6 Skattefritak for inntekter frå Statens pensjonsfond utland sine investeringar i unotert eigedom m.m.
6.1 Innleiing og samandrag
Noregs Bank vurderer å flytte holdingstruktur for delar av investeringane i unotert eigedom i Statens pensjonsfond utland (SPU) heim til Noreg. Framtidige holdingstrukturar blir tilsvarande vurdert lagde til Noreg. Noregs Bank er friteken for skatt, men dotterselskap av Noregs Bank som høyrer heime i Noreg blir i utgangspunktet skattepliktige hit.
Det er viktig at det er enkelt å samanlikne den gevinsten ein reknar med å få frå investeringar i unotert eigedom med den gevinsten ein alternativt kan skaffe seg ved investering i noterte aksjar og obligasjonar. Det er også viktig å unngå administrasjon med å føre skatt attende til SPU. Difor foreslår departementet at norske selskap som er direkte eller indirekte eigde fullt ut av Noregs Bank, skal vere fritekne for skatt på passive inntekter frå investeringar etter lov om Statens pensjonsfond. Framlegget vil ikkje ha verknader for investeringane i noterte aksjar og obligasjonar.
Framlegget vil ikkje ha provenyverknader. Det vert vist til framlegg om ny § 2-40 i skatteloven. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.
Departementet viser dessutan til omtalar i fondsmeldingane for 2015 og 2016 (Meld. St. 23 (2015–2016) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2015 og Meld. St. 26 (2016–2017) Forvaltningen av Statens pensjonsfond 2016) av Noregs Bank sine vurderingar av ei eventuell flytting av holdingstrukturen for investeringar i unotert eigedom til Noreg.
6.2 Gjeldande rett
Aksjeselskap og andre sjølvstendige innretningar som høyrer heime i Noreg er skattepliktige hit, jf. skatteloven § 2-2 fyrste ledd. Noregs Bank er eit eige rettssubjekt, som er eigd av staten, jf. § 2 i lov om Norges Bank og pengevesenet mv. Etter skatteloven § 2-30 fyrste ledd bokstav e nr. 1 er Noregs Bank friteken for skatt. Andre statseigde selskap er skattepliktige dersom det ikkje er gjevne føresegner om noko anna. Eit dotterselskap av Noregs Bank vil difor etter gjeldande reglar verte skattepliktig på same vis som andre aksjeselskap.
6.3 Departementet sine vurderingar
Noregs Bank vurderer å flytte strukturen for eigarselskap for delar av investeringane i unotert eigedom i Statens pensjonsfond utland (SPU) heim til Noreg samt å leggje framtidige strukturar for eigarselskap til nye investeringar i nye marknader til Noreg. Formålet er særleg å forenkle styring og kontroll av investeringane i unotert eigedom. Ei etablering av ein norsk holdingstruktur vil leggje til rette for ein god og oversiktleg rapporteringsstruktur internt, og vil vere meir i tråd med Noregs Bank sin sentraliserte styringsmodell der viktige avgjerder i forvaltinga av SPU vert tekne i Noreg. Etablering av ein norsk struktur for eigarselskapa for desse investeringane vil ikkje røre ved den overordna styringsmodellen for SPU. Ei eventuell flytting vil føre til at ein opprettar eitt eller fleire norske dotterselskap av Noregs Bank. Slike selskap vil etter gjeldande rett vere skattepliktige. Skattlegging kan verte avgjerande når banken skal samanlikne den gevinsten ein reknar med å få frå unoterte investeringar med den gevinsten ein alternativt kan skaffe seg ved investering i noterte aksjar og obligasjonar, slik føresegnene i departementet sitt mandat til Noregs Bank for forvaltinga av SPU legg opp til.
Skatt til Noreg på inntekt frå investeringar i SPU ville i røynda vere eit uttak frå fondet på sida av det ordinære uttaket som vert fastsett kvart år av Stortinget. Administrative høve gjer eit skattefritak formålstenleg framfor ei ordning der skatt vert ført attende til SPU. Eit skattefritak vil gje ei enkel løysing.
Departementet foreslår difor å endre skatteloven slik at norske selskap som er direkte eller indirekte eigde fullt ut av Noregs Bank, skal vere fritekne for skatt på inntekter frå investeringar etter lov om Statens pensjonsfond.
Inntekter frå investeringar i utlandet eller døtrer oppretta i ein annan jurisdiksjon kan verte skattlagde i utlandet. Mange av skatteavtalane Noreg har med andre statar, inneheld særskilde føresegner som gjev SPU skattefritak eller redusert skattesats der den norske staten er den verkelege rettshavaren («beneficial owner») av inntektene. I hovudsak er den verkelege rettshavaren den som kan råde over inntekta. Dette vert vurdert uavhengig av den formelle inntektsstraumen. Det kan oppstå tilfelle der dei særskilte skatteavtaleføresegnene ikkje kan brukast av dei nye selskapa. Difor bør fritaket i skatteloven formast slik at også dotterselskapa kan få eigne rettar som busette i Noreg etter Noreg sine skatteavtalar. Det inneber at dotterselskapa ikkje bør få eit generelt fritak for skatt på inntekt, slik som Noregs Bank har i dag.
Departementet gjer merksam på at rettar som busett etter skatteavtalane og fritak frå kildeskattar etter ein skatteavtale, også vert vurderte på sjølvstendig grunnlag av den andre avtalestaten.
Fritaket bør ikkje avgrensast til inntekter frå unoterte investeringar i eigedom. Ved ei mogleg utviding av investeringsuniverset for SPU i framtida til å omfatte til dømes unotert infrastruktur, vil eit meir generelt skattefritak føre til at Noregs Bank kan leggje opp ei høveleg organisering av denne forvaltninga utan omsyn til norsk skatt, og utan at ein må gå vegen om ei ny lovendring. Fritaket bør vidare formast generelt når det gjeld kva slags inntekt som skal vere omfatta. Skattefritaket skal likevel berre gjelde for inntekt som er knytt til eigarskap, det vil seie kapitalinntekt. Dei aktuelle selskapa vil i hovudsak ha passiv eigarinntekt i form av utbytte, gevinst, renter og inntekter frå selskap med deltakarfastsetting og NOKUS-selskap. I departementet sitt framlegg om ny skatteloven § 2-40 er skattefritaket difor positivt avgrensa til «inntekt fra kapital» etter lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond § 2 andre ledd andre punktum, det vil seie passiv inntekt frå SPU sine investeringar slik som utbytte, gevinst, renter, valutagevinstar og inntekter frå selskap med deltakarfastsetjing og NOKUS-selskap. Anna inntekt, til dømes inntekt frå yting av tenester eller andre aktive inntekter, skal vere skattepliktige på vanleg vis.
Eit generelt prinsipp i norsk skatterett er at ein ikkje kan krevje frådrag for kostnader som ikkje er knytte til skattepliktige inntekter. Dette vil òg gjelde for kostnader som gjeld skattefrie inntekter i dotterselskap av Noregs Bank.
Det vert vist til framlegg om ny § 2-40 i skatteloven.
6.4 Administrative og økonomiske konsekvensar
Skattelovendringa vil ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar. Ettersom den aktuelle strukturen som eventuelt skal flyttast heim til Noreg ikkje vert skattlagd i Noreg i dag, vil framlegget ikkje ha provenyverknader.
6.5 Iverksetjing
Departementet gjer framlegg om at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med 2017. Dette vil gjere det mogleg for Noregs Bank å ta omsyn til denne føresetnaden i si vurdering og oppfylging av ei mogleg reorganisering av enkelte strukturar for eigarselskap alt i 2017.