2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå
Kap. 1700 Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2022 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 969 178 | 683 520 | 678 770 |
22 | IKT-verksemd | 340 469 | 431 673 | |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | 9 936 | 6 636 | 1 500 |
60 | Overføring til kommunar og fylkeskommunar | 1 800 | 600 | |
71 | Overføring til andre | 80 078 | 79 892 | 81 892 |
78 | Noregs tilskott til NATO sitt og internasjonale driftsbudsjett | 437 520 | 941 810 | 979 810 |
79 | Militær støtte til Ukraina | 2 691 000 | 2 239 250 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 4,750 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
12,800 mill. kroner knytte til meirutgifter som følgje av auka energiprisar. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgiftene i 2022 vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
0,750 mill. kroner knytte til auka aktivitet som følgje av krigen i Ukraina. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane vert omdisponerte frå kap. 1700, post 79.
Posten er foreslått redusert med:
18,300 mill. kroner knytte til ei omdisponering av gjenståande midlar til IKT-verksemda på posten. I revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2022 vart det oppretta ein ny post under kap. 1700, knytt til IKT-verksemda i Forsvarsdepartementet. Etter RNB 2022 har det på kap. 1700, post 01 vore ei mindre avsetting til IKT- verksemda til sluttavrekning. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane vert omdisponerte til kap. 1700, post 02.
Post 22 IKT-verksemd
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 91,204 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
60,904 mill. kroner knytte til utvikling av graderte IKT-tenester til statlege og private verksemder. I revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2022 vart det oppretta ein ny post under kap. 1700 tilknytt IKT-verksemda i Forsvarsdepartementet. Etter RNB 2022 har det vore ei avsetning til utvikling av graderte IKT-tenester til statlege og private verksemder på kap. 1760, post 45. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane vert omdisponerte frå kap. 1760, post 45 til føremålet.
18,300 mill. kroner knytte til ei omdisponering av gjenståande midlar til IKT-verksemda på posten. I revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2022 vart det oppretta ein ny post under kap. 1700 knytt til IKT-verksemda i Forsvarsdepartementet. Etter RNB 2022 har det på kap. 1700, post 01, vore ei avsetting til IKT- verksemda til sluttvederlaget. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane vert omdisponerte frå kap. 1700, post 01.
12,000 mill. kroner knytte til auka brukarbetaling for Nasjonalt BEGRENSA Nett. Meirinntektene fører med seg ein tilsvarande auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 5,136 mill. kroner.
Posten består av midlar som er disponerte av forsvarsministeren til spesielle behov, som krev rask avklaring og som oppstår i løpet av året. Ved slutten av året vert ubrukte midlar omdisponerte til andre prioriterte oppgåver.
Posten er foreslått redusert med:
2,000 mill. kroner er foreslått omdisponerte til kap. 1700, post 71, for å dekka eit enkeltståande tilskott til Det frivillige Skyttervesen i 2022. Sjå eiga omtale om tilskottet under kap. 1700, post 71.
2,886 mill. kroner er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 45, og bidreg til handtering av forsvarssektorens meirutgifter, til mellom anna energi-, drivstoff-, og valutaprisar i 2022.
0,250 mill. kroner er foreslått omdisponerte kap. 1720, post 01, til Forsvarets markering av 50-årsjubileet for Tillitsvaltordninga i Forsvaret.
Post 60 Overføringar til kommunar og fylkeskommunar
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 1,200 mill. kroner.
Posten er foreslått redusert med:
1,200 mill. kroner knytte til ei mindreutgift på posten i 2022. Utbetalinga til ein tilskottsmottakar vert redusert i 2022, basert på rapporteringa for 2021 frå tilskottsmottakar om lågare forbruk i 2020 og 2021 enn forventa. Midlane er forslått omdisponerte til kap. 1760, post 45 og bidreg til handtering av forsvarssektorens meirutgifter, til mellom anna energi-, drivstoff-, og valutaprisar på drift i 2022.
Post 71 Overføringar til andre
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 2,000 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
2,000 mill. kroner knytte til eit einskild tilskott til Det frivillige Skyttervesen i 2022. Det siste året har organisasjonen opplevd ein markant auke i prisar på sivil ammunisjon. Forsvarsdepartementet ønsker å bidra til vedvarande høg aktivitet i Det frivillige Skyttervesen. Tilskottet skal bidra til innkjøp av ammunisjon til skyteaktivitet, og skal prioriterast til aktivitet for yngre skyttarar. Forsvarsdepartementet foreslår midlane omdisponerte frå kap. 1700, post 43.
Post 78 Noregs tilskott til NATO sitt og internasjonale driftsbudsjett
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 38,000 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
38,000 mill. kroner knytte til auka felles utgifter til drift av militær kommandostruktur i NATO. Meirutgiftene på 38 mill. kroner utgjer Noreg sin del av denne auken. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgiftene i 2022 vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
Post 79 Militær støtte til Ukraina
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 451,750 mill. kroner.
