3 Endringar på statsbudsjettet for 2022
Kap. 2315 (Nytt) Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet
Post 01 (Ny) Driftsutgifter
Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2022, er for perioden 1. mai – 31. desember 2022 rekna ut til 2 891 mill. kroner. Løyvingsoverslaget byggjer på lønsmassen i det statlege tariffområdet per 1. oktober 2021.
Overslaget omfattar alle tilsette som får si løn fastsett etter hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgjevaravgift er medrekna. Vidare er meirutgifter til pensjonspremiebetaling medrekna.
Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltingsorgan med særskilde fullmakter og forvaltingsbedrifter, blir dekte innanfor budsjetta til verksemdene.
Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølve dekkje meirutgiftene av lønsregulering innanfor eksisterande budsjett.
Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde, er meirutgiftene rekna til 2 168 mill. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, som Finansdepartementet er gitt fullmakt til å fordele.
Kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar m.m.
Post 21 (Ny) Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
For perioden 1. mai 2022 – 30. april 2024 blir det avsett til saman 4 mill. kroner til kompetanseutvikling. Avsetjinga skal i hovudsak gå til felles tiltak i regi av dei sentrale partane. Departementet foreslår at 2 mill. kroner av avsetjinga blir løyvd for 2022. Dei resterande 2 mill. kroner blir foreslått løyvd på statsbudsjettet for 2023.
Post 70 (Ny) Kompetanseutvikling m.m., kan overførast, kan nyttast under post 21
For perioden 1. mai 2022 – 30. april 2024 blir det avsett til saman 33 mill. kroner til kompetanseutvikling. Avsetjinga skal i hovudsak gå til å styrke kompetansutvikling i verksemdene. Departementet foreslår at 16,5 mill. kroner av avsetjinga blir løyvd for 2022. Dei resterande 16,5 mill. kroner blir foreslått løyvd på statsbudsjettet for 2023.
Post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde
Departementet foreslår at tilskotet blir auka med 13,2 mill. kroner. Summen er rekna ut med bakgrunn i talet på årsverk og lønsmasse i statleg tariffområde per 1. oktober 2021.
Kap. 2309 Tilfeldige utgifter
Post 01 Driftsutgifter
Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2022 til hausten.