2 Forslag til endringar
Programkategori 01.00 Administrasjon
Kap. 1500 Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker i hovudsak løn, husleige og andre faste driftsutgifter i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Løyvinga blir foreslått auka med 5 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Programkategori 01.10 Fellestenester for departementa og Statsministerens kontor
Kap. 1510 Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til løn og andre driftsutgifter for Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa. I tillegg dekker løyvinga utgifter til fellestenester for departementsfellesskapet og Statsministerens kontor.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 18,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på post 22, jf. omtale under post 22. Forslaget omhandlar å flytte husleigemidlar til fellesareal til posten der husleigemidlar til interne areal som blir disponerte av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa ligg, slik at fordelinga blir rett.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 80 mill. kroner, mot ein auke av inntektskravet på kap. 4510, post 02 med 35 mill. kroner og post 03 med 45 mill. kroner, jf. omtale under kap. 4510, postane 02 og 03. Årsaka er høg etterspørsel frå departementa etter brukarbetalte tilleggstenester, i tillegg til høg aktivitet i prosjektet nytt regjeringskvartal, mellom anna auke i talet på bestillingar av vakthald til byggeplass og auka grad av prosjektbistand frå Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa på området teknisk sikring.
Løyvinga blir foreslått auka med 13,8 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 112 mill. kroner.
Post 22 Fellesutgifter
Løyvinga dekker husleige for fellesareal for departementa, avtala til statsforvaltninga med Kopinor (ikkje forsvarssektoren) og drifts- og vedlikehaldsavtalar og utviklingskostnadar for nettstaden regjeringa.no.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 18,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på post 01, jf. omtale under post 01.
Kap. 4510 Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa
Post 02 Diverse inntekter
På posten blir det ført betaling for standard- og tilleggstenester til Høgsterett, Statsbygg og driftsinntekter for Statens servicesenter i Engerdal. Inntekter frå Statsbygg er i hovudsak betaling for bidrag inn i prosjekt nytt regjeringskvartal. Storleiken på beløpet varierer med arbeidet i prosjekta.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 35 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 1510, post 01, jf. omtale under kap. 1510, post 01.
Post 03 Brukarbetaling
På posten blir det ført brukarbetaling for tilleggstenester til departementa og Statsministerens kontor.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 45 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 1510, post 01, jf. omtale under kap. 1510, post 01.
Kap. 1511 Prosjekt tilknytte nytt regjeringskvartal
Post 30 Ombygging av Ring 1, kan overførast
Løyvinga dekker kostnadar for ombygginga av Hammersborg- og Vaterlandstunnelen (Ring 1) for å vareta nødvendig sikkerheit for nytt regjeringskvartal.
Statens vegvesen forventar meirutgifter til riving av Oslo hovudbrannstasjon på om lag 60 mill. kroner. Endringa skyldast i hovudsak at rivinga av brannstasjonen blir betalt i 2024, og ikkje som forutsett i 2025.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 mill. kroner.
Programkategori 01.20 Statsforvaltarane
Kap. 1520 Statsforvaltarane
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker ordinære løns- og driftsutgifter for statsforvaltarane og Statsforvaltarens fellestenester. Løyvinga skal medverke til forsvarleg gjennomføring av oppgåvene frå 14 departement.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner for å dekke ekstrakostnadar knytte til barnevern og helse hos Statsforvaltaren i Vestland i samband med at Statsforvalteren var settestatsforvaltar i den såkalla Spydebergsaka.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5,6 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 2412 Husbanken, post 01 under Kommunal- og distriktsdepartementet, i samband med avslutning av forsøket med overføring av oppgåver frå Husbanken til Statsforvaltaren i Rogaland, Vestland og Nordland. Husbanken tok tilbake oppgåvene 1. september 2024, og midlane gjeld handtering av oppgåvene frå 1. september og ut 2024.
Løyvinga blir foreslått auka med 45,9 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 45,3 mill. kroner.
