3 Gjeldande rett
3.1 Oversikt
Nedanfor vil departementet gjere greie for gjeldande rett for tildeling av tenestekonsesjonskontrakt og tenestekontrakt om offentleg teneste på kollektivtransportområdet, samt reglar for handheving av brot på dette regelverket.
Framstillinga gjeld regelverket knytt til transportformer som er omfatta av yrkestransportlova, nemleg transport med motorvogn og fartøy i Noreg, jf. ytl. § 1 første ledd.
Departementet vil først gjere greie for prosessen for å tildele kontraktar om transporttenester, jf. punkt 3.2. Kontraktane oppdragsgjevarane kan tildele kan delast inn i to grupper: (i) tenestekontraktar og (ii) tenestekonsesjonskontraktar. Kva prosessreglar som gjeld vil vere avhengig av kva kontrakt det er tale om. Det er ulike reglar for tenestekonsesjonskontraktar for transport på veg, tenestekonsesjonskontraktar for transport til sjøs og for tenestekontraktar. I tillegg kjem reglar som vert utleidd av dei generelle prinsippa i EØS-retten, og som gjeld uavhengig av kva kontrakt det er tale om.
Departementet vil etter dette gje ei framstilling av reglane for handheving av brot på regelverket, først for tenestekonsesjonskontraktar og deretter for tenestekontraktar, jf. punkt 3.3 nedanfor.
Deretter vil departementet sjå på kven som er oppdragsgjevarar etter yrkestransportlova, jf. punkt 3.4.
Sanksjonsheimelen departementet gjer framlegg om vil berre gjelde for tenestekonsesjonskontraktar. For heilskapen og samanlikninga si skuld, vil departementet i det følgjande òg vise til regelverket for tenestekontraktar.
3.2 Prosess for å tildele kontraktar om offentleg teneste
3.2.1 Oversikt
Kontraktar om offentleg teneste kan verte tildelt anten som tenestekontraktar eller som tenestekonsesjonskontraktar. Ein tenestekontrakt er ein kontrakt som gjeld tenester, både prioriterte tenester og uprioriterte tenester, jf. forskrift 7. april 2006 nr. 402 om offentlige anskaffelser § 4-1 bokstav d). Ein tenestekonsesjonskontrakt er definert som det same som ein tenestekontrakt, men der vederlaget for tenesta anten berre består av retten til å utnytte tenesta, eller ein slik rett saman med betaling, jf. forskrift om offentlige anskaffelser § 4-1 bokstav e). I dette høyringsnotatet vil tenestekonsesjonskontraktar òg verte omtalt som konsesjonskontraktar.
For tenestekontraktar gjeld regelverket om offentlege innkjøp, dvs. lov 16. juli 1999 nr. 69 om offentlige anskaffelser med tilhøyrande forskrifter. Tenestekonsesjonskontraktar fell utanfor regelverket om offentlege innkjøp, jf. forskrift om offentlige anskaffelser § 1-3 (2) bokstav j).
I kontraktar om offentleg teneste vil godtgjersle og einerettar vere viktige verktøy som motyting til å tilby ålmenta eit godt kollektivtilbod. For godtgjersle og/eller einerett skal det etter yrkestransportlova § 8 nyttast konkurranse så langt det følgjer av (i) yrkestransportlova, (ii) lov 4. desember 1992 nr. 121 om fri utveksling av tjenesteytelser innen sjøtransport (heretter omtalt som lov om sjøtransporttjenester) eller (iii) lov om offentlige anskaffelser, eventuelt av forskrifter med heimel i ein av desse lovane.
Dei nemnde lovane heimlar forskrifter som gjev reglar for prosessen for å tildele kontraktar om offentlege transporttenester omfatta av yrkestransportlova på ulike område. Kort oppsummert, og noko forenkla, kan ein framstille det slik:
(i) under yrkestransportlova gjev kollektivtransportforordninga mellom anna reglar for å tildele konsesjonskontraktar om transport på veg.
(ii) under lov om sjøtransporttenester gjev den maritime kabotasjeforordninga1 reglar for å tildele konsesjonskontraktar om transport til sjøs.
