3 Interne endringar på kap. 1720 Forsvaret
Tabellen under viser interne endringar på avdelingar under kap. 1720 Forsvaret foreslått av forsvarssjefen (FSJ) i omgrupperinga i tillegg til fordeling av lønnskomp 2 for 2023. I samband med ny kapittelstruktur på forsvarsbudsjettet frå 2021, der alle forsvarsgreinene og andre sjølvstendige avdelingar i Forsvaret, med unntak av kap. 1735 Etterretningstenesta og kap. 1791 Redningshelikoptertenesta, blei samla under nytt kap. 1720 Forsvaret, vert Stortinget informert om dei største endringane internt på kapitelet. Endringane beskrivast på ei avdeling.
(i 1 000 kr.) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Driftseining | FSJs plan 2023 | FSJs plan Prop. 44 S (2022–2023) | FSJs plan Prop. 118 S (2022–2023) | FSJs plan Lønnskomp 2 for 2022 | Foreslått endring omgrp. | Samla tildeling |
Cyberforsvaret | 1 983 606 | 581 773 | 34 357 | 59 239 | 2 658 975 | |
Forsvarsstaben og Forsvarets fellestenester | 1 871 980 | -347 838 | 52 031 | -613 063 | 962 911 | |
Forsvarets høgskole | 889 187 | 20 114 | 15 870 | 44 323 | 969 494 | |
Forsvarets logistikkorganisasjon | 2 818 163 | 230 000 | 690 877 | 37 669 | 880 785 | 4 647 494 |
Forsvarets operative hovedkvarter | 974 206 | -13 895 | 12 415 | 25 638 | 998 364 | |
Forsvarets personell- og vernepliktssenter | 1 195 814 | -1 949 | 111 027 | 86 095 | 1 390 987 | |
Forsvarets spesialstyrker | 1 103 575 | 117 000 | -9 064 | 34 636 | 75 496 | 1 321 643 |
Forsvarets sanitet | 399 847 | 543 | 10 545 | 21 283 | 432 218 | |
Heimevernet | 1 736 248 | 536 530 | 29 433 | 157 277 | 2 459 488 | |
Hæren | 7 125 979 | -52 154 | 113 240 | 299 382 | 7 486 447 | |
Luftforsvaret | 8 054 812 | 2 548 | 106 789 | 848 766 | 9 012 915 | |
Sjøforsvaret | 5 115 007 | 120 735 | 60 192 | 309 720 | 5 605 654 | |
Norske styrker i utlandet | 773 934 | – | 33 609 | 807 543 | ||
Kystvakten | 1 390 198 | -78 846 | 13 836 | 135 452 | 1 460 460 | |
Sum kap. 1720 | 35 432 556 | 347 000 | 1 449 374 | 632 040 | 2 364 002 | 40 224 972 |
3.1 Interne endringar
3.1.1 Hæren
20,501 mill. kroner – Anskaffing av fem girkasser til CV90. Midlar vert fordelte frå Forsvarets logistikkorganisasjon.
17,564 mill. kroner – Kompensasjon for endra arbeidsgivaravgift på lønn over 750 000 kr
11,924 mill. kroner – Midlertidige reinhaldsavtaler i tilknyting til tilbakeføring av reinhaldsteneste.
10,500 mill. kroner – Hærens støtte til donasjon av Leo stridsvogn til Ukraina. Midlar vert fordelte frå Forsvarets logistikkorganisasjon.
3.1.2 Sjøforsvaret
64,960 mill. kroner – Økte prisar for drivstoff til Sjøforsvarets fartøy
25,773 mill. kroner – Kompensasjon for endra arbeidsgivaravgift på lønn over 750 000 kr
3.1.3 Luftforsvaret
72,051 mill. kroner – Økte kostnader som følgje av høge valutakursar på driftsanskaffingar
33,248 mill. kroner – Kompensasjon for endra arbeidsgivaravgift på lønn over 750 000 kr
8,978 mill. kroner – Midlertidige reinhaldsavtaler i tilknyting til tilbakeføring av reinhaldsteneste.
