1 Hovudinnhald i proposisjonen
Samferdselsdepartementet gjer her framlegg om endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).
Framlegget gjev heimel i yrkestransportlova for krav om butid for utferding av kjøresetel til utanlandske førarar av kjøretøy i løyvepliktig persontransport. Framlegget vert gjort på bakgrunn av at det butidskrav som har vore praktisert ikkje kan gjerast gjeldande etter den nye politiregisterlova, lov 28. mai 2010 nr. 16 om behandling av opplysninger i politiet og påtalemyndigheten (politiregisterlova). Politiregisterlova tredde i kraft 1. juli 2014. Etter politiregisterlova skal krav om butid gå direkte fram av lov eller forskrift gjeve med heimel i lov, jf. politiregisterlova § 36 andre ledd.
Kravet om butid etter framlegget gjeld ikkje for EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten sin. Dette er i samsvar med politiregisterlova § 36 første ledd nr. 1 som likestiller politiattest utferda i anna EØS-land med norsk politiattest. Kravet gjeld heller ikkje for utlendingar frå land utanfor EØS (tredjelandsborgarar) som har opphald i eit anna EØS-land enn Noreg og som kan leggje fram politiattest og prov på lovleg opphald frå dette landet, eller har tidlegare opphald i Noreg og fråveret ikkje er av eit slikt omfang at det ikkje kan gjennomførast tilfredsstillande vandelskontroll.
Framlegget gjeld òg somme mindre endringar i yrkestransportlova. For det første vert det gjort framlegg om at det skal krevjast politiattest ved søknad om løyve, og at kravet gjeld ordinær politiattest. For det andre vert det gjort framlegg om endringar som gjeld tilvisingar og retting av skrivefeil. Desse endringane vil ha små eller ingen materielle verknader.