Posten er foreslått redusert med:
280,000 mill. kroner knytte til donasjon av M72 panservernrakettar og M141 rakettkastarar som skal donerast til Ukraina. Det ukrainske forsvaret har stort behov for denne typen våpen. Våpentypen har tidlegare vorte donert av fleire land forutan Noreg og har vist seg svært effektive. Midlane skal nyttast til å kjøpe desse våpena frå produsent. Forsvarsdepartementet foreslår difor ei omdisponering til kap. 1760, post 45.
80,000 mill. kroner til å erstatta donert militært materiell til Ukraina. Forsvarsdepartementet foreslår midlar omdisponerte til kap. 1760, post 45.
30,000 mill. kroner knytte til innkjøp av bussar og ombygging av desse til ambulansebussar. Initiativet skjer i samarbeid med nasjonale helsemyndigheiter. Forsvarsdepartementet foreslår midlar omdisponerte til kap. 1760, post 01.
20,000 mill. kroner knytte til donasjon av personleg vinterutrusting til ukrainske soldatar som mottek trening gjennom det britiske Operation Interflex-initiativet. Noreg bidreg med instruktørar til Operation Interflex, og ukrainsk personell har behov for ytterlegare vinterutrusting under treninga. Forsvarsdepartementet foreslår difor ei omdisponering til kap. 1720, post 01.
16,000 mill. kroner til å erstatta to krokløft som har vorte donert til Ukraina. Dette er køyretøy som støttar donasjonen av NASAMS-luftvern. Forsvarsdepartementet foreslår midlar omdisponerte til kap. 1760, post 45.
15,000 mill. kroner knytte til norsk instruktørstønad i samanheng med utdanning av ukrainske soldatar, der personell frå Heimevernet har vorte sendt til Storbritannia som eit bidrag til det britiske treningsinitiativet Operation Interflex. Forsvarsdepartementet foreslår midlar omdisponert til kap. 1720, post 01.
10,000 mill. kroner til å dekka meirutgifter knytte til donasjonar av forsvarsmateriell til Ukraina. Midlane som er foreslått omdisponerte gjeld utgifter i forbindelse med instruktørstønad til ukrainske styrkar i opplæring på NASAMS-luftvern, klargjering og transport i forbindelse med donasjon av eitt M109 artilleriskyts, og auka utgifter i Forsvarsmateriell knytte til mellom anna reiser, innkjøp og overtid i forbindelse med donasjonar til Ukraina. Forsvarsdepartementet foreslår midlar omdisponerte til kap. 1760, post 01.
0,750 mill. kroner knytte til meirutgifter i forbindelse med tilrettelegging for norsk militær støtte til Ukraina. Meirutgiftene er hovudsakleg grunna meirarbeid og reiser i samanheng med internasjonalt samarbeid. Forsvarsdepartementet foreslår midlar omdisponerte til kap. 1700, post 01.
Kap. 4700 Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2022 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
02 | IKT-verksemd, inntekter | 63 000 | 75 000 |
Post 02 IKT-verksemd, inntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 12,000 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
12,000 mill. kroner knytte til auka brukarbetaling for Nasjonalt BEGRENSA Nett. Netto meirinntekter fører til ein tilsvarande auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2022 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 5 161 669 | 5 714 077 | 6 743 195 |
47 | Nybygg og nyanlegg | 3 532 802 | 3 850 802 | 3 385 372 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 1 029,118 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
628,379 mill. kroner knytte til auka inntekter, hovudsakleg som følgje av høgare energi og forsyningsutgifter. Utgiftene har ei tilsvarande inntektsside, jf. inntektsauke på kap. 4710, post 01.
266,900 mill. kroner knytte til auka etterspurnad frå Forsvaret for tilleggstenester frå Forsvarsbygg. Det omfattar elektroniske sikringstenester (51,0 mill. kroner), støtte til øvingar (168,0 mill. kroner), og forsyning til Sjøforsvaret (47,9 mill. kroner). Utgiftene har ei tilsvarande inntektsside, jf. inntektsauke på kap. 4710, post 01.
47,162 mill. kroner knytte til auka inntekter, som følgje av brukardefinert utvikling av forsvarssektorens EBA, deriblant nye avtalar og justerte prognosar på eksisterande prosjekter. Utgiftene har ei tilsvarande inntektsside, jf. inntektsauke på kap. 4710, post 01.
42,143 mill. kroner knytte til auka inntekter til husleige, basert på Forsvarsbygg sin leigemodell. Utgiftene har ei tilsvarande inntektsside, jf. inntektsauke på kap. 4710, post 01.
20,000 mill. kroner knytte til styrking av vedlikehald for kritisk infrastruktur ved Andøya flystasjon. Regjeringa foreslår ei løyving til vedlikehald og rehabilitering av infrastruktur, for å styrke Noregs evne til mottak av allierte luftstyrker og styrke Forsvaret i nord, jf. Meld. St. 10 (2021–2022). Nokre av tiltaka som er iverksette er blant anna å fornye delar av høgspentanlegget på flystasjonen, utbetring av tryggingssoner rundt rullebana, vedlikehald og oppgradering av flysheltere, tiltak for betre flyplassbelysning, samt andre mindre vedlikehaldstiltak.
