2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå
Kap. 1700 Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2021 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 879 899 | 896 676 | 924 320 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | 9 713 | 8 213 | 3 013 |
71 | Overføring til andre | 92 985 | 91 282 | 85 582 |
73 | Forsking og utvikling | 144 326 | 148 140 | 172 640 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 27,644 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
18,083 mill. kroner grunna refusjonar frå andre departement knytte til drift av Nasjonalt BEGRENSA Nett. Jfr. forklaring under kap. 4700, post 01.
17,000 mill. kroner for å dekkje inn meirbehov innanfor driftsrelaterte innkjøp til IKT i 2021. Forsvarsdepartementet foreslår å omdisponere midlar frå kap. 1760, post 45.
0,261 mill. kroner knytte til tilbakeføring av lønnsutgifter til ein midlertidig forskarstilling hjå Forsvarets høgskule. Forsvarsdepartementet foreslår å omdisponere midlar frå kap. 1720, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
5,000 mill. kroner grunna lågare aktivitet enn budsjettert i samband med covid-19 pandemien. Forsvarsdepartementet foreslår å omdisponere midlar til kap. 1760, post 45 for å styrke lagerbehaldninga.
1,500 mill. kroner til finansiering av ein Forsvarsrådstilling. Stillinga er finansiert ved ein utgiftsdeling mellom Forsvarsdepartementet, Forsvaret og Innovasjon Norge. Forsvarsdepartementet foreslår å omdisponere midlar til kap. 1720, post 01.
1,200 mill. kroner til finansiering av eit forskingsprosjekt på personell- og kompetanseområdet i 2021. Forsvarsdepartementet foreslår å omdisponere midlar til kap. 1700, post 73.
Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 5,200 mill. kroner.
Posten består av midlar som er disponerte av forsvarsministeren til spesielle behov som krev rask avklaring og som oppstår i løpet av året. Ved slutten av budsjettåret vert ubrukte midlar omdisponert til andre prioriterte oppgåver.
Posten er foreslått redusert med:
5,000 mill. kroner er foreslått omdisponert til kap. 1760, post 45 for å styrke lagerbehaldninga.
0,200 mill. kroner er foreslått omdisponert til kap. 1700, post 71 til dekning av tilskot til Universitetet i Tromsø for ferdigstilling av bokprosjektet «Den andre verdenskrig i nord».
Post 71 Overføring til andre
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 5,700 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
0,200 mill. kroner knytte til tilskot til Universitetet i Tromsø for ferdigstilling av bokprosjektet «Den andre verdenskrig i nord». Forsvarsdepartementet foreslår midlar omdisponert frå kap. 1700, post 43.
Posten er foreslått redusert med:
5,900 mill. kroner grunna færre søknader om tilskot enn føresett på budsjetteringstidspunktet. Forsvarsdepartementet foreslår midlar omdisponert til kap. 1760, post 45 for å styrke lagerbehaldninga.
Post 73 Forsking og utvikling
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 24,500 mill. kroner knytte til ein forsvarsrådsstilling i Brussel og ein i Washington (3,300 mill. kroner), tilskot til Forskingsrådet er flytta frå kap. 1760, post 45 til kap. 1700, post 73 etter krav i løyvingsreglementet (15,000 mill. kroner) og midlar er tilført posten for forsking på personell- og kompetanseområdet (6,200 mill. kroner).
Kap. 4700 Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2021 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 42 412 | 52 542 | 70 625 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått auka med 18,083 mill. kroner knytte til betaling for drifta av Nasjonalt BEGRENSA Nett.
Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2021 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 4 851 619 | 5 334 027 | 5 624 950 |
47 | Nybygg og nyanlegg | 3 130 666 | 3 469 614 | 3 515 114 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 290,923 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
292,917 mill. kroner grunna meirbehov knytte til nye og justerte prognosar avstemt med brukar (86,0 mill. kroner), meirbehov knytte til øvinga Cold Response 2022 (73,0 mill. kroner), sikringstenester (69,0 mill. kroner) og ein auke i brukardefinert utvikling med bakgrunn i endra avtalar (65,0 mill. kroner), jf. forklaring under kap. 4710, post 01.
224,839 mill. kroner knytte til auka inntekter mellom anna som følgje av høgare energiutgifter (100,0 mill. kroner), avrekning av kostnader avstemt med brukarane (72,8 mill. kroner), høgare renovasjonsutgifter grunna inngåing av ny kontrakt (45,0 mill. kroner), jf. forklaring under kap. 4710, post 01 og drift av infrastruktur knytte til forsyning (7 mill. kroner).
