Prop. 25 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

3 Forsking og innovasjon

Kap. 920 Noregs forskingsråd

Post 51 Tilskot til marin og maritim forsking

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 900, post 21 for å dekkje utgifter til norsk deltaking i OECD-prosjektet «Measuring and projecting the ocean economy and its innovation potential for improved sustainability». Ein viser òg til omtale under kap. 900, post 21.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Kontingenten til ESA blir utbetalt i euro. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på grunn av auka oppkallingstakt frå ESA samanlikna med det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett for 2023 og som følge av valutajusteringar. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til ein høgare valutakurs enn den som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2023.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,6 mill. kroner, til 251,5 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd blir utbetalt i utanlandsk valuta. Norsk Romsenter har utbetalingar til den europeiske romorganisasjonen (ESA) og EASP-avtalen i euro og til Radarsat-avtalen i USD. I begge tilfelle har valutakursen vore høgare enn den som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2023.

For Radarsat-avtalen gjer regjeringa framlegg om at auka på 1,67 mill. kroner blir dekt av dei største brukardepartementa, fordelt på Olje- og energidepartementet (67 000 kroner), Klima- og miljødepartementet (250 000 kroner), Forsvarsdepartementet (964 000 kroner) og Nærings- og fiskeridepartementet (383 000 kroner).

Inndekkinga frå Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett er fordelt mellom dei største brukaretatane, Fiskeridirektoratet og Kystverket.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med til saman 25,7 mill. kroner, til 611,8 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Høgare eurokurs ved utbetalingsdato i august tilseier eit høgare løyvingsbehov enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2023.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 46,2 mill. kroner, til 877,3 mill. kroner.

Post 95 Eigenkapital Space Norway AS

Under denne posten legg Nærings- og fiskeridepartementet fram to forslag. Det eine gjeld tilførsel av eigenkapital til Space Norway AS for å mogleggjere kjøp av Telenor Satellite AS. Det andre forslaget gjeld dekning av auka valutakostnader for etableringa av systemet med to satellittar i bane over polane.

Samla gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 2 366,1 mill. kroner, til 2 851,6 mill. kroner.

Eigenkapital til Space Norway AS for å mogleggjere kjøp av Telenor Satellite AS

Innleiing og samandrag

Space Norway AS og Telenor Networks Holding AS (som eig 100 pst. av aksjane i Telenor Satellite AS) signerte 5. juli 2023 ein avtale om kjøp av alle aksjane i Telenor Satellite AS. Avtalen er signert med atterhald om at Stortinget godkjenner transaksjonen og løyver tilstrekkeleg eigenkapital til at Space Norway kan gjennomføre transaksjonen.

Space Norway AS har anmoda staten som eigar om tilføring av eigenkapital til å kunne gjennomføre kjøp av alle aksjane i Telenor Satellite AS. Regjeringa gjer i tråd med dette framlegg om å tilføre Space Norway AS 2 360 mill. kroner i eigenkapital.

Om Space Norway AS

Det sektorpolitiske selskapet Space Norway AS har som formål å forvalte og vidareutvikle tryggleikskritisk og kostnadseffektiv romrelatert infrastruktur som dekkjer viktige norske samfunnsbehov. Selskapet er eigd av staten, og eigarskapet er forvalta av Nærings- og fiskeridepartementet.

Verksemd

Space Norway blir finansiert med inntekter frå eigne aktivitetar og mottar ikkje tilskot frå staten. Space Norway eig sjøfiberkabelen til Longyearbyen, drifter Kystverkets AIS-satellittar, satellittkommunikasjon til Troll-basen i Antarktis og eig 50 pst. av Kongsberg Satellite Services AS (KSAT). I tillegg byggjer Space Norway gjennom dotterselskapet Space Norway Heosat AS (Heosat) to satellittar som skal skytast opp i 2024 og gi breiband i heile Arktis (Artic Satellite Broadband Mission – ASBM). Space Norway utviklar òg radarsatellitteknologi for havovervaking.

