2 Endringsforslag
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Landbruks- og matdepartementet overtok i 2019 ansvaret for forvaltning av lov om hundehold (hundeloven) frå Justis- og beredskapsdepartementet. I samband med dette blir posten auka med 50 000 kroner for 2019, mot tilsvarande reduksjon på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 400, post 01.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
I samband med at Landbruks- og matdepartementet fekk ansvar for forvaltning av hundelova, overtok departementet også ansvar for å følgje opp oppmodingsvedtak frå Stortinget om ein gjennomgang av hundelova. Departementet gjer framlegg om å auke posten med 0,5 mill. kroner for 2019, mot tilsvarande reduksjon på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 400, post 01.
Kap. 1115 Mattilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Mattilsynet har i løpet av 2019 hatt auka kostnader ved handtering av sjukdommen Mædi hos småfe i Trøndelag. Sjukdommen er alvorleg for næringa, og har eit stort skadepotensial. Mattilsynet har starta med prøvetaking hausten 2019 for å få oversikt over utbrottet og å kjempe mot vidare spreiing av sjukdommen. Vidare har handteringa av skrantesjuke hos villrein blitt meir omfattande enn først anteke, og Mattilsynet har fått auka kostnader som følgje av dette. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga på posten med 5,0 mill. kroner.
Kap. 1140 Haustbare viltressursar
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag gjennomført av Miljødirektoratet eller fylkesmennene. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,0 mill. kroner grunna auka utgifter til utvikling av Hjorteviltregisteret, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1140, post 71, jf. omtale under denne posten.
Post 71 Tilskott til viltformål, kan overførast
Målet for tilskottsordninga på posten er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskott av viltet, og at produktiviteten og mangfaldet i naturen blir teke vare på nasjonalt og regionalt. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 2,0 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1140, post 21, for å dekkje kostnader til utvikling av Hjorteviltregisteret, jf. omtale under denne posten.
Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast
Posten skal dekkje tiltak for å leggje til rette for berekraftig reindrift i Indre Finnmark, og kan mellom anna nyttast til utviklings- og utgreiingskostnader. I 2019 skal det setjast i gang utgreiing av gjennomføring av obligatorisk individmerking, jf. vedtak i Stortinget 13. juni 2019 om endringar i reindriftsloven. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1142, post 80, jf. omtale under denne posten.
Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving
Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av, og utgifter til leige av reinbeite til Trollheimen/Igelfjellet Reinbeiteforening. Det ligg an til eit meirforbruk på posten i 2019. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga på posten med 20 000 kroner.
Post 73 Tilskott til erstatningar mv. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving
Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven). Tilskottet skal òg dekkje tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe og enkelte andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.
Per august 2019 var det betalt ut 82,5 mill. kroner over posten, mens løyvinga er på 55,6 mill. kroner. Det er stor uvisse kring prognosane for 2019. Desse tek utgangspunkt i statistikk for utbetalingar dei siste 5 år, kjende offentlege pålegg som vil føre til utbetalingar, dessutan prognosar frå fylkesmennene for utbetalingar av erstatningar etter kjende pålagde saneringar. Det er særleg uvisse om tidspunkt for utbetalingar som gjeld MRSA og kostnader ved handtering av Mædi hos småfe i Trøndelag. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 59,4 mill. kroner.
Post 80 Radioaktivitetstiltak, kan overførast
Løyvinga skal dekkje kostnader som følgje av radioaktivt avfall etter Tsjernobyl-ulykka i 1986. I 2019 har det ikkje vore utbetalingar til radioaktivitetstiltak. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å redusere posten med 0,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1142, post 71, jf. omtale under denne posten.