16,807 mill. kroner knytte til endra framdrift i prosjekt i NATO sitt investeringsprogram for tryggleik. Auken gjeld Evenes MPA oppstillingsplass, der NATO sin del i prosjektet er auka. Utgiftene har ei tilsvarande inntektsside jf. inntektsauke på kap. 4710, post 01.
7,727 mill. kroner knytte til auke i oppdragsfinansierte inntekter. Utgiftene har ei tilsvarande inntektsside, jf. inntektsauke på kap. 4710, post 01.
Post 47 Nybygg og nyanlegg
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 465,430 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
26,000 mill. kroner knytte til sal av Mågerø leir til ein høgare pris enn det var budsjettert for, jf. inntektsauke på kap. 4710, post. 01.
Posten er foreslått redusert med:
474,430 mill. kroner knytte til handtering av forsvarssektorens meirutgifter grunna mellom anna auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar i 2022, jf. omtale av utgiftsauke på kap. 1720, post 01.
10,000 mill. kroner knytte til personellrelatert EBA. Regjeringa har i 2022 løyvd 40 mill. kroner til Forsvarsbygg for å forbetre butilhøva til vernepliktige og yngre befal på Skjold, Bardufoss og Setermoen. Forsvaret og prosjektet er foreslått tilført ytterlegare 10 mill. kroner for å realisere denne målsettinga, på kap. 1720, post 01.
7,000 mill. kroner knytte til prosjekt for etablering av mellombels infrastruktur på Evenes. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgiftene på kap. 1720, post 01 dekkast inn gjennom omdisponering av midlar frå kap. 1710, post 47.
Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2022 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 4 430 548 | 4 738 195 | 5 747 313 |
47 | Sal av eigedom | 109 032 | 99 910 | 125 910 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 1 009,118 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
628,379 mill. kroner knytte til auka inntekter, hovudsakleg som følgje av høgare energi og forsyningsutgifter. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside, jf. utgiftsauke på kap. 1710, post 01.
266,900 mill. kroner knytte til auka etterspurnad frå Forsvaret for tilleggstenester frå Forsvarsbygg. Det omfattar elektroniske sikringstenester (51 mill. kroner), støtte til øvingar (168 mill. kroner), og forsyning til Sjøforsvaret (47,9 mill. kroner). Inntektene har en tilsvarande utgiftsside, jf. utgiftsauke på kap. 1710, post 01.
47,162 mill. kroner knytte til auka inntekter, som følgje av brukardefinert utvikling av forsvarssektorens EBA, deriblant nye avtalar og justerte prognosar på eksisterande prosjekt. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside, jf. utgiftsauke på kap. 1710, post 01.
42,143 mill. kroner knytte til auka inntekter til husleige, basert på Forsvarsbygg sin leigemodell, Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside, jf. utgiftsauke på kap. 1710, post 01.
16,807 mill. kroner knytte til endra framdrift i prosjekt i NATO sitt investeringsprogram for tryggleik. Auken gjeld Evenes MPA oppstillingsplass, der NATO sin del i prosjektet er auka, jf. utgiftsauke på kap. 1710, post 01.
7,727 mill. kroner knytte til auke i oppdragsfinansierte inntekter. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside, jf. utgiftsauke på kap. 1710, post 01.
Netto meirinntekter fører med seg ein tilsvarande auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Post 47 Sal av eigedom
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 26,000 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
26,000 mill. kroner knytt til sal av Mågerø leir til ein høgare pris enn det var budsjettert for. Meirinntekta er foreslått med ein tilsvarande auke på kap. 1710, post 47.
Kap. 1716 Forsvarets forskingsinstitutt
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2022 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
51 | Tilskott til Forsvarets forskingsinstitutt | 249 780 | 249 780 | 274 775 |
Post 51 Tilskott til Forsvarets forskingsinstitutt
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 24,995 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
14,995 mill. kroner knytte til meirutgifter som følgje av auka energiprisar. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgiftene i 2022 vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
10,000 mill. kroner knytte til meirutgifter som følgje av auka prisar på drivstoff. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgiftene i 2022 vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
Kap. 1720 Forsvaret
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2022 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 32 137 891 | 35 523 062 | 36 551 044 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 1 027,982 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
617,105 mill. kroner knytte til meirutgifter som følgje av auka energiprisar. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgiftene i 2022 vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1710, post 47 og kap. 1760, post 45.
403,367 mill. kroner knytte til meirutgifter som følgje av auka prisar på drivstoff. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgiftene i 2022 vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1710, post 47 og kap. 1760, post 45.
136,900 mill. kroner knytte til meirutgifter grunna valutaendringar på investeringar over driftsbudsjettet. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgiftene i 2022 vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
20,000 mill. kroner knytte til donasjon av personleg vinterutrusting til ukrainske soldatar som mottek trening gjennom det britiske Operation Interflex-initiativet. Noreg bidreg med instruktørar til Interflex, og ukrainsk personell har behov for ytterlegare vinterutrusting under treninga. Forsvarsdepartementet foreslår difor ei omdisponering frå kap. 1700, post 79.