56,603 mill. kroner knytte til auka inntekter til husleige basert på Forsvarsbygg sin leigemodell, jf. forklaring under kap. 4710, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
143,207 mill. kroner knytte til mindre aktivitet hos NATO Security Investment Program enn det som var lagt til grunn i budsjettet, jf. forklaring under kap. 4710, post 01.
140,229 mill. kroner grunna færre oppdrag enn føresett frå Justis- og beredskapsdepartementet frå prosjektet for nye redningshelikopter (NAWSARH), jf. forklaring under kap. 4710, post 01.
Post 47 Nybygg og nyanlegg
Løyvinga på posten er foreslått auka med 45,500 mill. kroner, jf. forklaring under kap. 4710, post 01. Auken er foreslått brukt til dekning av meirutgifter for EBA på Ørland, EBA til eit IKT-prosjekt og meirutgifter grunna kjøp av tenester som har hatt ein høgare prisvekst enn det som var lagt til grunn i budsjettet.
Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2021 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 4 430 548 | 4 829 996 | 5 120 919 |
47 | Sal av eigedom | 109 032 | 102 932 | 148 432 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 290,923 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
292,917 mill. kroner grunna meirbehov knytte til nye og justerte prognosar avstemt med brukar (86,0 mill. kroner), meirbehov knytte til øvinga Cold Response 2022 (73,0 mill. kroner), sikringstenester (69,0 mill. kroner) og ein auke i brukardefinert utvikling med bakgrunn i endra avtalar (65,0 mill. kroner).
224,839 mill. kroner knytte til auka inntekter mellom anna som følgje av høgare energiutgifter (100,0 mill. kroner), avrekning av kostnader avstemt med brukarane (72,8 mill. kroner), høgare renovasjonsutgifter grunna inngåing av ny kontrakt (45,0 mill. kroner) og inntekter frå drift av infrastruktur knytte til forsyning (7,0 mill. kroner).
56,603 mill. kroner knytte til auka inntekter til husleige basert på Forsvarsbygg sin leigemodell.
Posten er foreslått redusert med:
143,207 mill. kroner knytte mindre aktivitet hos NATO Security Investment Program enn det som var lagt til grunn i budsjettet.
140,229 mill. kroner grunna færre oppdrag enn føresett frå Justis- og beredskapsdepartementet frå prosjektet for nye redningshelikopter (NAWSARH).
Netto meirinntekter fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Post 47 Sal av eigedom
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 45,500 mill. kroner. Auken skuldast sal av «Perminalen Sydspissen» i Tromsø til Tromsø kommune og sal av bustader på Mågerø til over budsjett. Midlane er foreslått brukt til dekning av meirutgifter ved EBA Ørland, EBA til et IKT-prosjekt og meirutgifter grunna kjøp av tenester som har hatt ein høgare prisvekst enn det som var lagt til grunn i budsjettet.
Kap. 1720 Forsvaret
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2021 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 30 903 730 | 31 782 372 | 32 147 513 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 365,141 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
150,000 mill. kroner knytte til meirutgifter Heimevernet har hatt i samband med bistand til politiet for grenseoppdrag grunna covid-19 pandemien, jf. forklaring under kap. 4720, post 01.
47,650 mill. kroner knytte til meirutgifter i samband med Forsvarets etablering av midlertidig løysning for å fase inn P-8 maritime patruljefly på Evenes. Meirutgiftene skuldast etablering av kontor- og brakkefasilitetar, midlertidig luftoperasjonssenter og hangar- og IKT-løysingar.
44,000 mill. kroner knytte til anskaffing av ein midlertidig hangar på Evenes i samband med mottak av dei nye P-8 maritime patruljeflya. Midlane var budsjettert på kap. 1760, post 45, men skal skaffast over driftsbudsjettet på kap. 1720, post 01. Jf. forklaring på kap. 1760, post 45.
40,000 mill. kroner knytte til at betalingsplanen for finansiering av kontrakt til interimløysing for vedlikehald av P-8 maritime patruljefly (Site Activation Team) er framskunda og Forsvaret får difor eit meirbehov i 2021. Forskyvinga vil ikkje få konsekvens for den totale utbetalinga til formålet.
