6 Informasjonssaker
6.1 Kap. 1700, post 71, Forsvarsdepartementet, einskild tilskott til Noregs arktiske universitet
Regjeringa foreslår å tildele 0,120 mill. kroner som einskild tilskott til Norges arktiske universitet (UiT), frå kap. 1700, post 71. Føremålet er å støtte publiseringa av ei ny og viktig kjelde til å forstå krigen og okkupasjonen 1940–1945. UiT har gjennomført forskings- og bokprosjektet Den andre verdenskrig i nord med eit nord-norsk perspektiv. Tilskottet skal dekke eit vitskapleg fagseminar i høve lanseringa av bokverket. Forskings- og bokprosjektet har i 2020 og 2021 fått tilskott på til saman 500 000 kroner til ferdigstilling av prosjektet. Prosjektet er relatert til forskingsprogrammet I en verden av total krig: Norge 1939–1945 ved UiT, som Forsvarsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har støtta med 20 mill. kroner.
6.2 Kap. 1700, post 79, Forsvarsdepartementet, tilskott til den slovakiske stat for støtte til donasjon av Zuzana-2
Regjeringa tek sikte på eit tilskott til den slovakiske stat på om lag 330 mill. kroner frå tilgjengelege midlar på kap. 1700, post 79. Tilskottet skal støtte ein slovakisk donasjon av Zuzana-2 artilleriskyts til Ukraina. Dette er ein fleirnasjonal donasjon, der Noreg i samråd med Tyskland og Danmark finansierer donasjonen av 16 slovakiske skyts. Det er estimert at den totale kostnaden for produksjon og påfølgande donasjon av 16 einingar vil ligge på omkring 93 mill. euro. Noreg, Danmark og Tyskland tar sikte på å dele kostnaden til donasjonen likt, og bidrar med rundt 31 mill. euro kvar til den slovakiske stat. Skytsa vert produsert av eksisterande produksjonsmiddel hos den slovakiske produsenten. Det er en føresetnad at støtta ikkje skal nyttast til å auka produksjonskapasiteten til den slovakiske produsenten.
6.3 Kap. 1700, post 79, Forsvarsdepartementet, tilskott til den estiske stat for støtte til donasjon av Role 2 feltsjukehus til Ukraina
Estland har tidlegare donert feltsjukehus av typen Role 2 til dei ukrainske forsvarsstyrkane. Ukraina har oppmoda om at fleire feltsjukehus vert donert. Det estiske forsvarsdepartementet har spurt Noreg og andre allierte om ytterlegere donasjonar av feltsjukehus gjennom å finansiere nødvendig materiell og reanskaffing av feltsjukehusa esterane donerer. Finansielle bidrag frå Noreg og andre allierte vil mogleggjer donasjon av eit feltsjukehus, inkludert nødvendig inventar og materiell. Estland skal gjennomføre donasjonen og gi naudsynt opplæring til dei ukrainske mottakarane. Det norske bidraget til prosjektet er på om lag 45 mill. kroner.
6.4 Kap. 1700, post 79, Forsvarsdepartementet, tilskott til NATO Comprehensive Assistance Package for Ukraine
NATO har ingen leiande rolle i den direkte støtta til Ukraina, for å unngå at alliansen vert dratt inn i konflikten med Russland. NATO bidrar med ikkje-dødeleg ressursstøtte til Ukrainas forsvarssektor. Støtta omfattar tiltak for å fremja demokratisk kontroll og openheit, korrupsjonshindrande tiltak samt støtte innan sanitet, rydding av eksplosiv, og digitalisering. Innsatsen er basert på ulike bidrag frå medlemsland og er samla i alliansens såkalla Comprehensive Assistance Package for Ukraine (CAP). CAP er vidareført og utvida etter Russlands angrep, og inkluderer no også dronar, jammeutstyr og uniformer. Noreg har lenge støtta Ukraina, koordinert med CAP. Regjeringa tar sikte på å bidra med om lag 300 mill. kroner frå tilgjengelege midlar på kap. 1700, post 79 til CAP.
6.5 Kap. 1700, post 79, Forsvarsdepartementet, tilskott til EU Military Assistance Mission til Ukraina
EU har etablert ein treningsmisjon for trening av ukrainsk personell. EU opplyser at formålet er å gjennomføre både grunnleggande trening og spesialisttrening av ukrainske soldatar i EU-land. Mandatet vil vere fleksibelt og skalerbart for å møte ukrainske behov på ein langsiktig og berekraftig måte. I første omgang tar EU sikte på å trene 15 000 personell. I dialog med EU tar regjeringa sikte på å bidra med støtte til treningsmisjonens driftsbudsjett med om lag 150 mill. kroner frå tilgjengelege midlar på kap. 1700, post 79.
6.6 Kap. 1700, post 79, Forsvarsdepartementet, tilskott til den britiskleia mekanismen for militær støtte til Ukraina – International Fund for Ukraine
Regjeringa la i Prop. 142 S (2021–2022) opp til at løyvinga på kap. 1700, post 79, primært skulle verte nytta til tilskott til eigna internasjonale finansieringsmekanisme for militær stønad til Ukraina. Den britiskleia mekanismen International Fund for Ukraine (IFU) vart tidlegare i år gitt 400 mill. kroner, etter løyvinga vedteken i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2022. Dei tildelte midlane er nytta til dronar, dronejammingsystem og artilleriammunisjon. Den internasjonale forsvarsindustrien er invitert til å gi tilbod. Basert på tilbod frå forsvarsindustrien vil IFU identifisera forsvarsmateriell som kan verte anskaffa og seinare bli donert til Ukraina. Som ein bidragsytar til fondet vil Noreg delta i dei avgjerande organa til fondet.
Regjeringa tek sikte på at resterande midlar på kap. 1700, post 79, etter endringane foreslått i denne proposisjonen er vedtatt og avtalar om andre tilskott til internasjonale finansieringsmekanismar omtalte her er sluttført, vert gitt som tilskott til IFU. Regjeringa anslår at beløpet vil vere om lag 1,5 mrd. kroner, men endeleg sum for tilskottet til IFU vert fyrst fastsett av regjeringa etter Stortinget sitt vedtak til ny saldering av budsjettet for 2022.