2 Bakgrunnen for framlegga
2.1 Representantframlegg om endringar i stadnamnlova
13. januar 2009 behandla Stortinget Innst. S. nr. 124 (2008–2009) frå familie- og kulturkomiteen om eit representantframlegg frå stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker (H) og Olemic Thommessen (H). Dei ønskte ei endring i stadnamnlova som sikrar grunneigaren avgjerdsmakt i saker som gjeld fastsetjing av offentleg skrivemåte av namnet på eigedomen sin. Slik avgjerdsmakt er ønskt fordi det vil vere i tråd med eigedomsrett og slektskjensle.
I innstillinga frå familie- og kulturkomitéen heiter det m.a.:
«(…) det bør utredes å endre loven slik at kravet om at navnene skal følge gjeldende rettskrivingsprinsipper ikke skal gjelde selve gårds-/bruksnavnet, og at kravet om ensartet skrivemåte i ulike funksjoner oppheves. Komiteen mener at grunneieres synspunkt i saken bør tillegges særskilt vekt.»
Som oppfølging av Innst. S. nr. 124 (2008–2009) føreslår departementet å endre lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (stadnamnlova).
I ein merknad i Innst. S. nr. 124 (2008–2009) uttalte komitéen følgjande: «Komiteen anser det som nødvendig med endring i sammensetningen av klagenemnd for stedsnavnsaker for å sikre større legitimitet ved behandlingen av klagesaker. Komiteen ber departementet komme tilbake så snart som praktisk mulig med en lovendring som sikrer bredere sammensetning av nemnda, hvor det tas hensyn til lekmannsrepresentasjon og tilstrekkelig uavhengighet fra vedtaksorganet.»
Endring i samansetjinga av Klagenemnda for stadnamnsaker vart sett i verk i forskrift 3. november 2009. Nemnda har no to lekrepresentantar oppnemnde på fritt grunnlag, i staden for éin. Departementet oppnemner klagenemnda for fire år om gongen. Representantane skal ha språkleg og juridisk kompetanse. Lekrepresentantane blir oppnemnde etter framlegg frå KS.
Klager skal rettast til vedtaksorganet. Klagenemnda for stadnamnsaker behandlar klagesaker som ikkje er omgjorde av vedtaksorganet. Avgjerder i klagenemnda er endelege. Sidan 2008 har nemnda omgjort éi av fem saker. Nemnda er uavhengig av vedtaksorganet, som er Statens kartverk eller vedkomande kommune. Departementet kan ikkje overprøve eller instruere nemnda.
2.2 Kulturminneverdien til eit stadnamn
Formålet med stadnamnlova går fram av § 1. Det er å «ta vare på stadnamn som kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk og tenleg, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna». Stadnamna er ein del av vår felles kulturarv. Dei gjev opplysningar om språk, terreng, ferdselsårer, dyreliv, plantevekst, militære varslingssystem, kyrkjeleg styring, folkelege gjeremål, ordbruk, arbeid, tenkjemåte og levevis.
I merknadene til § 1 i forarbeida til gjeldande lov (Ot.prp. nr. 42 (2004–2005)) er det understreka at det som er avgjerande for kulturminneverdien til eit stadnamn, er at det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved namnet kjem fram. Det språklege aspektet ved stadnamna er viktig. Forma som namnet har i nedervd lokal uttale, er utgangspunkt for normering og har i seg sjølv kulturminneverdi. I stadnamnlova § 4 går det fram at nedervd lokal uttale skal tilpassast norske rettskrivingsprinsipp når ein fastset skrivemåten. På den måten blir i stor grad det språklege uttrykket vidareført ved normering. Nokre gonger vil det språklege uttrykket i namnet ikkje gje meining for oss i dag, men også slike namn er viktige å vidareføre. Formålet med lova er likevel å gje namna ein skrivemåte som i seg sjølv ikkje skjuler meiningsinnhaldet i namnet.