32,000 mill. kroner knytte til at ansvaret for innovasjon og eksperimentering (CD&E) er overført til Forsvaret frå Forsvarets forskingsinstitutt. Midlane blei tildelt Forsvaret på kap. 1760, post 45, men sidan tildelinga skal fordelast på en rekkje avdelingar i Forsvaret, er det meir hensiktsmessig å omdisponera midlane til kap. 1720, post 01.
17,250 mill. kroner knytte til at Forsvarsdepartementet har pålagt Forsvaret å inngå ein avtale med Scandinavian Airlines System (SAS) om å vidareføra ordninga med flymedisinsk evakuering med SAS. Midlane er foreslått omdisponert frå kap. 1760, post 45.
16,000 mill. kroner knytt til meirutgifter Sjøforsvaret har hatt i samband med planlegging og førebuing til ei øving som Storbritannia hadde invitert til. Øvinga blei grunna covid-19 pandemien avlyst, men store deler av dei planlagde utgiftene var allereie kome. Meirutgiftene til planlegging av øvinga var ikkje budsjettert med for 2021 og det er difor foreslått å omdisponere midlar til Sjøforsvaret frå kap. 1760, post 45.
12,000 mill. kroner knytte til meirutgifter for omstillingstiltak innanfor forsyning, læringsformidling og til moderniserings- og effektiviseringsprogrammet. Midlane er foreslått omdisponert frå avsette omstillingsmidlar på kap. 1760, post 45.
8,000 mill. kroner knytte til innkjøp av ein lagerheis til ein midlertidige lagerbygning på Evenes i samband med mottak av dei nye P-8 maritime patruljeflya. Utgiftene var budsjettert på kap. 1760, post 45, men lagerheisen skal skaffast over driftsbudsjettet på kap. 1720, post 01. Jf. forklaring på kap. 1760, post 45.
3,611 mill. kroner knytte til at Forsvaret på vegne av Forsvarsdepartementet betaler faktura frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet i samband med anløp av reaktordrivne fartøy til norske hamner.
2,444 mill. kroner knytte til å leige fiberanlegg frå Statnett. Midlane vert dekt av inntekter frå salet av eit tilsvarande fiberanlegg til Statnett. Jf. forklaring på kap. 4760, post 01.
1,870 mill. kroner knytte til at Etterretningstenesta har eit auka behov for studieplasser på Cyberingeniørskulen. Midlane er omdisponerte frå kap. 1735, post 21.
0,827 mill. kroner knytte til oppretting av ein stilling i militærmisjonen i Brussel. Lønnsmidlar for stillinga er foreslått omdisponert frå kap. 1735, post 21.
0,636 mill. kroner knytte til at kap. 1720 blei feilbelasta for bonusutbetaling til tilsette som trer av på særskilt aldersgrense (T-35). Midlane er foreslått omdisponert frå kap. 1735, post 21.
Posten er foreslått redusert med:
8,215 mill. kroner knytte til at ansvaret for innovasjon og eksperimentering (CD&E) er flytta frå Forsvarets forskingsinstitutt til Forsvaret og fakturering utgår difor. Dette gir lågare inntekter med tilsvarande reduksjon på utgiftsida.
2,271 mill. kroner knytte til bonusutbetaling til tilsette som trer av på særskilt aldersgrense (T-35). Forsvarsdepartementet foreslår i den forbindelse å omdisponere midlar til Forsvarsmateriell på kap. 1760, post 01.
0,400 mill. kroner knytte til at drift av eit IKT-program er overført frå Forsvaret til Forsvarsmateriell. Forsvarsdepartementet foreslår å flytte lønnsmidlane til kap. 1760, post 01.
0,261 mill. kroner knytte til tilbakeføring av lønnsutgifter til ein midlertidig forskarstilling hjå Forsvarets høgskule. Forsvarsdepartementet foreslår å tilbakeføre midlane til kap. 1700, post 01.
Kap. 4720 Forsvaret
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2021 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 754 951 | 1 012 420 | 1 154 205 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 141,785 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
150,000 mill. kroner knytte til at Heimevernet får auka refusjonar frå Justis- og beredskapsdepartementet for utgifter dei har hatt i samband med bistand til politiet for grenseoppdrag grunna covid-19 pandemien. Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside.
