1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Nærings- og fiskeridepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag til ny lov om røystingsrådgjevarar. Forslaget skal gjennomføre reglar i endringsdirektiv (EU) 2017/828 (SRD II) som endrar direktiv 2007/36/EF med omsyn til å fremme langsiktig aksjeeigarengasjement, som Noreg har plikt til å gjennomføre etter EØS-avtalen. Røystingsrådgjevarar (engelsk: «proxy advisors», bokmål: «voteringsrådgivere»), er føretak som tilbyr aksjeeigare tenester knytte til utøving av aksjeeigarrettar på generalforsamling. Lovforslaget gjennomfører SRD II artikkel 3j. Forslaget til ny lov om røystingsrådgjevarar er omtalt nærare i kapittel 2 og 3.
I proposisjonen fremmer Nærings- og fiskeridepartementet òg forslag til retting av feil m.m. i fem lover som høyrer under departementet; aksjeloven, allmennaksjeloven, føretaksregisterlova, lov om Innovasjon Norge og prokuralova. Rettingane er av ulik art. I nokre tilfelle har lovteksten blitt utdatert som ei følgje av endringar i andre lover. I andre tilfelle dreier det seg om redaksjonelle feil eller inkuriar. Forslaga er omtalte nærare i kapittel 4.
Økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga er behandla i kapittel 5. Forslaget til ny lov om røystingsrådgjevarar vil påføre plikter og administrative byrder på røystingsrådgjevarar, men vil òg kunne bidra til å skape tillit omkring arbeidet deira. Departementet kjenner ikkje til røystingsrådgjevarar med forretningskontor i Noreg. Forslaget er venta ikkje å ha vesentlege negative næringspolitiske konsekvensar. Forslaga om rettingar reduserer risikoen for misforståingar hos brukarane av lovene. Rettingane inneber ikkje endringar av realiteten, og har ikkje andre økonomiske eller administrative konsekvensar.