på kap. 0005 Sysselmannen skal dekkje utgifter til løn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2017-løyvinga.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 475 000 kroner grunna heilårsverknad knytt til ei ny politistilling frå hausten 2017.
Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er naudsynt for å kontrollere og halde oppsyn med den store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg naudsynt for redningsberedskapen på øygruppa.
Justis- og beredskapsdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2018 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner utover løyvinga som er gitt på kap. 0005 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannens behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.
Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 0005)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Diverse inntekter | 1 768 | 200 | 300 |
02 | Refusjonar m.v. | 3 561 | 2 700 | 3 000 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | - | - | - |
18 | Refusjon av sjukepengar | - | - | - |
Sum kap. 3005 | 5 329 | 2 900 | 3 300 |
Kapitlet korresponderer med kap. 0005 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevjingssentral og inntektsførte under Sysselmannen. Sysselmannen tek imot diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0005 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.
Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsutgifter | 193 849 | 198 500 | 202 867 |
Sum kap. 0006 | 193 849 | 198 500 | 202 867 |
Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter, utgifter til leige og drift av tenestefartøy og kjøp og drift av køyretøy (bandvogn, bilar, snøskuterar mv.) til vakt, beredskap og redning. Forslag til løyving er ei prisjustert vidareføring av 2017-løyvinga.
Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetjingane og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er naudsynt for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla og bandvogn, bilar og snøskuterar er òg naudsynte for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, òg utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan desse ressursane vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme òg i dei fjerne delane av øygruppa.
Tenestefartøyet til Sysselmannen er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Det er særs viktig at helikopter og fartøy kan samverke på ein god måte. Sesongen til tenestefartøyet til Sysselmannen for 2018 skal vere ni månader.
Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 0006)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Leigeinntekter | 0 | 0 | 0 |
02 | Refusjonar | 1 199 | 0 | 0 |
Sum kap. 3006 | 1 199 | 0 | 0 |
Kapitlet korresponderer med kap. 0006 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse transportmidla vert nytta av andre. Inntektene er frå utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.
For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar på kap. 3006. Det er foreslått å budsjettere med 0 i inntekter på post 01 Leigeinntekter. Posten er svært usikker då etterspørselen etter å leige helikopter frå dei andre statlege verksemdene når det minste helikopteret no er teke ut av teneste er monaleg mindre enn tidlegare. Det er vidare føreslått løyvd 0 kroner på post 02 Refusjonar, då desse varierer frå år til år og det er vanskeleg å gje eit presist overslag. Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 0006, post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.
Kap. 0007 Tilfeldige utgifter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
70 | Diverse tilskot | 1 745 | 1 400 | 1 100 |
Sum kap. 0007 | 1 745 | 1 400 | 1 100 |
Løyvinga under denne posten er disponert av Justis- og beredskapsdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til ulike velferdsformål, utgreiingar, mindre prosjektkostnader og liknande, og til mindre, ikkje føresette utgifter.
Meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard, er dekte over denne posten.
Longyearbyen lokalstyre har gjennom mange år fått eit tilskot på kap. 7 på svalbardbudsjettet til å utarbeide ein årleg analyse av samfunns- og næringsutviklinga. Det er foreslått at løyvinga frå 2018 blir gitt direkte på kap. 3 (Tilskot til Longyearbyen lokalstyre) med 150 000 kroner.
Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsutgifter | 1 937 | 1 975 | 2 020 |
Sum kap. 0009 | 1 937 | 1 975 | 2 020 |
Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ta vare på kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, forvalte og halde ved like kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbards kulturhistorie.
Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023 dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard. Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, mellom anna gjennom ein serie med informasjonshefte.
Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
02 | Refusjonar | 0 | 0 | 0 |
Sum kap. 3009 | 0 | 0 | 0 |
Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0009 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3009, post 01, jf. forslag til vedtak.
Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsutgifter | 1 659 | 1 800 | 1 840 |
Sum kap. 0011 | 1 659 | 1 800 | 1 840 |
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Direktoratet har eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. For 2018 vil direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på.
Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
50 | Refusjon | 3 432 | 3 520 | 3 600 |
Sum kap. 0017 | 3 432 | 3 520 | 3 600 |
Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over Svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Sjå elles Klima- og miljødepartementets kap. 1471 for hovudløyvinga til Norsk Polarinstitutt.
Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsutgifter | 6 700 | 7 200 | 7 360 |
Sum kap. 0018 | 6 700 | 7 200 | 7 360 |
Løyvinga skal dekkje utgifter til vedlikehald og naudsynte utskiftingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Innretningane er etablerte for sjøtrafikk. Norsk Polarinstitutt utfører tenesta på oppdrag frå Kystverket, og så langt det er praktisk mogeleg i kombinasjon med instituttet si ekspedisjonsverksemd på Svalbard. Løyvinga vil setje Kystverket i stand til i 2018 å vidareføre den naudsynte moderniseringa av navigasjonsinnretningane.
Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsutgifter | 6 635 | 7 120 | 7 190 |
Sum kap. 0019 | 6 635 | 7 120 | 7 190 |
Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen skal synleggjere utgiftene til husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Drifta av dei meteorologiske stasjonane på øyane blir frå 1. januar 2018 finansiert av Klima- og miljødepartementet på budsjettet til Meteorologisk institutt.
Kap. 0020 Statsbygg Svalbard (jf. kap. 3020)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsutgifter | 3 715 | 2 061 | 2 110 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 116 | 0 | 0 |
Sum kap. 0020 | 3 831 | 2 061 | 2 110 |
Statsbygg er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Statsbygg har eit eige kontor med fem tilsette på Svalbard, som blir finansiert på svalbardbudsjettet.
Oversikt over utgifter som gjeld bygg og bustader på Svalbard, går fram av vedlegg 1.
Post 01 Driftsutgifter
Forslag til løyving skal gå til lønns- og driftsmidlar for Statsbygg sitt kontor i Longyearbyen.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Som ein konsekvens av innlemminga i husleigeordninga er løyvinga på post 45 overførd til kap. 2445 Statsbygg frå og med 2017.
Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsutgifter | 3 757 | 3 800 | 4 120 |
Sum kap. 0022 | 3 757 | 3 800 | 4 120 |
Skattekontoret er underlagt Finansdepartementet. Skattekontoret har eit eige kontor på Svalbard finansiert på Svalbardbudsjettet med fire tilsette.
Forslaget til løyving skal gå til løns- (òg arbeidsgjevars pensjonspremie til Statens pensjonskasse) og driftsmidlar for skattekontoret i Longyearbyen. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til skatteklagenemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Skatt nord. Auka i forslaget til løyving skuldast i hovudsak at pensjonsutgifter skal medreknast. Mål- og resultatstyring av skattekontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.
Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Diverse inntekter | 295 | 280 | 330 |
Sum kap. 3022 | 295 | 280 | 330 |
Heile inntekta er avtalt refusjon frå Svalbard miljøvernfond for arbeidet skattekontoret utfører med rekneskaper for fondet. Det er foreslått at Finansdepartementet i 2018 kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3022, post 01.
Kap. 3030 Skattar og avgifter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
70 | Skattar m.m. | 174 277 | 136 570 | 220 700 |
71 | Utførselsavgift | 4 738 | 1 250 | 3 200 |
72 | Utmålsgebyr, årsavgift | 1 092 | 1 044 | 1 007 |
Sum kap. 3030 | 180 107 | 138 864 | 224 907 |
Post 70 Skattar m.m.
Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2018. Overslaget er basert på forventa fastsetjing for skatteåret 2017. Delar av venta auke skuldast venta skatteinntekt for forteneste av sal av ein større konkret eigedom på Svalbard.
Post 71 Utførselsavgift
Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir førte ut frå Svalbard. Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum kol og kolprisen på verdsmarknaden. Innbetalt koleksportavgift for 2016 var 4,7 mill. kroner. Grunna svært låge kolprisar og ein sterk nedgang i produksjonen var det budsjettert med ein nedgang i avgifta frå 2016 til 2017. Budsjettert inntekt er justert opp igjen for 2018 mellom anna på grunn av nye prognosar for sal av kol.
Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift
Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten kjem frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å føre vidare eit utmål er 6 000 kroner.
I 2016 var det 12 avgiftspliktige utmål som gjekk ut ved årsskiftet. Det vart ikkje tildelt nye utmål. Ved inngangen til 2017 er det vidareført 359 utmål, av desse er 198 avgiftspliktige.
Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard i 2003 har Nærings- og fiskeridepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at ein ikkje kan ha nokon aktivitet i utmåla. Utmålsavgifta er i slike høve sett til 1 500 kroner i året pr. utmål. Dette gjeld 43 utmål. Det er lagt til grunn at ingen avgiftspliktige utmål går ut i framlegget til budsjett for 2018.
Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
70 | Tilskot | 276 122 | 320 938 | 238 370 |
Sum kap. 3035 | 276 122 | 320 938 | 238 370 |
Dette inntektskapitlet svarer til det tilskotet som er foreslått løyvd på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap. 480 svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet.