2 Bakgrunn – europeisk samarbeid om forskingsinfrastruktur
2.1 Generelt om norsk deltaking
Eit viktig bakteppe for forslaget til ERIC-lov er å finne i det forskingspolitiske arbeidet med etablering og drift av felles europeisk forskingsinfrastruktur. Forskingsinfrastruktur er utstyr og tenester til bruk for forsking, mellom anna vitskaplege databasar og samlingar, elektronisk infrastruktur som høghastigheitsnettverk og større forskingsfasilitetar som laboratorium eller stråleanlegg.
Samarbeidet om storskala forskingsinfrastruktur er ein viktig del av det europeiske forskingssamarbeidet som Noreg deltek i gjennom EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (Horisont 2020) og det europeiske forskingsområdet (ERA). Slikt samarbeid er viktig for å styrke innsatsen og betre ressursutnyttinga i europeisk forsking. Horisont 2020-pogrammet er omtalt bl.a. i Prop. 51 S (2013–2014) Samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 1291/2013 om opprettelse av Horisont 2020 – rammeprogrammet for forskning og innovasjon (2014–2020). Det europeiske samarbeidet om forskingsinfrastruktur gir Noreg tilgang til internasjonalt avansert og kostbart utstyr.
ERIC-forordninga etablerer eit rammeverk for eigarskap og drift av felleseuropeiske forskingsinfrastrukturar. Målsetjinga er å gjere det enklare å etablere nye forskingsinfrastrukturar av felleseuropeisk interesse.
Norske forskarar har i mange tiår delteke i internasjonale forskingsinfrastrukturar som er oppretta med grunnlag i internasjonale avtalar. Slike etableringar er krevjande. Ei enklare organisasjonsform er særleg aktuelt og i ei tid der dei europeiske statane styrkjer samarbeidet for å få best mulig resultat i forskings- og innovasjonsarbeidet.
Norske forskingsmiljø deltek i utviklinga av rundt 25 felles europeiske forskingsinfrastrukturar i regi av Det europeiske strategiforum for forskingsinfrastruktur (ESFRI). Mange av desse er etablert eller er under etablering med ERIC som organisasjonsform.
2.2 Bruk av ERIC-organisasjonsforma i Noreg
Norge har tilbydt vertskap for tre europeiske forskingsinfrastrukturar, og det er sterkt ønskeleg å kunne bruke ERIC som organisasjonsform for to av desse: CESSDA (Consortium of European Social Science Data Archives) og ECCSEL (European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure). Det tredje, SIOS (Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System) er eit samarbeid om jordobservasjonssystem som er planlagt etablert på Svalbard med institusjonar frå statar utanfor EØS som medlemmer. Det er ikkje aktuelt å bruke ERIC som organisasjonsform for dette samarbeidet.
Forskingsinfrastrukturen CESSDA (samarbeid om samfunnsvitskaplege databasar) blei etablert i Bergen i juni 2013, førebels med eit norsk aksjeselskap eigd av Kunnskapsdepartementet som juridisk eining. Norsk deltakar i samarbeidet er Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS. Samarbeidet (p.t. mellom 15 statar) er basert på ein Memorandum of Understanding og ein uformell samarbeidsorganisasjon.
Norge er vertsstat for eit prosjekt for etablering av forskingsinfrastruktursamarbeidet ECCSEL (samarbeid om karbonfangst og -lagring). Dette ligg fagleg under Olje- og energidepartementet og har Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og SINTEF som norske deltakarar. Forprosjektet er nettopp avslutta, med ei tilråding om å etablere ECCSEL med sete i Trondheim, organisert som eit ERIC. Det er breitt europeisk engasjement også bak dette initiativet.
2.3 Om ERIC-forordninga
ERIC-forordninga etablerer eit juridisk rammeverk for organiseringa av felles forskingsinfrastruktur, kalla konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC).
Forordninga spesifiserer oppgåvene til eit ERIC, og kva krav som må vere oppfylt for at ein forskingsinfrastruktur kan få slik status. Eit ERIC må ha minimum tre EU-medlemsstatar/assosierte statar som medlemmer. Kva som skal reknast som assosierte statar er definert i artikkel 2, og er i hovudsak statar som deltek i EUs rammeprogram for forsking (noverande program er Horisont 2020) gjennom eigne tilknytingsavtalar. ERIC kan ha sete i EU-medlemsstatar eller i assosierte statar. Forordninga byggjer elles på at det er regelverket til vertsstaten som skal regulere aktiviteten i selskapet. Forordninga har lite detaljerte reglar knytt til drifta.
I artikkel 1 heiter det at forordninga fastset ei rettsleg ramme for krava til, framgangsmåtane for og verknadene av at eit ERIC blir oppretta.
