1 Innleiing
Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp tre nye investeringsprosjekt og å orientere Stortinget om eit anna prosjekt.
Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.
Proposisjonen har følgjande innhald:
Godkjenning av kostnadsramme for tre nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt: Ørland – nytt forsyningslager for F-35, Ørland – kjøp av Hårberg skule frå Ørland kommune og Ørland – nye forlegningar for befal og verva.
Sak til informasjon: Logistikkprosjektet i LOS-programmet.