2 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 16. september 2020 m.m.
2.1 Lønsforhandlingane m.m. per 16. september 2020
Forhandlingane
Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane i staten blei på grunn av koronasituasjonen einige i protokoll av 17. mars 2020 om at hovudtariffavtalane i staten skulle vidareførast til og med 15. september 2020.
Forhandlingane mellom staten, ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat blei innleia 1. september 2020. I møtet la organisasjonane og staten fram krava sine, og grunngav desse.
Forhandlingane med LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat heldt fram til 14. september. LO Stat og YS Stat kravde forhandlingane avslutta kl. 15.08, medan Akademikerne og Unio kravde forhandlingane avslutta kl. 16.40.
Riksmeklaren blei varsla om brotet med alle hovudsamanslutningane, i samsvar med lov av 18. juli 1958 om offentlige tjenestetvister (tjenestetvistloven) § 14. Meklinga mellom staten på den eine sida og LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat på den andre, blei opna i møte hos Riksmeklaren 23. september. Hovudsamanslutningane kravde 7., 8., 9. og 10. oktober meklinga avslutta i samsvar med tjenestetvistloven § 17.
Meklinga heldt fram til 15. oktober der Riksmeklaren la fram forslag til endringar i hovudtariffavtalen mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat og endringar i hovudtariffavtalen mellom staten og Akademikerne. Forslaga frå Riksmeklaren blei same dag aksepterte av staten og Akademikerne. LO Stat, Unio og YS Stat orienterte òg om at dei tilrådde meklingsresultatet og ville sende det ut til avrøysting. Svarfristen for avrøystinga er sett til 13. november 2020.
Riksmeklaren sitt forslag er tatt inn i møtebøkene av 15. oktober 2020, jf. vedlegg 1 og 2.
Den økonomiske ramma
Både avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat og avtalen med Akademikerne, har ei ramme som inneber ei årslønsauke på oppgjeret med 1,7 prosent for første avtaleår. Den avtalte økonomiske ramma er på linje med arbeidslivet elles. Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 16. september 2020, er for tidsrommet 16. september–31. desember 2020 rekna ut til 638,9 mill. kroner.
Pensjon
Den offentlege tenestepensjonen er lovfesta i staten og er ikkje ein del av forhandlingane mellom staten, ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og hovudsamanslutningane, med unnatak av forhandlingar om pensjonsgrunnlag og avtalefesta pensjon.
I lønsoppgjeret i 2019 blei det avtalt at alle pensjonsgivande variable tillegg skal inngå i oppteninga i ny offentleg tenestepensjon for personar født i 1963 eller seinare. Kostnadane er berekna til 0,1 prosent på årsbasis og er rekna inn i ramma for lønsoppgjeret i 2020.
Bustadlån
Bustadlån med tryggleik, som blir ytt frå Statens pensjonskasse, er auka frå 2,0 mill. kroner til 2,3 mill. kroner.
Kompetanseutvikling
Totalt i begge avtalane blir det sett av 35 mill. kroner til kompetanseutvikling, medråderett og samarbeid, og omstillingsarbeid for heile tariffperioden 16. september 2020–30. april 2022. Avsetjinga vil bli foreslått løyvd på kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar i statsbudsjettet for 2021. Av avsetjinga skal 25 mill. kroner nyttast til kompetanseutviklingstiltak, 6 mill. kroner nyttast til felles opplærings- og utviklingstiltak for leiinga og tillitsvalde i statlege verksemder for å styrke medråderetten og samarbeidskompetansen og 4 mill. kroner til omstillingsarbeid i staten.
Staten og hovudsamanslutningane vil i tariffperioden følgje opp bruken av midlane i Hovudtariffavtalen pkt. 5.3. Medråderett, samarbeid og kompetanseutvikling. Partane vil vurdere vidare tiltak for kompetanseutvikling og bruk av avsetjinga innanfor den statlege arbeidsgivarpolitikken.
Forhandlingsstadar
Med heimel i hovudtariffavtalane avgjer staten, etter drøftingar med hovudsamanslutningane, kvar lokale forhandlingar i departementsområda skal førast. Forhandlingsstadane for tariffperioden 2020–2022 er drøfta og fastsett med verknad frå 16. september 2020. Forhandlingsstadane er dei same i begge avtalane.
2.2 Nærare om avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat og avtalen med Akademikerne
Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til LO Stat, Unio og YS Stat
I avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat er heile den økonomiske ramma fordelt sentralt. Med verknad frå 1. oktober 2020 er det gjeve eit tillegg på 0,44 prosent på hovudlønstabellen frå og med lønstrinn 19 til og med lønstrinn 46. Frå og med lønstrinn 47 til og med lønstrinn 63 er det gjeve eit tillegg på 0,54 prosent og frå og med lønstrinn 64 til og med lønstrinn 101 er det gjeve eit tillegg på 0,44 prosent. Utforminga av tillegga på tabellen sikrar ein likelønsprofil.
Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til Akademikerne
I avtalen med Akademikerne er heile den økonomiske ramma avsett til lokale forhandlingar. Med verknad frå 1. oktober 2020 skal det førast lokale forhandlingar innanfor ei økonomisk ramme på 0,45 prosent per dato av lønsmassen. Forhandlingane skal vere gjennomførte innan utgangen av november 2020.
Anna
Partane er einige om å bidra til regjeringa sin handlingsplan for berekraftsmåla og at det er viktig at det blir lagt til rette for omstilling som sikrar innovasjon og klimavennlege løysingar, og ivaretaking av natur. I tariffperioden skal det leggjast til rette for kompetanseheving rundt berekraft, klima og miljøspørsmål på tvers av statlege verksemder.
Partane er også einige om at ein gjennom aktivt partssamarbeid skal arbeide aktivt, målretta og planfast for å fremje likestilling og hindre diskriminering.
2.3 Lønsregulering m.m. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane
Kommunal- og moderniseringsdepartementet går ut frå at lønsreguleringa frå 1. oktober 2020 m.m. blir gjort gjeldande for alle embetsmenn og statstilsette, også dei som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.
I årets oppgjer har staten inngått to tariffavtalar med ulik ordlyd. Dei sosiale føresegnene er like i begge avtalane, men dei er ulike når det gjeld føresegnene om fordelinga av løn. Staten må difor ta stilling til kva for hovudtariffavtale som skal praktiserast overfor arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet tilrår at avtalen mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat praktiserast overfor arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett, og som difor ikkje direkte blir omfatta av dei avtalane som er inngåtte. Dette er i samsvar med det samtykket Stortinget har gjeve dei siste åra, jf. mellom anna Innst. 406 S (2018–2019) og Innst. 407 S (2017–2018). Kommunal- og moderniseringsdepartementet har signalisert til hovudsamanslutningane at departementet vil sjå på ordninga med dei uorganiserte fram mot lønsoppgjeret neste år, i nær dialog med dei.
Uorganiserte skal med bakgrunn i dei einskilde verksemdene sin lønspolitikk, sikrast lønsutvikling på lik linje med dei organiserte arbeidstakarane, og det er arbeidsgivar sitt ansvar å ivareta dette.
Embetsmenn og statstilsette i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får løns- og arbeidsvilkår administrativt fastsett i kontrakt.