Programkategori 01.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning
Kap. 1530 Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga
Post 33 Vidareføring av byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til vidareføring av prosjekt som Stortinget tidlegare har vedtatt å starte opp. Løyvinga skal sikre best mogleg framdrift i prosjekt under oppføring.
Norsk havteknologisenter har eit lågare likviditetsbehov enn løyvd. Årsaka er endringar i framdrift og utbetalingstakt.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 110 mill. kroner.
Post 36 Kunstnarisk utsmykking, kan overførast
Posten inneheld midlar til kunstnarisk utsmykking i statlege bygg under oppføring, òg for byggeprosjekt på kap. 2445 Statsbygg. Løyvinga blir disponert av Kunst i offentlege rom (KORO) som gjennomfører kunstprosjekta. Behovet i 2024 er lågare enn løyvd.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga gjeld der Statsbygg får i oppdrag å prosjektere og hjelpe til med anskaffingane av brukarutstyr til byggeprosjekta. Det inkluderer brukarutstyr til byggeprosjekt på kap. 2445 Statsbygg. Løyvinga gjeld òg nødvendige sikringstiltak på Nationaltheatret for å sikre drift.
Norsk havteknologisenter har eit lågare likviditetsbehov enn løyvd. Årsaka er endringar i framdrift og utbetalingstakt.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 200 mill. kroner.
Kap. 1531 Eigedomar til kongelege føremål
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av dei statlege kongelege eigedomane, som H.M. Kongen har disposisjonsrett til. Dette skjer i nært samarbeid med Det kongelege hoffet.
Løyvinga blir foreslått auka med 270 000 kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 1533 Eigedomar utanfor husleigeordninga
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av bygningsmassen.
Løyvinga blir foreslått auka med 91 000 kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til større utstyrskjøp og vedlikehald på eigedomar utanfor husleigeordninga.
I 2020 gjekk det eit nytt ras på eigedomen Øvre Storwartz i Røros. Statsbygg skal gjennomføre det vidare rassikringsarbeidet på eigedomen, mens Klima- og miljødepartementet er oppdragsgivar. Det blir foreslått å auke løyvinga med 10,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 1400 Klima- og miljødepartementet, post 21 Særskilde driftsutgifter.
Kap. 2445 Statsbygg
Post 31 Igangsetjing av ordinære byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga gjeld utgifter til oppstart av nye byggeprosjekt innanfor husleigeordninga.
Behovet er 40,2 mill. kroner lågare enn løyvd. Årsaka er reviderte utbetalingsplanar for Bergen tinghus og hyblar ved Fagskulen for brann- og redningspersonell.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 40,2 mill. kroner.
Post 34 Vidareføring av brukarfinansierte byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga gjeld utgifter til vidareføring av brukarfinansierte byggeprosjekt.
Behovet for midlar til brukarfinansierte byggeprosjekt er om lag 180 mill. kroner lågare enn disponibel løyving. Årsaka er at færre prosjekt blir igangsett og at framdrifta i pågåande prosjekt er lågare enn venta.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 180 mill. kroner.
Post 39 Renter på byggelån, kan overførast
Løyvinga gjeld byggelånsrenter på investeringspostane 30–34 på kap. 2445 Statsbygg.
Oslo hovudbrannstasjon var ikkje i grunnlaget for byggelånsrenter. Dette blir nå retta opp.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 38,9 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga gjeld utstyr på eigedomane Statsbygg forvaltar, inkludert utbetringar, utskiftingar og installering av tekniske anlegg. Lågare kostnadar enn venta gjer at behovet er 170 mill. kroner lågare enn løyvd.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 170 mill. kroner.
Programkategori 01.40 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk
Kap. 1540 Digitaliseringsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker løn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter.
