Prop. 207 L (2020–2021)

Lov om røystingsrådgjevarar og lov om endringar i føretakslovgjevinga (retting av feil m.m.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Endringsdirektiv (EU) 2017/828 (SRD II) og aksjonærrettsdirektivet 2007/36/EF

Europaparlaments- og rådsdirektiv (EU) 2017/828 (Shareholder Rights Directive II, SRD II) endrar direktiv 2007/36/EF med omsyn til å fremme langsiktig aksjeeigarengasjement. SRD II vart vedteke 17. mai 2017. Det overordna føremålet med SRD II er å auke aksjeeigarar sin innverknad og leggje til rette for langsiktig eigarskap i noterte selskap.

Forslag til gjennomføring av reglar i SRD II er fremma i tre tidlegare proposisjonar til Stortinget:

  • Regjeringa fremma Prop. 135 L (2018–2019) Endringer i aksjelovgivningen mv. (langsiktig eierskap i noterte selskaper) for Stortinget 21. juni 2019. I proposisjonen vart det foreslått reglar for å gjennomføre SRD II artikkel 3g, 3h, 3i, 9a, 9b og 9c. Dette gjeld reglar om institusjonelle investorar og kapitalforvaltarar, openheit om lønna til leiinga og anna godtgjering og transaksjonar mellom selskapet og nærståande til det. Forslaga i Prop. 135 L (2018−2019) vart gjennomførte ved endringslov 6. desember 2019 nr. 77.

  • I Prop. 136 LS Endringer i aksjelovgivningen mv. (åpenhet om eierskap og deltakelse på generalforsamlingen) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 235/2020 og 236/2020 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv (EU) 2017/828 og forordning (EU) 2018/1212 vart det foreslått reglar som gjennomfører SRD II artikkel 3a til 3e. Dette gjeld reglar om identifikasjon av aksjeeigarar, overføring av opplysningar mellom selskapet og aksjeeigarar, og tilrettelegging for utøving av aksjeeigarrettar. I proposisjonen kapittel 1 står det at:

    «Forslag til regler som gjennomfører krav i SRD II artikkel 3j om voteringsrådgivere vil bli fremmet i en egen proposisjon til Stortinget. Det tas sikte på at dette skjer våren 2021.»

  • Forslag til reglar som skal gjennomføre krav i SRD II artikkel 3c nr. 2 om stadfesting og kontroll med elektronisk stemmegjeving på generalforsamlinga vart fremma i Prop. 140 L (2020–2021) Endringer i foretakslovgivningen (gjennomføring av møter og geografiske tilknytningskrav).

Prop. 136 LS (2020–2021) og Prop. 140 L (2020–2021) vart begge fremma for Stortinget 9. april 2021.

Dei tre proposisjonane omhandlar til saman alle føresegnene i SRD II, utan artikkel 3j om røystingsrådgjevarar. Denne artikkelen blir foreslått gjennomført gjennom dette lovforslaget. For nærare omtale av SRD II artikkel 3j viser departementet til punkt 3.2 nedanfor.

Ei generell omtale av krava i aksjonærrettsdirektivet og SRD II finst i Prop. 136 LS (2020–2021) punkt 2.2. Uoffisiell omsetjing av SRD II følgjer som vedlegg til den proposisjonen.

2.2 Høyringsnotat av 18. november 2019

Nærings- og fiskeridepartementet sendte 18. november 2019 på offentleg høyring Høringsnotat om ny lov om røystingsrådgjevarar og endringer i aksjelovgivningen mv. (SRD II, åpenhet og innflytelse). Høyringsfristen var 6. januar 2020.

Høyringsnotatet vart sendt til følgjande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Brønnøysundregistera

  • Datatilsynet

  • Finanstilsynet

  • Forbrukerombudet

  • Konkurransetilsynet

  • Noregs Bank

  • Regelrådet

  • Skattedirektoratet

  • Statistisk sentralbyrå

  • Økokrim

  • Handelshøyskolen BI

  • Norges Handelshøyskole

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Tromsø

  • AksjeNorge – Stiftelsen til fremme av aksjemarkedet

  • Aksjonærforeningen i Norge

  • Association of Global Custodians European Focus Committee

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Revisorforening

  • Eiendom Norge

  • Energi Norge

  • Finans Norge

  • Finansforbundet

  • Finansieringsselskapenes Forening

  • Folketrygdfondet

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • IKT Norge

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Nordic Association of Electricity Traders

  • Norsk Journalistlag

  • Norsk Kapitalforvalterforening

  • Norsk Redaktørforening

  • Norsk Venturekapitalforening

  • Norske Finansanalytikeres Forening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Pensjonskasseforeningen

  • Regnskap Norge

  • SMB Norge

  • Sparebankforeningen i Norge

  • Tax Justice Network Norge

  • Transparency International Norge

  • Verdipapirfondenes Forening

  • Verdipapirforetakenes Forbund

  • Aabø-Evensen & Co Advokatfirma AS

  • Advokatfirmaet BAHR AS

  • Advokatfirmaet Grette DA

  • Advokatfirmaet Haavind AS

  • Advokatfirmaet Hjort DA

  • Advokatfirmaet Pricewaterhouse Coopers AS

  • Advokatfirmaet Schjødt AS

  • Advokatfirmaet Selmer AS

  • Advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig AS

  • Advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig Trondheim AS

  • Advokatfirmaet Thommessen AS

  • Advokatfirmaet Wiersholm AS

  • Arntzen de Besche Advokatfirma AS

  • Brækhus Advokatfirma DA

  • Deloitte Advokatfirma AS

  • Ernst & Young Advokatfirma AS

  • Garmann, Mitchell & Co Advokatfirma DA

  • Kluge Advokatfirma DA

  • KPMG Law Advokatfirma DA

  • Kvale Advokatfirma DA

  • SANDS Advokatfirma DA

  • Wikborg Rein Advokatfirma AS

  • BN Bank ASA

  • Danske Bank NUF

  • DNB ASA

  • Handelsbanken NUF

  • Landkreditt Bank AS

  • Nasdaq Clearing Oslo NUF

  • Nasdaq Oslo ASA

  • Nordea Bank ABP, Filial i Norge

  • Nordic Trustee AS

  • Oslo Børs ASA

  • Pareto Bank ASA

  • SIX x-clear AG NUF

  • Skandinaviska Enskilda Banken AB (Publ.) Oslofilialen NUF

  • SpareBank 1 Forvaltning AS

  • Sparebanken Sør

  • Verdipapirsentralen ASA

Følgjande instansar har hatt realitetsmerknader til høyringsforslaget:

  • Finansdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Finanstilsynet

  • Skattedirektoratet

  • Statistisk sentralbyrå

  • Advokatforeningen

  • Den norske Revisorforening

  • Finans Norge

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Norsk Journalistlag

  • Norsk Kapitalforvalterforening

  • Norsk Redaktørforening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Tax Justice Network – Norge

  • Verdipapirforetakenes Forbund

  • Brækhus Advokatfirma DA

  • Oslo Børs ASA

  • Verdipapirsentralen ASA

Av desse har følgjande instansar hatt realitetsmerknader til forslaget til lov om røystingsrådgjevarar:

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Finanstilsynet

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Brækhus Advokatfirma DA

Følgjande instansar har uttalt at dei ikkje har merknader til utgreiinga eller at dei ikkje ønskjer å gje svar på høyringa:

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Brønnøysundregistera

  • Datatilsynet

Høyringssvara er tilgjengelege på nettstaden til departementet.