2 Endringar i statsbudsjettet 2024
Kap. 1800 Energidepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 5,2 mill. kroner, til om lag 251,3 mill. kroner, som følge av eit anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærmare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til 28 mill. kroner. Reduksjonen er knytt til kulturminneundersøkingar i regulerte vassdrag i regi av Riksantikvaren og heng saman med at feltarbeidet i fleire av prosjekta har vore utfordrande på grunn av svært høg vasstand etter snøsmeltinga. Det planlagde arbeidet i 2024 er derfor redusert i fleire vassdrag.
Den delen av løyvinga som er knytt til kulturminneundersøkingane, utgjer etter dette 10 mill. kroner. Kulturminneundersøkingane er finansierte av sektoravgift for kulturminnevern i regulerte vassdrag, som blir inntektsført under kap. 5582, post 70 Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag.
Kap. 1810 Sokkeldirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 6,1 mill. kroner, til 352,9 mill. kroner, som følge av eit anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærmare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner, til 87,1 mill. kroner. Reduksjonen heng saman med forseinka framdrift i opptrappinga av digitaliseringsprogrammet i Sokkeldirektoratet.
Dette gjer det mogleg å redusere løyvinga og omdisponere reduksjonen for å dekke inn meirbehov under NVE. Vi viser til forslaget om å auke løyvinga til IKT-sikkerheitstiltak i NVE, jf. omtale under kap. 1820, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 17,5 mill. kroner, til om lag 916,5 mill. kroner, som følge av eit anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærmare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Departementet foreslår å auke løyvinga med 18,5 mill. kroner, til 109,5 mill. kroner.
Auken skal finansiere tiltak for å styrke IKT-sikkerheita i NVE. Tiltaka omfattar mellom anna system for sikkerheitskopiering med tilstrekkeleg datalagringskapasitet og sikring av at data er tilgjengelege.
Post 26 Reguleringsmyndigheita for energi
Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 2 mill. kroner, til om lag 83,2 mill. kroner, som følge av eit anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærmare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Post 76 Stønad til hushaldningskundar av nærvarmeanlegg, kan overførast
Løyvinga omfattar tilskot til stønad for ekstraordinære straumutgifter til hushaldskundar av nærvarmeanlegg som baserer seg på straum. Med utgangspunkt i gjennomførte utbetalingar så langt i 2024 og anslag ut året er dei forventa utbetalingane under stønadsordninga justerte ned i 2024. Anslaget er usikkert.
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, til 8 mill. kroner.
Kap. 1850 Klima, industri og teknologi
Post 70 Gassnova SF
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 12,5 mill. kroner, til 94,3 mill. kroner.
Reduksjonen heng saman med redusert konsulentbruk og vakansar. Departementet foreslår å omdisponere reduksjonen for å dekke inn behov for auka løyvingar til andre formål, jf. kap. 1820, post 21 Spesielle driftsutgifter, kap. 1850, post 75 Norwegian Energy Partners, og kap. 1860, post 01 Driftsutgifter.
Post 71 Teknologisenter Mongstad
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 24 mill. kroner, til 66 mill. kroner.
Reduksjonen heng saman med avrekning og tilbakebetaling av utgifter for 2023 på bakgrunn av ein reduksjon i den statlege eigardelen frå 74 pst. til 34 pst. og lågare kostnader i 2024.
Post 72 Langskip – fangst og lagring av CO2, kan overførast
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 300 mill. kroner, til 1 400 mill. kroner.
Reduksjonen heng i hovudsak saman med eit større forsikringsoppgjer for Northern Lights som har komme i 2024. Forsikringsoppgjeret gjeld erstatning for skadar og utbetringar som er oppstått i samband med bygginga av landfalltunellen for røyrleidninga frå landanlegg og ned til havbotnen og vidare ut til brønn.
Hafslund Celsio
Staten og Hafslund Celsio (Celsio) inngjekk avtale om finansiering av CO2-fangst på avfallsforbrenningsanlegget på Klemetsrud våren 2022, jf. Prop. 115 S (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022). Prosjektet blei finansiert av staten, Oslo kommune og Celsio. Staten forplikta seg til å bidra med 4,05 mrd. 2024-kroner, jf. Prop. 1 S (2024–2025).
Våren 2023 la Celsio fram ein ny kostnads- og usikkerheitsanalyse, der den forventa samla kostnaden for prosjektet hadde auka vesentleg sidan investeringsavgjerda blei tatt. Celsio sette derfor prosjektgjennomføringa på vent for å vurdere løysingar som ville redusere kostnadene. Selskapet la i august i år fram eit nytt prosjektgrunnlag, med planlagd ferdigstilling i 2029. Her har selskapet oppjustert dei forventa (P50) investeringskostnadene til om lag 8,4 mrd. 2024-kroner, mot om lag 5 mrd. kroner i 2022. P85-estimatet for investeringskostnadene er om lag 9,5 mrd. 2024-kroner. Dei årlege driftskostnadene er no estimerte til 311 mill. 2024-kroner.