Løyvinga blir foreslått auka med 3,8 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 1541 IT- og ekompolitikk
Post 70 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk, kan nyttast under post 22
Løyvinga dekker mellom anna utgifter til Noregs kontingent til Open Government Partnership (OGP) og kontingentar knytte til Noregs deltaking i Den internasjonale teleunion (ITU), Den europeiske post- og teleorganisasjon (CEPT) og Det europeiske nettverks- og informasjonssikkerheitsbyrået (ENISA). Kontingentane for 2024 minkar i forhold til gjeldande løyving som følgje av endra valutakurs. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 235 000 kroner.
Kap. 1542 Internasjonalt samarbeid
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til løn og drift for nasjonale ekspertar til Europakommisjonen som del av deltaking i EU-programma.
Løyvinga blir foreslått auka med 90 000 kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Post 70 Internasjonale program, kan overførast
Løyvinga gjeld EU-program som Noreg tar del i etter EØS-avtala og som er knytte til utviklinga av informasjonssamfunnet og elektronisk forvaltning. Løyvinga dekker programkontingentar og andre utgifter til EU-program og etterslep frå avslutta EU-program. Årleg medlemskontingent for norsk deltaking i EU-program blir fastsett i euro av Europakommisjonen på grunnlag av forventa framdrift under det enkelte programmet. Kontingenten blir betalt samla av Utanriksdepartementet mot seinare refusjon frå dei departementa som er ansvarlege for dei enkelte programma.
Det norske bidraget til programmet DIGITAL og etterslep etter dei avslutta programma CEF Digital og ISA2 vart i Prop. 1 S (2023–2024) anslått til 476,8 mill. kroner. Basert på innbetalingskrav frå Utanriksdepartementet blir kontingenten for desse programma om lag 444 mill. kroner i 2024. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 32,8 mill. kroner.
Kap. 1543 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga dekker løn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter.
Løyvinga blir foreslått auka med 4,5 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Post 70 Telesikkerheit og -beredskap, kan overførast
Formålet med løyvinga er å styrkje den digitale beredskapsevna og gjere breibandnetta og mobilnetta meir robuste mot utfall på grunn av meir ekstremver og eit endra geopolitisk trusselbilete. Auka avhengigheit til ekomnett og digitale tenester på tvers av alle sektorane og for dei fleste samfunnsfunksjonar gjer det til eit viktig mål å styrke transportnetta og andre viktige punkt i infrastrukturen. Satsinga finansierer forsterka ekom i flaumutsette kommunar, tiltak for å styrkje netta i sårbare regionar og tverrsektoriell pilot for gjenoppretting av mobildekning i sårbare regionar.
Tiltaka har sin bakgrunn i NOU 2015: 13 Digital sårbarhet – sikkert samfunn og rapportar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Basert på erfaring frå ei grundig risiko- og sårbarheitsanalyse og gjennomførte tiltak i Finnmark, vart det i Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur presentert eit tiltak som innebar risiko- og sårbarheitsanalyser i minst fem nye sårbare regionar og innfasing av tiltak i desse regionane. Sjølve tiltaka består hovudsakleg av alternative føringsvegar for internettrafikk (fiberføringsvegar) og styrking av sårbare enkeltpunkt i netta.
I tråd med tiltaket frå stortingsmeldinga, er det gjennomført analyser i Troms, Nordland og Trøndelag. Det er sett i verk tiltak for 50 mill. kroner i Troms og 25 mill. kroner i Nordland. I Trøndelag har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kartlagt transportnetta («motorvegane» for digitale tenester) som all mobilkommunikasjon, breiband og internett i Nord-Noreg og Trøndelag er avhengige av. Analysane har avdekt alvorlege sårbarheiter, og viser at det raskt må prioriterast tiltak for å redusere desse. Tiltaka for å redusere dei viktigaste og mest kritiske sårbarheitene som er avdekte i risiko- og sårbarheitsanalysen for Trøndelag, er berekna til 75 mill. kroner. Det er sett av 25 mill. kroner innanfor løyvinga i 2024, og behovet for auka løyving er dermed 50 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått auka med 50 mill. kroner.