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
Post 71 Naturskade – erstatningar, overslagsløyving
Staten si naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning, og løyvinga skal brukast til å dekkje desse utgiftene. Tilsegn om erstatning for naturskadar blir gitt med ein frist for oppretting på 3 år. Utbetaling av erstatning skjer når skaden er retta opp. Det er difor knytt ei tilsegnsfullmakt til posten, som er på 64,5 mill. kroner.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2019, og for tilsegn som ikkje er innfridde per 31.12.2019, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 58,6 mill. kroner, og å redusere tilsegnsfullmakta med 3,9 mill. kroner, til 60,6 mill. kroner, jf. forslag til romertalsvedtak.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Post 70 Marknadsregulering, kan overførast
Ei av ordningane på posten er «Tilskott til råvareprisutjamningsordninga mv.» Formålet med ordninga er å auke konkurransekrafta til den delen av norsk næringsmiddelindustri som produserer varer som er omfatta av EØS-avtalen sin protokoll 3. Dette skjer gjennom å utjamne råvareprisforskjellar mellom Noreg og verdsmarknaden, mellom anna gjennom tilskott for utvalde råvarer.
Prognosane på posten viser eit antatt meirforbruk for 2019 på 13,3 mill. kroner, som følgje av mellom anna auka eksport. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 13,3 mill. kroner. Dette blir foreslått delvis dekt inn gjennom å omdisponere midlar frå kap. 1150, post 78 og post 74, jf. omtale under desse postane.
Post 71 Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving
Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap i plante- og honningproduksjon som er forårsaka av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot. På grunn av dei omfattande avlingsskadane i 2018 og auke i erstatningssatsane, blei det høge utbetalingar over ordninga etter dette året. Av totalt 15 000 søknader om erstatning blei 11 300 ferdig handsama og utbetalt i 2018. Samla utbetaling for desse sakene var 1 617,0 mill. kroner, eller 143 000 kroner i snitt per søknad. I revidert budsjett for 2019 blei det lagt til grunn at utbetaling per søknad ville vere om lag på same nivå for dei siste 3 700 søknadene. Det blei også lagt til grunn at det ville bli betalt ut 30,0 mill. kroner i 2019 for nye skader i denne vekstsesongen. Løyvinga blei etter dette sett til 568,0 mill. kroner.
Når nesten alle søknader for året 2019 er ferdig handsama, har den gjennomsnittlege utbetalinga per søknad blitt om lag 100 000 kroner, eller 43 000 kroner lågare enn for dei som blei betalt ut i 2018. Total utbetaling i 2019 for skadeåret 2018 er etter dette venta å bli 372,0 mill. kroner. Vidare er det anslått at det vil bli betalt ut 20,0 mill. kroner i 2019 for skader i planteproduksjon som har oppstått i dette avlingsåret. I tillegg er det anslått at det vil bli betalt ut 5,0 mill. kroner for svikt i honningproduksjon i 2019, på grunn av ein kald sommar med mykje nedbør. Landbruks- og matdepartementet gjer dermed framlegg om å redusere løyvinga på posten med 171,0 mill. kroner.
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
Landbruksdirektoratet har anslått eit redusert behov på posten på om lag 104,0 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Den største nedgangen skuldast redusert volum til prisnedskriving for norsk korn og til norsk matkorn. Prognosen for kornavlinga 2019 ligg godt over eit normalt år, men låge avlingar i 2018 får utslag også for 2019 fordi mykje av avlinga først blir levert, eller brukt som mat, i kalenderåret etter avlingsåret.
Også for sau/lam viser prognosen nedgang i produksjonen. Særleg er det stor nedgang på ull og lammeslakt, der det er rekna med ei reduksjon i tilskotta. Avlingane for frukt og grønt var generelt gode i 2019, og det er rekna med ein auke i distriktstilskottet. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ein samla reduksjon av løyvinga på posten med 103,6 mill. kroner.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 4,5 mill. kroner for å dekkje delar av prognostisert meirforbruk på kap. 1150, post 70 Marknadsregulering, jf. omtale under denne posten.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 5,8 mill. kroner for å dekkje delar av prognostisert meirforbruk på kap. 1150, post 70 Marknadsregulering, jf. omtale under denne posten.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Post 85 Marknadsordninga for korn
Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Verdsmarknadsprisen på proteinråvarer har i mange år vore så høg at det norske forbruket til fôr ikkje har fått prisutjamningsbeløp. Hausten 2019 har denne prisen vore så låg at det ligg an til å bli ei inntekt på posten tilsvarande om lag 2 mill. kroner. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga på posten med 2,0 mill. kroner.