3 Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp
ODA-godkjende flyktningutgifter i Norge
Det blir i denne proposisjonen gjort framlegg om omdisponeringar på til saman 1 377,8 mill. kroner innanfor Utanriksdepartementet sin del av utviklingshjelpa under programområde 03 Internasjonal bistand. Det er no rekna med 1 359,9 mill. kroner i mindre utgifter til flyktningtiltak i Noreg godkjende som utviklingshjelp (ODA) enn tidlegare rekna med. I tillegg er det foreslått andre mindre justeringar på til saman 17,9 mill. kroner som og kan omdisponerast til nye tiltak. Frigjorte midlar blir foreslått omdisponerte til andre tiltak på bistandsbudsjettet, jf. omtale nedanfor.
Den asiatiske investeringsbanken for infrastruktur (AIIB) – ODA-godkjend del
Som følge av vedtak i OECD/DAC i juni 2017 om at 85 pst. av innskotet i AIIB kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA) med verknad frå og med 2016, er ein tilsvarande del av det norske innskotet i AIIB frå og med 2016 rapportert til OECD/DAC som offisiell utviklingshjelp (ODA). Den norske ODA-delen på 161,3 mill. kroner i 2017 vil tilsvarande bli statistikkrapportert som ODA i 2017-statistikken.
Det blir foreslått at 85 pst av innskotet, 161,3 mill. kroner, inngår som del av bistandsramma for 2017.
Forslag til auka løyvingar
Kap. 150 Bistand til Afrika
Post 78 Regionløyving for Afrika, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 90 mill. kroner.
Auka midlar vil gå til stabiliseringsfond i Somalia og i Den demokratiske republikken Kongo, til Det humanitære fondet for Sør-Sudan, Verdsbanken og FN sitt arbeid med flyktningar frå Sør-Sudan og eit fond som støttar fredsprosessen i Den sentralafrikanske republikken.
Kap. 161 Næringsutvikling
Post 70 Næringsutvikling, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 20 mill. kroner til etablering av investeringsfondet Nordic Horn of Africa Opportunities Fund i Somalia. Norfund vil vere mottakar av tilskotet og forvalte norsk deltaking i fondet. Tilskotsmidlane vil vere i form av first-losskapital. Dette betyr at kapitalen vil inngå i fondet som ein bufferkapital som vil vere førstelinja for å dekke eventuelle tap fondet må ta. Det inneber at risikoen for investorar som stiller med utlånskapital blir redusert, og skal medverke til at fondet tiltrekkjer seg desse investorane.
Det blir foreslått at det gis særskilt fullmakt frå Stortinget for utbetaling av tilskotet på følgjande måte:
Stortinget gir samtykke til at Utanriksdepartementet i 2017 gis unntak frå føresegnene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetalingar av gitte løyvingar på følgjande måte:
Utbetaling via Norfund til investeringsfondet «Nordic Horn of Africa Opportunities Fund» kan skje før det er behov for å dekke dei aktuelle utgiftene og brukast som sikring for lån.
Kap. 162 Overgangshjelp/sårbare statar og regionar
Post 70 Overgangshjelp/sårbare statar og regionar, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 117,2 mill. kroner til program i Irak, primært gjennom UNDP sine to fond, for høvesvis omgåande og langsiktig stabilisering av Irak.
Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar
Post 70 Naudhjelp og humanitær hjelp, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 453,8 mill. kroner.
Den auka løyvinga vil m.a. gå til Rohingya-krisa som krev akutt humanitær respons i Myanmar og Bangladesh, hjelp som følgje av fare for hungersnaud i Jemen, Sør-Sudan, Somalia og Tsjadsjøregionen og til underfinansierte kriser, særleg i Afrika sør for Sahara. Det er òg store behov knytt til Syria-krisa.
Aktuelle kanalar for hjelpetiltak vil vera FN og Den internasjonale Raudekross-komiteen (ICRC).
Kap. 168 Kvinnerettar og likestilling
Post 70 Kvinnerettar og likestilling, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 90 mill. kroner.
Auka midlar vil gå til ein ny finansieringsmekanisme for kvinnelege entreprenørar, WeFi, i regi av Verdsbanken. Tiltaket støtter opp om prioriteringane i «Handlingsplanen for kvinners rettigheter og likestilling i utenriks og utviklingspolitikken (2016-2020)».
Kap. 169 Global helse og utdanning
Post 70 Global helse, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 200 mill. kroner til vaksinealliansen GAVI, grunna auka behov for vaksinar.
Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.
Post 76 FN og globale utfordringar m.m., kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 106 mill. kroner.
Auka løyving vil gå til Fredsbyggingsfondet, og støtte til FN sin nye teknologibank for teknologioverføring og innovasjon i verdas fattigaste land.
Post 78 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar mv., kan overførast
Løyvinga på posten gjeld ODA-delen av pliktige kontingentar til internasjonale organisasjonar Noreg er medlem i, jf. omtale under kap. 116, post 70 ovanfor.
Løyvinga blir foreslått auka med 19,5 mill. kroner. Meirutgiftene skuldast auka ODA-del for FN sine fredsbevarande operasjonar, jf. omtale under kap. 116, post 70.
Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar
Post 72 Strategisk samarbeid med multiaterale utviklingsbankar og finansinstitusjonar, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 120 mill. kroner.
Auka løyving vil gå til fondet Global Concessional Financing Facility for syriske flyktningar i Jordan og Libanon.
Forslag til reduserte løyvingar
Kap. 165 Forsking, kompetanseheving og evaluering
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir foreslått redusert med 9,5 mill. kroner pga. mindre utgifter til kjøp av konsulenttenester enn tidlegare budsjettert.
Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Etter OECD/DAC sine retningslinjer kan enkelte flyktningutgifter knytt til opphald for asylsøkjarar og flyktningar i Noreg det første året klassifiserast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Nye overslag tilseier at dei ODA-godkjende utgiftene går ned med 1 359,9 mill. kroner i høve til overslaga i RNB 2017.
Ein viser og til omtale i budsjettproposisjonane til Justis- og beredskapsdepartementet, Barne og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet som har ansvaret for ordningane i Noreg.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på kap. 167, post 21 med 1 359,9 mill. kroner.
Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar
Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast
Løyvinga blir foreslått redusert med 8,4 mill. kroner grunna valutakursendringar.