(iii) lov om offentlige anskaffelser, med tilhøyrande forskrifter har reglar for å tildele tenestekontraktar. Reglane gjeld òg tildeling av tenestekontraktar om transport på veg og til sjøs.
I tillegg gjev:
(iv) generelle EØS-rettslege prinsipp reglar for å tildele kontraktar om transport som fell utanfor eller er unnatekne frå reglane i kollektivtransportforordninga, den maritime kabotasjeforordninga eller regelverket om offentlege innkjøp.
Nedanfor vert dei ulike prosedyrereglane for å tildele kontraktar om offentleg teneste innanfor yrkestransportlova gjennomgått kvar for seg.
Departementet gjer merksam på at det berre er kollektivtransportforordninga, den maritime kabotasjeforordninga og dei generelle EØS-rettslege prinsippa som regulerer korleis konsesjonskontraktar innanfor yrkestransportlova kan verte tildelt. Konsesjonskontraktar fell utanfor regelverket om offentlege innkjøp.
3.2.2 Kollektivtransportforordninga
Kollektivtransportforordninga vart teken inn i norsk rett ved forskrift av 17. desember 2010 med verknad frå 1. januar 2011. Forordninga fastset reglar for korleis offentlege styresmakter kan tildele godtgjersle og/eller einerettar til ein operatør som tek på seg plikt til å utføre kollektivtransporttenester på veg eller med bane. Forordninga er i norsk rett ikkje gjort gjeldande for sjøtransport. Forordninga gjeld i utgangspunktet både for tenestekontraktar etter regelverket om offentlege innkjøp og for tenestekonsesjonskontraktar som fell utanfor regelverket om offentlege innkjøp. Artikkel 5 og 8 i forordninga gjeld likevel ikkje for tenestekontraktar.
Etter kollektivtransportforordninga skal plikt til offentleg teneste verte fastsett i kontrakt mellom oppdragsgjevar og operatør, jf. artikkel 3.
Utgangspunktet er at kontraktar om offentleg teneste skal konkurranseutsetjast, jf. artikkel 5 nr. 3. Det er somme unnatak frå kravet om konkurranseutsetjing. Desse vert lista opp i artikkel 5. Vidare har forordninga somme overgangsreglar i artikkel 8 som mellom anna knytt seg til regelen om konkurranseutsetjing. I artikkel 8 vert det slått fast at kontraktar om transporttenester i utgangspunktet skal vere i samsvar med artikkel 5 frå og med 3. desember 2019. Overgangsføresegnene får ikkje verknad for kontraktar som vert tildelt i samsvar med regelverket om offentlege innkjøp. Det er viktig å merke seg at resten av reglane i forordninga skal følgjast sjølv om kjøpet er unnateke frå krav om konkurranseutsetjing eller er omfatta av overgangsføresegna.
Prosedyren for konkurranse etter artikkel 5 skal vere open for alle, rettferdig og basert på openheit og ikkje-diskriminering, jf. artikkel 5 nr. 3.
Offentlege styresmakter skal offentleggjere intensjonen om tildeling av kontrakt seinast eitt år før konkurranseutsetjinga eller direktetildelinga vert gjennomført, jf. artikkel 7 nr. 2. Denne intensjonskunngjeringa skal innehalde opplysningar om namn og adresse til vedkommande styresmakt, planlagt tildelingsform og dei tenesta og områda som skal omfattast av kontrakten. Dette skal offentleggjerast i Den europeiske unions tidende og i EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende.
3.2.3 Den maritime kabotasjeforordninga
Den maritime kabotasjeforordninga vart teken inn i norsk rett ved lov om sjøtransporttenester § 1 tredje ledd.
