2 Forvalting og rammeføresetnader
Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal mellom anna dekkje utgifter til løns- og pensjonsutgifter, husleige, reiseutgifter, administrative fellesutgifter og mindre investeringar. Frå og med 2023 er husleiga Nærings- og fiskeridepartementet betalar for sine lokalar redusert. Av dette gjeld om lag 30 mill. kroner reduksjonar som Nærings- og fiskeridepartementet tidlegare har fått ekstra løyvingar for.
Departementet mottek gjennom året inntekter som stammar frå honorar som skal dekkje utgifter knytt til deltaking i valgkomitéarbeid i eigde selskap. Departementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 900 000 kroner mot ein tilsvarande auke av inntektene, jf. omtale under kap. 3900, post 01. Ein viser òg til at departementet har fullmakt frå Stortinget til å overskride driftsutgiftene under kap. 900, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3900, post 01.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 29,1 mill. kroner, til 496,8 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga skal dekkje utgifter til tenester, oppdrag og prosjekter som er viktige for departementets arbeid, men som departementet ikkje har kapasitet eller kompetanse til å utføre sjølv.
Nordlaks Oppdrett AS påklaga i desember 2018 og januar 2019 Mattilsynet sitt vedtak om tvangsmulkt i samband med brot på lakselusgrensa. Nærings- og fiskeridepartementet omgjorde 13. august 2023 Mattilsynet sitt vedtak om tvangsmulkt av 19. november 2018. I tillegg til tilbakebetaling av tvangsmulkta kjem avsavnsrenter frå tidspunktet for innbetaling. Til saman er det gjort ein eingongsutbetaling til Nordlaks Oppdrett AS på 1 886 000 kroner, men det er ikkje gitt løyving på kap. 900, post 21 til å dekkje denne type kostnader. Derfor gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at løyvinga blir auka med 1,9 mill. kroner.
Norsk deltaking i OECD sitt prosjekt «Measuring and projecting the ocean economy and its innovation potential for improved sustainability» blir administrert av Noregs forskingsråd, og utgiftene bør budsjetterast der. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at løyvinga på kap. 900, post 21 blir redusert med 1,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 920 Noregs forskingsråd, post 51 Tilskot til marin og maritim forsking.
I statsbudsjettet for 2023 er det eit interdepartementalt spleiselag på ein del av det norske bidraget til sekretariatstenester for Havpanelet. Seks departement inkludert Nærings- og fiskeridepartementet bidreg med 567 000 kroner kvar, til saman 3,46 mill. kroner. Som følge av at fleire land har komme til som bidragsytarar, blir dette bidraget redusert til 2 mill. kroner. Det blir derfor gjort framlegg om å tilbakeføre 234 000 kroner til departementa i spleiselaget. Då vil alle seks departement bidra med 330 000 kroner i 2023.
Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,9 mill. kroner, til 44,1 mill. kroner.
Post 71 Miljøtiltak Raufoss
For 2023 er det løyvd 4,2 mill. kroner til refusjon av utgifter til pålagde miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss og i Mjøsa. Basert på oppdatert informasjon vil det samla behovet utgjere 5 mill. kroner i 2023. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner, til 5 mill. kroner.
Post 85 Midlertidig kompensasjonsordning for føretak med stort omsetningsfall som følge av koronapandemien, overslagsløyving
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 12 mill. kroner, til 15 mill. kroner. Endringa er basert på etterkontroll av innvilga søknadar, der krav om tilbakebetaling er omgjort.
Kap. 3900 Nærings- og fiskeridepartementet
Post 01 Ymse inntekter og refusjonar knytt til ordinære driftsutgifter
Nærings- og fiskeridepartementet mottek gjennom året inntekter som stammar frå honorar som skal dekkje utgifter knytt til deltaking i valgkomitéarbeid i eigde selskap. Departementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga mot ein tilsvarande auke av driftsutgiftene, jf. omtale under kap. 900, post 01. Ein viser òg til at departementet har fullmakt frå Stortinget til å overskride driftsutgiftene under kap. 900, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3900, post 01.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 900 000 kroner, til 1,1 mill. kroner.
Post 70 Garantipremie frå garantiordning luftfart
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 blei posten redusert til 500 000 kroner som følge av at debitorar under ordningane er i misleghald. Det er ikkje lengre nokre garantier under ordninga. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 500 000 kroner, til 0 kroner.
Kap. 903 Norsk akkreditering
Post 01 Driftsutgifter
Norsk akkreditering sine prognosar for 2023 tilseier eit meirforbruk på i overkant av 5 mill. kroner. Normalt skulle dette innebere tilsvarande auka inntekter. Som følge av langvarige sjukemeldingar, fleire oppseiingar og fleire nytilsette som treng opplæring før dei kan utføre inntektsgjevande oppgåver fullt ut, viser prognosane at inntektene berre vil auke med i overkant av 3 mill. kroner. Ein viser til nærare omtale under kap. 3903, post 01.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner, til 63,3 mill. kroner.
