2 Bakgrunn og høyring
2.1 Generelt om kontraktar om offentleg teneste
Fylkeskommunane har ansvaret for lokal kollektivtransport. Dei sørgjer normalt for kollektivtransporttilbodet gjennom å inngå kontraktar om offentleg tenesteplikt som vert kompensert gjennom godtgjersle og/eller einerett. Utover billettinntekter frå brukarane vert tenestene finansierte ved statleg tilskot over rammeoverføringa til fylkeskommunane, samt skatteinntekter. Dei fleste fylkeskommunane har konkurranseutsett, eller er i ferd med å konkurranseutsetje kontraktar om offentleg kollektivtransport. Departementet viser til at forskrift 17. desember 2010 nr. 1673 om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg XIII nr. 4a (forordning (EF) nr. 1370/2007) og offentlig persontransport med jernbane og på vei og om oppheving av rådsforordning (EØF) nr. 1191/69 og nr. 1107/70 (heretter omtalt om kollektivtransportforordninga) har reglar om konkurranseutsetjing. Etter kollektivtransportforordninga artikkel 8 nr. 2 skal tildeling av kontraktar om offentleg teneste for transport på veg vere i samsvar med reglane om konkurranseutsetjing i artikkel 5 i forordninga innan 3. desember 2019.
På bakgrunn av at fleire kontraktar om busstransporttenester vert konkurranseutsette er det sannsynleg at det vil verte færre brot på regelverket knytt til openheit og ikkje-diskriminering ved tildeling av tenestekonsesjonskontraktar for transport i framtida. Samstundes viser departementet til at òg betre kjennskap til regelverket hos ansvarlege styresmakter vil bidra til færre brot. Det er vidare departementet si oppfatning at fylkeskommunane no i større grad tildeler tenestekontraktar enn tenestekonsesjonskontraktar.
2.2 Bakgrunnen for lovframlegget
Bakgrunnen for departementet sitt framlegg er eit behov for større etterleving av reglane for tildeling av tenestekonsesjonskontraktar om transporttenester innan ramma av yrkestransportlova (ytl.). Departementet viser her til at slike kontraktar fell utanfor verkeområdet av handhevingsregelverket innan offentlege innkjøp. Det er ingen særlege handhevingsreglar for slike kontraktar i gjeldande rett. Det er vidare lite sannsynleg at ein konsesjonskontrakt vil vere gjenstand for andre former for sanksjonar, til dømes krav om skadebot frå andre leverandørar, ettersom det vil vere vanskeleg å påvise at desse har hatt noko økonomisk tap på grunn av det ulovlege innkjøpet.
Kontraktar om tenester etter yrkestransportlova vert i all hovudsak tildelt av autonome forvaltningsorgan, til dømes fylkeskommunane. Samstundes er det staten som er folkerettsleg forplikta til å sjå til at EØS-retten vert etterlevd ved tildeling av kontraktane. Når tildelinga vert gjort av forvaltningsorgan som staten ikkje kan instruere, kan staten ikkje direkte rette opp i eventuelle brot på EØS-retten. Problemet vart satt på spissen i saka om tildeling av konsesjonskontraktar for buss i Aust-Agder. Fylkeskommunen inngjekk i denne saka kontraktar om kollektivtransport i fylket utan tilstrekkeleg kunngjering i forkant. Etter omfattande kontakt med EFTAs overvakingsorgan (ESA) innrømde Noreg brot på EØS-avtalens krav om openheit og ikkje-diskriminering. ESA kravde i tillegg at det vart gjennomført avbøtande tiltak i saka, til dømes at kontraktane vart terminerte eller avslutta. ESA opna òg for at avbøtande tiltak kunne vere av meir strukturell art, til dømes lovtiltak. Framlegget til sanksjonsheimel vil gje staten moglegheit til å gripe inn og avbøte brot på regelverket, i tilfelle der lokale styresmakter ikkje i tilstrekkeleg grad avbøter brotet på anna måte, til dømes ved terminering eller avkorting av kontrakten.
Det er på bakgrunn av det som er nemnt ovanfor at departementet har utarbeidd eit framlegg til heimel i yrkestransportlova som opnar for at departementet kan påleggje oppdragsgjevarar eit lovbrotsgebyr ved brot på regelverket ved tildeling av konsesjonskontraktar som gjeld transporttenester innanfor yrkestransportlova. Departementet viser til at det er viktig at reglane for tildeling av konsesjonskontraktar for transport etter yrkestransportlova vert etterlevd slik at ein kan oppnå tilstrekkeleg konkurranse om offentlege innkjøp. Dette vil på sikt kunne føre til innsparingar for det offentlege.
2.3 Høyringa
Samferdselsdepartementet sende 13. oktober 2014 framlegget på allmenn høyring. Frist for merknader vart sett til 20. januar 2015. I tillegg til at høyringsnotatet vart lagt ut på Samferdselsdepartementet sine heimesider på internett, vart det sendt til følgjande instansar:
Statsministerens kontor
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Finansdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kulturdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Utenriksdepartementet
Regjeringsadvokaten
Vegdirektoratet
Konkurransetilsynet
Klagenemnda for offentlige anskaffelser
Akershus fylkeskommune
Aust-Agder fylkeskommune
Buskerud fylkeskommune
Finnmark fylkeskommune
Hedmark fylkeskommune
Hordaland fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nordland fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Oppland fylkeskommune
Oslo kommune – Byrådet
Oslo kommune – Byrådsavdeling for samferdsel, miljø og næring
Rogaland fylkeskommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
Østfold fylkeskommune
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Det norske maskinistforbund
Fagforbundet
Hovedorganisasjonen Virke
Kollektivtrafikkforeningen
KS Bedrift
KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon
Landsorganisasjonen i Norge
NHO Sjøfart
NHO Transport
Norges Turbileierforbund
Norsk Transportarbeiderforbund
Transportbrukernes Fellesorganisasjon
Næringslivets Hovedorganisasjon
Norges Taxiforbund
Norsk Jernbaneforbund
Norsk Sjømannsforbund
Norsk Sjøoffisersforbund
Yrkestrafikkforbundet
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
22 av høyringsinstansane har gjeve fråsegn i saka. 16 av desse hadde substansielle merknader til eitt eller fleire aspekt ved framlegget. Dette inkluderer Justis- og beredskapsdepartementet, Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA), Vegdirektoratet, Akershus fylkeskommune, Finnmark fylkeskommune, Hedmark trafikk, Oslo kommune, Østfold fylkeskommune, Kollektivtrafikkforeningen, KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon, KS Bedrift, Landsorganisasjonen i Norge, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), NHO Transport, NHO Sjøfart og Arbeidsgiverforeningen Spekter.
NHO, NHO Transport og NHO Sjøfart har gjeve felles høyringsfråsegn. Akershus fylkeskommune har lagt fram høyringsnotatet for Ruter AS og gjengjev i hovudsak Ruter sine juridiske og administrative vurderingar. Fylkeskommunen sluttar seg til desse vurderingane. Akershus fylkeskommune og Oslo kommune har fleire stader samanfallande høyringsfråsegner.
Seks av dei høyringsinstansane som har gjeve fråsegn hadde ikkje merknader til framlegget. Dette inkluderer Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kunnskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Utenriksdepartementet og Regjeringsadvokaten.