Den maritime kabotasjeforordninga slår fast at høve til å yte sjøtransporttenester innanlands (maritim kabotasje) skal vere fri for alle EØS-skipsreiarar. Dette inneber at marknaden skal vere fri for restriksjonar. Forordninga gjev likevel høve til å påleggje plikt til offentleg teneste dersom dette er avgrensa til krav til kva hamner som skal anløpast, regelmessigheit, kontinuitet, hyppigheit, evne til å yte tenesta, rater som skal brukast og fartøyet sin besetning, jf. artikkel 4 nr. 2 i den maritime kabotasjeforordninga. I prosessen med å tildele kontraktar som gjev operatør godtgjersle og/eller einerett er det krav om openheit og likehandsaming. Tolkingsfråsegn til forordninga går langt i å antyde at styresmaktene må nytte anbod for å oppfylle kravet til openheit.2
3.2.4 Regelverket om offentlege innkjøp
Lov om offentlige anskaffelser gjeld for tenestekontraktar. Tenestekontraktar om transporttenester innanfor yrkestransportlova vert òg regulert av kollektivtransportforordninga.
Regelverket om offentlege innkjøp har fleire detaljerte reglar for prosessen for å tildele tenestekontraktar. I lov om offentlige anskaffelser er det stilt opp fleire grunnleggjande prinsipp som gjeld for alle innkjøp som fell inn under regelverket. Desse er mellom anna omsyn til ikkje-diskriminering, openheit og etterprøvbarheit, samt konkurranse. Forskrift om offentlige anskaffelser gjev både grunnleggjande krav, samt detaljerte prosedyrekrav.
EU har vedteke eit nytt direktiv om konsesjonskontraktar (direktiv 2014/23/EU3, heretter omtalt som konsesjonskontraktdirektivet). Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) sendte forslag til ny forskrift om konsesjonskontraktar, som vil gjennomføre direktivet, på høyring 17. mars 2015. Tidlegare har konsesjonsgjevarane utelukkande vore bundne av EØS-avtalens generelle prinsipp om openheit og ikkje-diskriminering når dei skal inngå tenestekonsesjonskontraktar. Det nye direktivet for konsesjonskontraktar inneheld eit krav om kunngjering av konkurranse for kontraktar over ein terskelverdi på ca. 5 000 000 euro/ca. 40 000 000 kr, og somme andre prosedyrereglar. Direktivet inneheld likevel ingen detaljerte prosedyrekrav. Konsesjonskontraktar etter kollektivtransportforordninga er unnatekne frå reglane i det nye direktivet, jf. artikkel 10 nr. 3. Forordninga gjeld i utgangspunktet for kollektivtransport på veg og med bane, men opnar i tillegg for at norske styresmakter kan utvide verkeområdet til òg å gjelde sjøtransport. Noreg har foreløpig ikkje utvida verkeområdet for forordninga til å omfatte sjøtransport.
3.2.5 Generelle EØS-rettslege prinsipp
EØS-avtalen er teken inn i norsk rett ved lov 27. november 1992 nr. 109 om gjennomføring i norsk rett av hoveddelen i avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) mv. (EØS-loven). Dei generelle prinsippa i EØS-avtalen gjeld for dei fleste typar kontraktar det offentlege inngår. Sjølv om ein kontrakt om offentleg transport fell utanfor reglane i den maritime kabotasjeforordninga, regelverket om offentlege innkjøp, eller artikkel 5 i kollektivtransportforordninga må altså oppdragsgjevar overhalde grunnleggjande EØS-rettslege prinsipp. Dette følgjer av praksis frå EU-domstolen, sjå særleg Teleaustria- og Telefonadress-saka og ANAV-saka4.
EØS-avtalen stiller opp krav om ikkje-diskriminering i artikkel 4 og 48. Artikkel 4 gjeld generelt for alle sektorar, medan artikkel 48 gjeld for transport på jernbane, veg og indre vassvegar.
Kravet til ikkje-diskriminering inneber eit krav om openheit og gjennomsiktigheit, jf. Teleaustria og Telefonadress-saka avsnitt 61 og ANAV-saka avsnitt 21.
I både Teleaustria og Telefonadress-saka og ANAV-saka uttalte domstolen at kravet til gjennomsiktigheit inneber at oppdragsgjevar må sikre ein passande grad av offentlegheit som gjer det mogleg å opne marknaden for konkurranse. Oppdragsgjevar må òg kontrollere at prosedyrane er upartiske.
3.3 Handheving av brot på regelverket
3.3.1 Oversikt
Når det gjeld reglar for handheving av brot på regelverket, er det eit skilje mellom tenestekontraktar på den eine sida og tenestekonsesjonskontraktar på den andre sida. Regelverket er forskjellig for dei to ulike kontraktsformene.