Artikkel 2 definerer innhaldet i visse omgrep som er brukt i forordninga. Artikkel 3 og 4 slår fast faglege aktivitetar og krav til forskingsinfrastrukturane. Etter artikkel 3 nr. 2 skal eit ERIC i hovudsak drive på eit ikkje-økonomisk grunnlag, men kan ha avgrensa økonomisk verksemd. Artikkel 5 og 6 slår fast prosedyrane for søknad og søknadsbehandling for eit ERIC.
Etter artikkel 5 skal ein søknad om etablering av eit ERIC sendast Kommisjonen, som så gjer vedtek om å opprette det. Etter artikkel 5 nr. 1 bokstav d) skal eit ERIC ha status på linje med eit internasjonalt organ etter artikkel 143 bokstav g) og artikkel 151 nr. 1 bokstav b) i direktiv 2006/112/EF om meirverdiavgift, og som internasjonal organisasjon etter artikkel 23 nr. 1 andre strekpunkt i direktiv 92/12/EØF om særavgifter. Sistnemnde direktiv er erstatta av direktiv 2008/118/EF, der relevant regel er artikkel 12 bokstav b). Dette inneber at eit ERIC på visse vilkår kan ha rett til fritak for meirverdiavgift og særavgifter. Dette gjeld særavgifter på alkohol/alkoholhaldige drikkevarer, tobakksvarer og energiprodukt/elektrisitet.
Nærare reglar om omfang, grenser og vilkår for avgiftsfritaka skal fastsetjast i avtalar mellom medlemmene i kvart enkelt ERIC, innanfor dei rammene forordningane gir. Dette inneber mellom anna at fritaka berre kan gjelde for varer og tenester som er naudsynte for å nå formålet til ERIC-et. Anskaffinga må gjerast av ERIC-et eller av medlemmene. Avgiftsfritaka kan ikkje gjelde for ei eventuell økonomisk verksemd i ERIC-et. Fritaka kan gjennomførast som ei refusjonsordning.
Etter artikkel 7 er eit ERIC eit sjølvstendig rettssubjekt med full rettsleg handleevne. Eit ERIC skal ha status på linje med ein internasjonal organisasjon når det gjeld direktivet om offentlege anskaffingar, det vil seie at eit ERIC har unntak frå dette direktivet. Eit ERIC skal etter artikkel 8 ha sete i vertsstaten.
Etter artikkel 9 kan alle statar og internasjonale organisasjonar bli medlemmer i eit ERIC. Det må vere minst tre medlemmer som er EU-medlemsstatar eller assosierte statar, og minst eitt må vere EU-medlem. Medlemsstatar og assosierte statar skal alltid ha majoriteten av stemmene i medlemsforsamlinga i konsortiet. Etter artikkel 9 nr. 6 må assosierte statar og tredjestatar mellom anna samtykke i å behandle ERIC-et på tilsvarande måte som det som følgjer av artikkel 5 nr. 1 bokstav d) om avgifter, ved søknad om oppretting eller medlemsskap.
Artikkel 10 set krav til innhaldet i vedtektene for eit ERIC. Artikkel 11-14 har reglar om rekneskap, revisjon, ansvar og prinsipp m.v.
Av artikkel 15 går det fram at eit ERIC er underlagt både nasjonal rett i den staten det er etablert og EU-rett. EU-domstolen er gitt kompetanse til å dømme i eventuelle tvistar som gjeld eit ERIC og som er mellom medlemmene i et ERIC, mellom medlemmene og det aktuelle ERIC-et og i tvistar der Kommisjonen er part. Dersom tvisten gjeld eit ERIC og ein tredjepart, vil dei nasjonale domstolane i vertslandet ha kompetanse.
Artikkel 16 har reglar om avvikling og insolvens. Artikkel 17 set krav til rapportering til Kommisjonen.
Forordninga blei endra i desember 2013 (forordning (EU) nr. 1261/2013). Artikkel 9 nr. 2 og nr. 3 blei då endra slik at assosierte statar no har same medlemsstatus (i hovudsak stemmerettar) som EU-medlemsstatane, i dei enkelte ERIC-a.
2.4 ERIC-forordninga i andre nordiske land
Ei EU-forordning har direkte verknad i EU-landa, det vil seie at den gjeld på linje med nasjonale lover. ERIC-forordninga slår dette fast i artikkel 21, andre ledd, og i endringsforordninga artikkel 2. Fleire land har likevel sett behov for å regulere særområde, særleg knytt til avgiftsfritaka.
Sverige er har nettopp etablert eit ERIC. Dei har gjort tilpassingar i rekneskaps-, revisjons- og skattelovgivinga, primært for å få på plass avgiftsfritaka. Det kan seinare bli aktuelt med justeringar i regelverket for juridiske personar. Finland er i ferd med å etablere eit ERIC, og vil også gjere tilpassingar for å tilretteleggje for avgiftsfritak. Danmark har for tida ikkje planar om å etablere ERIC, og har derfor ikkje vurdert behov for eventuelle tilpassingar.