Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2022 under Finansdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2022 m.m.)
I
I statsbudsjettet for 2022 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
2315 | Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet | ||
(Ny) | 01 | Driftsutgifter, blir løyvd med | 2 168 000 000 |
502 | Tariffavtalte avsetjingar m.m. | ||
(Ny) | 21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70, blir løyvd med | 2 000 000 |
(Ny) | 70 | Kompetanseutvikling m.m., kan overførast, kan nyttast under post 21, blir løyvd med | 16 500 000 |
71 | Opplæring og utvikling av tillitsvalde, blir auka med | 13 200 000 | |
frå kr 208 700 000 til kr 221 900 000 |
II
Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2022 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av LO Stat og YS Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2022.
III
Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2022 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av Akademikerne og Unio i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2022.
IV
For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og derfor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal det bli gjort regulering av lønene i samsvar med det avtaleområdet (romartal II eller III) som dekkjer flest årsverk i den einskilde verksemda. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.
V
Stortinget samtykker i at Kongen på vegner av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2022 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov om offentlige tjenestetvister av 18. juli 1958 § 31, andre ledd.
VI
Stortinget samtykker i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.