2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå
Kap. 1700 Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2023 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 671 512 | 705 060 | 713 560 |
22 | IKT-verksemd | 531 645 | 654 964 | 513 364 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | 5 991 | 4 179 | 2 179 |
53 | Overføring til kommunar og fylkeskommunar | 13 300 | 13 300 | 14 669 |
71 | Overføring til andre | 82 210 | 83 966 | 81 966 |
78 | Noregs tilskott til NATO sitt og internasjonale driftsbudsjett | 653 361 | 674 523 | 651 350 |
79 | Militær støtte til Ukraina | 572 000 | 3 072 816 | 2 046 278 |
90 | Kapitalinnskot, NATO innovasjonsfond | 24 680 | 24 680 | 27 243 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker Forsvarsdepartementets ordinære driftsutgifter som lønn og godtgjersler, reiser i inn- og utland, representasjon, kompetanseoppbygging, utgifter til husleige og vedlikehald og drift av bygningsmassen. I tillegg dekker posten mellom anna utgifter til Forsvarsdepartementets internrevisjon, utgifter til Noregs faste delegasjon til NATO og forsvarsrådar, forsvarsattachear og militærrådgivarar ved norske utanriksstasjonar. Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 8,500 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
4,900 mill. kroner knytt til eit høgt aktivitetsnivå ved alle avdelingar i Forsvarsdepartementet som følgje av tryggingssituasjonen i Europa. Dette har ført til fleire arbeidstimar og reiseaktivitet enn fyrst budsjettert. Om lag 1 mill. kroner av er knytt til høgare aktivitet i Forsvarsdepartementet som følgje av krigen i Ukraina, sjå omtale på kap. 1700, post 79. Forsvarsdepartementet foreslår difor ei omdisponering frå kap. 1760, post 45, til kap. 1700, post 01.
2,000 mill. kroner til forlenging av eit bistandsprosjekt til støtte for ukrainske styresmakter i samband med å betre integritet og profesjonalitet i den ukrainske forsvarssektoren. Tiltaket skal betre styresettet og dermed redusere risikoen for korrupsjon. Prosjektet gjennomførast av Centre for Integrity in the Defence Sector, som er ein integrert del av Forsvarsdepartementet.
1,600 mill. kroner knytt til internasjonale stillingar som formannskap i NATOs investeringskomité og til stilling ved NATOs Climate Change and Security Center of Excellence.
Post 22 IKT-verksemd
Posten dekker Forsvarsdepartementets utgifter til drift og investering i Forsvarsdepartementets IKT-organisasjon. Forsvarsdepartementets IKT-organisasjon (FD IKT) leverer graderte IKT-tenester til statlege og private verksemder underlagt Lov om nasjonal tryggleik. Dette gjeld blant anna leveransar av Nasjonalt BEGRENSA nett (NBN) og Nasjonalt HEMMELEG nett (NHN). I tillegg leverer FD IKT ugraderte IKT-tenester, samt understøtting av situasjonssenteret i Forsvarsdepartementet (SITSEN). Posten dekker også utgifter knytt til Program for Felles IKT-tenester i departementa. Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 141,6 mill. kroner.
Det vert foreslått ein reduksjon på 170 mill. kroner knytt til mindreforbruk i Program for Felles IKT-tenester for departementa (Programmet). Det forventa mindreforbruket skuldast i all hovudsak endra periodisering av investeringane i prosjektet. Dataangrepet mot Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa har ført til ei ny utgreiing av fleire alternativ for framtidig plattformløysing, og opphavleg plan om å starte gjennomføringa av prosjektet i 2023 er forskyve til 2024. Regjeringa legg opp til å kome tilbake med forslag til motsvarande auka løyving i 2024 i revidert nasjonalbudsjett for 2024.
Det vert foreslått ei auke på 25 mill. kroner knytt til auka brukarbetaling for Nasjonalt BEGRENSA Nett. Som følgje av dataangrepet mot service- og tryggingsorganisasjonen til departementa kjem departementa og underliggjande verksemder til å bestille tilgang til Nasjonalt BEGRENSA Nett i eit større omfang enn opphavleg planlagt. Meirinntektene på kap. 4700, post 02, fører med seg ein motsvarande auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Løyvinga vert òg foreslått auke med 3,4 mill. kroner til handtering av Forsvarsdepartementets utgifter som følge av dataangrepet mot departementsfellesskapets IT-system sommaren 2023. Forsvarsdepartementets utgifter er i hovudsak knytte til å skaffa IKT-utstyr, samt arbeidstimar knytte til meirarbeid i tida etter angrepet.
Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet
Posten består av midlar som er disponerte av forsvarsministeren til spesielle behov, som krev rask avklaring og som oppstår i løpet av året. Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 2,000 mill. kroner knytt til ei forlenging av eit bistandsprosjekt til støtte for ukrainske styresmakter på kap. 1700, post 01.
Post 53 Risikokapital, NATOs Innovasjonsfond
Posten dekker Noregs risikokapital i NATO innovasjonsfond. Noregs del av fondet er fordelt med 65 pst. som lånetransaksjon og 35 pst. som ordinær utgift. Løyvinga på posten er foreslått auka med 1,369 mill. kroner grunna utgiftsauke som følgje av valutaendringar. Midlane blir forvalta av Investinor for Forsvarsdepartementet.
Post 71 Overføring til andre
Posten dekker Forsvarsdepartementet sine tilskott til frivillig sektor og andre tilskottsmottakarar. Løyvinga på posten er foreslått redusert med 2,000 mill. kroner knytt til etablering av ei ny databaseløysing for forsvarleg lagring av digitale arkivalia etter Forsvarets deltaking i internasjonale operasjonar. Midlane er foreslått omdisponert til kap. 1720, post 01, sjå omtale av etableringa under denne posten.
