3 Lokalpolitisk behandling
Nome kommune behandla saka i møte i bystyret 5. desember 2019 og fatta følgjande vedtak:
Utbygging av fv. 359 Kaste – Stoadalen delfinansieres som vist i Statens vegvesens reviderte faglige grunnlag versjon datert 12. november 2019.
Det legges til grunn om lag 15 års etterskuddsinnkreving i en bomstasjon med tovegs innkreving på ny fv. 359 ved Kaste som vist i Statens vegvesens saksgrunnlag. Dagens fv. 359 stenges øverst i Stoadalen, og det etableres ikke bomstasjon på dagens veg ved Dambakke.
Det legges til grunn at gjennomsnittstaksten per passering skal være 20,00 kroner (2019- prisnivå). Det tas utgangspunkt i at dette vil tilsvare en grunntakst på 25 kroner for takstgruppe 1 og 50 kroner for takstgruppe 2. Gjennomsnittstaksten reguleres i takt med prisstigningen, grunntakstene tilpasses denne.
Takst – og rabattordninger forutsettes å følge gjeldende takstretningslinjer. Det legges opp til følgende rabatt – og fritaksordninger for kjøretøy med brikke og gyldig avtale:
Kjøretøy i takstgruppe 1 får 20 prosent rabatt
Nullutslippskjøretøy i takstgruppe 1 betaler halv takst av ordinære kjøretøy i takstgruppe 1.
Nullutslippskjøretøy i takstgruppe 2 passerer gratis.
Det innføres et passeringstak 40 per kalendermåned for takstgruppe 1.
Øvrige fritak for betaling i samsvar med gjeldende takstretningslinjer grunntakstene tilpasses denne.
Telemark fylkeskommune behandla saka i møte i fylkestinget 12. desember 2019 og fatta følgjande vedtak:
Utbygginga av fv. 359 Kaste – Stoadalen blir delfinansiert som vist i Statens vegvesens reviderte faglege grunnlag versjon datert 12. november 2019.
Det blir lagt til grunn om lag 15 års etterskotsinnkrevjing i ein bomstasjon med tovegs innkrevjing på ny fv. 359 ved Kaste som vist i Statens vegvesens saksgrunnlag. Dagens fv. 359 blir stengt øvst i Stoadalen, og det blir ikkje etablert bomstasjon på dagens veg ved Dambakke.
Det blir lagt til grunn at gjennomsnittstaksten per passering skal vere 20,00 kroner (2019 prisnivå). Det blir tatt utgangspunkt i at dette vil svare til ein grunntakst på 25 kroner for takstgruppe 1 og 50 kroner for takstgruppe 2. Gjennomsnittstaksten blir regulert i takt med prisstigninga, grunntakstane tilpassast denne.
Takst- og rabattordningar er føresette å følgje gjeldande takstretningslinjer. Det blir lagt opp til følgjande rabatt- og fritaksordningar for køyretøy med brikke og gyldig avtale:
Køyretøy i takstgruppe 1 får 20 pst. rabatt
Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 betaler halv takst av ordinære køyretøy i takstgruppe 1.
Nullutslippskøyretøy i takstgruppe 2 passerer gratis.
Det blir innført eit passeringstak 40 per kalendermånad for takstgruppe 1.
Øvrige fritak for betaling i samsvar med gjeldande takstretningslinjer, grunntakstane blir tilpassa denne.
Bompengeprosjektet blir lagt inn som eit prosjekt i eit heileigd dotterselskap under Vegfinans AS, prosjektselskapet Vegfinans fv. 359 Kaste – Stoadalen AS.
Telemark fylkeskommune yter eit ansvarleg lån til Vegfinans AS på 125.000,- kr til bruk som aksjekapital ved stifting av prosjektselskapet.
Telemark fylkeskommune finansierer 56,9 pst. av kostnadane innanfor pluss/minus 10 pst. av kostnadsoverslaget på 306 mill. 2019-kr. Kostnadsauke som overstig 10 pst. utover prisstigning blir dekt av Telemark fylkeskommune. Kostnadsreduksjon på meir enn 10 pst. føresett å komme til Telemark fylkeskommune.
Under føresetnad av Kommunal og moderniseringsdepartementets si godkjenning, garanterer Telemark fylkeskommune ved sjølvskuldarkausjon for prosjektet si gjeld. Det samla garantibeløpet er avgrensa opp til 167 mill. kr med tillegg av 10 pst. av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle samla renter og omkostningar, dvs. totalt 184 mill. kr. Garantisten har rett til å sikre garantien med første prioritet i pant i selskapets rettighet til å innkrevje bompengar.
