1 Føremål og hovudoversikt
1.1 Prioriteringar
I denne proposisjonen foreslår regjeringa naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2021 på utgifts- og inntektssida.
Regjeringa foreslår mellom anna å styrke operativ aktivitet i Forsvaret med mellom anna midlar til tilrettelegging for mottak av dei nye maritime overvakingsflya P-8 på Evenes kor dei første skal komme allereie i 2022. Regjeringa foreslår vidare å kompensere Sjøforsvaret for deltakinga på ei øving som Storbritannia hadde invitert til. Øvinga blei avlyst grunna covid-19 pandemien, men store deler av dei planlagde utgiftene var allereie kome. For at meirutgiftene ikkje skal få konsekvensar for annan operativ aktivitet er meitutgiftene til Sjøforsvaret foreslått dekka. Midlane til disse formåla er foreslått henta ved å omdisponere i det gjeldande forsvarsbudsjettet. Vidare foreslår Regjeringa å omdisponere midlar til vidareføring av ordninga med strategisk flymedisinsk evakuering med Scandinavian Airlines System.
1.2 Føremål
For å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan budsjettet blei vedtatt, legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingane til forsvarsbudsjettet for 2021.
Regjeringa er opptekne av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som at kravet om realistisk budsjettering blir varetatt.
Totalt utgjer omgrupperinga for 2021 ein foreslått auke i løyvinga til utgifter for Forsvarsdepartementet på 306,142 mill. kroner grunna ei foreslått auke i løyvinga til inntektene på same beløp.
1.3 Grunnlaget for omgrupperinga
1.3.1 Økonomisk grunnlag
Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2021, midlar overførte frå 2020 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er også teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2021.
Tabell 1.1 Disponible midlar på utgiftssida, før omgruppering 2021, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Saldert budsjett for 2021 | 64 766 223 |
Innst. 600 S (2020–2021) til Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 (RNB) | 837 747 |
Budsjettmessige verknader av lønnsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2021 | 435 556 |
= Løyvingar før omgrupperinga | 66 039 526 |
+ Midlar overførte frå 2020 | 2 550 306 |
= Disponible midlar i 2021 før omgrupperinga | 68 589 832 |
Tabell 1.2 Løyvingar på inntektssida, før omgruppering 2021, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Saldert budsjett for 2021 | 6 565 627 |
Innst. 600 S (2020–2021) til Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 (RNB) | 758 247 |
= Løyvingar før omgrupperinga | 7 323 874 |
1.3.2 Inntekter i 2021
I høve til saldert budsjett for 2021, med endringane gjort av Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett for 2021, er det ei meirinntekt på 306,142 mill. kroner. Meirinntektene inneber ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt i Innst. 7 S (2020–2021) til Prop. 1 S (2020–2021) under romartalsvedtak II. Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og forklart i detalj under kapittel 2 nedanfor.
1.3.3 Løyvingsbehov
Tala i tabellane nedanfor viser løyvingsbehov knytte til omgrupperinga for 2021.
Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):
Auke knytte til meirinntekter | 306 142 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 306 142 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 66 039 526 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 66 345 668 |
+ Midlar overførte frå 2020 | 2 550 306 |
= Samla disponible midlar i 2021 etter omgrupperinga | 68 895 974 |
Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):
Meirinntekter i omgrupperinga | 306 142 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 7 323 874 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 7 630 016 |
På bakgrunn av dette foreslår regjeringa under forslag til vedtak at utgiftsramma blir auka med 306,142 mill. kroner, og at inntektsramma blir auka med 306,142 mill. kroner.