Posten er foreslått redusert med:
8,215 mill. kroner knytte til at ansvaret for innovasjon og eksperimentering (CD&E) som tidlegare låg hos Forsvarets forskingsinstitutt og Forsvaret ved Cyberforsvaret fakturerte for utgifter dei hadde i den forbindelse. Ansvaret blei i 2021 flytta til Forsvaret og fakturering utgår difor. Reduksjonen av inntektene har ein tilsvarande reduksjon av utgiftssida.
Meirinntekta fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1735 Etterretningstenesta
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2021 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
21 | Spesielle driftsutgifter | 2 372 653 | 2 419 903 | 2 416 570 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 3,333 mill. kroner.
Reduksjonen er knytte til 1,870 mill. kroner for auka behov for studieplassar på Cyberingeniørskulen, 0,827 mill. kroner til dekning av ein stilling i militærmisjonen i Brussel og 0,636 mill. kroner knytte til at kap. 1720 blei feilbelasta for bonusutbetaling til tilsette som trer av på særskilt aldersgrense (T-35).
Kap. 1760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2021 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 1 819 537 | 1 992 511 | 2 046 176 |
44 | Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del | 93 029 | 93 029 | 162 029 |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald | 18 345 238 | 17 592 759 | 17 199 947 |
75 | Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik | 109 095 | 109 095 | 125 886 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 53,665 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
27,000 mill. kroner knytte til eit meirbehov på avhendingsverksemda som har hatt høgare avhendingsutgifter enn forventa. Spesielt blir utgiftsbildet av førebuing til avhending av F-16 flya påverka. Inntektspotensialet frå sal av F-16 er betydelig, men prosessen trekker ut i tid.
14,000 mill. kroner knytte til at inntektskravet på tenestar til Justis- og beredskapsdepartementet (JD) for innføringa av nye redningshelikopter (NAWSARH) er foreslått auka i samråd med JD.
8,396 mill. kroner knytte til at Nasjonal tryggingsmyndighet er tildelt midlar til FoU relaterte investeringar på kap. 1760, postane 01 og 45. Det er behov for ei intern fordeling mellom postane for å tilpasse løyvingane etter sin utgiftsart.
2,271 mill. kroner knytte til bonusutbetaling til tilsette som trer av på særskilt aldersgrense (T-35). Det er behov for å omdisponere midlar frå kap. 1720, post 01, til kap. 1760, post 01.
1,598 mill. kroner knytte til at Nasjonal tryggingsmyndighet har investerings- og driftsmidlar på kap. 1760, postane 01 og 45. På prosjektet P2950 Digital varslingsinfrastruktur er det behov for en intern fordeling mellom postane for å tilpasse løyvingane etter sin utgiftsart.
0,400 mill. kroner knytte til at drifta av eit IKT-program er overført frå Forsvaret til Forsvarsmateriell og det er i samband med dette behov for å flytte lønnsmidlar frå kap. 1720, post 01, til kap. 1760, post 01.
Post 44 Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del
Løyvinga på posten er foreslått auka med 69,000 mill. kroner knytte til forsert framdrift på NATO-prosjekta «Augment the JWC training and exercise capability» ved Joint Warfare Center i Stavanger med hensikt å auke den generelle kapasiteten til å halde større øvingar, og «Restore AWACS platform» på Ørland flystasjon med hensikt å renovere oppstillingsplassane for NATO E-3A luftovervakingsfly i Noreg.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 392,812 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
15,900 mill. kroner knytte til eit mindrebehov på postar på kap. 1700 som er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 45 for å styrke lagerbehaldningar. Jf. forklaring på kap. 1700, postane 01, 43 og 71.
Posten er foreslått redusert med:
69,000 mill. kroner knytte til forsert framdrift på NATO-prosjekta «Augment the JWC training and exercise capability» ved Joint Warfare Center i Stavanger med hensikt å auke den generelle kapasiteten til å halde større øvingar, og «Restore AWACS platform» på Ørland flystasjon med hensikt å renovere oppstillingsplassane for NATO E-3A luftovervakingsfly i Noreg. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1760, post 44.
