3 Andre saker
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
Post 49 Kjøp av fast eigedom (nytt stikkord – kan overførast)
I Prop. 114 S (2018–2019) – revidert nasjonalbudsjett 2019 blei det oppretta ein ny post for kjøp av eigedom på kapittel 1100. Midlane på posten skal gå til kjøp av tomtegrunn til bygningar i Ullensvang og Øystre Slidre som departementet eig, men som står på grunnen til Opplysningsvesenets fond (OVF). Det er uvisse om tomtekjøpa vil bli gjennomført innan utgangen av 2019. LMD gjer difor framlegg om at posten blir tilført stikkordet kan overførast.