Post 78 Noregs tilskott til NATOs og internasjonale driftsbudsjett
Posten dekker Noreg sitt bidrag til driftsbudsjetta i NATO, inkludert drift av kommandostrukturen og overvakings- og kommunikasjonssystem. Posten dekker også øving av NATO-styrker, betalingar til pensjonar og den fellesfinansierte delen av NATO-leia operasjonar. Vidare dekker posten Forsvarsdepartementet sine utgifter forbunde med Noreg si tilknyting til materiellsamarbeidet innafor ramma av det forsvarspolitiske samarbeidet i EU, derunder det europeiske forsvarsfondet, samt til fleirnasjonalt samarbeid innafor områdane strategisk lufttransport og tankfly.
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 23,173 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med 92,0 mill. kroner knytte til ei auke i NATO sine driftsutgifter og utgifter til fellesfinansieringa i NATO. Desse aukane vart vedteke på NATO sitt toppmøte i 2022. Årsakene til dette behovet er stigande utgifter til å drifte militærkommandoane, øvingar, drifta av luftovervaking og -transport, og til pensjonar. I tillegg har det vore ei kraftig svekking av kronekursen og ein stigande inflasjon.
Posten er samstundes foreslått redusert med 115,173 mill. kroner knytt til kontingent til det europeiske forsvarsfondet. For 2023 vart det opphaveleg budsjettert med 218 mill. kroner, mens endeleg kontingent vart om lag 103 mill. kroner.
Post 79 Militær støtte til Ukraina
Posten dekker den militære støtte til Ukraina, herunder løyvingar til den militære delen av Nansen-programmet, jf. Prop. 44 S (2022–2023), samt løyvinga i saldert budsjett 2023.
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 1 026,538 mill. kroner. Som omtalt under pkt. 1.4 har regjeringa beslutta å auke ramma for militær støtte til Ukraina i 2023 med 2,5 mrd. kroner. Samla sett reduserast likevel løyvinga på posten for å handtere fremtidige gjenanskaffelsar av donert materiell, verdien av donert overskuddsmateriell, anskaffelsar frå forsvarsindustrien, og utgifter til trening, samt andre utgifter i forsvarssektoren i samband med programmet som omdisponerast til andre budsjettkapitel. Dette utgjer ei reduksjon på 3 526,5 mill. kroner.
Nansen-programmet er delt i fire hovudlinjene for militær støtte. Omtale av tilskott som del av den militære støtta er omtala under pkt. 4. Løyvingsendringane på kap. 1700, post 79, fordelar seg slik innanfor dei andre tre hovudlinjene:
Donasjonar av materiell frå forsvarssektoren
Samla redusast kap. 1700, post 79, med omlag 2 807,3 mill. kroner til donasjonar frå forsvarsektoren.
Omlag 157,8 mill. kroner foreslåast omdisponert frå kap. 1700, post 79, til kap 1720, post 01, som følgje av donasjonar til Ukraina. Omdisponeringane gjeld i hovudsak handtering av utgifter Forsvaret har hatt til transport og klargjering ifm. donasjonar (om lag 47,8 mill. kroner) samt gjenanskaffelse av donert 12,7 mm ammunisjon (110,0 mill. kroner).
4,0 mill. kroner foreslåast omdisponert til kap 1760, post 01, knytt til utgifter Forsvarsmateriell har hatt til klargjering og transport ifm. donasjonar.
2 602,9 mill. kroner midlane foreslåast redusert frå kap 1700, post 79 for gjenanskaffelse som følgje av donasjoner til Ukraina. Donasjonane omfattar mellom anna NASAMS-luftverneiningar (312,6 mill. kroner), IRIS-T luftvernmissilar (995,0 mill. kroner), tilhøyrande våpen ifbm. donasjon av beltegåande logistikkvogner med (om lag 10,8 mill. kroner), mineryddeutstyr (131,0 mill. kroner), og artillerigranatar i samarbeid med Danmark (350,0 mill. kroner). Det er samstundes foreslått reduksjoner for om lag 803,5 mill. kroner som følgje av regjeringsbeslutningar om donasjoner som enda ikkje er offentleggjort.
42,6 mill. kroner av midlane førreslåst redusert frå kap 1700, post 79, som følje av donasjon av overskuddsmateriell. Donasjonane omfattar mellom anna ikkje-dødeleg materiell frå Forsvarets avhendingslagre (22,0 mill. kroner), Dingo-køyretøy med tilhøyrande væpning (15,5 mill. kroner) som del av International Fund for Ukraine si anskaffing av anti-droneløysning frå Kongsberg Defence and Aerospace, beltegåande logistikkvogner (5,1 mill. kroner) og donert overskuddsutstyr ifm. NASAMS-donasjon (60 000 kroner).
Anskaffingar frå industrien
Samla reduserast kap. 1700, post 79, med 411,1 mill. kroner til anskaffingar frå industrien.
348,5 mill. kroner av desse midlane foreslåast omdisponert frå kap. 1700, post 79, til kap 1720, post 01 for å finansiere Noregs tilskot av ammunisjonsanskaffing (200,0 mill. kroner) gjennom NATO Support and Procurement Agency, materiell til donasjon i forbindelse med eksplosivryddeutdanning i Litauen (omlag 1,5 mill. kroner), og feltrasjonar (27,0 mill. kroner). Det er samstundes foreslått ei omdisponering for 120 mill. kroner som følgje av regjeringsbeslutninger om anskaffingar av materiell for donasjon som enda ikkje er offentleggjort.