47,650 mill. kroner knytte til eit meirbehov på Forsvarets etablering av ei midlertidig løysing for å fase inn P-8 maritime patruljefly på Evenes. Meirbehovet skuldast etablering av kontor- og brakkefasilitetar, midlertidig luftoperasjonssenter og hangar- og IKT-løysingar. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
44,000 mill. kroner knytte til kjøp av ein midlertidig hangar på Evenes i samband med mottak av dei nye P-8 maritime patruljeflya. Midlane er budsjettert som ein investering, men skal skaffast over driftsbudsjettet. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
40,000 mill. kroner knytte til at betalingsplanen for finansiering av kontrakt til interimløysing for vedlikehald av P-8 maritime patruljefly (SAT) er framskynda og Forsvaret får derfor eit meirbehov i 2021. Forskyvinga vil ikkje få konsekvens for den totale utbetalinga til formålet. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
32,000 mill. kroner knytte til at ansvaret for innovasjon og eksperimentering (CD&E) er overført til Forsvaret frå Forsvarets forskingsinstitutt. Midlane blei tildelt Forsvaret på kap. 1760, post 45, men sidan tildelinga skal fordelast på ei rekkje avdelingar i Forsvaret foreslår Forsvarsdepartementet at midlane blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
27,000 mill. kroner knytte til avhendingsverksemda som har høgare utgifter enn forventa. Spesielt er utgiftsbildet påverka av førebuingane til avhending av F-16 kampflya. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1760, post 01.
26,616 mill. kroner knytte til dekning av ei mindreinntekt på kap. 4760, post 48 grunna forseinking på innbetalingar frå NATO. Jf. forklaring under kap. 4760, post 48.
17,250 mill. kroner knytte til meirutgifter i samband med at Forsvaret skal vidareføre ordninga med Scandinavian Airlines System om beredskap for flymedisinsk evakuering. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
17,000 mill. kroner knytte til meirbehov innanfor driftsrelaterte innkjøp til IKT. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1700, post 01.
16,791 mill. kroner knytte til at Noregs tilskot til NATOs Investeringsprogram for sikkerhet blei høgare enn budsjettert grunna auka aktivitet i NATOs samla investeringsprogram samt svakare kurs for norske kroner versus Euro. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1760, post 75.
16,000 mill. kroner knytte til meirutgifter Sjøforsvaret har hatt i samband med planlegging og førebuing til ei øving som Storbritannia hadde invitert til. Øvinga blei grunna covid-19 pandemien avlyst, men store deler av dei planlagde utgiftene var allereie kome. Meirutgiftene til planlegging av øvinga var ikkje budsjettert med for 2021 og det er difor foreslått å omdisponere midlar til Sjøforsvaret på kap. 1720, post 01.
15,000 mill. kroner knytte til at midlar for tilskot til Forskingsrådet er omdisponert frå investeringspost til tilskotspost i samhøve med løyvingsregelverket. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1700, post 73.
12,000 mill. kroner knytte til ein auke på omstillingstiltak innanfor forsyning, læringsformidling og moderniserings- og effektiviseringsprogrammet. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
8,396 mill. kroner knytte til at Nasjonal tryggingsmyndighet har midlar for FoU relaterte utgifter på kap. 1760, postane 01 og 45. Det er behov for å omdisponere mellom postane for å tilpasse løyvingane etter sin utgiftsart. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1760, post 01.
8,000 mill. kroner knytte til at det i samband med mottak av dei nye P-8 maritime patruljeflya på Evenes er eit behov for innkjøp av ein lagerheis til ein midlertidige lagerbygning. Utgiftene er budsjettert på investeringsposten, men lagerheisen skal skaffast over driftsbudsjettet. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
5,000 mill. kroner knytte til tilførsel av midlar til forsking på personell- og kompetanseområdet i Forsvarsdepartementet. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1700, post 73.
3,611 mill. kroner knytte til at Forsvaret på vegne av Forsvarsdepartementet betaler ein faktura frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet for utgifter i samband med anløp av reaktordrivne fartøy til norsk hamn. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
1,800 mill. kroner knytte til oppretting av ein stilling som forsvarsindustriråd ved ambassaden i Washington. Stillinga er finansiert ved ei utgiftsdeling mellom Forsvarsdepartementet, Forsvaret og Innovasjon Norge. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1700, post 73.
1,598 mill. kroner knytte til at Nasjonal tryggingsmyndighet har investerings- og driftsmidlar på kap. 1760, postane 01 og 45. På prosjektet P2950 Digital varslingsinfrastruktur er det behov for ei intern deling mellom postane for å tilpasse løyvinga etter sin utgiftsart. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte til kap. 1760, post 01.