Kap. 3903 Norsk akkreditering
Post 01 Gebyrinntekter og andre inntekter
Begrensa tilgang på interne ressursar gjer at Norsk akkreditering vil ha noko færre inntektsgjevande oppdrag i 2023 enn etaten elles ville hatt. Etaten har hatt fire langvarige sjukemeldingar og tilsett fire nye sakshandsamarar i år som treng opplæring før dei fullt ut kan utføre gebyrbelagt verksemd. Det første inneber at ein må kjøpe dyrare tenester til å utføre akkrediteringsoppdrag – i den grad dei er tilgjengelege – enn om dei hadde blitt utført av etaten sine eigne tilsette. Det siste medfører lågare inntekter enn etaten ville hatt i ein meir normal situasjon. Til saman inneber dette at inntektene til Norsk akkreditering ikkje vil auke like mykje som utgiftene i 2023.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, til 51,7 mill. kroner.
Kap. 904 Brønnøysundregistra
Post 01 Driftsutgifter
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner, til 454,9 mill. kroner. Endringa kjem av redusert behov for sakshandsaming og rettleiing i registeret over reelle rettshavarar. Registeret blir ikkje satt i drift i 2023.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner, til 58,2 mill. kroner. Endringa kjem av redusert omfang i delprosjektet «Rett frå start», som er ein del av programmet Framtidas innkrevjing.
Kap. 906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard
Post 30 Sikrings- og miljøtiltak, kan overførast
Løyvinga blir nytta til sikring av farlege gruveopningar, tiltak for å redusere forureiningar frå gamle gruver og vedlikehald og kontroll av tidlegare gjennomførte tiltak. Direktoratet har hatt lågare kapasitet enn forutsett i 2023, noko som har medført at enkelte aktivitetar ikkje har latt seg gjennomføre som planlagt. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, til 8,5 mill. kroner.
Kap. 3906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard
Post 02 Handsamingsgebyr
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 300 000 kroner, til 1,1 mill. kroner. Meirinntekta kjem som følge av auka interesse for mineralverksemd i Noreg.
Kap. 907 Norsk nukleær dekommisjonering
Post 01 Driftsutgifter
Tilsetjingsprosessar ved Norsk nukleær dekommisjonering har teke lengre tid enn planlagt, mellom anna på grunn av utfordringar med tilgang på kvalifiserte søkarar. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til 111,4 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga finansierer oppryddingsprosjekt i regi av Norsk nukleær dekommisjonering og Institutt for energiteknikk. Fleire av prosjekta har hatt lågare framdrift enn føresett. Ei rekke anskaffingar har teke lengre tid enn planlagt, mellom anna pga. Ukrainakrigen og følger av koronapandemien. Det har òg vore utfordringar med å få tilgang på eksterne ressursar med relevant kompetanse og naudsynte tryggleiksklareringar. I tillegg har det vore naudsynt å omprioritere ressursar for å følge opp pålegg og krav frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, og godkjenningsprosessar for prosjekt knytt til brukt brensel har teke lengre tid enn planlagt.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 130 mill. kroner, til 215 mill. kroner.
Kap. 3908 (nytt) Institutt for energiteknikk
Post 80 Renter
Hausten 2022 vart det inngått låneavtale med Institutt for energiteknikk om lån til flytting av laboratorier og infrastruktur. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om ei løyving på 300 000 kroner i renteinntekter frå Institutt for energiteknikk.
Kap. 910 Sjøfartsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Med bakgrunn i auka inntekter gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke i løyvinga med 9,5 mill. kroner, til 483,9 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3910, post 03.
Kap. 3910 Sjøfartsdirektoratet
Post 01 Gebyr for skip og flyttbare innretningar i NOR
Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere gebyrinntektene med 7,2 mill. kroner. Årsaka er mellom anna færre byggjemeldingar og nybygg som blir forsinka/kansellert. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 7,2 mill. kroner, til 226 mill. kroner.
Post 03 Ymse inntekter
Inntektene gjeld mellom anna refusjonar frå andre, mellom anna Petroleumstilsynet, Noregs Forskingsråd, samt midlar frå Klima- og miljødepartementet. Sjøfartsdirektoratet ventar samla inntekter på om lag 10 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9,5 mill. kroner, til 10 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 910, post 01.
Post 04 Gebyr for skip i NIS
Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke gebyrinntektene med 3,8 mill. kroner. Årsaka er mellom anna antall nyregistreringar. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,8 mill. kroner, til 70,3 mill. kroner.