22,6 mill. kroner foreslåast omdisponert til kap. 1760, post 01, ifm. Forsvarsmateriell oppfølging av donert materiell (2,6 mill. kroner) og utvida prosjekt frå 2022 for donasjon av ambulansebussar og sanitetsutstyr (20 mill. kroner).
314,0 mill. kroner foreslåast omdisponert til kap 1760, post 45, for å finansiere anskaffinga av Black Hornet-droner for donasjon (214,0 mill. kroner), samt at det er foreslått ei omdisponering på 100 mill. kroner til anskaffingar som endå ikkje er offentleg gjort.
I Prop. 18 S (2022–2023) informerte Forsvarsdepartementet om intensjonen om å anskaffe M-72 panservernrakettar og M141 rakettkastarar for om lag 280,000 mill. kroner frå produsent. Anskaffinga kunne ikkje gjennomførast i tråd med opprinneleg plan. Dette inneber ei tilbakeføring av 274,0 mill. kroner til kap. 1700, post 79 frå kap. 1760, post 45. Det opprinnelige beløpet på 280 mill. kroner er noko redusert grunna utgifter Forsvarsmateriell har hatt i forbindelse med den opprinnelege donasjonen (6,0 mill. kroner).
Trening av ukrainsk personell
Samla reduserast kap. 1700, post 79, med 291,5 mill. kroner til trening av ukrainsk personell.
227,2 mill. kroner av desse midlane foreslåast omdisponert frå kap. 1700, post 79, til kap. 1720, post 01, knytt til trening av ukrainsk personell. Treninga omfattar mellom anna ein ekstra kontingent med fagutdanning av ukrainsk personell i Trøndelag (8,0 mill. kroner), utdanning og trening på NASAMS-luftvernsystem (omlag 60,7 mill. kroner), auka utgifter til Noregs bidrag til operasjon Interflex i Storbritannia (65,0 mill. kroner) og EUs treningsmisjon i Tyskland (70,0 mill. kroner), F-16-trening i Danmark (11,0 mill. kroner), trening på eksplosivrydding i Litauen (2,5 mill. kroner) og småbåttrening av ukrainsk personell (10,0 mill. kroner).
14,3 mill. kroner foreslåast omdisponert frå kap. 1700, post 79, til kap. 1760, post 01, for klargjering av F-16 fly for trening og utdanning av ukrainarar i Danmark.
50,0 mill. kroner foreslåast omdisponert frå kap. 1700, post 79, til kap. 1760, post 45, for materiellanskaffingar og andre utgifter i forbindelse med trening og utdanning av ukrainske pilotar på F-16 fly i Danmark.
Andre endringar
Samla reduserast kap. 1700, post 79, med 16,6 mill. kroner til andre utgifter i forbindelse med donasjonar og militær støtte til Ukraina.
Om lag 1,0 mill. kroner gjeld kap 1700, post 01, for å dekke auka utgifter for Forsvarsdepartementet, hovudsakeleg knytt til reise og meirarbeid i forbindelse med Ukraina-arbeidet. Desse er foreslått omdisponert frå kap 1700, post 79, til kap 1700, post 01.
5,0 mill. kroner er foreslått omdisponert til kap 1720, post 01, for å dekke viktig nærvær ved det internasjonale koordineringssenteret for trening og militær støtte til Ukraina i Wiesbaden, Tyskland.
Forsvarsmateriell bidrar med betydelege ressursar inn i Ukraina-arbeidet. Om lag 10,6 mill. kroner vert difor foreslått omdisponert frå kap. 1700, post 79, til kap. 1760, post 01, knytt til meirarbeid i og støtte til FMA i forbindelse med Ukraina-donasjonar.
Post 90 Kapitalinnskot, NATO innovasjonsfond
Posten dekker Noregs kapitalinnskot i NATO innovasjonsfond. Noregs del av fondet er fordelt med 65 pst. som lånetransaksjon og 35 pst. som ordinær utgift. Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 2,563 mill. kroner grunna utgiftsauke som følgje av valutaendringar. Midlane blir forvalta av Investinor for Forsvarsdepartementet.
Kap. 4700 Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2023 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
02 | IKT-verksemd, inntekter | 95 920 | 95 920 | 120 920 |
Post 02 IKT-verksemd, inntekter
Posten omfattar inntekter frå brukarbetaling for tilkopling til Nasjonalt BEGRENSET Nett og Nasjonalt HEMMELEG Nett. Løyvinga på posten er foreslått auka med 25,000 mill. kroner knytt til auka brukarbetaling for Nasjonalt BEGRENSA Nett. Netto meirinntekter fører til ein motsvarande auke av utgiftsramma på kap. 1700, post 22, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2023 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 5 505 151 | 6 116 620 | 6 141 235 |
47 | Nybygg og nyanlegg | 3 993 600 | 4 012 512 | 4 147 162 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten omfattar utgifter knytt til forvaltning, drift, vedlikehald, utskiftingar og utvikling av forsvarssektoren sin portefølje for eigedom, bygg og anlegg (EBA). Videre omfattar posten mellom annet utgifter til miljøtiltak, beredskapsarbeid, tilrettelegging for allmenn verneplikt og oppdrag som blir gjennomført for andre verksemder. I denne proposisjonen vert det foreslått endringar i inntekter og utgifter for tenester som Forsvarsbygg leverer. Endringar i utgiftene eller inntektene for desse tenestene medfører som utgangspunkt ei motsvarande endring i inntekts- eller utgiftsramma, ei såkalla parallelljustering. Netto meirinntekter fører til ein motsvarande auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt. Forsvarsdepartementet foreslår òg reduserte utgifter knytt justert tidspunkt for overføring av reinhaldsfunksjonane i Forsvaret til Forsvarsbygg. Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 24,615 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
221,350 mill. kroner knytt til auka etterspurnad frå Forsvaret for tilleggstenester frå Forsvarsbygg. Utgiftene har ei motsvarande inntektsside, jf. inntektsauke på kap. 4710, post 01.
