Forslag
til lov om endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)
I
I lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte skal § 5 lyde:
§ 5 Krav til bustaden
Vilkår for å få rett til bustøtte er at bustaden
a) er godkjend som bustad
b) er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang
c) har eige bad og toalett og gjev høve til matlaging, og
d) gjev høve til kvile.
Personar som av helse- eller sosialfaglege årsaker bur i eit bufellesskap utan å høyre til same husstand, kan få bustøtte på individuelt grunnlag dersom kommunen godkjenner at bustaden er eigna. Kommunen kan i vurderinga av om bustaden er eigna, gjere unntak frå kvalitetskrava i første ledd bokstav b. Kommunen kan også gjere unntak frå krava i bokstav c dersom funksjonane som er nemnde der, er del av bufellesskapet elles.
II
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.