Statens mål med eigarskapet

Staten sitt mål som eigar av Space Norway er å tilby kostnadseffektiv og forsvarleg utvikling og forvaltning av tryggleiksskritisk romrelatert infrastruktur som dekkjer viktige norske samfunnsbehov. For verksemd i konkurranse med andre er staten sitt mål som eigar høgst mogleg avkastning over tid innanfor berekraftige rammer.

Særskilte rammer for selskapet

Selskapet skal normalt ikkje ha aktivitet som går i direkte konkurranse med kommersielle aktørar, med mindre det er særskilte forhold som tilseier noko anna. Eventuell kommersiell aktivitet skal bidra til å oppnå staten sitt sektorpolitiske mål.

Selskapets strategi

Styret i Space Norway har som strategi at Space Norway skal vere ein internasjonalt anerkjend operatør av romsystem. Konsernet skal utvikle og operere romsystem for viktige norske samfunnsbehov som også bidrar til berekraftig verdiskaping. Space Norway søkjer å oppnå det gjennom:

  • i dialog med brukarar pro-aktivt utvikle morgondagens romsystemer

  • å levere kostnadseffektiv og sikker drift av romsystemer under nasjonal kontroll

  • å vere Noregs leiande kompetansemiljø innan romsystem og sikre kapasitet for effektiv finansiering av romsystem

  • Space Norway sin rolle og tyding skal vere respektert og anerkjend hos alle relevante interessentar. Konsernet sine aktivitetar innanfor alle fokusområde skal støtte opp om etablerte retningsliner for berekraft og ansvarleg verksemd.

Om Telenor Satellite AS

Telenor Satellite AS er eit dotterselskap av Telenor Networks Holding AS. Selskapet har om lag 110 tilsette og hovudkontor på Fornebu utanfor Oslo.

Verksemd

Telenor Satellite tilbyr satellittkapasitet på grossistnivå med basis i eigen infrastruktur. Infrastrukturen, som består av fire satellittar i geostasjonær bane på 1° vest med tilhøyrande jordstasjon i Nittedal utanfor Oslo, gir satellittdekning til mellom anna norske land- og havområde medrekna Svalbard, Nord-Atlanterhavet, Sentral-Europa, Middelhavet og til den norske forskingsstasjonen Troll i Antarktis. Kjøparane av kapasitet nytter infrastrukturen til å tilby satellittbasert kringkasting (DTH) og datakommunikasjonstenester (overføring av talekommunikasjon og data) til sluttbrukarar nasjonalt og internasjonalt. Telenor Satellite er i dag den leiande satellittoperatør i Norden, samstundes som selskapet har ein sterk posisjon i det sentraleuropeiske marknaden for DTH og i den maritime marknaden i Nord-Europa.

Styret sitt forslag og grunngjeving for oppkjøpet

Styret i Space Norway AS har bedt eigar om at selskapet blir tilført eigenkapital til å gjennomføre avtalen om kjøp av alle aksjane i Telenor Satellite AS. Styret meiner overtaking av verksemda til Telenor Satellite vil styrke Space Norway som selskap og på den måten sette selskapet langt betre i stand til å levere på mandatet som ligg til grunn for verksemda, inkludert at transaksjonen vil leggje til rette for vidareutvikling av verksemda, gi grunnlag for betydelege synergigevinster og vere ein forretningsmessig fornuftig transaksjon. I tillegg viser Space Norway til at transaksjonen vil bidra til at:

  • tryggleikskritisk satellittinfrastruktur blir under nasjonal kontroll

  • den strategisk viktige satellittposisjonen på 1° vest og dei opparbeidde frekvensrettane på denne posisjonen, blir framleis under norsk kontroll

  • viktige teknologiarbeidsplassar forsvinn ikkje ut av landet eller leggast ned

  • det største og leiande satellittmiljøet i Noreg blir vidareutvikla, og landets eigen evne på satellittområdet blir styrka

  • forholda blir lagt til rette for styrka utvikling av teknologi- og tenesteleverandørar i Noreg gjennom å halde ved lag ein sterk norsk satellittoperatør