125,955 mill. kroner knytt til auka inntekter frå husleige, basert på Forsvarsbygg sin leigemodell. Utgiftene har ei motsvarande inntektsside, jf. inntektsauke på kap. 4710, post 01.
13,476 mill. kroner knytt til endra framdrift i fleire prosjekt i NATO sitt investeringsprogram for tryggleik. Det omfattar prosjekt Stavanger – Augment the JWC Training and Exercise Capability (5,4 mill. kroner), fleire prosjekt i tidleg fase (5,1 mill. kroner) og netto auke i ulike prosjekt (3 mill. kroner). Utgiftene har ei motsvarande inntektsside, jf. inntektsauke på kap. 4710, post 01.
10,518 mill. kroner knytt til auka inntekter som følgje av brukardefinert utvikling av forsvarssektorens EBA, deriblant nye avtalar og justerte prognosar på eksisterande prosjekt. Utgiftene har ei motsvarande inntektsside, jf. inntektsauke på kap. 4710, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
318,717 mill. kroner knytt til reduserte inntekter grunna lågare prognose for vidaresal av forsyningstenester, hovudsakeleg straum. Utgiftsreduksjonen har ei motsvarande inntektsside, jf. inntektsreduksjonen på kap. 4710, post 01.
23,592 mill. kroner knytt til reduksjon i oppdragsfinansierte inntekter, i hovudsak grunna endra framdrift i prosjekt som blir gjennomført for Justis- og beredskapsdepartementet. Utgiftsreduksjonen har ei motsvarande inntektsside, jf. inntektsreduksjon på kap. 4710, post 01.
4,375 mill. kroner knytt til justert tidspunkt for overføring av reinhaldsfunksjonane i Forsvaret til Forsvarsbygg, jf. utgiftsauke og omtale av saka på kap. 1720, post 01.
Post 47 Nybygg og nyanlegg
Posten omfattar investeringar i EBA som i hovudsak følger av prioriteringar i langtidsplanen. Dette inkluderer EBA til materiellprosjekt. Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 134,650 mill. kroner. I revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2023 vert det løyva 167,3 mill. kroner til Forsvaret for å gjennomføra tiltak på Andøya. Tiltaka skal frigjera areal for å leggja til rette for sivil næringsverksemd og betra evna til å støtta alliert mottak i nord. Om lag 134,7 mill. kroner av løyvinga er knytt til investeringsbehov i EBA på Andøya, og midlane er difor foreslått omdisponert frå Forsvaret på kap. 1720, post 01.
Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2023 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 4 765 741 | 4 847 779 | 4 876 769 |
47 | Sal av eigedom | 557 000 | 634 000 | 648 000 |
Post 01 Driftsinntekter
Posten omfattar inntekter knytt til mellom anna forvaltning, drift, vedlikehald, utskiftingar og utvikling av EBA i forsvarssektoren, og oppdrag som vert gjennomført for andre verksemder, med motsvarande utgifter på kap. 1710, post 01. Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 28,990 mill. kroner. Meirinntektene fører med seg ein motsvarande auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Posten er foreslått auka med:
221,350 mill. kroner knytt til auka etterspurnad frå Forsvaret for tilleggstenester frå Forsvarsbygg.
125,955 mill. kroner knytt til auka inntekter for husleige, basert på Forsvarsbygg sin leigemodell.
13,476 mill. kroner knytt til endra framdrift i prosjekt i NATO sitt investeringsprogram for tryggleik. Det omfattar prosjekt Stavanger – Augment the JWC Training and Exercise Capability (5,4 mill. kroner), fleire prosjekt i tidleg fase (5,1 mill. kroner) og netto auke i ulike prosjekt (3 mill. kroner).
10,518 mill. kroner knytt til auka inntekter som følgje av brukardefinert utvikling av EBA i forsvarssektoren, deriblant nye avtalar og justerte prognosar på eksisterande prosjekt.
Posten er foreslått redusert med:
318,717 mill. kroner knytt til reduserte inntekter grunna lågare prognose for vidaresal av forsyningstenester, hovudsakeleg straum.
23,592 mill. kroner knytt til reduksjon i oppdragsfinansierte inntekter, i hovudsak grunna endra framdrift i prosjekt som blir gjennomført for Justis- og beredskapsdepartementet.
Post 47 Sal av eigedom
Posten omfattar netto inntekter frå sal av fast eigedom. Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 14,000 mill. kroner. 9,5 mill. kroner er knytt til høgare innbetaling av leige for militær infrastruktur i tilknyting til Bodø lufthamn. 4,5 mill. kroner er knytt til betre prisar enn forventa for Forsvarsbygg sine salsobjekt. Netto meirinntekter inneber ein motsvarande auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt. Forsvarsdepartementet foreslår at meirinntektene nyttast under kap. 1760, post 45, for å handtere utgiftsauka i sektoren.
Kap. 1716 Forsvarets forskingsinstitutt
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2023 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
51 | Tilskott til Forsvarets forskingsinstitutt | 252 010 | 266 254 | 290 854 |
Post 51 Tilskott til Forsvarets forskingsinstitutt
Tilskottet til FFI består av basisfinansiering, samt tilskott til hav- og miljøkartlegging, identifikasjonslaboratorium og tverrfagleg forsking på personell og kompetanse i forsvarssektoren. Basisfinansieringa bidreg til å oppretthalde FFIs grunnforsking, og er ein føresetnad for å utvikle og bevara kompetanse som nyttast i kundefinansierte oppdrag på høgare teknologiske område.
