5 Merknader til dei enkelte paragrafane
Til § 1 Formål og verkeområde
Føresegna i noverande første ledd blir vidareført, men det er lagt inn språklege endringar som gjer at det eksplisitt følgjer av lovteksten at formålet er å ta vare på språklege kulturminne. Det er ikkje berre det språkhistoriske innhaldet i eit namn som er verneverdig, men også sjølve forma namnet har i nedervd lokal uttale. Det er det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved namna i nedervd lokal uttale, jf. § 2 bokstav e som som skal vernast. Dette skal ikkje forståast som at ein særskild skrivemåte har verneverdi. Skrivemåten skal fremje meiningsinnhaldet i namnet, dvs. i seg sjølv ikkje bidra til å skjule eller gjere det vanskeleg å oppfatte meiningsinnhaldet i namnet. Det blir etter forslaget sagt eksplisitt i første ledd at normering som vernetiltak er til for å fremje meiningsinnhaldet i namnet.
Vektlegginga av meiningsinnhaldet betyr ikkje at ein i saksbehandlinga skal «tilbakestille» og endre skrivemåten av namn som gjennom tida har fått ein uttale og dermed ei rettskriving som gjer at meiningsinnhaldet er uklart. Langt frå alle stadnamn har språkelement i seg som gjer at meiningsinnhaldet er tydeleg. Dette gjer dei ikkje mindre verdifulle å bruke og vidareføre. Her er også ein viktig grunn til at ein i normeringsarbeidet skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen som har overlevert namnet, jf. § 4 første ledd. Det same gjeld for namn som har utolka eller uforståelege språkelement i seg. Dei skal vidareførast som dei er, med ei skriftform som ligg så nær uttalen som mogleg. Dialektnær skrivemåte av stadnamn skal det vere mogleg å få gjennomslag for slik det går fram av forskriftene til denne lova.
Stadnamn har ikkje berre kulturhistorisk verdi, men har i mange samanhengar stor praktisk verdi. Dokumentasjon og registrering av stadnamn bidreg til sikker stadfesting av stader, fenomen og hendingar. Kartproduksjon er eit sentralt døme.
Til § 2 Definisjonar
Bokstav a definerer «stadnamn» som namn på terrengformasjonar, kulturformasjonar, administrative område som kommunar og sokn, institusjonar og adresser. Definisjonen er endra ved å ta inn i lovteksten det som står i gjeldande merknader til § 2 bokstav a i Ot.prp. nr. 42 (2004–2005). I tillegg er namn på adresser lagde til. Det går fram av forskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskrifta) § 51 at kommunar tildeler adresser, og at skrivemåten skal fastsetjast etter stadnamnlova.
Med institusjonar er meint t.d. offentlege verksemder der eit stadnamn inngår som del av institusjonsnamnet, t.d. Ullevål sjukehus. Namn på statlege institusjonar er også regulert i § 4 i forskriftene til lov om målbruk i offentleg teneste (mållova), der det heiter: «Dersom det ikkje høver med same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform». Denne regelen er tolka av Kulturdepartementet i fleire rundskriv, sist i rundskriv nr. V-10/2001 «Namn på statsorgan med ulik namneform på nynorsk og bokmål». Statsinstitusjonar som er omfatta av mållova, har ikkje sjeldan eit stadnamn (t.d. Tromsø) i institusjonsnamnet i tillegg til eit ledd med eit institusjonelt tydingselement (t.d. lufthamn). Det er berre stadnamnet i slike namnetypar som kjem inn under stadnamnlova. Der det er tvil om kva som skal reknast som eit institusjonsnamn etter stadnamnlova eller mållova, skal dette leggjast fram for departementet til avgjerd.
Bokstav c blir vidareført, men ordet «gardsbruk» er teke inn i definisjonen som døme på eigedom med bruksnamn. Omgrepet bruksnamn omfattar alle gardsbruk og andre eigedommar det er knytt eit bruksnummer til. Det er irrelevant om det er knytt gardsdrift til bruksnummeret.
I bokstav e blir definisjonen av «lokal talemålsform» teken ut og erstatta med ein definisjon av «nedervd lokal uttale», jf. § 4 første ledd i lova og § 4 i forskrifta til lova. I nedervd ligg det at namnet er overført gjennom generasjonar (tradert). «Lokal» er i uttrykket meint presiserande, fordi det av og til førekjem ulike uttalevariantar av same namnet som alle kan seiast å vere nedervde. Nedervd lokal uttale som normeringsgrunnlag har som utgangspunkt at det er den lokale uttalen som lettast identifiserer det språklege opphavet til namnet.