Kap. 5579 Sektoravgifter under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Post 70 Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Sektoravgiftene og gebyra skal i hovudsak dekke Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine utgifter som er budsjettert på kap. 1543, postane 01 og 45, og meirverdiavgift på kap. 1633, post 01.
Løyvinga blir foreslått auka med 4,5 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Programkategori 01.50 Personvern
Kap. 1550 Datatilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker løn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter.
Løyvinga blir foreslått auka med 1,6 mill. kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 1551 Personvernnemnda
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Personvernnemnda er klageorgan for vedtak fatta av Datatilsynet. Løyvinga dekker i hovudsak utgifter til løn og drift av Personvernnemndas sekretariat, men skal òg dekke sakskostnadar i saker der parten blir tilkjent dette.
Personvernnemnda oppheva 18. juni 2024 Datatilsynet sitt vedtak om å ilegge Meta ei tvangsmulkt for brot på personvernforordninga, jf. personopplysningslova § 30. Personvernnemnda meinte det ikkje låg føre eit rettsleg grunnlag for å ilegge tvangsmulkt, som er ein særnorsk sanksjon, i saker etter personvernforordninga. Meta har sett fram krav om dekning av sakskostnadar knytt til endring av tvangsmulktvedtaket, jf. forvaltningslova § 36. I vedtak PVN2024-17 har Personvernnemnda avgjort å dekke sakskostnadar med 3 823 872 kroner.
Løyvinga blir foreslått auka med 3,8 mill. kroner til dekning av sakskostnadane. Som følgje av at det er usikkert om utbetalinga finn sted i 2024, blir det foreslått å føye til stikkordet «kan overførast» på posten.
Løyvinga blir vidare foreslått auka med 56 000 kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Samla blir løyvinga foreslått auka med 3,9 mill. kroner.
Programkategori 01.60 Statleg arbeidsgivarpolitikk
Kap. 1560 Tariffavtalte avsetningar mv.
Post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde, kan overførast
Løyvinga dekker tilskot til opplæringstiltak for tillitsvalde til organisasjonane i staten innanfor mellom anna organisasjons- og tillitsvaldarbeid, miljø og vernearbeid, sjukefråvær, medråderett, personalpolitiske spørsmål, omstilling, effektivisering og samfunnsøkonomi m.m. Retningslinjer for opplærings- og utviklingstiltak er fastsett i eigen særavtale mellom staten og hovudsamanslutningane (avtale om OU-midlar).
Som følgje av tvistane i samband med hovudtariffoppgjeret 2024 mellom staten og hovudsamanslutningane kan det vere behov for å overføre midlane til neste år slik at dei kan bli utbetalt til hovudsamanslutningane i 2025. Det blir derfor foreslått å føye til stikkordet «kan overførast» på posten, jf. forslag til romartalsvedtak IV.
Post 72 Pensjonskostnadar tenestemannsorganisasjonane
Verksemder som er medlemar i Statens pensjonskasse skal betale ein aktuarielt berekna premie (arbeidsgivardel), slik det blir gjort i privat sektor.
Tenestemannsorganisasjonane betaler ikkje arbeidsgivardel for tilsette som har ulønt permisjon frå statleg verksemd for å ha verv eller vere tilsett i ein slik organisasjon. I samsvar med permisjonsavtala betaler organisasjonane berre 2 pst. medlemsinnskot.
For å synleggjere det årlege bidraget staten har til tenestemannsorganisasjonane på pensjonsområdet, blir desse premiekostnadane budsjetterte på ein eigen post i statsbudsjettet.
Statens pensjonskasse fakturerer utgiftene halvårlig og etterskuddsvis. Fakturert premie siste halvår i 2023 og første halvår i 2024, og berekna arbeidsgivaravgift, er 51,5 mill. kroner. Auken i premieprognosen skuldast hovudsakleg registrerte lønsendringar i 2024 og endringar i bestanden. Løyvinga blir foreslått auka med 7 mill. kroner.