Space Norway har bedt om at heile kjøpsbeløpet tilførast i form av eigenkapital. Styret har presisert at finansieringa av oppkjøpet må baserast på eit konsernperspektiv som tek omsyn til dagens kapitalstruktur, risiko og vedtatt strategi. Styret gir uttrykk for at situasjonen for prosjektfinansierte ASBM, som har koronarelaterte forseinkingar og forventa kostnadsoverskridingar og utgjer ein stor del av konsernets balanse, på kort sikt er for usikker til at det er ønskeleg for selskapet med ytterlegare ekstern gjeldsfinansiering no. Denne usikkerheita vil bli redusert fram mot operativ drift av ASBM i løpet av 2024.

Snarleg investering i ny satellitt i Telenor Satellite vil ifølge Space Norway vere naudsynt for å oppretthalde satellittkapasitet som nærmar seg slutten av si levetid, mogleggjere realisering av delar av dei identifiserte synergiane og oppretthalde hevd på frekvensretter. Selskapet sin foreløpige vurdering er at ei slik investering vil vere lønsam.

Vurdering av departementet sin rådgjevar

Nordea har på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet gjort analysar og ei vurdering av om prisen som Space Norway betalar, er rimeleg («fairness opinion»). Nordea vurderer at selskapsverdien for Telenor Satellite utan nye investeringar og utan synergieffektar er på mellom 2 355 og 2 455 mill. kroner, og har konkludert med at prisen som Space Norway betalar, er rimeleg («fair») frå eit finansielt perspektiv. Analyse og konklusjon er basert på finansielle prognosar og annan informasjon som er mottatt frå Space Norway og Telenor Satellite.

Nordea har gjennomgått marknadsrapporter, kva samanliknbare selskap gir uttrykk for, kva bankar og meklarhus seier om andre satellittselskap sin framtidige utvikling og andre generelle marknadskommentarar frå offentleg tilgjengelege kjelder, og observerer følgande:

  • Kringkasting: Det er framleis venta ein negativ trend i talet på DTH-abonnement (Direct-to-Home) og inntekt per brukar. Sjølv om marknaden ser føre seg ei gradvis utfasing av kringkasting, er dette segmentet likevel forventa å vere relevant ein del år framover, mellom anna fordi det er fleire område der utbyggjing av fiber ikkje er mogleg, lønsam eller ønskeleg. Totalt sett tyder dette på at det vil eksistere eit investeringsbehov for satellittar som kan levere tilstrekkeleg videokapasitet og kvalitet i framtida.

  • Nettverk: Det er venta ei sterk auke i datatrafikk innanfor maritim sektor, der Telenor Satellite har tydeleg eksponering. Auka konkurranse legg press på pris og inntekt per brukar, men auka volum kan veie opp for dette. Nordea viser til at auka behov for påliteleg og forbetra nettverkskapasitet og data innanfor maritim sektor er venta å vere ein viktig drivar for eit investeringsbehov i satellittar framover.

Departementet har også bedt om at Nordea vurderer om ein rasjonell marknadsaktør ville finansiert dette oppkjøpet med 100 pst. eigenkapital. Basert på den tilgjengelege informasjonen er Nordea sin konklusjon at ein rasjonell aktør vil kunne finansiere oppkjøpet med 100 pst. eigenkapital, gitt materielle investeringsplanar som ligg til grunn.

Departementets vurderingar

I Eigarskapsmeldinga, Meld. St. 6 (2022–2023) Eit grønare og meir aktivt statleg eigarskap, statens direkte eigarskap i selskap, går det fram at staten eig Space Norway for å utvikle, forvalte og eige sikkerhetskritisk romrelatert infrastruktur som dekkjer viktige, norske samfunnsbehov.

Space Norway vil etter kjøp av Telenor Satellite gå frå om lag 50 til om lag 170 tilsette, lokalisert i Oslo-området og Tromsø. Det er departementet sin vurdering at Space Norway sitt kjøp av Telenor Satelitte verkar godt strategisk og forretningsmessig grunna, og i tråd med staten sin grunngjeving og mål med eigarskapet.