For tenestekontraktar har regelverket om offentlege innkjøp fleire ulike sanksjonsføresegner. Fleire av sanksjonsføresegna er kome inn i norsk rett som ein følgje av direktiv 2007/66/EF (heretter omtalt som handhevingsdirektivet)5.
For tenestekonsesjonskontraktar innanfor ramma av kollektivtransportforordninga er det ingen slike eksplisitte reglar for handheving av brot på regelverket.
Begge kontraktsformene er underlagt vanlege reglar om skadebotrett og sivilprosessrett. Dette inneber at det for begge kontraktsformene kan verte aktuelt med eit krav om skadebot frå forbigåtte aktørar eller eit krav om mellombels åtgjerd for å hindre kontraktssignering.
Nedanfor vil departementet gjennomgå handhevingsreglane for dei to ulike kontraktsformene, først for tenestekonsesjonskontraktar og deretter for tenestekontraktar. Handhevingsreglane for tenestekonsesjonskontraktar har naturleg nok størst relevans for lovendringa departementet her gjer framlegg om. Handhevingsreglane for tenestekontraktar vert likevel gjennomgått av heilskaps- og samanlikningsgrunnar.
3.3.2 Tenestekonsesjonskontraktar
3.3.2.1 Oversikt
Kollektivtransportforordninga har ingen konkrete reglar om handheving. I fortala (21) til forordninga er det likevel ein føresetnad om at effektivt rettsleg vern bør sikrast for kontraktar som vert tildelt etter forordninga. Departementet viser òg til at artikkel 5 nr. 7 i forordninga seier at statane skal treffe nødvendige tiltak for å sikre at det raskt og effektivt kan klagast på vedtak gjort i samsvar med artikkel 5.
Effektivitetsprinsippet stiller krav til effektivt vern i nasjonal rett av dei rettar EU-lovgjevinga har utvikla. Det kan stillast spørsmål ved om det av effektivitetsprinsippet i EØS-retten kan utledast ei plikt til å ha eit sanksjons- og handhevingssystem.
Departementet viser til at konsesjonskontraktdirektivet gjev reglar for tildeling av konsesjonskontraktar. NFD sende forslag til ny forskrift om konsesjonskontraktar, som vil gjennomføre direktivet, på høyring 17. mars 2015. Konsesjonskontraktdirektivet endrar verkeområdet til handhevingsdirektivet slik at det i tillegg til tenestekontraktar òg skal omfatte konsesjonskontraktar etter konsesjonskontraktdirektivet. Dette inneber at sanksjonsføresegna i handhevingsdirektivet òg skal gjelde for konsesjonskontraktar. Tenestekonsesjonskontraktar etter kollektivtransportforordninga er unnatekne frå direktivet, jf. artikkel 10 nr. 3. Kollektivtransportforordninga gjeld i utgangspunktet for kollektivtransport på veg og med bane, men opnar i tillegg for at norske styresmakter kan utvide verkeområdet til òg å gjelde sjøtransport. På bakgrunn av at kollektivtransportforordninga ikkje er gjort gjeldande for sjøtransport, kan ein stille spørsmål ved om konsesjonskontraktar om sjøtransporttenester vil falle inn under unnataket frå reglane i konsesjonskontraktdirektivet. Dersom konsesjonskontraktar om sjøtransporttenester ikkje fell inn under unnataket frå reglane i konsesjonskontraktdirektivet, vil desse kontraktane verte handheva etter reglane i konsesjonskontraktdirektivet når det direktivet vert implementert i norsk rett.
Sjølv om det ikkje er eksplisitte handhevingsreglar for konsesjonskontraktar som er omfatta av kollektivtransportforordninga, er det somme høve til å angripe oppdragsgjevar si avgjerd. Dersom ein konsesjonskontrakt vert tildelt i same prosess som tildeling av eit løyve, kan løyvetildelinga verte angripe ved klage og eventuelt søksmål. Dessutan kan ein aktør som meiner at kontrakten er tildelt på ulovleg måte krevje skadebot for tapet sitt. Før kontraktssigneringa kan det krevjast mellombels åtgjerd for å hindre kontraktssignering.