Kap. 912 Klagenemndssekretariatet
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Posten blei oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 då det blei løyva 565 000 kroner for å dekkje eit saksomkostningskrav ovanfor Energiklagenemnda. Vidare samtykka Stortinget i at Nærings- og fiskeridepartementet kan overskride løyvinga for å dekkje eventuelle saksomkostningar knytt til endring av innklaga vedtak til fordel for ein part i medhald av forvaltingslova § 36, i saker som blir handsama av nemnder som Klagenemndssekretariatet betener.
Per primo oktober har det blitt fatta vedtak om dekning av slike saksomkostningar på til saman 648 000 kroner. Det er uklart om det vil bli fatta fleire vedtak om dekning av slike utgifter i løpet av året, og i så fall kor mykje som vil bli dekt.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 135 000 kroner, til 700 000 kroner.
Kap. 3912 Klagenemndssekretariatet
Post 87 Lovbrotsgebyr
Inntektene gjeld vedtak om brot i klagesaker om offentlege anskaffingar der det er pålagt brotsgebyr. Det er gitt brotsgebyr i 18 klagesaker og innbetalt om lag 11,6 mill. kroner per utgangen av september. Det er usikkert om det vil kome fleire innbetalingar i løpet av året, og i så fall kor mykje som vil bli innbetalt.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner, til 11,6 mill. kroner.
Kap. 916 Kystverket
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45
Det er sett av midlar til Kystverkets digitaliseringstiltak både under post 01 Driftsutgifter og under post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald. Ettersom ein større andel av utgiftene enn føresett har kome på post 01, er det behov for å flytte 42 mill. kroner frå post 45 til post 01. Post 01 og 45 har stikkorda «kan nyttast under».
Ein viser til omtale under kap. 922, post 71 om meirkostnad knytt til Radarsat-avtalen grunna valutaauke. Kystverket er ein av brukaretatane av satellittdata frå avtalen. Departementet gjer framlegg om at 328 000 kroner av auka blir inndekka ved å redusere driftsløyvinga til Kystverket.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med netto 41,7 mill. kroner, til 2 303,5 mill. kroner, jf. òg omtale under post 45.
Post 30 Nyanlegg og større vedlikehald, kan overførast
1. januar 2023 blei ansvaret for fiskerihamnene tilbakeført til staten ved Kystverket. Kystverket har mellom anna forpliktingar for tilbakebetaling til dei kommunane som har forskottert gjennomføring av fiskerihamnetiltak etter avtale. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 35,2 mill. kroner, til 726 mill. kroner, jf. omtale under post 60.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 42 mill. kroner, til 161,5 mill. kroner, jf. omtale under post 01.
Post 60 Tilskot til fiskerihamneanlegg, kan overførast
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 35,2 mill. kroner, til 1,7 mill. kroner, jf. omtale under post 30. Kystverket kan innfri forpliktingane på posten i 2023 med overført løyving frå 2022.
Post 71 Tilskot til effektive og miljøvennlege hamner, kan overførast
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 29,5 mill. kroner, til 89,5 mill. kroner.
Tilskotsordninga for overføring av gods frå veg til sjø blei avvikla gjennom Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett 2023. I samband med dette blei ubrukt løyving frå 2022 på 29,5 mill. kroner på post 70 Tilskot til overføring av gods frå veg til sjø, overført til post 71 Tilskot til effektive og miljøvennlege hamner. Desse midla vil ikkje bli utbetalt i 2023, og departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga. Vidare gjer departementet framlegg om å auke tilsegnsfullmakten på posten tilsvarande, jf. forslag til vedtak III, 1.
Kap. 917 Fiskeridirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Ein viser til omtale under kap. 922, post 71 om meirkostnad knytt til Radarsat-avtalen grunna valutaauke. Fiskeridirektoratet er ein av brukaretatane av satellittdata frå avtalen. Departementet gjer framlegg om at 55 000 kroner av auka blir inndekka ved å redusere driftsløyvinga til Fiskeridirektoratet.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 55 000 kroner, til 499 mill. kroner.
Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast
Løyvinga blir finansiert av inntekter frå fiskeriforskingsavgifta. Avgifta skal dekkje delar av kostnadene ved å skaffe naudsynt kunnskapsgrunnlag for fiskeriforvaltinga, til å forebyggje marin forsøpling frå fiskerinæringa og rydde tapte fiskeredskap.
Som følge av endra anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 6 mill. kroner, til 140,8 mill. kroner.
Ein viser òg til omtale under kap. 5574, post 74.