For å vurdere modnaden i prosjektet har Energidepartementet og Finansdepartementet fått ein ekstern kvalitetssikrar til å gjere ein supplerande analyse av prosjektet. Den eksterne kvalitetssikraren påpeikar at det framleis er betydeleg risiko i prosjektet og at kostnadsestimata er for låge. Vurderinga er at prosjektet er noko umodent, særleg når det gjeld kostnads- og framdriftsanalysen, men at det er modent nok til at staten kan avgjere no kor mykje staten maksimalt skal vere med å finansiere. Det føreset at den økonomiske forpliktinga til staten i prosjektet er ein fastsett storleik, og at Celsio arbeider vidare på område som er påpeika i analysen til den eksterne kvalitetssikraren og av Gassnova. Gassnova si vurdering er at det ikkje finst føresetnader eller manglar i prosjektet som kan sette ein stoppar for at det startar opp igjen, men at kostnadsusikkerheita i prosjektet er −20/+30 prosent. Selskapet sjølv legg til grunn ei kostnadsusikkerheit på −15/+20 prosent. Gassnova meiner også at det er plan- og kostnadsrisiko knytt til vidare modning av design og leverandøravtalar, og at Celsio bør jobbe vidare med styringssystemet for prosjektgjennomføringa.
Eit vellykka prosjekt vil ha stor demonstrasjonsverdi for CO2-fangst i avfallsforbrenning i Noreg og internasjonalt. I drift vil prosjektet fange inntil 350 000 tonn CO2 årleg, fordelt om lag likt på fossile og biogene1 kjelder. Regjeringa ønsker derfor å legge til rette for at prosjektet blir gjennomført.
For å bidra til å dekke det auka finansieringsgapet for prosjektet foreslår departementet endringar i tilskotsavtalen som er inngått, og at det maksimale finansielle bidraget frå staten aukar frå 4,05 til 4,4 mrd. 2024-kroner. Beløpet vil bli pris- og valutajustert i åra som kjem. Kostnadsauken for staten er knytt til utgifter til å forlenge tilskot til kjøp av transport- og lagerkapasitet fordi det er kort tid igjen av avtalen som er inngått med transport- og lageroperatøren Northern Lights. I tillegg kjem renteeffektar.
I den noverande tilskotsavtalen mellom staten og Celsio er det regulert ei tilleggsstøtte for fanga CO2 som ikkje er kvotepliktig. Tilleggsstøtta tilsvarar kvoteprisen per tonn CO2 fråtrekt forbrenningsavgifta og eventuelle inntekter frå sal av kredittar, sertifikat eller liknande for fangst av biogen CO2. Regjeringa foreslår å fjerne frådraget for eventuelle inntekter frå sal av slike kredittar eller sertifikat. Med den noverande avtalen har selskapet tilnærma ingen insentiv for å skaffe seg slike inntekter. Med dagens kvotepris på om lag 70 euro per tonn, vil tilleggstilskotet utgjere om lag 140 mill. kroner i året i driftsfasen ved full kapasitetsutnytting. Tilleggstilskotet kan bli vesentleg høgare eller lågare, avhengig av mellom anna utviklinga i kvoteprisen.
Selskapet har fleire insentiv for å ferdigstille prosjektet og sette det i drift utan forseinkingar. Mellom anna vil driftstilskotet, sparte CO2-kostnader og mogleg sal av kredittar eller liknande for fangst av biogen CO2 bli skyvde fram i tid ved forseinkingar, noko som har negativ effekt på prosjektøkonomien til selskapet. For å styrke insentiva for selskapet og redusere den økonomiske risikoen for staten, har departementet blitt einig med selskapet om at 500 mill. 2022-kroner av investeringstilskotet blir gjorde om til eit oppstartstilskot, som blir utbetalt når fangstanlegget startar opp. Fangstprosjektet skal etter planen ferdigstillast i mai 2029. I tillegg er partane einige om at 300 mill. 2022-kroner av driftstilskotet blir gjorde om til eit oppstartstilskot med dagleg nedtrapping ved forseinking. Frå og med 1. oktober 2029 blir denne delen av oppstartstilskotet trappa ned for kvar dag ferdigstillinga av fangstprosjektet blir forseinka. Dei første 6 månadene er nedtrappinga 0,5 mill. kroner per dag. Deretter, frå og med 1. april 2030, er nedtrappinga 1 mill. kroner per dag. I den reviderte tilskotsavtalen blir det også presisert at staten ikkje skal bidra med ytterlegare tilskot eller risikoavlasting ved kostnadsoverskriding.