Departementet vurderer at investeringa er eigna til å gi staten avkastning. Det er usikkerheit og risiko knytt til både framtidig marknadsutvikling, realisering av synergiar, selskapsintegrasjon og andre forhold som kan verke inn på framtidig verdiskaping.

På denne bakgrunn støttar departementet styret sitt forslag om å auke Space Norway sin eigenkapital for å finansiere oppkjøpet av Telenor Satellite og gjer framlegg om at staten tilfører Space Norway 2 360 mill. kroner i eigenkapital.

Endring av staten sitt mål for eigarskapet av Space Norway

Selskapet er i dag eit sektorpolitisk selskap (kategori 2) som ifølge vedtektene normalt skal begrense aktivitet som går i direkte konkurranse med kommersielle aktørar, med mindre det er særskilde forhold som tilseier noko anna. Eventuell kommersiell aktivitet skal bidra til å oppnå staten sitt sektorpolitiske mål.

Etter oppkjøpet vil Space Norway ha betydelege inntekter frå kommersiell verksemd. Kategoriseringa og den nemnde avgrensinga vil derfor ikkje lenger vere formålsteneleg for Space Norway etter oppkjøpet. Staten vil behalde sin grunngiving for eigarskapet i Space Norway, men staten sitt mål som eigar skal framover vere høgast mogleg avkastning over tid innanfor berekraftige rammer. Selskapet vil då i eigarskapleg samanheng vere eit kategori-1 selskap, i tråd med eigarpolitikken. Vedtektene vil bli endra slik at rammene for Space Norway si verksemd er godt tilpassa staten sin grunngiving og mål.

Space Norway har dei siste åra vore i ein vekst- og utviklingsfase, og det er ikkje tatt utbytte frå selskapet. Staten forventar at selskapet har ein kapitalstruktur tilpassa selskapet sitt mål, strategi og risiko. Formålsteneleg utbyttenivå fremmer langsiktig verdiutvikling. Nærings- og fiskeridepartementet ventar ein marknadsmessig avkastning på investeringa i Space Norway AS.

Forslag om dekning av auka kostnader for etableringa av systemet med to satellittar i bane over polane

Space Norway AS fekk i 2019 tilsegn om inntil 101 mill. USD i eigenkapital frå staten for å etablere eit system med to satellittar i bane over polane, som skal gi døgnkontinuerleg breiband i heile Arktis, jf. Prop. 55 S og Innst. 330 S (2017–2018). I samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 blei løyvinga auka med 138,6 mill. kroner, til 485,5 mill. kroner. Med det skulle heile det gjenståande beløpet på 101 mill. USD bli innfridd. Som følge av høgare valutakurs på utbetalingsdato utgjorde utbetalinga 491,6 mill. kroner som gjer det naudsynt å auke løyvinga med 6,1 mill. kroner.

Kap. 923 Havforskingsinstituttet

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Som følge av endra anslag for oppdragsverksemda til Havforskingsinstituttet, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 19,3 mill. kroner, til 420 mill. kroner.

Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast

Løyvinga blir finansiert av inntekter frå fiskeriforskingsavgifta. Avgifta skal dekkje delar av kostnadene ved å skaffe naudsynt kunnskapsgrunnlag for fiskeriforvaltinga. Som ei følge av endra anslag på inntektene frå avgifta gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10,9 mill. kroner, til 207,3 mill. kroner.

Ein viser òg til omtale under kap. 5574, post 74.