Dei ulike rettsreglane, som kan opne for handheving av brot på regelverket for tildeling av tenestekonsesjonskontrakt, vert gjennomgåtte i det følgjande.
3.3.2.2 Klage/søksmålstilgong
Departementet viser til at tildeling av løyve er eit enkeltvedtak som kan påklagast etter reglane i lov 10. februar 1967 nr. 2 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova). Det kan reisast søksmål om gyldigheita av vedtak om tildeling av løyve. På bakgrunn av at tildeling av løyve og kontrakt er nært knytt til kvarandre, vil ei domstolshandsaming av løyvetildelinga ofte òg røre ved spørsmål knytt til sjølve kontraktstildelinga. Det er likevel uklart kva rettsverknad det vil få for kontrakten at sjølve løyvetildelinga vert kjent ugyldig.
3.3.2.3 Skadebot
Etter allmenn ulovfesta skadebotrett kan ein aktør som meiner at ein kontrakt er tildelt på ulovleg måte, krevje skadebot for det tap han har lidd. Vilkåra for skadebot vert delt inn i tre hovudgrupper: (i) skade/tap, (ii) ansvarsgrunnlag og (iii) årsakssamanheng. Ein aktør i transportmarknaden må altså prove at han har lidd eit økonomisk tap, at oppdragsgjevaren har utvist skuld ved tildeling av kontrakten og at det er samanheng mellom ansvarsgrunnlaget og skaden. Departementet går ut frå at det kan vere vanskeleg for ein aktør i marknaden å vise at han har lidd eit tap som følgje av kontraktstildelinga. Det vil til dømes kunne vere vanskeleg å prove at han hadde fått tildelt kontrakten om den ulovlege kontrakten ikkje hadde vore inngått.
3.3.2.4 Mellombels åtgjerd
Mellombels åtgjerd er eit rettsleg verkemiddel for å sikre eit krav på noko anna enn pengar, jf. lov 17. juni 2005 nr. 90 om mekling og rettergang i sivile tvister (tvistelova) § 32-1 tredje ledd. Dersom det vert kravd mellombels åtgjerd i ei sak inneber dette at den juridiske eller fysiske personen avgjerda rettar seg mot er forplikta til å unnlate, gjere eller tåle noko i påvente av ein meir omfattande rettssak i den aktuelle saka. Reglane for mellombels åtgjerd står i tvistelova kapittel 34.
Etter tvistelova § 34-1 er det eit vilkår for å ta kravet om mellombels åtgjerd til følgje at det ligg føre ein sikringsgrunn. I tillegg må saksøkjar sannsynleggjere både sikringsgrunnen og at han har rett til det hovudkrav han ønskjer å sikre, jf. § 34-2 første ledd.
Etter at ein tenestekonsesjonskontrakt er tildelt, er det i utgangspunktet ikkje rettsleg grunnlag for å angripe kontrakten. Det er dermed ikkje grunnlag for å påberope eit hovudkrav som går ut på å setje til side konsesjonskontrakten. Dette inneber at det ikkje vil vere mogleg å krevje mellombels åtgjerd etter kontraktssigneringa.
Før kontrakten er signert vil det likevel eksistere eit hovudkrav som saksøkjar kan påberope. Dersom saksøkjar kan sannsynleggjere ein av dei to nemnde sikringsgrunnane, og samstundes sannsynleggjere at den avgjerda som oppdragsgjevar har treft i samband med tildelinga av konsesjonskontrakten er ugyldig, kan vedkommande krevje mellombels åtgjerd. Ei mellombels åtgjerd vil her kunne gå ut på å forhindre signering av kontrakten.
Sjølv om saksøkjar kan sannsynleggjere eit krav mot saksøkte, er høve til mellombels åtgjerd etter tvistelova likevel ganske snever. Mellombels åtgjerd er etter lova reservert for dei tilfella der saksøkte utviser eller har utvist ein åtferd som gjev saksøkjar rimeleg grunn til å be om hjelp frå domstolane eller der det er nødvendig å etablere ei mellombels ordning for å hindre ein vesentleg skade eller ulempe i eit omtvista høve.
3.3.3 Tenestekontraktar
For tenestekontraktar har ein både allmenne reglar og særeigne reglar innanfor lov om offentlige anskaffelser, som opnar for handheving av brot på regelverket ved tildeling av kontrakt.
På same måte som for tenestekonsesjonskontraktar kan òg tenestekontraktar verte gjenstand for skadebot og mellombels åtgjerd. Her vert det vist til gjennomgangen ovanfor.
I tillegg har regelverket om offentlege innkjøp fleire handhevingsreglar. Tredjepartar kan gå til sak om tildeling av ein kontrakt for å få den kjent utan verknad eller få den avkorta, samt pålagt oppdragsgjevar eit lovbrotsgebyr, jf. lov om offentlige anskaffelser §§ 13-14. Dei nemnde sanksjonsføresegna har bakgrunn i implementeringa av handhevingsdirektivet i norsk rett.
Etter § 13 første ledd skal domstolane kjenne ein kontrakt utan verknad når oppdragsgjevar anten har: (i) gjort eit ulovleg direkte innkjøp, (ii) tildelt ein kontrakt innanfor ein rammeavtale eller ei dynamisk innkjøpsordning i strid med det aktuelle regelverket eller (iii) gjort andre brot på det aktuelle regelverk som har påverka leverandøren sitt høve til å få kontrakten og samstundes har brote føresegner om karensperiode eller suspensjon og dette har fråteke leverandøren høve til å iverksetje rettslege skritt forut for kontraktsinngåing. Kontrakten kan verte kjent utan verknad anten for framtida eller med tilbakeverkande kraft frå det tidspunktet kontrakten vart inngått, jf. § 13 fjerde ledd. Føresegna i § 13 har særleg til føremål å motverke grove brot på regelverket, jf. Prop. 12 L (2011–2012) om endringar i lov om offentlige anskaffelser og kommuneloven (gjennomføring av EUs håndhevingsdirektiv i norsk rett) s. 9.
Etter § 14 både kan og skal domstolane i særskilte tilfelle påleggje alternative sanksjonar, nærare bestemt å avkorte kontrakten si løpetid eller å idømme oppdragsgjevar eit lovbrotsgebyr. Avkorting av kontrakten inneber at kontrakten vert kjent utan verknad frå eit nærare fastsett tidspunkt satt av retten. Å påleggje oppdragsgjevar eit lovbrotsgebyr inneber at oppdragsgjevar vert pålagt eit gebyr på inntil 15 % av verdien av innkjøpet.
Avkorting vil, på same måte som å kjenne kontrakten utan verknad, råke både oppdragsgjevar og medkontrahenten. Eit lovbrotsgebyr vil berre råke oppdragsgjevaren.
Lov om offentlige anskaffelser § 16 første ledd andre setning gir Kongen kompetanse til å «gi oppdragsgivere de pålegg som er nødvendige for å sikre oppfyllelse av denne lov eller forskrifter gitt i medhold av loven». Denne regelen er formulert vidare enn reglane i §§ 13-14.
3.4 Oppdragsgjevarar etter yrkes-transportlova
Det er den som er oppdragsgjevar som gjer pålegg om offentleg teneste og som må følgje prosessreglane for tildeling av einerett og/eller godtgjersle ved kontrakt om slik teneste.
Tildeling av konsesjonskontraktar for transporttenester etter yrkestransportlova kan for det første verte gjort direkte av statlege eller (fylkes-) kommunale organ. For det andre kan tildelinga verte gjort av eit administrasjonsselskap som handlar på vegne av det offentlege organet, jf. ytl. § 23.
Ansvaret for å tildele konsesjonskontraktar for lokale rutesamband er lagt til fylkeskommunane, jf. yrkestransportlova § 22 første ledd. Etter lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 13-4 har fylkeskommunane hovudansvaret for skuleskyss for elevane i grunnskulen og vidaregåande skule. Skuleskyssen vert som hovudregel dekt gjennom opne rutetilbod, men kan òg verte organisert som særskilte tilbod. Det følgjer vidare at fylkeskommunane som ansvarleg for fylkesvegar har ansvar for å tildele konsesjonskontraktar for bilførande ferjeruter i fylkesvegnettet. På tilsvarande måte har staten ansvaret for bilførande ferjeruter i riksvegnettet. Ansvaret for ferjerutene i riksvegsamband er lagt til Vegdirektoratet. Staten har innanfor yrkestransportlova sitt verkeområde òg ansvaret for kjøp av tenester på kystruta Bergen – Kirkenes. Dette ansvaret vert forvalta av Samferdselsdepartementet.