Garantien gjeld frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen i byggeperioden, og gjennom innkrevjingsperioden på 15 år. Innkrevjingstida kan i særskilte høve forlengast med inntil fem år. I tillegg skal garantien gjelde inntil to år, jf. garantiforskriftens § 3. Samla garantitid blir på inntil 24 år frå første opptrekk på finansieringa i forbindelse med rekvisisjonar frå Statens vegvesen.
Garantisten sitt utlegg kan dekkast gjennom ein auke av gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. og ein forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år. Garantien gjeld inntil prosjektselskapet si gjeld er nedbetalt og reduserast i takt med nedbetalinga av lånet.
3.1 Endra garantivedtak for fv. 359 Kaste – Stoadalen
Samferdselsdepartementet sendte grunnlagsmaterialet og utkastet til proposisjon for dette prosjektet til Statens vegvesen for kvalitetssikring, slik det er lagt opp til etter fylkesreformen. Statens vegvesen viste at Vestfold og Telemark fylkeskommune legg opp til ei lånegjeld på 167 mill. kr i år 2023. Beløpet er gitt i 2019-kroner, og vil dermed overstige garantibeløpet Vestfold og Telemark fylkeskommune har garantert for ved innkrevjingsstart årsskiftet 2023/2024. I tillegg krev ein ytterlegare 10 pst. utover det som Vestfold og Telemark har fått tilslutning for. Statens vegvesen meiner dette beløpet på 167 mill. kr bør vere om lag 25 mill. kr høgare, noko som krev nytt garantivedtak i fylkeskommunen. Samferdselsdepartementet slutta seg til Statens vegvesen si vurdering, og ba Vestfold og Telemark fylkeskommune endre garantivedtaket.
Vestfold og Telemark fylkeskommune behandla saka i møte i fylkestinget 1. september 2020 og fatta vedtak i tråd med Statens vegvesen si tilrådning: «Vestfold og Telemark fylkeskommune garanterer ved sjølvskuldarkausjon for eit maksimalt låneopptak for Vegfinans Vestfold og Telamrk AS, avgrensa oppad til 192 mill. kr. For lån til finansiering av Vegfinans fv. 359 Kaste – Stoadalen AS. Garantibeløpet gjeld med tillegg av 10 pst. av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle samla renter og omkostningar. Det samla garantibeløpet blir følgjeleg 211,2 mill. kr.
Garantien omfattar også inngåtte sikringsavtalar tilknytta lånefinansieringa til prosjektet. Vestfold og Telemark fylkeskommune garanterer samstundes ved sjølvskuldarkausjon for Vegfinans fv. 359 Kaste – Stoaledalen si gjeld ovanfor Vegfinans Vestfold og Telemark AS avgrensa til same beløp.
Vestfold og Telemark fylkeskommune har rett til å sikre garantiane med 1. prioritets pant i Vegfinans fv.359 Kaste – Stoadalen AS rett til å innkrevje bompengar, med tillegg av 10 pst. av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle samla renter og omkostningar.
Garantien gjeld frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Vestfold og Telemark Fylkeskommune i byggeperioden, og gjennom innkrevjingsperioden på 15 år. Innkrevjingsperioden kan i særskilde tilfelle forlengast med inntil fem år. I tillegg skal garantien gjelde inntil to år, jf. garantiforskriftenes § 3. Samla garantitid blir, inkludert byggeperioden, på inntil 24 år frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Vestfold og Telemark fylkeskommune. For å redusere garantistens økonomiske risiko, kan Vegfinans fv. 359 Kaste – Stoadalen AS ved sviktande økonomi, søke ei auke i gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.
Vestfold og Telemark fylkeskommune sitt garantiansvar blir redusert i takt med den faktiske nedbetalinga av Vegfinans Vestfold og Telemark AS og Vegfinans fv.359 Kaste – Stoadalen AS si gjeld.
Vestfold og Telemark fylkeskommune innestår ovanfor Vegfinans Vestfold og Telemark AS og Vegfinans fv.359 Kaste – Stoadalen AS at dersom den gitte garantien blir gjort heilt eller delvis gjeldande, skal fylkeskommunen verken opptre på ein måte, eller utøve sine regressmoglegheiter slik at det skjer skjult eller open kryssubsidiering mellom nokre av selskapa finansiert av Vegfinans Vestfold og Telemark AS eller for midlar som kjem frå slike prosjekt.
Garantiene blir gitt under føresetnad av Kommunal- og moderniseringsdepartementet si godkjenning etter kommuneloven § 14-19 første ledd.