Ekstremværet Hans gjorde skader på FFIs lokalar på Kjeller. Utgiftene til utbetring av desse skadane er berekna til 18 mill. kroner i 2023. FFI har også auka utgifter til drivstoff for forskingsfartøyet H.U. Sverdrup II, på 3,6 mill. kroner. I tillegg er det foreslått å handtere auka utgifter grunna endra straumprisar på 3,0 mill. kroner.
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 24,600 mill. kroner.
Kap. 1720 Forsvaret
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2023 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 35 432 556 | 37 860 970 | 40 224 972 |
71 | Overføring til andre | 44 305 | 41 183 | 41 583 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker drift av Forsvaret, ekskl. Etterretningstenesta. For å oppretthalde forsvarsevna og ambisjonane i inneverande langtidsplan foreslår Regjeringa at auka utgifter vert handtert dels gjennom ei omdisponering av midler frå investering til drift og dels gjennom tilleggsløyving. Forslaget inneheld endringar for å handtere store utgiftsaukar knytt til valuta, drivstoff og pensjon. I tillegg er nokre av dei største endringane knytt til den militære støtta til Ukraina, samt bistand frå Forsvaret til hendingane i Tyrkia og Sør-Sudan. Ut over dette inneheld løyvingsforslaget i hovudsak endringar av teknisk karakter.
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 2 364,002 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
738,518 mill. kroner knytt til militær støtte til Ukraina jf. endringane beskriva i pkt. 1.4 og under kap. 1700, post 79.
704,810 mill. kroner knytt til auka utgifter grunna valutaendringar.
622,506 mill. kroner knytt til auka pensjonsutgifter. I 2022 vart det innført ein ny hendingsbasert og verkemdsspesifikk premiemodell for pensjon for statlege verksemder. Frå 2022 til 2023 har det oppstått auka utgifter knytt til pensjon i Forsvaret og Forsvarsmateriell.
440,008 mill. kroner knytt til auka utgifter som følgje av høgare prisar på drivstoff.
21,725 mill. kroner knytt til Forsvarets bistand ved alvorlege hendingar i utlandet, mellom anna særskilt støtte frå Luftforsvaret med transportfly C-130J Hercules.
15,372 mill. kroner knytt til oppgjer med Redningshelikoptertenesta etter innføringa av ny nøkkel for berekning av utgifter for gjenbruk og returpliktig materiell i 2022.
14,650 mill. kroner knytt til ei mindre utgiftsauke frå endringane i revidert nasjonalbudsjett 2023 som følgje av ny prognose for energiprisar.
4,375 mill. kroner knytt til justert tidspunkt for overføring av renholdsfunksjonane i Forsvaret til Forsvarsbygg. Dette samlikna med det som var lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2023, og Forsvaret har difor hatt utgifter i perioden som det var lagt til grunn at Forsvarsbygg ville handtere. Deler av løyvinga til Forsvarsbygg foreslåast difor tilbakeført til Forsvaret.
2,000 mill. kroner slik at Forsvarets avdeling for regelverk og dokumentasjonsforvalting kan skaffe ei databaseløysing for forsvarleg lagring av digitale arkivalia etter Forsvarets deltaking i internasjonale operasjonar. Midlane er foreslått tilført Forsvaret i 2023 slik at Forsvaret kan inngå nødvendige avtaler før årsskiftet.
0,375 mill. kroner knytt til ei endra modell for gjennomføring av stabsskulen ved Forsvarets høgskole. Heiltidgjennomføring med beordring til Forsvaret i masterperioden medfører at lønnsutgiftene til studentane frå Forsvarsmateriell belastast Forsvarets kapittel.
0,277 mill. kroner knytt til utgiftsfordeling ved felles kjøp av IKT-utstyr ved Haakonsvern Orlogsstasjon. Utgiftsfordelinga inneber ei omdisponering mellom Forsvaret og Forsvarsmateriell.
Posten er foreslått redusert med:
149,650 mill. kroner av løyvinga i revidert nasjonalbudsjett til sikringstiltak ved Andøya der tiltaka er knytt til investeringsbehov. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane vert omdisponert til kap. 1710, post 47, og kap. 1760, post 45, jf. omtale på desse postane.
21,500 mill. kroner knytt til redusert aktivitet i Forsvaret ut 2023. Redusert aktivitet er eit nødvendig tiltak for å handtere auka utgifter i forsvarssektoren jf. omtale i pkt. 1.3.
16,000 mill. kroner knytt til innsparingstiltak ved å utsette innkjøp av drivstoff til 2024. Utsette innkjøp av drivstoff er eit nødvendig tiltak for å handtere auka utgifter i forsvarssektoren. Reduserte innkjøp i 2023 inneber også at meirbehovet på drivstoffutgifter vert redusert med om lag 9,5 mill. kroner i 2023, som gjer ein samla innsparing på 25,5 mill. kroner.
9,700 mill. kroner knytt til ekstraordinær arbeidsgivaravgift for tilsette ved Redningshelikoptertenesta som vart tildelt i revidert nasjonalbudsjett 2023. Løyvinga er foreslått overført til Justis og beredskapsdepartementets kap. 454, post 01.
4,100 mill. kroner knytt til bonusutbetaling for personell som gjer teneste i Redningshelikoptertenesta. Forsvarsdepartementet foreslår at lønnsutgiftene vert omdisponerte frå kap. 1720, post 01, til kap. 1791, post 01.