Kap. 3917 Fiskeridirektoratet
Post 05 Sakshandsamingsgebyr
Som ei følge av endra anslag for inntektene frå gebyr på akvakultursøknadar gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, til 28,3 mill. kroner.
Post 13 (ny) Inntekter frå sal av løyve til oppdrett
I 2022 blei det gjennomført auksjon av løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Regjeringa vedtok å gjennomføre ein tilleggsauksjon hausten 2023 for å auksjonere ut det volumet som ikkje blei seld hausten 2022. Tilleggsauksjonen blei gjennomført i oktober 2023, og det totale vederlaget frå tilleggsauksjonen blei på 1 513,9 mill. kroner.
Vederlaget blir delt mellom staten, kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd. I samband med handsaminga av Prop. 78 LS (2022–2023) vedtok Stortinget at den kommunale delen frå inntektene frå sal av ny kapasitet skulle aukast frå 40 til 55 pst.
Ein viser òg til omtale under kap. 919, post 60.
Som ei følge av inntektene frå tilleggsauksjonen gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 1 513,9 mill. kroner.
Post 86 Forvaltingssanksjonar
Løyvinga gjeld tvangsmulkt og straffegebyr knytt til fiskeri- og havbruksverksemd. Fiskeridirektoratet anslår ei mindreinntekt i løpet av 2023. På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 6 mill. kroner, til 4 mill. kroner.
Kap. 919 Ymse fiskeriføremål
Post 60 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar
Posten gjeld utbetaling av provenyet frå produksjonsavgifta i 2022 og delen til kommunane og fylkeskommunane frå vederlag frå tilleggsauksjon som blei gjennomført hausten 2023. Denne delen utgjer i 2023 832,6 mill. kroner.
Provenyet frå produksjonsavgifta blir utbetalt i påfølgande år. Provenyet blei 74 mill. kroner høgare enn lagt til grunn i Saldert budsjett for 2023.
Ein viser òg til omtale under kap. 3917, post 13.
Som følge av endra anslag for utbetalingane til kommunar og fylkeskommunar gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 906,6 mill. kroner, til 1 409,6 mill. kroner.
I samband med handsaminga av Prop. 78 LS (2022–2023) vedtok Stortinget ei endring i fordelingsnøklane i Havbruksfondet. Endringa inneber at 20 pst. av utbetalinga går til fylkeskommunar, medan dei resterande 80 pst. utbetalast kommunar. Løyve til havbruk vert tilbode kvart andre år. Dette gjer at utbetalingane gjennom Havbruksfondet varierer frå eit år til det neste, og utbetalingane for 2022 og 2023 bør difor sjåast i samanheng. Derfor vil Nærings- og fiskeridepartementet nytta same fordelingsnøklar for utbetalinga i 2023 som i 2022. Dette inneber at fylkeskommunane får 12,5 pst. av løyvinga, medan kommunane får 87,5 pst.
Post 74 Erstatningar, kan overførast
Som følge av endra anslag for utbetalingane av søknadsbaserte erstatningar gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,9 mill. kroner, til 0.
Post 76 Tilskot til fiskeriforsking, kan overførast
Tilskotsordninga skal finansiere bruk av fartøy og andre ekstrakostnader ved toktbasert fiskeriforsking. Posten blir finansiert av inntekter frå fiskeriforskingsavgifta. Som følge av endra anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 350 000 kroner, til 6,6 mill. kroner.
Ein viser òg til omtale under kap. 5574, post 74.
Kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet
Post 74 Fiskeriforskingsavgift
Fiskeriforskingsavgifta utgjer 1,35 pst. av førstehandsomsetjinga for villfisk. Fiskeridirektoratet har utarbeidd oppdatert prognose for førstehandsverdien frå norske fiskeri. Det oppdaterte anslaget inneber reduserte inntekter frå fiskeriforskingsavgifta på 17,2 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 17,2 mill. kroner, til 400 mill. kroner.
Inntektene frå fiskeriforskingsavgifta finansierer desse utgiftspostane:
kap. 917, post 22 Fiskeridirektoratet, Fiskeriforsking og -overvaking
kap. 919, post 76 Ymse fiskeriformål, Tilskot til fiskeriforsking
kap. 923, post 22 Havforskingsinstituttet, Fiskeriforsking og -overvaking
Departementet gjer framlegg om at den reduserte inntekta blir fordelt på utgiftspostane ved at løyvinga på kap. 917, post 22 blir redusert med 6 mill. kroner, løyvinga på kap. 919, post 76 blir redusert med 350 000 kroner og at løyvinga på kap. 923, post 22 blir redusert med 10,85 mill. kroner.
Post 76 Kontrollavgift fiskeflåten
Som følge av endra anslag for inntektene frå kontrollavgifta gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, til 51,5 mill. kroner.