Vernetiltaket i lova er å formidle namna i ei rettskriving som sikrar at gamle stadnamn blir vidareførte med utgangspunkt i nedervd lokal uttale og med ein skrivemåte som er praktisk for kartprodusentar, brukarar og tenesteutøvarar, og som ikkje i seg sjølv skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet. Den nærare reguleringa av skrivemåten følgjer av forskrift om skrivemåten av stadnamn 1. juni 2007, gjeven med heimel i stadnamnlova § 13.
2.3 Historikk
På 1900-talet vart det utferda kongelege resolusjonar om korleis bruksnamna skulle skrivast. I 1961 vart det avsagt ein høgsterettsdom der staten ved Kyrkje- og undervisningsdepartementet, Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet vart fråkjend retten til, i offisielle publikasjonar, å bruke dei namneformene som kom inn i den reviderte matrikkelen i 1880-åra. Med heimel i skylddelingslova skulle staten berre sjå til at skrivemåten var i tråd med gjeldande rettskrivingsreglar. Dommen, som vart avsagd under dissens, avdekte eit uklart rettsgrunnlag, som gjorde det usikkert kva staten kunne bestemme, og på den andre sida kor omfattande råderett grunneigaren hadde over bruksnamnet. Etter dommen vart det sett i gang ein prosess som enda med at lov om stadnamn vart sanksjonert 18. mai 1990. Bruksnamna hadde elles vore tema i «Innstilling om språksaken» («Vogt-komitéen») i 1964 og seinare i ein NOU om stadnamn frå 1983.
2.4 Tilhøvet mellom bruksnamn og gardsnamn
I Nynorskordboka, som er ei allmennordbok, er gard definert som ein «eigedom, bustad med hus og dyrkingsjord». I daglegtalen syner ofte omgrepet gard til konkrete bygningar med jordbruksareal rundt. I stadnamnlova og innanfor namnefaget har gard og dermed gardsnamn ei anna tyding. Bygningane eller tuftene etter ein opphavleg gard finst kanskje ikkje lenger. Det er kanskje berre stadnamnet som gjev opplysningar om at området har vorte busett rundt ein faktisk gard. Gardsnamn er i stadnamnlova § 2 bokstav b definert som «namn på heile det gardsområdet som eitt eller fleire gardsnummer er knytte til». Altså er gardsnamnet ofte namn på eit område som gjennom tida har utvikla seg til å femne om ein krins av eigedommar, kanskje ei lita grend, som seinare kan ha gjeve namnet til ein heil kommune. Bruksnamn er definert i stadnamnlova § 2 bokstav c som «namnet på ein eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eitt gardsnummer». I området som gardsnamnet dekkjer, er det ofte ikkje berre éin grunneigar, men mange. Namnet på dei lågaste bruksnummera er ofte samanfallande med gardsnamnet, men då gjerne med eit presiserande tillegg som «nordre», «søre», «nedre», «store» og liknande.
Busetjingshistorisk har gardsnamna ein annan status enn bruksnamna. Dei kan vere så gamle som 2000 år og er eit utgangspunkt for anna namnelaging på staden, t.d. ved at naturlokalitetar, bygdelag, skular, kyrkjer, bruer og vegar får namn etter garden. Ikkje sjeldan er gardsnamnet opphavleg namn på ein annan lokalitet, t.d. ein naturlokalitet. Som naturnamn er Mo (av norrønt mór ‘mo, tørr sandslette’) eit svært vanleg namn på ein naturlokalitet. I dei fleste høva er då gardsnamnet Mo ei sekundær namnedanning. Gardsnamnet fører i slike tilfelle vidare eit naturnamn.
2.5 Tilhøvet mellom etternamn og gardsnamn
Om lag 70 pst. av nordmenn i dag har etternamn av gardsnamn. Det finst ikkje mange namn i Norske Gaardnavne1 som ikkje også er etternamn. Denne namneskikken er truleg unik i Europa og heng saman med busetjingsstrukturen vår. I tillegg har nok folk oppfatta ein slik namnetradisjon som «heimleg» på folkeleg og kledeleg vis2.