0,400 mill. kroner knytt til Norges Hjemmefrontmuseums tilskottsordning, jf. omtale under kap. 1720, post 71.
Post 71 Overføring til andre
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 0,4 mill. kroner.
Norges Hjemmefrontmuseum (NHM) støttar kvart år eksterne bokprosjekt for å bidra til utgjeving av vitskapelege og populærvitskapelege bøker om norsk forsvarshistorie og norsk okkupasjonshistorie, som er avhengig av produksjonsstønad for å kunne nå ut til eit større publikum. Omsøkte prosjekt skal tilfredsstille vitskapelege og faglitterære kriterium. I 2022 støtta NHM fem bokprosjekt. Tilskottsordningas formål og vedtekter for tildeling går fram av retningslinjer for disponering av billettinntekter frå NHM.
Forventa tilskott over ordninga er 400 000 kroner i 2023. Midlane vert omdisponert frå kap. 1720, post 01 til post 71, for betre å etterleve krava i økonomiregelverket.
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 0,400 mill. kroner.
Kap. 1760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2023 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 2 106 718 | 2 318 456 | 2 408 926 |
44 | Fellesfinansierte investeringar, nasjonal finansiert del | 147 690 | 152 328 | 97 028 |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald | 21 296 264 | 22 791 761 | 22 407 201 |
48 | Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del | 470 000 | 470 000 | 206 700 |
75 | Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik | 123 208 | 125 840 | 192 953 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker utgiftene til å drifte etaten Forsvarsmateriell, utgifter til å gjennomføre materiellanskaffingsprosjekter og utgifter knytt til materiellforvaltning i forsvarssektoren.
Dei føreslegne endringane omhandlar i hovudsak auka utgifter i samband med donasjon av materiell til Ukraina, auka utgifter knytt til avhendinga av materiell, og handteringa av utgifter til energi.
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 90,470 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
51,452 mill. kroner knytt til utgifter i samband med donasjon av materiell til Ukraina. Utgifta er knytt til overtid, utgifter til konsulenttenester medrekna arbeid i samanheng med trening av ukrainske pilotar på F-16, og at det for donasjon av ambulansebusser vart naudsynt å kjøpe nye i staden for brukte som var opphaveleg plan. Sjå omtale av den norske militære støtta til Ukraina under pkt. 1.4 og kap. 1700, post 79.
26,678 mill. kroner knytt til auka utgifter for avhendingsverksemda i Forsvarsmateriell, som har hatt lågare netto avhendingsinntekter enn budsjettert jf. fullmakta om nettobudsjettering av salsomkostningar. Det vert no arbeide med framtidig sal av større system som skal ut av forsvarssektoren som kystvaktskip, P-3 Orion m.v. Det er viktig at dette arbeidet fortsett uavbrote for å legge til rette for framtidige salsinntekter. Forsvarsdepartementet foreslår utgiftene vert handtert gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
18,015 mill. kroner. Nasjonal tryggingsmyndigheit har midlar for FoU-relaterte investeringar på kap. 1760, postane 01 og 45. Det er behov for ei intern omfordeling mellom postane for å tilpasse løyvingane etter utgiftsart. Endringane er av teknisk karakter.
17,477 mill. kroner knytt til auka utgifter for Forsvarsmateriell etter innføring av ny pensjonspremiemodell. Sjå omtale av saka under pkt. 1.3 og på kap. 1720, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
22,500 mill. kroner knytt til mindreutgifter som følgje av redusert forbruk og energiprisar. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane vert omdisponerte frå posten til kap. 1760, post. 45.
0,375 mill. kroner knytt til ei endra modell for gjennomføring av stabsskulen ved Forsvarets høgskole. Heiltidgjennomføring med beordring til Forsvaret i masterperioden fører til at lønnsutgiftene til studentane frå Forsvarsmateriell belastast Forsvarets kapittel. Dette inneber ei redusert utgift på kap. 1760, post 01, med motsvarande auke av utgifter på kap. 1720, post 01. Endringa er av teknisk karakter.
0,277 mill. kroner knytt til utgiftsfordeling ved felles kjøp av IKT-utstyr ved Haakonsvern Orlogsstasjon. Utgiftsfordelinga innebær ei omdisponering mellom Forsvaret og Forsvarsmateriell. Endringa er av teknisk karakter.
Post 44 Fellesfinansierte investeringar, nasjonal finansiert del
Posten dekker dei nasjonale utgiftene knytt til gjennomføring av NATO sitt investeringsprogram for tryggleik, og prefinansiering av NATO-prosjekt i Noreg når dette er naudsynt.
Posten vert foreslått redusert med 55,300 mill. kroner som følgje av forsinka oppstart av fleire NATO-prosjekt, mellom anna prosjektet Restore Runway på Ørland samt utsett godkjenning av Maritime Capability Programme Plan.
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 55,300 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald
Posten omfattar utgifter til materiellanskaffingar til forsvarssektoren, inkludert nye kampfly med baseløysing som til og med 2020 vart løyva over kap. 1761, og fleirnasjonale investeringsprogram i NATO. Posten omfattar også utgifter til forskings- og utviklingsaktiviteter (FoU) og innovasjon. Investeringsmidlar kan også nyttast til tiltak for å redusere driftsutgifter, auke produktiviteten eller forbetre kvaliteten på leveransar innanfor vedtatt struktur og ambisjonsnivå.
Endringane på posten skuldas i hovudsak ei forventa meirinntekt frå NATO, utgifter til donasjon av materiell til Ukraina og ei justering av valuta for store investeringsprosjekt. Endringane på posten omfattar også handtering av utgiftsauke i forsvarssektoren, mellom anna auka utgifter til drivstoff og pensjon.
