Tilråding
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i statsbudsjettet 2020 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2020 m.m.).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om endringar i statsbudsjettet 2020 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2020 m.m.) i samsvar med eit vedlagt forslag.