Til § 3 Namnevern
Paragrafen er ei støtte til formålsparagrafen. Overordna handlar føresegnene om å vidareføre så mange opphavlege namn som råd på den staden dei har ei tradisjonell tilknyting til.
Innhaldet i føresegna blir vidareført, men språkleg omarbeidd og presisert, både i første og andre ledd. Første leddet i paragrafen skal verne stadnamn som har tradisjon éin stad frå å bli tekne i bruk på ein stad namna ikkje har tilknyting til. Dette er namn som alt er verna eller klart må vernast. Første ledd inneheld tre vilkår. Alle vilkåra må gjelde dersom eit stadnamn skal takast i bruk på ein stad det tradisjonelt ikkje høyrer heime. At eit etternamn er verna, vil seie at det er i bruk som etternamn av færre enn 200 personar i Noreg, jf. lov 7. juni 2002 nr. 19 om personnavn § 3 første ledd. At eit namn er «særeige» vil seie at namnet har ei tilnærma unik tilknyting til staden det har gjeve namn til, som t.d. Jarlsberg eller Portør. «Andre grunnar» refererer særleg til namn som er av særleg kulturell eller historisk interesse på ein stad. Namn som Stiklestad eller Gardermoen er døme på namn som av andre grunnar har krav på vern. Desse kan ikkje takast i bruk på ein stad dei ikkje har tilknyting til.
Andre leddet skal verne dei namna som tradisjonelt er i bruk på ein stad. Reglane i andre ledd skal hindre at namn med stor geografisk utbreiing automatisk blir til fortrengsel for namn som har ei mindre geografisk utbreiing. Dinest skal reglane hindre at eit nedervd stadnamn blir bytt ut med eit stadnamn som blir oppfatta som «finare», t.d. at kommersielt meir omsetjelege namn trengjer ut nedervde stadnamn.
«Særlege grunnar» til å byte ut eit namn kan vere at namnet er vanskeleg å skilje frå andre namn, og at dette kan skape fare for liv og helse. Døme kan vere at ambulansepersonell e.l. forvekslar namnet med eit anna eller har problem med identifisering av ei konkret adresse. Særlege grunnar kan òg vere at eit stadnamn er til vesentleg byrde for dei som bur på staden. Det skal vurderast konkret om det ligg føre særlege grunnar.
Stadnamnlova er ikkje til hinder for nydanningar av namn. Føresegnene i stadnamnlova § 3 regulerer ikkje om eller i kva grad nedervde stadnamn skal vidareførast i bruk på nye namneobjekt. Dersom eit namneobjekt forsvinn og blir erstatta med eit nytt, t.d. ved at ei seter blir omdanna til ei hyttegrend, er det i tråd med formålsparagrafen å vidareføre det nedervde stadnamnet på setra til det nye namneobjektet, hyttegrenda, men § 3 regulerer ikkje dette. Namneskikken på staden bør likevel følgjast.
Til § 4 Reglar om skrivemåten
Føresegna i første ledd tredje punktum blir endra. Første ledd tredje punktum fastset at kvenske stadnamn i Troms og Finnmark skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for kvensk, ikkje finsk.
Første ledd fjerde punktum blir endra. Føresegna seier at skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp. Denne endringa er berre meint som ei konkretisering for å få føresegna til å stemme overeins med det ho i røynda regulerer.
Andre ledd tek for seg dei tilfella der same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden. Andre ledd første punktum blir endra slik at omgrepet primærfunksjon er bytt ut med ei setning som gjer greie for situasjonen som omgrepet var meint å dekkje. Endringa er ikkje meint å innebere noka materiell endring av innhaldet i føresegna.
Det same stadnamnet kan samstundes vere namn på fleire gardsbruk, ei grend, ein skule, ein poststad, ein haldeplass m.m. Når same namnet slik blir brukt om ulike einingar på same staden, skal det som hovudregel ha berre éi skriftform på kvart språk.
I slike tilfelle skal som hovudregel skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, vere retningsgjevande for skrivemåten på dei andre namneobjekta. Føresetnaden må vere at den nedervde lokale uttalen er den same i dei ulike funksjonane, og at det ikkje er andre grunnar som tilseier ulike skrivemåtar, t.d. skrifttradisjonen i dei ulike funksjonane, ønsket til eigaren ved bruksnamn, eller at det knyter seg sterke interesser til dei ulike formene.