På bygdene var det heilt fram til slutten av 1800-talet uvanleg med faste etternamn. Derimot brukte ein tilnamn, helst i form av eit patronym (sen- eller dotter-namn). Det rådde «islandske tilstandar» på den måten at ein Anders med tilnamnet Olsen var son av ein Ole, og Kari Olsdotter var dotter hans. I dag er sen-namna stivna som etternamn, slik at til og med jentebarnebarn av Ole kan vere «son av farfar sin». Også gardsnamn kunne bli brukte som tilnamn, men dersom ein flytta frå ein gard til ein annan, vart som regel det gamle gardsnamnet bytt ut med namnet på den nye buplassen. Dette vart dermed det nye tilnamnet.
Fleire namneskikkar levde side om side, og det var trong for sikker identifikasjon av borgarane. Då ei lov om personnamn vart vedteken i 1923, vart det påbode med faste etternamn. Lov 9. februar 1923 nr. 2 om personnavn (navneloven) sa at ein som etternamn kunne bruke «navnet på en gård (bruk) eller plass, hvor vedkommende bor, såfremt gården (bruket) eller plassen eies eller brukes av ham selv eller nogen av hans foreldre eller besteforeldre». Mange tok gardsnamn som etternamn, men etternamnsfunksjonen er relativt ny og gardsnamnfunksjonen er gamal. Etternamnet har gjerne ein forvanska skrivemåte som t.d. Moe, Dahl og Wiik, fordi skrivemåten av etternamn ikkje har hatt same regulering som stadnamna. Rettnok skreiv ein sekretær i Justisdepartementet ei kommentarutgåve til namnelova med presiseringar om at ein berre hadde rett til å ta «det uforfalskede, ubesmykkede navn»3. Dersom garden heitte Berg, «kan man ikke anta slektsnavnet Bergh, og heter den Purkerud, kan man ikke kalle sig Ruud.» Dette viser at også det offentlege i personnamnlova frå tidleg av hadde intensjonar om å regulere skrivemåten. Dette er det ikkje spor av i personnamnlova i dag. Ein del av gardsnamna har på si side vore normerte før stadnamnlova påbaud det. Allereie i 1838-matrikkelen er namn som Mo og Vik normerte fordi kaptein Gerhard Munthe hadde fått i oppgåve av regjeringa å vurdere skrivemåten og fornorske denne.
I dag høyrer personnamnlova og stadnamnlova til to ulike lovgjevingsområde. Medan eit personnamn har vore sett på som ein privat eigedom, har det vore vanleg å sjå stadnamna (t.d. gardsnamn, bruksnamn, vegnamn) som eit felleseige. Likevel er det ikkje til å kome ifrå at mange grunneigarar ønskjer at skrivemåten av etternamnet skal leggjast til grunn når det offentlege har bruk for å vedta ein skrivemåte av eit bruksnamn, t.d. i samband med framlegg til nye adressenamn, der bruksnamnet inngår som del av adressenamnet.
2.6 Namnegjeving
Dei aller fleste stadnamna i dag er resultat av spontan eller folkeleg namnegjeving på t.d. åkrar, fjell og vatn rundt oss. Prototypen på eit nordisk stadnamn er eit ord for ein terrengformasjon som har vorte til eit namn på ein stad; slik mo har vorte til Mo. Deretter har terrengformasjonen Mo også gjerne gjeve namn til ein gard osv. Ein talar derfor om primære og sekundære namnelagingar. Når Mo, som opphavleg var eit naturnamn, har gått over til (også) å vere namn på ein gard, er Mo som gardsnamn etter faglitteraturen ei sekundær namnedanning. Det er i lys av dette vi må forstå § 4 andre ledd første punktum i dagens stadnamnlov:
Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane.
For gards- og bruksnamn som opphavleg t.d. har vore naturnamn, inneber dette at skrivemåten på naturnamnet skal vedtakast før ein kan fastsetje skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn. Bruksnamn er i mange tilfelle nyare enn gardsnamna og har derfor ofte sekundær funksjon. Skrivemåten av gardsnamn vil derfor vere retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamn.
