Prop. 123 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2019 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2019 mv.)

Til innhaldsliste

2 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2019 mv.

2.1 Lønsforhandlingane mv. per 1. mai 2019

Forhandlingane

Hovudtariffavtalene i staten for perioden 1. mai 2018 – 30. april 2020 mellom staten ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane LO Stat, Unio og YS Stat, og hovudtariffavtala i staten for perioden 1. mai 2018 – 30. april 2020 mellom staten ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutninga Akademikerne, har ei reguleringsføresegn for andre avtaleår. Stortinget gav sitt samtykke ved behandlinga av Innst. 407 S (2017–2018), jf. Prop 96 S (2017–2018). Avtalene har reguleringsføresegner for andre avtaleår om at dersom avtale om ny offentleg tenestepensjon blir godkjend og lagt fram for Stortinget, vil partane i lønsforhandlingane i 2019 forhandle om forbetringar av pensjonsgjevande variable tillegg som skal inngå i ny offentleg tenestepensjon. Partane vil i tillegg forhandle om naudsynte tilpassingar i hovudtariffavtalene der ny lov om offentleg tenestepensjon gjev høve til å regulere i tariffavtale.

Forhandlingane blei innleia 23. april 2019. I møtet la organisasjonane og staten fram krava sine, og grunngav desse. Partane sin rapport frå Statistisk berekningsutval blei delt ut.

Forhandlingane med LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat heldt fram til 30. april. LO Stat, Akademikerne og YS Stat kravde forhandlingane avslutta kl. 2045, medan Unio kravde forhandlingane avslutta kl. 2225.

Riksmeklaren blei varsla om brotet med alle hovudsamanslutningane, i samsvar med lov av 18. juli 1958 om offentlige tjenestetvister (tjenestetvistloven) § 14. Meklinga mellom staten på den eine sida og LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat på den andre, blei opna i møte hos Riksmeklaren 2. mai. Den 16. mai kravde hovudsamanslutningane meklinga avslutta i samsvar med tjenestetvisloven § 17.

Meklinga heldt fram til 24. mai der Riksmeklaren la fram forslag til endringar i hovudtariffavtalene mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat og endringar i hovudtariffavtala mellom staten og Akademikerne. Forslaga frå Riksmeklaren blei same dag akseptert av staten og LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat.

Riksmeklaren sitt forslag er tatt inn i møtebøkene av 24. mai 2019, jf. vedlegg 1 og 2.

Den økonomiske ramma

Både avtalene med LO Stat, Unio og YS Stat og avtala med Akademikerne, har ei ramme som inneber ei årslønsauke på oppgjeret med 3,2 prosent for andre avtaleår. Den avtalte økonomiske ramma er på linje med arbeidslivet elles. Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2019, er for tidsrommet 1. mai – 31. desember 2019 rekna ut til 1 864 mill. kroner.

Pensjon

Den offentlege tenestepensjonen er lovfesta i staten og er ikkje ein del av forhandlingane mellom staten ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane, med unnatak av forhandlingar om pensjonsgrunnlag og avtalefesta pensjon. Med bakgrunn i reguleringsføresegnene for andre avtaleår, var desse forholda og tema i forhandlingane.

Alle pensjonsgjevande variable tillegg som skal inngå i oppteninga i ny offentleg tenestepensjon for personar født i 1963 eller seinare, skal reknast med i pensjonsgrunnlaget frå 1. januar 2020. Kostnadene er berekna til 0,1 prosent på årsbasis og vil bli rekna inn i ramma for lønnsoppgjeret i 2020.

For personar som er født i 1963 eller seinare, gjeld ny avtalefesta pensjon (AFP) slik han er fastsett i punkt 3 i avtala inngått mellom Arbeids- og sosialdepartementet og hovudorganisasjonane den 3. mars 2018, med eventuelle endringar fastsett i medhald av punkt 12. Dei nemnde årskulla er omfatta av ny AFP og kan ta ut AFP frå og med 2025 når dei blir 62 år.

Personar som er født i 1962 eller tidlegare, får AFP etter den ordninga som er regulert i hovudtariffavtalene punkt 4.

Forhandlingsstader

Med heimel i hovudtariffavtalene avgjer staten, etter drøftingar med hovudsamanslutningane, kor lokale forhandlingar i departementsområda skal førast. Forhandlingsstadene for tariffperioden 2018–2020 er drøfta og fastsett med verknad frå 1. mai 2019. Forhandlingsstadene er dei same i begge avtalene.

2.2 Nærare om avtalene med LO Stat, Unio og YS Stat og avtala med Akademikerne

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til LO Stat, Unio og YS Stat

Med verknad frå 1. mai 2019 er det gjeve eit tillegg på 1,35 prosent på hovudlønstabellen frå og med lønstrinn 19 til og med lønstrinn 46. Frå og med lønstrinn 47 til og med lønstrinn 63 er det gjeve eit tillegg på 1,55 prosent og frå og med lønstrinn 64 til og med lønstrinn 101 er det gjeve eit tillegg på 1,35 prosent. Utforminga av tillegga på tabellen sikrar ein likelønsprofil.

Med verknad frå 1. juli 2019 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 1,24 prosent per dato av lønsmassen.

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til Akademikerne

I avtala med Akademikerne, er heile den økonomiske ramma avsett til lokale forhandlingar. Med verknad frå 1. mai 2019 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 2,15 prosent per dato av lønsmassen.

Anna

I avtala med Akademikerne foreslår Riksmeklaren at heile den disponible økonomiske ramma blir avsett til lokale forhandlingar. I avtala med LO Stat, Unio og YS Stat er det lagt til grunn at 40 prosent av den disponible økonomiske ramma blir avsett til lokale forhandlingar.

Riksmeklaren sine forslag inneber at partane på dei einskilde verksemdene får råderett over ei monaleg avsetjing til lokale forhandlingar. Partane kan såleis sjølv avtale målretta tiltak for heile verksemda i tråd med fastlagd lønspolitikk, men det er òg høve til å delegere fordelinga av avsetjinga heilt eller delvis til forhandlingar mellom partar på driftseining.

2.3 Lønsregulering mv. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalene

Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreset at lønsreguleringa frå 1. mai 2019 mv. blir gjort gjeldande for alle embetsmenn og statstilsette, også dei som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalene.

I Innst. 407 S (2017–2018), samtykte Stortinget i at tariffavtalene mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat, som dekkjer flest årsverk totalt i staten, blei gjort gjeldande for arbeidstakarane i staten som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett. Dette vil gjelde ut tariffperioden. Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber difor om fullmakt til å gjere avtalene mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat, gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett, og som difor ikkje direkte blir omfatta av dei avtalene som er inngått.

Embetsmenn og statstilsette i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får løns- og arbeidsvilkår administrativt fastset i kontrakt.

Uorganiserte skal med bakgrunn i dei einskilde verksemdene sin lønspolitikk, sikrast lønsutvikling på lik linje med dei organiserte arbeidstakarane, og det er arbeidsgjevar sitt ansvar å ivareta dette.