Kap. 1565 Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker kostnadane til Statens pensjonskasse for å administrere bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, jf. post 90. Hovuddelen av kostnadane blir dekt av lånekundane gjennom betaling av ulike former for gebyr, jf. kap. 4565, post 01. Som følgje av at Statens pensjonskasse behandlar og utbetalar fleire lånesøknader, og at anslaget for samla låneportefølje har auka, jf. kap. 1565 post 90 og kap. 4565, post 90, blir det foreslått å auke løyvinga med 11 mill. kroner.
Post 90 Utlån, overslagsløyving
Løyvinga dekker forventa brutto utlån til bustadlån og berekna opptente, men ikkje betalte renter på låna i Statens pensjonskasse. Anslaget for utbetalte lån i 2024 er auka med 10 100 mill. kroner. Anslaget inkluderer ca. 215 mill. kroner i berekna opptente renteinntekter ved utgangen av 2024. Erfaringar tilseier at i periodar med renteoppgang, aukar talet på lånesøknadar til Statens pensjonskasse, som følgje av at renta i Statens pensjonskasse i ein periode då normalt vil vere gunstig samanlikna med marknaden elles. Det blir foreslått å auke løyvinga med 10 100 mill. kroner.
Kap. 4565 Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse
Post 01 Gebyrinntekter, lån
Posten omfattar innbetaling av gebyr frå låntakarane i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse i form av termingebyr, etableringsgebyr, purregebyr og liknande. Nytt anslag kjem av auka volum i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, jf. kap. 1565, post 90 og kap. 4565, post 90. Det blir foreslått å auke løyvinga med 11 mill. kroner.
Post 90 Tilbakebetaling av lån
Posten omfattar forventa innbetalingar av løpande og ekstraordinære avdrag, innfriingar av bustadlån, innbetalingar på tidlegare avskrivne lån og tilbakeføring av opptente renter ved inngangen til året. Anslaget på posten er auka med 3 200 mill. kroner. Anslaget er basert på det faktiske talet på innfriingar hittil i år og forventa innfriingar resten av året. Det blir foreslått å auke løyvinga med 3 200 mill. kroner.
Kap. 5607 Renter av bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse
Post 80 Renter
Løyvinga gjeld renteinntekter, og opptente, ikkje betalte renter knytte til bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse. Anslaget for renteinntekter er auka med 472 mill. kroner som følgje av høgare vekst i låneporteføljen, og at normrenta er høgare enn det som vart lagt til grunn i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024. Det blir foreslått å auke løyvinga med 472 mill. kroner.
Andre saker
Byggetrinn 2 av nytt regjeringskvartal
Forprosjektet og kvalitetssikring av byggetrinn 2 del I i nytt regjeringskvartal er omtalt i Prop. 1 S (2024–2025).
I Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022 varsla regjeringa ei nedskalering av nytt regjeringskvartal. Det vart peika på at dei to planlagde bygga i byggetrinn 3, B- og E-blokka, ikkje ville bli bygd. Regjeringa har vurdert fleire tiltak for å oppnå denne målsettinga. Eit viktig tiltak for å kunne bygge mindre, var at regjeringa i 2022 avgjorde å dimensjonere kvartalet for 4 100 tilsette (talet på tilsette i dag), mot 4 700 som kvartalet opphavleg var planlagd for. I Prop. 1 S (2023–2024) vart det varsla at regjeringa òg ville vurdere meir effektiv arealbruk for heile det nye regjeringskvartalet.