Dei fleste stadnamna som i dag blir tekne i bruk av det offentlege, har vorte til spontant på folkemunne av dei som ferdast i eit område. Andre namn er resultat av meir eller mindre formell dåp. Slik planlagd døyping forekom også i tidlegare tider, men det er først i dei siste 150 åra at planmessig namnegjeving har vore vanleg. Den planmessige namnegjevinga i dag må likevel ofte samanliknast med «oppkalling». Nye kulturformasjonar (ei bru) eller kulturformasjonar utan eit namn (t.d. ein veg) skal ha namn som skal brukast av det offentlege. Det er då vanleg at ein kommune som skal gje namn til ein veg som ledd i pålagt adresseringsarbeid, vil ta i bruk namn som har folkeleg tradisjon og ein nedervd lokal uttale. Då har ofte namnet også ein eller fleire skrivemåtar som har vore i offentleg bruk, men dei er ikkje alle like godt kjende. Nokre av skrivemåtane er allereie normerte, jf. kap. 2.5 ovanfor. Desse skrivemåtane kan nyttast som grunnlag for å gjere vedtak om skrivemåten av det nye namneobjektet. Då er det ikkje nødvendig med ei namnesak, men andre gonger har namnet ingen vedteken skrivemåte. Dersom ein veg skal «kallast opp» etter eit bruk som ikkje har ein vedteken skrivemåte, bør det i dei fleste tilfella reisast namnesak. Då hender det at grunneigaren av bruket ønskjer ein skrivemåte på bruket som er den same som skrivemåten av etternamnet hans. Den ønskte skrivemåten kan avvike frå rettskrivingsprinsippa i norsk og kan derfor vere umogleg å vedta etter gjeldande lov.
2.7 Namnelovgjeving internasjonalt
2.7.1 Dei sameinte nasjonane (SN)
I 1967 vart det oppretta ein SN-organisasjon for standardisering av stadnamn, United Nations Group of Experts on Geographical Names (UNGEGN). Resolusjon nummer 4 frå den første konferansen i Geneve i 1967 (1/4) slår fast at nasjonal standardisering av stadnamn både har økonomiske og praktiske fordelar. Nasjonal standardisering er også eit viktig grunnlag for internasjonal standardisering av stadnamn. UNGEGN oppmodar derfor til å bruke nasjonalt standardiserte former også i internasjonale samanhengar, til dømes på kart og i dokument. UNGEGN har som mål at alle medlemslanda skal ha eit nasjonalt vedtaksorgan og retningslinjer for standardisering av stadnamn.
2.7.2 Stadnamnforvaltning i dei nordiske landa
Alle dei nordiske landa regulerer skrivemåten av stadnamn når desse skal brukast av det offentlege. Det gjeld òg dei fleste andre landa i Vest-Europa.
Forvaltninga av stadnamna i dei nordiske landa inneheld like element. Hovudregelen i alle landa er at rettskrivinga er styrande for skrivemåten av stadnamn. Ulike språkhistoriske tilhøve, ulik namnetradisjon, ulik busetjingsstruktur, ulik rettskrivingspraksis og ulikskapar i sosiologiske og juridiske tilhøve som knyter seg til råderett over eigedom osv., har medført variasjon i reguleringa.
Noreg
I Noreg er det Statens kartverk som gjer vedtak om skrivemåten av stadnamntypar som gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, statlege anlegg osv. Kommunane gjer vedtak om skrivemåten av adressenamn og namn på vegar, torg, bydelar, budstadfelt osv. Stadnamntenesta er rådgjevande organ i alle saker som gjeld skrivemåten av norske, samiske og kvenske stadnamn som blir brukte i offisiell samanheng, og som blir vedtekne av Statens kartverk og kommunane.
Stadnamntenesta for norske og kvenske stadnamn er administrativt underlagd Språkrådet, men opererer på sjølvstendig fagleg grunnlag etter stadnamnlova. Sametinget har ansvaret for stadnamntenesta for samiske stadnamn.