15,000 mill. kroner knytte til norsk instruktørstønad i forbindelse med utdanning av ukrainske soldatar i Storbritannia. Forsvarsdepartementet foreslår at midlar frå kap. 1700, post 79 vert omdisponerte til føremålet.
10,000 mill. kroner knytte til personellrelatert EBA. Regjeringa har i 2022 løyvd 40 mill. kroner til Forsvarsbygg for å forbetre butilhøva til vernepliktige og yngre befal på Skjold, Bardufoss og Setermoen. Forsvaret og prosjektet er foreslått tilført ytterlegare 10 mill. kroner for å realisere denne målsettinga, frå kap. 1710, post 47.
7,500 mill. kroner knytte til auka eksternfinansiering av prosjekt ved Forsvarets høgskole. Auka inntekter til forskingsprosjekta har ei tilsvarande utgiftsside, jf. kap. 4720, post 01.
7,000 mill. kroner knytte til meirutgifter i prosjekt for etablering av mellombels infrastruktur på Evenes. Forsvaret vart tildelt 44 mill. kroner i budsjettet for 2022 for å etablere mellombels infrastruktur (Hangar 2) på Evenes, tilpassa tyngre vedlikehald. Meirutgiftene er grunna ekstraordinær prisvekst og skifte av golvbelegg. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgiftene vert dekte gjennom omdisponering av midlar frå kap. 1710, post 47.
1,532 mill. kroner knytte til refusjon av lønnsutgifter frå Etterretningstenesta. Forsvarsdepartementet foreslår ei omdisponering av midlar frå kap. 1735, post 21.
0,385 mill. kroner knytte til nye leveransevilkår for tenester levert av Forsvarets logistikkorganisasjon. Dette inneber ei fordelingsendring mellom brukarane, mellom anna driftseiningane i Forsvaret og Redningshelikoptertenesta. Forsvarsdepartementet foreslår difor ei auke på kap. 1720, post 01, med ei tilsvarande reduksjon på kap. 1791, post 01.
0,250 mill. kroner knytte til ei løyving til Tillitsvaltordninga i Forsvaret i samanheng med markeringa av ordningas 50-årsjubileum i 2022. Løyvinga på posten er foreslått auka med 0,250 mill. kroner, med ein tilsvarande reduksjon på kap.1700, post 43.
0,165 mill. kroner knytte til vakthaldstenester levert av Forsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1735, post 21.
0,128 mill. kroner knytte til ny nøkkel for berekning av utgifter til gjenbruk- og returpliktig materiell, der fordelinga av utgiftene er endra. Auken på posten inneber forslag til ein tilsvarande reduksjon på kap. 1791, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
100,000 mill. kroner knytte til lågare omsetning av varer og tenester levert til allierte under Cold Response 2022 enn budsjettert. Dette er varer og tenester Forsvaret leverer i forbindelse med øvinga, som deltakande nasjonar vert belasta for. Forventa inntekter er knytte til forventa utgifter jf. omtale av reduserte inntekter under kap. 4720, post 01.
90,000 mill. kroner knytte til lågare driftsutgifter til NH90 enn budsjettert. Det er konkludert med å avslutte innfasinga av NH90. Forsvarsdepartementet har gitt Forsvarsmateriell i oppdrag å heve kontrakten med leverandøren, og Forsvaret har fått i oppdrag å innstille all øving og trening med helikoptera. Forsvaret har sidan juni identifisert kva driftsmidlar ved NH90-systemet som kan frigjerast inneverande år. Mindreutgifta på 90 mill. kroner skuldast reduserte utgifter til materielldrift av NH90-systemet og til aktivitetsmidlar, der planlagt aktivitet er redusert til et minimum. Mindreutgifta er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 45, og bidreg til handtering av forsvarssektorens meirutgifter grunna mellom anna auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar i 2022.
1,350 mill. kroner knytte til bonusutbetaling for personell som gjer teneste i Redningshelikoptertenesta. Forsvarsdepartementet foreslår at lønnsutgiftene vert omdisponerte frå kap. 1720, post 01, til kap. 1791, post 01.
Kap. 4720 Forsvaret
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2022 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 754 951 | 1 613 403 | 1 520 903 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 92,500 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
7,500 mill. kroner knytte til auka eksternfinansiering av prosjekt ved Forsvarets høgskole. Auka inntekter til forskingsprosjekta har ei tilsvarande utgiftsside, jf. kap. 1720, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
100,000 mill. kroner knytte til lågare omsetning av varer og tenester levert til allierte under Cold Response 2022 enn budsjettert. Dette er varer og tenester Forsvaret leverer i forbindelse med øvinga, som deltakande nasjonar vert belasta for. Forventa inntekter er knytte til forventa utgifter, jf. omtale av reduserte utgifter på kap. 1720, post 01.
Kap. 1735 Etterretningstenesta
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2022 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
21 | Spesielle driftsutgifter | 2 580 633 | 2 765 510 | 2 841 489 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 75,979 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
77,676 mill. kroner knytte til meirutgifter grunna auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgiftene i 2022 vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
Posten er foreslått redusert med:
1,532 mill. kroner knytte til refusjon av lønnsutgifter frå Etterretningstenesta til Forsvaret. Forsvarsdepartementet foreslår å omdisponere midlar til kap. 1720, post 01.