Bystyret i Oslo har godkjent investeringsavtalen for prosjektet mellom kommunen og selskapet. Selskapet legg opp til ei endeleg investeringsavgjerd innan januar. Departementet vil drøfte endringane i tilskotsavtalen med EFTAs overvakingsorgan, ESA.
Departementet foreslår å auke den maksimale kostnadsramma (P85) og anslaget på forventa statlege tilskot frå 4,05 mrd. 2024-kroner til maksimalt 4,4 mrd. 2024-kroner, der investeringstilskot utgjer 2,0 mrd. 2024-kroner, oppstartstilskot utgjer 0,9 mrd. 2024-kroner og driftstilskot utgjer 1,5 mrd. 2024-kroner, jf. forslag til vedtak. I den reviderte tilskotsavtalen er det føresett pris- og valutajusteringar av investeringstilskotet, pris- og straumprisjustering av driftstilskotet og prisjustering av oppstartstilskotet, jf. forslag til vedtak. Den delen av investeringstilskotet som blir foreslått gjort om til oppstartstilskot, vil i tillegg bli renteberekna, jf. forslag til vedtak.
Med bakgrunn i forslag til endringar i tilskotsavtalen som er inngått med Celsio, er den samla pris- og valutajusterte styringsramma (P50) for bygging og ti års drift av lager og dei to fangstanlegga i Langskip oppjustert til om lag 34 mrd. 2024-kroner. Det statlege bidraget (P50) til etablering og drift er anslått til om lag 22 mrd. 2024-kroner utan tilleggsstøtte for fanga CO2 som ikkje er kvotepliktig.
Post 75 Norwegian Energy Partners
Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, til 28,9 mill. kroner.
Auken heng saman med prosjektet Lower Emission, som skal bidra til auka eksport av norske lågutsleppsløysingar, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Energidepartementet. Prosjektet føreset medfinansiering frå næringa og skal sikre fleire internasjonale kontraktar til norske bedrifter som leverer teknologi og tenester som reduserer klimautsleppa og energibehovet i den internasjonale petroleumsverksemda og globale prosessindustrien.
Kap. 1860 Havindustritilsynet
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21
Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 11 mill. kroner, til om lag 360,3 mill. kroner.
Av auken heng 4 mill. kroner saman med kostnader til prosjektering, ombygging av lokale og klargjering av ei verna sone for å handtere gradert informasjon og vareta oppfølging av sikkerheitslova innanfor eigen sektor. Dei samla kostnadene er anslått til 28 mill. kroner. Det resterande beløpet blir dekt innanfor den gjeldande budsjettramma og den foreslåtte auka løyvinga i 2025, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Energidepartementet.
Vidare foreslår departementet å auke løyvinga med om lag 7 mill. kroner som følge av eit anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærmare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 4810 Sokkeldirektoratet
Post 01 Gebyrinntekter
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,2 mill. kroner, til 26,5 mill. kroner.
Reduksjonen heng i hovudsak saman med færre søknader i samband med tildelingar i førehandsdefinerte område på norsk kontinentalsokkel (TFO-søknader) og redusert tilsynsverksemd.
Kap. 4860 Havindustritilsynet
Post 01 Gebyrinntekter
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2,4 mill. kroner, til 83,4 mill. kroner.
Reduksjonen heng saman med ei forskyving av ressursbruk frå gebyraktivitetar retta mot enkeltaktørar til aktivitetar retta mot grupper i næringa, der aktiviteten er finansiert av sektoravgifter, jf. kap. 5582, post 75 Sektoravgifter under Havindustritilsynet.
Kap. 5582 Sektoravgifter under Energidepartementet
Post 75 Sektoravgifter under Havindustritilsynet
Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 5 mill. kroner, til 140 mill. kroner.
Auken heng i hovudsak saman med ei forskyving av ressursbruk frå gebyraktivitetar retta mot enkeltaktørar til aktivitetar retta mot grupper i næringa, der aktiviteten er finansiert av sektoravgifter, jf. kap. 4860, post 01 Gebyrinntekter. I tillegg hadde Havindustritilsynet eit høgt aktivitetsnivå mot slutten av 2023. Det bidrar ytterlegare til den berekna meirinntekta i 2024, ettersom innbetalingane for denne aktiviteten har komme i 2024.
Fotnotar
Biogene utslepp er utslepp frå forbrenning av biomasse. Utslepp av bio-CO2 blir rekna som null i klimagassrekneskapet. Fjerning av slike utslepp gjennom fangst og lagring inneber dermed såkalla negative utslepp.