2 Driftskreditt til Nye Veier AS
Kap. 1321 Nye Veier AS
Post 86 Driftskreditt
Regjeringa foreslår å løyve 1 000 mill. kr i 2021 til ei driftskredittordning til Nye Veier AS på kap. 1321 Nye Veier AS, (ny) post 86 Driftskreditt. Ordninga gjeld selskapet sitt arbeid med Ringeriksbana, som er ein del av fellesprosjektet Ringeriksbana og E16 Skaret–Høgkastet–Hønefoss.
Driftskredittordninga skal bidra til at selskapet har tilstrekkeleg likviditet til å handtere løpande utbetalingar i gjennomføringsfasen. Ordninga er avgrensa til kortsiktige lån med løpetid på inntil tolv månader. Planane til Nye Veier AS for det enkelte år må utarbeidast basert på selskapet sine ordinære finansielle rammer, som for Ringeriksbana består av statlege løyvingar. Tilbakebetaling av disponert driftskreditt skal dermed dekkjast innafor det ordinære vederlaget som selskapet mottek for Ringeriksbana. Driftskreditten skal setjast inn på ein ikkje-renteberande konto i Norges Bank til det er bruk for han. Ved trekk på ordninga skal Nye Veier AS betale renter av lånet.
Regjeringa legg opp til at driftskredittordninga vert avvikla når Ringeriksbana er ferdig og lånet innfridd før midlane vert tilbakeført til statskassa.