3 Regulering av turistfiskenæringa
3.1 Gjeldande rett
Turistfiskeverksemder har i dag inga plikt til å rapportere fangst eller registrere fartøy med tilknytning til verksemda, sjølv om dei baserer drifta på inntekt frå fiske og fangst. Det gjeld heller inga generell plikt for sports- og rekreasjonsfiskarar til å gje opplysningar om fangst til styresmaktene, og heller inga plikt til å registrere fartøy. Dette står i kontrast til alle rapporterings- og registreringspliktene som gjeld for yrkesfiskarar.
Havressurslova § 22 femte ledd gjev likevel forvaltninga høve til å kunne påleggje eit utval av personar som driv sports- og rekreasjonsfiske å gje opplysningar om haustinga til styresmaktene for statistikkformål. Føresegna gjev høve til å påleggje det same overfor dei som driv verksemd eller anlegg der det skjer slik hausting, men ikkje overfor andre som for næringsformål legg til rette for slik hausting.
Føresegna gjev ikkje forvaltninga heimel til å opprette ei registreringsordning for turistfiskeverksemder eller krevje løyve for slik aktivitet.
3.2 Høyringsforslag
Departementet foreslo i høyringa å gje departementet heimel til å påleggje alle som eig eller driv anlegg eller verksemd der sports- og rekreasjonsfiske vert driven frå, eller som på anna vis for næringsformål legg til rette for slik hausting, å gje opplysningar om haustinga, sjølv om formålet er eit anna enn statistikk. Dette inneber at pålegget til dømes kan rettast mot verksemder som legg til rette for turistfiske gjennom båtutleige, overnatting og/eller oppbevaring av fisk. Ein slik heimel vil gje forvaltninga høve til å innføre ei slik rapporteringsordning som arbeidsgruppa foreslo.
Forslaget inneber at ein utvidar kretsen av verksemder som kan påleggjast rapportering til også å gjelde dei som «på anna vis for næringsformål legg til rette for sports- og rekreasjonsfiske». Dette har samanheng med at arbeidsgrupperapporten Turistfiske i sjø understreka at det finst mange ulike aktørar som legg til rette for ressursuttak sjølv om dei ikkje driv anlegg eller verksemd der sports- og rekreasjonsfiske vert driven frå. Departementet presiserte at det er behov for å kunne påleggje nokre av desse å rapportere fangst dersom ein skal kunne få ei god oversikt over relevant ressursuttak.
Departementet foreslo dessutan å innføre ei føresegn som gjev forvaltninga heimel til å stille krav om registrering av næringsverksemd basert på sports- og rekreasjonsfiske, medrekna turistfiske. Ei slik ordning vil kunne gjerast gjeldande overfor all verksemd som kan påleggjast rapportering av fangst. Departementet meinte at ei slik ordning kan styrke forvaltninga si oversikt over næringsaktiviteten og gje eit betre grunnlag for å vurdere det totale ressursuttaket i sjøen.
Departementet foreslo dessutan ein lovheimel til å gje nærare føresegner om vilkår for slik registrering. Forslaget inneber at departementet kan fastsetje krav til registrering. Til dømes kan det fastsetjast vilkår om registrering av fartøy som turistfiskeverksemdene nyttar til utleige, eller om at verksemda informerer sine kundar om gjeldande reglar om sports- og rekreasjonsfiske.
Det vart også foreslått ein heimel for departementet til å gje føresegner om at retten til å vere registrert kan kallast tilbake ved grove eller gjentekne brot på vilkåra.
3.3 Høyringsfråsegner
Det var relativt brei semje mellom høyringsinstansane om å innføre ei registreringsordning for turistifiskeverksemder. Dessutan støtta det store fleirtalet forslaget om fangstrapportering.
Dei foreslåtte lovendringane er ein føresetnad for to av dei sentrale tiltaka i høyringa: rapportering av fangst og registrering av turistfiskeverksemder. Høyringsinstansane var i liten grad opptekne av sjølve forslaga til lovendringar ut over at dei støtta innføring av krav til rapportering og registrering. Ingen av høyringsinstansane har konkrete innvendingar mot lovendringsforslaga.
I staden kommenterte fleire av dei den framtidige praktiseringa av regelverket, og at ordningane bør fungere på ein praktisk og lite byrdefull måte for aktørane.
3.4 Departementet si vurdering
Høyringsfråsegnene gjev generell støtte til departementet sitt forslag om innføring av krav til fangstrapportering og ei registreringsordning for turistfiskeverksemder. Departementet foreslår derfor å endre havressurslova § 22 femte ledd slik at ein får nødvendige heimler til å innføre slike ordningar og gje nærare føresegner.
Dersom Stortinget vedtek lovendringane, tek departementet sikte på å fastetje forskrift med nærare føresegner om ordningane.