Kap. 3923 Havforskingsinstituttet

Post 01 Oppdragsinntekter

Inntektene på posten blir motsvara av utgifter på kap. 923, post 21. På bakgrunn av endra anslag for oppdragsverksemda til Havforskingsinstituttet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 9,1 mill. kroner, til 427 mill. kroner.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 70 Tilskot

Løyvinga dekkjer utgifter til norsk deltaking i delar av investeringsprogrammet InvestEU og den delen av norsk kontingent for deltaking i EU-programmet for den indre marknad som blir finansiert over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Løyvinga dekkjer òg etterbetalingar til EU-programmet for interoperabilitetsløysingar for europeiske offentlege institusjonar, bedrifter og innbyggjarar (ISA2), som blei avslutta i 2020. Det er gitt ei løyving på 628,9 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt for tapsavsetjing for norsk deltaking i InvestEU på 1 477 mill. kroner for 2023, jf. Prop. 118 S og Innst. 490 S (2022–2023).

I 2023 er det sett av 560,6 mill. kroner til deltaking i InvestEU. På grunn av endra valutakurs er dei faktiske utbetalingane til programmet i 2023 på om lag 595,7 mill. kroner. Beløpet dekkjer Noreg sin del av tapsavsetjinga til programmet for dei tre første åra av programperioden, administrasjonskostnadar og norsk deltaking i InvestEU-portalen.

I 2023 er det vidare sett av 68,3 mill. kroner til å dekkje kontingenten for Nærings- og fiskeridepartementet til EU-programmet for den indre marknad og etterbetalinga til ISA2. Dei faktiske utbetalingane til programma i 2023 utgjorde om lag 68,4 mill. kroner. EØS-EFTA-landa har sidan 2004 bidratt med finansiering av Europakommisjonen sine aktivitetar knytt til gjennomføring og utvikling av den indre marknad. Dette bidraget blei frå 2021 inkludert i EU-programmet for den indre marknad. Ei etterbetaling på om lag 2,4 mill. kroner for 2021, knytt til avslutning av aktivitetar starta før programmet for den indre marknad, er derfor inkludert i summen over.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 35,2 mill. kroner, til 664,1 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta for tapsavsetjing for norsk deltaking i InvestEU må òg bli justert for endringane i valutakursen. Departementet gjer derfor framlegg om å auke tilsegnsfullmakta for 2023 frå 1 477 til 1 538,4 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III, 2. Valutakurs per 12. oktober 2023 er lagt til grunn for utrekninga av tilsegnsfullmakta.

Kap. 926 Havforskingsinstituttet, forskningsfartøy

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Som følge av endra anslag for Havforskingsinstituttet si drift av forskingsfartøy på oppdrag frå andre, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 34 mill. kroner, til 229,6 mill. kroner.

Kap. 3926 Havforskingsinstituttet, forskingsfartøy

Post 01 Oppdragsinntekter

Inntektene på posten blir motsvara av utgifter på kap. 926, post 21. På bakgrunn av endra anslag for Havforskingsinstituttet si drift av forskingsfartøy for andre gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 38,6 mill. kroner, til 229,6 mill. kroner.

Kap. 3935 Patentstyret

Post 01 Inntekt av informasjonstenester

Patentstyret venter vesentleg lågare inntekter frå informasjonstenester enn lagt til grunn i Saldert budsjett for 2023. Færre forundersøkinger på områda varemerke og patent er blant årsaka til dette. På kursområdet har det vore ein overgang frå betalte fysiske kurs til gratis webinar. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner, til 3,5 mill. kroner.

Post 02 Inntekter knytt til NPI

Patentstyret venter ein vesentleg auke i inntekter frå Nordisk patentinstitutt (NPI) si verksemd. Årsaka til dette er høgare aktivitet enn opphaveleg planlagt, i tillegg til styrka valutakurs (danske kroner mot norske).