Post 75 Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 16,791 mill. kroner knytte til at krav frå NATO på innbetaling av Noregs tilskot til NATOs Investeringsprogram for sikkerhet blei høgare enn budsjettert. Dette skuldast auka aktivitet i NATOs samla investeringsprogram samt svakare kurs for norske kroner versus Euro.
Kap. 4760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2021 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 31 877 | 79 877 | 96 321 |
48 | Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, inntekter | 350 036 | 350 036 | 323 420 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 16,444 mill. kroner. Auken skuldast inntekter frå Justis- og beredskapsdepartementet for arbeid gjort i samband med innføringa av nye redningshelikopter (NAWSARH) (14,000 mill. kroner) og i samband med sal av ein fiberkabel til Statnett (2,444 mill. kroner). Meirinntektene har ei tilsvarande utgiftsside. Forsvarsdepartementet foreslår ein tilsvarande auke på kap. 1760, post 01, og kap. 1720, post 01.
Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, inntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 26,616 mill. kroner knytte til forseinking på innbetaling frå NATO på fellesfinansierte investeringar (Call for contributions). Mindreinntekta fører med seg ein parallell reduksjon av utgiftsramma på kap. 1760, post 48, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2021 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 821 971 | 902 830 | 722 853 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 179,977 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
5,023 mill. kroner knytte Forsvarets del av Justis- og beredskapsdepartementets lønnskompensasjon. Utgiftssida vert auka tilsvarande.
Posten er foreslått redusert med:
95,000 mill. kroner knytte til at forventa driftsutgifter for inneverande år på drift av Redningshelikoptertenesta vil bli lågare enn budsjettert. Det har vore utfordringar med å budsjettere nøyaktig budsjettbehov i perioden der både gamle Sea King og nye SAR Queen redningshelikopter skal driftast. Det er difor foreslått ein reduksjon på inntekts- og utgiftssida.
90,000 mill. kroner som følgje av at det i samband med kontrakter lagt til grunn at JD skal dekkje 1/6 av dei faste kostnadane (Quarterly Rate) samt flytimekost for kvar redningshelikopterbase som er sett i drift fram til innfasinga er ferdigstilt. Dei fyrste nye redningshelikoptra blei sett i drift på Sola-basen 1. september 2020 og andre base Ørland blei sett i drift 14. mai 2021. Det foretas i samband med dette utbetalingar til leverandør Leonardo Helicopters frå Justis- og beredskapsdepartementet (JD) som blir belasta den delen av løyvinga som utgjer det ordinære driftsbudsjettet hos JD. JD har som følgje av dette halde tilbake 90 mill. kroner. Det har vore usikkerheit knytt til når den andre redningshelikopterbasen skulle setjast i drift og såleis og størrelsen på beløpet som skal utbetales til Leonardo Helicopters.
Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 726 271 | 796 571 | 616 594 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 179,977 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
5,023 mill. kroner knytte Forsvarets del av Justis- og beredskapsdepartementets lønnskompensasjon 2. Utgiftssida vert auka tilsvarande.
Posten er foreslått redusert med:
95,000 mill. kroner knytte til at forventa driftsutgifter for inneverande år på drift av Redningshelikoptertenesta vil bli lågare enn budsjettert. Det har vore utfordringar med å budsjettere nøyaktig budsjettbehov i perioden der både gamle Sea King og nye SAR Queen redningshelikopter skal driftast. Det er difor foreslått ein reduksjon på inntekts- og utgiftssida.
90,000 mill. kroner som følgje av at det i samband med kontrakt lagt til grunn at JD skal dekkje 1/6 av dei faste kostnadane (Quarterly Rate) samt flytimekost for kvar redningshelikopterbase som er sett i drift fram til innfasinga er ferdigstilt. Dei fyrste nye redningshelikoptra blei sett i drift på Sola-basen 1. september 2020 og andre base Ørland blei sett i drift 14. mai 2021. Det foretas i samband med dette utbetalingar til leverandør Leonardo Helicopters frå Justis- og beredskapsdepartementet (JD) som blir belasta den delen av løyvinga som utgjer det ordinære driftsbudsjettet hos JD. JD har som følgje av dette halde tilbake 90 mill. kroner. Det har vore usikkerheit knytt til når den andre redningshelikopterbasen skulle setjast i drift og såleis og størrelsen på beløpet som skal utbetales til Leonardo Helicopters.
Mindreinntekta fører med seg ein parallell reduksjon av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.