Andre ledd får eit nytt andre punktum, som uttrykkjer eit unntak frå regelen i første ledd. Når eit bruksnamn er det namneobjektet som namnet opphavleg vart brukt om (namnet i primærfunksjonen), og når skrivemåten på det er fastsett av grunneigaren, jf. § 6 andre ledd, er ikkje denne skrivemåten retningsgjevande for dei andre namneobjekta på staden. I desse tilfella er det vedtaksorganet som fastset skrivemåten for dei andre namna.
Til § 5 Fastsetjing av skrivemåten
Paragraf 5 gjev reglar om kven som kan ta opp saker, kven som kan gjere formelle vedtak om skrivemåte av namn, og kven som kan avgjere tvilsspørsmål.
Etter første ledd bokstav b er det presisert at eigar eller festar kan ta opp skrivemåten på eige gardsbruk eller eigedom. Med «festar» i første ledd bokstav b og i lova elles er meint den som har grunnboksheimel som festar. Med «eigar» er det meint den som har grunnboksheimel som eigar.
Tredje ledd første punktum blir endra slik at det blir gjeve eksempel på kva typar namn Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten for. Kartverket gjer dei formelle vedtaka om skrivemåten av bruksnamn. Dette gjeld sjølv om grunneigaren etter stadnamnlova nytt andre ledd i § 6 kan fastsetje skrivemåten av bruksnamn.
Til § 6 Nærmare om saksbehandlinga
Etter første ledd har eigar eller festar, kommune og lokale organisasjonar uttalerett i visse tilfelle. Dette leddet er vidareført, men noverande fjerde punktum blir oppheva, og åttande punktum er nytt. Føresegna i åttande punktum fastset at grunneigarar kan be om tilråding frå namnekonsulentane i saker som gjeld skrivemåten av eige gardsbruk eller eigen eigedom. Denne regelen er lagt til for at grunneigaren, som etter § 6 nytt andre ledd har rett til å fastsetje skrivemåten av bruksnamn, skal ha høve til å få ei tilsvarande tilråding som den vedtaksorgan får etter § 6 første ledd sjuande punktum. Tilrådinga er ikkje obligatorisk.
Kartverket er framleis formelt vedtaksorgan etter § 5 andre ledd første punktum.
Før han melder til vedtaksorganet kva namn han ønskjer, kan grunneigaren be om å få ei fagleg tilråding frå namnekonsulentane, jf. ovanfor.
Andre leddet er nytt. Det presenterer retten eigaren har til å fastsetje skrivemåten i saker som gjeld nedervde bruksnamn og vilkåret for dette. Vilkåret er at han kan leggje fram dokumentasjon på at at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Det blir fastsett i § 6 andre ledd andre punktum at reglane for høyring etter § 6 første ledd ikkje gjeld når eigaren kan dokumentere at skrivemåten han ønskjer, har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Andre ledd tredje punktum fastset at dersom grunneigaren ikkje kan dokumentere at bruksnamnet har vore i offentleg bruk som bruksnamn, er skrivemåten av gardsnamnet retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamnet.
Uttrykket «offentleg bruk» siktar her til at den ønskte skrivemåten av namnet på gardsbruket eller eigedomen må vere sporbare i dokument som er eller har vore tilgjengelege for allmenta, dvs. for kvar og ein. Omgrepet siktar også til at skrivemåten på namnet skal ha vore i bruk som ledd i offentleg tenesteyting. Det er presisert i lovteksten at den offentlege bruken gjeld namnet som bruksnamn. At namnet har vore i bruk som etternamn og er godt dokumentert som det i offentleg bruk, er ikkje relevant.
Det er krav til offentleg bruk fordi det ikkje er tilstrekkeleg som grunngjeving for ein særskilt skrivemåte at skrivemåten er i bruk for t.d. eit privat etternamn som har opphav i bruksnamnet. Private etternamn er regulert i personnamnlova, og skal ikkje utan vidare påverke skrivemåten av stadnamn. Det er dessutan lagt til grunn at grunneigaren ønskjer ein spesifikk skrivemåte på eit nedervd bruksnamn nettopp fordi skrivemåten er innarbeidd og uttrykk for ein stabil storleik. Då må dette dokumenterast når det offentlege skal ta skrivemåten i bruk.