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,4 mill. kroner, til 8 mill. kroner.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 75 Grøn plattform, kan overførast, kan nyttast under post 50, 71 og 76

Løyvinga til Grøn plattform i Innovasjon Noreg er på 212,3 mill. kroner for 2023. Ved handsaminga av Prop. 118 S (2022–2023) fekk Innovasjon Noreg ei tilsegnsfullmakt på 590 mill. kroner for å dekkje tilsegn i 2023 og i tidlegare år som vil kome til utbetaling i seinare år. Nye anslag for utbetaling i 2023 er lågare enn tidlegare anslått. Av omsyn til kravet om realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 98,1 mill. kroner, til 114,2 mill. kroner. Departementet gjer samstundes framlegg om å auke tilsegnsfullmakta tilsvarande med 98,1 mill. kroner, til 688,1 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III, 1.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag blir bruttoført, dvs. at beløpa blir utgifts- og inntektsført kvar gong Innovasjon Noreg tar opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa, og akkumulert. Løyvinga vil variere som følge av kor ofte Innovasjon Noreg refinansierer innlåna, men også avhengig av endringar i utlånsvolum og fastrentelån. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2023 er basert på anslag om marknadsutviklinga, fordeling flytande og faste lån, porteføljeutvikling og innbetalingar av avdrag og renter frå kundar. Innlåna er anslått å bli lågare enn det som låg til grunn for Saldert budsjett 2023. Ein gjer òg framlegg om å redusere avdraga, jf. omtale under kap. 5325, post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,1 mrd. kroner, til 61,2 mrd. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån som Innovasjon Noreg har teke opp i statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for lån under kap. 2421, post 90. Som følge av lågare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2023, er det behov for å redusere løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,7 mrd. kroner, til 61,7 mrd. kroner.

Post 92 Låneordning for pakkereisearrangørar – avdrag

Posten omfattar avdrag på låneordning som blei oppretta som eit tiltak i møte med koronapandemien i 2020. Per utgangen av september 2023 var det hittil i år innbetalt om lag 40,1 mill. kroner i avdrag. Innovasjon Noreg forventar at det vil bli innbetalt til saman om lag 47,6 mill. kroner i løpet av året. Aukinga i høve til gjeldande budsjett på 34,4 mill. kroner har samanheng med ekstraordinære avdrag, førtidsinnfriing av lån og konstaterte tap under ordninga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 13,2 mill. kroner, til 47,6 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og ein rentesats som svarer til renta på statspapir med tilsvarande løpetid, for å finansiere si utlånsverksemd.

På grunn av noko høgare renteinnbetalingar enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2023 gjer Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 40 mill. kroner, til 540 mill. kroner.

Post 82 Låneordning for pakkereisearrangørar – renter

Ein viser til omtale under kap. 5325, post 92. På same grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner, til 4,6 mill. kroner.

Kap. 2426 Siva SF

Post 72 Risikokapital

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å styrke eigedomsverksemda til Siva med 1 mrd. kroner i 2023. Av dette gjer departementet framlegg om ei tilleggsløyving på 350 mill. kroner tilført som risikokapital på post 72 og 650 mill. kroner som kapitalinnskot på post 95, i samsvar med mandatet og sjablonmessig risiko i eigedomsverksemda til Siva, jf. nærare omtale av tilsvarande for Nysnø Klimainvesteringer under kap. 953, post 95. Styrkinga skal sette Siva i stand til å ta hand om si nye rolle med å klargjere grøne industritomter, i tillegg til å investere i bygg og infrastruktur for grøn industri og næringsutvikling over heile landet. Sjå òg omtale under post 95.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 350 mill. kroner, til 385 mill. kroner.

Post 95 Kapitalinnskot

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke kapitalinnskotet til Siva i 2023, sjå omtale under post 72. Styrkinga av eigedomsverksemda skal sette Siva i stand til å ta hand om si nye rolle med å klargjere grøne industritomter, i tillegg til å investere i bygg og infrastruktur for grøn industri og næringsutvikling over heile landet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 650 mill. kroner, til 715 mill. kroner.

Kap. 5613 Renter frå Siva SF

Post 80 Renter

Siva kan ta opp lån i statskassa med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid, innafor ei låneramme på 700 mill. kroner. Siva tok opp eit nytt lån i vår knytt til eit statspapir med låg rente og måtte derfor betale eit betydeleg beløp i overkurs. Som følge av dette er det grunnlag for å auke løyvinga med 9 mill. kroner, til 20,7 mill. kroner.

Til forsida