Prop. 28 S (2021–2022)

Endringar i statsbudsjettet 2021 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringar i statsbudsjettet 2021

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til 190,4 mill. kroner. Reduksjonen har i hovudsak samanheng med reduserte utgifter til reiser og arrangement i 2021 som følge av koronapandemien.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72

I februar 2021 blei det oppnemnt eit offentleg utval til å gjennomgå årsakene til skredet i Gjerdrum og arbeidet med førebygging av kvikkleireskred. Vidare blei det i juni 2021 oppnemnt eit offentleg utval som skal vurdere utviklinga av straumnettet. Begge utvala skal levere innstillinga si i 2022.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner, til om lag 26 mill. kroner for å dekke utgifter ved desse utvala. Det blir vist til tilsvarande reduksjon under kap. 1800, post 01 Driftsutgifter.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner, til 7,2 mill. kroner. Årsaka til reduksjonen er oppdaterte anslag for valutakursar og gjennomførte utbetalingar.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Posten dekker mellom anna utgifter til Oljedirektoratets samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor petroleumsforvaltning for utviklingsland (Olje for utvikling).

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 15 mill. kroner, til 71 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med mindre aktivitet og forseinkingar i ulike program under Olje for utvikling som følge av koronapandemien. Det blir foreslått ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Posten dekker mellom anna utgifter til Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) og andre internasjonale rådgivingsoppdrag innanfor vass- og energisektoren for utviklingsland.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 11 mill. kroner, til 58 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med mindre aktivitet og forseinkingar i ulike internasjonale program som følge av koronapandemien. Det blir foreslått ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Post 25 Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, kan overførast

Posten dekker utgifter til krisetiltak som er nødvendige for å hindre overhengande fare rett før, under og rett etter flaum- eller skredhendingar. Vidare dekker posten utgifter til hastetiltak, som er tiltak som må gjennomførast raskt for å hindre eller redusere ytterlegare skadeutvikling, men der det er tid til forenkla planlegging og saksbehandling.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med om lag 81 mill. kroner, til 114 mill. kroner. Reduksjonen har i hovudsak samanheng med forseinkingar i gjennomføring av krisetiltak etter kvikkleireskredet på Ask i Gjerdrum kommune, sidan opprydding på skadestaden har tatt lengre tid enn forventa.

Vidare er det foreslått å auke bestillingsfullmakta frå 120 mill. kroner til 180 mill. kroner, slik at NVE kan inngå avtalar om arbeid som skal gjennomførast i etterfølgande år, jf. forslag til vedtak II. Auken i bestillingsfullmakta har samanheng med forseinkinga i gjennomføring av krisetiltak etter kvikkleireskredet på Ask i Gjerdrum kommune frå 2021 til etterfølgande år.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 22

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1 mill. kroner, til 24 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande forslag under kap. 4820, post 03 Sal av utstyr mv.

Kap. 1830 Forsking og næringsutvikling

Post 50 Noregs forskingsråd

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til om lag 728 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med at forskingssenteret for miljøvennleg energi innan hydrogen og ammoniakk først får oppstart i 2022.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Tabell 2.1 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2021 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)

Kap./post/ underpost

Gjeldande løyving 20211

Forslag til ny løyving 2021

Endring

Kap. 2440

30

Investeringar

26 000

26 000

-

Sum kap. 2440

26 000

26 000

-

Kap. 5440

24.1

Driftsinntekter

148 500

232 800

84 300

24.2

Driftsutgifter

-29 400

-35 100

-5 700

24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-1 700

-1 800

-100

24.4

Avskrivingar

-24 800

-25 100

-300

24.5

Renter av statens kapital

-2 400

-2 300

100

24

Driftsresultat

90 200

168 500

78 300

30

Avskrivingar

24 800

25 100

300

80

Renter av statens kapital

2 400

2 300

-100

Sum kap. 5440

117 400

195 900

78 500

Kontantstraum til SDØE:

Innbetalingar2

148 500

232 800

84 300

Utbetalingar3

57 100

62 900

5 800

Netto kontantstraum frå SDØE

91 400

169 900

78 500

1 Gjeldande løyving for 2021 er basert på Stortingets løyvingsvedtak av 14. desember 2020 og seinare endringar i 2021 (revidert budsjett), jf. Prop. 195 S (2020–2021) og Innst. 600 S (2020–2021).

