Prop. 18 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2018 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

4 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytte til petroleumsverksemda.

Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av desse fullmaktene sidan førre rapportering.

4.1 Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Stortinget har samtykt i at Olje- og energidepartementet kan godkjenne prosjekt (planar for utbygging/anlegg og drift) på norsk kontinentalsokkel under følgjande føresetnader:

  1. Prosjektet må ikkje ha prinsipielle eller samfunnsvise sider av betyding.

  2. Øvre grense for dei samla investeringane per prosjekt utgjer 20 mrd. kroner.

  3. Kvart enkelt prosjekt må vise akseptabel samfunnsøkonomisk lønsemd og vere rimeleg robust mot endringar i prisutviklinga for olje og naturgass.

Fullmakta har blitt nytta ved følgjande høve1:

Skogul

Departementet mottok 15. desember 2017 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) av Skogul. Skogul er i hovudsak eit oljefelt. Det skal byggjast ut med ei enkel brønnramme, med eit produksjonsrøyr direkte kopla opp mot eksisterande røyrleidning frå det nærliggjande Vilje-feltet til Alvheim produksjonsskip (FPSO). Utbygginga er planlagt med framtidige tilkoplingshøve for andre funn i området. Venta produksjonsstart er 1. kvartal 2020. Rettshavarar er Aker BP ASA (operatør, 65 prosent) og PGNiG Upstream Norway AS (35 prosent).

Dei totale investeringane er i PUD anslått til om lag 1,5 mrd. kroner.

PUD for Skogul vart godkjent av Olje- og energidepartementet 23. mars 2018.

Valhall Flanke Vest

Departementet mottok 15. desember 2017 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) av Valhall Flanke Vest. Den valde utbyggingsløysinga er ei botnfast brønnhovudplattform som normalt vil vere ubemanna. Innretninga skal plasserast fire kilometer vest for Valhall feltsenter, og vil bli fjernstyrt derfrå. Brønnstraumen skal førast til Valhall feltsenter for prosessering og vidare transport. Venta produksjonsstart er 4. kvartal 2019. Rettshavarar er Aker BP (90 prosent) og Pandion Energy AS (10 prosent).

Dei totale investeringane er i PUD anslått til om lag 5,5 mrd. kroner.

PUD for Valhall Flanke Vest vart godkjent av Olje- og energidepartementet 23. mars 2018.

Yme New Development

Departementet mottok 19. desember 2017 søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (PUD) av Yme. Den valde utbyggingsløysinga medfører bruk av eksisterande brønnar og infrastruktur på havbotnen. Vidare vil utbygginga bestå av ein oppjekkbar rigg med bore- og produksjonsanlegg. Seks nye brønnar vil bli bora. Brønnstraumen vil bli mellombels lagra i lagertank fram til eksport. Gassen i feltet som ikkje blir nytta til anten kraftgenerering eller gassløft vil bli reinjisert i reservoaret. Venta produksjonsstart er 2. kvartal 2020. Rettshavarar er Repsol Norge AS (55 prosent), Lotos (20 prosent), OKEA (15 prosent) og Kufpec (10 prosent).

Dei totale investeringane er i PUD anslått til 8,2 mrd. kroner.

Endra PUD for Yme vart godkjent av Olje- og energidepartementet 23. mars 2018.

Fenja

Departementet mottok 19. desember 2017 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) av Fenja. Fenja-feltet er planlagt utbygd som ei undervassutbygging med to havbotnrammer og seks brønnar, som vert kopla opp mot Njord A-plattforma for prosessering. Venta produksjonsstart er i første kvartal 2021. Rettshavarar er Neptune E&P Norge AS (30 prosent), Point Resources AS (45 prosent), Suncor Energy Norge AS (17,5 prosent) og Faroe Petroleum Norge AS (7,5 prosent).

Dei totale investeringane er i PUD anslått til 10,2 mrd. kroner.

PUD for Fenja vart godkjent av Olje- og energidepartementet 5. april 2018.

Ærfugl

Departementet mottok 15. desember 2017 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) av Ærfugl. Ærfugl er planlagt utbygd som ei undervassutbygging i to fasar med tre produksjonsbrønnar i kvar fase. Venta produksjonsstart er i fjerde kvartal 2020. Rettshavarar er Aker BP ASA (23,835 prosent), Equinor Energy AS (36,165 prosent), DEA Norge AS (28,0825 prosent) og PGNiG Upstream Norway AS (11,9175 prosent).

Dei totale investeringane er i PUD anslått til 8,5 mrd. kroner.

PUD for Ærfulg vart godkjent av Olje- og energidepartementet 6. april 2018.

Snorre Expansion Project (SEP)

Departementet mottok 21. desember 2017 søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (PUD) av Snorrefeltet for vidareutviklingsprosjektet SEP. SEP er eit omfattande prosjekt for auka utvinning. Utbyggingsløysinga består av seks havbotnrammer med 24 brønnar kopla opp mot Snorre A-plattforma, modifikasjonsarbeid på Snorre A-plattforma og import av injeksjonsgass frå Gullfaksfeltet. Formålet er å auke verdiskapinga frå feltet ut over kva som er mogleg med eksisterande infrastruktur. Venta produksjonsstart er i første kvartal 2021. Rettshavarar er Equinor Energy AS (33,27556 prosent), Petoro AS (30 prosent), ExxonMobil Exploration and Production Norway AS (17,44596 prosent), Idemitsu Petroleum Norge AS (9,6 prosent), DEA Norge AS (8,57108 prosent) og Point Resources AS (1,1074 prosent).

Dei totale investeringane er i endra PUD rekna til 19,3 mrd. kroner. SDØE sin del av investeringane i SEP er rekna til om lag 5,8 mrd. kroner. Stortinget har samtykt i at Olje- og energidepartementet kan pådra staten forpliktingar utover løyvingane i 2018 som følgje av staten si deltaking i SEP med inntil 6 mrd. kroner, jf. Prop. 85 S og Innst. 400 S (2017–2018).

Endra PUD for SEP vart godkjend av Olje- og energidepartementet 5. juli 2018.

Nova

Departementet mottok 15. mai 2018 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) av Nova. Den valde utbyggingsløysinga er ei undervassutbygging med to havbotnrammer og seks brønnar kopla til Gjøaplattforma. Brønnstraumen blir ført gjennom nye røyr til Gjøa for prosessering og eksport. Venta produksjonsstart er i tredje kvartal 2021. Rettshavarar er Wintershall (35 prosent), Capricorn Norge AS (20 prosent), Spirit Energy Norge AS (20 prosent), Edison Norge AS (15 prosent) og DEA Norge AS (10 prosent).

Dei totale investeringane er i PUD anslått til 9,9 mrd. kroner.

PUD for Nova vart godkjent av Olje- og energidepartementet 27. september 2018.

Fotnotar

1.

Til og med oktober 2018.
Til forsida