Etter yrkestransportlova må den som driv transport med motorvogn eller fartøy mot vederlag ha løyve. Dette gjeld generelt, anten transporten vert utført med offentleg godtgjersle på grunnlag av tenestekonsesjonskontrakt (eller tenestekontrakt), eller vert driven av operatøren på kommersielt grunnlag. For fartøy gjeld løyveplikta berre for transport i rute, jf. ytl. § 7. For å kunne utføre transporten må den som vert tildelt ein konsesjonskontrakt følgjeleg òg ha, eller verte tildelt, løyve som dekkjer den transporten kontrakten gjeld for. Krav om løyve vil vere eit sentralt virkemiddel for å gje operatøren skjerming i marknaden i dei tilfella der ein i kontrakten har tildelt ein einerett. Ein slik einerett kan likevel berre gjelde for dei løyveordningane som er behovsprøvde, det vil seie der løyvestyresmaktene fastsett talet på løyvehavarane. For rutetransport med både motorvogn og fartøy er løyva behovsprøvde, jf. ytl. §§ 6 og 7. For slike løyve er strekninga eller områda løyvet gjeld for fastsette. Når det gjeld bruk av konsesjonskontraktar (eller tenestekontraktar) innanfor verkeområdet til yrkestransportlova, vil det i hovudsak vere rutetransporten som er relevant.
Kompetanse til å tildele løyve etter yrkestransportlova er regulert i kapittel 3 i yrkestransportlova. For rutetransport med motorvogn eller fartøy er fylkeskommunen løyvestyresmakt dersom ruta går innanfor vedkommande fylke. For ruter som kryssar fylkesgrenser er departementet løyvestyresmakt, jf. ytl. § 13. Med unnatak for riksvegferjer og kystruta Bergen – Kirkenes har departementet med heimel i yrkestransportlova § 15 delegert løyvestyresmakt for fylkeskryssande ruter til vedkomande fylkeskommune, jf. yrkestransportforskrifta § 3.
For riksvegferjene er Vegdirektoratet løyvestyresmakt, jf. yrkestransportforskrifta § 3 tredje ledd, og for kystruta Bergen – Kirkenes er departementet sjølv løyvestyresmakt, jf. ytl. § 13 første ledd.
Departementet legg til grunn at det i hovudsak vil vere for rutetransport at det offentlege vil gripe inn i marknaden ved å tildele konsesjonskontrakt. På dette området ligg det difor til rette for at både tildeling av løyve og tildeling av konsesjonskontraktar kan vurderast i samanheng på ein slik måte at løyvet dekkjer den same transporttenesta, og gjeld for same tidsrom, som konsesjonskontrakten.
Fotnotar
Forordning (EØF) nr. 3577/92 av 7. desember 1992 om anvendelse av prinsippet om adgangen til å yte tjenester innen sjøtransport i medlemsstatene (maritim kabotasje).
Sjå Meddelelse frå Kommisjonen til Europa-Parlamentet, Rådet, det Europeiske økonomiske og sosiale utvalg og Regionsutvalget om fortolkning av Rådets forordning (EØF) nr. 3577/92, KOM (2003) 595 og KOM (2006) 196.
Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/23/EU av 26. februar 2014 om tildeling av konsesjonskontrakter.
C-324/98 Teleaustria og Telefonadress, avsnitt 60 og C-410/04 Associazione Nazionale Autotransporto Viaggiatori (ANAV), avsnitt 18.
Europaparlaments- og rådsdirektiv 2007/66/EF av 11. desember 2007 om endring av rådsdirektiv 89/665/EØF og 92/13/EØF med hensyn til forbedring av effektiviteten ved klagebehandling av offentlige kontrakter.