2 Innbetalingar = driftsinntekter.

3 Utbetalingar = investeringar + driftsutgifter + leite- og feltutviklingsutgifter.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 84 300 mill. kroner, til 232 800 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av auka olje- og gassprisar. Prisen på gass er auka frå 1,7 kr/Sm3 til 4,3 kr/Sm3 i forhold til førre anslag, medan prisen på olje er auka frå 557 NOK/fat til 594 NOK/fat.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 5 700 mill. kroner, til 35 100 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av auka utgifter til kjøp av tredjeparts gass som følge av høgare gassprisar og tredjeparts gassvolum. Produksjonskostnadene auka også som følge av høgare kraftkostnader og auka CO2-kvoteprisar. Dette blir noko motverka av reduserte produksjonskostnader som følge av manglande produksjon frå Dvalin og Snøkvit.

Anslag for kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er auka med 100 mill. kroner, til 1 800 mill. kroner.

Anslag for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar er auka med 300 mill. kroner, til 25 100 mill. kroner.

Anslag for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er redusert med 100 mill. kroner, til 2 300 mill. kroner.

Endringane fører samla til at SDØEs anslåtte driftsresultat er auka med 78 300 mill. kroner, frå 90 200 mill. kroner til 168 500 mill. kroner.

Anslaget for netto kontantstraum frå SDØE er auka med 78 500 mill. kroner, frå 91 400 mill. kroner til 169 900 mill. kroner.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet

Post 10 Refusjonar

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 617 000 kroner, til 100 000 kroner. Reduksjonen har samanheng med mindre aktivitet og forseinkingar i ulike program under Olje for utvikling som følge av koronapandemien.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 01 Gebyrinntekter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 6,275 mill. kroner, til 24,5 mill. kroner. Reduksjonen kjem i hovudsak av lågare inntekter som følgje av færre søknader i samband med konsesjonsrundar på norsk sokkel og av registreringar i Petroleumsregisteret.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 15 mill. kroner, til 71 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1810, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 11 mill. kroner, til 58 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

(Ny) Post 03 Sal av utstyr mv.

Det blir foreslått å løyve 1 mill. kroner under posten. Ein viser til tilsvarande utgiftsauke under kap. 1820, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.

Post 40 Flaum- og skredførebygging

Inntekter frå kommunar for sikrings- og miljøtiltak som er gjennomførte i regi av NVE, er berekna til 36 mill. kroner i 2021, ein auke på 6 mill. kroner.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

Post 70 Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag

Sektoravgifta for kulturminnevern i regulerte vassdrag dekker kostnader til arkeologiske undersøkingar i vassdrag. Det er konsesjonar gitt før 1960 der det ikkje blei gjort arkeologiske undersøkingar ved utbygginga, som er omfatta av ordninga når konsesjonen skal fornyast eller vilkåra reviderast. Konsesjonæren betaler eit beløp basert på omfanget av produksjonen i reguleringsmagasinet.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 19,5 mill. kroner, til 22,9 mill. kroner. Auken er knytt til innbetalte sektoravgifter frå revidert konsesjon for regulering av vassdraga Langvatn, Aura og Hemsil.

Kap. 5685 Aksjar i Equinor ASA

Post 85 Utbytte

Equinor ASA har utbetalt til saman 7 100 mill. kroner i utbytte til Olje- og energidepartementet for tredje og fjerde kvartal 2020 og første kvartal 2021. Styret i Equinor har for andre kvartal 2021 vedtatt eit utbytte på 0,18 USD per aksje som kjem til utbetaling i år. På bakgrunn av det blir det foreslått å auke løyvinga med 1 700 mill. kroner, til 10 400 mill. kroner.

Til forsida