0,165 mill. kroner knytte til knytte til vakthaldstenester levert av Forsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
Kap. 1760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2022 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 1 950 015 | 2 042 960 | 2 224 798 |
44 | Fellesfinansierte investeringar, nasjonal finansiert del | 132 669 | 132 669 | 177 373 |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald | 20 346 486 | 21 025 443 | 21 363 700 |
48 | Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del | 350 000 | 350 000 | 357 235 |
75 | Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik | 111 931 | 111 931 | 133 479 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 181,838 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
38,900 mill. kroner knytte til meirutgifter som følgje av auka energiprisar. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta i 2022 vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
35,000 mill. kroner knytte til meirutgifter for avhendingsverksemda i Forsvarsmateriell, som har hatt høgare avhendingsutgifter enn budsjettert. Inntektspotensialet frå sal av F-16 er betydeleg, men prosessen trekker ut i tid. Dette inneber at auka salsomkostningar ikkje kan trekkast frå salsinntekter i 2022, jf. fullmakt om nettobudsjettering av salsomkostningar. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
30,000 mill. kroner knytte til innkjøp, av bussar og ombygging av desse til ambulansebussar. Initiativet skjer i samarbeid med nasjonale helsemyndigheiter. Forsvarsdepartementet foreslår midlar omdisponerte frå kap. 1700, post 79.
20,000 mill. kroner knytte til meirinntekter grunna auka sal av utrangert materiell med tilsvarande utgifter i avhendingsverksemda, jf. inntektsauke under kap. 4760, post 01.
11,000 mill. kroner knytte til refusjon av systemartikkelforvaltningsutgifter (SAF) frå Forsvaret. Forsvarsmateriell støttar Forsvaret med forvaltning av materiell. SAF-aktiviteten er i hovudsak støtte til Hæren, der Forsvarsmateriell forvaltar støtte- og vedlikehaldsavtaler med leverandørane av materiellet. Forsvarsmateriell bestiller frå og betalar leverandøren, og får kostnadane refundert frå Forsvaret som har budsjettert for forvalting og vedlikehald, jf. inntektsauke på kap. 4760, post 01.
10,876 mill. kroner knytte til at nasjonal tryggingsmyndigheit er tildelt midlar til FoU-relaterte investeringar på kap. 1760, postane 01 og 45. Det er behov for ei intern fordeling mellom postane for å tilpasse løyvingane etter utgiftsart.
5,000 mill. kroner knytte til auka refusjon for tenester til Sjøforsvaret, som følge av økte ordrar frå Sjøforsvaret til Forsvarsmateriell for tenester og innkjøp med tilsvarande utgifter, jf. auka inntekter på kap. 4760, post 01.
5,000 mill. kroner knytte til meirutgifter i samband med donasjon av NASAMS til Ukraina. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1700, post 79.
4,500 mill. kroner knytte til utgiftsfordeling for vakttenester. Forsvaret driftar og budsjetterer for vakthald ved dei basane der også Forsvarsmateriell er til stades, i hovudsak Kolsås, Haakonsvern og Kjeller. Befal tilsett i Forsvarsmateriell tar ein del av vaktene, og ekstrakostnaden for dette vert refunderast frå Forsvarets avdelingar som har budsjettert for vakthaldet. Dette inneber ei inntektsauke på kap. 4760, post 01, med tilsvarande utgifter på kap. 1760, post 01.
4,000 mill. kroner knytte til meirutgifter frå arbeid med materielldonasjonar til Ukraina. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1700, post 79.
3,762 mill. kroner knytte til Nasjonal tryggingsmyndigheit sitt prosjekt P2950 – digital varslingsinfrastruktur. Prosjektet har auka aktivitet i 2022 for å nå prosjektets gjennomføringsplan, samstundes som planlagde aktivitetar i 2023 er framskynda til 2022. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
3,000 mill. kroner knytte til meirutgifter i den ordinære avhendingsverksemda. Meirutgifta skuldast at netto inntekter frå salet ikkje er tilstrekkeleg i 2022 til å dekke auka avhendingsutgifter, jf. fullmakta om nettobudsjettering av salsomkostningar. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
3,000 mill. kroner knytte til handtering av avhendingsmateriell. Det er prognostisert meirutgifter for 2022. Dette skuldast auka avhendingstakt og arbeid med frigjering av lagerareal i Forsvaret. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
2,400 mill. kroner knytte til effektiviseringstiltaket Robotic Process Automation (RPA). Det er avsett midlar til effektiviseringstiltak i forsvarsektorens moderniserings- og effektiviseringsprogram. Tiltaket RPA i Forsvarsmateriell skal automatisere manuelle steg i vedlikehaldsrutinane ved maritime kapasitetar. Det er behov for ei intern omfordeling mellom postane for å tilpasse løyvingane etter utgiftsart. Forsvarsdepartementet foreslår ei omdisponering til posten frå kap. 1760, post 45.