Sverige
I Sverige er det Lantmäteriet som, i nært samarbeid med Institutet för språk och folkminnen og Riksantikvarieämbetet, som har rolla som nasjonal stadnamnmyndigheit. Frå og med 1. juli 2000 har det vore ein formålsparagraf om stadnamn i den svenske kulturminnelova (§ 4). Her heiter det at ein ved statleg og kommunal forvaltning må følgje «god ortnamnssed». Etter lovteksten inneber dette blant anna at hevdvunne stadnamn ikkje kan endrast utan særlege grunnar, og at stadnamn skal følgje svensk rettskriving, med mindre hevdvunne skrivemåtar talar for noko anna. Lovteksten omhandlar altså både namneval og rettskriving, men gjev ikkje like detaljerte retningslinjer for skrivemåten som det norske regelverket gjer. Når det gjeld namn på eigedom, er det føresegnene i Förordningen (2000:308) om fastighetsregister som regulerer vedtakskompetansen til Lantmäteriet. Lantmäteriet er vedtaksorgan i saker som gjeld namn på eigedom, men hentar inn synspunkt både frå eigar, kommunar, Riksantikvarieämbetet og Institutet för språk och folkminnen (jf. Språkrådet)4. Den endelege stavemåten av eit eigedomsnamn (bruksnamn) kan ikkje vere i strid med rettskrivingsprinsippa i svensk eller bryte med sterk hevd. Grunneigarar har generelt ikkje stor påverknadskraft på skrivemåten av stadnamn og er berre rekna som part i saka dersom eigedomsnamnet fell saman med stadnamnet det er reist sak om.
Danmark
Stednavneudvalget er den instansen i Danmark som fastset skrivemåten av danske stadnamn. Dette utvalet har sekretariat på Afdeling for Navneforskning ved Nordisk Forskningsinstitut ved Københavns Universitet. Stednavneudvalget, som vart oppretta i 1910, sender innstilling til Kulturministeriet, som godkjenner namneformene. Gjennom heile sitt virke har utvalet halde på prinsippet om at det berre kan eksistere éin korrekt skrivemåte av eit stadnamn. Det følgjer også av dette prinsippet at det berre er éin korrekt stavemåte for alle godkjende samansetjingar med eitt bestemt namn. Dette svarar til den norske regelen om at skrivemåten i primærfunksjonen er retningsgjevande for skrivemåten i dei andre funksjonane. Alle stadnamn skal som hovudregel følgje dansk rettskriving. Det einaste unntaket er at ein kommune kan be om å få lov til å skrive eit stadnamn med Aa eller aa i staden for Å eller å. Dersom kommunane elles har andre ønske, har utvalet i visse tilfelle kome lokalsamfunnet i møte og dermed brote med vanleg rettskriving. Stednavneudvalget fastset berre stavemåte på ein gard eller eit bruk dersom jordarealet er større enn 100 hektar, eller dersom det er praktiske behov for det, t.d. ved kartutgjeving. Stednavneudvalget behandlar aldri saker frå enkeltpersonar. Viss ein grunneigar vil ha ein annan skrivemåte enn den vedtekne, må saka gå via kommunen, som kan søkje Geodatastyrelsen eller Stednavneudvalget om endring.
Island
På Island skal spørsmål om korleis ein skriv islandske stadnamn, rettast til Örnefnanefnd, som fungerer som offisiell stadnamnmyndigheit. Språkforskarar ved Árni Magnússon-instituttet for islandske studium har den rådgjevande funksjonen i normeringsarbeidet.
Island har ei eiga lov om namn på gardsbruk, Lög um bæjanöfn o.fl. Denne lova gjev først og fremst retningslinjer for val av namn på nye bruk. Blant anna er det eit krav om at namn på nye bruk skal ta omsyn til den islandske gardsnamntradisjonen. Det er Örnefnanefnd som etter lova med tilhøyrande forskrifter anten godtek eller forkastar ein søknad om namn på nytt gardsbruk eller endringar av eit allereie eksisterande namn. Dette utvalet høyrer inn under Utdannings-, forskings- og kulturdepartementet, og vedtak gjort av Örnefnanefnd kan ein anke til departementet.