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 384,560 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
322,800 mill. kroner knytt til ei forventa meirinntekt frå NATO på kap. 4760, post 48. Inntekta skuldast fleire prefinansierte prosjekt som no er godkjend i NATO og som Noreg får refusjon for. Netto meirinntekter fører til ein motsvarande auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt. Dette svarer til den motsvarande situasjonen kor auka behov handterast gjennom omdisponeringar frå kap. 1760, post 45.
90,000 mill. kroner knytt til donasjon av militært materiell til Ukraina, jf. omtale under pkt. 1.4 og kap. 1700, post 79.
81,244 mill. kroner knytt til valutajustering for investeringsprosjekta over 1 mrd. kroner. Endringa i valutaføresetnadene i budsjetterte utbetalingar i 2023 for store materiellprosjekt inneber forventa auka utgifter på til saman 2 016,956 mill. kroner i 2023. Med omsyn til valutajusteringa i saldert budsjett 2023 på 1 327,249 mill. kroner, og 608,463 mill. kroner i RNB 2023, foreslår Forsvarsdepartementet å valutajustere kap. 1760, post 45, med 81,244 mill. kroner. Valutajusteringa baserer seg på realiserte valutadifferansar til og med august 2023, pluss planlagde prosjekt med utbetaling til desember 2023 i utanlandsk valuta, gitt oppdaterte planar per 1. september 2023. Samla budsjetterte utbetalingar som vil bli valutajusterte i 2023 utgjer om lag 11,129 mrd. kroner. Hovudårsaka til auka utgifter skuldast i hovudsak dei samla valutaendringane på utbetalingar i prosjekta, men også nye prosjekt eller endra prosjekt som har kome inn under ordninga.
55,300 mill. kroner knytt til NATOs investeringsprogram for tryggleik, jf. omtale på kap. 1760, post 44. Forsvarsdepartementet foreslår at mindreutgifta vert omdisponert til kap. 1760, post 45, og bidreg til handtering av forsvarssektorens auka utgifter, grunna mellom anna auka drivstoff- og valutaprisar i 2023.
37,500 mill. kroner knytt til innsparingstiltak i Forsvaret, jf., omtale under pkt. 1.3 og på kap. 1720, post 01. Forsvarsdepartementet foreslår at mindreforbruket vert omdisponert til posten, og bidreg til handtering av forsvarssektorens auka utgifter, grunna mellom anna auka drivstoff- og valutaprisar i 2023.
15,000 mill. kroner knytt til løyvinga gitt til Forsvaret i revidert nasjonalbudsjett 2023 til sikringstiltak ved Andøya. Nokre av tiltaka i dette arbeidet knyter seg til alliert mottak og Andøya Space. Desse tiltaka inneber mellom anna materiellinvesteringar som først kjem til utbetaling over investeringsmidlane, og foreslåast derfor omdisponert frå Forsvaret.
14,100 mill. kroner knytt til mindreutgifta i NATOs investeringsprogram for tryggleik, jf. omtale på kap. 1760, post 48. Forsvarsdepartementet foreslår at mindreutgifta vert omdisponert til posten for å bidra til handtering av forsvarssektorens auka utgifter.
14,000 mill. skyldast meirinntekt jf. omtale på kap. 4710, post 47. Forsvarsdepartementet foreslår at meirinntekta vert omdisponert til kap. 1760, post 45, og bidreg til handtering av forsvarssektorens auka utgifter, grunna mellom anna drivstoff- og valutaprisar i 2023.
4,850 mill. kroner knytt til samla mindreutgift for energi i forsvarssektoren samanlikna med føresetnadane i revidert nasjonalbudsjett for 2023. Forsvarsdepartementet foreslår at mindreforbruket vert omdisponert til posten, og bidreg til handtering av forsvarssektorens auka utgifter, grunna mellom anna drivstoff- og valutaprisar i 2023.
Posten er foreslått redusert med:
890,101 mill. kroner knytt til handtering av forsvarssektorens auka utgifter.
67,113 mill. kroner knytt til NATOs investeringsprogram for tryggleik. NATOs samla prognose for innbetalingar er høgare enn fyrst meld, noko som inneber at Noregs del vert høgare enn budsjettert. Auka utgifter på kap. 1760, post 75, er foreslått dekka inn gjennom ein motsvarande reduksjon på kap. 1760, post 45.
26,678 mill. kroner knytt til auka utgifter i den ordinære avhendingsverksemda. Utgiftene skuldast at netto inntekter frå salet ikkje er tilstrekkelege i 2023 til å dekka auka avhendingsutgifter, jf. fullmakta om nettobudsjettering av salsomkostningar. Forsvarsdepartementet foreslår at utgiftene vert dekka gjennom ei omdisponering frå posten til kap. 1760, post 01.
18,015 mill. kroner knytt til at Nasjonal tryggingsmyndigheit har midlar for FoU-relaterte investeringar på kap. 1760, postane 01 og 45. Det er behov for ei intern omfordeling mellom postane for å tilpasse løyvingane etter utgiftsart. Endringa er av teknisk karakter. Forsvarsdepartementet foreslår derfor ei omdisponering til kap. 1760, post 01.
11,982 mill. kroner knytt til ei rammeoverføring til Justis- og beredskapsdepartementet for handtering av auka utgifter i Redningshelikoptertenesta. Rammeoverføringa er grunna auka lønns- og pensjonsutgifter i Forsvaret etter lønnsoppgjeret for 2023.
3,865 mill. kroner knytt til auka utgifter til reise og overtid i Forsvarsdepartementet, jf. omtale under kap. 1700, post 01. Forsvarsdepartementet foreslår difor ei omdisponering til kap. 1700, post 01.