Hovudsamanslutningane har uttrykt skepsis til arealeffektivisering, og meiner mellom anna at det kan gå ut over arbeidsmiljø, trivsel, tilhøyrsle og produktivitet. Det er gjort målingar av nærvær og bruk av arbeidsplassar i dagens lokale. Undersøkingane viser at ein kan redusere dekningsgraden og framleis vareta tilstrekkeleg kapasitet og gode arbeidsforhold for dei tilsette. For å sørgje for effektiv arealbruk og arbeidsplassar tilpassa ulike oppgåver, er det avgjort at alle departementa skal ha aktivitetsbasert arbeidsplasskonsept og at dekningsgraden i nytt regjeringskvartal blir redusert frå 75 til 70 pst. Dette blir lagt til grunn for det vidare arbeidet med nytt regjeringskvartal. Valet av arbeidsplasskonsept vil òg gi rom for meir fleksibel bruk av areala i framtida, til dømes ved endringar i departementsstrukturen.
Tiltaka over er aleine ikkje nok til å innplassere dagens tilsette i byggetrinn 1 og 2. Regjeringa arbeider for å løyse det totale arealbehovet i nytt regjeringskvartal på best mogleg vis. Tiltak som vurderast er mellom anna bruk av eksisterande bygg, i tillegg til G-blokka. I samanheng med innflytting i nytt regjeringskvartal vil regjeringa òg vurdere kva for tenester det er hensiktsmessig å organisere som fellestenester. Dette kan gi redusert arealbehov ved at Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa eller Digitaliseringsorganisasjonen til departementa skal løyse administrative oppgåver som departementa i dag løyser. Regjeringa arbeider vidare med effekten av dei tiltaka som vurderast.
Forprosjektet for byggetrinn 2 bygger på rom- og funksjonsprogrammet og reguleringsplanen for nytt regjeringskvartal, og godkjend skisseprosjekt. Del I av byggetrinn 2 omfattar C-blokk, kjellarareal, rehabilitering av Møllergata 13, 13b og 15, og delar av parken over Ring 1. Del II av byggetrinn 2 er rehabilitering av G-blokka. Det går føre seg ei utgreiing av ulike alternativ for rehabilitering av G-blokka, og regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om dette på eit seinare tidspunkt.
Kvalitetssikringa av byggetrinn 2 del I vart gjennomført sommaren 2024. Ekstern kvalitetssikrar vurderer del I av byggetrinn 2 som modent for oppstart, og anbefaler ei kostnadsramme på 8 mrd. kroner (prisnivå per 1. juli 2024). Det er basert på P85 frå usikkerheitsanalysen, med fråtrekk av moglege kutt på 314 mill. kroner. Ekstern kvalitetssikrar meiner at departementet si overordna organisering er godt tilpassa styringsutfordringane, men meiner at departementet bør vurdere å gjennomføre nokre eksterne gjennomgangar i tillegg til dagens styrings- og kontrollregime som mellom anna inkluderer årlege eksterne kvalitetssikringar av kostnads- og usikkerheitsvurderingar. På bakgrunn av ekstern kvalitetssikrar sin vurdering, foreslår regjeringa no kostnadsramme for prosjektet, slik at gjennomføringa kan starte opp i 2025. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vil styre prosjektet stramt og brukar ekstern kompetanse i styringa. I tråd med anbefalingane frå ekstern kvalitetssikrar, vil Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet disponere usikkerheitsavsetninga i prosjektet.
Bygginga av byggetrinn 2 del I er planlagt starta opp i første kvartal 2025, og er forventa å vere ferdig i 2029.
Regjeringa legg anbefalinga frå ekstern kvalitetssikrar til grunn og foreslår ei kostnadsramme på 8 531 mill. kroner (prisnivå per 1. juli 2025) til byggetrinn 2 del I, inkludert avsetning til kunstnarisk utsmykking på 65,5 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak II.
Regjeringa foreslår ei kostnadsramme på 627 mill. kroner (prisnivå per 1. juli 2025) til brukarutstyrsprosjektet til nytt regjeringskvartal byggetrinn 2 del I, jf. forslag til romartalsvedtak III.