2,400 mill. kroner knytte til styrking av kapasiteten på kontraktsrevisjon. Forsvarsmateriell har rekna ut at styrka kontraktsrevisjon kan gi vinstar i form av redusert pris på innkjøp utan konkurranse. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta i 2022 vert handtert gjennom ei omdisponering til posten frå kap. 1760, post 45.
2,000 mill. kroner knytte til inntektsauke på kap. 4760, post 01, som følgje av høgare refusjon av tenester på målestasjonar til andre NATO-lands sjøforsvar enn budsjettert. Auka inntekter frå desse tenestene har ei tilsvarande utgiftsside.
1,000 mill. kroner knytte til donasjon av eitt M109 artilleriskyts til Ukraina. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1700, post 79.
Post 44 Fellesfinansierte investeringar, nasjonal finansiert del
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 44,704 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
44,704 mill. kroner som følgje av auka omfang på to NATO-prosjekt og oppstart av sju nye NATO-prosjekt. Auka omfang gjeld prosjekta Restore AWACS Platform og Augment the JWC Trainingand Exercise Capability. Samstundes er sju nye prosjekt iverksette: Provide MPA–apron, Restore Technical Water Section 1, samt fem oljevernprosjekt for kaiane på Andøya, Ørland, Evenes, Sørreisa og Namsen. Forsvarsdepartementet foreslår at 30,388 mill. kroner av meirutgiftene vert dekka gjennom auka inntekter frå NATO på kap. 4760, post 48, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt. I tillegg foreslår Forsvarsdepartementet at resterande 14,316 mill. kroner vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 338,257 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
799,190 mill. kroner knytte til valutajustering for investeringsprosjekta over 1 mrd. kroner. Endringa i valutaføresetnadene i budsjetterte utbetalingar i 2022 for store materiellprosjekt inneber forventa meirutgifter på til saman 1 483,950 mill. kroner i 2022. Med omsyn til valutajusteringa i saldert budsjett 2022 på 345,276 mill. kroner, og 339,484 mill. kroner i RNB 2022, foreslår Forsvarsdepartementet å valutajustere kap. 1760, post 45, med 799,190 mill. kroner. Valutajusteringa baserer seg på realiserte valutadifferansar til og med august 2022, pluss planlagde prosjekt med utbetaling til desember 2022 i utanlandsk valuta, gitt oppdaterte planar per 1. september 2022. Samla budsjetterte utbetalingar vil verta valutajusterte i 2022 utgjer om lag 8,717 mrd. kroner. Hovudårsaka til meirutgifta er kampflyprosjektet, der dollarkursen er endra frå 8,8334 per 1. mars 2022 til 10,0090 per 1. september 2022.
280,000 mill. kroner knytte til donasjon av M72 panservernrakettar og M141 rakettkastarar som skal donerast til Ukraina. Det ukrainske forsvaret har stort behov for denne typen våpen. Våpentypen har tidlegare vorte donert av fleire land forutan Noreg og har vist seg svært effektive. Midlane skal nyttast til å kjøpe desse våpena frå produsent. Forsvarsdepartementet foreslår difor ei omdisponering frå kap. 1700 post 79.
90,000 mill. kroner knytte til lågare driftsutgifter til NH90 enn budsjettert, jf. omtale på kap. 1720, post 01. Forsvarsdepartementet foreslår at mindreutgifta vert omdisponert til kap. 1760, post 45, og bidreg til handtering av forsvarssektorens meirutgifter, grunna mellom anna auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar i 2022.
90,000 mill. kroner knytte til tilbakebetalte forskot gjennom bankgarantiar, grunna heving av kontrakt for kjøp av NH90 helikopter som gir ei tilsvarande meirinntekt på kap. 4760, post 45. Midlane er foreslått nytta til å bidra til handtering av forsvarssektorens meirutgifter, grunna mellom anna auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar i 2022
80,000 mill. kroner knytte til å erstatta donert militært materiell til Ukraina. Forsvarsdepartementet foreslår midlar omdisponerte frå kap. 1700, post 79.
16,000 mill. kroner til å erstatta to krokløft som har vorte donerte til Ukraina. Dette er køyretøy som støttar donasjonen av NASAMS-luftvern. Forsvarsdepartementet foreslår midlar omdisponerte frå kap. 1700, post 79.
9,500 mill. kroner knytte til auka inntekter frå royalties på kap. 4760, post 45. Auka inntekter frå royalities er i hovudsak knytte til ulike utviklingsprosjekt ved Kongsberg Defence & Aerospace og utviklinga av NSM. Forsvarsdepartement foreslår at meirinntekta vert nytta på kap. 1760, post 45, for handtering av forsvarssektorens meirutgifter grunna mellom anna auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar i 2022.
2,886 mill. kroner knytte mindreforbruk på kap. 1700, post 43. Midlane er foreslått omdisponerte til posten for å bidra til handtering av forsvarssektorens meirutgifter grunna mellom anna auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar i 2022.