3.1.4 Heimevernet
8,353 mill. kroner – Ny nøkkel for berekning av utgifter knytt til gjenbruk og returpliktig materiell. Midlar vert fordelte frå Forsvarets logistikkorganisasjon.
6,788 mill. kroner – Kompensasjon for endra arbeidsgivaravgift på lønn over 750 000 kr
5,499 mill. kroner – Midlertidige reinhaldsavtaler i tilknyting til tilbakeføring av reinhaldsteneste.
3.1.5 Resterande driftseiningar på kapittel 1720
632,040 mill. kroner – Total lønnskomp 2 for Forsvaret. Denne er fordelt på avdelingar iht. tabellen over
19,000 mill. kroner – Overføring til Forsvarets logistikkorganisasjon frå Forsvarsstaben for tiltak innan modernisering og effektivisering knytt til forsyningsprosjekt.
18,000 mill. kroner – Konsulenttenester til støtte for modernisering og effektivisering.
15,933 mill. kroner – Overføring av Forsvarets veteranteneste frå Forsvarets fellestenester til Forsvarets personell- og vernepliktssenter
13,935 mill. kroner – Ny nøkkel for berekning av utgifter knytt til gjenbruk og returpliktig materiell. Midlar vert fordelte frå Forsvarets logistikkorganisasjon.
13,876 mill. kroner – Overføring for opprettelse av Forsvarets økonomisenter. Midlane vert fordelte til Forsvarets fellestenester frå dei andre driftseiningane.
11,506 mill. kroner – Kompensasjon til Forsvarets logistikkorganisasjon for endra arbeidsgivaravgift på lønn over 750 000 kr
10,000 mill. kroner – Fleire studentar gjennomfører vidaregåande offisersutdanning som ledd i styrking av bemanning.
10,000 mill. kroner – Overføring til Forsvarets personell- og vernepliktssenter frå Forsvarsstaben for tiltak innan modernisering og effektivisering knytt til HR-prosjektet «Min side».
9,592 mill. kroner – Overføring for endra modell for gjennomføring av stabsstudiet ved Forsvarets høgskole. Studentar beordrast til fulltid skriving av masteroppgåve med lønn frå Forsvarets høgskole. Midlane vert fordelte til Forsvarets høgskole frå dei andre driftseiningane.
9,513 mill. kroner – Kompensasjon til Forsvarets personell- og vernepliktssenter for endra arbeidsgivaravgift på lønn over 750 000 kr
8,274 mill. kroner – Kompensasjon til Forsvarets spesialstyrkar for endra arbeidsgivaravgift på lønn over 750 000 kr
8,000 mill. kroner – Overføring for gjennomføring av insentivprosjektet «fleksibel arbeidsplass».
7,972 mill. kroner – Økte priser for drivstoff til kystvaktsfartøy
7,766 mill. kroner – Kompensasjon til Cyberforsvaret for endra arbeidsgivaravgift på lønn over 750 000 kr
7,185 mill. kroner – Teknisk overføring for utdanning av cyberteknikare ved Cyberforsvaret tidlegare handtert med horisontal samhandel. Midlane vert fordelte til Cyberforsvaret frå dei andre driftseiningane.
5,873 mill. kroner – Overføring av infrastruktur i Bodø frå Luftforsvaret til Forsvarets operative hovudkvarter.
5,400 mill. kroner – Overføring til Forsvarets logistikkorganisasjon frå Forsvarsstaben for tiltak innan modernisering og effektivisering knytt til forsyningsprosjekt.
-7,010 mill. kroner – Styrking av velferdstiltak ved lokale avdelingar gjennom 4T-ordninga. Avsette midlar vert fordelte frå Forsvarets personell- og vernepliktsenter til andre driftseiningar etter søknad.