3 Sak til informasjon
3.1 Logistikkprosjektet i LOS-programmet
LOS-programmet i Forsvaret inneheld fleire prosjekt for å etablere eit felles integrert forvaltingssystem i Forsvaret (FIF). Logistikkprosjektet, som er det tredje og siste store prosjektet i programmet, vart godkjend ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 317 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 55 (2007–2008). Logistikkprosjektet skal gje Forsvaret ei fullstendig logistikkløysing for prosessar innanfor materiellinvestering, konfigurasjonsstyring, vedlikehald og avansert forsyning. Med denne logistikkløysinga vil forvaltingssystemet kallast FIF 3.0. Elles vert det synt til Stortinget si handsaming av Innst. 490 S (2012–2013), jf. Prop. 136 S (2012–2013), der leveransane i prosjektet vart delt opp i tre delar, samt Innst. 7 S (2015–2016), jf. Prop. 1 S (2015–2016), der det vart gjort greie for status i P2814 Logistikkprosjektet. Under handsaminga av budsjettproposisjonen for 2016 uttrykte ein samla Utanriks- og forsvarskomite følgjande:
«Komiteen merker seg de betydelige utfordringene det gjennom flere år har vært knyttet til forsinkelser og kostnadsøkninger i logistikkprosjektet i LOS-programmet i Forsvaret, og registrerer at første del av Logistikkprosjektet nå innføres fra 1. januar 2016. Videre har komiteen forventninger til prosjektets effekt på bl.a. materiellinvesteringer, vedlikeholdssystemer, forsyning og økonomistyring i FLO. Komiteen viser til beslutningen om å opprette en ny materielletat under Forsvarsdepartementet, og viser videre til betydningen av at man lykkes i å koordinere prosjektinnføringen med etableringen av den nye etaten.»
Fyrste del av Logistikkprosjektet vart innført 4. januar 2016, og vil halde fram med innlegging av materiellsystem gjennom heile 2016. Så langt er det avdekt få feil i løysinga. Målet er at logistikkløysinga og den resterande delen av FIF mest mogeleg effektivt kan takast i bruk òg av den nye etaten og skape synergiar i samarbeidet med Forsvaret i framtida.
Som synt til i omtalen i Innst. 7 S (2015–2016) er det endå to delprosjekt som opphaveleg er planlagt starta opp i 2016 og 2017. Basert på innspel frå Forsvaret er det gjort ei ny vurdering med omsyn til den vidare framdrifta.
Opprettinga av Forsvarsmateriell (FMA) gjer det naudsynt å sjå på endringar i FIF når det gjeld fordeling av roller og ansvar samt ein gjennomgang av prosessmodellen. I tillegg er det gjort fleire endringar innafor logistikkverksemda som inneber at kravdokumentet frå 2008 ikkje lenger speglar dagens krav. Til sist er det kome ny SAP-teknologi som, dersom den vert teken i bruk, gjer at FIF kan verte meir brukarvenleg og enklare å drifte. Forsvaret tilrår difor at dei to resterande delleveransane i prosjektet vert avbestilte og at ein heller nyttar ressursane på å avklare ei FIF-løysing for framtida. Prioriterte delar av funksjonaliteten som ligg i dei to avbestilte delleveransane vil det vera mogeleg å innføre seinare basert på oppdaterte krav.
I det pågåande arbeidet med å avbyråkratisere og effektivisere forsvarssektoren, er det peika på at det er gevinstar å hente innafor IKT-området. Eit av dei føreslåtte tiltaka er å redusere porteføljen av administrative IT-system og gjere fleire av dagens system sektorovergripande, mellom anna FIF. Det er difor teke inn i iverksetjingsbrevet for sektoren at det skal vurderast å gjere FIF sektorovergripande, spesielt innafor rekneskap, løn og personell.
Prosjekt 2814 Logistikkprosjektet har vara i fleire år, og har hatt ei rekkje utfordringar undervegs. Med innføringa av delleveranse 1, vil nesten alle materiellsystema verta lagde inn i FIF, og Forsvaret kan omsider fase ut fleire av dei ulike IT-systema i Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret. Dette var hovudmålsettinga med etableringa av program Golf i 2001.
På bakgrunn av dette vil departementet avslutte Logistikkprosjektet etter at delleveranse 1 er ferdig i 2017. Det inneber òg at LOS-programmet i Forsvaret vil verte lagt ned som eigen avdeling etter at Logistikkprosjektet er avslutta.
Det er framleis viktig å halde fast ved den etablerte FIF-strategien der flest mogleg system skal inn i FIF, og nytte mest mogeleg standard SAP som programvare. Etatane i forsvarssektoren vil òg i framtida ha behov for modernisering, effektivisering og digitalisering av forvaltingsprosessar. Det må difor etablerast styringsmekanismar som sikrar at vidareutviklinga av forvaltingssystem skjer innafor FIF-strategien. FD vil difor vektleggje å bevara og vidareføre den kompetansen som er opparbeidd i LOS-programmet i Forsvaret og FMA etter at Logistikkprosjektet og LOS-programmet vert avslutta.
Prosjektet si prisjusterte kostnadsramme (post 45) er 885 mill. kroner. Regjeringa vil kome attende med ei nærmare utgreiing av måloppnåing, erfaringar med gjennomføringa og gevinstar ved avsluttinga av prosjektet i 2017.