2 Bakgrunn
2.1 Føremål
Regjeringa vil sørgje for ei god og fleksibel ordning for bustøtte som bidreg til at fleire kan få ein eigna bustad. Bukollektiv kan vere ein godt eigna bustad for flyktningar og andre vanskelegstilte. Ved å utvide moglegheita for å gje bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv kan ein busetje flyktningar og andre som treng ein bustad, raskt. Bruk av bukollektiv kan også bidra til at den enkelte får lågare buutgifter og dermed blir raskare sjølvhjelpen med eiga inntekt. Forslaget vil gje kommunane eit større handlingsrom til å utnytte bustadmassen og den private bustadmarknaden når dei skal busetje flyktningar og andre vanskelegstilte.
Forslaget er varsla under punkt 3.3.3 i integreringsmeldinga, jf. Meld. St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk.
Forslaget følgjer også opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 800 (2014–2015), som blei gjeve av eit breitt fleirtal på Stortinget 17. juni 2015, då representantforslaget «Dokument 8:135 S (2014–2015) om økt norsk innsats i forbindelse med den humanitære krisen i Syria og nærområdene» blei handsama. Oppmodingsvedtaket lyder slik:
«Stortinget ber regjeringen om å foreta en vurdering av om bostøtteordningen bør gjøres gjeldende for personer bosatt i bokollektiver.»
2.2 Høyringsforslag
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sende 10. mai 2016 på høyring eit forslag om ei endring i bustøttelova som utvidar tilgangen til å gje bustøtte til flyktningar og andre vanskelegstilte som bur i bukollektiv. Det blei også føreslått nokre mindre språklege justeringar for å klargjere reglane. Forslaget blei sendt til desse høyringsinstansane:
Alle departementa
Kommunane
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Forbrukarrådet
Husbanken
Husleigetvistutvalet
Innovasjon Noreg
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Nav
Utlendingsdirektoratet
Den Norske Advokatforening
Ensliges landsforbund
Fattighuset
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Huseiernes Landsforbund
Juss-Buss
Kirkens Bymisjon
Kommunale boligadministrasjoners landsråd
KS
Leieboerforeningen
Norges Huseierforbund
Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL)
Unge Funksjonshemmede
Høyringsfristen gjekk ut 25. mai 2016. Departementet fekk inn 22 høyringsfråsegner. Alle dei som uttala seg om realiteten i forslaget, støtta det. Desse var:
Nav Askvoll
Nav Porsgrunn
Bergen kommune
Bærum kommune
Drammen kommune
Hammerfest kommune
Nedre Eiker kommune
Stange kommune
Stavanger kommune
Sula kommune
Sør-Varanger kommune
Vinje kommune
Huseiernes Landsforbund
Juss-Buss
Leieboerforeningen
Desse høyringsinstansane hadde ikkje merknader til forslaget:
Arbeids- og sosialdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Samferdselsdepartementet
Utanriksdepartementet