Finland
Det er Forskningscentralen för de inhemska språken som har hovudansvaret for språkrøkt i Finland, også standardisering av stadnamn.
2.7.3 UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv
Stadnamn er immaterielle kulturminne. Historisk sett er det den materielle delen av kulturarven som har vore omfatta av eit rettsleg vern. Det gjeld både nasjonalt og internasjonalt. Innanfor UNESCO-systemet fekk den materielle kulturarven ein konvensjon i 1972 med verneføresegner for verdas natur- og kulturarv. I 2003 var ein konvensjon for den immaterielle kulturarven på plass, og Noreg ratifiserte i 2006 UNESCOs konvensjon av 17. oktober 2003 om vern av den immaterielle kulturarven, jf. St.prp. nr. 73 (2005–2006).
Artikkel 2 i konvensjonen definerer immateriell kulturarv blant anna slik: «muntlige tradisjoner og uttrykk, herunder språk som et uttrykksmiddel for immateriell kulturarv». Denne kulturarven har vorte overført fra generasjon til generasjon. Eitt av formåla med UNESCO-konvensjonen er å sikre immateriell kulturarv som ikkje har kjend opphavsmann, og som dermed er å rekne som ein kollektiv eigedom i meininga kulturuttrykk som alle kan bruke, men som ingen har eksklusiv, privat eigedomsrett til.
For å verne og fremje immateriell kulturarv pliktar kvar konvensjonspart etter artikkel 13 a) å «vedta en overordnet politikk som tar sikte på å fremme den immaterielle kulturarvens rolle i samfunnet og integrere vern av denne arven i sitt planleggingsarbeid». I St.prp. nr. 73 (2005–2006) om tilslutning til konvensjonen er stadnamnlova nemnd som ei av lovene som varetek tilhøve som kjem inn under føresegnene i konvensjonen. Sentralt stadnamnregister (SSR), administrert av Statens kartverk som vedtaksorgan etter stadnamnlova, kjem under det som artikkel 12 omtalar som forteikningar eller register over immateriell kulturarv, og som alle statar pliktar å ha.
Ein ratifikasjon av UNESCO-konvensjonen inneber ikkje at Noreg har forplikta seg til eit bestemt nivå for vern av stadnamna. Departementet vurderer det slik at alle framlegga om endring i stadnamnlova er innanfor rammene av UNESCO-konvensjonen. Endringsframlegget fører ikkje til eit bortfall av vernetiltaka i lova, nemleg offisiell normering på fagleg grunn. Bruksnamna har med endringframlegget om at grunneigaren skal kunne bestemme skrivemåten, fått redusert vern, men ikkje mista vernet. Dei er framleis omfatta av formålsparagrafen, og Kartverket er framleis formelt vedtaksorgan. Endringa består i at grunneigaren i saker som gjeld namn på eige bruk, kan fastsetje skrivemåten av bruksnamnet dersom han kan dokumentere at ønskt skrivemåte har vore i offentleg bruk som bruksnamn. For andre stadnamn vil vernet vere det same som i gjeldande lov. I tillegg har departementet styrkt formålsparagrafen.
2.8 Høyringsnotatet
Departementet sende 2. juni 2014 ut høyringsnotat med framlegg til endringar i stadnamnlova. Det kom inn 89 høyringssvar.
