2 Samandrag og tilrådingar
Staten har inngått to hovudtariffavtalar for perioden 2016–2018, ein med Akademikerne og ein med LO Stat, Unio og YS Stat. Forslaget til regulering er basert på resultatet av lønsoppgjeret mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat. Med grunnlag i nemnde lønsoppgjer for statstilsette, blir godtgjering til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 1,6 prosent frå 1. juli 2017.
Meirutgiftene for 2017 er utrekna til 8 009 000 kroner.
Dette er siste gongen godtgjeringar til utskrivne vernepliktige mannskap blir regulerte i eigen proposisjon. Frå og med 2018 vil godtgjeringar bli regulerte i den årlege budsjettproposisjonen (Prop. 1 S).