3 Bakgrunn
I mange år er økonomiske ytingar til soldatar regulert med grunnlag i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har på vanleg måte lagt til grunn reguleringa i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten.
Det nemnde lønsoppgjeret for tilsette i staten i lønsramme 02, lønstrinn 19, gav alle på lønstrinnet eitt lønstrinn i auke. Dette gir eit kronetillegg på A-tabellen som utgjer ein auke på 1,6 prosent.