Prop. 123 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2019 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2019 mv.)

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2019 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2019 mv.)

I

I statsbudsjettet for 2019 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

01

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, løyvd med

1 398 000 000

502

71

Opplæring og utvikling av tillitsvalde, auka med

4 400 000

frå kr 190 600 000 til kr 195 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2019 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Unio og YS Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2019, jf. vedlegg 1.

III

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2019 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av Akademikerne i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24 mai 2019, jf. vedlegg 2.

IV

For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II gjelde. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtala, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegne av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2019 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov om offentlige tjenestetvister av 18. juli 1958 § 31, andre ledd.

VI

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.