2,000 mill. kroner knytte til øvinga Barents Rescue 2022. Som følgje av at øvinga ikkje vert gjennomført i 2022 foreslår Justis- og beredskapsdepartementet å overføra tilsvarande midlar tilbake til departementa. For Forsvarsdepartementet utgjer rammeoverføringa 2 mill. kroner. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane vert nytta på kap. 1760, post 45, for handtering av forsvarssektorens meirutgifter grunna mellom anna auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar i 2022.
1,200 mill. kroner knytte til mindreforbruk på kap. 1700, post 60. Midlane er foreslått omdisponerte til posten for å bidra til handtering av forsvarssektorens meirbehov grunna mellom anna auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar i 2022.
Posten er foreslått redusert med:
837,313 mill. kroner knytte til handtering av forsvarssektorens meirutgifter grunna mellom anna auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar 2022, jf. omtale av utgiftsauke på kap. 1716, post 51, kap. 1720, post 01, og kap. 1735, post 01, og kap. 1760, post 01.
60,904 mill. kroner knytte til utvikling av graderte IKT-tenester til statlege og private verksemder. I RNB for 2022 vart det oppretta ein ny post under kap. 1700, tilknytta IKT-verksemda i Forsvarsdepartementet. Etter RNB 2022 har det vore ei avsetting til utvikling av graderte IKT-tenester til statlege og private verksemder på kap. 1760, post 45. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane vert omdisponerte frå posten til kap. 1700, post 22.
38,000 mill. kroner knytte til auka felles utgifter til drift av militær kommandostruktur i NATO. Meirutgifta på 38 mill. kroner utgjer Noregs del av denne auken. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta i 2022 vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
35,000 mill. kroner knytte til meirutgifter for avhendingsverksemda i Forsvarsmateriell, som har hatt høgare avhendingsutgifter enn budsjettert. Inntektspotensialet frå sal av F-16 er betydeleg, men prosessen trekker ut i tid. Dette inneber at auka salsomkostningar ikkje kan trekkast frå salsinntekter i 2022, jf. fullmakt om nettobudsjettering av salsomkostningar. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta vert dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45 til kap. 1760, post 01.
21,548 mill. kroner knytte til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik. NATO sin samla prognose er høgare enn budsjettert, noko som medfører at Noregs del vert høgare. Meirutgifta på kap. 1760, post 75, er foreslått dekka inn gjennom ein tilsvarande reduksjon på kap. 1760, post 45.
14,316 mill. kroner knytte til auka omfang på to NATO-prosjekt og oppstart av sju nye NATO-prosjekt i Noreg. Endringane gir ei meirutgift på kap. 1760, post 44, som er foreslått dekka gjennom ei omdisponering frå kap. 1760, post 45.
10,876 mill. kroner knytte til at nasjonal tryggingsmyndigheit er tildelt midlar til FoU-relaterte investeringar på kap. 1760, postane 01 og 45. Det er behov for ei intern fordeling mellom postane for å tilpassa løyvingane etter utgiftsart.
3,672 mill. kroner knytte til Nasjonal tryggingsmyndigheit sitt prosjekt P2950 – digital varslingsinfrastruktur. Prosjektet har auka aktivitet i 2022 for å imøtekome prosjektets gjennomføringsplan, samstundes som planlagde aktivitetar i 2023 er framskunda til 2022. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta vert dekka gjennom ei omdisponering til kap. 1760, post 01.
3,000 mill. kroner knytte til meirutgifter i den ordinære avhendingsverksemda. Meirutgifta skuldast at netto inntekter frå salet ikkje er tilstrekkelege i 2022 til å dekka auka avhendingsutgifter, jf. fullmakta om nettobudsjettering av salsomkostningar. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta vert dekka gjennom ei omdisponering til kap. 1760, post 01.
3,000 mill. kroner knytte til handtering av avhendingsmateriell. Det er ei prognostisert meirutgift for 2022. Dette skuldast auka avhendingstakt og arbeid med frigjering av lagerareal i Forsvaret. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta vert dekka gjennom ei omdisponering til kap. 1760, post 01.
2,400 mill. kroner knytte til effektiviseringstiltaket Robotic Process Automation (RPA). Det er avsett midlar til effektiviseringstiltak i forsvarsektorens moderniserings- og effektiviseringsprogram. Tiltaket RPA i Forsvarsmateriell skal automatisere manuelle steg i vedlikehaldsrutinane ved maritime kapasitetar. Det er behov for ei intern omfordeling mellom postane for å tilpassa løyvingane etter utgiftsart. Forsvarsdepartementet foreslår ei omdisponering frå posten til kap. 1760, post 01.
2,400 mill. kroner knytte til styrking av kapasiteten på kontraktsrevisjon. Forsvarsmateriell har rekna ut at styrka kontraktsrevisjon kan gi vinstar i form av redusert pris på innkjøp utan konkurranse. Forsvarsdepartementet foreslår at meirutgifta i 2022 vert handtert gjennom ei omdisponering frå posten til kap. 1760, post 01.
Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 7,235 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
7,235 mill. kroner knytte til meirutgift som følgje av auka omfang på to prosjekt og oppstart av sju nye NATO-prosjekt. Auka omfang gjeld prosjekta Restore AWACS Platform og Augment the JWC Training and Exercise Capability. Meirutgifta på kap. 1760, post 48 har ein tilsvarande meirinntekt på kap. 4760, post 48.