1,600 mill. kroner knytt til internasjonale stillingar som formannskap i NATOs investeringskomité og til stilling ved NATOs Climate Change and Security Center of Excellence. Forsvarsdepartementet foreslår ei omdisponering til kap. 1700, post 01.
Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del
Posten dekker fellesfinansierte del av NATOs investeringsprogram for tryggleik i Norge. Utgiftene refunderast frå NATO, ut frå forventa framdrift og forbruk i godkjente prosjekter, og føres til inntekt på kap. 4760, post 48.
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 263,300 mill. kroner knytt til forseinking i fleire NATO-prosjekt pågåande i Norge. Dette gjeld mellom anna prosjektet Restore Runway på Ørland og utsett godkjenning av Maritime Capability Programme Plan i NATO. Reduserte utgifter på kap. 1760, post 48 har ein motsvarande redusert inntekt på kap. 4760, post 48.
Post 75 Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskot til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik
Posten dekker Noreg sitt tilskot til dei fellesfinansierte investeringane i NATO.
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 67,113 mill. kroner knytt til NATOs investeringsprogram for tryggleik. NATOs samla prognose er høgare enn budsjettert, noko som medfører at Noreg si del vert høgare. Auka utgifter er foreslått handtert gjennom ein motsvarande reduksjon på kap. 1760, post 45.
Kap. 4760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2023 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
48 | Fellesfinansierte investeringar, inntekter | 470 000 | 470 000 | 543 600 |
Post 48 Fellesfinansierte investeringar, inntekter
Posten gjeld refusjonar frå NATO i samband med NATOs investeringsprogram for tryggleik i Noreg. Inntektene vert justert kvart år ut frå forventa framdrift og forbruk i godkjente prosjekter. Inntektene på post 48 er i hovudsak knytt til refusjon av utgifter på kap. 1760, post 48. Refusjon frå NATO på prosjekter som er prefinansiert vil også bli førte til inntekt på kap. 4760, post 48.
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 73,600 mill. kroner. Posten er foreslått auka med 322,8 mill. kroner knytt til fleire prefinansierte prosjekt som no er godkjend i NATO og som Noreg får refusjon for. Meirinntekta på kap. 4760, post 48 vert foreslått nytta til å handtere økte utgifter i forsvarssektoren, med ein motsvarande utgiftsauke på kap. 1760, post 45, sjå også omtale der. Samstundes er posten redusert med 249,2 mill. kroner knytt til forseinking i fleire NATO-prosjekt pågåande i Norge. Dette gjeld mellom anna prosjektet Restore Runway på Ørland og utsett godkjenning av Maritime Capability Programme Plan i NATO. Reduserte inntekter på kap. 4760, post 48, har ein motsvarande redusert utgift på kap. 1760, post 48.
Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2023 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 703 934 | 746 778 | 788 135 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten gjeld drift av Redningshelikoptertenesta. Justis- og beredskapsdepartementet er fag- og budsjettansvarleg departement for Redningshelikoptertenesta. Forsvarsdepartementet med underliggande etatar har system- og operatøransvaret.
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 41,357 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
30,947 mill. grunna justeringar frå Justis- og beredskapsdepartementet, hovudsakeleg grunna den ekstraordinær priskompensasjonen i revidert nasjonalbudsjett, samt Forsvarets del av Justis- og beredskapsdepartementet si lønnskompensasjon. I tillegg er der ei justering grunna auka utgifter til drivstoff, materielldrift og vakttillegg. Desse endringane er i høve til endringa på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 454. Utgiftsauken har ein motsvarande auke på inntektskapittelet.
11,982 mill. kroner knytt til endra utgifter til pensjon i Forsvaret etter lønnsoppgjeret for 2023. Auka har ei motsvarande auke på inntektskapittel.
9,700 mill. kroner knytt til endra sats på arbeidsgivaravgift på lønn over 750 000 kroner. Auka har ei motsvarande auke på inntektskapittel.
4,100 mill. kroner knytt til bonusutbetaling for personell tenestegjerande i Redningshelikoptertenesta. Utgiftene til lønn vert omdisponert frå Forsvaret til Redningshelikoptertenesta. Auken har ein motsvarande reduksjon på kap. 1720, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
15,372 mill. kroner knytt til berekning av netto innlevert gjenbruk- og returpliktig materiell, der utgiftene ved avrekning treff Forsvaret under kap. 1720, post 01. Forslag til reduksjon har ein motsvarande auke på kap. 1720, post 01.
Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2023 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 591 001 | 637 301 | 689 930 |
Post 01 Driftsinntekter
Posten gjeld inntekter som vert belasta Justis- og beredskapsdepartementet for drift av redningshelikoptertenesta.
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 52,629 mill. kroner:
30,947 mill. kroner grunna justeringer frå Justis- og beredskapsdepartementet, hovudsakeleg grunna den ekstraordinær priskompensasjonen i revidert nasjonalbudsjett, samt Forsvarets del av Justis- og beredskapsdepartementet si lønnskompensasjon. I tillegg er der ei justering grunna auka utgifter til drivstoff, materielldrift og vakttillegg. Desse endringane er i høve til endringa på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 454. Inntektsauken har ein motsvarande utgiftsauke på kap. 1791, post 01.
11,982 mill. kroner knytt til endra utgifter til pensjon i Forsvaret etter lønnsoppgjeret i 2023. Inntektsauken har ein motsvarande utgiftsauke på kap. 1791, post 01.
9,700 mill. kroner knytt til endra sats på arbeidsgivaravgift på lønn over 750 000 kroner. Inntektsauken har ein motsvarande utgiftsauke på kap. 1791, post 01.