Det er Statens kartverk som skal ta stilling til om skrivemåten av bruksnamnet er tilstrekkeleg dokumentert. Vedtaksorganet må vurdere om dei aktuelle dokumenta som blir lagde fram, oppfyller krava til vilkåra om offentleg bruk. Statens kartverk må òg ta stilling til kva vekt som skal leggjast på at namnet er brukt i dokumenta. Dersom grunneigaren klagar på vurderinga Statens kartverk gjer av dokumentasjonen, skal saka behandlast av Klagenemnda for stadnamnsaker. Nemnda må ta stilling til den same dokumentasjonen frå grunneigaren.
Dokument som er utferda av offentlege myndigheiter, skal vurderast som relevant dokumentasjon. Skrivemåtar av bruksnamn som har vore brukte i tenesteyting, på kart og t.d. i register, må kunne vurderast som relevante skrivemåtar å ta stilling til. Skrivemåtar som finst i matriklar, skal vurderast som relevante. Det same gjeld for skrivemåtar som er å finne i skøyte, gamle skuldskiftedokument og tinglyste dokument. Private brev, gravsteinar, kjøpekontraktar, namnesamlingar, bygdebøker og avisartiklar er døme på kjelder til skrivemåtar av eit bruksnamn som ikkje er tilfredsstillande dokumentasjon, anna enn som støttemoment. Bygdebøker har ulik fagleg kvalitet og er ikkje eigna som kjelder til skrivemåte av stadnamn, fordi dei er skrivne med veldig ulike utgangspunkt. Namnesamlingar kan ikkje brukast som kjelde til skrivemåte fordi dei kan ha som mål i seg sjølv å framstille stadnamn heilt talemålsnært. Bygdebøker og namnesamlingar er elles verdifulle kjelder til å dokumentere lokal nedervd uttale og kulturhistoriske opplysningar om namn og namnebruk.
Grunneigaren fastset berre skrivemåten av namnet på akkurat gardsbruket eller eigedomen han eig. Skrivemåten han fastset på gardsbruket eller eigedomen, er ikkje retningsgjevande for skrivemåten av andre namneobjekt som fell saman med bruksnamnet.
I saker der eigaren tek opp saka sjølv, jf. § 5 første ledd bokstav b, og kravet til dokumentasjon i § 6 andre ledd er innfridd, kan skrivemåten av bruksnamn vedtakast utan høyring etter § 6 første ledd. I situasjoner der andre enn eigaren eller festaren tek opp namnesaker som vedkjem eit bruksnamn meir indirekte, vil bruksnamnet kunne bli del av ei høyring. Eigaren treng då ikkje vente på høyringa for å få fastsett skrivemåten av bruksnamnet, men har rett på ei tilråding frå namnekonsulentane etter § 6 første ledd åttande punktum.
Til § 8 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn
Noverande første ledd og noverande fjerde ledd blir slått saman til eit nytt tredje ledd.
Det første leddet er noverande andre ledd vidareført.
Det nye tredje leddet blir omformulert slik at det skal gå fram at regelen ikkje gjeld kva bruksnamn som helst, men namn på nyoppretta bruk. Nyleg fråskilde bruk som ikkje har eit namn frå før, kan eigaren eller festaren gje namn til, med dei avgrensingane som er i § 3 i lova her. Dersom bruket har eit namn, og namnet ikkje er nedervd, kan også eigaren eller festaren byte ut eller endre namnet og fastsetje skrivemåten av det, med dei avgrensingane som er i § 3.
Registrering av bruksnamn som ikkje er nedervde, skjer etter melding frå eigaren eller festaren utan at dette krev behandling som namnesak, eller at registreringa må reknast som vedtak.
Til § 10 Klage
Første leddet andre punktum er nytt. Det blir presisert at klagereglane ikkje berre gjeld vedtak etter stadnamnlova om skrivemåten av namn. Dersom vedtak om namnsetjing etter anna lov er gjort i strid med § 3 i stadnamnlova, kan saka påklagast etter § 10.
Val av namn er ikkje vedtak etter stadnamnlova. Når eit namneval blir gjort etter anna lov, er handlingsrommet likevel avgrensa av § 3.
I andre ledd andre punktum er namnet Norsk språkråd endra til Språkrådet.
Til iverksetjingsføresegna
Endringslova skal etter framlegget gjelde frå den tida Kongen fastset.