3 Forslag til finansieringsopplegg og aktuelle tiltak
Forslag til finansieringsopplegg
Finansieringsopplegget som har vore til lokalpolitisk behandling, er basert på innkrevjing av bompengar i ytterlegare to år, i tillegg til fylkeskommunale og statlege midlar:
Eit fylkeskommunalt tilskott på til saman 80 mill. kr, fordelt med 40 mill. kr i kvart av åra 2018 og 2019.
Eit statleg tilskott på til saman 50 mill. kr, fordelt med 30 mill. kr til prosjektet E18 Hånes-krysset og 20 mill. kr til planlegging av riksvegtiltak.
Det er rekna med at ei forlenging av innkrevjinga med to år vil gi eit samla bompengetilskott til gjennomføring av aktuelle prosjekt og tiltak for om lag 400 mill. kr. Det er då lagt til grunn at bompengeselskapet skal kunne ta opp noko lån. Både Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune har vedteke å forlengje tidlegare vedtekne garantiar for bompengelån med to år, jf. kap. 2.
Samferdselsdepartementet viser til at omfanget av statlege midlar må vurderast på vanleg måte, og endelege vedtak blir fatta i dei årlege statsbudsjetta.
Aktuelle tiltak
I grunnlaget for den lokalpolitiske handsaminga er det lagt til grunn midlar til planlegging og grunnerverv. Mykje av dette er føresett nytta til vidare planlegging og prosjektering av E39 på strekninga Gartnerløkka – Kolsdalen. I tillegg kjem innløysing av bustader langs regulerte strekningar på E39 og planlegging av programområdetiltak. Vidare er ombygging av Håneskrysset på E18 til eit fullstendig toplanskryss eit prioritert tiltak. Dette vil gi betre trafikkavvikling og trafikktryggleik på E18 i Kristiansand når ny Varoddbru etter planen opnar for trafikk i 2020. Det er også lagt til grunn midlar til sykkel- og kollektivtrafikktiltak, både tiltak som det ikkje er rom for innafor den vedtekne økonomiske ramma for bompengepakka, og tiltak som er vurderte som aktuelle å prioritere innafor ei ny bompengepakke.
Samferdselsdepartementet strekar under at omfanget av prosjekt og tiltak må tilpassast endelege økonomiske rammer. Departementet legg vidare til grunn at dagens praksis for prioritering mellom ulike sykkel- og kollektivtrafikktiltak blir vidareført.
I St.prp. nr. 98 (2008–2009) er det føresett om lag 120 mill. kr til tiltak for å ruste opp rv 41/rv 451 mellom Timenes og Kjevik. I første omgang blei det lagt opp til å nytte om lag 40 mill. kr til gang- og sykkelvegar og planskilte kryssingar for gåande og syklande. Som det går fram av dei lokalpolitiske vedtaka i kap. 2, ønskjer både Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune å nytte eventuelle overskytande midlar til sykkel- og kollektivtrafikktiltak. Samferdselsdepartementet har ingen merknader til eit slikt opplegg.