Høyringsnotatet vart sendt til følgjande høyringsinstansar:
Departementa
Direktoratet for naturforvaltning
Forsvarets militærgeografiske teneste
Klagenemnda for stadnamnsaker
Meteorologisk institutt
Noregs geologiske undersøking
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Norsk kulturråd
Norsk lokalhistorisk institutt
Språkrådet
Statens kartverk
Vegdirektoratet
Sametinget
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
Noregs teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen (UiB)
Universitetet i Nordland
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø
Fylkeskommunane
Fylkesmennene
Kommunane
Rettshjelpskontoret i Indre Finnmark
Bokmålsforbundet
Det Norske Akademi for Språk og Litteratur
Halti kvenkultursenter IKS
KS
Kvenlandsforbundet
Navnebeskyttelsen i Norge
Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR)
Noregs Mållag
Norges Bondelag
Norges Bygdekvinnelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norske Kveners Forbund (Ruijan Kveeniliitto)
Norsk-finsk forbund
Norut
Posten Norge AS
Riksmålsforbundet
Samarbeidsnemnda for namnegransking
Storfjord språksenter
Vadsø museum – Ruija kvenmuseum
Høyringsfristen var 2. september 2014. I høyringa kom det til saman inn 89 høyringssvar.
Følgjande instansar har realitetsmerknader til framlegget i høyringsnotatet:
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Klagenemnda for stadnamnsaker
Meteorologisk institutt
Miljødirektoratet
Norsk lokalhistorisk institutt
Riksantikvaren
Språkrådet
Stadnamntenesta for Austlandet og Agderfylka
Stadnamntenesta for Midt-Noreg
Stadnamntenesta for norske namn i Nord-Noreg
Stadnamntenesta på Vestlandet
Statens kartverk
Sametinget
NTNU – Institutt for historiske studium
UiB – Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Hordaland fylkeskommune
Rogaland fylkeskommune
Aukra kommune
Bærum kommune
Giske kommune
Hareid kommune
Hemnes kommune
Lunner kommune
Meråker kommune
Nord-Aurdal kommune
Odda kommune
Skodje kommune
Stavanger kommune
Trondheim kommune
Tydal kommune
Ullensvang herad
Vennesla kommune
Østre Toten kommune
Alvdal og Tynset Mållag
Alversund Mållag
Bergen Mållag
Bergen ungdomslag Ervingen
Bokmålsforbundet
Buskerud Mållag
Folldal Mållag
Gausdal Dialekt- og Mållag
Hadeland Dialekt- og Mållag
Hardanger Folkeminnelag
Hardanger Historielag
Landbruksmållaget
Levanger Mållag
Melhus Mållag
Mållaget Vikværingen
Navnebeskyttelsen Norge
Nord-Aurdal Mållag
Noregs Mållag
Norges Bondelag
Norsk bonde- og småbrukarlag
Norsk namnelag
Norske Kveners Forbund – Ruijan Kveeniliitto
Nynorsklaget
Osterøy Mållag
Riksmålsforbundet og Det Norske Akademi
Romsdal Mållag
Sandefjord og Sandar Mållag
Suldal Mållag
Sunndal Mållag
Surnadal Heimbygdlag
Toten Dialekt- og Mållag
Trønderlaget
Ullensvang Mållag
Ulvik Mållag
Valdres Historielag og Valdres Bygdebok
Valdres Mållag
Vennesla Dialekt- og Mållag
Våler historielag
Ørsta Mållag
Øvre Romerike Mållag
Fire privatpersonar
Følgjande instansar har uttalt at dei ikkje vil gje høyringsfråsegn, eller at dei ikkje har merknader til framlegget:
Arbeids- og sosialdepartementet
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Utanriksdepartementet
Nedre Eiker kommune
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Vanylven kommune
Hovudframlegget i høyringsrunden var å endre stadnamnlova §§ 6 og 8 slik at eigaren av eit gardsbruk har det avgjerande ordet i saker som gjeld skrivemåte av bruksnamn. Etter framlegget skal det avgjerande ordet gjelde dersom grunneigaren kan dokumentere at ønskt skrivemåte har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Det endelege ordet i bruksnamnsaker vart etter framlegget i stadnamnlova § 8 overført frå Kartverket til grunneigaren. Kartverket var etter framlegget framleis formelt vedtaksorgan, jf. gjeldande stadnamnlov § 5. Hovudregelen i stadnamnlova § 4 seier at når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgjevande for skrivemåten for dei andre namneobjekta. Framlegget innebar å unnta bruksnamna frå denne regelen.
