3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda
Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Energidepartementet knytte til petroleumsverksemda.
Under gjer Energidepartementet greie for bruken av fullmakter sidan den førre rapporteringa.
3.1 Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel
Stortinget har samtykt i at Energidepartementet kan godkjenne prosjekt (planar for utbygging/anlegg og drift) på norsk kontinentalsokkel under desse føresetnadene, jf. fullmakt XV i Innst. 9 S (2023–2024):
-
Prosjektet må ikkje ha prinsipielle eller samfunnsmessige sider av betydning.
-
Den øvre grensa for dei samla investeringane per prosjekt er 15 mrd. kroner.
-
Kvart enkelt prosjekt må vise akseptabel samfunnsøkonomisk lønnsemd og vere rimeleg robust mot endringar i prisutviklinga for olje og naturgass.
Fullmakta er nytta ved desse høva:1
Draugen/Njord
Energidepartementet fekk 16. desember 2022 ein søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift (PAD) for kraft frå land til Draugen og Njord, 30. november 2022 ein søknad om endra plan for utbygging og drift (PUD) for Draugenfeltet og 15. desember 2022 ein søknad om endra PUD for Njordfeltet. Felta ligg i Norskehavet. Prosjektet inneber å erstatte turbindrift med drift basert på kraft frå land på felta. Det skal bidra til å redusere klimagassutslepp og til å auke produksjonen frå Draugenfeltet. Det skal byggast eit landanlegg med transformatorstasjon tilknytt kraftnettet på land. Vidare skal det gå ein kabel frå landanlegget til eit landfall for ein sjøkabel. Sjøkabelen skal gå frå landfallet til Draugen-plattforma og vidare til Njord A-plattforma. I tillegg inneber prosjektet modifikasjonar på Draugen- og Njord-plattformene for å klargjere dei for drift med kraft frå land. Omlegginga av energiforsyninga kuttar utslepp frå turbinane med om lag 330 000 tonn CO2 og 1 770 tonn NOx per år. Forventa oppstart er i starten av 2027. Rettshavarane i Draugenfeltet er OKEA ASA (44,56 prosent), Petoro AS (47,88 prosent) og M Vest Energy AS (7,56 prosent). Rettshavarane i Njordfeltet er Equinor Energy AS (27,5 prosent), Wintershall Dea Norge AS (50 prosent) og Vår Energi ASA (22,5 prosent). Dei totale investeringane er i endra PUD/PAD berekna til om lag 7,3 mrd. 2022-kroner.
Energidepartementet godkjende endra PUD/PAD for Draugenfeltet og Njordfeltet 22. desember 2023.
Eirin
Energidepartementet fekk 14. september 2023 ein søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) av Eirinfeltet. Feltet ligg i den midtre delen av Nordsjøen. Eirin er ei havbotnutbygging med to produksjonsbrønnar som skal knytast til Gina Krog-plattforma. Utbygginga bidrar til god utnytting av eksisterande infrastruktur og vil forlenge levetida for Gina Krog-feltet. Forventa utvinnbare ressursar er i utbyggingsplanen anslått til om lag 4,4 mill. Sm3 oljeekvivalentar, hovudsakleg gass med noko assosiert olje. Produksjonen skal etter planen starte i fjerde kvartal 2025, med ein forventa produksjonshorisont fram til 2036. Rettshavarane er Equinor Energy AS (58,7 prosent) og ORLEN Upstream Norway AS (41,3 prosent). Dei totale investeringane er i PUD berekna til om lag 4,1 mrd. 2023-kroner.
Energidepartementet godkjende PUD for Eirin 16. januar 2024.
Bestla
Energidepartementet fekk 30. april 2024 ein søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) av Bestlafeltet. Feltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen. Bestla er ei havbotnutbygging med to produksjonsbrønnar som skal knytast til Brage-plattforma. Utbygginga bidrar til god utnytting av eksisterande infrastruktur og vil forlenge levetida for Bragefeltet. Forventa utvinnbare ressursar er i utbyggingsplanen anslått til om lag 3,8 mill. Sm3 oljeekvivalentar, hovudsakleg olje med noko assosiert gass og NGL. Produksjonen skal etter planen starte i første kvartal 2027, med ein forventa produksjonshorisont fram til 2031. Rettshavarane er OKEA (39,28 prosent), DNO Norge AS (39,28 prosent), Lime Petroleum AS (17 prosent) og M Vest Energy AS (4,44 prosent). Dei totale investeringane er i PUD berekna til om lag 5,1 mrd. 2024-kroner.
Energidepartementet godkjende PUD for Bestla 19. november 2024.
Fotnotar
Til og med november 2024.