6 Økonomiske og administrative konsekvensar
Lovreguleringa vil i seg sjølv ikkje ha særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
Bruk av ERIC-forma vil gi ei viss forenkling av den offentlege, administrative oppfølginga av norsk deltaking i felleseuropeiske forskingsinfrastrukturar. Dei administrative konsekvensane for Brønnøysundregistra ved registrering av ERIC vil bli svært små.
Lova vil ikkje ha konsekvensar for private aktørar.
Økonomiske konsekvensar av faktisk å etablere ERIC i Noreg (medlemsavgifter og vertskapsbidrag, og eventuelt avgiftsfritak) må ein ta stilling til for kvart enkelt ERIC.