Ein konsekvens av lovframlegget som vart lagd fram i høyringsframlegget, er at bruksnamn og gardsnamn som fell saman språkleg og geografisk, ikkje nødvendigvis får den same skrivemåten. Skrivemåten av bruksnamna vil ikkje måtte følgje norske rettskrivingsprinsipp. Samtidig ville ikkje skrivemåten av bruksnamna etter dei føreslåtte reglane kunne påverke skrivemåten av andre stadnamn.
Elleve av 89 høyringsinstansar stiller seg positive til framlegget om å gje grunneigaren det avgjerande ordet i korleis namn på eigedomen eller gardsbruket skal skrivast. Det er Hareid kommune, Stavanger kommune, Østre Toten kommune, Hemnes kommune, Bærum kommune, Bokmålsforbundet, Navnebeskyttelsen, Norske Kveners Forbund, Riksmålsforbundet, Norges Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag.
54 av dei 89 høyringsinstansane er imot hovudframlegget. Dette omfattar departement, statlege etatar, mållag, historielag, delar av fagmiljøet og universiteta.
Høyringsinstansane som argumenterer for lovendring, meiner at grunneigaren har hatt for lita reell påverknadskraft i saker som gjeld bruksnamn, sjølv om lova i dag seier at grunneigaren sitt syn skal vektleggjast. Dei meiner at grunneigaren har rimeleg rett til å bestemme skrivemåten av namn på eigen eigedom, også når dette skal brukast av det offentlege. Eit vesentleg moment i argumentasjonen for lovendring er at praktiseringa av lova har gjeve opphav til for mykje konflikt mellom grunneigarinteresser og det offentlege. Norsk bonde- og småbrukarlag seier at «lovforslaget ble i sin tid fremmet fordi mange eiere av gårdsbruk, bruk og gårder ble overkjørt». Navnebeskyttelsen, som har vore ein pådrivar for lovendring, skriv:
«Departementet har, denne gang, fulgt opp oppdraget gitt av Stortinget. Stortinget synes å ville ha en endring som gir klargjøring/forenkling, ikke en endring som skaper mer frustrasjon og konflikter blant medborgere samt flere arbeidsplasser i byråkratiet. Det foreliggende høringsnotatet vil gi endringer som er klargjørende og ikke ytterligere prosessdrivende.»
Høyringsinstansane som argumenterer mot lovendring, meiner at bruksnamna er felleseige og felles kulturarv, ikkje eigedommen til ein enkelt grunneigar. Fastsetjing av skrivemåte for å ta vare på det språklege uttrykket og meiningsinnhaldet i eit stadnamn er hovudverkemiddelet for å få til vern. Hovudframlegget til lovendring vil uthole dette verkemiddelet i bruksnamnsaker, meiner dei. I mange tilfelle vil bruksnamna tape kulturminneverdi når grunneigaren skal kunne avgjere skrivemåten av dei. Han vil kunne velje ein skrivemåte som formidlar det private etternamnet. Skrivemåten av namnet vil ikkje nødvendigvis harmonere med rettskrivingsprinsippa i norsk. Det nedervde språklege uttrykket vil ikkje nødvendigvis bli formidla.
Fotnotar
Oluf Rygh: Norske Gaardnavne (utgjeve frå 1897 til 1924) inneheld normert skrivemåte, opplysningar om uttale, historiske skrivemåtar og tolkingsframlegg til namna på matrikkelgardane i Noreg. Det er i dag standardverket om stadnamn i Noreg.
Nedrelid, Gunnlaug 2002. «Framvoksteren av norske slektsnamn.» I: Å kallast med sitt rette namn. Norsk lokalhistorisk institutt.
Lundh, Henrik 1924. Navneloven av 9. februar 1923. Med innledning og kommentar. Kristiania.
Det svenske Språkrådet, som tilsvarar det norske Språkrådet, er organisert under Institutet för språk och folkminnen.