1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram nokre saker som gjeld veg, særskilde transporttiltak og transport i byområda mv. Det blir føreslått å oppheve eit oppmodingsvedtak og gjort greie for oppfølginga av tre andre slike vedtak.