5 Administrative og økonomiske konsekvensar, konsekvensar for det samiske folket
Forslaget vil medføre noko ekstraarbeid for turistfiskenæringa dersom styresmaktene innfører ordningar for rapportering av fangst og registrering av turistfiskeverksemder etter at Stortinget eventuelt vedtek nødvendige lovendringar. Dette vil dessutan medføre meir ressursbruk i forvaltninga som må administrere registrerings- og rapporteringsordningane. Vi vurderer likevel desse administrative kostnadene som relativt små i høve til fordelane ein oppnår ved at styresmaktene kan få nødvendig oversikt over ressursuttaket som turistfiskenæringa legg til rette for, og for dei positive konsekvensane dette kan ha for omdømmet til næringa.
Arbeidsgruppa bak Turistfiske i sjø vurderte det slik at registrerings- og rapporteringsordningane kan gjennomførast utan store kostnader til start og utvikling. Gruppa meinte at det vil vere tenleg for forvaltninga å ta i bruk verktøy som allereie finst og er tilgjengelege. Departementet stiller seg bak denne vurderinga, men understreker samtidig at slike konsekvensar skal vurderast nærare ved utforminga av forskrifta.
Hovudformålet med forslaget om å oppheve fiskeriforbodslova og flytte føresegnene til havressurslova er å forenkle regelverket. Forslaget vil ikkje ha særlege administrative eller økonomiske konsekvensar. Ein kan likevel merke seg at verdien av fangst som vert inndradd ved brot på føresegnene som vert flytta til havressurslova vil tilfalle vedkomande salslag eller staten, jf. havressurslova § 54. Det er liten grunn til å tru at dette vil kunne dreie seg om store beløp eller mange inndragingar.
Departementet kan ikkje sjå at forslaget har særlege konsekvensar for det samiske folket.