Post 75 Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 21,548 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
21,548 mill. kroner knytte til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik. NATO sin samla prognose er høgare enn budsjettert, noko som medfører at Noregs del vert høgare. Meirutgifta er foreslått dekka inn gjennom ein tilsvarande reduksjon på kap. 1760, post 45.
Kap. 4760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2022 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 31 877 | 80 543 | 132 543 |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, inntekter | 117 000 | 90 000 | 207 000 |
48 | Fellesfinansierte investeringar, inntekter | 350 036 | 350 036 | 387 659 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 52,000 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
20,000 mill. kroner knytte til meirinntekter grunna auka sal av utrangert materiell med tilsvarande utgifter i avhendingsverksemda, jf. utgiftsauke under kap. 1760, post 01.
11,000 mill. kroner knytte til refusjon av systemartikkelforvaltningsutgifter (SAF) frå Forsvaret. Forsvarsmateriell støttar Forsvaret med forvalting av materiell. SAF-aktiviteten er i hovudsak støtte til Hæren, der Forsvarsmateriell forvaltar støtte- og vedlikehaldsavtaler med leverandørane av materiellet. Forsvarsmateriell bestillar frå og betalar leverandøren, og får kostnadane refundert frå Forsvaret som har budsjettert for forvalting og vedlikehald, jf. inntektsauke på kap. 1760, post 01.
9,500 mill. kroner knytte til auka inntekter frå royalties på kap. 4760, post 45. Auka royaltiesinntekter er i hovudsak knytte til ulike utviklingsprosjekt ved Kongsberg Defence & Aerospace og utviklinga av NSM. Forsvarsdepartement foreslår at meirinntekta vert nytta på kap. 1760, post 45, for å bidra til handtering av forsvarssektorens meirutgifter grunna mellom anna auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar i 2022.
5,000 mill. kroner knytte til auka refusjon for tenester til Sjøforsvaret, som følge av auka ordrar frå Sjøforsvaret til Forsvarsmateriell for tenester og innkjøp med tilsvarande utgifter på kap. 1760, post 01.
4,500 mill. kroner knytte utgiftsfordeling for vakttenester. Forsvaret driftar og budsjetterer med vakthald ved dei basane også Forsvarsmateriell har nærvær til, i hovudsak Kolsås, Haakonsvern og Kjeller. Befal tilsett i Forsvarsmateriell tek ein del av vaktene, og ekstrakostnaden for dette vert refundert frå Forsvarets avdelingar som har budsjettert for vakthaldet. Dette inneber ei inntektsauke på kap. 4760, post 01, med tilsvarande utgifter på kap. 1760, post 01.
2,000 mill. kroner knytte til inntektsauke på kap. 4760, post 01, som følgje av høgare refusjon av tenester på målestasjonar til andre NATO-lands sjøforsvar enn budsjettert. Auka inntekter frå desse tenestene har ei tilsvarande utgiftsside på kap. 1760, post 01.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 90,000 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
90,000 mill. kroner knytte til tilbakebetalt forskudd gjennom bankgarantiar grunna heving av kontrakten for anskaffing av NH90 helikopter.
Post 48 Fellesfinansierte investeringar, inntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 37,623 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
30,388 mill. kroner knytte til meirinntekter som følgje av førebuing til revisjon på Air Command and Control System. Prosjektet har avdekka større inntektskrav, som det no er justert for. Noreg har i tillegg mottatt oppgjer for det greske FORACS-prosjektet Upgrade radar transponder. Auka inntekter er foreslått nytta til å dekka inn auka omfang på to NATO-prosjekt og oppstart på sju nye NATO-prosjekt, jf. omtale på kap. 1760, post 44.
7,235 mill. kroner knytte til auka inntekter som følgje av oppdaterte prognosar om auka omfang på to NATO-prosjekt. Auka omfang gjeld prosjekta Restore AWACS Platform og Augment the JWC Training and Exercise Capability. Meirinntekta på posten har ei tilsvarande utgiftsside på kap. 1760, post 48
Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2022 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 661 021 | 744 885 | 745 722 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 0,837 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
1,350 mill. kroner knytte til bonusutbetaling for personell tenestegjerande i Redningshelikoptertenesta. Utgiftene til lønn vert omdisponert frå Forsvaret til Redningshelikoptertenesta. Auken har ein tilsvarande reduksjon på kap. 1720, post 01
Posten er foreslått redusert med:
0,385 mill. kroner knytte til nye leveransevilkår for transport frå Forsvarets logistikkorganisasjon til driftseiningane i Forsvaret og Redningshelikoptertenesta. Endringa inneber ein tilsvarande auke i utgiftene til Forsvaret under kap. 1720, post 01.
0,128 mill. kroner knytte til ny nøkkel for berekning av utgifter til gjenbruk- og returpliktig materiell, der fordelinga av utgiftene er endra. Forslag til reduksjon har ein tilsvarande auke på kap. 1720, post 01.