3 Behandlinga av meirverdiavgift på tilskot til forprosjektering av fullskala CO2-handtering
I Prop. 14 S (2017–2018) vart det omtalt eit uavklart spørsmål om meirverdiavgift på tilskot til forprosjektering av fullskala CO2-handtering.
Midlar til dekning av industriaktørane sine utgifter til arbeid med forprosjektering av fullskala CO2-handtering er budsjettert som tilskot utan påslag for meirverdiavgift. Gassnova har henta inn ei ekstern juridisk vurdering som underbyggjer dette. Vidare har Gassnova innhenta ei førehandsuttale frå Skatteetaten av juli 2018. Skatteetaten fastslår at overføringa ikkje er avgiftspliktig. Som følgje av at Gassnova bare kan be om bindande førehandsuttale for eigne skatteforhold, har ikkje Skatteetaten teke stilling til om det skal bli berekna meirverdiavgift på overføringa mellom Gassnova og tilskotsmottakarane. Ei bindande førehandsuttale frå Skatteetaten føreset at førespurnaden gjeld framtidige, planlagde handlingar. Forprosjekteringa vart starta opp sommaren 2018.
Støttemottakarane har ansvaret for eigne vurderingar og å gi uttømmande opplysningar til avgiftsmyndigheitene om den avgiftsvise handteringa av mottekne tilskot.